2 Omtale av aktuelle prosjekt og tiltak
Bømlopakken omfattar prosjekt og tiltak på dagens rv 541 og rv 542 og på fylkesvegnettet. Rv 541 er hovudvegen nord - sør frå Langevåg til Rubbestadneset. Rv 542 er den viktigaste trafikkåra i kommunen og går mellom kommunesenteret Svortland og Trekantsambandet, med arm til Mosterhamn. Mellom Ekornsæter og Stokkabekken er det ei fellesstrekning mellom rv 541 og rv 542.
Det er lagt opp til følgjande rekkefølgje på utbygginga, se tabell 2.1.
Tabell 2.1 Utbyggingsrekkefølgje
Prioritet | Strekning på dagens øvrige riksvegnett | Periode |
1 | Rv 542 Hollundskjosen – Hollundsdalen – Stokkabekken | 2009-2013 |
2 | Rv 541 Stokkabekken – Rubbestadneset inkl. rundkøyring Rubbestadneset | |
3 | Rv 542 Stokkabekken – Ekornsæter – Siggjarvåg | 2014-2017 |
4 | Rv 541 Sakseid – Hestaneset – Tjong – Løvegapet | |
5 | Rv 541 Ekornsæter – Sakseid | 2018-2022 |
6 | Rv 542 Røyksund – Eikeland | |
Rv 542 Notland – Mosterhamn | ||
Prioritet | Strekning på dagens fylkesvegnett | |
1 | Fv 14 Svortland – Økland | |
2 | Fv 18 Urangsvåg – Brandasund | |
3 | Fv 19 Rubbestadneset – Rolvsnes | |
4 | Fv 12 Sakseid – Grønnevik | |
5 | Fv 23 Tormodsæter – Gilje |
Prioritet 1: Rv 542 Hollundskjosen – Hollundsdalen og Hollundsdalen – Stokkabekken
På Bømlo er det denne vegstrekninga som har størst trafikk. Ny veg vil i hovudsak følgje eksisterande vegtrasé. Vegparsellane er til saman om lag 3,4 km. Vegen får to kryss utforma som rundkøyringar. Kryss med rv 541 mot Rubbestadneset inngår i prioritet 3. Langs vegen skal det byggast gang- og sykkelveg og busslommer.
Prioritet 2: Rv 541 Stokkabekken – Rubbestadneset og rundkøyring Rubbestadneset
Heile strekninga frå Stokkabekken til Rubbestadneset blir om lag 3 km lang og om lag 0,3 km kortare enn eksisterande veg. Ny veg skal i hovudsak byggast i ny trasé. Ny bru over Stongarsundet blir om lag 70 m lang og med store fyllingar på begge sider av sundet. Det er dessutan planlagt ein ny tunnel på om lag 0,3 km. Det kan vere naturleg å dele utbygginga i tre etappar. Eksisterande veg er planlagt nytta av gang- og sykkeltrafikken, samt bussar.
Prioritet 3: Rv 542 Stokkabekken – Ekornsæter og Ekornsæter – Siggjarvåg
Vegparsellane Stokkabekken – Ekornsæter og Ekornsæter – Siggjarvåg er på til saman om lag 6,8 km. Trasé er ikkje endeleg fastlagt, men truleg er den beste løysinga å bygge ny veg i stor grad utanom eksisterande busetnad. Kryss med avgreining av rv 541 ved Stokkabekken og Ekornsæter inngår. Det kan vere naturleg å dele utbygginga i tre etappar. Der vegen blir lagt om er eksisterande veg tenkt nytta av gang- og sykkeltrafikken samt bussar. Elles blir det lagt opp til samanhengande gang- og sykkelveg langs heile strekninga. Frå Siggjarvåg er det bygd ny veg vidare sørover/austover som del av Trekantsambandet.
Prioritet 4, 5 og 6: Rv 541 Sakseid – Hestaneset, Hestaneset – Tjong, Tjong – Løvegapet, Ekornsæter – Sakseid og rv 542 Røyksund – Eikeland og Notland – Mosterhamn
Tiltaka omfattar enten omlegging eller utbetring langs eksisterande veg, samt bygging av gang- og sykkelvegar der det er størst behov. Det er lagt til grunn bygging av ny Røyksund bru og ein tunnel på om lag 0,5 km ved Sakseid. Desse parsellane er på til saman 25,5 km.
Fylkesvegar
Tiltaka på fylkesvegane er i hovudsak breiddeutviding og bygging av møteplassar.
Kostnadsoverslag
Det samla kostnadsoverslaget for prosjekt og tiltak i Bømlopakken er om lag 1 mrd. kr. Av dette er om lag 910 mill. kr på dagens øvrige riksvegnett og om lag 90 mill. kr på dagens fylkesvegnett,
Kostnadene for det største prosjektet, rv 541 Sakseid – Hestaneset, er førebels rekna til om lag 170 mill. kr. Kostnadene for det største fylkesvegprosjektet (strekninga fv 18 Urangsvåg – Brandasund) er førebels rekna til vel 40 mill. kr.
For dei prosjekta på dagens øvrige riksvegnett som er prioriterte for oppstart i perioden 2009-2013, ligg det føre godkjente reguleringsplanar. Det er òg vedteke reguleringsplan for eit prosjekt som er prioritert i perioden 2014-2017. Det er framleis stor uvisse knytt til kostnadene for fleire prosjekt og tiltak.
Anleggsarbeida på strekninga rv 542 Hollundskjosen – Hollundsdalen er starta opp. Kostnadsoverslaget er 32 mill. kr. Arbeidet med rundkøyringa ved Rubbestadneset er planlagt starta opp i 2009. Kostnadsoverslaget er 7 mill. kr. For strekninga Hollundsdalen – Stokkabekken er kostnadsoverslaget om lag 90 mill. kr, medan kostnadsoverslaget for strekninga Stokkabekken – Rubbestadneset er om lag 140 mill. kr. Summen av kostnadene for desse fire prosjekta er om lag 270 mill. kr.
I tillegg er det i perioden 2009-2013 lagt opp til å investere om lag 25 mill. kr på dagens fylkesvegnett.