Prop. 1 S (2014–2015)

FOR BUDSJETTÅRET 2015 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 2
Nærmare om budsjettforslaget

4 Nærmare om budsjettforslaget

Programkategori 07.10 Administrasjon

Utgifter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

200

Kunnskapsdepartementet

272 425

264 796

268 590

1,4

Sum kategori 07.10

272 425

264 796

268 590

1,4

Inntekter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

3200

Kunnskapsdepartementet

8 870

Sum kategori 07.10

8 870

Kap. 200 Kunnskapsdepartementet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

259 910

250 767

254 948

21

Særskilde driftsutgifter

11 257

11 342

10 969

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

1 258

2 687

2 673

Sum kap. 0200

272 425

264 796

268 590

Post 01 Driftsutgifter, post 21 Særskilde driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga på post 01 skal dekkje lønn og driftsutgifter i departementet. Løyvinga på post 21 dekkjer mellom anna utgifter til den norske UNESCO-kommisjonen og utgreiings- og utviklingsoppgåver i Kunnskapsdepartementet. Løyvinga på post 45 gjeld kjøp av datautstyr, programvare og tenester som blir nytta i utviklinga av IKT-systemet i departementet.

Mål for 2015

Måla her gjeld drift av Kunnskapsdepartementet. Dei faglege måla for departementet er omtalte i dei aktuelle fagkapitla.

Måla for 2015:

  • Departementet skal ha eit godt grunnlag for utforming av kunnskapspolitikken.

  • Departementet skal sikre at kunnskapspolitikken blir sett i verk.

  • Departementet skal ha god dialog med alle relevante aktørar i samfunnet.

  • Departementet skal vere førebudd på å handtere alle typar kriser i sin eigen sektor.

Rapport for 2013

Kunnskapsdepartementet har ansvaret for å utvikle og setje i verk den overordna politikken for barnehage, utdanning, livslang læring og forsking. I 2013–14 har departementet i tillegg til dei faste budsjettproposisjonane utarbeidd desse proposisjonane og meldingane til Stortinget:

  • Prop. 206 L (2012–2013) Endringer i opplæringslova og privatskolelova (gratis kulturskoletilbud)

  • Prop. 59 L (2013–2014) Endringer i universitets- og høyskoleloven

  • Prop. 68 L (2013–2014) Endringer i opplæringslova, privatskolelova og folkehøyskoleloven (leksehjelp m.m.)

  • Prop. 75 L (2013–2014) Endringer i privatskolelova

  • Meld. St. 5 (2013–2014) Tilbaketrekning av Prop. 206 L (2012–2013) Endringer i opplæringslova og privatskolelova (gratis kulturskoletilbud)

Kunnskap blir meir og meir etterspurd, og denne utviklinga stiller store krav til utdannings- og forskingssektoren. Samstundes er kunnskapspolitikken sjølv eit verkemiddel som skal vere med på å forme samfunnet. Tilretteleggingsansvaret for politikkutforminga krev derfor at departementet følgjer med på samfunnsutviklinga nasjonalt og internasjonalt, og legg til rette for eit kunnskapsgrunnlag som gjer at politikken kan vere i framkant av utviklinga. Mellom tiltaka i 2013 for å hente inn kunnskap var at departementet sette ned eit utval som skal vurdere kor godt innhaldet i skolen er i samsvar med dei kompetansane elevane vil trenge i samfunns- og arbeidslivet i framtida. Eit anna område der departementet har sett i verk utgreiingsarbeid, er utviklinga av Massive Open Online Courses (MOOC). Eit utval departementet sette ned, la i juni 2014 fram tilrådinga si i NOU 2014: 5 MOOC til Norge. Forskingsmeldinga Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – kunnskap gir muligheter vart lagd fram i 2013. På grunnlag av meldinga tok departementet til å arbeide med ein langtidsplan for forsking og høgre utdanning.

Kunnskapsdepartementet heldt i 2013 fram med det systematiske arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i kunnskapssektoren. Ein rettleiar i beredskap og krisehandtering for barnehagar, skolar og andre utdanningsinstitusjonar kom ut i 2013. Utdanningsdirektoratet hadde fått i oppdrag å samarbeide med mellom andre politiet om denne rettleiaren, med det formålet å leggje til rette for god førebygging og robust beredskap i sektoren.

Departementet arbeider vedvarande med å effektivisere og forbetre arbeidsprosessane. I den samanhengen ser departementet det som viktig å utnytte dei føresetnadene teknologi og open arbeidsplassløysing gir til effektivt, fleksibelt, mobilt og digitalt arbeid. Kunnskapsdepartementet har starta eit IKT-prosjekt som skal stimulere til at departementet blir eit føregangsdepartement for effektiv, tenleg og forsvarleg bruk av digitale verktøy i arbeidskvardagen. Samstundes med IKT-prosjektet har departementet lagt vinn på å førebu dei tilsette på å arbeide godt saman i nye opne arbeidsplassløysingar.

Budsjettforslag for 2015

Som følgje av innføring av nøytral meirverdiavgift for ordinære statlege forvaltningsorgan er løyvingsframlegget på dei tre postane under kap. 200 redusert med til saman 3,9 mill. kroner, jf. omtale under Hovudprioriteringar i del I.

Kostnadene ved nytt løns- og personalsystem for departementa har blitt noko høgre enn opphavleg forventa. På bakgrunn av dette foreslår departementet å flytte 200 000 kroner frå kap. 200 post 01 til kap. 510 Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon, post 01 Driftsutgifter. Saka er nærare omtala under kap. 510 i Prop. 1 S (2014–2015) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Løyvingsforslaget er redusert med 1,3 mill. kroner som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar.

Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3200 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3200 Kunnskapsdepartementet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

02

Salsinntekter o.a.

1 923

16

Refusjon av foreldrepengar

3 219

17

Refusjon for lærlingar

115

18

Refusjon av sjukepengar

3 613

Sum kap. 3200

8 870

Programkategori 07.20 Grunnopplæringa

Utgifter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

220

Utdanningsdirektoratet

328 906

465 259

457 986

-1,6

221

Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

13 507

14 548

13 859

-4,7

222

Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

98 041

90 774

93 005

2,5

223

Sametinget

37 723

39 043

40 331

3,3

224

Senter for IKT i utdanninga

96 597

91 664

84 738

-7,6

225

Tiltak i grunnopplæringa

1 161 313

1 705 106

1 669 910

-2,1

226

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

1 496 921

1 916 760

2 377 789

24,1

227

Tilskott til særskilde skolar

110 763

125 363

133 798

6,7

228

Tilskott til private skolar o.a.

3 450 316

3 675 955

3 833 484

4,3

229

Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

28 575

23 874

24 319

1,9

230

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

692 138

690 217

706 235

2,3

Sum kategori 07.20

7 514 800

8 838 563

9 435 454

6,8

Inntekter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

3220

Utdanningsdirektoratet

9 811

4 973

5 111

2,8

3221

Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

1

3222

Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

12 288

4 898

5 035

2,8

3224

Senter for IKT i utdanninga

7 315

1 553

1 596

2,8

3225

Tiltak i grunnopplæringa

53 719

73 882

69 297

-6,2

3229

Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

7 522

2 706

2 786

3,0

3230

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

52 233

73 051

74 785

2,4

Sum kategori 07.20

142 889

161 063

158 610

-1,5

Innleiing

Gjennom formålsparagrafen for grunnopplæringa har samfunnet gitt grunnopplæringa eit omfattande og viktig mandat, jf. opplæringslova § 1-1. Opplæringa skal gi alle elevar dugleikar, holdningar og verdiar som gjer dei i stand til å meistre sitt eige liv, delta i arbeids- og samfunnslivet og ta vare på seg sjølve og andre i samfunnet. Alle skal ha moglegheit til å realisere læringspotensialet sitt i ein inkluderande skole.

Kommunane, fylkeskommunane og dei private skolane som er godkjende etter privatskolelova, har fått i oppdrag å realisere samfunnsmandatet for grunnopplæringa. Grunnopplæringa blir i all hovudsak finansiert gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane, det vil seie rammetilskottet og skatteinntekter. Kommunane og fylkeskommunane har eit sjølvstendig ansvar for å budsjettere midlar til grunnopplæringa etter lokale behov, jf. opplæringslova § 13-10. Dette gjeld til både drift, investering og kvalitetsutvikling av grunnopplæringa ved skolane og i lærebedriftene. For ei samla framstilling av ressursbruken i grunnopplæringa viser departementet til del III i budsjettproposisjonen, kapittel 6 Ressursar i grunnopplæringa.

På grunnlag av tilstandsvurderinga av grunnopplæringa vil departementet prioritere tiltak for kvalitetsutvikling retta mot tre mål:

  • Elevar skal meistre grunnleggjande dugleikar og ha god fagleg kompetanse.

  • Elevar skal ha eit godt og inkluderande læringsmiljø.

  • Fleire elevar og lærlingar skal gjennomføre vidaregåande opplæring.

Under programkategori 07.20 blir drifta av underliggjande verksemder innanfor opplæringssektoren finansiert, jf. kap. 220 Utdanningsdirektoratet, kap. 221 Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane, kap. 224 Senter for IKT i utdanninga og kap. 230 Statleg spesialpedagogisk støttesystem. Sametinget får også tilskott til utdanningsformål over kategorien, jf. kap. 223 Sametinget. Dei nasjonale satsingane for å styrkje kvaliteten i grunnopplæringa blir finansierte over kap. 226. Kap. 225 Tiltak i grunnopplæringa består av ei rekkje tilskottsordningar, særleg øyremerkte tilskott til kommunesektoren. Statlege skolar blir finansierte over kap. 222 Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat og kap. 229 Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar. Enkelte særskilde skolar og private skolar som er godkjende etter privatskolelova, blir også finansierte over programkategorien, jf. høvesvis kap. 227 Tilskott til særskilde skolar og kap. 228 Tilskott til private skolar o.a.

Hovudprioriteringar for 2015

Grunnopplæringa blir hovudsakleg finansiert gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane. Regjeringa foreslår ein vekst i dei frie inntektene til kommunesektoren på 4,4 mrd. kroner. Dette er ein realvekst på av 1,4 pst. For nærmare omtale viser departementet til Prop. 1 S (2014–2015) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

I statsbudsjettet for 2015 foreslår regjeringa fleire nye tiltak og styrkingar innanfor grunnopplæringa på budsjettet til Kunnskapsdepartementet:

Regjeringa foreslår å styrkje satsinga på vidareutdanning for lærarar innanfor strategien Kompetanse for kvalitet. Styrkinga inneber at det blir 1 500 nye plassar i vidareutdanninga. Auken blir fordelt med 500 nye plassar i vikarordninga og 1 000 nye plassar i stipendordninga. Budsjetteffekten av forslaget utgjer 143,6 mill. kroner i 2015. I tillegg kjem budsjetteffekten i 2015 som følgje av at talet på studieplassar vart auka med 1 700 frå hausten 2014. Denne effekten utgjer 310 mill. kroner. Totalt vil det vere 5 050 plassar til vidareutdanning av lærarar i 2015.

I statsbudsjettet for 2009 vart det innført ei åtteårig ordning med rentekompensasjon til investering og rehabilitering av skole- og symjeanlegg. Frå 2009 til 2014 er 11 mrd. kroner av ramma på 15 mrd. kroner fasa inn i budsjettet. Regjeringa foreslå å fase inn ytterlegare 3 mrd. kroner av investeringsramma i budsjettet. Budsjetteffekten av forslaget utgjer 45 mill. kroner.

Regjeringa foreslår å styrkje satsinga på realfag ytterlegare med 20 mill. kroner. Departementet vil innføre ei ordning med realfagskommunar for å stimulere til at kommunane tek eit heilskapleg og strategisk ansvar for å forbetre dugleikar og kunnskapar i realfag. Departementet ønskjer gjennom ordninga å fremme både kommunar som gjennomgåande har svake resultat og kommunar som allereie kan vise til gode resultat. Realfagskommunane skal vere inspirasjonskjelder for andre kommunar.

I statsbudsjettet for 2014 vart det løyvd 10 mill. kroner til ei ordning for å stimulera nye bedrifter til å ta inn lærlingar. I handsaminga av revidert nasjonalbudsjett 2014 vart ordninga styrkt ytterlegare med 10 mill. kroner. Departementet foreslår å føre styrkinga vidare i 2015. Midlane blir løyvde gjennom rammetilskottet til fylkeskommunane.

Departementet foreslår 1,2 mill. kroner til etablering av ei stipendordning for handverkarar som bidreg til å føre vidare gamle handverkstradisjonar. Ordninga blir lagt til Norsk handverksinstitutt.

Departementet foreslår 0,6 mill. kroner til etablering av ei ny landslinje i natur og miljøfag ved Rjukan vidaregåande skole i Telemark.

Departementet foreslår 10 mill. kroner til å styrkje opplæringstilbodet til hørselshemma elevar.

Som ein del av oppfølginga av Lærerløftet vil regjeringa sette i gang forsøk med nye karrierevegar for lærarar. Departementet foreslår 6 mill. kroner til forsøka.

Departementet foreslår 8 mill. kroner til å styrkje kompetanseutviklinga for yrkesfaglærarar.

Departementet foreslår 7 mill. kroner til å styrkje symjeopplæringa for elevar som søkjer opphald i Noreg.

Fleire sentrale statlege satsingar innanfor grunnopplæringa vil bli ført vidare i 2015. Mellom anna blir kompetanseutviklinga for tilsette i PP-tenesta ført vidare. Det blir sett av om lag 40 mill. kroner til denne satsinga.

Departementet vil òg halde fram med satsinga på ungdomstrinnet gjennom Ungdomstrinn i utvikling 2012–2017. Departementet tek sikte på å setje av om lag 160 mill. kroner til satsinga. Satsinga består av skolebasert kompetanseutvikling i klasseleiing, lesing, skriving og rekning.

Departementet vil føre vidare satsinga Kompetanse for mangfold 2013–2017 med 29 mill. kroner. Satsinga omfattar kompetanseutvikling for tilsette som arbeider med opplæring av minoritetsspråklege elevar.

Regjeringa vil bidra til at fleire fullfører vidaregåande opplæring. Basert på erfaringar frå fylka og forsking knytt til mellom anna Ny GIV er arbeidet vidareutvikla til Program for bedre gjennomføring i videregående opplæring.

Løyvinga til kompletterande undervisning er foreslått redusert med 10 mill. kroner. Vidare er løyvingane til underliggjande etatar på barnehageområdet og grunnopplæringsområdet foreslått redusert med 13 mill. kroner til saman.

Tilstandsvurdering

Det er sterke samanhengar mellom dei tre måla for grunnopplæringa. Grunnleggjande dugleikar er eit nødvendig fundament både for kompetanse i undervisningsfaga og læringsutbytte i vid forstand. Grunnleggjande dugleikar og kompetanse i undervisningsfaga heng dessutan tett saman med læringsmiljøet på skolen. Arbeidet for betre læringsmiljø har eit dobbelt formål: som eit mål i seg sjølv og som eit middel for betre læringsutbytte. Gjennomføring av vidaregåande opplæring heng vidare svært tett saman med det faglege og det sosiale grunnlaget elevane har frå grunnskolen.

Måla for grunnopplæringa om læringsutbytte, læringsmiljø og gjennomføring av vidaregåande opplæring gjeld for alle elevar og lærlingar, uavhengig av bakgrunnen deira. Det er i likevel vesentlege forskjellar i læringsutbytte, læringsmiljø og gjennomføring mellom ulike elevgrupper. Dei er mellom anna bestemte av sosioøkonomisk bakgrunn, kjønn og minoritetsspråkleg bakgrunn. Effekten av bakgrunnsfaktorar er ikkje uforanderleg, og han varierer til dels mykje mellom kommunar og skolar.

Mål: Elevar skal meistre grunnleggjande dugleikar og ha god fagleg kompetanse

Grunnleggjande dugleikar er definerte som digitale dugleikar, munnlege dugleikar, å kunne lese, å kunne rekne og å kunne skrive. Grunnleggjande dugleikar er føresetnader for å utvikle kompetanse i undervisningsfag, og er derfor integrerte i kompetansemåla for alle fag i grunnopplæringa. Fagleg kompetanse kan forståast som den kompetansen elevane skal oppnå gjennom arbeid med undervisningsfaga i grunnopplæringa.

Resultata på dei internasjonale undersøkingane PISA, TIMSS og PIRLS viste tydeleg framgang frå midten av 2000-talet. I dei internasjonale undersøkingane er 500 poeng skalamidtpunktet, og noko forenkla tilsvarer om lag 30–40 poeng den gjennomsnittlege framgangen i prestasjonar til elevane i løpet av eit skoleår. TIMSS 2011 viste tydeleg forbetring av prestasjonane til norske elevar i matematikk og naturfag på 4. og 8. trinn etter 2003, med unntak av naturfag for elevar på 8. trinn, der nivået er stabilt frå 2003 til 2011. Prestasjonane til elevane i matematikk på 4. trinn betra seg med 44 poeng frå 2003 til 2011, og utgjer den største positive endringa i matematikk på 4. trinn blant dei landa som er med i undersøkinga. Som følgje av forskjellar i alder ved skolestart er norske elevar på 5. trinn nærmare i alder elevar på 4. trinn i mange andre land. Norske elevar på 5. trinn er klart betre enn svenske og danske og på nivå med finske jamaldringar i TIMSS 2011. PIRLS 2011 syner tilsvarande ei klar forbetring i leseprestasjonane for 4. og 5. trinn, med ein auke på ni og elleve poeng frå 2006 til 2011. Norske elevar ligg over det internasjonale gjennomsnittet for både 4. og 5. trinn.

PISA 2012 viste derimot at den positive utviklinga i dei ulike internasjonale undersøkingane frå midten av 2000-talet ikkje er ført vidare. PISA testar 15-åringar i naturfag, lesing og matematikk. Leseprestasjonane er stabile frå 2009 til 2012, mens prestasjonane i naturfag og matematikk har vorte reduserte i same periode. Når ein ser heile perioden 2000 til 2012 under eitt, er nivået på læringsutbyttet målt gjennom PISA relativt stabilt, jf. figur 4.1.

Figur 4.1 Gjennomsnittlege elevprestasjonar i PISA

Figur 4.1 Gjennomsnittlege elevprestasjonar i PISA

Kjelde: Kjærnsli mfl. (2013)

Dei internasjonale undersøkingane synte at avstanden mellom fagleg sterke og fagleg svake elevar vart tydeleg redusert frå midten av 2000-talet. Auken i gjennomsnittlege prestasjonar og reduksjonen i spreiinga mellom elevar i same tidsperiode kunne i stor grad forklarast med betra prestasjonar blant dei fagleg svakaste elevane. PISA 2012 viser derimot at avstanden mellom fagleg sterke og fagleg svake elevar har auka. Samanlikna med andre land er det framleis få elevar på dei høgste prestasjonsnivåa i dei internasjonale undersøkingane.

I PISA 2009 vart det i 16 OECD-land gjennomført ei tilleggsundersøking av den digitale lesinga til elevane. Testen måler ikkje digitale dugleikar, men den evna elevane har til å lese, navigere i og vurdere informasjon frå digitale tekstar. Dei norske elevane presterer som gjennomsnittet i undersøkinga.

