Meld. St. 25 (2023–2024)

Eksport av forsvarsmateriell frå Noreg i 2023, eksportkontroll og internasjonalt ikkje-spreiingssamarbeid

Til innhaldsliste

4 Regelverket for kontrollen med eksport av strategiske varer

Kontrollen med eksport av strategiske varer, teknologi og tenester er heimla i lov og forskrift. Omgrepet strategiske varer er eit samleomgrep for både forsvarsmateriell og fleirbruksvarer.

Utanriksdepartementets retningsliner for handsaming av søknadar om eksport av forsvarsmateriell, teknologi og tenester for militære føremål vert omtalte i kapittel 5.

Kontrollen med fleirbruksvarer baserer seg på arbeidet innanfor dei internasjonale eksportkontrollregima skildra nærmare i kapittel 9.

4.1 Eksportkontrolloven

Lov av 18. desember 1987 om kontroll med eksport av strategiske varer, tenester og teknologi osb. (eksportkontrollloven) er ein fullmaktslov. Departementet er gjeve fullmakt i Kgl. resolusjon av same dato til å administrere loven og utarbeide forskrifter og retningsliner for å sikre gjennomføring av kontrollen.

Loven gjev eit vidt heimelsgrunnlag for å utøve ein effektiv kontroll med eksporten av strategiske varer, teknologi og tenester for militære føremål. I § 1 i loven heiter det at Kongen kan bestemme at varer og teknologi som kan ha noko å seie for andre lands utvikling, produksjon eller bruk av produkt til militær bruk eller som direkte kan tene til å utvikle eit lands militære evne, og dessutan varer og teknologi som kan nyttast til å utøve terrorhandlingar, jf. straffeloven § 131, ikkje må utførast frå Noreg utan særskilt løyve. Det kan òg setjast forbod mot at det utan særskilt løyve vert ytt tenester som nemnt over. Det kan vidare setjast vilkår for løyva. Kongen kan i tillegg setje forbod mot at personar som bur eller tilhaldsstad i Noreg, og dessutan norske verksemder, stiftingar og samanslutningar utan særskilt løyve driv handel med, formidlar eller på annan måte hjelper ved sal av våpen og militært materiell frå eit framandt land til eit anna. Tilsvarande gjeld for strategiske varer og teknologi som er nærmare angitt i eksportkontrollforskrifta, dvs. varer og teknologi som kan nyttast i masseøydeleggingsvåpen og leveringssystem for slike våpen.

Alle pliktar å gje departementet den hjelpa og dei opplysningane som trengst for å kontrollere at føresegnene i loven og eller i forskrifta gitt i medhald av ho, vert følgd. Denne vide tilgangen til innhenting av verksemds- og konkurransesensitiv informasjon og bistand i samband med handsaminga av lisenssøknadar, har motstykket sitt i dei strenge føresegnene i loven om teieplikt. Alle har teieplikt om det dei får kunnskap om etter loven jf. eksportkontrollloven § 2 fjerde ledd.

Loven inneheld straffeføresegner. Det er straffbart å utføre eller prøve å utføre varer, teknologi eller tenester utan løyve, å bryte vilkår som er sett, gje feilaktige opplysningar, munnleg eller skriftleg, om forhold som har noko å seie for tilgangen til å utføre varer, teknologi eller tenester, eller på annan måte bryt føresegner gjeve i eller i medhald av loven. Aktlause regelbrot kan straffast med bøter eller fengsel inntil to år.

I St.meld. nr. 29 (2007–2008), St.meld. nr. 42 (2008–2009), Meld. St. 21 (2009–2010) og Meld. St. 26 (2018–2019) vart det gjort grundig greie for verkeområdet for loven.

4.2 Eksportkontrollforskrifta

Forskrift om eksport av forsvarsmateriell, fleirbruksvarer, teknologi og tenester av 19. juni 2013 (eksportkontrollforskrifta) gjev reglar om den operative gjennomføringa av kontrollen, og sjølve lisensieringa. Dette omfattar alle delar av lisensieringa, medrekna høve til å setje vilkår for lisensar. I tillegg vert tilbakekalling, suspendering og endring av ein tidlegare innvilga lisens regulert, samt unntak frå lisensplikta og dessutan høve til å krevje sluttbrukarerklæring.

Varer som krev eksportlisens er skildra i to varelister som er del av eksportkontrollforskrifta. Vareliste I omfattar forsvarsrelaterte varer og teknologi, medan vareliste II skildrar fleirbruksvarer og teknologi. Listene er forhandla fram og vedtekne ved konsensus i dei internasjonale eksportkontrollregima der Noreg deltek. EU har slått saman listene frå regima. Av omsyn til brukarvenlegheit vert EUs to konsoliderte lister innarbeidd direkte i norsk regelverk.

I tillegg til varer, er det lisensplikt for teknologi og for tenesteytingar knytt til varelistene, og dessutan for tenester elles som kan tene til å utvikle eit lands militære evne. Det er òg reglar om lisensplikt for formidling av strategiske varer mellom to tredjeland.

Forskrifta gjev elles tilgang til å utløyse lisensplikt for eksport av alle varer, teknologi og tenester som ikkje står på varelistene under visse omstende. Føremålet er høve til å hindre uønska eksport. I Meld. St. 25 (2019–2020) vart det gjort grundig greie for dei fire såkalla generalklausulane som går fram av § 7 i forskrifta. Dei betyr at det kan utløysast lisensplikt når:

  • det vert vurdert at vara, teknologien eller tenesten er meint for bruk i samband med eit eit masseøydeleggingsvåpenprogram eller for leveringsmidlar for slike våpen;

  • vara, teknologien eller tenesten er for militær bruk i område der det er krig, krig truar eller til eit land der det er borgarkrig;

  • vara, teknologien eller tenesten er for militær bruk i eit land som er omfatta av sanksjonar, restriktive tiltak eller våpenembargo;

  • vara, teknologien eller tenesten vert rekna for å direkte kunne tene til å utvikle eit lands militære evne på ein måte som ikkje er samsvarande med vesentlege norske tryggleiks- og forsvarsinteresser.

Utanriksdepartementet arbeider med å innføre ei særskild lisensplikt når det gjeld kontroll med kunnskapsoverføring av strategiske teknologiar. I utgangspunktet er det lisensplikt for immateriell teknologi i dagens forskrift, men det er ønskjeleg å tydeleggjere lisensplikta for kunnskapsoverføring. Eit konkret forslag om slik kontroll vart sendt på høyring i 2022. Det er gjort nærmare greie for dette arbeidet i kapittel 7.

Til forsida