Meld. St. 25 (2023–2024)

Eksport av forsvarsmateriell frå Noreg i 2023, eksportkontroll og internasjonalt ikkje-spreiingssamarbeid

Til innhaldsliste

2 Openheit om eksporten av forsvarsmateriell

Den første årlege meldinga om norsk eksport av forsvarsmateriell vart lagt fram for Stortinget i 1997. Gjennom åra har ein styrka openheita. Dei første meldingane fokuserte på regelverket og retningslinene, og gav nokre få opplysningar om den faktiske eksporten som hadde funne stad i det førre året. Den årlege meldinga har utvikla seg til å gje meir innsyn i eksporten av forsvarsmateriell frå norske verksemder. I tillegg vert det gjeve informasjon om praktiseringa av Utanriksdepartementets retningsliner, utviklinga av politikk og regelverk, og det nasjonale og internasjonale samarbeidet om eksportkontrollen med strategiske varer, teknologi og tenester. På denne måten bidreg meldinga til ein informert offentleg debatt om denne delen av norsk sikkerheitspolitikk.

Dersom det i ei einskildsak vert vurdert å liggje føre særskilde omstende, kan Stortingets organ konsulterast. Regjeringa vil føre vidare denne praksisen. På denne måten vert det gjeve parlamentarisk innsyn i eksporten av forsvarsmateriell.

Informasjonen om sjølve eksporten og om avslag på lisenssøknadar i kvart einskild år finst i kapittel 10. Når departementet innvilger ein lisenssøknad for eksport av forsvarsmateriell, vert det stilt som vilkår at verksemda kvartalsvis rapporterer om den faktiske eksporten som har funne stad basert på dei einskilde lisensane. Utanriksdepartementet går gjennom og kvalitetssikrar desse rapportane.

Noregs rapportering til Våpenhandelsavtalen (ATT) vert òg offentleggjord. I tillegg vert eit engelsk samandrag publisert av stortingsmeldinga. På denne måten bidreg Noreg til større openheit om eksporten av forsvarsmateriell.

Eksportkontrollloven pålegg ei streng teieplikt. Regjeringas målsetjing om mest mogleg openheit om eksport av forsvarsmateriell må skje innanfor ramma av den lovpålagde teieplikta. Ifølgje eksportkontrollloven skal alle gje Utanriksdepartementet den hjelpa som trengst for å kontrollere at føresegnene i loven og forskriftene vert følgd. Ei slik plikt gjeld alle opplysningar som Utanriksdepartementet finn naudsynte for å kunne handsame lisenssøknadar. Den vide retten til innhenting av verksemds- og konkurransesensitiv informasjon må varetakast gjennom strenge teiepliktreglar. I eksportkontrollloven § 2 fjerde ledd heiter det at alle har teieplikt om det dei får kunnskap om etter loven. Teieplikta etter eksportkontrollregelverket går såleis lenger enn teieplikta som elles følgjer av forvaltningsloven. Det at informasjon har vorte gjord kjend av ei verksemd eller i media, fritek ikkje departementet for teieplikt.

Utanriksdepartementet har lagt ut informasjon på nettsida til eksportkontrollen på regjeringa.no om offentleg journal og innsyn i eksportkontrollsaker. På bakgrunn av teieplikta etter eksportkontrollloven vert ikkje eksportkontrollsaker publiserte på eInnsyn, sjølv om desse vert journalførte internt i departementet. eInnsyn er ei felles publiseringsteneste som statlege verksemder nyttar seg av til å publisere eigne postjournalar/postlister på internett. Generelle førespurnader til departementet per e-post som ikkje gjeld konkrete eksportkontrollsaker vert publisert og innsyn vil verta vurdert for kvart einskild dokument etter førespurnad.

Til forsida