6 Helse og sosiale spørsmål
6.1 Folkehelse
Helsekomiteen (CDSP) har frå 2009 norsk leiar. Komiteen har i 2009 arbeidd vidare med oppfølginga av helseministerkonferansen i Bratislava i 2007 om migrasjon og mobilitet. CDSP markerte i 2009 at komiteen har vore i funksjon i 55 år. På plenumsmøtet i oktober 2009 vart det mellom anna drøfta korleis arbeidet i komiteen kan bidra til oppfølging av den strategiske planen for helserelatert arbeid i regi av Europarådet. Eit sentralt spørsmål er korleis arbeidet i CDSP kan fokusere på kjerneverdiane til Europarådet, i eit samspel ikkje minst med WHO og EU, ved å støtte aktivitetane til kvarandre utan å duplisere arbeidet.
Det vart i 2008 etablert ei ekspertgruppe på feltet mobilitet, migrasjon og tilgang til helsetenester (SP-MIG), som òg har norsk leiing. Ekspertgruppa arbeider for å påverke likskap i helsetenester og tilgang til helsetenester ut frå eit menneskerettssyn. SP-MIG skal utarbeide ein rapport om temaet, som skal sendast CDSP i byrjinga av 2010.
Europarådet legg vekt på kamp mot menneskesmugling, som omfattar visse aspekt av organdonasjon og transplantasjon. Noreg leidde i 2009 komiteen for organtransplantasjon (CD-P-TO) under delavtalen for den europeiske farmakopeen (EDQM). Komiteen arbeider med å utvikle regelverk og retningslinjer på europeisk nivå for utvikling av tryggleik og kvalitet ved transplantasjon av organ, vev og celler, og har utarbeidd ei oppdatert handbok på dette feltet. Handboka er mykje brukt i det daglege donasjons- og transplantasjonsarbeidet. Komiteen har i 2009 òg arbeidd med å få oversikt over illegal transplantasjonsverksemd. Regelverket som EU utarbeider, byggjer i stor grad på arbeidet Europarådet gjer på dette området. Difor er det viktig for Noreg å delta på feltet.
I samband med avviklinga av delavtalen for folkehelse (CD-P-SP) i 2008 vart ekspertkomiteen for kosmetiske produkt og ekspertkomiteen for matkontaktmateriale lagd inn under delavtalen for den europeiske farmakopeen (EDQM). EDQM arbeider med ei rekkje legemiddelspørsmål. Kosmetiske produkt er legemiddelnære, og materiale i kontakt med mat tilsvarar i stor grad materiale i kontakt med legemiddel. På kosmetikkområdet vart det i 2009 vedteke å vidareføre revisjonen av resolusjonen for permanent sminke og andre tatoveringsprodukt. Noreg føreslo mellom anna ein aktivitet relatert til problemet med resistens mot antibiotika. Bruk av ei rekkje stoff i kosmetikk kan bidra til problemet.
Ekspertkomiteen for matkontaktmateriale skal framover arbeide med retningslinjer som gjeld metall og andre materiale som vert brukte i slik emballasje, i tillegg til å risikovurdere råstoff som vert brukte i produksjonen.
Den nye komiteen for legemiddel og legemiddelbehandling (CD-P-PH) har som formål å sørgje for pasienttryggleik og lik tilgang til legemiddel. Ekspertgruppene arbeider mellom anna med å vurdere reseptstatusen til legemiddel, med å forbetre legemiddelbehandlinga i befolkninga og med å forhindre forfalsking av legemiddel og annan legemiddelrelatert kriminalitet.
Det viktigaste arbeidet i komiteen for blodtryggleik (CD-P-TS) har vore å oppdatere retningslinjene for framstilling, bruk og kvalitetssikring av blodkomponentar, som vert brukte over hele Europa og i Australia og New Zealand. Dette arbeidet er viktig for det norske arbeidet med «Veileder for transfusjonstjenesten i Norge» (utgjeven av Helsedirektoratet). Arbeidet i CD-P-TS vert samordna med arbeidet i EU og WHO på blodområdet.
6.2 Bioetikk
Bioetikkomiteen (CDBI) behandlar spørsmål knytte til konvensjonen om menneskerettar og biomedisin (Oviedo-konvensjonen). Konvensjonen har som formål å verne om verdigheita og identiteten til alle menneske og å garantere integritet og andre grunnleggjande rettar i samband med biomedisin, medrekna biomedisinsk forsking. Oviedo-konvensjonen tredde i kraft i 1999 og vart ratifisert av Noreg i 2007.
