St.prp. nr. 74 (2004-2005)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 75/2005 om innlemming i EØS-avtala av avgjerdene 845/2004/EF og 846/2004/EF om lenging av fellesskapet sitt program for audiovisuell industri (MEDIA Plus 2006)

Til innhaldsliste

Tilråing

Utanriksdepartementet

tilrår:

At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 75/2005 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsavgjerdene 845/2004/EF og 846/2004/EF om lenging av fellesskapet sitt program til audiovisuell industri (MEDIA Plus 2006).

Vi HARALD, Noregs Konge,

stadfester:

Stortinget blir bede om å gjere vedtak om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 75/2005 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsavgjerdene 845/2004/EF og 846/2004/EF om lenging av fellesskapet sitt program for audiovisuell industri (MEDIA Plus 2006), i samsvar med eit vedlagt forslag.