11 Kulturminneforvaltning og naturforvaltning
Styringskomiteen for kulturarv og landskap (CDPATEP – Steering Committee for Cultural Heritage and Landscape) arbeider med den fysiske kulturarven i Europa, medrekna landskap, kulturmiljø og kulturminne. Styringskomiteen CDPATEP har ansvar for fire konvensjonar:
Granada-konvensjonen ( Convention for the Protection of the Architectural Heritage of Europe , Granada, 1985)
Valletta-konvensjonen ( Convention for the Protection of the Archaeological Heritage of Europe (revised) , Valletta, 1992).
Den europeiske landskapskonvensjonen ( The European Landscape Convention , Florence, 2000)
Rammekonvensjonen om verdien av kulturarv for samfunnet ( Framework Convention on the Value of Cultural Heritage for Society – FARO-konvensjonen, 2005).
Noreg slutta seg til Den europeiske landskapskonvensjonen i 2001, som det første av medlemslanda i Europarådet. Konvensjonen gjev ei ny forståing av landskapet som leveområde for menneske og tema for demokratisk debatt. Iverksetjinga av konvensjonen i Noreg bidreg til å fremje livskvalitet og helse, det lokale sjølvstyret, berekraftige og livskraftige lokalsamfunn og attraktive stader som stimulerer skaparevna og tiltakslysten. Gjennom det europeiske samarbeidet får Noreg informasjon og inspirasjon frå andre land. Gjensidig bistand og informasjon er basert på frivillige bidrag. Det er etablert eit nordisk nettverk med økonomisk støtte frå Nordisk Ministerråd.
Rammekonvensjonen om verdien av kulturarven for samfunnet (FARO-konvensjonen) vart ratifisert av Noreg 27. oktober 2008. Konvensjonen er nyskapande og tek fatt i dei samfunnsmessige verdiane i kulturarven. Han understrekar at kulturarven skal takast vare på fordi han fyller viktige funksjonar i samfunnet som grunnlag for sosial, kulturell og økonomisk utvikling der berekraft står sentralt. Konvensjonen knyter utnyttinga av kulturarven opp mot demokratibygging og forsøkjer å bygge vern mot misbruk av kulturminne i konfliktar. Ved utgangen av 2009 hadde i alt 8 land ratifisert konvensjonen, som trer i kraft ved ti ratifikasjonar. Noreg ved Riksantikvaren har bidrege til ei bok om FARO-konvensjonen som vart lansert i Portugal i november 2009.
Når det gjeld naturforvaltning, er Bern-konvensjonen sentral ( Convention on the Conservation of European Wildlife and Natural Habitats , Bern 1979). Formålet med konvensjonen er å verne om ville dyr og planter i Europa, i tillegg til leveområda deira. EU, dei aller fleste andre europeiske land (mellom andre Noreg) og enkelte afrikanske land har tiltredd konvensjonen. Innanfor Bern-konvensjonen samarbeider landa om aktuelle og viktige miljøspørsmål som gjeld fleire land. Viktige tema for samarbeidet no er m.a. handteringa av framande, skadelege plante- og dyreartar og konsekvensane av klimaendringar for det biologiske mangfaldet.
For å kunne følgje opp ministerkonferansane til FNs økonomiske kommisjon for Europa (UNECE) når det gjeld tema biologisk mangfald og naturforvaltning, vart det i 1995 starta eit samarbeid mellom Europarådet og FNs miljøprogram (UNEP) som omfattar frivillige organisasjonar. Dette er eit ledd i oppfølginga av den såkalla paneuropeiske strategien for biologisk mangfald og landskapsvern.
Resolusjonen om biologisk mangfald som vart vedteken på ministerkonferansen « Environment for Europe » i Kiev i 2003, er retningsgjevande for arbeidet i styringskomiteen. Resolusjonen set konkrete mål for korleis tapet av det biologiske mangfaldet skal stansast innan 2010. På ministerkonferansen til UNECE i Beograd i oktober 2007 vart målsetjingane frå Kiev følgde opp gjennom ministererklæringa og ei eiga erklæring om biologisk mangfald.
Noreg bidreg økonomisk til fleire store prosjekt for å sikre biologisk mangfald på Balkan og i Sør-Kaukasus. Prosjekta vert evaluerte kontinuerleg, mellom anna med tanke på erfaringsoverføring til andre land i regionen.