CDBI markerte tiårsjubileet for Oviedo-konvensjonen med eit seminar hausten 2009. Noregs innlegg fokuserte på problemstillingar/lovendringar i samband med ratifiseringa av konvensjonen her i landet.
CDBI har utarbeidd fleire tilleggsprotokollar og tilrådingar som er knytte til konvensjonen. Noreg har i stor grad lege i forkant med å utarbeide regelverk på mange av dei aktuelle områda (behandlingsbiobanklova, bioteknologilova, lov om psykisk helsevern, transplantasjonslova, helseforskingslova m.m.). Likevel er handteringa og drøftinga i komiteen av etiske problemstillingar knytte til biomedisin av verdi for Noreg.
CDBI ferdigstilte i 2009 utkast til retningslinjer for arbeid i forskingsetiske komitear. Dokumentet er offentleggjort og opna for konsultasjon. CDBI har vidare sett på ulike problemstillingar knytte til bruk av prediktive data og prediktiv genetisk informasjon i samband med forsikring. Dei ulike problemstillingane skal oppsummerast og diskuterast vidare.
CDBI har i lengre tid diskutert om det er høve til å gjere om rekommandasjonen frå 2004 på området psykisk helsevern til eit juridisk bindande dokument. Denne tankegangen vert støtta av komiteen mot tortur (CPT) og menneskerettskomiteen (CDHH). Eit dokument med forslag til kva prinsipp som eventuelt skal vere med i denne protokollen, skal ferdigstillast i løpet av hausten 2010. Komiteen vil hausten 2010 arrangere eit seminar om avgjerder om livsforlengjande behandling ved livets slutt.
6.3 Narkotikasamarbeidet
Pompidougruppa er Europarådets tverrfaglege samarbeidsgruppe for narkotikaspørsmål på ministernivå. Regjeringa ser på Pompidougruppa som eit viktig forum for utveksling av informasjon og utvikling av tiltak, spesielt med tanke på samarbeidet på dette området mellom EU og dei europeiske landa som står utanfor EU.
Noreg har i 2009 delteke i styret i gruppa. Formålet med gruppa er å arbeide for nedkjemping av narkotikakriminalitet og -misbruk internasjonalt og bidra til å styrkje kampen mot narkotika innanfor det enkelte medlemslandet. Hovudvekta er lagt på arbeidet for å redusere tilbod og etterspørsel av narkotika. Gruppa arbeider for å betre kommunikasjonen mellom praksisfeltet, forsking og aktørane som deltek i politikkutforming. Gruppa arbeider med behandling, førebygging, etikk, rettshandheving, flyplassproblematikk og forsking i nært samarbeid med andre regionale og internasjonale organisasjonar.
I mai 2009 arrangerte ekspertgruppa for behandlingsspørsmål, som er leidd av Noreg, ein konferanse om retningslinjearbeid innanfor området behandling av rusmisbruk. Konferansen vart halden på Kypros og vart delfinansiert av Noreg.
Pompidougruppa har etablert undergrupper på særskilte område, medrekna på kriminalitetsområdet. Noreg har i denne gruppa presentert fleire prosjekt, m.a. om narkotikaprogram med domstolskontroll, tiltak mot uro på offentleg stad og behandling under tvangsliknande tiltak. Arbeidet skal presenterast for Pompidougruppa og for den neste ministerkonferansen.
6.4 Den reviderte europeiske sosialpakta
Sosialpakta er den viktigaste avtalen på det sosiale området i Europarådet. Den omfattar mellom anna rettane til barn og ungdom, familie- og likestillingsrettar, vern av organisasjonsfridom og retten til arbeid, retten til rettferdige og trygge arbeidsvilkår, vern av arbeidstakar ved opphøyr av arbeidsforhold, sikring mot sosial utestenging og retten til bustad. Noreg ratifiserte Den reviderte europeiske sosialpakta (av 1996) i 2001.
Noreg hadde tre saker til behandling i Regjeringskomiteen i 2009 på bakgrunn av Sosialrettskomiteens (tidlegare Ekspertkomiteens) rapport for 2008. Sakene gjaldt artiklane 10 og 15 i den reviderte sosialpakta.
