St.prp. nr. 78 (2008-2009)

Om delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak i Bømlo kommune i Hordaland

Til innhaldsliste

5 Utbyggings- og finansieringsopplegg

Finansieringa av Bømlopakken er basert på statlege og fylkeskommunale midlar, kommunale tilskot og bompengar. 64 pst av investeringskostnadene er føresett dekka med bompengar.

Statlege og fylkeskommunale midlar

Dagens øvrige riksvegnett

I Statens vegvesen sitt handlingsprogram/planleggingsprogram for perioden 2006-2015 er det sett av 14 mill. kr til Bømlopakken i første fireårsperiode (2006-2009) og 13 mill. kr i siste seksårsperiode (2010-2015). Gjennom vedtak av 13. juni 2007 har fylkestinget gått inn for å prioritere ytterlegare 98 mill. kr til Bømlopakken, omrekna til 2009-prisnivå. Det er lagt opp til at midlane må førast opp i handlingsprogrammet/-planleggingsprogrammet for perioden 2014-2019. Totalt er det etter dette lagt til grunn 125 mill. kr av statlege midlar til Bømlopakken.

I perioden 2006-2009 er det løyvd 20 mill. kr i statlege midlar til Bømlopakken. Det er lagt til grunn at det står att å løyve 105 mill. kr som er føresett dekka av Hordaland fylkeskommune.

Dagens fylkesvegnett

Det er lagt til grunn 36 mill. kr i fylkesvegmidlar til prosjekt og tiltak på dagens fylkesvegnett.

Lokale tilskot

Kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift

Det er etablert ei ordning med kompensasjonsmidlar for auka arbeidsgjevaravgift. I følgje Kommunal- og regionaldepartementets sine reglar for bruken av midlane kan desse nyttast til ulike sektorar og område for å fremje næringsutvikling, mellom anna samferdsel. Gjeldande ordning omfattar perioden 2007-2013. Midlane som er stilte til disposisjon for Hordaland er fordelte gjennom lokale prosessar. Fylkestinget har gått inn for at det blir sett av 149 mill. kr av kompensasjonsmidlane til Bømlopakken. Av desse midlane er det alt nytta 24 mill. kr på strekninga Langevåg – Løvegapet på rv 541. Dette prosjektet kjem i tillegg til prosjekta i tabell 2.1.

Kommunale tilskot

Bømlo kommune har vedtatt å gå inn med 51 mill. kr i tilskot til Bømlopakken.

Bompengar

Det er lagt opp til at bompengeinnkrevjinga skal starte opp når innkrevjinga for Trekantsambandet blir avvikla, truleg i 2012/2013. Det er planlagt ein automatisk bomstasjon på rv 542 på Spissøy, like ved grensa mellom kommunane Bømlo og Stord. I tillegg vil det bli innkrevjing av bompengar i ferjesambandet Langevåg – Buavåg, som i dag er på øvrig riksvegnett. Det er lagt opp til bompengeinnkrevjing i 15 år, og det er føresett innkrevjing i begge retningar.

Alle som passerer inn og ut av Bømlo kommune, vil i dette opplegget betale bompengar. Tilsvarande vil alle som berre trafikkerer innanfor innkrevjingspunkta kunne køyre utan å betale bompengar.

Bømlo kommune har vurdert å etablere fleire bomstasjonar for å knytte betalinga meir direkte til dei ulike prosjekta og tiltaka i Bømlopakken. Det er lagt til grunn at det då ville vere nødvendig med minst 5-6 bomstasjonar for å fange opp dei ulike trafikkstraumane. Bømlo kommune viser til at med fleire bomstasjonar ville ein stor del av bompengeinntektene gå til innkrevjing og drift. Alternativet med fleire bomstasjonar er forkasta i den lokale prosessen.

