4 Spørsmålet om norsk ratifikasjon av konvensjonen
Noreg underteikna konvensjonen 31. juli 1998, i samsvar med fullmakt gjeve ved kongeleg resolusjon 26. juni same år. Konvensjonen er pr. i dag underteikna av 40 statar. Det er førebels fire statar som har ratifisert konvensjonen, nemleg Usbekistan, Sri Lanka, Panama og Spania. Usbekistan ratifiserte konvensjonen som fyrste stat den 30. november 1998.
Konvensjonen vil bidra til å styrke det internasjonale samarbeidet i kampen mot terrorisme. Noreg har slutta seg til alle tidlegare antiterrorkonvensjonar og norske styresmakter har tradisjonelt lagt stor vekt på at slike konvensjonar må sikrast så brei oppslutning i verdssamfunnet som råd er. Berre på det viset kan dei bli effektive instrument i kampen mot internasjonal terrorisme.
Trass internasjonalt samarbeid i kampen mot terrorisme er terroristar og terrororganisasjonar stadig på frammarsj mange stader i verda. Verksemda deira råkar uskuldige menneske og trugar fred, tryggleik og demokratiutvikling. Gjennom dei seinaste åra har det vore eit aukande politisk fokus internasjonalt på dei utfordringane det internasjonale samfunnet står overfor i kampen mot terrorisme. Erkjenninga av at kampen mot terrorismen må skje på tvers av landegrensene har vore aukande. I FN-samanheng har dette resultert i vedtaking av denne konvensjonen om kamp mot terroristbombing. Konvensjonen fyller eit viktig tomrom i rekkja av multilaterale rettslege instrument som råkar praktisk viktige terrorhandlingar. Samstundes som FN har arbeidd med denne konvensjonen, har det òg vore arbeidd med ein konvensjon om hindring av finansiering av terrorisme og ein konvensjon om kamp mot terrorisme utført med kjernefysiske middel. Noreg har i FN innteke ein positiv haldning til arbeidet med alle desse tre konvensjonane.
Spørsmålet om underteikning og ratifikasjon av konvensjonen har vore lagt fram for Forsvarsdepartementet og Justisdepartementet. Korkje Forsvarsdepartementet eller Justisdepartementet hadde innvendingar mot underteikninga, men Justisdepartementet sa som nemnd ovanfor at det ville vera ynskjeleg å endre utleveringslova § 5 før konvensjonen vart ratifisert for å vere sikker på at det ikkje ville kunne oppstå motstrid mellom denne paragrafen og føresegnene i konvensjonen. Slik endring er foreslått av Justisdepartementet i Ot. prp. nr. 56 (1998-99) om «lov om Schengen Informasjonssystem (SIS), lov om endringer i utlendingsloven og enkelte andre lover som følge av Schengensamarbeidet». Forslaget går ut på å take inn eit nytt 2. ledd i utleveringslova § 5 som seier at: «Kongen kan inngå overenskomst med fremmed stat om at visse handlinger ikke skal ansees som politiske». Denne endringa vil, om ho vert vedteke, gjere det klårt at det ikkje er lovhinder for at Noreg ratifiserer konvensjonen.