3 Nærmare om dei ulike artiklane i direktivet
Artikkel 1
Artikkel 1 tek føre seg målet for direktivet, som er å fremje auka energieffektivitet i bygningar i EU. Det skal takast omsyn til uteklima og lokale tilhøve, og til krav til inneklima og kostnadseffektivitet. Dessutan er det ei liste over dei ulike områda som direktivet gjev føresegner om.
I direktivet vert det fastsett krav med omsyn til:
ramma for ein utrekningsmetode for energibruken i bygningar,
bruk av minstekrav til energibruken i nye bygningar,
bruk av minstekrav til energibruken i eksisterande store bygningar som skal restaurerast i større omfang,
energisertifisering av bygningar, og
jamleg kontroll av kjelar og klimaanlegg i bygningar, og ei vurdering av varmeanlegg med kjelar som er meir enn 15 år gamle.
Artikkel 2
Artikkel 2 definerer åtte ulike uttrykk som er nytta i direktivet:
Bygning: ein konstruksjon med tak og vegger, der det vert nytta energi for å påverke inneklimaet. Ein bygning kan vere bygningen som heilskap, eller delar av han som er utforma eller endra for særskild bruk.
Energibruken til ein bygning: den energimengda som faktisk vert nytta, eller som det vert rekna ut skal nyttast for å dekkje dei ulike behova i samband med ein standardisert bruk av bygningen. Dette kan m.a. omfatte oppvarming, varmt vatn, kjøling, ventilasjon og lysgjeving. Denne energimengda skal gjevast att i ein eller fleire talindikatorar. Når desse vert rekna ut, skal det takast omsyn til isolasjon, tekniske eigenskapar og installasjonseigenskapar, utforming og plassering i høve til klimaomsyn, påverknad frå sol og innverknad frå tilstøytande bygningar, eigen energiproduksjon og andre faktorar som påverkar energietterspurnaden, medrekna inneklima.
Energisertifikat for ein bygning: eit sertifikat som er godkjent av styresmaktene eller ein juridisk person som styresmaktene peikar ut, som viser energibruken til ein bygning rekna ut etter ein metode som byggjer på den ramma som er fastsett i vedlegget til direktivet.
Kraftvarme (CHP): samtidig omdanning av primærbrensel til mekanisk eller elektrisk energi og termisk energi, som oppfyller visse kvalitetskriterium for energibruk.
Klimaanlegg: ein kombinasjon av alle komponentar som krevst for å oppnå ei form for luftbehandling der temperaturen vert kontrollert eller senka, eventuelt i kombinasjon med regulering av ventilasjon og av fukt og reinleik i lufta,
Kjel: eit samla kjel/brennar-anlegg som er meint for å overføre varme som vert frigjort ved forbrenning, til vatn.
Nominell nytteeffekt (uttrykt i kW): største varmeeffekt, fastsett og garantert av produsenten, ved kontinuerleg drift, samstundes som den driftsverknadsgraden som produsenten har opplyst om, vert halden ved lag.
Varmepumpe: ein innretning eller eit anlegg som trekkjer ut varme ved låg temperatur frå luft, vatn eller jord, og leverer varmen til bygningen.
Artikkel 3
I medhald av artikkel 3 skal det nyttast ein metode, på nasjonalt eller regionalt plan, for utrekning av energibruken til bygningar på grunnlag av den ramma som er fastsett i vedlegget til direktivet. Ramma skal tilpassast til den tekniske utviklinga. Energibruken til ein bygning skal uttrykkjast på ein klar måte, og kan omfatte ein indikator for CO2-utslepp.
Artikkel 4
I artikkel 4 vert det fastsett krav til energibruk. Det skal fastsetjast minstekrav til energibruk for bygningar på grunnlag av den metoden som er nemnd i artikkel 3. Ved fastsetjing av krava kan det skiljast mellom nye og eksisterande bygningar og ulike kategoriar av bygningar. Krava skal ta omsyn til alminnelege tilhøve knytte til inneklima, for såleis å unngå moglege negative verknader som t.d. utilstrekkeleg ventilasjon, og dessutan til lokale tilhøve og til alderen og den planlagde funksjonen til bygningen. Krava skal gjennomgåast med jamne mellomrom som ikkje bør overstige fem år. Når det trengst, skal dei ajourførast for å spegle att den tekniske utviklinga i byggjesektoren.
