3 Avtale om driftstilskot og takstar for psykologar
I forhandlingsmøte 14. mai 2001 blei Norsk Psykologforening, Kommunenes Sentralforbund og staten samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for spesialistar i klinisk psykologi. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 2001 - 30. juni 2002.
Avtalen føreset ei regulering av takstar og driftstilskot med 4,0 pst. per 1. juli 2001. Takstar og driftstilskot aukar med same prosentsats.
Departementet tilrår at kap 2711 post 71 Refusjon psykologhjelp blir auka med 4,0 mill kroner.