St.prp. nr. 83 (2006-2007)

Om trygdeoppgjeret 2007

Til innhaldsliste

4 Nærare om utviklinga i grunnbeløp og løner dei seinare åra

Tabell 4.1 viser utviklinga i grunnbeløpet og i inntektene før skatt for minstepensjonistar og lønstakarar i perioden 2001 - 2006. Berekningane gjeld pensjonsytingar frå folketrygda. Dei fleste pensjonistane har inntekter i tillegg til pensjonsinntekta. Utviklinga i desse inntektene er ikkje med her.

Tabell 4.1 Utvikling i grunnbeløpet, minstepensjonane, gjennomsnittleg alders- og uførepensjon og inntekta for lønstakarar. Prosentvis endring frå året før, gjennomsnittleg endring per år 2001 - 2006 og endring i prosent frå 2001 til 2006.

  200120022003200420052006Endring per år 2001-2006Endring 2001-2006
Grunnbeløp4,65,25,13,93,33,54,322,8
Minstepensjon for einslege4,65,25,13,93,33,54,322,8
Minstepensjon for ektepar/sambuande4,65,27,46,014,94,05,630,8
Alderspensjon i gjennomsnitt15,56,26,65,44,84,85,631,0
Uførepensjon i gjennomsnitt4,37,06,73,33,93,74,827,1
Lønstakarar i alt4,85,74,53,53,34,14,322,9
Industriarbeidarar i NHO- området4,95,03,53,63,43,64,020,6
Statstilsette4,25,94,33,73,44,54,323,8
Kommunetilsette3,56,04,43,83,44,14,223,6

1 Gjennomsnittleg alderspensjon har auka med meir enn grunnbeløpet. Dette kjem av at alderspensjonistane i aukande grad har tent opp tilleggspensjon. Gjennomsnittleg pensjon er rekna ut frå rekneskapet.

Kjelde: Det tekniske berekningsutvalet NOU 2007: 3 og Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Pensjonane aukar til vanleg tilsvarande veksten i grunnbeløpet. Likevel auka pensjonane for ektepar og sambuande sterkare enn grunnbeløpet i åra 2003-2006. Årsaka er at grunnpensjonen for ektepar og sambuande auka frå 0,75 G til 0,8 G frå 1. mai 2003, til 0,825 G frå 1. mai 2004 og til 0,85 G frå 1. mai 2005. Den siste endringa fekk heilårsverknad i 2006.

Som det går fram av tabellen, auka grunnbeløpet og pensjonane for dei einslege minstepensjonistane i perioden 2001-2006 med gjennomsnittleg 4,3 prosent per år, som er på linje med utviklinga for lønstakarar i alt i same tidsrom. For ektepar og sambuande med minstepensjon var veksten sterkare av di grunnpensjonen blei trappa opp.

Den historiske utviklinga av pensjonane med vidare går fram av tabellane i vedlegget til proposisjonen. Dei syner mellom anna utviklinga av minstepensjonane frå 1970 både i nominell og reell verdi. Det går fram at minstepensjonen har hatt ein særleg sterk realvekst. Dette heng saman med at satsane for særtillegget er trappa opp gjennom åra.