1 Innleiing
Regjeringa gjer med dette framlegg om å regulere grunnbeløpet (G) i folketrygda med verknad frå 1. mai 2007 og å auke løyvingar på statsbudsjettet for 2007 som følgje av reguleringa.
Regjeringa har lagt dei retningslinjene Stortinget fastsette i 2003 til grunn for framlegget. Dermed er pensjonistane sikra ei inntektsutvikling minst på linje med lønstakarane.
Reguleringa av grunnbeløpet har vore drøfta mellom regjeringa og Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, Landsorganisasjonen i Noreg, Unio, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund og Akademikerne. Regjeringa la stor vekt på å kome fram til semje med organisasjonane, noko drøftingsmøta 21. og 22. mai 2007 førte fram til. Regjeringa og organisasjonane blei samde om å auke grunnbeløpet med kr 3 920 frå 1. mai i år.
Regjeringa gjer framlegg om at grunnbeløpet blir auka frå kr 62 892 til kr 66 812 frå 1. mai 2007, det vil seie med 6,23 prosent. Det gjennomsnittlege grunnbeløpet aukar då med 5,38 prosent frå 2006 til 2007.
Etter framlegget aukar pensjonane til einslege minstepensjonistar med kr 7 032 per år til kr 119 820 per år. For ektepar der begge er minstepensjonistar aukar pensjonen med kr 12 888 per år til kr 219 600 per år.
Meirutgiftene for 2007 på grunn av høgare grunnbeløp blir om lag 7 032 mill. kroner. I tillegg kjem auka utgifter til statspensjonane frå 1. mai 2007, jf. St.prp. nr. 82 (2006-2007) Om lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2007 m.v.