7 Konklusjon
Føremålet med bygningsdirektivet er å betre energibruken til bygningar. Bakgrunnen for direktivet er at det finst eit stort potensial for energieffektivisering i bygningssektoren som kan medverke til både reduserte utslepp av klimagassar og auka forsyningstryggleik. Noreg står overfor store utfordringar når det gjeld å auke forsyningstryggleiken og redusere miljøkonsekvensane ved produksjon og bruk av energi. Føremålet med direktivet er i tråd med målet om ei miljøvennleg omlegging av energibruk og energiproduksjon. Føresegnene i direktivet vil byggje opp under og utfylle tiltak som alt er sette i verk.
Direktivet overlét i stor grad til kvart einskilt land å skipe metodar og framgangsmåtar i medhald av direktivet. Ein felles metode for utrekning av energibruk og energikrav inneber ei videreutvikling av føresegner om energibruk som alt finst i Plan- og bygningslova, og er i tråd med norsk politikk på området.
Ved å synleggjere energibruken og moglege utbetringar i eit energisertifikat kan dette verdsetjast av kjøparar og leigetakarar, noko som igjen kan vere eit incitament for eigarane av bygga til å gjere utbetringar. Å medverke til auka medvit og nyttig informasjon om energibruk i samband med omsetning og utleige er i tråd med dei politiske målsetjingane om ei miljøvennleg omlegging av energibruk og energiproduksjon.
Det same gjeld dei krava som direktivet stiller til inspeksjon av fyringsanlegg eller alternative tiltak, som skal føre til ei utbetring eller utskifting av eksisterande anlegg med lite effektiv energibruk. I Noreg er det alt skipa ei frivillig ordning for effektiv oljefyring som omfattar svært mange fyringsanlegg. I tillegg er det innført energioppfølgingssystem i ei rekkje bygg.
Kjøling vert teke i bruk i aukande grad i Noreg, og derfor er det viktig å sikre at dei anlegga som vert installerte og nytta, er energieffektive.
Direktivet stiller krav om uavhengige ekspertar for gjennomføring av energisertifiseringa og inspeksjonsordningane. Det er i tråd med eksisterande politikk på området at det vert stilt krav til utførande personell for å sikre kvaliteten på den sertifiseringa og dei inspeksjonane som vil verte utførde.
Det er gjort overslag som syner at ei innskjerping av krava til energiyting for nye bygg og for bygg som vert rehabiliterte i tråd med direktivet, vil spare energi som svarar til om lag 2,5 TWh per år innanfor ein tiårsperiode. Energisparinga som følgjer av sertifisering og inspeksjonar, vil kome i tillegg til dette. Det er ein føresetnad at dei nye energikrava som vil verte stilte i byggjeforskriftene, skal gje samfunnsøkonomisk lønsame investeringar.
På denne bakgrunnen tilrår Olje- og energidepartementet at Noreg godkjenner avgjerda i EØS-komiteen om å innlemme bygningsdirektivet i EØS-avtala. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.