5 Administrative og økonomiske konsekvensar
Gjennomføringa av føresegnene i direktiv 2000/26/EF i norsk rett vil neppe få større økonomiske eller administrative konsekvensar for det offentlege.
Trafikkforsikringsforeininga har sagt seg villig til å ta på seg oppgåva som informasjonssenter.
Når det gjeld den plikta som selskapa har til å oppnemne skaderepresentantar, vil dei eksisterande samarbeidsformene i stor grad kunne nyttast. Dette vil i praksis seie at Trafikkforsikringsforeininga truleg vil verke som skaderepresentant for fleire utanlandske forsikringsselskap.
Det er ikkje heilt klarlagt om Trafikkforsikringsforeininga òg kan ta på seg oppgåva som skadebotsorgan, men truleg vil ikkje dette kunne skje, i og med at krav skal kunne rettast til skadebotsorganet dersom forsikringsselskapet/skaderepresentanten ikkje gjennomfører pliktene sine til rett tid. Dersom Trafikkforsikringsforeininga har ansvaret for begge oppgåvene, vil det kunne føre til uheldige dobbeltroller og habilitetsproblem. Konsekvensen av dette er at staten må oppnemne eit organ som skadebotsorgan. Dersom eit eksisterande organ, t.d. Forsikringsklagekontoret, kan nyttast til dette, vil ikkje dei økonomiske konsekvensane verte særleg store. Dersom eit nytt organ må skipast, vil dei nemnde konsekvensane verte noko større. Eventuelle meirkostnader, som vil verte utlikna på forsikringsselskapa og til ein viss grad på forsikringstakarane, er venta å verte marginale.