3 Avgjerda i EØS-komiteen
EØS-komiteen vedtok 31. januar 2001 avgjerd nr. 2001/4 om å endre vedlegg IX til EØS-avtala til å omfatte europaparlaments- og rådsdirektiv 2000/26/EF av 16. mai 2000 om tilnærming av medlemsstatenes lovgivning om ansvarsforsikring for motorvogner og om endring av rådsdirektiv 73/239/EØF og 88/357/EØF (Fjerde direktiv om motorvognforsikring). Avgjerda inneheld ei innleiing og fire artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala, og særleg til artikkel 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.
Artikkel 1opplyser om at i vedlegg IX til avtala etter nr. 10 (rådsdirektiv 90/232/EF) skal nytt nr. 10a lyde: «32000 L 0026: Europaparlaments- og rådsdirektiv 2000/26/EF av 16. mai 2000 om tilnærming av medlemsstatenes lovgivning om ansvarsforsikring for motorvogn og om endring av rådsdirektiv 73/239/EØF og 88/357/EØF (fjerde direktiv om motorvognforsikring) (EFT L 181 av 20.7 2000, s. 65).»
Vidare er det slått fast i artikkel 1 at i vedlegg IX til avtala i nr. 2 (første rådsdirektiv 73/239/EØF) og nr. 7 (andre rådsdirektiv 88/357/EØF) skal nytt strekpunkt lyde: «32000 L 0026: Europaparlaments- og rådsdirektiv 2000/26/EF av 16. mai 2000 (EFT L 181 av 20.7 2000, s. 65).»
Artikkel 2 slår fast at teksta til europaparlaments- og rådsdirektiv 2000/26/EF på islandsk og norsk, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa, skal vere gyldig.
Artikkel 3opplyser om at denne avgjerda tek til å gjelde 1. februar 2001, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala.
Artikkel 4slår fast at avgjerda i EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.
Etter artikkel 103 nr. 1 skal EFTA-statane innan seks månader frå det tidspunktet då avgjerda vart teken (som var 31. januar 2001), gje dei andre EØS-statane melding om at dei forfatningsrettslege krava er stetta, for Noreg sin del vil det seie at Stortinget har gjeve sitt samtykke til godkjenning.