I 2009 vart ICCS, ei internasjonal undersøking om medborgarskap og demokrati, gjennomført. Resultata viste at norske elevar på 8. og 9. trinn har svært gode kunnskapar om og dugleikar i demokrati og medborgarskap samanlikna med elevar i dei andre landa, og er om lag på det same nivået som for ei tilsvarande undersøking i 1999.

Variasjonen i læringsutbytte mellom norske elevar kan i større grad forklarast av andre faktorar enn sosial bakgrunn samanlikna med andre OECD-land. Avstanden i prestasjonar mellom elevar med høg og elevar med låg sosial bakgrunn ligg likevel om lag på same nivå som gjennomsnittet for OECD-landa. Dette kjem dels av at vi er eit land med små sosiale forskjellar, men også at mange elevar presterer betre (eller dårlegare) enn den sosioøkonomiske bakgrunnen deira skulle tilseie. Følgja av sosial bakgrunn for læringsutbyttet har vore relativt stabil på 2000-talet. Grunnskolepoenga til elevane heng til dømes tett saman med utdanningsnivået til foreldra, og det er berre minimale endringar i denne samanhengen over tid, jf. figur 4.2.

Figur 4.2 Gjennomsnittlege grunnskolepoeng til elevane etter utdanningsnivået til foreldra

Figur 4.2 Gjennomsnittlege grunnskolepoeng til elevane etter utdanningsnivået til foreldra

Kjelde: SSB 2013. Grunnskolepoeng er eit samlemål for alle karakterane ved avslutta grunnskole

Mål: Fleire elevar og lærlingar skal gjennomføre vidaregåande opplæring

Fleire elevar og lærlingar skal gjennomføre vidaregåande opplæring. Det er samstundes avgjerande at kompetansen dei oppnår, blir verdsett i høgre utdanning eller på arbeidsmarknaden. Elevar med generell studiekompetanse er i hovudsak utdanningsorienterte etter vidaregåande opplæring. For desse elevane vil fullført høgre utdanning utgjere den viktigaste kvalifikasjonen deira på arbeidsmarknaden. For elevar med yrkesfagleg kompetanse vil vidaregåande opplæring utgjere den viktigaste kvalifikasjonen deira på arbeidsmarknaden. Eit viktig utviklingstrekk i grunnopplæringa er at elevar på yrkesfag orienterer seg i stadig større grad mot løp som gir generell studiekompetanse, særleg utdanningsprogramma medium og kommunikasjon, service og samferdsel, helse- og oppvekstfag og design og handverk.

Gjennomføring av vidaregåande opplæring

Om lag 70 pst. av elevane som begynner i vidaregåande opplæring, fullfører utdanninga i løpet av fem år. Slik har det vore lenge. For elevane som starta på vidaregåande opplæring i 2008, hadde 70,6 pst. fullført og bestått på normert eller meir enn normert tid i 2013. Det er ein auke på 1,3 prosentpoeng samanlikna med 2007-elevkullet. Det er store forskjellar mellom studieførebuande (83,3 pst.) og yrkesfaglege (57,5 pst.) utdanningsprogram. Av dei som ikkje fullførte og bestod vidaregåande opplæring i 2008-kullet, slutta 16,4 pst. undervegs i opplæringa, medan resten anten var i vidaregåande opplæring framleis (5,7 pst.), eller dei hadde gjennomført utan å bestå (7,6 pst.).

Ein del av elevane som ikkje fullfører og består i løpet av fem år, kjem tilbake til vidaregåande opplæring på eit seinare tidspunkt. Dersom måletidspunktet blir sett til ti år etter påbegynt opplæring, aukar den delen elevar som fullfører og består vidaregåande opplæring, til rundt 80 pst.

Figur 4.3 Kompetanseoppnåing fem år etter at elevane begynte på vidaregåande opplæring. Årstala viser til tidspunktet da elevane starta i vidaregåande opplæring

Figur 4.3 Kompetanseoppnåing fem år etter at elevane begynte på vidaregåande opplæring. Årstala viser til tidspunktet da elevane starta i vidaregåande opplæring

Kjelde: SSB

Det er store variasjonar mellom fylkeskommunane i graden av gjennomføring av vidaregåande opplæring. Sogn og Fjordane, Akershus og Oslo har klart høgst gjennomføring av vidaregåande opplæring, medan fylkeskommunane i Nord-Noreg har klart svakast gjennomføring. Fleire fylkeskommunar som har hatt ei tydeleg og jamn positiv utvikling i dei siste åra, til dømes Troms og Sogn og Fjordane.

Figur 4.4 Fullført på normert eller meir enn normert tid fem år etter påbegynt vidaregåande opplæring, på fylkesnivå

Figur 4.4 Fullført på normert eller meir enn normert tid fem år etter påbegynt vidaregåande opplæring, på fylkesnivå

Kjelde: SSB

Gjennomføring av vidaregåande opplæring blir målt også etter overgangar frå kvart trinn i vidaregåande opplæring, jf. figur 4.5. Elevar kan etter kvart trinn ha ordinær progresjon, vere ute av vidaregåande opplæring eller repetere lågare eller same trinn i vidaregåande opplæring. 84,0 pst. av elevane frå Vg1 hadde ordinær progresjon i 2013. Sidan 2007 har det vore ein svak auke i delen elevar med ordinær progresjon frå Vg1. Delen elevar med ordinær progresjon frå Vg2 ligg stabilt rundt 80 pst. i perioden 2007 til 2013. Delen elevar med ordinær progresjon frå Vg3 auka frå 67,5 pst. i 2012 til 69,2 pst. i 2013.

Figur 4.5 Overgangar i vidaregåande opplæring. Årstala viser til tidspunktet da overgangane skjer

Figur 4.5 Overgangar i vidaregåande opplæring. Årstala viser til tidspunktet da overgangane skjer

Kjelde: Utdanningsdirektoratet / Skoleporten 2014

Verdsetjing i høgre utdanning og på arbeidsmarknaden

I 2013 var arbeidsløysa blant ungdom (16–24 år) om lag 9,2 pst. og har sidan midten av 2000-talet variert mellom sju og ni pst. Sjølv om kvaliteten og relevansen på grunnopplæringa i liten grad kan forklare kortsiktige endringar, kan nivået på arbeidsløysa likevel tyde på godt samsvar mellom den arbeidskrafta som ungdom tilbyr, og etterspurnaden frå arbeidsmarknaden, inklusiv deira kompetanse frå grunnopplæringa.

Samtidig fungerer ikkje overgangen frå alle delar av vidaregåande opplæring like godt. Det kjem til uttrykk ved at elevane vel bort yrkesfagleg kompetanse undervegs i opplæringsløpet, og at arbeidsmarknaden verdset kompetansen frå enkelte utdanningsprogram og lærefag lågt. Det kjem også til uttrykk ved at ein del elevar som gjennomfører og består vidaregåande opplæring med generell studiekompetanse, ikkje blir godt nok førebudde for å studere. Karakterar frå vidaregåande opplæring påverkar i stor grad fråfall første studieår, studiepoengproduksjon og fullføringstid ved universitet og høgskolar.

Fordelinga av elevar i oppstarten til vidaregåande opplæring mellom studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram har lenge vore relativt stabil. I 2013 var om lag 48 pst. av elevane på Vg1 i studieførebuande og 52 pst. i yrkesfaglege utdanningsprogram. Samstundes har delen elevar som oppnår yrkeskompetanse, lege på eit vesentleg lågare nivå enn delen elevar som oppnår studiekompetanse over lang tid. Av dei som starta på vidaregåande opplæring i 2008, fullførte berre 15 pst. med yrkeskompetanse innan 2013, anten som fagbrev eller vitnemål. I dei tradisjonelle yrkesfaga innanfor teknikk og industriell produksjon, elektrofag og bygg- og anleggsteknikk er delen som oppnår yrkeskompetanse, høgre.

Av dei som oppnådde fag- og sveinebrev i skoleåret 2011–12, var om lag 79 pst. i arbeid, 14 pst. i utdanning og sju pst. utanfor arbeid og utdanning i november 2013, jf. figur 4.6. Det er store variasjonar mellom utdanningsprogramma i delen fagarbeidarar som er i arbeid, frå 70,4 pst. (service og samferdsel) til 87,5 (bygg- og anleggsteknikk). Totalt for yrkesfaga har delen fagarbeidarar som er i arbeid, auka med om lag tre prosentpoeng frå 2009 til 2012. For service og samferdsel, teknikk og industriell produksjon, naturbruk, og i noko mindre grad helse- og oppvekstfag, er det mange fagarbeidarar som søkjer seg til høgre eller anna utdanning. Forskjellane mellom utdanningsprogramma tyder på at mange fagarbeidarar meiner at kompetansen frå enkelte lærefag ikkje er tilstrekkeleg i arbeidsmarknaden.

Figur 4.6 Nyutdanna fagarbeidarar i arbeid per november første år etter oppnådd fag-/sveinebrev, etter utdanningsprogram

Figur 4.6 Nyutdanna fagarbeidarar i arbeid per november første år etter oppnådd fag-/sveinebrev, etter utdanningsprogram

Kjelde: Utdanningsdirektoratet / Skoleporten 2014

Samsvaret mellom talet på nye fagarbeidarar og sysselsetjinga i relevante næringar gir informasjon om etterspurnaden i arbeidsmarknaden. I bygg- og anleggsteknikk blir det utdanna om lag 4 500 fagarbeidarar kvart år, jf. figur 4.7. Samstundes rapporterer næringa om underskott på kvalifisert arbeidskraft gjennom bedriftsundersøkinga til Nav frå 2014. Teknikk og industriell produksjon og elektrofag har også hatt eit stabilt nivå på talet nyutdanna fagarbeidarar i dei siste åra. Både helse- og oppvekstfag og service og samferdsel har hatt stor vekst i talet på nyutdanna fagarbeidarar. Bedriftsundersøkinga til Nav frå 2014 viser framleis stort underskott på kvalifisert arbeidskraft på områda helse, pleie og omsorg og industriarbeid. Det er noko mindre mangel på arbeidskraft i butikk- og salsarbeid, kontorarbeid og ulike serviceyrke. Samanlikna med talet på sysselsette i relevante næringar for service og samferdsel og restaurant- og matfag er talet på fagarbeidarar lågt.

Figur 4.7 Talet på beståtte fag- og sveineprøver i fag- og yrkesopplæringa

Figur 4.7 Talet på beståtte fag- og sveineprøver i fag- og yrkesopplæringa

Kjelde: Utdanningsdirektoratet / Skoleporten 2014

Mål: Elevar skal ha eit godt og inkluderande læringsmiljø

Læringsmiljø viser til dei samla kulturelle, relasjonelle og fysiske tilhøva på skolen som har tyding for læring, helse og trivsel. Arbeidet for betre læringsmiljø har eit dobbelt formål: som eit mål i seg sjølv og som eit middel for betre læringsutbytte for elevane.

Elevundersøkinga er ei spørjeundersøking til elevane i grunnopplæringa om deira oppfatningar av sitt eige læringsmiljø, og er obligatorisk å gjennomføre for skoleeigarane på 7. og 10. trinn i grunnskolen og for elevar i vidaregåande opplæring. Undersøkinga vart revidert i 2013, og dermed kan ein ikkje samanlikne ho direkte med tidlegare undersøkingar. Endringar i 2013 må ein derfor fortolke med varsemd.

Figur 4.8 Rapportering frå elevane om læringsmiljøet på skolen

Figur 4.8 Rapportering frå elevane om læringsmiljøet på skolen

Kjelde: Elevundersøkinga 2008–13

Trivselen for elevane er i gjennomsnitt høg gjennom heile opplæringsløpet. I 2013 var det rundt 90 pst. av elevane som rapporterte at dei trivst godt eller svært godt på skolen. Delen elevar som trivst godt eller svært godt på 10. trinn, er noko lågare enn både på 7. trinn og på Vg1. Sidan 2008 har det vore ein gradvis auke i delen elevar som trivst godt eller svært godt på alle desse trinna i grunnopplæringa. Den relativt sett større auken i 2013 kan skyldast revideringa av spørjeskjemaet for Elevundersøkinga i 2013.

Sjølv om delen elevar som trivst godt eller svært godt i grunnopplæringa, i gjennomsnitt er stor gjennom heile opplæringsløpet, er det likevel rundt fem pst. i 2013 som seier at dei blir mobba to til tre gonger i månaden eller oftare på 7. og 10. trinn. På Vg1 er det rundt 3,6 pst. som seier dei blir mobba to til tre gonger i månaden eller oftare i 2013. Den relativt store nedgangen i delen elevar som rapporterer om mobbing i 2013, heng truleg saman med fleire faktorar, og det er vanskelig å vurdere om nedgangen er reell. Nedgangen i 2013 kan skyldast revideringa av spørjeskjemaet for Elevundersøkinga. Tidlegare har desse tala vore stabile over lang tid.

Sidan 2008 har det vore ein klar framgang i delen elevar som liker skolearbeid godt eller svært godt. På 7. trinn har delen elevar som rapporterer at dei liker skolearbeid godt eller svært godt, auka frå rundt 56 pst. i 2008 til 65 pst. i 2013. For 10. trinn og Vg1 har det også vore ein slik positiv utvikling frå 2008. Auken i 2013 kan mellom anna skyldast revideringa av spørjeskjemaet for Elevundersøkinga. Delen elevar som liker skolearbeid godt eller svært godt, ligg systematisk lågare på 10. trinn enn på 7. trinn og Vg1.

Samla vurdering av måla

PISA 2012 viste at den positive utviklinga i dei ulike internasjonale undersøkingane frå slutten av 2000-talet ikkje har vorte ført vidare. Leseprestasjonane i PISA er stabile frå 2009 til 2012, mens prestasjonane i naturfag og matematikk har gått ned i same periode. Når ein ser heile perioden 2000 til 2012 under eit, er dermed nivået på læringsutbyttet målt gjennom PISA relativt stabilt. PISA 2012 viser at avstanden mellom fagleg sterke og fagleg svake elevar igjen har vorte større. Regjeringa er ikkje nøgd med resultata frå PISA i naturfag og matematikk. Regjeringa meiner det er behov for både å heve prestasjonane til elevane på dei lågaste nivåa i PISA, og at fleire elevar presterar på dei høgste nivåa i PISA.

Gjennomføringa av vidaregåande opplæring på nasjonalt nivå er i hovudsak stabil, til tross for ein svak auke på 1,3 prosentpoeng for delen av 2008-elevkullet som fullførte og bestod på normert eller meir enn normert tid innan fem år, samanlikna med 2007-elevkullet. Delen elevar med ordinær progresjon frå Vg1 har auka svakt i perioden 2007 til 2013, medan situasjonen i hovudsak er stabil for overgangen frå Vg2 og Vg3. Regjeringa meiner gjennomføringa i vidaregåande opplæring er for låg. Regjeringa har samstundes merka seg at fleire fylkeskommunar har hatt ei tydelig og jamn positiv utvikling i dei siste åra. Overgangen til arbeidsmarknaden er ikkje god nok for delar av fag- og yrkesopplæringa. Særleg gjeld det for utdanningsprogramma service og samferdsel, restaurant- og matfag, design og handverk og helse- og oppvekstfag.

Elevundersøkinga vart revidert i 2013, og ein må derfor tolke endringar i 2013 med varsemd. Trivselen til elevane er i gjennomsnitt god gjennom heile grunnopplæringa, og sidan 2008 har det vore ein auke i delen elevar som trivst godt eller svært godt. Delen elevar som liker skolearbeid godt eller svært godt, har også auka gradvis sidan 2008.

Strategiar og tiltak

Skoleeigarane har eit sjølvstendig ansvar for å utvikle kvaliteten i grunnopplæringa. Nasjonale myndigheiter tek òg eit medansvar for kompetanseutvikling i skolen i samanheng med større reformer, for eksempel ved innføring av nye læreplanar eller endringar i kompetansekrav. Myndigheitene på nasjonalt nivå gir også hjelp til meir generell kompetanseutvikling gjennom program og satsingsområde som omfattar fleire lærarar på same skole. Vidare er ansvaret for drift og vidareutvikling av kvalitetsvurderingssystemet lagt til nasjonale myndigheiter.

Tilstandsvurderinga viser at grunnopplæringa har mange sterke sider, men måloppnåinga er ikkje god nok på fleire område. Regjeringa vil styrkje delar av grunnopplæringa gjennom nasjonale satsingar. Kunnskapsdepartementet vil derfor gjennomføre eit lærarløft der etter- og vidareutdanning for lærarar og skoleleiarar står sentralt. I 2015 vil departementet setje fleire strategiar og tiltak i verk for å nå måla for grunnopplæringa.

Lærerløftet

Regjeringa arbeider for at alle barn og unge framover møter eit utdanningssystem med dyktige lærarar, gode skolar og medvitne skoleeigarar.

Kompetansekrav og vidareutdanning av lærarar

Regjeringa vil skjerpe kompetansekrava for undervisning i grunnskolen for alle lærarar som underviser i faga matematikk, engelsk, norsk, samisk og norsk teiknspråk i grunnskolen. Denne endringa gjer det nødvendig å auke kapasiteten i vidareutdanningstilbodet, særleg i faga norsk og engelsk. Regjeringa auka talet på plassar i vidareutdanninga i 2014 med 1 700 og vil i 2015 trappe opp satsinga på vidareutdanning med ytterlegare 1 500 plassar, for å leggje til rette for at skoleeigarar kan oppfylle kompetansekrava.

Rektorutdanning

Kompetansen til skoleleiaren er avgjerande for å utvikle skolen som lærande organisasjon. Den nasjonale rektorutdanninga med statleg finansierte studieplassar vil bli ført vidare i ein femårsperiode, frå hausten 2014.

Nye karrierevegar for lærarar

Dyktige lærarar skal ha undervisning som si hovudoppgåve. Samtidig skal det vere mogleg å ha ei fagleg karriereutvikling som lærar. Fleire faglege karrierevegar i skolen skal gi dyktige lærarar nye moglegheiter til profesjonell vidareutvikling og medverke til at dei opplever skolen som ein enda meir attraktiv arbeidsplass. Regjeringa vil bidra til at det blir utvikla nye karrierevegar for lærarar og vil hausten 2015 setje i gang pilotar med nye spesialiststillingar/-funksjonar i skolen.

Femårig lærarutdanning

Lærarutdanningane skal styrkjast for å halde høgre kvalitet, og det skal derfor bli innført mastergradsutdanning for lærarar. Mastergradsutdanning vil gi studentane større innsikt i forskings- og utviklingsarbeid og vitskapsmetode. Dagens grunnskolelærarutdanningar er forskingsbaserte bachelorutdanningar og gir betre grunnlag for ei kunnskapsbasert yrkesutøving enn tidlegare lærarutdanningar. Dette vil bli ytterlegare styrkt med mastergradsutdanning.

Mastergradsoppgåvene vil bidra til å integrere teoriundervisninga og praksisopplæringa i utdanninga. Det blir lagt til grunn at mastergradsoppgåvene skal vere profesjonsretta og praksisorienterte. Dei bør ta utgangspunkt i problemstillingar knytte til praksis i skolen.

Departementet vil setje i verk eit arbeid for å utvikle dei faglege rammene for ei ny femårig grunnskolelærarutdanning på mastergradsnivå. Det blir arbeidd med sikte på å innføre dei nye mastergradsutdanningane frå 2017. Prioriterte fag nasjonalt skal vere lærarutdanningsfaga norsk, samisk, norsk teiknspråk, matematikk og engelsk.

