3 Avgjerda i EØS-komiteen
Som eit ledd i samarbeidet i EØS vedtok EØS-komiteen 31. juli 2000 å endre vedlegg XI om telekommunikasjonstenester, slik at avtala òg omfattar europaparlaments- og rådsdirektiv 1999/93/EF av 13. desember 1999 om en fellesskapsramme for elektroniske signaturer. Avgjerda inneheld ei innleiing og fire artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala, og særleg til artikkel 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.
Artikkel 1 slår fast at i vedlegg XI til avtala etter nr. 5f (europaparlaments- og rådsdirektiv 97/66/EF) skal nytt nr. 5g lyde: «399 L 0 093: Europaparlaments- og rådsdirektiv 1999/93/EF av 13. desember 1999 om en fellesskapsramme for elektroniske signaturer (EFT L 13 av 19.1 2000, s. 12).»
Vidare vert det i artikkel 1 slått fast at direktivet skal gjelde med visse tilpassingar for EFTA/EØS-statane: For det første slår artikkel 1 a) fast at det i artikkel 7 nr. 1 bokstav c) vert lagt til «eller mellom en EFTA-stat og tredjestater eller internasjonale organisasjoner» etter «organisasjoner». Føresegna skal sikre at tilbydarar av sertifikattenester som er etablerte i ein tredjestat på bakgrunn av ei avtale mellom ein EFTA-stat og ein tredjestat eller ein internasjonal organisasjon, skal jamstellast med sertifikat som er utferda av tilbydarar på bakgrunn av avtale mellom Fellesskapet og tredjestatar eller internasjonale organisasjonar. For det andre slår artikkel 1 b) fast at «i situasjonar som nevnt i artikkel 7 nr. 2 skal avtalepartene holde hverandre underrettet og, dersom det anmodes om det, holde samråd i EØS-komiteen». Føresegna skal sikre at EFTA-statane vert orienterte og ev. kan halde samråd i EØS-komiteen dersom Kommisjonen gjer framlegg med omsyn til den faktiske gjennomføringa av standardar for og internasjonale avtaler om sertifikattenester, og ev. gjer framlegg for Rådet om føremålstenlege mandat for bilaterale og multilaterale avtaler med tredjestatar og internasjonale organisasjonar. For det tredje slår artikkel 1 c) fast at «når Fellesskapet forhandler med en tredjestat på grunnlag av artikkel 7 nr. 3 om markedsadgang for fellesskapsforetak, skal det søke å oppnå den samme behandling for foretak fra EFTA-statene». Føresegna skal sikre at føretak i EFTA-statene vert jamstilte med føretak i EU når Kommisjonen forhandlar med ein tredjestat om marknadstilgang i tredjestatar.
Artikkel 2slår fast at europaparlaments- og rådsdirektivet skal gjelde på islandsk og norsk på lik linje med dei andre språka i medlemsstatane i Fellesskapet.
Artikkel 3 slår fast at avgjerda tek til å gjelde 1. august 2000, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala.
Artikkel 4slår fast at avgjerda i EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.
Etter artikkel 103 nr. 1 jf. nr. 2 skal EFTA-statane innan seks månader frå det tidspunktet då avgjerda vart teken (som var 31. juli 2000), stadfeste overfor dei andre EØS-statane at dei forfatningsmessige krava er stetta, dvs. for Noreg sin del at det er henta inn samtykke frå Stortinget.