4 Nedrusting og tryggleik (1. komité)
4.1 Debattane
Generaldebatten i år var langt meir positiv enn tidlegare år. Mange av innlegga tok til orde for ei kjernevåpenfri verd. Samtidig var det få forslag til konkret handling. Det er interessant å notere at medan vestlege land viste til tryggingsrådsresolusjon 1887 (24. september 2009) om kjernefysisk nedrusting og ikkjespreiing, uttrykte fleire av landa i den alliansefrie rørsla (NAM) djup skepsis til denne resolusjonen med den grunngjevinga at han ikkje var lagd fram for dei andre medlemslanda i FN for kommentarar.
Av dei ulike innlegga var det verd å merkje seg USAs innlegg under den tematiske debatten om kjernevåpen, som viste ei markant endring frå innlegga i tidlegare år. Innlegget hadde ein klar nedrustingsprofil der målsetjinga om avskaffing av kjernevåpen vart nemnd fleire gonger. Det var òg interessant at USA hadde ein relativt lågmælt omtale av Nord-Korea og Iran. Det russiske innlegget slutta òg opp om målsetjinga om ei kjernevåpenfri verd, men stilte ei rekkje føresetnader, mellom anna balanse i konvensjonelle våpen, ikkje-utvikling av strategisk missilforsvar og heller ikkje utplassering av våpen i det ytre rommet.
Noreg heldt eitt hovudinnlegg og fire tematiske innlegg om høvesvis kjernevåpen, konvensjonelle våpen, andre masseøydeleggingsvåpen og nedrustingsmaskineriet. Hovudinnlegget vart lagt merke til på grunn av den tydelege bodskapen om at det trengst djuptgripande endringar i det mellomstatlege nedrustingsmaskineriet. Ein annan sentral norsk bodskap var kor viktig det er å få eit positivt utfall av tilsynskonferansen for avtalen om ikkjespreiing av kjernevåpen (NPT) våren 2010. I det tematiske innlegget om kjernevåpen vart det fremja forslag til konkrete tiltak under dei tre pilarane i NPT-konvensjonen (nedrusting, ikkjespreiing, fredeleg bruk). Viktige bodskap i dei andre innlegga var at ein må trekkje på dei positive erfaringane frå humanitær nedrusting, særleg minekonvensjonen og konvensjonen om klaseammunisjon, i tillegg til at det er nødvendig å få på plass ein robust og effektiv våpenhandelsavtale (ATT). Vidare vart det lagt vekt på at det sivile samfunnet må ta del i nedrustingsarbeidet, og på at partnarskap og nettverk på tvers av regionane må styrkjast.
4.2 Kjernevåpen og andre masseøydeleggingsvåpen
Av resolusjonane om kjernefysisk nedrusting var det knytt mest spenning til avrøystinga over Japans resolusjon om ei kjernevåpenfri verd og ein liknande resolusjon som vart fremja av Ny agenda-koalisjonen (Brasil, Egypt, Irland, Mexico, New Zealand, Sverige og Sør-Afrika). Ny agenda-resolusjonen fekk langt meir støtte enn tidlegare. Det var ei stund håp om at USA skulle endre røystinga si på denne resolusjonen, men dei valde å røyste imot i år òg. USA var likevel medforslagsstillar på Japans resolusjon.
Også i år var Malaysia-resolusjonen om ein konvensjon som forbyr bruk av kjernevåpen, oppe til votering. Noreg røysta imot, men valde i år å halde ei røysteforklaring der vi m.a. sa oss samde i målet om avskaffing av kjernevåpen, men at fokuset no måtte vere på NPTs tilsynskonferanse i 2010.
Etter fleire forhandlingsrundar med Pakistan lukkast Canada i å få på plass ein resolusjonstekst om at det er ønskjeleg å kome fram til ein avtale som forbyr produksjon av spaltbart materiale for våpenformål (FMCT). Resolusjonen blei vedteken ved konsensus.
Australia, New Zealand og Mexico står bak den årlege resolusjonen som understrekar kor viktig prøvestansavtalen (CTBT) er, og oppmodar medlemslanda til å underteikne og ratifisere avtalen. USA endra i år røystinga si og røysta for denne resolusjonen. Det var berre Nord-Korea som røysta imot, medan India, Mauritius og Syria avstod.
Det er òg verd å merkje seg at Russlands resolusjon om openheit rundt aktivitetar i det ytre rommet, i motsetning til tidlegare år, vart vedteken ved konsensus. USA valde å avstå, men uttrykte i røysteforklaringa at dei var nøgde med dei bilaterale samtalane med Russland.
Det var elles full konsensus om resolusjonane til konvensjonen om kjemiske våpen (CWC) og konvensjonen om biologiske våpen og toksinvåpen (BWC). I forkant av debatten om andre masseøydeleggingsvåpen heldt den avtroppande generalsekretæren for Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen (OPCW), Rogelio Pfirter, avskilstalen sin til 1. komité. Iran stilte spørsmål om destruksjonsforpliktingane til USA og Russland under OPCW og tidsfristen i 2012 for fullstendig destruksjon, og Pfirter framheva då den sterke politiske viljen i både USA og Russland til å gjennomføre destruksjonsforpliktingane.
4.3 Konvensjonelle våpen
Forhandlingane rundt resolusjonen om ein våpenhandelsavtale (ATT) vekte mest interesse under årets sesjon av 1. komité, og dette vart òg den mest omstridde og arbeidskrevjande resolusjonen. Hovudårsaka var kravet frå USA om at ein slik avtale skal vere basert på konsensus. Dette kravet vart akseptert av forslagsstillarane til resolusjonen. Fleire land, mellom anna Noreg, stilte seg negative til denne konsensusparagrafen, sidan dei frykta at paragrafen ville opne opp for at land kan leggje ned veto og dermed blokkere eller vatne ut ein endeleg traktattekst. Trass i intensivt arbeid, særleg frå Tyskland si side, vart dette konsensuskravet ståande i den endelege resolusjonsteksten, som vart vedteken med klart fleirtal. Noreg røysta for resolusjonen, men valde saman med fleire andre land å halde røysteforklaring der det vart uttrykt klare motførestellingar mot konsensusprinsippet.
Også i år avdekte spørsmålet om klaseammunisjon og miner eit klart skilje mellom dei landa som støttar opp om klasevåpen- og minekonvensjonane, og det mindretalet som meiner at desse våpna berre skal handterast innanfor ramma av konvensjonen om inhumane våpen (CCW). Mineresolusjonen vart som tidlegare vedteken ved fleirtal. I resolusjonen om konvensjonen om klasevåpen vart det gitt mandat til at Laos arrangerer det første statspartsmøtet i 2010.
Noreg stilte i røysteforklaringa si til resolusjonen om konvensjonen om inhumane våpen (CCW) mellom anna spørsmål ved logikken bak at CCW framleis skal jobbe fram gjennomføringsmekanismar for klasevåpen når det allereie finst ein klasevåpenkonvensjon. Vidare tok Noreg til orde for at det trengst ein djuptgripande diskusjon om eventuelle område der CCW kan ha ein tilleggsverdi i framtida.