Rettleiarkorpset

Rettleiarkorpset gir støtte til skoleeigarar og skolar så dei kan utvikle skoleeigarskapet og evna hos skolane til å betre resultata sine gjennom målretta utviklingsprosessar. I Lærerløftet er det varsla at den nasjonale rettleiarressursen skal nyttast meir målretta, mot skoleeigarar som har vist svake resultat over tid.

Andre kompetanseutviklingstiltak for tilsette i opplæringa

Etter- og vidareutdanning for tilsette i den pedagogisk-psykologiske (PP-) tenesta

Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap dokumenterer store utfordringar i den evna utdanningssystemet har til å møte mangfaldet av barn, unge og vaksne med eit tilpassa opplæringstilbod. Departementet vil føre vidare og styrkje Strategi for etter- og vidareutdanning for tilsette i den pedagogisk-psykologiske tenesta (2013–2018) i 2015. Strategien skal føre til at PP-tenesta jobbar meir systemretta gjennom auka kompetanse i rettleiing, endringsleiing, organisasjonskunnskap og organisasjonsutvikling. Målet er at PP-tenesta skal arbeide tettare innpå barnehagar og skolar gjennom merksemd på tidleg innsats og førebyggjande arbeid. Satsinga skal føre til at skolane blir oppmoda og rusta til å gjere meir innanfor ramma av den ordinære tilpassa opplæringa.

Satsing på ungdomstrinnet

Departementet vil halde fram med satsinga på ungdomstrinnet gjennom Ungdomstrinn i utvikling 2012–2017. Det er eit mål at elevane skal oppleve, meistring, motivasjon og auka læring gjennom meir praktisk og variert opplæring. Satsinga handlar om skolebasert etterutdanning i klasseleiing, lesing, skriving og rekning. Målet er at alle skolar med ungdomstrinn skal delta i løpet av strategiperioden. Departementet legg opp til at 300 skolar skal starte opp hausten 2015. Kompetanseutviklinga i klasseleiing blir sett i samanheng med satsinga på betre læringsmiljø i skolen. Skolebasert kompetanseutvikling vil medverke til at kompetansen blir delt mellom lærarane på den enkelte skole.

Opplæring av minoritetsspråklege

Kompetanse for mangfold er ei femårig satsing på kompetanse for opplæring av minoritetsspråklege. Satsinga vart varsla i Meld. St. 6 (2012–2013) En helhetlig integreringspolitikk. Mangfold og fellesskap. Regjeringa vil føre vidare arbeidet med å utvikle denne kompetansen i universitets- og høgskolesektoren, hos skoleeigarar og barnehagestyresmakter, og hos tilsette i barnehage og skole og andre sentrale yrkesgrupper som er knytte til skolar og barnehagar.

Yrkesfagløftet

For å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring og medverke til å dekkje det behovet arbeidslivet har for fagfolk i framtida, vil regjeringa gjennomføre eit yrkesfagløft, i samarbeid med skoleeigarane og partane i arbeidslivet. For å nå måla skal departementet setje i gang og føre vidare tiltak som aukar fleksibilitet, relevans og kvalitet i fag- og yrkesopplæringa. Dette inneber mellom anna å følgje opp Meld. St. 20 (2012–2013) På rett vei og Samfunnskontrakten for flere læreplasser. Tiltaka skal føre til at meir av opplæringa kan gå føre seg i bedrift, moglegheit for å fordjupe seg i fag tidlegare og til at fleire skal få læreplass, i både offentleg og privat sektor. Ein vil opne for større forskjellar mellom utdanningsprogram og meir fleksible løysingar både for bransjar og for elevar og lærlingar som treng det. Gjennom Samfunnskontrakten har utdanningsmyndigheitene og partane i arbeidslivet forplikta seg til å arbeide for å auke talet på lærekontraktar med 20 pst. frå utgangen av 2011 til utgangen av 2015. Så langt har auken i talet på læreplassar vore to pst. Samfunnskontrakten omfattar også tiltaka hospitering for lærarar i vidaregåande skole, og faglege leiarar og instruktørar i lærebedrift, utprøving av vekslingsmodellar og alternativ til Vg3 i skole for dei som ikkje får læreplass. Det er òg løyvd midlar til betre og meir samarbeid mellom skole, skoleeigar og arbeidslivet.

Gode yrkesfaglærarar med oppdatert fagkunnskap gir relevant og praktisk opplæring for elevane, noko som vil kunne føre til at fleire fullfører og består fagopplæringa. Departementet vil halde fram med å leggje til rette for at fleire lærarar skal hospitere i bedrift, og for at fleire instruktørar skal hospitere i skolen. Det blir òg løyvt midlar til faglege nettverk mellom skolar og bedrifter. Yrkesretting og relevans i fellesfaga på dei yrkesfaglege utdanningsprogramma er viktig for å auke motivasjonen hos elevane og deira faglege dugleikar. Gjennom FYR-prosjektet (fellesfag, yrkesretting og relevans, det vil seie yrkesretting av fellesfaga) vil fellesfaglærarar få skolering i yrkesretting. I statsbudsjettet for 2014 vart det løyvd 10 mill. kroner til ei ordning for å stimulere nye lærebedrifter til å ta inn lærlingar. I handsaminga av revidert nasjonalbudsjett 2014 vart ordninga styrkt ytterlegare med 10 mill. kroner. Departementet foreslår å føre midlane som ligg i rammetilskottet til fylkeskommunane vidare i 2015. Fylkeskommunane kan sjå stimuleringstilskottet i samanheng med auka overføringar til fylkeskommunane i samband med tiltakspakka i 2009. Dette utgjer om lag 210 mill. kroner i 2015, jf. Innst. S. nr. 139 (2008–2009) og St.prp. nr. 37 (2008–2009) Om endringar i statsbudsjettet for 2009 med tiltak for arbeid. Fylkeskommunane kan lage eigne kriterium for kva for lærebedrifter som bør utløyse tilskott. Frå 2015 foreslår departementet at fylkeskommunane sjølve kan fastsette nivået på stimuleringstilskottet. Det betyr at fylkeskommunane sjølve skal bestemme innrettinga for lokale stimuleringstilskott til lærebedrifter som teiknar lærekontrakt for første gang.

Satsing på realfag

Internasjonale undersøkingar viser at norske elevar presterer om lag på gjennomsnittet for OECD i realfaga, jf. Tilstandsvurderinga. Matematikk er det faget der flest elevar ikkje får karakter og mister motivasjon og uthald. Det er mange elevar på dei lågaste nivåa og få på dei høge. Samtidig er manglande karakter og ikkje bestått i matematikk og naturfag viktige årsaker til at fleire ikkje fullfører vidaregåande opplæring. I eit lengre perspektiv er god kompetanse i realfaga viktig for Noregs framtidige konkurransekraft. Auka kompetanse i realfag svarer godt til kompetansebehovet i arbeidslivet. Regjeringa vil i 2015 setje i verk ei ny satsing på realfag med tiltak som skal målrettast mot dei grunnleggjande utfordringane i realfaga.

Gjennomføring i vidaregåande opplæring

Prosjektet Ny GIV – Gjennomføring i videregående opplæring – vart avslutta ved årsskiftet 2013/14, men fylkeskommunane vart inviterte til å føre vidare tiltaka for auka gjennomføring i vidaregåande opplæring. Alle fylkeskommunar vil delta vidare i satsinga. Basert på erfaringar frå fylka og forsking knytt til mellom anna Ny GIV er arbeidet systematisert og vidareutvikla til Program for bedre gjennomføring i videregående opplæring. Det nye programmet rettar seg mot elevar med høg risiko for fråfall og ungdom som står utanfor opplæring og arbeid. Departementet har i samarbeid med fylkeskommunane identifisert kritiske fasar der det er særleg viktig å setje inn tiltak, slik at målgruppa fullfører og består vidaregåande opplæring. Programmet vil omfatte både lokale og nasjonale tiltak. Tiltaka skal utarbeidast i samarbeid med fylkeskommunane, og dei skal vere erfarings- og forskingsbaserte.

For å styrkje det arbeidet kommunane og fylkeskommunane gjer med utsette barn og unge under 24 år, har Kunnskapsdepartementet innleidd eit arbeid med Arbeids- og sosialdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. Samarbeidet skal avdekkje felles utfordringar og fremme felles tiltak og strategiar for betre oppfølging av utsette barn og unge. Det overordna målet for samarbeidet er betre gjennomføring i vidaregåande opplæring. Departementa har gitt eit felles koordinert oppdragsbrev til direktorata sine. Oppdraget skal leie fram til faglege tilrådingar om tverrfaglege innsatsar som kan bidra til at fleire lykkast i skolen og fullfører vidaregåande opplæring.

Departementet samarbeider med Arbeids- og sosialdepartementet og Arbeids- og velferdsdirektoratet om utprøving av Nav-rettleiarar i vidaregåande skolar i perioden 2013–15. Dette utviklingsarbeidet er etablert i sju fylkeskommunar. Utviklingsarbeidet inneber at rettleiarar frå Nav har delar av arbeidsveka si på vidaregåande skolar, eksempelvis knytte til elevtenesta ved skolen. Skolane som deltek, er i hovudsak yrkesfaglege og har omfattande utfordringar med fråfallsproblematikk. Utviklingsarbeidet blir finansiert og leidd av Arbeids- og velferdsdirektoratet i samarbeid med Kunnskapsdepartementet.

I tillegg samarbeider Kunnskapsdepartementet med Helse- og omsorgsdepartementet og Helsedirektoratet om ei tilskottsordning som skal føre til at kommunane rekrutterer fleire psykologar i dei kommunale helsetenestene sine. Dei kan blant anna samarbeide med fylkeskommunane om tiltak som skal førebyggje fråfall i vidaregåande skolar.

Vidareutvikling av Kunnskapsløftet

Regjeringa vil føre vidare og revitalisere Kunnskapsløftet som vart innført frå skoleåret 2006–07. Målet med Kunnskapsløftet var å gjere elevar og lærlingar betre i stand til å møte utfordringane i kunnskapssamfunnet, og å skape ein betre kultur for læring. Reforma har ført til eit skifte i merksemd i retning av at ein legg større vekt på det utbyttet elevane og lærlingane har av opplæringa. Dei fulle effektane av reforma vil det ta enda fleire år å vurdere.

I 2015 blir det gjennomført fleire tiltak frå Meld. St. 20 (2012–2013) På rett vei for auka fleksibilitet og relevans i vidaregåande opplæring. Strukturen i vidaregåande opplæring skal betre tilpassast søkjemønsteret til elevane, og det skal bli betre samanheng mellom yrkesfaglege utdanningsprogram og arbeidslivet, og mellom studieførebuande utdanningsprogram og høgre utdanning. Fleire tiltak for ei betre vidaregåande opplæring er gjennomførte i 2014. Mellom anna har elevar som fullfører fag- og yrkesopplæringa, fått rett til Vg4 påbygging til generell studiekompetanse, ei historisk utviding av retten til grunnopplæring i Noreg.

Grunnopplæringa skal ha eit innhald som skal gi barn og unge den kompetansen som er nødvendig i eit framtidig samfunns- og arbeidsliv. Utvalet for skolen i framtida, Ludvigsenutvalet, er sett ned for å vurdere om grunnopplæringa har eit riktig og relevant innhald. Utvalet skal vurdere om faga støttar opp om og tek vare på dei kompetansane og dugleikane som er viktige i vidare utdanning, for medverknad i arbeids- og samfunnsliv, og om opplæringa på ein god måte tek hand om grunnopplæringa sitt breie formål. Utvalet leverte ei delutgreiing, NOU 2014: 7 Elevenes læring i framtidens skole, i september 2014 og skal levere hovudutgreiinga si til departementet innan 15. juni 2015.

Evalueringa av Kunnskapsløftet trekkjer fram at satsinga på elev- og lærlingvurdering har gitt større innsikt i vurderingspraksisen i skolen. Ein god vurderingspraksis er nødvendig for at elevane skal kunne få ei god og tilpassa opplæring og rettferdig sluttvurdering. Erfaringane frå satsinga Vurdering for læring (2010–2014) viser at satsinga har ført til større medvit og meir kunnskap på alle nivå om vurdering, men at det samtidig er stor variasjon i kor langt den einskilde skoleeigaren, skolen og lærebedrifta har komme, og korleis utviklingsarbeidet er gjennomført. Eit godt grunnlag for vurdering og rettferd i sluttvurderinga er framleis viktige utfordringar. Departementet vil føre vidare ei nasjonal satsing på elevvurdering, jf. Meld. St. 20 (2012–2013) På rett vei. Det vil òg bli sendt ut til høyring forslag til forskriftsendringar om vurdering og fråvær, inkludert endringar om grunnlaget for fastsetjing av standpunktkarakter og innføring av ei maksimumsgrense for fråvær i vidaregåande skole. Departementet ønskjer regelverksendringar som vil kunne bidra til å redusere fråværet og auke gjennomføringa i grunnopplæringa.

Friskolar

Regjeringa vil opne for at fleire kan drive offentleg finansierte friskolar. Friskolar skal framleis ikkje kunne betale utbytte til eigarane frå midlar som stammar frå statstilskott eller elevpengar. Regjeringa tek sikte på å leggje fram ein lovproposisjon for Stortinget i 2015.

Betre læringsmiljø

Alle elevar i grunnskolen og vidaregåande opplæring har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremmer helse, trivsel og læring. Omgrepet «læringsmiljø» inneber dei samla kulturelle, relasjonelle og fysiske forholda på skolen. Læraren si evne til å leie klassen, positive relasjonar mellom elevar og lærarar, kultur for læring blant elevane, eit godt samarbeid mellom heim og skole, samt god skoleleiing er grunnleggjande i arbeidet med å utvikle og halde oppe gode læringsmiljø. Særleg er arbeid mot krenkingar og mobbing viktig. Både Elevundersøkinga og andre undersøkingar syner at det framleis er mange elevar som opplever mobbing og eit for dårleg læringsmiljø. Regjeringa ser alvorleg på dette og vil sikre alle elevar eit godt læringsmiljø gjennom eit kontinuerleg arbeid for å førebyggje og redusere mobbing. Eit offentleg utval, Djupedalutvalet, vurderer no dei samla verkjemidla på dette området, medrekna lov- og regelverket. Utvalet skal levere innstillinga si våren 2015.

Regjeringa vil med utgangspunkt i denne utgreiinga gjennomgå heile læringsmiljøpolitikken og dei konkrete tiltaka for å redusere mobbing. Når det gjeld læringsmiljøarbeid og tiltak mot mobbing i 2015, har regjeringa vedteke å forlengje den femårige strategien Bedre læringsmiljø med eit år. Det same gjeld den offentlege stønaden til mobbeprogram og samarbeidet med og mellom partane i sektoren gjennom Manifest mot mobbing.

Eit godt fysisk miljø i skolen er òg viktig for eit godt læringsmiljø, og for at elevane skal trivast. Manglande vedlikehald av skolar hindrar god læring, kan vere utgangspunkt for eit folkehelseproblem. Dårleg inneklima gjer at mange barn får ei forverring av sjukdom (astma mv.) eller blir sjuke. Alle elevar har krav på eit godt fysisk skolemiljø etter opplæringslova. Det er ansvaret til skoleeigaren å sikre elevane dette. Kartleggingar som er gjorde i dei seinare åra, viser at kommunane samla sett har eit stort etterslep når det gjeld vedlikehald av skolebygga, og at mange elevar går på ein skole som ikkje tilfredsstiller krav til det fysiske miljøet. For å bidra til at kommunane i større grad følgjer opp krav i lov og forskrift knytte til vedlikehald og oppgradering av skolebygg, vil Kunnskapsdepartementet, i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet, bidra til meir og betre informasjon om godkjenningsstatusen til skolane gjennom kanalar som er offentleg tilgjengelege, til dømes KOSTRA og folkehelseprofilane. Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet vil bidra til å bli utvikle betre styringsdata for drift og vedlikehald av offentlege bygg.

Departementet vil òg fase inn ytterlegare midlar i ordninga med rentekompensasjon for skole- og symjeanlegg, som vart innført i 2009.

Kunst og kultur i opplæringa

Som varsla i Meld. St. 20 (2012–2013) På rett vei vart det hausten 2013 sett ned ei ekspertgruppe av Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet. Ekspertgruppa skulle mellom anna komme med forslag til betre koordinering og samla innsats frå kunst- og kulturfaglege miljø som har aktivitetar retta inn mot skolen. Våren 2014 leverte ekspertgruppa rapporten Det muliges kunst til kunnskapsministeren og kulturministeren. Ekspertgruppa kjem i rapporten med ti råd som samla skal gi god kvalitet og kompetanse i barnehage, skole og anna arbeid med kunst og kultur i opplæringa. Rapporten har vore på brei høyring.

Regjeringa vil styrkje arbeidet med kunst og kultur for barn og unge i heile landet. Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet vil følgje opp rapporten frå ekspertgruppa ved å sjå på ulike tiltak for styrkt samarbeid mellom opplæringssektoren og kultursektoren på alle nivå. Departementa vil vurdere korleis samhandlinga mellom dei ulike nasjonale aktørane i arbeidet med kunst og kultur i opplæringa best kan utviklast vidare.

Byråkrati og rapportering i opplæringssektoren

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 591 i samband med handsaminga av Meld. St. 2 (2013–2014), Prop. 93 S (2013–2014) og Innst. 260 S (2013–2014).

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med budsjettet for 2015 gi vurderinger av aktuelle byråkratikutt i skolesektoren som skal ha som mål å redusere antall skjemaer og rapporteringer.»

Kunnskapsdepartementet og KS arbeider saman om prosjektet Dokumentasjons- og rapporteringskrav i skolesektoren. Prosjektet gjennomgår dei samla nasjonale og lokale rapporteringskrava og vurderer om desse er velgrunna og nødvendige.

Det er eit mål for prosjektet å vise korleis rapporteringa kan bli meir effektiv, medrekna å konkretisere kva krav som kan takast bort. Prosjektet skal òg synleggjere eksempel på god rapportering og komme med forslag til forbetringar. Sluttrapporten skal leverast 1. desember 2014. Departementet vil følgje opp dette arbeidet i 2015.

Kap. 220 Utdanningsdirektoratet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

273 175

258 322

255 011

21

Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70

6 965

153 231

147 497

70

Tilskott til læremiddel o.a., kan overførast, kan nyttast under post 21

48 766

53 706

55 478

Sum kap. 0220

328 906

465 259

457 986

Løyvingane under kap. 220 finansierer faste driftsoppgåver i Utdanningsdirektoratet. I tillegg kjem oppgåver som direktoratet har ansvaret for, men som blir finansierte over andre kapittel, til dømes mellombelse oppgåver knytte til kvalitetsutvikling og -vurdering i barnehagen og grunnopplæringa, jf. kap. 226 (grunnopplæring) og kap. 231 (barnehage). Omtale av verksemda til direktoratet er derfor dels plassert under andre kapittel i denne proposisjonen.

