7 Avkolonisering og fredsbevarande operasjonar (4. komité)
7.1 Generelt
Som tidlegare år vart debatten i 4. komité dominert av Midtausten og FNs fredsbevarande operasjonar. Minerydding blei òg prioritert av Noreg. Spørsmålet om avkolonisering av dei 16 resterande ikkje-suverene territoria står framleis på dagsordenen, men ber preg av liten framgang. Vest-Sahara fekk størst merksemd.
7.2 Vest-Sahara
Trass i den breie støtta til FN-innsatsen for å vidareføre forhandlingane mellom partane i konflikten er det framleis usemje om innhaldet i prosessen. Etter nokre dagars utsetjing vart FN-resolusjonen om Vest-Sahara vedteken ved konsensus. Den nye resolusjonen er ei teknisk oppdatering av resolusjonen frå 2008, men inneheld ein ny referanse til den positive innsatsen til FNs spesialutsending Ross. Det var til å byrje med stor usemje mellom Marokko og Algerie om det føreslåtte resolusjonsutkastet. Det gjaldt mellom anna referansar til tryggingsrådsresolusjon 1871 (2009), spesielt «den menneskelege dimensjonen», noko Marokko stilte seg kritisk til. I staden ønskte Marokko så få endringar som mogeleg, men stilte seg positiv til ei tilvising til «realisme og vilje til kompromiss» i tryggingsrådsresolusjon 1871 som Marokko tolkar som eit argument mot sjølvstende for Vest-Sahara, noko Algerie avviser. Takka vere aktiv innsats frå FNs spesialutsending Ross vart det til slutt semje mellom Marokko og Algerie om den nye resolusjonen.
7.3 Midtausten
Debatten om Midtausten og behandlinga av de ni faste resolusjonane følgde eit kjent mønster for FNs behandling av Midtaustenspørsmålet, der dei fleste arabiske landa nytta høvet til einsidig å kritisere Israel. Sjølv om palestinarane erkjenner at resolusjonane i 4. komité har få praktiske konsekvensar for fredsforhandlingane, ser dei og den arabiske gruppa likevel på resolusjonane som viktige symbolske markørar og som ein måte å bli høyrt på.
Forhandlingane om resolusjonane vart likevel meir langvarige og intense i år enn tidlegare som følgje av den forverra situasjonen i Midtausten, mellom anna Gaza-krigen og oppfølginga av Goldstone-rapporten.
I debatten om UNRWA var fokuset på den prekære økonomiske situasjonen i organisasjonen og på dei negative humanitære konsekvensane for palestinske flyktningar i Gaza som følgje av krigen og den israelske blokaden av Gaza.
UNRWA understreka at situasjonen for palestinske flyktningar på Vestbreidda var langt betre enn i Gaza, men at 40 % av territoriet på Vestbreidda i praksis var utilgjengeleg for palestinske flyktningar som følgje av israelske vegsperringar og hindringar. Det var framleis ikkje oppnådd semje mellom FN og Israel om kompensasjon for øydelagt FN-materiell i samband med krigshandlingane i Gaza.
UNRWA forventa eit gap i det regulære budsjettet for 2009 på USD 84 millionar og oppfordra medlemslanda i FN til å sørgje for at fleire av dei internasjonale stillingane i UNRWA blei finansierte over det regulære FN-budsjettet (14 stillingar).
Noreg understreka i sitt innlegg at det er nødvendig å utvide gruppa av givarar, spesielt G20 og arabiske land, slik at ein kan sikre ei betre byrdefordeling og meir påliteleg finansiering av det regulære UNRWA-budsjettet.
Som rapportør for arbeidsgruppa for finansiering av UNRWA gav Noreg òg ei orientering til komiteen. Arbeidsgruppa oppmoda mellom anna FNs generalsekretær om å rapportere til Generalforsamlinga snarast om den organisatoriske kapasiteten i UNRWA.
7.4 Fredsbevarande operasjonar
Bakteppet for debatten i 4. komité om FNs fredsoperasjonar var dei vedvarande utfordringane FN står overfor når det gjeld denne innsatsen: Operasjonane blir stadig større, samtidig som mandata blir stadig meir komplekse og utfordringane i felten meir krevjande. Samtidig er det ei stor utfordring å skaffe kvalifisert personell, særleg på sivil side, og også dei nødvendige materielle ressursane, spesielt fly og helikopter.
