2 Nærmare om statistikkprogrammet og statistikkarbeidet
Avgjerda om det europeiske statistikkprogrammet for perioden 2003-2007 legg vekt på at programmet skal vere styrt av dei overordna politiske prioriteringane innan EU som er knytte til Den økonomiske og monetære unionen og utvidinga av EU i tillegg til konkurranseevne, berekraftig utvikling og den sosiale dagsordenen. Samstundes skal programmet framleis gje statistikkstøtte til etablerte politikkområde og behov.
Planane for utviklinga av statistikksystemet vert drøfta i høve til desse overordna prioriteringane og i høve til ulike politikkområde som fritt varebyte og fri rørsle for personar, tenester og kapital, økonomisk og monetær politikk, transport, landbruk og miljø. På kvart av desse områda vert det gjort greie for kva ein ønskjer å oppnå i perioden.
Programmet er relativt generelt og vert vidareført av årlege arbeidsprogram som vert diskuterte i ulike arbeidsgrupper og på sjefsnivå, der også Noreg tek aktivt del. Statistikkprogrammet er ei vidareføring av tidlegare tilsvarande femårsprogram. Det som er nytt i dette programmet, er at det også fastset ei økonomisk ramme for perioden.