1 Samandrag - bakgrunn
Unidroit-konvensjonen om stolne eller ulovleg utførte kulturgjenstandar er av 24. juni 1995. Bakgrunnen for konvensjonen er den auka ulovlege handelen med kulturminne, og den skaden som dette kan føre til, både med omsyn til sjølve gjenstandane og verdskulturarven. Konvensjonen inneheld føresegner som regulerer internasjonal tilbakeføring av stolne eller ulovleg utførte kulturgjenstandar.
Det internasjonale instituttet for einsarta privatrett (Unidroit) vedtok i 1996 å føre opp vern av kulturgjenstandar på arbeidsprogrammet sitt for perioden 1987-89. Arbeidet med dette saksfeltet starta allereie i 1970 då UNESCO utarbeidde ein konvensjon for å hindre og forby ulovleg eksport og import eller eigedomsoverføring av kulturminne. Spørsmålet om tilslutning til denne konvensjonen er for tida på høyring.
Konvensjonen blei sett i verk 1. juli 1998. Noreg har ikkje underteikna konvensjonen i den tida han var open for underteikning og ratifikasjon, og må såleis tiltre denne.
Pr. 6. april 2000 hadde 30 statar underteikna og 4 tiltrådd konvensjonen. Han var då i kraft for 12 statar.
Eit avtrykk av konvensjonen i engelsk originaltekst med omsetjing til norsk følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.