1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak som inngår i utbygginga av dagens riks- og fylkesvegnett i Bømlo kommune i Hordaland (Bømlopakken).
Gjennom Trekantsambandet, som blei opna for trafikk i 2001, har kommunen fått fast vegsamband til Stord og Sveio. Sør i Bømlo kommune er det dessutan ferjesamband til Sveio. Bømlo kommune har om lag 11 000 innbyggjarar og eit allsidig næringsliv.
Store delar av vegnettet på Bømlo har låg standard. Vegane er generelt smale og svingete med dårleg sikt. På fleire strekningar er det behov for gang- og sykkelveg. Etter opninga av Trekantsambandet i 2001 har trafikken på Bømlo hatt sterk vekst, og vegnettet er ikkje tilpassa dagens trafikk. Bømlopakken vil gi betre framkome og tryggleik på vegnettet.
Det er lagt opp til at bompengeinnkrevjinga skal starte opp når innkrevjinga for Trekantsambandet blir avvikla, truleg i 2012/2013. Det er planlagt ein bomstasjon på rv 542 på Spissøy, like ved grensa mellom kommunane Bømlo og Stord. I tillegg vil det bli innkrevjing av bompengar i ferjesambandet Langevåg – Buavåg.
Finansieringa av Bømlopakken er basert på statlege og fylkeskommunale midlar, lokale tilskot og bompengar. Som følgje av forvaltningsreforma er riksvegane på Bømlo føresett omklassifiserte til fylkesvegar frå 2010. Det er difor lagt til grunn at føresette statlege midlar til prosjektet etter 2009 blir dekka av Hordaland fylkeskommune. Fylkeskommunen har slutta seg til dette.