7 Nasjonale minoritetar. Migrasjons- og integreringsspørsmål
7.1 Nasjonale minoritetar. Minoritetsspråk
Rammekonvensjonen om vern av nasjonale minoritetar utgjer grunnlaget for engasjementet til Europarådet på området. Formålet med konvensjonen er å hindre diskriminering og fremje full likestilling for nasjonale minoritetar, garantere organisasjons- og ytringsfridom og fremje kulturen deira. Rammekonvensjonen pålegg statane å rapportere til Europarådet om lovgjeving og andre tiltak som er gjennomførte for å setje prinsippa i rammekonvensjonen ut i live.
Arbeidet med Noregs 3. rapport om gjennomføringa av rammekonvensjonen vart starta hausten 2009. Frist for oversending til Europarådet er juli 2010.
Noreg deltek i ekspertkomiteen for spørsmål som gjeld personar med rombakgrunn (MG-S-ROM) og i ekspertkomiteen for nasjonale minoritetar (DH-MIN). I 2009 vart det vald norsk leiar i DH-MIN for 2010. Begge komiteane er viktige fora for erfaringsutveksling om politikkutforming, tiltak og god praksis i landa det gjeld.
Europarådet er òg engasjert i arbeidet med minoritetsspråk. Den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk har som hovudformål å fremje bruken av minoritetsspråk eller språk som blir brukte i delar av eit land. Noreg sende inn den fjerde rapporten sin om oppfølging av denne pakta 1. juli 2008. Merknadene frå Ekspertkomiteen vart vedtekne i oktober 2009 og vil bli behandla av Ministerkomiteen i 2010.
På heile dette området samarbeider Europarådet nært med OSSEs høgkommissær for nasjonale minoritetar.
7.2 Migrasjon og integreringsspørsmål
Styringskomiteen for integrerings- og migrasjonsspørsmål (CDMG) leier arbeidet med spørsmål knytte til integrering og innvandring. Komiteen hadde eitt møte i 2009.
Komiteen følgjer opp slutterklæringa frå den 8. europarådskonferansen for integrerings- og migrasjonsministrar i Kiev i 2008. I slutterklæringa frå konferansen vert Europarådet bede om å utvikle ei heilskapleg tilnærming til økonomisk migrasjon, utvikling og sosialt samhald.
Europarådet vart òg bede om å assistere medlemslanda i implementeringa av ei slik tilnærming gjennom utveksling av informasjon og opplæring. Som ein del av oppfølginga av slutterklæringa førebur komiteen tre utkast til rekommandasjonar for ministerrådet. Desse omhandlar høvesvis godkjenning av kunnskapane og erfaringane til innvandrarar, politikk overfor innvandrarkvinner og politikk overfor eldre innvandrarar.