Meld. St. 14 (2009-2010)

Noregs deltaking i Europarådet i 2009

Til innhaldsliste

2 Norsk tilmelding til Europarådskonvensjonar i 2009

Underteikning

27. mai 2009: Protokoll nr. 14bis til konvensjonen om vern av menneskerettane og dei grunnleggjande fridomane ETS 204.

18. juni 2009: Europarådskonvensjon om innsyn i offentlege dokument ETS 205.

9. juli 2009: Europeisk konvensjon om samproduksjon av film ETS 147.

16. november 2009: Tilleggsprotokoll til det europeiske charteret for lokalt sjølvstyre om retten til medverknad i sakene til lokale styresmakter ETS nr. 207.

Ratifikasjon og tiltreding

27. mai 2009: Protokoll nr. 14bis til konvensjonen om vern av menneskerettane og dei grunnleggjande fridommane ETS 204.

4. juni 2009: Europeisk konvensjon om statsborgarskap ETS 166

9. juli 2009: Europeisk konvensjon om samproduksjon av film ETS 147.

11. september 2009: Europarådskonvensjon om innsyn i offentlege dokument ETS 205.

16. desember 2009: Tilleggsprotokoll til det europeiske charteret for lokalt sjølvstyre om retten til medverknad i sakene til lokale styresmakter ETS nr. 207.

Til forsida