Krava til energibruk skal nyttast i samsvar med artikkel 5 og 6.
Det kan gjerast vedtak om å ikkje fastsetje eller nytte krava for følgjande kategoriar av bygningar:
bygningar og monument som er offisielt verna som del av eit utvalt miljø eller på grunn av den særlege arkitektoniske eller historiske verdien deira, der etterleving av krava ville endre karakteren eller utsjånaden deira på ein uakseptabel måte,
bygningar som vert nytta til gudsteneste og anna religiøs verksemd,
mellombelse bustader som det er planlagt å nytte i høgst to år, industrianlegg, verkstader og landbruksbygningar med lågt energibehov som ikkje vert nytta til bustadføremål, og landbruksbygningar som ikkje vert nytta til bustadføremål, og som vert nytta av ein sektor som er omfatta av ei nasjonal sektoravtale om energibruk,
bygningar som vert nytta til bustadføremål, og som det er planlagt å nytte mindre enn fire månader per år,
frittståande bygningar med eit samla bruksareal på mindre enn 50 m2.
Artikkel 5
I medhald av artikkel 5 skal det gjerast naudsynte tiltak for å sikre at nye bygningar oppfyller dei minstekrava til energibruk som er nemnde i artikkel 4.
For nye bygningar med eit samla bruksareal på meir enn 1 000 m2 skal det før byggjestart vurderast og takast omsyn til om følgjande alternative system kan nyttast på ein teknisk, miljømessig og økonomisk forsvarleg måte:
desentraliserte energiforsyningssystem som byggjer på fornybar energi,
kraftvarme (CHP),
fjernvarme- eller nærvarmeanlegg for oppvarming eller kjøling, dersom dette er tilgjengeleg,
varmepumper, under visse omstende.
Artikkel 6
I medhald av artikkel 6 skal eksisterande bygningar med eit samla bruksareal på meir enn 1 000 m2 som gjennomgår større restaurering, oppfylle minstekrava til energibruk, jf. artikkel 4, i den grad det er teknisk, funksjonelt og økonomisk mogleg. Krava kan fastsetjast, anten for den restaurerte bygningen som heilskap, eller for dei restaurerte systema eller komponentane, når desse er del av ei restaurering som vert utførd i eit avgrensa tidsrom og har som mål å betre den samla energibruken til bygningen.
Artikkel 7
Artikkel 7 stiller krav om at når bygningar vert oppførde, selde eller leigde ut, skal det leggjast fram eit energisertifikat for eller av eigaren. Sertifikatet kan vere gyldig i opptil ti år.
Sertifisering av husvære eller einingar i bustadkompleks kan byggje på:
ei felles sertifisering av heile bygningen for bustadkompleks med eit felles varmeanlegg, eller
ei vurdering av eit anna representativt husvære i det same bustadkomplekset.
Bygningskategoriane som er nemnde i artikkel 4 tredje leddet, kan fritakast frå kravet om energisertifisering.
Energisertifikatet for bygningar skal omfatte referanseverdiar som gjeldande krav eller standardverdiar, for såleis å gje forbrukarane høve til å jamføre og vurdere energibruken til bygningen. Sertifikatet skal følgjast av tilrådingar om kostnadseffektive tiltak for betre energibruk.
Føremålet med sertifikata skal berre vere å gje informasjon om energibruken i bygg. Rettsleg status og rettslege følgjer av sertifikata skal avgjerast i samsvar med nasjonale reglar.
I bygningar med eit samla bruksareal på meir enn 1 000 m2 som vert nytta av offentlege styresmakter og institusjonar som tilbyr offentlege tenester til svært mange personar, og som derfor ofte vert oppsøkte av desse personane, skal eit energisertifikat som ikkje er eldre enn ti år, vere plassert på ein framtredande plass der det er godt synleg for ålmenta.
Intervall for tilrådde og faktiske innetemperaturar og andre relevante klimafaktorar kan òg visast.
