6 Konklusjon og tilråding
Hovudføremålet med europaparlaments- og rådsdirektiv 2000/26/EF er å gjere det enklare for skadelidne å fremje krav om skadebot og få dekt tap som har kome på som følgje av skade som er framkalla av motorvogn i ein annan medlemsstat enn den medlemsstaten der den skadelidne bur. Innlemminga av det fjerde direktivet om motorvognforsikring i EØS-avtala utfyller det eksisterande regelverket om motorvognforsikring.
Justisdepartementet, Samferdselsdepartementet og Finansdepartementet rår til at avgjerda i EØS-komiteen om innlemming av det fjerde motorvognforsikringsdirektivet i EØS-avtala vert godkjend. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.