5 Økonomiske og administrative konsekvensar
Det er ikkje venta at direktivet vil få administrative og økonomiske konsekvensar av særleg omfang. Hjå luftfartsstyresmakta må det etablerast eit system for mottak, lagring, handsaming og forvalting av det som vert innrapportert. Direktivet krev at det vert skipa ein database for lagring av informasjon. Alt i dag finst det ferdig utvikla programvare til slike føremål. For å kunne analysere og handsame den informasjonen som vil kunne verte innrapportert, må luftfartsstyresmakta kunne halde ved lag tilstrekkeleg kompetanse på dette området.