Artikkel 8
I medhald av artikkel 8 er det mogleg å velje to alternative tiltak som er retta mot kjelar:
Jamleg kontroll av kjelar som nyttar ikkje-fornybart flytande eller fast brensel med ein nominell nytteeffekt på 20-100 kW. Slike kontrollar kan òg gjennomførast av kjelar som nyttar andre typar brensel.
Kjelar med ein nominell nytteeffekt på meir enn 100 kW skal kontrollerast minst annakvart år. For gasskjelar kan dette tidsrommet lengjast til fire år.
For varmeanlegg med kjelar med ein nominell nytteeffekt på meir enn 20 kW og som er eldre enn 15 år, skal medlemsstatane gjere dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre ein eingongskontroll av heile varmeanlegget. Kontrollen skal omfatte ei vurdering av effektiviteten og storleiken til kjelen i høve til oppvarmingsbehovet til bygningen. På grunnlag av denne kontrollen skal dei sakkunnige gje brukarane råd om utskifting av kjelane, om andre endringar av varmeanlegget og om alternative løysingar.
Tiltak som sikrar at brukarar av kjelar får rådgjeving om utskifting av kjelar, andre endringar av varmeanlegget og alternative løysingar som m.a. kan omfatte kontrollar for å vurdere effektiviteten og storleiken til kjelen.
Den samla verknaden av alternativ b) bør i store trekk svare til verknaden av føresegnene i alternativ a). Kommisjonen (ESA for EFTA-statar som er med i EØS) skal informerast dersom alternativ b) vert valt.
Artikkel 9
Artikkel 9 stiller krav til kontroll av klimaanlegg. For å redusere energiforbruket og avgrense utsleppa av karbondioksid skal det gjennomførast jamleg kontroll av klimaanlegg med ein nominell nytteeffekt på meir enn 12 kW.
Denne kontrollen skal omfatte ei vurdering av effektiviteten og storleiken til klimaanlegget i høve til kjølebehovet til bygningen. Brukarane skal få eigna råd om mogleg utbetring eller utskifting av klimaanlegget, og om alternative løysingar.
Artikkel 10
I medhald av artikkel 10 skal styresmaktene sikre at sertifiseringa av bygningar, utarbeidinga av dei medfølgjande tilrådingane og kontrollen av kjelar og klimaanlegg vert gjennomførd på ein uavhengig måte av kvalifiserte og/eller godkjende sakkunnige.
Artikkel 11
Artikkel 11 omfattar føresegner som er knytte til ajourføring av direktivet. Kommisjonen skal få hjelp av ein komité, jf. artikkel 14, for å vurdere direktivet i lys av dei røynslene som vert gjorde. Komiteen skal ved behov gjere framlegg om m.a. moglege tilleggstiltak og allmenne incitament for ytterlegare energieffektiviseringstiltak i bygningar.
Artikkel 12
I medhald av artikkel 12 skal det gjennomførast tiltak for å opplyse brukarar av bygningar om ulike metodar og rutinar som medverkar til å gje auka energieffektivitet. Kommisjonen skal kunne medverke ved gjennomføringa av slike opplysningskampanjar, som òg kan vere del av fellesskapsprogram.
Artikkel 13
Artikkel 13 set krav til tilpassinga av den allmenne ramma som er gjeven i vedlegget til direktivet. Nr. 1 og 2 i vedlegget skal reviderast jamleg og minst annakvart år.
Artikkel 14
Artikkel 14 set krav om at Kommisjonen skal få hjelp av ein komité, og inneheld vidare føresegner for komiteen.
Artikkel 15, 16 og 17
I artikkel 15, 16 og 17 er det fastsett fristar og krav for gjennomføringa av direktivet i nasjonal lovgjeving. Fristen for å gjennomføre direktivet i nasjonale lover og forskrifter er 4. januar 2006. I mangel av kvalifiserte og/eller godkjende sakkunnige kan det nyttast endå tre år for å gjennomføre føresegnene i artikkel 7, 8 og 9. Medlemsstatar som vil nytte den ekstra gjennomføringstida, skal melde frå til Kommisjonen om dette (ESA for EFTA-statar som er med i EØS).