Direktoratet er delegert mynde i forvaltningssaker som gjeld

  • embetsstyringa av Fylkesmannen på barnehageområdet og grunnopplæringsområdet

  • tilsynsarbeid som følgjer av barnehagelova, opplæringslova, privatskolelova, vaksenopplæringslova kap. 4 Diverse skolar og folkehøgskolelova

  • tolking av barnehagelova, opplæringslova, privatskolelova, vaksenopplæringslova kap. 4 Diverse skolar, og folkehøgskolelova med forskrifter på nasjonalt nivå, og å gi god rettleiing om regelverket for barnehagar og grunnopplæringa

  • etatsstyring av statlege skolar som gir grunnopplæring, jf. kap. 222

  • tilskott til minoritetsspråklege barn i førskolealderen, eksamensavvikling, privatskolar, folkehøgskolar og andre formål, jf. kap. 225, 227, 228, 229, 231 og 253

  • etatsstyring av det statlege spesialpedagogiske støttesystemet (Statped), jf. kap. 230

  • fagleg styring av dei nasjonale sentra

Post 01 Driftsutgifter

Mål for 2015

Mål som er omtalte i innleiinga til programkategoriane 07.20 Grunnopplæringa og 07.30 Barnehagar, er førande for arbeidet til Utdanningsdirektoratet.

Mål for verksemda til direktoratet i 2015 er

  • betre kompetanse i barnehagen og grunnopplæringa til å løyse dei prioriterte utfordringane i sektorane

  • betre kvalitet i fag- og yrkesopplæringa

  • eit godt kunnskapsgrunnlag og system for å vurdere og styrkje kvaliteten i barnehagen og i grunnopplæringa

  • at regelverket blir forstått og følgt

  • at barn, unge og vaksne med særskilde behov får eit tilrettelagt tilbod til rett tid

Måla ligg òg til grunn for Utdanningsdirektoratets styring av dei underliggjande og tilknytte verksemdene til direktoratet.

Kunnskapsdepartementet tek i dialog med direktoratet sikte på å utvikle meir konkrete styringsparametrar for kunne vurdere måloppnåinga deira.

Rapport for 2013

Frå 2012 fekk direktoratet delegert oppgåver på barnehageområdet frå Kunnskapsdepartementet. Dette har medverka til at arbeidet med kvalitetsutvikling i barnehagesektoren er styrkt, og at samanhengane mellom barnehagar og grunnopplæring er forsterka. Direktoratet har i 2013 arbeidd med å byggje opp den interne kompetansen på barnehageområdet. Direktoratet har arbeidd for å sikre eit likeverdig barnehagetilbod av høg kvalitet for alle barn og for at kommunane følgjer opp barnehagelova og rammeplanen, mellom anna gjennom å vidareutvikle kvaliteten på tilsynet og følgje opp forskrift om likeverdig behandling. Sjå meir omtale av arbeidet til direktoratet på barnehageområdet under kap. 231 post 21.

For oppgåver direktoratet har ansvaret for i samband med kvalitetsutvikling og -vurdering i grunnopplæringa, viser departementet til omtale under kap. 226 post 21.

For å sikre at kommunane og fylkeskommunane følgjer opp føringane i opplæringslova med forskrifter, har direktoratet mellom anna informert sektoren om regelverksendringar, utarbeidd rundskriv, artiklar og rettleiingar om det regelverket som har vore gjeldande over tid, og svart på ei rad enkeltførespurnader.

Det er innført felles metode for tilsynet frå Fylkesmannen etter barnehagelova og opplæringslova. Direktoratet utarbeida i 2013 ei ny handbok for tilsynsmetode. I 2013 vart det ført tilsyn med i alt 133 kommunar på barnehageområdet. Dei fleste tilsyna har omfatta kontroll med kommunen som tilsynsmyndigheit, rettleiingsansvaret til kommunen og kommunen som godkjenningsmyndigheit. Men det er også fleire av tilsyna som har omfatta dei ulike krava til handtering av dispensasjonssaker etter barnehagelova §§ 17 og 18.

Temaet for det felles nasjonale tilsynet i grunnopplæringa i 2013 var det arbeidet skolane gjer med det psykososiale miljøet til elevane, som var ei vidareføring av tema frå 2010, 2011 og 2012. I 2013 inkluderte det felles nasjonale tilsynet 47 nye kommunar og til saman 80 nye skolar. På landsbasis er det dermed totalt ført tilsyn med om lag 60 pst. av dei kommunale/fylkeskommunale skoleeigarane i perioden 2010–13. Gjennom tilsynsperioden med psykososialt miljø har det vore ei positiv utvikling. Færre skolar fekk pålegg om retting i 2013 enn i 2012. I 2013 har Utdanningsdirektoratet i samarbeid med Fylkesmannen førebudd det neste felles nasjonale tilsynet, der ein tek sikte på å auke læringseffekten av tilsynet gjennom å kombinere tilsyn og rettleiing. Dette tilsynet vart pilotert i 2013 og temaet er skolane sitt arbeid med utbyttet elevane har av opplæringa.

Direktoratet fører tilsyn med private skolar. I 2013 vart det gjennomført 38 tilsyn der ulike lovkrav vart kontrollerte, og det vart avdekt fleire brot på regelverket. Oppretting i samband med tilsyn viser likevel at dei private skolane har endra praksis dersom tilsynet avdekker lovbrot. Det vart ført tilsyn med tema som inntak av elevar ved skolane, forvaltningskompetanse, verksemdsbasert vurdering, kompetanse, samansetjing av styret og bruken av statstilskott og skolepengar. Kva krav i lova eller forskriftene som vart kontrollerte, og kva for skolar som det skulle førast tilsyn med, vart valde ut frå vurderingar av sannsynlege lovbrot og kva for konsekvensar dei kunne ha. Den vanlegaste reaksjonsforma i 2013 var pålegg om retting. Direktoratet fatta òg i forbindelse med ordinære tilsyn tre vedtak om tilbakebetaling av statstilskott på mellom 186 000 kroner og 9 mill. kroner. Ein skole fekk òg varsel om tilbaketrekking av godkjenning, men valde sjølv å avvikle før det vart fatta vedtak.

Direktoratet kontrollerte årsrekneskapane til alle dei private skolane i Noreg og til norske skolar i utlandet i 2013. Kontrollen omfatta 296 skolar, og han viste manglande oppfylling av krav til årsrekneskapen frå økonomiforskrifta til privatskolelova ved nokre skolar. Om lag kvar sjette skole fekk vedtak om manglande eller mangelfulle opplysningar basert på årsrekneskapen for 2012. Det vart derfor utarbeidd eit skriv i 2014 til privatskolane, på lik linje med i 2011, der det kjem fram kva krava er, og korleis notane kan førast.

Direktoratet har styrt det statlege spesialpedagogiske støttesystemet (Statped) i tråd med måla for verksemda, sjå omtale under kap. 230.

Direktoratet har ført vidare arbeidet med grunnopplæring for vaksne etter kapittel 4A i opplæringslova. Direktoratet har utvikla og stilt ferdig materiell som tilsette i vaksenopplæringssentra, Nav og helsestasjonar kan bruke til å informere om kva for moglegheiter vaksne har til å ta grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring.

Direktoratet har vidareutvikla, analysert og formidla nasjonal statistikk om barnehagen og grunnopplæringa, mellom anna systema for innsamling av data på barnehageområdet og grunnskoleområdet (BASIL og GSI), samt datagrunnlaget for vidaregåande opplæring (Vigo).

Direktoratet har hatt god kontakt, og godt samarbeid, med både barnehagesektoren og opplæringssektoren i 2013. Direktoratet har vidare følgt opp tiltak i fleire meldingar. Sjå meir omtale av dette under både kap. 226 post 21 og kap. 231 post 21.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår ei løyving på 255 mill. kroner i 2015. Løyvingsforslaget er auka med 2 mill. kroner for at direktoratet skal kunne følgje opp dei private skolane. Dette har samanheng med at regjeringa legg opp til at fleire private skolar kan godkjennast. Med den forventa auken vil direktoratet ha behov for større ressursar til å følgje opp dei private skolane og føre tilsyn slik at lova blir følgd. I tillegg foreslår departementet at løyvinga blir auka med 1 mill. kroner til arbeid med satsing på realfag, sjå meir omtale av ny strategi for ei forsterka satsing på realfaga i opplæringa under kap. 226 post 21.

Løyvingsforslaget er redusert med 1,3 mill. kroner som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar. Løyvingsforslaget på posten er vidare redusert med 13,6 mill. kroner som følgje av innføring av nøytral meirverdiavgift, jf. omtale under Hovudprioriteringar i del I.

Departementet foreslår at løyvinga over posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3220 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70, og post 70 Tilskott til læremiddel o.a., kan overførast, kan nyttast under post 21

Mål for 2015

Måla for Utdanningsdirektoratet er omtalte over. Løyvinga på post 21 er knytt til kostnader direktoratet har til større utviklingsprosjekt og oppdragsverksemd. Målet for dei tiltaka som blir finansierte over posten, er mellom anna god prøveutvikling og -gjennomføring, eit godt kunnskapsgrunnlag når det gjeldt tilstanden i sektoren og å leggje til rette for god bruk av læreplanane.

Løyvinga på post 70 skal medverke til at det blir utvikla og produsert læremiddel der det ikkje er grunnlag for kommersiell produksjon. Dette gjeld læremiddel for smale fag og/eller små elevgrupper, inkludert nynorske parallellutgåver, særskilt tilrettelagde læremiddel og læremiddel for språklege minoritetar. Utviklinga av læremiddel skal skje i samsvar med prinsippa om tilpassa opplæring og universell utforming, og ta vare på det fleirkulturelle perspektivet. Løyvingane på postane 21 og 70 må sjåast i samanheng.

Rapport for 2013

Utdanningsdirektoratet har i 2013 gitt tilskott til utvikling og produksjon av tolv læremiddel til smale fagområde / små elevgrupper, og 15 læremiddelprosjekt på området vart stilte ferdig. Direktoratet gav òg tilskott til særskilt tilrettelagde læremiddel og læremiddel til minoritetsspråklege elevar. For Vg1, Vg2 og Vg3 innanfor yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram er det gitt tilskott til basisutgivingar, parallellutgåver på nynorsk og fellesspråklege utgivingar. Digitale læremiddel vart prioriterte framfor trykte læremiddel.

Det vart gitt tilskott til 13 nye læremiddelprosjekt for barnehagebarn, elevar og lærlingar med behov for særskild tilrettelegging. Også i 2013 vart det prioritert tilskott til læremiddel retta mot elevar med behov for alternativ, supplerande kommunikasjon – ASK. Tilskottet har ført til meir merksemd på ASK blant læremiddelutviklarar. 18 læremiddelprosjekt vart stilte ferdig.

Det er vidare gitt tilskott til innføringstilbod i ungdomsskolen, læremiddel i morsmål og for tospråkleg fagopplæring for minoritetsspråklege elevar i heile grunnopplæringa. Det er òg gitt tilskott til læremiddel i minoritetsspråk som framandspråk. 20 læremiddelprosjekt på området vart stilte ferdig. Det nordiske ordbokprosjektet LEXIN og det nordiske samarbeidet om den fleirspråklege interaktive bildeordboka Bildetema er førte vidare.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår ei løyving på 147,5 mill. kroner i 2015 på post 21. Løyvingsforslaget er auka med 15,8 mill. kroner på grunn av flytting av midlar frå kap. 226 post 21. Dette gjeld midlar til ei søkjeplattform, som vil gi brukarane av Utdanningsdirektoratet eit moderne og påliteleg verksemdssøk, til drift og utvikling av portalen Skoleporten og til drift, utvikling og distribusjon av obligatoriske og frivillige prøver.

Løyvingsforslaget på post 21 er redusert med 0,8 mill. kroner som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar. Utgiftene til dei enkelte tiltaka er oppgitt inkludert meirverdiavgift. Samla er løyvingsforslaget på posten redusert med 25,8 mill. kroner som følgje av innføring av nøytral meirverdiavgift, jf. omtale under Hovudprioriteringar i del I.

Departementet foreslår å føre løyvinga på post 70 vidare på same nivå på som i 2014.

Kap. 3220 Utdanningsdirektoratet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Inntekter frå oppdrag

4 262

3 845

3 952

02

Salsinntekter o.a.

5 549

1 128

1 159

Sum kap. 3220

9 811

4 973

5 111

Inntektene gjeld oppdragsverksemd, salsinntekter og refusjonar. Løyvingsforslaget på post 01 og post 02 er redusert med til saman 26 000 kroner som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar. Elles foreslår departementet å føre løyvingane vidare på same nivå som i 2014.

Kap. 221 Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

13 507

14 548

13 859

Sum kap. 0221

13 507

14 548

13 859

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga gjeld drift av Foreldreutvalet for barnehagar, FUB, og Foreldreutvalet for grunnopplæringa, FUG. FUB og FUG har felles sekretariat, og får eitt tildelingsbrev.

FUB er eit sjølvstendig rådgivande organ for departementet i saker som gjeld samarbeidet mellom barnehage og heim. FUB vart nemnt opp ved kongeleg resolusjon i juni 2010. Funksjonstida til det nåverande utvalet er ut 2014. Departementet har starta arbeidet med oppnemning av eit nytt utval for perioden 2015–2018.

FUG er eit sjølvstendig rådgivande organ for departementet i saker som gjeld samarbeid mellom skole og heim, og er forankra i opplæringslova § 11-9. Det nåverande FUG vart nemnt opp ved kongeleg resolusjon i desember 2011. Funksjonstida til utvalet er ut 2015.

Mål for 2015

Hovudmålet for FUB i 2015 er å arbeide for eit godt samarbeid mellom barnehage og heim og ta i vare interessene til foreldra i barnehagesamanheng. For å nå dette målet skal FUB

  • vere ein høyringsinstans og eit rådgivande organ overfor Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet i saker som gjeld samarbeidet mellom barnehage og heim

  • gi informasjon og rettleiing til foreldre, dei tilsette i barnehagane og barnehageeigarar om verdien av samarbeid mellom barnehage og heim

  • samarbeide med aktuelle aktørar i saker der det er viktig at foreldreperspektivet er til stades

Hovudmålet for FUG i 2015 er å arbeide for eit godt samarbeid mellom heim og skole og ta i vare interessene til foreldra i skolesamanheng. For å nå dette målet skal FUG

  • vere ein høyringsinstans og eit rådgivande organ overfor Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet i saker som gjeld samarbeidet mellom heim og skole

  • gi informasjon, skolering og rettleiing til foreldre og dei tilsette i skolen om verdien av samarbeid mellom heim og skole

  • medverke til å få foreldre engasjerte i opplæringa

  • samarbeide med aktuelle aktørar i saker der det er viktig at foreldreperspektivet er til stades

Rapport for 2013

FUB førte vidare eit høgt aktivitetsnivå i arbeidet sitt for eit godt samarbeid mellom heim og barnehage. I tillegg til ordinære utvalsmøte har utvalet hatt dialog med relevante organisasjonar og institusjonar, delteke i 18 arbeids- og referansegrupper på nasjonalt nivå og har halde fleire foredrag i ulike fora. FUB har oppfylt oppgåva si som rådgivande organ og høyringsinstans for departementet gjennom ulike møtepunkt og levering av høyringssvar. FUB har brukt ulike kanalar for å nå ut med informasjon til foreldre og barnehagar, og arrangerte mellom anna hausten 2013 ein nasjonal foreldrekonferanse med temaet «Barns trivsel» for 120 barnehageforeldre. Utvalet har fått stadig fleire førespurnader frå foreldre, og har gitt rådgiving og rettleiing tilbake. Dei fleste førespurnadene knytte seg til uro for bemanninga i barnehagane, samarbeidet mellom heim og barnehage, moglegheiter for å påverke gjennom foreldreråd, samarbeidsutval og informasjon om å starte lokale foreldreutval.

FUG har halde eit høgt aktivitetsnivå i arbeidet sitt for eit godt samarbeid mellom heim og skole. I tillegg til ordinære utvalsmøte har utvalet halde ei rekkje foredrag, hatt kontakt med relevante organisasjonar og institusjonar og delteke i 22 arbeids- og referansegrupper på nasjonalt nivå. FUG har oppfylt oppgåva si som rådgivande organ og høyringsinstans for departementet gjennom ulike møtepunkt og levering av høyringssvar. FUG får mange førespurnader frå foreldre, og gir rådgiving og rettleiing tilbake. FUG arrangerte i oktober 2013 den årlege nasjonale foreldrekonferansen for 115 tillitsvalde foreldre. FUG har brukt ulike kanalar for å nå ut med informasjon til foreldre og skolar, mellom anna om prosjektet SKAP dialog, som skal bevisstgjere foreldre om kor viktige dei er for læringa til barna.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår ei løyving på 13,9 mill. kroner. Dette er reelt sett ein reduksjon på 1,2 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2014. Av dette skyldast 0,8 mill. kroner innføring av nøytral meirverdigavgift for ordinære statlege forvaltningsorgan , jf. omtale under Hovudprioriteringar i del I. I tillegg er løyvingsforslaget redusert med 74 000 kroner som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar. Løyvingsforslaget er ytterlegare redusert med 250 000 kroner som eit ytterlegare krav til effektivisering av drifta.

Kap. 222 Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

96 471

89 363

91 553

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

1 570

1 411

1 452

Sum kap. 0222

98 041

90 774

93 005

Kapitlet gjeld:

  • drift av Sameskolen i Midt-Noreg, Hattfjelldal

  • drift av Samisk vidaregåande skole i Karasjok og Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino

  • lønn etter rettsvilkårsavtalen for personale ved nedlagde statlege skolar og ventelønn for personale frå avvikla statsinternat i Finnmark

Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Mål for 2015

Målet for løyvingane til dei samiske skolane er mellom anna å halde oppe og utvikle vidare samisk identitet, språk og kultur. Opplæringa ved skolane følgjer Kunnskapsløftet – Samisk.

Rapport for 2013

Sameskolen i Midt-Noreg

I skoleåret 2013–14 fekk 60 elevar fjernundervisning ved skolen, mot 57 elevar i 2012–13 og 50 elevar i 2011–12. Desse elevane har òg tilbod om språksamlingar ved sameskolen. I språksamlingane får elevane sjå, høyre og bruke det samiske språket gjennom samiske kulturaktivitetar.

Sameskolen fyller ein funksjon ved det auka tilbodet i fjernundervisning og språksamlingar, som bidrar til å halde oppe og utvikle sørsamisk identitet, språk og kultur. Vidare drift vil bli sett i samanheng med framtidig tilrettelegging av samisk fjernundervisning.

Samiske vidaregåande skolar

Hausten 2013 hadde Samisk vidaregåande skole i Karasjok 130 fulltidselevar, mot 135 førre skoleår. Skolen gir også eksternt finansierte kurs. Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino hadde hausten 2013 i alt 76 fulltidselevar, mot 83 elevar året før. I tillegg til den ordinære undervisninga gir skolane fjernundervisning i samisk. Skolane gir òg deltidsopplæring til elevar som startar i løpet av skoleåret.

Begge skolane er opne for samiske elevar frå heile landet, og dei held fram med ordninga med vertsfamiliar primært for dei yngste tilreisande elevane.

Det er fatta vedtak om ombygging/nybygg ved skolen i Karasjok, og byggeprosjektet startar opp hausten 2014. Ferdigstillinga av nytt tilbygg for byggfag og ombygginga av spesialrom er planlagd i august 2015. Planar for nybygg ved skolen i Kautokeino er under vurdering.

