6 Konklusjon og tilråding
Den norske audiovisuelle bransjen tek aktivt del i MEDIA Plus, og erfaringane synest å vera gode. Noreg mottek meir støtte frå dette programmet enn det Noreg betalar i bidrag. I tillegg kjem dei ikkje-målbare resultata, som auka kompetanse og nettverksbygging. Kultur- og kyrkjedepartementet tilrår at Noreg godkjenner avgjerd i EØS-komiteen nr. 75/2005 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsavgjerdene 845/2004/EF og 846/2004/EF om lenging av fellesskapet sitt program for audiovisuell industri (MEDIA Plus 2006). Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.