Meld. St. 16 (2009–2010)

Noregs deltaking i den 64. ordinære general­forsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 63. general­forsamlinga i FN

Til innhaldsliste

2 Konstituering og val

2.1 Avslutning av den 63. generalfor­samlinga og opning av den 64. generalforsamlinga

Den 63. generalforsamlinga vart formelt avslutta 14. september 2009, og den 64. generalforsamlinga vart opna 15. september 2009. Generaldebatten starta 23. september og vart avslutta 29. september.

2.2 Oppnemning av delegasjon til den 64. generalforsamlinga

Noregs delegasjon under FNs 64. generalforsamling:

  • Statsminister Jens Stoltenberg, leiar

  • Utanriksminister Jonas Gahr Støre, nestleiar

  • Ambassadør Morten Wetland

Stortingsrepresentantar:

1. del av sesjonen:

  • Ine Marie Eriksen Søreide

  • Borghild Tenden

  • Gunvor Eldegard

  • Steinar Gullvåg

  • Hans Frode Kielland Asmyhr

  • Erling Sande

2. del av sesjonen:

  • Kenneth Svendsen

  • Rolf Reikvam

  • Øyvind Vaksdal

  • Elisabeth Aspaker

  • Sonja Mandt-Bartholdsen

  • Anette Trettebergstuen

Observatørar:

  • FN-sambandet

  • Den norske Helsingforskomiteen

  • FOKUS (Forum for kvinner og utviklingsspørsmål)

  • Mellomkyrkjeleg råd

  • Næringslivets Hovedorganisasjon, NHO

  • Landsorganisasjonen, LO

  • Norges fredsråd

  • Arbeidernes Ungdomsfylking, AUF

  • Norsk målungdom

2.3 Val

Presidenten for den 64. generalforsamlinga

Den 64. generalforsamlinga valde Dr. Ali Abdussalam Treki, tidlegare utanriksminister for Libya, til president.

Tryggingsrådet

15. oktober valde Generalforsamlinga fem nye medlemer til Tryggingsrådet for perioden 2010–2011. Brasil, Nigeria, Gabon, Libanon og Bosnia-Hercegovina stilte alle utan motkandidat i sine grupper, og valet var dermed ukontroversielt. Burkina Faso, Libya, Vietnam, Costa Rica og Kroatia overlét sine sete i Tryggingsrådet til dei nye medlemene ved årsskiftet.

ECOSOC

Under den førre generalforsamlinga (GF63) blei Noreg vald inn i FNs økonomiske og sosiale råd (ECOSOC) for perioden 2009–2010. Rådet er sett saman av 54 medlemer.

Til forsida