Rettsvilkårsavtale og ventelønn

I samband med tidlegare nedlegging av statlege skolar og statsinternat i Finnmark er det utbetalt 2,7 mill. kroner i 2013 i ventelønn til tidlegare tilsette ved desse skolane og statsinternata.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår ei samla løyving på 93 mill. kroner for postane 01 og 45. Løyvingsforslaget på post 01 er redusert med 0,5 mill. kroner som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar. I tillegg er løyvingsforslaget redusert med 330 000 kroner.

Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3222 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3222 Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

02

Salsinntekter o.a.

12 288

4 898

5 035

Sum kap. 3222

12 288

4 898

5 035

Post 02 gjeld inntekter frå mellom anna kurs og vaksenopplæring, sal frå kantine, hybelutleige og betaling frå heimeskolane for fjernundervisning. Løyvingsforslaget er redusert med 25 000 kroner som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar. Elles foreslår departementet å føre løyvingane vidare på same nivå som i 2014.

Kap. 223 Sametinget

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

50

Tilskott til Sametinget

37 723

39 043

40 331

Sum kap. 0223

37 723

39 043

40 331

Post 50 Tilskott til Sametinget

Mål for 2015

Målet for tilskottet er å medverke til finansiering av utdanningsformål i Sametinget, inkludert utvikling og produksjon av læremiddel for samiske elevar, medrekna spesialpedagogiske læremiddel, læreplanarbeid og -utvikling og tilskott til råd og rettleiing om samisk opplæring. Det er eit høgt prioritert mål for tilskottet at dei samiske elevane skal få raskare og betre tilgang til læremiddel på sitt eige språk.

Rapport for 2013

Det er stadig mangel på samiske lærarar og samiske læremiddel. Sametinget gir informasjon om samiske læremiddel gjennom læremiddelportalen Ovttas.no og gjennom læremiddelsentralen i Sametinget.

Ny fag- og timefordeling for grunnskolen vart fastsett av Kunnskapsdepartementet i juni 2013 etter konsultasjon med Sametinget, og gjeld frå skoleåret 2013–14. Vidare vart dei parallelle likeverdige læreplanane reviderte og fastsette etter konsultasjon med Sametinget. I dei reviderte planane er omtale av samisk språk og kultur meir omfattande enn tidlegare. I tillegg vart det fastsett revidert læreplan i norsk for elevar med samisk som førstespråk. Dei nye læreplanane vart tekne i bruk frå hausten 2013.

Sametinget og Kunnskapsdepartementet har til vanleg samarbeidsmøte to gonger i halvåret på administrativt nivå, i tillegg til konsultasjonar etter behov.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2014.

Kap. 224 Senter for IKT i utdanninga

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

60 758

58 798

60 792

21

Særskilde driftsutgifter

35 839

32 866

23 946

Sum kap. 0224

96 597

91 664

84 738

Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter

Løyvinga på post 01 er knytt til drift av Senter for IKT i utdanninga, medan løyvinga på post 21 er knytt til kostnader Senter for IKT i utdanninga har til større utviklingsprosjekt.

Mål for 2015

Mål som er omtalte i innleiinga til programkategoriane 07.20 Grunnopplæringa og 07.30 Barnehagar, er førande for arbeidet til Senter for IKT i utdanninga.

Mål for senterets verksemd i 2015 er

  • auka digital kompetanse hos tilsette i barnehagen og i grunnopplæringa

  • auka kvalitet i det pedagogiske arbeidet med digitale ferdigheiter hos barn og unge

  • auka kvalitet i infrastrukturen og dei administrative prosessane i sektorane

Senteret følgjer opp arbeidet med ei nasjonal identitetsforvaltning for utdanningssektoren basert på Feide – Felles elektronisk identitet. Senteret skal arbeide for at Feide skal nyttast på alle personifiserte tenester i opplæringa som krev pålogging. Senteret skal bidra til at Feide blir teke i bruk i alle kommunar innan utgangen av skoleåret 2015–16.

Kunnskapsdepartementet tek i dialog med senteret sikte på å utvikle meir konkrete styringsparametrar for å kunne vurdere måloppnåinga deira.

Rapport for 2013

Senter for IKT i utdanninga har i 2013 arbeidd med å byggje kompetanse i sektoren for å betre læring og læringsstrategiar ved bruk av IKT. Nye tenester, rettleiingar og andre produkt er tilbode barnehage og grunnopplæringa. Oppbygginga av Ovttas (samisk læremiddelportal) vart avslutta i tråd med mandatet, og driftsansvaret er ført over frå Sametinget til Samisk høgskole, slik planen var. Eksisterande tenester er vidareutvikla, og til dømes har Difi kåra Utdanning.no til ein av dei beste offentlege nettstadene i 2013. Utdanning.no hadde om lag tre millionar brukarsesjonar i 2013.

Senter for IKT i utdanninga har sett i gang Minstemme.no og Den virtuelle matematikkskolen i 2013. Minstemme.no vart etablert til stemmerettsjubileet i 2013 og grunnlovsjubileet i 2014. Ressursen har vore godt motteken i sektoren. I Den virtuelle matematikkskolen har senteret i 2013 gjennomført prepilotering og starta hovudpilotering av digitale undervisningsopplegg for elevar på ungdomstrinnet som har behov for meir støtte, og for elevar som treng større utfordringar i matematikk. Evalueringsrapport frå prosjektet ligg føre i 2015.

Dubestemmer.no er den mest brukte ressursen innanfor opplæring i digital dømmekraft i landet. 75 pst. av alle elevar i grunnopplæringa kan bruke Feide som påloggings-ID for å få tilgang til digitale ressursar og læringsplattform på skolen. Senteret har auka kontaktflata si mot lærarutdanningane, samt at det er levert fleire tenester/produkt retta mot barnehagane. Senteret lanserte Barnehagemonitor i 2013 som eit viktig grunnlag for det vidare arbeidet med å styrkje den digitale kompetansen i barnehagane. Eit viktig tiltak i 2013 har vore å sikre spreiing av kunnskaps- og tenesteporteføljen til senteret.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår ei samla løyving til senteret på 84,7 mill. kroner i 2015. Departementet foreslår å auke løyvinga på post 01 med 3,5 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på post 21, for å få ei fordeling mellom postane som er meir i tråd med oppgåvene til senteret.

Departementet foreslår i tillegg å redusere løyvinga på post 21 med 3,5 mill. kroner. Løyvingsforslaget er ytterlegare redusert med 0,3 mill. kroner på post 01 og 0,2 mill kroner på post 21 som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar. Løyvingsforslaget er redusert med 3,2 mill. kroner på post 01 og 2,8 mill kroner på post 21 som følgje av innføring av nøytral meirverdiavgift for ordinære statlege forvaltningsorgan, jf. omtale under Hovudprioriteringar i del I.

Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3224 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3224 Senter for IKT i utdanninga

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Inntekter frå oppdrag o.a.

7 315

1 553

1 596

Sum kap. 3224

7 315

1 553

1 596

Post 01 gjeld inntekter frå oppdragsverksemd, i hovudsak frå EU-prosjekt og frå Universitetet i Oslo. Løyvingsforslaget på post 01 er redusert med 8 000 kroner som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar. Elles foreslår Kunnskapsdepartementet å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2014.

Kap. 225 Tiltak i grunnopplæringa

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

175 050

21 382

21 886

21

Særskilde driftsutgifter

89 773

101 256

60

Tilskott til landslinjer

184 495

191 091

197 772

62

Tilskott til dei kommunale sameskolane i Snåsa og Målselv

21 578

22 290

23 003

63

Tilskott til samisk i grunnopplæringa, kan overførast

48 976

57 533

58 551

64

Tilskott til opplæring til barn og unge som søkjer opphald i Noreg

116 712

155 542

160 410

65

Rentekompensasjon for skole- og symjeanlegg, kan overførast

533 300

465 500

66

Tilskott til leirskoleopplæring

43 434

45 433

46 887

67

Tilskott til opplæring i finsk

7 249

8 136

8 306

68

Tilskott til opplæring i kriminalomsorga

238 979

246 870

256 167

69

Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma

231 297

227 538

222 194

70

Tilskott til opplæring av lærlingar og lærekandidatar med særskilde behov

37 486

48 798

50 408

71

Tilskott til kunst- og kulturarbeid i opplæringa

17 271

17 876

25 594

72

Tilskott til internasjonale utdanningsprogram og organisasjonar

5 489

5 604

6 290

73

Tilskott til studieopphald i utlandet

10 363

10 726

13 754

74

Tilskott til organisasjonar

22 934

23 214

11 932

Sum kap. 0225

1 161 313

1 705 106

1 669 910

Post 01 Driftsutgifter

Mål for 2015

Målet er å finansiere dei administrative kostnadene som Fylkesmannen har ved å administrere sentralt gitt eksamen i grunnskolen og i vidaregåande opplæring.

Rapport for 2013

Våren 2013 vart det avlagt om lag 77 500 eksamenar i grunnskolen og om lag 180 000 i vidaregåande opplæring. Totalt var det om lag 3 150 sensorar som deltok i sensorarbeidet. Totalt vart om lag 65 pst. av eksamenssvara leverte elektronisk i Prøvegjennomføringssystemet (PGS), men i mange fag er prosentdelen over 90.

Våren 2013 gjennomførte direktoratet forsøk med eksamen med tilgang til Internett i nokre utvalde fag for andre år på rad. Evalueringa viser at elevar og lærarar som deltok i forsøket er positive til eksamen med tilgang til Internett, og at Internett langt på vei fungerer som et hjelpemiddel på linje med andre hjelpemiddel til eksamen. Elevane seier at dei har hatt nytte av tilgang til Internett, uavhengig av fagleg nivå. Lærarar og sensorar er meir delte i synet på om Internett er eit godt hjelpemiddel til eksamen, men lærarane er langt meir positive til ordninga i 2013 enn dei var i 2012. Forsøket vart ført vidare våren 2014. Dette skal også evaluerast.

Budsjettforslag for 2015

Til grunn for løyvingsforslaget ligg ein reduksjon på 0,1 mill. kroner som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar. Ut over dette foreslår departementet at løyvinga på posten blir ført vidare på same nivå som i 2014.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Posten vart oppretta i budsjettet for 2014. Løyvinga dekkjer utgifter til sensur og klagehandsaming, som er kostnader til lærarar som har teke på seg oppdrag med å vere sensorar ved sentralt gitt eksamen. Midlane blir utbetalte via Fylkesmannen. Ordninga er heimla i forskrift til opplæringslova § 3-26 og i Kunnskapsløftet om gjennomføring av eksamen i grunnskolen og i vidaregåande opplæring.

Mål for 2015

Målet for løyvinga er å finansiere gjennomføringa av sentralt gitt eksamen i grunnskolen og i vidaregåande opplæring, og den sentralt gitte delen av fag- og sveineprøva innanfor yrkesfaga.

Rapport for 2013

Sjå omtale under post 01.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår å løyve 101,3 mill. kroner på posten i 2015. Løyvinga er auka med 12 mill. kroner som følgje av venta auke i talet på eksamenskandidatar. Løyvingsforslaget er redusert med 0,5 mill. kroner som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar.

Post 60 Tilskott til landslinjer

Mål for 2015

Målet for tilskottsordninga er å medverke med finansiering til fylkeskommunar med landslinjer slik at elevar frå heile landet kan få eit nasjonalt tilbod i små og/eller kostbare kurs i vidaregåande opplæring. Tilskottet skal gå til drift av landslinjene og innkjøp av utstyr. Kunnskapsdepartementet vil gjennomgå tilskottsordninga for å vurdere om landslinjene innanfor ordninga samsvarer med målet for ordninga, og om det er grunnlag for å endre fordelinga av kapasiteten ved landslinjene.

Rapport for 2013

Kapasiteten i skoleåret 2013–14 var på 1 450 heilårsplassar. Kapasitetsutnyttinga samla for alle landslinjene var på om lag 82 pst. både hausten 2013 og våren 2014.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår å auke løyvinga med 0,6 mill. kroner slik at ei ny landslinje for natur- og miljøfag ved Rjukan vidaregåande skole kan bli oppretta frå hausten 2015.

Post 62 Tilskott til dei kommunale sameskolane i Snåsa og Målselv

Sameskolane i Snåsa og Målselv er kommunale. Det blir gitt tilskott til drift av skolane og tilhøyrande internat. Skolane har heile landet som opptaksområde.

Mål for 2015

Målet for tilskottsordninga er å halde oppe og utvikle samisk identitet, språk og kultur. Opplæringa ved skolane følgjer Kunnskapsløftet – Samisk.

Rapport for 2013

Skolen i Snåsa hadde elleve elevar hausten 2013, mot ni elevar året før. I tillegg fekk seks elevar fjernundervisning, mot fem elevar året før. Skolen gir òg samiskundervisning til seks elevar på ungdomstrinnet ved naboskolen.

Skolen i Målselv hadde 15 elevar hausten 2013, mot 13 elevar året før. I tillegg fekk 13 elevar fjernundervisning, mot 18 elevar året før. Seks elevar i ein annan kommune fekk undervisning av lærar på skolen.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2014.

Post 63 Tilskott til samisk i grunnopplæringa, kan overførast

Under denne posten er det tre tilskottsordningar: ei ordning for samiskopplæring i grunnskolen, ei ordning for samiskopplæring i den vidaregåande opplæringa og ei ordning med samiske studieheimlar for lærarar i grunnopplæringa. Frå hausten 2015 er målgruppa for ordninga med studieheimlar for lærarar utvida frå å omfatte lærarar i grunnskolen i dei fire nordlegaste fylka, til å omfatte lærarar i heile grunnopplæringa og i heile landet.

Mål for 2015

Målet med tilskottsordninga er å bidra med finansiering til kommunar, fylkeskommunar og private skolar som tilbyr samiskopplæring i samsvar med § 6-2 og § 6-3 i opplæringslova. Elevane får opplæring i samisk som førstespråk (samisk 1) eller samisk som andrespråk (samisk 2 / samisk 3). Målet med tilskottet er òg å styrkje kompetansen i samisk for lærarar i grunnopplæringa.

Rapport for 2013

Tabellen under viser at talet på grunnskoleelevar som vel samisk, har halde seg stabilt frå skoleåret 2012–13 til skoleåret 2013–14. Det har såleis vore ei utjamning av talet på elevar som vel samisk som anten førstespråk eller andrespråk, etter at dette elevtalet har vist ein nedgang i dei siste åra.

Tabell 4.1  Utviklinga i talet på grunnskoleelevar med samisk som førstespråk og samisk som andrespråk

Skoleår

2010–11

2011–12

2012–13

2013–14

Samisk som førstespråk

975

940

930

916

Samisk som andrespråk

1 285

1 213

1 196

1 210

Totalt

2 260

2 153

2 126

2 126

Endring frå året før

–3,3 %

–4,7 %

–1,3 %

0,0 %

Tala inkluderer også elevar som går på dei samiske skolane.

Kjelde: Grunnskolens Informasjonssystem (GSI)

Bruk av studieheimlar har vore på om lag same nivå i dei siste åra, men var i 2013 noko lågare enn tidlegare.

Ved teljedato 2. mai 2014 var det i alt 272 elevar/lærlingar som fekk opplæring i samisk i vidaregåande opplæring ved fylkeskommunale og private vidaregåande skolar. Dette er ein auke på 37 elevar samanlikna med året før, da 235 elevar/lærlingar fekk opplæring i samisk.

Evaluering av tilskottsordninga har avdekt store forskjellar mellom tilskottsmottakarane med omsyn til det talet på årstimar som tilskottsmodellen bereknar, og talet på faktiske årstimar som er rapportert i Grunnskolens Informasjonssystem (GSI). På bakgrunn av dette vart rapporteringa i GSI endra frå hausten 2013. Utdanningsdirektoratet vil sjå nærmare på utvikling av nye berekningsmodellar når nye data frå GSI er tilgjengelege. Dagens modellar vil bli nytta inntil vidare.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår ei samla løyving på 58,6 mill. kroner.

Post 64 Tilskott til opplæring til barn og unge som søkjer opphald i Noreg

Ordninga skal finansiere opplæring av barn og unge som søkjer opphald i Noreg. Dette omfattar asylsøkarar og personar som søkjer om familiegjensameining. Ordninga inkluderar tilskott til tre grupper:

  • barn og unge til og med 15 år som søkjer opphald og som har rett og plikt til grunnskoleopplæring.

  • ungdom mellom 15–18 år som søkjer opphald og som har rett til grunnskoleopplæring.

  • ungdom mellom 15–18 år som søkjer opphald og som har rett til vidaregåande opplæring.

Mål for 2015

Målet for tilskottet er å bidra med finansiering til kommunar og fylkeskommunar slik at barn og unge som søkjer opphald i Noreg, får grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring, jf. opplæringslova § 2-1 andre ledd og § 3-1 tolvte ledd.

Rapport for 2013

Hausten 2013 fekk 1 406 barn i grunnskolealderen og 134 i aldersgruppa 16–18 år som er busette i mottak, opplæring. 60 einslege mindreårige asylsøkjarar i omsorgssenter fekk opplæring. Våren 2014 fekk 1 562 barn i grunnskolealderen og 146 i aldersgruppa 16–18 år som er busette i mottak, opplæring. 67 einslege mindreårige asylsøkjarar i omsorgssenter fekk opplæring.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår ei samla løyving på 160,4 mill. kroner.

Post 65 Rentekompensasjon for skole- og symjeanlegg, kan overførast

Mål for 2015

Målet med ordninga er å stimulere kommunar og fylkeskommunar til å byggje nye skoleanlegg, samt rehabilitere og ruste opp gjeldande anlegg. Ordninga omfattar også offentlege symjeanlegg som skolen bruker i undervisninga si.

Tildelingskriterium

Rentekompensasjonen er for gitte tilsegner (før 2015) fastsette sjablongmessig med utgangspunkt i eit serielån med 20 års løpetid i Husbanken. Kommunane står fritt til å velje om finansiering skal skje med eller utan opptak av lån, og dei vel fritt kva låneinstitusjon som skal nyttast. Husbanken gir ikkje lån til tiltaka. Rentekostnadene for heile 20-årsperioden blir dekte med utgangspunkt i eit tilsvarande lån med flytande rente i Husbanken.

For nye tilsegn som gis frå og med 2015 legg departementet til grunn eit påslag på 0,5 prosentpoeng på gjennomsnittet av observert marknadsrente over to månader på statspapir (statskassevekslar) med gjenståande løpetid frå null til tre månadar.

Tilskott til rentekompensasjon blir i hovudsak utbetalt ein gong per år, i desember. Kommunar og fylkeskommunar kan søkje om midlar til kommunale og fylkeskommunale skolebygg. Ved innføring av ordninga med rentekompensasjon vart det teke sikte på ei investeringsramme på 15 mrd. kroner over åtte år. Den samla investeringsramma vart fordelt på den einskilde kommunen og fylkeskommunen. Innanfor si ramme kan kommunar og fylkeskommunar også søkje om rentekompensasjon på vegner av private grunnskolar og private vidaregåande skolar med rett til statstilskott.