I saka som gjeld artikkel 10 § 5, har Sosialrettskomiteen konkludert med at den norske situasjonen med omsyn til utdanningsfinansiering ikkje er i tråd med Sosialpakta, fordi borgarar frå andre land enn EØS-land som er parter i Sosialpakta, som lovleg oppheld seg eller regelmessig arbeider i Noreg, ikkje blir behandla på lik linje med norske studentar. Dei svenske og norske ordningane skil seg frå dei andre ordningane i Europa fordi sjølve utdanninga i Noreg og Sverige er gratis og studiestøtta gjeld støtte til livsopphald m.m. I tillegg har Noreg ei av dei mest sjenerøse ordningane i Europa ved at ein stor del av studielånet vert konvertert til stipend ved vanleg studieprogresjon for «bortebuarar». Noreg argumenterte med at det i ein slik situasjon bør vere høve til å ha visse krav om tilknyting til Noreg (m.a. arbeid i Noreg i to år) for borgarar frå land utanfor EØS-området som er partar i Sosialpakta. Komiteen tok til etterretning den økonomiske/sosiale grunngjevinga, og det vart ikkje gjeve nokon form for melding eller varsel til den norske regjeringa.
I saka som gjeld artikkel 15 § 1, har Sosialrettskomiteen konkludert med manglande samsvar med Sosialpakta fordi norsk antidiskrimineringslovgjeving som omfattar funksjonshemma sin rett til utdanning , ikkje blir vurdert som tilstrekkeleg. Det er vidare konkludert med manglande samsvar med artikkel 15 § 3 på bakgrunn av mangelfull lovgjeving om tilgangen til bustad, transport, telekommunikasjon, kulturelle aktivitetar og fritidssyslar for funksjonshemma. Den nye diskriminerings- og tilgjengelegheitslova som dekkjer desse områda, trådde i kraft 1. januar 2009. Etter ei utgreiing i Regjeringskomiteen om den nye lova og handhevingsordninga vart begge sakene sende til ei ny vurdering i Sosialrettskomiteen.
6.5 Sosial utjamning og sosialpolitikk
Den europeiske komiteen for sosialt samhøyr (CDCS) har i 2009 arbeidd med revisjon av strategien for sosialt samhøyr. Noreg ønskjer å styrkje arbeidet med sosiale rettar og menneskeleg verdigheit. I 2009 har CDCS òg ferdigstilt eit prosjekt om ekstrem fattigdom og fattige arbeidarar. Prosjektet er Europarådets bidrag til EUs europeiske fattigdomsår 2010.
Noreg deltok på ministerkonferansen i Moskva om sosialt samhøyr 26.–27. februar 2009. Temaet for konferansen var « Investing in social cohesion: Investing in stability and the well-being of society ». Ministermøtet vedtok ei tilråding om at Europarådet bør utarbeide ein ny handlingsplan for sosialt samhøyr.
Ekspertkomiteen for trygd (CS-SS) skal overvake og gjennomgå rapporteringa frå medlemslanda om gjennomføringa av Europarådets instrument for standardsetjing på trygdeområdet, spesielt den europeiske kodeksen for sosial tryggleik. Komiteen skal vidare vurdere tolkingsspørsmål og andre spørsmål som gjeld Europarådets koordineringsinstrument på trygdeområdet. Noreg deltek i ei ekspertgruppe om sosial mobilitet (CS-CM).
Ein eigen handlingsplan for perioden 2006–2015 for personar med nedsett funksjonsevne vart vedteken av Ministerkomiteen i 2006. Det er etablert eit eige forum (CAHPAH) som følgjer opp handlingsplanen, der Noreg deltek. I tillegg har Noreg i 2009 vore vald inn i byrået for forumet. Noreg deltek vidare i to ekspertgrupper. Den eine ekspertgruppa om personar med nedsett funksjonsevne og aldring og eldre personar med nedsett funksjonsevne (CAHPAH – VPH) har avlevert sluttrapport i 2009. Den andre ekspertgruppa vart etablert i 2009 og skal utgreie medverknad for personar med nedsett funksjonsevne i det politiske og offentlege liv (CAHPAH – PPL). Det skal gjennomførast ei midtvegsevaluering av handlingsplanen i 2010.