Hovudregelen ved innkrevjing av bompengar er nytteprinsippet. Dei som betalar bompengar, skal ha nytte av prosjektet. Denne samanhengen går også andre vegen, slik at dei som har nytte av eit vegprosjekt, også skal betale bompengar, jf. St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019. Trafikk via Trekantsambandet som må betale bompengar i bomstasjonen på Spissøy, vil fordele seg til ulike målpunkt på Bømlo, med hovudvekt på Moster, Rubbestadneset eller Svortland. Trafikken gjennom bomstasjonen vil i ulik grad ha nytte av prosjekt og tiltak i Bømlopakken. Også dei trafikantane som må betale bompengar i ferjesambandet Langevåg – Buavåg, får nytte. Statens vegvesen peikar på at den interne trafikken på Bømlo får nytte av utbygginga i Bømlopakken utan å betale bompengar, men over tid vil truleg ein større del av desse trafikantane betale bompengar. Etter opninga av Trekantsambandet er Bømlo kommune i stor grad del av ein felles arbeids,- service- og bustadmarknad i Ytre Sunnhordland, og det er ein vesentleg trafikk over kommunegrensene. Det er lokalpolitisk støtte til bompengeopplegget. Statens vegvesen tilrår opplegget. Samferdselsdepartementet er samd i dette.

Ved innkrevjinga i bomstasjonen er det planlagt to takstgrupper: lette køyretøy (køyretøy med totalvekt til og med 3 500 kg) og tunge køyretøy (køyretøy med totalvekt over 3 500 kg). Det er føresett ein gjennomsnittstakst på kr 52 pr. køyretøy, rekna om til 2009-prisnivå. Det er førebels rekna ut at takstane (utan rabatt) vil bli om lag kr 62 for lette køyretøy og kr 124 for tunge køyretøy. Dagens takstar i Trekantsambandet er kr 85 for lette køyretøy og kr 270 for tunge køyretøy.

Ved bompengeinnkrevjinga i ferjesambandet er det lagt til grunn eit gjennomsnittleg bompengepåslag på 16 kr pr. køyretøy. Dette tilsvarar eit tillegg på 4 takstsoner. Dette gir eit påslag på ferjetaksten på 19 kr for bil opp til 6 m lengde. For køyretøy over 6 m og opp til 22 m vil påslaget ligge mellom 46 og 89 kr.

Det er føresett at takstane blir justerte i samsvar med prisutviklinga, og det er lagt til grunn at takst- og rabattsystemet blir i tråd med gjeldande retningslinjer. Ved forskotsbetaling er det mogleg å oppnå rabattar på 30-50 pst. I ferjesambandet er det lagt opp til rabattar etter rabattordningane for ferjetakstar.

Med 6,5 pst lånerente er det rekna med at bompengeinnkrevjinga vil gi eit samla finansieringsbidrag på 777 mill. kr, fordelt med 642 mill. kr til å dekke delar av investeringskostnadene og 135 mill. kr til å dekke renter. I tillegg kjem 42 mill. kr til å dekke innkrevjingskostnader og kostnader til drift av bompengeselskapet. Av midlane som skal dekke delar av investeringskostnadene er 9 mill. kr bidrag frå innkrevjinga i ferjesambandet. Finansieringskostnadene og innkrevjings- og driftskostnadene basert på føresetnadene i denne proposisjonen utgjer høvesvis 16 pst og 5 pst av brutto bompengeinntekter på 819 mill. kr.

Bompengar utgjer 64 pst av investeringskostnadene.

Bompengstasjonen er basert på Autopass-systemet og vil ha tilsvarende teknologiske løysingar som eksisterande bomstasjonar i Oslo, Bergen og Tønsberg. Betaling av bompengar vil skje ved bruk av ei elektronisk brikke eller ved etterskotsvis fakturering basert på videofotografering av registreringsnummer på bilen. Av omsyn til personvern blir det lagt opp til å kunne betale ved nærliggjande bensinstasjon, eller tilsvarende, som har avtale med bompengeselskapet. Departementet viser til St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019 der det blir varsla eit interdepartementalt arbeid om anonymitet i heilautomatiske bomstasjonar, jf. også St.prp. nr. 40 (2007-2008).

