6 Vurdering og tilråding
EU-programmet for statistikk vil stimulere til eit breitt europeisk samarbeid på statistikkområdet, og medverke til ei vesentleg heving av kvaliteten på norsk statistikk mellom anna ved å gjere norsk statistikk samanliknbar med statistikken til andre land i Europa. Norsk deltaking vert difor vurdert som viktig.
Finansdepartementet rår til at Noreg godkjenner ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 30 i EØS-avtala om deltaking for EFTA-statane i Fellesskapet sitt statistikkprogram for 2003-2007. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.