Meld. St. 16 (2009–2010)

Noregs deltaking i den 64. ordinære general­forsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 63. general­forsamlinga i FN

Til innhaldsliste

1 Innlegg av Jens Stoltenberg, statsminister i Noreg, under eit eige arrangement om finansiering av arbeidet med å nå dei helserelaterte tusenårsmåla

New York, 23. september 2009

Eksellensar,

Kjære vener,

La meg byrje med å rose statsminister Brown og president Zoellick for det eineståande arbeidet dei har gjort som leiarar for denne viktige arbeidsgruppa.

Eg er stolt over å vere til stades saman med så mange framståande og engasjerte verdsleiarar som har sett mødre- og nyføddhelse på toppen av den internasjonale dagsordenen.

Den felles innsatsen har vore til nytte.

Vi gjer framsteg.

Vi får allereie meir helse for pengane.

I India får kvinner økonomisk støtte til å reise til klinikkar og få behandling.

Dette har ført til at ti gonger så mange born vert fødde på klinikkar – talet har auka frå ein halv million til fem millionar på berre to år.

Når vi gir kvinner nokre få dollar slik at dei kan føde på ein klinikk, gir vi dei samtidig tilgang til helsetenester og styrkjer stillinga deira med eit enkelt tiltak.

I Rwanda har president Kagame innført økonomiske insentiv for lokalsamfunna for at fleire menneske skal få tilgang til helsetenester.

Som eit resultat av dette er dødstalet blant barn redusert med 30 %.

Men det er framleis langt att før vi når FNs tusenårsmål.

Vi må skaffe meir pengar til helse for å finansiere livreddande behandling.

Noreg held fast på forpliktingane våre.

I år kjem vi til å overstige målet om at 1 % av BNI skal gå til bistand.

For det andre vil vi, saman med Storbritannia, Australia og andre land, støtte den internasjonale finansieringsmekanismen for immunisering med eit bidrag på USD 250 millionar.

For det tredje vil vi gje USD 250 millionar til resultatbasert finansiering gjennom Verdsbankfondet.

Desse løyvingane skal bidra til å fremje samordna internasjonal handling og gi større framdrift i arbeidet med tusenårsmål 4 og 5.

Takk.

Til forsida