Forslag til finansieringsplan

Finansieringsplanen som er lagt til grunn ved fylkestinget si behandling er vist i tabell 5.1

Tabell 5.1 

  Mill. 2009-kr
Statlege midlar20
Fylkeskommunale midlar – dagens øvrige riksvegnett105
Fylkeskommunale midlar – dagens fylkesvegnett36
Lokale tilskot - kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift149
Lokale tilskot - tilskot frå Bømlo kommune51
Bompengar*642
Sum1 003

*I tillegg kjem renter på bompengelån, innkrevjingskostnader og kostnader til drift av bompengeselskapet.

I forslaget til finansieringsplan er det lagt til grunn at bompengeselskapet vil ta opp lån for å kunne forsere utbygginga. Det er gjort vurderingar av renteutgifter i heile 15-årsperioden, og det er utarbeidd detaljerte planar for gjennomføring av prosjekt og tiltak.

Følgjande basisføresetnader er lagt til grunn:

  • Utbyggingskostnader: 1 003 mill. 2009-kr

  • Trafikkgrunnlag: 2 700 køyretøy (ÅDT) i bomstasjonen og 125 køyretøy (ÅDT) i ferjesambandet i 2014

  • Gjennomsnittleg inntekt pr. køyretøy: 52 kr i bomstasjonen og 16 kr i ferjesambandet, omrekna til 2009-prisnivå

  • Årleg trafikkvekst: 1,1 pst frå 2014 til 2020 og 1,5 pst frå 2020 til 2030

  • Årleg prisstigning: 2,5 pst

  • Lånerente: 6,5 pst

  • Årlege innkrevjingskostnader: 2,8 mill. kr

Bompengepakker er meir fleksible enn bompengeinnkrevjing for enkeltprosjekt. Det blir lagt til grunn at omfanget av utbygginga i Bømlopakken blir tilpassa den økonomiske ramma. Den økonomiske ramma som ubygginga skal haldast innanfor går fram av finansieringsplanen over. Dersom kostnadsoverslaget på nokre av prosjekta aukar, kan dette innebere at andre prosjekt ikkje blir bygd. Dersom prosjekta blir rimelegare enn rekna med, vil det bli plass til fleire prosjekt i pakka. Alle kostnadsaukar er føresett løyste innanfor dei økonomiske rammene for Bømlopakken.

Det er føresett at det blir oppretta ei administrativ styringsgruppe med deltakarar frå Bømlo kommune, Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen, og ei politisk styringsgruppe med deltakarar frå Bømlo kommune og Hordaland fylkeskommune. Den administrative gruppa skal førebu saker for den politiske gruppa som skal ha som oppgåve er å sørgje for at alle investerings­prosjekt/tiltak som blir starta opp, lar seg finansiere innanfor dei økonomiske rammene i Bømlopakken og at innkrevjinga kan avsluttast innan utløpet av bompengeperioden. Dessutan er oppgåva å førebu prosjekt og tiltak for fylkestinget si behandling av budsjett mv.

Samferdselsdepartementet har merka seg at det er lagt til grunn ei lånerente på 6,5 pst. Dersom lånerenta blir høgare, blir bompengemidlane som skal dekke delar av innkrevjingskostnadene reduserte. Samferdselsdepartementet føreset i så fall at innhaldet i pakka blir tilpassa dette.

Garantiar

Gjennom vedtaket av 18. mars 2009 har Hordaland fylkeskommune gitt sjølvskuldnargaranti for lån på inntil 350 mill. kr som bompengeselskapet tar opp. Garantien gjeld i inntil 15 år.

Kommunal- og regionaldepartementet vil stille seg positive til å godkjenne fylkeskommunens vedtak om garanti etter at Stortinget har gjort vedtak om delvis bompengefinansiering av Kvamma­pakken.