Rapport for 2013

Kommunar og fylkeskommunar har vist stor interesse for ordninga etter at ho vart innført i 2002. Opphavleg hadde ordninga ei investeringsramme på 15 mrd. kroner. Heile ramma vart fasa inn i løpet av dei seks første åra med ordninga. I statsbudsjettet for 2009 vart ordninga utvida, med sikte på ei investeringsramme på nye 15 mrd. kroner fordelte over åtte år. I 2009 vart 3 mrd. kroner av ramma fasa inn. I 2010, 2011 og 2012 vart det årleg fasa inn ei investeringsramme på 2 mrd. kroner. Investeringsramma for både 2013 og 2014 var på 1 mrd. kroner.

Frå innføringa av ordninga og til og med første halvår 2014 har Husbanken registrert 2 144 prosjekt fordelte på 1 335 skolar. Husbanken har ikkje motteke søknader på vegner av private grunnskolar eller vidaregåande skolar fram til og med første halvår 2014. Breiband inngår i 715 prosjekt, og behova til funksjonshemma er teke hand om i 1 077 prosjekt, jamfør forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar med vidare.

Budsjettforslag for 2015

Regjeringa foreslår å auke investeringsramma med 3 mrd. kroner for 2015, jf. forslag til vedtak III nr. 3. Budsjetteffekten av forslaget utgjer 45 mill. kroner i 2015.

Til saman blir det foreslått ei løyving på 465,5 mill. kroner. Kompensasjonen er knytt til renteutgifter for investeringar innanfor rammene på til saman 29 mrd. kroner, som det er gitt tilsegn om i perioden 2002–14 (26 mrd. kroner) og som det blir foreslått å gi tilsegn om i 2015 (3 mrd. kroner). Endra renteføresetnader for gitte tilsegn før 2015 gir isolert eit redusert løyvingsbehov på 112,8 mill. kroner.

Post 66 Tilskott til leirskoleopplæring

Etter opplæringslova § 2-3 første ledd kan ein del av undervisningstida brukast til leirskoleopplæring. Dette blir i retningslinjene for tilskott til leirskoleopplæring definert som leirskoleopplæring ved bemanna leirskole eller annan aktivitet med ei varigheit på minst tre overnattingar i samanheng.

Mål for 2015

Målet med tilskottsordninga er å bidra til å dekkje kommunane sine utgifter til leirskoleopplæring ved leirskoleopphald. Kommunane har ansvaret for å finansiere sjølve leirskoleopphaldet. Kommunane kan søkje om tilskott til å dekkje leirskoleopplæringa. Tilskottet skal fullt ut nyttast til opplæring i samband med leirskoleopphald, eller til annan aktivitet/opplæring som fyller kravet om at opphaldet skal ha ei varigheit på minst tre overnattingar.

Målgruppa for tilskottsordninga til leirskoleopplæringa er elevar ved kommunale skolar, samt elevar ved institusjonar der fylkeskommunen har ansvaret for grunnopplæringa. Elevar kan få eitt leirskoleopphald i løpet av grunnskolen.

Departementet legg til grunn at kommunane skal ha tilstrekkeleg handlingsrom til å vurdere om og korleis eit leirskoleopphald kan skje. Departementet legg derfor ikkje opp til å sikre leirskoletilbod gjennom lovpålegging.

Rapport for 2013

Tal frå Grunnskolens Informasjonssystem (GSI) viser at 9,5 pst. av alle elevane i grunnskolen planla å reise på leirskole i skoleåret 2013–14. Dette talet har lege på om lag ti pst. sidan 2001. Ettersom grunnskolen til saman utgjer ti år, og om lag ti pst. planlegg å reise på leirskole kvart år, tyder dette på at dei fleste elevane får eit tilbod om leirskoleopphald i løpet av grunnskolen.

I GSI blir gjennomført og planlagt leirskoleopphald for gjeldande skoleår rapportert. Tilskottet til leirskoleopplæring tildelast etter søknad, på grunn av faktiske gjennomførte opphald. Registrering og oppsummering av desse opplysningane er for fyrste gong rapporterte elektronisk i tertialrapport frå fylkesmenna i 2013. På sikt vil denne rapporteringa gjere det mogleg å fylje utviklinga i talet på elevar som faktisk tek del i leirskoleopphald per år.

Budsjettforslag for 2015

Departementet legg til grunn ei vidareføring av det øyremerkte tilskottet til leirskoleopplæring. Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2014.

Post 67 Tilskott til opplæring i finsk

Under denne posten er det tre tilskottsordningar: ei for opplæring i finsk som andrespråk i grunnskolen, ei for opplæring i finsk som andrespråk i vidaregåande opplæring og ei ordning for finske studieheimlar i grunnskolen.

Mål for 2015

Målet for tilskottet til grunnskolen er å bidra med finansiering til kommunar og private skolar i Troms og Finnmark som gir elevar med kvensk-finsk bakgrunn opplæring i finsk som andrespråk i samsvar med dei rettane som går fram av § 2-7 i opplæringslova. Det er òg eit mål å styrkje kompetansen i finsk for lærarar i grunnskolen. Det er vidare eit mål å gi finskopplæring til elevar og lærlingar med kvensk-finsk bakgrunn i vidaregåande opplæring, og det blir gitt tilskott til fylkeskommunar og private skolar som gir slik opplæring.

Rapport for 2013

Tabellen under viser ein nedgang i talet på grunnskoleelevar med finsk som andrespråk i dei siste åra.

Tabell 4.2 Utviklinga i talet på grunnskoleelevar med finsk som andrespråk

Skoleår

2010–11

2011–12

2012–13

2013–14

Tal på elevar

754

657

600

594

Endring frå året før

–0,9 %

–12,9 %

–8,7 %

–1,0 %

Kjelde: Grunnskolens Informasjonssystem (GSI)

Bruk av studieheimlar har vore på om lag same nivå i dei siste åra, men var i 2013 noko lågare enn i 2012 og 2011.

Ved teljedato 2. mai 2014 var det i alt 22 elevar som fekk opplæring i finsk i vidaregåande opplæring. Dette er ein auke på tre elevar samanlikna med året før, da 19 elevar fekk opplæring i finsk.

Evaluering av tilskottsordninga har avdekt store forskjellar mellom tilskottsmottakarane med omsyn til det talet på årstimar som tilskottsmodellen bereknar, og talet på faktiske årstimar som er rapporterte i GSI (Grunnskolens Informasjonssystem). På bakgrunn av dette vart rapporteringa i GSI endra frå hausten 2013. Utdanningsdirektoratet vil sjå nærmare på utvikling av nye berekningsmodellar når nye data frå GSI er tilgjengelege. Dagens modellar vil bli nytta inntil vidare.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår ei samla løyving på 8,3 mill. kroner.

Post 68 Tilskott til opplæring i kriminalomsorga

Mål for 2015

Målet for tilskottsordninga er å medverke med finansiering til fylkeskommunane slik at det blir gitt opplæring til innsette og lauslatne som har begynt på opplæring under soning, og som har rett til grunnskole- eller vidaregåande opplæring, eventuelt plikt til grunnskoleopplæring. For å motivere flest mogleg til å ta opplæring, også dei som har kort soningstid eller sit i varetekt, er det eit mål at det også blir gitt kortare kurs. Kursa skal i størst mogleg grad ta utgangspunkt i kompetansemål frå Læreplanverket for Kunnskapsløftet og opplæring i grunnleggjande dugleikar. Det er vidare eit mål å leggje til rette for god opplæring i dei einingane for soning for barn og unge som er etablerte som forsøk.

Rapport for 2013

Det er etablert opplæring i 51 fengsel. I tillegg er det oppfølgingsklassar ti stader i landet. I 2013 var talet på opplæringsplassar 2 153 (682 på heiltid og 1 471 på deltid). Dette er ein auke samanlikna med 2012, da talet var 1 996 (729 på heiltid og 1 267 på deltid).

Nær 9 700 personar (6 421 på deltid og 3 280 på heiltid) tok del i ei eller anna form for opplæring i 2013. Av desse fekk 755 personar tilbod gjennom oppfølgingsklassane (409 på heiltid og 346 på deltid). Hovudtyngda av elevane var i alderen 21–40 år. 143 lærarar i heile stillingar og om lag 100 årsverk i delstillingar var ressursar som vart nytta som lærekrefter innanfor opplæring i kriminalomsorga.

Gjennom heile året har skolane hatt 152 elevar i grunnskoleopplæring, 3 132 elevar i vidaregåande opplæring, 2 372 deltok på arbeidskvalifiserande kurs og 4 045 på andre typar opplæringskurs. I tillegg var det 115 som studerte ved høgskolar og universitet.

Talet på eksamenar (942) har auka noko. Det same har talet på lærekontraktar som er inngått, praksiskandidatar, fagprøver og lærekandidatar (242).

Skolane arbeider med å leggje til rette for opplæring av og rådgiving til innsette med korte dommar. Det skjer ved realkompetansevurdering, korte arbeidskvalifiserande kurs, rådgiving og planlegging av utdanning etter avslutta soning.

For å få ei betre oppfølging av straffedømde etter avslutta soning er prosjektet Tilbakeføring gjennom arbeid, fritid og utdanning (TAFU) prøvt ut i Rogaland og Troms sidan 2009. Prosjektet har vore under leiing av Fylkesmannen i Hordaland. Dette er eit samarbeid mellom utdanningsstyresmaktene, kriminalomsorga, Nav, kommunane og frivillige organisasjonar. Med bakgrunn i evalueringsrapporten og erfaringar har Kunnskapsdepartementet i samarbeid med Justis- og beredskapsdepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet komme til at TAFU Rogaland skal førast vidare som eit permanent tiltak frå og med 2015, medan TAFU Troms avsluttast ved utgangen av prosjektperioden 2014. Det er sett ned ei arbeidsgruppe som skal utarbeide eit forslag til organisering av TAFU ved eventuelle utvidingar. Arbeidsgruppa blir leidd av Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Budsjettforslag for 2015

Regjeringa foreslår å auke soningskapasiteten ved eksisterande fengslar, sjå omtale i Prop. 1 S (2014–2015) for Justis- og beredskapsdepartementet. Som en følgje av dette foreslår departementet å auke løyvinga til opplæring i kriminalomsorga med 1,4 mill. kroner.

Post 69 Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma

Målet for tilskottsordninga er å kompensere kommunane for meirutgifter til nødvendige investeringar i skolebygg i samband med skolestart for seksåringar. Tilskottet dekkjer også meirkostnadene til inventar og utstyr. Den delen av lånet som gjeld inventar og utstyr, hadde ei nedbetalingstid på ti år. Nedbetalinga vart ferdig i 2007. Den samla investeringsramma var fastsett til 5 182,9 mill. kroner. Ordninga med kompensasjon for investeringar i skolebygg vil halde fram til og med våren 2017.

Per 31. desember 2014 er samla restgjeld på 548,5 mill. kroner, og per 31. desember 2015 vil restgjelda vere på om lag 336,2 mill. kroner. Investeringskompensasjonen er basert på den effektive renta på ni månaders statskassevekslar per 1. juli kvart år, med eit tillegg på 0,5 prosentpoeng. I 2014 var rentesatsen for ordninga to pst., og for 2015 er han fastsett til 1,8 pst.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 5,3 mill. kroner som følgje av endra renteføresetnader.

Post 70 Tilskott til opplæring av lærlingar og lærekandidatar med særskilde behov

Mål for 2015

Målet for tilskottsordninga er å stimulere lærebedrifter til å gi lærlingar og lærekandidatar med særskilde behov høve til å oppnå ei fagutdanning eller delar av ei fagutdanning. Særskilde behov viser her til lærlingar/lærekandidatar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet. I tillegg skal tilskottsordninga stimulere lærebedrifter til å gi kandidatar som er omfatta av forsøksordninga med praksisbrev, høve til å oppnå praksisbrev.

For å stimulere lærebedrifter til å teikne fleire lærekontraktar med minoritetsspråklege vart posten utvida i 2013 til òg å omfatte lærlingar og lærekandidatar med svake norskdugleikar og som har budd kort tid i Noreg.

Intensjonen bak tilskottsordninga er å gi ungdommar betre høve til å jobbe i det ordinære arbeidslivet.

Rapport for 2013

Tabellen under viser at talet på søknader har auka vesentleg i dei siste åra.

Tabell 4.3 Søknader i perioden 2007–13 fordelte på lærlingar og lærekandidatar

År

Tal på søknader

Lærlingar

Lærekandidatar

2007

97

97

0

2008

186

129

57

2009

278

159

119

2010

357

176

181

2011

326

122

204

2012

528

194

334

2013

551

214

337

Søknader om tilskott for lærekandidatar utgjorde i 2013 om lag 61 pst. av søknadene. Retningslinjene for tilskottsordninga vart endra frå 1. januar 2011 for å svare på den auka søknadsmengda og sikre ei likeverdig behandling av søkjarane til tilskottsordninga. Det er framleis ein auke i talet på søknader. Det store talet på søknader i 2013 førte til at storleiken på tilskottet vart redusert med om lag 21 pst. i høve til opphavleg sats for 2013 for kvar innvilga søknad.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår å føre vidare løyvinga på same nivå som i 2014.

Post 71 Tilskott til kunst og kulturarbeid i opplæringa

Mål for 2015

Tilskottsmottakarar er Norsk kulturskoleråd, Fellesrådet for kunstfag i skolen og Samarbeidsforum for estetiske fag med medlemsorganisasjonane deira.

Målet for tilskottsordninga er å bidra til auka kvalitet i kulturskolen og i arbeidet med kunst og kultur i grunnopplæringa. Midlane skal medverke til å finansiere drifta for tilskottsmottakarane. Tiltak som Norsk kulturskoleråd, Fellesrådet for kunstfag i skolen og Samarbeidsforum for estetiske fag er med på å finansiere, skal samla sett bidra til kvalitet for elevane og kompetanseheving for dei tilsette i kulturskolen og i grunnopplæringa. Vidare skal arbeidet til tilskottsmottakarane støtte opp om nasjonale satsingar og samarbeid mellom opplæringssektoren og kultursektoren, som Den kulturelle skolesekken er eit døme på.

Rapport for 2013

Følgjande større nasjonale/regionale prosjekt har fått midlar i 2013:

  • Programma KOM! Øst for Oslo, Akershus og Østfold fylke, og De unges arena for Buskerud, Telemark, Vestfold, Hedmark og Oppland. Alle programma har som overordna målsetjing å styrkje kulturskolane som lokale ressurssenter i kommunane. De unges arena har særleg merksemd på lokalt samarbeid om aldersgruppa 13–18 år.

  • Førebuing til Grunnlovsjubileet, mellom anna Ja vi elsker på Den norske opera, og ballett 17. mai og UNG 2014 i Trondheim, vart gjennomført av Norsk kulturskoleråd saman med mange av deira samarbeidspartar.

  • Norsk kulturskoleråd starta i 2013 opp utarbeiding av ny rammeplan for kulturskolen. Det vart halde dialogmøte med kommunane. Rammeplanens del I Kulturskolens samfunnsoppdrag og kapittel 2 Prinsipp og retningslinjer for kulturskoleverksemda vil vere klare i oktober 2014. I samband med dette arbeidet har Norsk kulturskoleråd starta ei revidering av heile det faglege arbeidet for å tilpasse dette til dei tre programområda i rammeplanen. Kompetanseheving i samarbeid med Stiftelsen IMTEC (International Movement Towards Educational Change) for å ruste Norsk Kulturskoleråd for arbeidet med implementering og oppfølging av rammeplanen inn mot eigarane deira, 418 kommunar i Noreg, vart gjennomført.

  • Den årlege konferansen for kulturskoleleiarar og nettverkskonferansen for skolerelatert forsking samt Kulturskoledagene, vart i 2013 gjennomført av Norsk kulturskoleråd i samarbeid med Noregs musikkhøgskole.

  • Norsk kulturskoleråd fortsette i 2013 sitt internasjonale arbeid gjennom EMU (European Music School Union).

  • I tillegg har midlane vore nytta til Ungdommens musikkmeisterskap, Musikkteknologi, Nasjonalt fagforum for dans, teater og visuelle kunstfag, leiarprogram, utlysing av utviklingsmidlar til kommunane og internasjonale samarbeidsprosjekt.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 7,1 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på post 74. Flyttinga gjeld øyremerkte tilskott til Fellesrådet for kunstfag i skolen og Samarbeidsforum for estetiske fag, for å samle alle tilskott til kunst- og kulturformål i opplæringa på ein post. Totalt foreslår departementet ei løyving på 25,6 mill. kroner på posten.

Post 72 Tilskott til internasjonale utdanningsprogram

Løyvinga på posten finansierer følgjande:

Kontingent til Cedefop

Cedefop er EUs utviklings- og informasjonssenter for yrkesopplæring. Aktivitetane som er underlagde Cedefop, har som mål å auke kunnskapen og kompetansen innanfor grunnleggjande yrkes- og profesjonsopplæring på alle nivå og betre kvaliteten på og tilgangen til etter- og vidareutdanning.

Nasjonal ekspert

Den nasjonale eksperten er tilsett ved Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU), og det er EU som disponerer eksperten etter avtale.

Det europeiske ungdomsparlamentet

Det europeiske ungdomsparlamentet (EUP) er ei parlamentssamling for ungdom frå over 30 land i Europa der globale og europeiske spørsmål blir diskuterte. Noreg har delteke i dei årlege sesjonane med ti ungdommar og to vaksne sidan 1995. Tilskottet til EUP skal dekkje utgifter til deltaking i EUP og drift av ein nasjonal komité. Ein del av løyvinga skal dekkje utgifter til informasjon om EUP, uttak av deltakarskolar og deltaking i nasjonale og internasjonale sesjonar i EUP.

Kontingent til Det europeiske språkrådet i Graz

Løyvinga dekkjer Noregs kontingent til Det europeiske språkrådet i Graz.

Mål for 2015

Gjennom EØS-avtalen deltek Noreg i alle EU-programma på området utdanning og opplæring. Midlane på denne posten skal dekkje bidraget frå Noreg til Cedefop, utgifter til nasjonal ekspert ved SIU (Senter for internasjonalisering av utdanning) og nasjonal drift av Det europeiske ungdomsparlamentet (EUP). Tilskottet medverkar til at Noreg tek del i forpliktande samarbeid på tvers av landegrensene for å oppnå internasjonalisering av norsk utdanning. Hovudformålet for samarbeidsaktivitetane er å utvikle kvaliteten, den interkulturelle dialogen og den europeiske dimensjonen i utdanningssystema i deltakarlanda. Frå 2013 omfattar posten også kontingent frå Noreg til Det europeiske språkrådet i Graz.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår ei løyving på 6,3 mill. kroner på posten. Dette er ein auke på 0,7 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2014 og skyldast hovudsakleg valutakursendringar.

Post 73 Tilskott til studieopphald i utlandet

Mål for 2015

Målet for tilskottsordninga er å leggje til rette for at ungdom frå Noreg kan få skolegang og studieopphald i utlandet. Dette skal gi dei betre kunnskap om kultur og språk i andre land og auka identitetsforståing. I tillegg skal ordninga gi fransklærarar frå Noreg høve til fagleg og kulturell oppdatering gjennom studieopphald i Frankrike. Vidare skal ordninga leggje til rette for internasjonale mobilitetsordningar i framandspråka fransk, tysk og spansk.

Rapport for 2013

Franske lycé

I 2013 gjekk til saman 57 norske elevar på dei skoletilboda som er omfatta av ordninga. Det kom inn 41 nye søknader for hausten 2013, og 20 elevar fekk plass. Noreg har kvart år høve til å sende totalt 22 elevar per årskull til skoletilboda i Frankrike.

