3 Avgjerda i EØS-komiteen
EØS-komiteen vedtok 23. april 2004 avgjerd nr. 41/2004 om å endre vedlegg XIII til EØS-avtala til å omfatte europaparlaments- og rådsdirektiv (EF) nr. 2003/42 om rapportering av hendingar innan sivil luftfart. Avgjerda inneheld ei innleiing og fire artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala, og særleg artikkel 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.
Artikkel 1 slår fast at det nye punktet som er teke inn etter punkt 66 f) (europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/30/EF) i vedlegg XIII til avtala skal lyde:
«66g 32003 L 0042: Europaparlaments- og rådsdirektiv 2003/42/EF av 13. juni 2003 om rapportering av hendingar innan sivil luftfart (EFT L 167, 4.7.2003, s. 23)»
Artikkel 2 fastset at teksta til direktiv 2003/42/EF på islandsk og norsk, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen, skal gjelde.
Artikkel 3 slår fast at denne avgjerda tek til å gjelde frå 24. april 2004 på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala.
Artikkel 4 slår fast at avgjerda i EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.