2 Avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar
I forhandlingsmøte 28. mai 2001 blei Norske Fysioterapeuters Forbund, Kommunenes Sentralforbund og staten samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 2001 - 30. juni 2002.
Avtalen føreset ei regulering av takstar og driftstilskot med 4,7 pst. per 1. juli 2001. Takstar og driftstilskot aukar med same prosentsats. Folketrygda skal som tidlegare setje av 1,5 pst. av utbetalte refusjonar til fond for etter- og vidareutdanning.
Departementet tilrår at løyvinga for 2001 under kap. 2755 post 71 Refusjon fysioterapi blir auka med 30,0 mill. kroner.
Fastlønstilskotet til kommunar med fysioterapeutstillingar var 117 500 kroner i 2000. Departementet tilrår at fastlønnstilskotet blir auka til 123 500 kroner for 2001, og at kap. 2755 post 62 Tilskot til fastlønsordning fysioterapeutar blir regulert med 5,0 mill. kroner. Det er teke omsyn til auken i eigendelane frå 1. juli 2001 ved reguleringa av fastlønstilskotet.