St.prp. nr. 85 (1998-99)

Om samtykke til ratifikasjon av FN-konvensjon av 15. desember 1997 om kamp mot terroristbombing

Til innhaldsliste

1 Samandrag

Regjeringa ber i proposisjonen om Stortinget sitt samtykke til å ratifisere FN-konvensjonen av 15. desember 1997 om kamp mot terroristbombing. Konvensjonen vart vedteke av FN si 52. Generalforsamling 15. desember 1997, og underteikna av Noreg 31. juli 1998 i samsvar med fullmakt gjeve ved kongeleg resolusjon av 26. juni s.å.

Konvensjonen byggjer i stor grad på element frå eldre terrorismekonvensjonar som Noreg har ratifisert. Gjennom konvensjonen forpliktar partane seg til enten sjølve å påtale og straffe, eller å utlevere for straffeforfølging personar som gjer seg skuldige i handlingar som vert ramma av konvensjonen. Konvensjonen rettar seg mot ulovleg og forsettleg levering, plassering, utløysing eller detonering av sprenglekam eller annan dødbringande innretning på, i eller mot offentleg eller statleg stad, anlegg og infrastruktur med det føremål å valde død, alvorleg lekamsskade eller øydeleggingar som kan leie til større økonomisk tap. Han er difor eit viktig folkerettsleg rammeverk for statane sitt samarbeid i kampen for å oppklare slike terrorhandlingar, og for å straffeforfølgje eller utlevere dei som står bak desse.

Det var USA som kort etter bilbombeåtaket retta mot amerikansk militært personell i Dahran, Saudi-Arabia 25. juni 1996 tok initiativ til å starte forhandlingane om konvensjonen. Kort tid før dette åtaket hadde det funne stad fleire liknande terrorhandlingar som alle leidde til internasjonal uro og otte.11 Desse hendingane synleggjorde at jamvel om det fanst viktige antiterrorkonvensjonar som råka bestemte terrorhandlingar som t.d. flykapring og gisseltaking, fanst det ikkje noko multilateralt rettsleg instrument som omhandla terroriståtak mot offentlege plasser slik som bilbomba i Dahran og fleire liknande åtak som fann stad midt på -90 talet.

USA tok opphavleg opp tanken om ein multilateral konvensjon på eit møte mellom antiterrorismeekspertar frå G8-landa22 sommaren 1996. Nokre veker seinare uttrykte justisministrane frå dei same landa sin vilje til å arbeide for å utvikle eit folkerettsleg instrument i kampen mot terroristbombing. Same hausten vart det oppnådd semje i Generalforsamlinga i FN om å setje ned ei ad-hoc arbeidsgruppe under 6. komitéen i FN for å utarbeide eit konvensjonsutkast. Formann for arbeidsgruppa var Philippe Kirsch, sjef for rettsavdelinga i det kanadiske utanriksdepartementet. Arbeidsgruppa tok utgangspunkt i eit konvensjonsutkast Frankrike hadde utarbeidd på vegne av G8-gruppa. Arbeidsgruppa la så fram eit konsolidert utkast for 6. komité, der det vart oppnådd semje om konvensjonsteksten 21. november 1997. Konvensjonen vart så endeleg vedteke av generalforsamlinga 15. desember same året. Han vart opna for underteikning i FN sitt hovudkvarter 12. januar 1998 og underteikna av Noreg 31. juli same året. Kopi av konvensjonen på engelsk vert lagt fram, saman med oversetjing til norsk.

Konvensjonen stiller krav til dei statane som vert part i han om å kriminalisere visse handlemåtar, straffeforfølgje eller utlevere for straffeforfølging personar som oppheld seg på staten sitt territorium og som vert mistenkte for å ha gjort seg skuldige i handlingar som vert ramma av konvensjonen. Vidare skal partane samarbeide om å hindre og etterforske slike handlingar. Konvensjonen inneheld m.a.o. både reglar som har som formål å hindre terrorhandlingar og reglar som tek sikte på å effektivisere den etterfølgjande strafferettslege forfølginga av personar som gjer seg skuldige i slike handlingar. Som sine føregangarar freistar ikkje konvensjonen å definere sjølve omgrepet terrorisme, men tek i staden sikte på å råke bestemte handlingar og unnlatingar uavhengig av dei motiva som ligg bak dei.

Fotnotar

1.

Desse omfattar m.a. giftgassåtaka på undergrunnsbanen i Tokyo samt bombeåtak i Colombo, Tel Aviv, Jerusalem og Manchester.

2.

G-8 landa vert rekna for å vera dei åtte viktigaste industrialiserte landa i verda. Medlemmar i G-8 er Canada, Frankrike, Italia, Japan, Russland, Storbritannia, Tyskland og USA.

Til forsida