Tyske stipend

I 2013 vart det gitt tyske stipend til 17 elevar fordelte på fem heilstipend og tolv delstipend. Det var ein norsk følgjelærar med delstipendiatane.

United World Colleges (UWC)

Hausten 2013 gjekk 79 elevar på United World Colleges (UWC) fordelte på to årskull. Det kom inn 139 nye søknader for hausten 2013, og 40 elevar fekk plass. Noreg har kvart år høve til å sende 40 elevar per årskull til skolane – 30 elevar til utlandet og ti til skolen i Noreg.

Trollstipend

I 2013 vart 23 søknader om gruppereise til Frankrike godkjende. Desse stipenda førte til at 413 elevar frå grunnskolen og den vidaregåande skolen fekk reise saman med 50 lærarar på studieopphald og skoleutveksling i Frankrike med støtte frå Trollstipend. Individuelle Trollstipend vart gitte til 17 lærarar.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår å auke løyvinga med 2,7 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon på kap. 226 post 21. Flyttinga gjeld midlar til internasjonale mobilitetsordningar i framandspråk. For dei andre tiltaka på posten foreslår departementet å føre løyvingsnivået vidare på same nivå som i 2014. Totalt foreslår departementet ei løyving på 13,8 mill. kroner på posten.

Post 74 Tilskott til organisasjonar

Mål for 2015

Formålet med tilskottsordninga er å stimulere private og frivillige organisasjonar til å setje i verk tiltak som på ulike måtar kan bidra til å nå sektormåla for grunnopplæringa, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Tilskottsmottakarar er frivillige og private organisasjonar, irekna ideelle aksjeselskap. Verksemda til organisasjonen må ha ein nasjonal verdi, og aktivitetar/tiltak må nå flest mogleg elevar og skolar.

Rapport for 2013

Følgjande organisasjonar har fått tildelt midlar over denne posten i 2013: Landslaget for nærmiljøskolen, Noregs Mållag, Kristent Pedagogisk Forum, Dissimilis kultur- og kompetansesenter, Norsk håndverksinstitutt, Elevorganisasjonen, Landslaget for Norskundervisning, Landslaget Fysisk Fostring i Skolen, Friluftsrådenes Landsforbund, Magasinett, Pirion, Foreningen Norden, Fellesrådet for kunstfagene i skolen (med medlemsorganisasjonar), Samarbeidsforum for estetiske fag (med medlemsorganisasjonar), Seanse, Redd Barna, Landslaget for mat og helse i skolen, First Scandinavia, Worldskills Norway, Ungt Entreprenørskap Norge, Skeiv Ungdom, Sex og Politikk, MOT, LLH – Rosa kompetanse skole, Norsk forum for skolemegling og Barnevakten.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår å flytte øyremerkte tilskott på 7,1 mill. kroner til Fellesrådet for kunstfag i skolen og Samarbeidsforum for estetiske fag til post 71 på kapitlet, for å samle alle tilskott til kunst- og kulturformål i opplæringa på ein post. Vidare foreslår departementet at tilskotta til Foreningen Norden og Norsk håndverksinstitutt på til saman 2,4 mill. kroner blir flytte til kap. 227 ny post 76. Desse organisasjonane kan ikkje direkte knyttast til arbeidet med å nå sektormåla i grunnopplæringa. Organisasjonane bidreg likevel til å føre vidare viktige verdiar i norsk samfunn og kulturliv, høvesvis innanfor nordisk samarbeid og norske handverkstradisjonar. For å sikre ei føreseieleg finansiering av arbeidet til organisasjonane foreslår departementet å samle tilskottet på ein ny post. I tillegg er midlar som organisasjonar for funksjonshemma kan søkje på, 1 mill. kroner, flytte frå kap. 230 post 01. Departementet legg til grunn at organisasjonar for funksjonshemma framleis skal få støtte. Vidare er løyvingsforslaget redusert med 3,5 mill. kroner. Totalt foreslår departementet ei løyving på 11,9 mill. kroner. I 2015 foreslår departementet å prioritere tilskott til organisasjonar som kan bidra til å styrkje dei grunnleggande dugleikane til elevane, og til organisasjonar som arbeider mot mobbing.

Kap. 3225 Tiltak i grunnopplæringa

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

53 719

73 882

69 297

Sum kap. 3225

53 719

73 882

69 297

Visse innanlandske utgifter til flyktningar kan i høve til statistikkdirektiva til OECD bli definerte som offentleg utviklingshjelp. Ein del av løyvinga på kap. 225 post 64 blir rapportert som utviklingshjelp. Kunnskapsdepartementet foreslår ei tilsvarande løyving over kap. 3225 post 04. Refusjon av ODA-godkjende utgifter er berekna til 69,3 mill. kroner i 2015.

Kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast

1 187 374

795 173

767 102

22

Videreutdanning for lærarar og skoleleiarar

563 600

1 033 944

50

Nasjonale senter i grunnopplæringa

74 371

93 559

96 163

60

Tilskott til kommunar og fylkeskommunar

37 204

38 432

39 662

62

Tilskott for auka lærartettleik

150 235

372 168

384 077

70

Tilskott til NAROM

10 409

7 668

7 921

71

Tilskott til vitensenter

35 353

44 090

48 920

72

Tilskott til utviklingsprosjekt i grunnopplæringa

1 975

2 070

Sum kap. 0226

1 496 921

1 916 760

2 377 789

For å bidra til høg kvalitet på grunnopplæringa i heile landet legg regjeringa stor vekt på å støtte og rettleie skolar og skoleeigarar gjennom kompetanse- og utviklingstiltak. Skoleeigarane har likevel hovudansvaret for kvalitetsutvikling av opplæringa i sine eigne skolar og i lærebedriftene. Kap. 226 omfattar statlege løyvingar til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa.

Løyvinga på postane 21 og 22 finansierer statlege og lokale prosjekt, medan løyvingane på postane 50, 60, 62, 70 og 71 finansierer tilskott til underliggjande statlege einingar, kommunesektoren eller andre mottakarar. Ansvaret for forvaltninga av midlane på kapitlet og gjennomføringa av tiltaka er i stor grad delegert til Utdanningsdirektoratet.

Det er godt dokumentert at lærarar og skoleleiarar treng kontinuerleg utvikling av kompetansen sin. Ein stor del av løyvingane under kapitlet går til kompetanseutvikling for lærarar og skoleleiarar samt andre tilsette med ansvar i grunnopplæringa.

Eit anna sentralt verkemiddel er å forbetre den lokale kapasiteten til kvalitetsutvikling gjennom statlege støttetiltak. Løyvingane under kapitlet finansierer derfor statlege skoleutviklingsaktørar som nasjonale senter og vitensenter, statlege kvalitetsutviklingsprogram, statleg initierte forsøk og prosjekt og stimuleringstilskott til lokale aktørar.

Løyvinga på post 21 finansierer vidare utvikling av læreplanverket for grunnopplæringa og kvalitetsvurderingssystemet for grunnopplæringa, som består av internasjonale undersøkingar, eit samanhengande nasjonalt prøve- og vurderingssystem, brukarundersøkingar, utdanningsstatistikk og forsking og evaluering. Løyvinga på post 22 finansierer vidareutdanninga for lærarar innanfor strategien Kompetanse for kvalitet og rektorutdanninga.

Delar av løyvinga på post 21 og 22 dekkjer utgifter til lønn og administrasjon i Kunnskapsdepartementet, Utdanningsdirektoratet og hos andre statlege aktørar som er knytte til drift av dei ulike prosjekta og tiltaka.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Omtalen av rapport, mål og budsjettforslag under kap. 226 post 21 må ein sjå i samanheng med omtalen av rapport, mål og budsjettforslag under kap. 220 postane 01 og 21. Drift av Utdanningsdirektoratet og generelle oppgåver som direktoratet har fått delegert til seg, sikrar og støttar tiltak som gjeld kvalitetsutvikling i grunnopplæringa.

Mål for 2015

Midlane på posten skal medverke til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa slik at sektormåla blir nådde, jf. omtale av desse i kategoriinnleiinga. Tilstandsvurderinga viser at grunnopplæringa har mange sterke sider. For å oppnå ytterlegare betring er det behov for å føre vidare tiltak som er sette i gang og ta nye grep for å styrkje kvaliteten i grunnopplæringa.

For å nå desse måla vil departementet i 2015 særleg prioritere kompetanseutvikling for tilsette i sektoren og statleg støtte til lokal kvalitetsutvikling.

Rapport for 2013

Kompetanseutvikling i grunnopplæringa

Skoleeigarane har ansvaret for å sikre nødvendig kompetanseutvikling for sine tilsette i grunnopplæringa, jf. § 10-8 i opplæringslova. Den statlege støtta til kompetanseutvikling i sektoren kjem i tillegg, til dømes ved endringar i kompetansekrav, implementering av reformer og oppfølging av avdekte nasjonale behov. I samband med omlegginga av allmennlærarutdanninga og krav til sterkare fagleg fordjuping i grunnskolelærarutdanninga er det vedteke nye krav i opplæringslova og i forskrift til lova om kompetanse for å undervise. Staten følgjer opp dette med støtte til kompetanseutvikling for tilsette i sektoren.

Vidareutdanning

Gjennom strategien Kompetanse for kvalitet. Strategi for etter- og videreutdanning 2012–2015 er det etablert eit system for vidareutdanning for lærarar og skoleleiarar. Strategien dekkjer fag og område med særleg nasjonale behov for vidareutdanning. Vidareutdanninga gir studiepoeng og blir tilbydd av høgskolar og universitet. Strategien inneber at lærarane får frigjort tid til å studere, ved at det blir gitt tilskott til skoleeigarar til å dekkje vikarutgifter. Frå 2009–10 til 2013–14 har deltakinga av lærarar i vidareutdanning auka med om lag 35 pst. Om lag 1 800 lærarar tok vidareutdanning i studieåret 2013–14. Måltalet var 1 850 deltakarar. I 2013 vart det nytta om lag 340 mill. kroner til vidareutdanning gjennom strategien Kompetanse for kvalitet.

Strategi for etter- og vidareutdanning av tilsette i PP-tenesta (2013–2018) har som formål å styrkje kompetansen til tilsette og leiarar i PP-tenesta og bidra til systemretta arbeid. Prioriterte område er organisasjonsutvikling og endringsarbeid, læringsmiljø og gruppeleiing, rettleiing og rådgiving, og leiarutdanning. Tilboda startar hausten 2014. I studieåret 2013–14 vart det utvikla vidareutdanningstilbod på dei prioriterte områda og i leiarutdanninga. I 2013 vart det òg tildelt midlar til etterutdanning på prioriterte område etter søknad frå kommunar og fylkeskommunar. Midlane skal bidra til at dei lokale PPT-kontora kan gjennomføre etterutdanning, ut frå både statlege prioriteringar og lokale behov. I 2013 vart det nytta om lag 8,6 mill til strategien. Satsinga blir evaluert.

Kompetanse for mangfold (2013–2017) er ei kompetansesatsing på det fleirkulturelle området. I 2013 vart det nytta om lag 28 mill. kroner til prosjektet. Satsinga inneber mellom anna satsing på andrespråksdidaktikk, vaksenpedagogikk, kunnskap om fleirspråklegheit og fleirkulturell pedagogikk. Målgruppa for satsinga er tilsette i barnehage, grunnskole, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring i tillegg til barnehageeigarar, barnehagemyndigheiter og skoleeigarar. Dessutan er universitets- og høgskolesektoren ei viktig målgruppe. I 2013–14 deltok til saman 160 barnehagar og skolar frå sju fylke. Tre universitets- og høgskolemiljø har fått eit særleg ansvar for kompetanseutviklinga i lærarutdanningane. Til saman sju universitets- og høgskolemiljø er involverte i satsinga i 2013–14. Dei arbeider med å utvikle sin eigen kompetanse, samtidig som dei er tilbydarar av kompetanse til barnehagar og skolar. Satsinga blir evaluert.

I studieåret 2013–14 fekk 40 barnehagelærarar og lærarar tilbod om vidareutdanning i teiknspråk, gjennom satsinga Tegnspråkpakken. Satsinga er eit samarbeid mellom Norges Døveforbund, Språkrådet og Kunnskapsdepartementet, og har som mål å styrkje statusen til norsk teiknspråk.

Etterutdanning

Ungdomstrinn i utvikling (2013–2017) er ei satsing på ungdomstrinnet for å gjere opplæringa meir praktisk og variert og for å styrkje opplæringa i rekning, lesing og skriving. Det er eit mål at elevane skal oppleve meistring, motivasjon og auka læring. Skolebasert kompetanseutvikling er ein viktig del av satsinga og skal medverke til at skolen blir ein lærande organisasjon. Måloppnåinga om deltaking er svært tilfredsstillande. For den første puljen var måltalet 250 skolar, medan 252 skolar deltok. 22 universitet og høgskolar har inngått samarbeid med skoleeigarar/skolar om skolebasert kompetanseutvikling i klasseleiing, rekning, lesing og skriving. Utdanningsdirektoratet har gjennomført 26 samlingar for skoleeigarar og skoleleiarar, ressurslærarar, utviklingsrettleiarar og kompetansemiljø (universitet og høgskolar og nasjonale senter). Delrapporten frå NIFU, som evaluerer ordninga, viser at skoleleiarar og skoleeigarar generelt er positive til ordninga. Skoleeigarar og skoleleiarar har tru på langtidsverknadene av satsinga mot meir variert praksis i undervisninga, betre pedagogisk praksis og at satsinga totalt sett blir vellykka. 85 pst. av skoleleiarane, uavhengig av om dei er med i satsinga eller ikkje, bruker nettressursane som er laga av Utdanningsdirektoratet. Desse kan nyttast til undervisninga for alle skoletrinna. Klasseleiing er det høgst prioriterte området blant skolane som deltek. Det viser at skolane tek leiing på alvor. Resultata viser òg at universiteta og høgskolane ser ut til å delta i den skolebaserte kompetanseutviklinga i stor grad gjennom bistand i utviklingsprosessar og gjennom presentasjonar og førelesingar.

Tilbakemeldingar frå samlingar viser at deltakarane stort sett opplever det faglege innhaldet og erfaringsdelinga som nyttig og relevant. Nasjonale senter har medverka til å utvikle pedagogiske nettressursar. Rapporteringar tyder på at ressursane er relevante og har gitt auka medvit om rekning, lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheiter i mange fag. I 2013 vart det nytta om lag 100 mill. kroner til prosjektet.

Ny GIV-prosjektet vart avslutta ved utgangen av 2013, men fylkeskommunane vart inviterte til å vidareutvikle og forsterke arbeidet med auka gjennomføringa også i perioden 2014–16. Alle fylkeskommunane takka ja til å delta vidare. Prosjektet hadde som mål å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring til 75 pst. innan 2015. Gjennomføringa har hatt ein svak auke på 1,3 prosentpoeng frå 2012 til 2013, frå 69,3 pst. til 70,6 pst. Dei endelege resultata av Ny GIV vil ikkje vere klare før i 2016.

Ny GIV har bestått av tre delprosjekt: Overgangsprosjektet (herunder FYR-prosjektet), Oppfølgingsprosjektet og Statistikkprosjektet.

Hovudelementa i Overgangsprosjektet har vore skolering av lærarar, intensivopplæring for svakt presterande elevar i 10. klasse og ulike former for sommaraktivitetar. I tillegg har dei vidaregåande skolane sett i gang fleire ulike tiltak retta mot denne elevgruppa. Totalt har om lag 5 000 lærarar frå grunn- og vidaregåande skolar delteke i etterutdanning i løpet av prosjektperioden. Dette er i tråd med målsetjinga. Skoleringa vart ført vidare i 2014 for lærarane på dei vidaregåande skolane. Det har vore gjennomført ei evaluering av intensivopplæringa i Ny GIV som førebels ikkje viser tydelege effektar for læringsutbyttet til elevane. Sjølv om deltakinga i og kvaliteten på kompetanseutviklinga har vore høg, viser evalueringa at lærarane i stor grad fører vidare sin vanlege undervisningspraksis sjølv om dei underviser i små grupper. Evalueringa viser at lærarane og skoleleiarane var svært nøgde med skoleringa, og at elevane opplevde den undervisninga dei fekk, som meir motiverande enn den ordinære undervisninga. Evalueringa viser likevel at dei organisatoriske endringane ved skolane som følgje av skoleringa har vore små.

Departementet starta i 2011 opp eit prosjekt for å betre yrkesrettinga av og relevansen i undervisninga i fellesfaga på dei yrkesfaglege utdanningsprogramma – Fellesfag, yrkesfag, relevans (FYR)-prosjektet. Prosjektet rettar seg mot alle elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram. Meir yrkesretting og større relevans i fellesfaga på dei yrkesfaglege utdanningsprogramma er viktig for å auke motivasjonen og faglege dugleikar hos elevane. I oppstarten av prosjektet var engelsk, norsk og matematikk omfatta, seinare vart naturfag innlemma. I alle fylke er det peikt ut ein eller fleire knutepunktskolar. Nøkkelelement i prosjektet er ulike former for kompetanseutvikling for lærarane, utvikling av læringsressursar og ulike metodiske grep som kan betre yrkesrettinga. Det er utvikla om lag 1 200 nettbaserte læringsressursar, som nå er produserte til bruk i arbeidet med yrkesretting og relevans.

Hovudelementa i oppfølgingsprosjektet gjennom prosjektperioden har vore samordning av tiltak frå utdanningssektoren og arbeidsmarknadssektoren (Nav), retta mot ungdom mellom 15 og 21 år som står utanfor opplæring og arbeid. Totalt har vel 950 tilsette i den fylkeskommunale oppfølgingstenesta (OT) og Nav lokalt delteke i felles etter- og vidareutdanningstilbod. Desse kompetansetiltaka har ført til ein meir fleksibel bruk av verkemidla overfor målgruppa. Talet på ungdom som kom i kompetansefremmande tiltak, dobla seg i prosjektperioden frå om lag 4 500 i juni 2010 til 9 000 i juni 2013. Vidare gjekk talet på ungdommar med ukjent aktivitetsstatus ned frå vel 8 000 i juni 2009 til 1 500 i juni 2013.

Det vart samla nytta om lag 152 mill. kroner til dei ulike tiltaka i Ny GIV i 2013.

Statleg støtte til lokal kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

Løyvinga finansierer statleg støtte til lokal kvalitetsutvikling i skolen. Dette gjeld ulike statlege kvalitetsutviklingsprogram og stimuleringstilskott.

Samfunnskontrakten for fleire læreplassar vart underteikna av utdanningsmyndigheitene og partane i arbeidslivet i april 2012. Intensjonen i kontrakten er å auke rekrutteringa til yrkesfaga. For perioden 2012–15 har partane tre hovudresultatmål: Talet på godkjende lærekontraktar skal auke med 20 pst. i 2015 samanlikna med nivået ved utgangen av 2011. Vidare skal talet på vaksne som tek fag- og sveinebrev, auke, og delen lærlingar som fullfører og består med eit fag- eller sveinebrev, skal òg auke. I 2013 har det vore ein auke på to pst. i talet på godkjende lærekontraktar. I 2013 vart det nytta om lag 18 mill. kroner til prosjektet. Samfunnskontrakten forpliktar alle partane i arbeidslivet til å setje i verk tiltak for å nå måla.

