4 Tilskot til driftsavtalar
Staten gjev tilskot til driftsavtalar som blei oppretta mellom fylkeskommunar/kommunar og legespesialistar, spesialistar i klinisk psykologi og fysioterapeutar i samband med endringane om refusjonsrett i lov om folketrygd per 1. juli 1998. Tilskotet er tidsavgrensa til 5 år frå dette tidspunktet.
Dei øyremerkte tilskota blir regulerte i samsvar med reguleringa av driftstilskota. Departementet tilrår at kap. 739 post 61 Tilskot til driftsavtalar blir auka med 4,0 mill kroner for 2001.