Det vart ikkje oppretta nye operasjonar under FN-leiing i 2009. Operasjonen i Tsjad og Den sentralafrikanske republikken vart likevel utvida ved at FN 15. mars 2009 overtok ansvaret for den militære komponenten som fram til då hadde vore leidd av EU. Totalt hadde FN ved utgangen av året ansvar for 15 fredsbevarande operasjonar med rundt 120 000 personar frå 115 land. Budsjettet for FNs fredsbevarande operasjonar aukar stadig og var i 2009 på USD 7,75 milliardar.
Leiaren for FNs avdeling for fredsbevarande operasjonar (DPKO), visegeneralsekretær Alain Le Roy, trakk fram at det må utviklast praktiske retningslinjer for korleis ein skal gjennomføre fredsbevarande operasjonar, byggjast kapasitetar som er tilpassa dei aktuelle mandata, og ikkje minst opprettast eit meir konsultativt og effektivt system for planlegging og oppfølging av operasjonane. Sjefen for FNs avdeling for feltstøtte (DFS), visegeneralsekretær Susan Malcorra, var i sitt innlegg oppteken av behovet for å fornye FNs logistikksystem. Logistikken må tilpassast livsløpet i operasjonane i større grad enn i dag. I tillegg var ho klar på at tryggleik for FN-personell må stå i fokus.
Dei fleste medlemslanda ønskte tettare dialog mellom Tryggingsrådet som mandatgivar og dei ulike troppe- og politibidragsytande nasjonane som utfører mandata i felten. I generaldebatten vart det gitt uttrykk for generell tilslutning til forslaget frå FN-sekretariatet til reform av FNs fredsoperasjonar slik dette var blitt presentert i den uformelle såkalla New Horizon-rapporten, som vart lagd fram i juli 2009. Samtidig var det tydeleg at dei ulike regionale grupperingane tolka innhaldet forskjellig. Tema som vern av sivile, robust fredsbevaring og kapasitetsdriven tilnærming gjekk att i dei fleste innlegga. Dei alliansefrie landa (NAM) fokuserte spesielt på at FNs fredsbevaring må byggje på dei grunnleggjande prinsippa om samtykke frå partane, nøytralitet og bruk av makt berre i sjølvforsvar. Det er grunn til å tru at det vil bli omfattande debatt om gjennomføringa av reformforslaga, mellom anna i samband med 2010-sesjonen i FNs spesialkomité for fredsoperasjonar, ein underkomité under 4. komité. Verdien av regionalt samarbeid og styrkt kopling mellom fredsbevaring og fredsbygging gjekk òg att i mange innlegg.
Noreg fokuserte på vern av sivile som hovudkriterium for vellukka fredsbevaring. Tryggingsrådsresolusjonane 1888 og 1889 vart helste velkomne som eit viktig bidrag til å styrkje rammeverket for vern av sivile med særleg vekt på seksualisert vald. Noreg la vidare vekt på at det er nødvendig å utvikle strategiske doktrinar for internasjonalt politi i fredsoperasjonar, styrkje tilrettelegginga for rekruttering av sivilt personell og auke fokuset på kvalitet og resultat, i tillegg til at det trengst ein reell fredsprosess og velfinansierte fredsbyggingstiltak for at fredsbevaringa skal lukkast.
7.5 Bistand til minerydding
Den norske delegasjonen engasjerte seg sterkt i resolusjonen om bistand til minerydding. Dette vert av dei fleste landa ikkje sett på som eit humanitært spørsmål. Noregs posisjon er likevel at arbeidet mot landminer, klaseammunisjon, handvåpen og våpenhandel (konvensjonelle våpen) må sjåast på som eit humanitært spørsmål. Noregs aktive deltaking i forhandlingane i år gav eit viktig gjennombrot på dette punktet, sidan fleire land, ikkje minst EU, endra posisjonar og støtta Noreg i avgjerande spørsmål. Desse spørsmåla gjekk ikkje minst på prinsippet om at mineryddingsarbeidet må ta utgangspunkt i humanitære konsekvensar og behov i landa som er ramma, i tillegg til at ein ikkje skal utvide mandatet for FNs mineryddingsbistand til også å inkludere kampen mot terrorisme og såkalla «uidentifiserte eksplosivar». Det var òg viktig å inkludere godkjenning av den operasjonelle FN-verksemda i arbeidet mot landminer og klaseammunisjon.