Frå statleg side er ei rekkje tiltak sette i verk og under utprøving. Mellom anna er det arbeidet med motivasjon og informasjon til nye lærebedrifter gjennom Lærlingløftet. I tillegg blir det prøvt ut vekslingsordningar i nokre fag der elevar i større grad kan veksle mellom opplæring i skole og opplæring i bedrift. Førebels deltek seks fylke i forsøket, med om lag ein klasse kvar. Forsøket blir utvida til fleire fylke i 2014. Frå skoleåret 2013–14 deltek alle fylkeskommunane i ei vidareføring og utprøving av hospitering for fellesfaglærarar og yrkesfaglærarar på yrkesfaglege utdanningsprogram og for faglege leiarar og instruktørar i lærebedrifter. Nokre fylkeskommunar har i tillegg valt å la rådgivarar og karriererettleiarar hospitere. Formålet er å medverke til ei meir praktisk og relevant opplæring for elevar og lærlingar. Direktoratet forventar at 800 deltakarar vil ha gjennomført ei hospitering fram til 1. juli 2014.

Rettleiarkorpset er eit tilbod til skoleeigarar og skolar som treng rettleiing for å betre læreprosessane i skolen. Målet med ordninga er å gjere skoleeigarar og skolane betre rusta til sjølve å drive utviklingsarbeid ut frå erkjende behov. I 2013 vart det inngått avtalar med 19 skoleeigarar med til saman 69 skolar. Rambøll har i samarbeid med Universitetet i Oslo gjennomført ei evaluering av tilbodet i 2012–13. Evalueringa viser at 94 pst. av skoleeigarane og skoleleiarane som har nytta tilbodet, meiner at ordninga har bidratt positivt til utviklingsarbeidet deira. Evalueringa har også identifisert nokre utfordringar: Rettleiingsperioden er relativt kort, og kommunane har i ulik grad lykkast med å spreie kompetanse og erfaringar innanfor kommunane. Det er også uvisst om dei kommunane og skolane som deltek i ordninga, er dei som treng det mest. I 2013 vart det nytta om lag 40 mill. kroner til prosjektet.

I 2013 vart det tildelt om lag 5 mill. kroner til lærarutdanningsinstitusjonane til tiltak knytte til rettleiing av nytilsette nyutdanna lærarar. Ei kartlegging utført av Rambøll i 2014 viser at ni av ti skolar med nyutdanna lærarar har innført ei rettleiingsordning. Midlane til arbeid med rettleiing av nyutdanna vart nytta i samanheng med midlar frå kap. 231 til rettleiing av nyutdanna barnehagelærarar. Det vil hausten 2014 bli sett i gang ei evaluering som vil undersøkje i kva grad rettleiingsordninga bidrar til å sikre ein god overgang mellom utdanning og yrke, og til å rekruttere, utvikle og halde på dyktige barnehagelærarar og lærarar.

Departementet har saman med KS starta eit prosjekt for å få meir kunnskap om den samla rapporteringa og dokumentasjonen frå skolane til ulike styresmakter, institusjonar og andre på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Prosjektet starta hausten 2013 og blir avslutta hausten 2014. Eit utval kommunar og fylkeskommunar vil bli tekne med i undersøkinga. Målet med prosjektet er å medverke til at skoleleiarar og lærarar opplever ein god balanse mellom krav til dokumentasjon og moglegheitene til å utnytte informasjonen til å forbetre si eiga leiing, undervisning og skolen som organisasjon.

Betre læringsmiljø vart i perioden 2009–14 etablert som den nasjonale strategien på læringsmiljøfeltet. Satsinga har utvikla og formidla forskingsbasert kunnskap og nettressursar som skolar og skoleeigarar kan bruke i det praktiske arbeidet sitt med læringsmiljøet til elevane. I 2013 vart det nytta om lag 22 mill. kroner til satsinga. Vidare er det gitt støtte til program mot mobbing og lokale prosjekt hos 50 skoleeigarar. Dei aller fleste skoleeigarar, skoleleiarar og lærarar anerkjenner den verknaden skoleleiing, klasseleiing og rolla til lærarane har for kvaliteten på læringsmiljøet til elevane, og fleire er interesserte i kompetanseutvikling på desse områda. Betre læringsmiljø og nasjonalt tilsyn med det psykososiale miljøet til elevane har medverka til å setje læringsmiljøet til elevane på den lokale dagsordenen. Satsinga kan òg ha gjort at mange skoleeigarar nå inkluderer læringsmiljøet i sine strategiar og handlingsplanar, men det varierer korleis planane blir følgde opp i praksis. PISA 2012 viser ei positiv utvikling når det gjeld læringsmiljøet i norsk skole. Resultata frå Ungdata-undersøkingane viser blant anna at den norske skolen har lykkast med å skape eit læringsmiljø som blir opplevt som positivt av det store fleirtalet av elevane, medan Elevundersøkinga og andre undersøkingar syner at det framleis er mange elevar som opplever mobbing og eit for dårleg læringsmiljø. Regjeringa ser alvorleg på dette og vil sikre alle elevar eit godt læringsmiljø gjennom eit kontinuerleg arbeid for å førebyggje og redusere mobbing.

Manifest mot mobbing vart underteikna av sentrale nasjonale partar for perioden 2010–14. Totalt 322 kommunar er med i samarbeidet, og 44 nye kommunar signerte lokale manifest i 2013. Gjennom kampanjen Vaksne skaper vennskap – saman vart det halde lokale arrangement på 34 pst. av skolane i landet. Om lag halvparten av skolane har gjennomført særskilde tiltak for eit betre oppvekst- og læringsmiljø og har brukt heimesida til partnarskapen som ein del av arbeidet med Manifest mot mobbing.

Kompetanseutvikling for kommunar og skolar som har vedvarande høge mobbetal over tid, seinare kalla Læringsmiljøprosjektet – målretta mot mobbing omfattar i første pulje 23 skolar fordelte på ti kommunar. Skolane vart valde ut etter ein analyse av resultata frå Elevundersøkinga og ei vurdering frå Fylkesmannen om kva for skolar som ikkje hadde kapasitet til å handtere utfordringane på eiga hand. Det er oppretta fire rettleiingsgrupper i regi av Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforsking. NOVA har fått i oppdrag å evaluere tiltaket. Sluttrapporten for første pulje kjem i januar 2015.

I 2013 vart forsøket med gratis deltidsplass på aktivitetsskolen ved Mortensrud skole i Oslo etablert. Forsøket skal leggje til rette for at fleire elevar får betre føresetnader for å lykkast på skolen og for å delta i nærmiljøet og oppleve nærmiljøet som attraktivt å bu i. Forsøket blir gjennomført innanfor ramma av områdesatsinga i Oslo Sør, og målet er om lag lik deltaking av elevar på aktivitetsskolen som gjennomsnittet for Oslo kommune. Statusrapporten per 2. desember 2013 frå Oslo kommune syner at Mortensrud så langt i forsøket har oppnådd noko høgre gjennomsnittleg deltaking enn for Oslo-skolen / Per 1. oktober 2013 hadde delen nye skolestartarar som søkjer seg til andre skolar enn Mortensrud, falle frå 45 pst. til 43 pst. frå same tidspunkt i 2012. Skolen har sjølv ambisjonar om at bortsøkinga frå Mortensrud skal bli redusert til 20 pst. i skoleåret 2016–17.

Som ein del av Groruddalssatsinga (2012–2016) gjennomfører Oslo kommune eit skoleutviklingsprosjekt i Groruddalen. Også i bydel Søndre Nordstrand blir det gjennomført tilsvarande prosjekt. Målet med prosjekta er å skape stabil utvikling som gir betring av elevresultata. I løpet av 2013 har prosjektskolane sett i verk rettleiings- og kompetansetiltak på bakgrunn av ståstadsanalysar, og dei har utarbeidd standardar for god undervisning. Dei nasjonale prøvene som vart gjennomførte hausten 2013, viser at fleire av prosjektskolane har færre elevar på dei lågaste nivåa enn i 2012.

GNIST (2009–14) er ein partnarskap mellom utdanningsmyndigheitene og partane i sektoren med mål om høgre status og auka rekruttering til læraryrket samt betre kvalitet i lærarutdanningane, lærarprofesjonen og skoleleiinga. Rekrutteringskampanjen Har du det i deg? vart ført vidare i 2013. Indikatorrapport 2013 viser framgang for statusen til læraryrket samt auka rekruttering til lærarutdanningane. I perioden 2008–13 har talet på kvalifiserte førstevalssøkjarar auka med 87 pst. for femårig integrert lærarutdanning, 46,1 pst. for faglærarutdanningane og 61,8 pst. for allmennlærar- og grunnskolelærarutdanningane. Tilsvarande auke for høgre utdanning alt i alt har vore 39,7 pst. i same periode. I 2013 vart det nytta om lag 12 mill. kroner til GNIST.

Tilskottet til karriererettleiing vart i 2013 fordelt likt til kvar av fylkeskommunane. Rapporteringa viser at det er skilnader mellom fylka i både omfang av og innhald i aktiviteten. For å stimulere til vidare utvikling og eit likare tilbod i heile landet har departementet i 2014 lagt om tilskottsordninga og flytt finansieringa til kap. 258 post 60. Sjå nærmare omtale under denne posten.

Struktur, læreplanar og vurdering

Hausten 2013 vart dei reviderte læreplanane i norsk, engelsk, matematikk, naturfag og samfunnsfag implementerte i grunnopplæringa. Revideringa av fellesfaga omfatta også dei parallelle planane for samiske elevar og særskilde planar for døve og tunghøyrde. Det er halde samlingar for skoleeigarar og skoleleiarar i kvart fylke der lokalt arbeid med læreplanar og grunnleggjande ferdigheiter var tema. I skoleåret 2013–14 vart seks nye valfag innførte. Det er til saman fjorten ulike læreplanar i valfag. For skoleåret 2013–14 valde flest elevar valfaga fysisk aktivitet og helse, sal og scene og design og redesign.

Forsøk med arbeidslivsfag som eit alternativ til framandspråk / språkleg fordjuping på ungdomstrinnet omfatta 82 kommunar og 133 skolar i 2013. Forsøksperioden er utvida frå 2013 til 2016, og alle kommunar kan starte med arbeidslivsfag. Tilbodet om arbeidslivsfag har ført til at fleire elevar vel dette faget framfor fordjuping i norsk/samisk og engelsk. Evalueringa av forsøket i 2013 syner at faget er ønskt av både skoleleiarar, lærarar, elevar og foreldre, og at arbeidslivsfaget langt på veg er utvikla i tråd med intensjonen.

Utdanningsdirektoratet har utvikla nye og revidert eksisterande læreplanar i fag- og yrkesopplæringa i tråd med råd frå partane i arbeidslivet. Direktoratet har endra læreplanane for elektrikar, matros og motormann, og utarbeidd læreplan i eit nytt lærefag, repslagarfaget. Læreplanane tredde i kraft i august 2013.

Det overordna målet for den nasjonale satsinga Vurdering for læring (2010–2014) har vore å vidareutvikle ein vurderingskultur og ein vurderingspraksis som har læring som mål. I løpet av den første fireårsperioden (2010–14) har 187 kommunar og alle fylkeskommunane og 47 private skoleeigarar delteke puljevis. I 2013 vart det nytta om lag 15 mill. kroner til prosjektet. Satsinga har oppnådd gode resultat. Forskingsrapportar, resultat frå Spørsmål til Skole-Noreg og Elevundersøkinga, samt tilbakemeldingar frå deltakarar i satsinga, viser mellom anna at arbeidet med elev- og lærlingvurdering fører til betre forståing av læreplanar, og at fleire skoleeigarar og skolar har utvikla ein felles vurderingskultur.

Kvalitetsvurderingssystemet for grunnopplæringa

Det nasjonale prøve- og vurderingssystemet omfattar nasjonale prøver, kartleggingsprøver, læringsstøttande prøver og karakterstøttande prøver. Dei nasjonale prøvene gir styringsinformasjon til nasjonale utdanningsmyndigheiter, skolar og skoleeigarar, og blir nytta som eit pedagogisk verktøy av lærarane. Kartleggingsprøvene, læringsstøttande prøver og karakterstøttande prøver skal avdekkje behov for oppfølging og tilrettelegging på elev- og skolenivå og vere til støtte for lærarane i vurderingsarbeidet. I skoleåret 2013–14 er det gjennomført nasjonale prøver på 5., 8. og 9. trinn i lesing og rekning og på 5. og 8. trinn i engelsk. Det er vidare gjennomført obligatoriske kartleggingsprøver i talforståing og reknedugleik på 2. trinn, i lesedugleik på 1., 2. og 3. trinn og i lesing og rekning som grunnleggjande dugleik på Vg1. I tillegg er det tilgjengeleg fleire frivillige prøver: kartleggingsprøver i digitale dugleikar på 4. trinn, kartleggingsprøve i engelsk for Vg1, læringsstøttande prøver i matematikk for 5.–10. trinn og i skriving for 5. og 8. trinn, og karakterstøttande prøver i naturfag og samfunnsfag på 10. trinn. Dei fleste prøvene er elektroniske og er samla i ein prøvebank der dei er lett tilgjengelege for skolane til bruk etter deira eige ønske. Læringsstøttande prøver i lesing og rekning for 6. trinn og i digitale dugleikar for 8. trinn er under utvikling.

I dei siste åra har Utdanningsdirektoratet arbeidd med å leggje grunnlaget for trendmålingar på dei nasjonale prøvene. Ein føresetnad for å berekne endring over tid er at nokre av dei sama oppgåvene blir brukte kvart år, og at desse oppgåvene, kalla ankeroppgåver, blir haldne hemmelege. Dei første resultata av berekning av endring over tid blir rapportert hausten 2015, men det er viktig å vere merksam på at det trengst tal for fleire år for å kunne fastslå ein trend.

Nye resultat frå TIMSS og PIRLS vart lagde fram i desember 2012, medan nye resultat frå PISA 2012 vart lagde fram i desember 2013, jf. omtale under tilstandsvurderinga i kategoriinnleiinga. Våren 2013 vart det gjennomført to nye internasjonale undersøkingar, Teaching and Learning International Survey (TALIS) og The IEA International Computer and Information Literacy Study (ICILS). Resultata frå TALIS vart lagde fram i juni 2014, og resultata frå ICILS blir lagde fram i november 2014.

Det finst lite forsking om kvalitet, innhald og relevans i dei studieførebuande utdanningsprogramma i vidaregåande opplæring, og om forholdet mellom vidaregåande opplæring og høgre utdanning. For å utvikle eit betre kunnskapsgrunnlag har departementet etablert eit forskingsprosjekt om studieførebuande utdanningsprogram og om forholdet mellom vidaregåande opplæring og høgre utdanning. Prosjektet blir avslutta i 2016.

Utviklinga av kvalitetsvurderingssystemet i fag- og yrkesopplæringa er ført vidare. Informasjon om gjennomføring, læringsmiljø, kvaliteten på opplæringa i lærebedriftene og overgangen til arbeidsmarknaden for nyutdanna fagarbeidarar skal inngå. Program for forsking på fag- og yrkesopplæringa er ført vidare. Forskinga, som blir gjennomført i samarbeid mellom NIFU, Fafo, Universitetet i Bergen og Høgskolen i Oslo og Akershus, konsentrerer seg om seks tema: læringsmiljø, innhald og vurdering, kvalitetsarbeid, gjennomføring og fråfall, fagopplæringa som inngangsport til arbeidslivet og eit heilskapleg kvalitetsvurderingssystem for fag- og yrkesopplæringa. Sluttrapport vil vere klar i 2015.

Elevar, lærlingar, lærebedrifter, lærarar og føresette skal kunne gi tilbakemelding om læringsmiljøet på skolen eller i lærebedrifta gjennom ulike brukarundersøkingar. Resultata frå brukarundersøkingane blir nytta av skolar, skoleeigarar og den statlege utdanningsadministrasjonen. Det blir arbeidd kontinuerleg for å auke deltakinga i brukarundersøkingane. Elevundersøkinga er obligatorisk å gjennomføre på 7. og 10. trinn i grunnskolen og for elevar på Vg1 i vidaregåande opplæring. I 2013 vart Elevundersøkinga revidert med mellom anna færre spørsmål og betre tilpassa spørsmål.

Samla vart det nytta om lag 160 mill. kroner til tiltaka i kvalitetsvurderingssystemet i grunnopplæringa.

Budsjettforslag for 2015

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på 767,1 mill. kroner over kap. 226 post 21 i 2015.

Budsjettforslaget inneber at løyvinga blir redusert med 4 mill. kroner, som gjeld lønn og administrasjon i Utdanningsdirektoratet. Løyvingsforslaget er vidare redusert med ytterlegare 4,1 mill. kroner som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar.

Løyvingsforslaget på posten er redusert med 31,3 mill. kroner som følgje av innføring av nøytral meirverdiavgift, jf. omtale under Hovudprioriteringar i del I. Utgiftene til dei enkelte tiltaka er oppgitt inkludert meirverdiavgift.

Løyvingsforslaget er redusert med 26,9 mill. kroner på grunn av flytting av midlar til andre postar. Dette gjeld følgjande:

  • Flytting av 15,8 mill. kroner til kap. 220 post 21 for å samle løyvinga til faste drifts- og utviklingsoppgåver i Utdanningsdirektoratet. Midlane gjeld ei søkjeplattform som vil gi brukarane til Utdanningsdirektoratet eit moderne og påliteleg verksemdssøk, drift og utvikling av portalen Skoleporten og drift, utvikling og distribusjon av obligatoriske og frivillige prøver.

  • Flytting av 7,2 mill. kroner til kap. 258 post 21, som går til drift av Kunnskapssenteret for utdanning.

  • Flytting av midlar til internasjonale mobilitetsordningar i framandspråk på til saman 3,1 mill. kroner. Av dette er 2,7 mill. kroner til ordningane flytte til kap. 225 post 73, medan 0,4 mill. kroner til forvaltninga av desse ordningane er flytte til Senter for internasjonalisering av utdanning, jf. kap. 280 post 50.

  • Flytting av 0,8 mill. kroner til kap. 719 Annet folkehelsearbeid, post 21 Spesielle driftsutgifter under Helse- og omsorgsdepartementet. Midlane skal bidra til ei permanent finansiering av Ungdata.

Kompetanseutvikling

Departementet vil halde fram med satsinga på ungdomstrinnet gjennom Ungdomstrinn i utvikling 2012–2017. Satsinga handlar om skolebasert etterutdanning i klasseleiing, lesing, skriving og rekning. Målet er at alle skolar med ungdomstrinn skal delta i løpet av strategiperioden. Departementet legg opp til at 300 skolar skal starte opp hausten 2015 og vil setje av om lag 160 mill. kroner til satsinga. Kompetanseutviklinga i klasseleiing blir sett i samanheng med satsinga på betre læringsmiljø i skolen.

Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap dokumenterer store utfordringar i den evna utdanningssystemet har til å møte mangfaldet av barn, unge og vaksne med eit tilpassa opplæringstilbod. Departementet vil føre vidare Strategi for etter- og vidareutdanning for tilsette i PP-tenesta (2013–2018), som skal gi til resultat at PP-tenesta jobbar meir systemretta og tettare innpå barnehagar og skolar gjennom tidleg innsats og førebyggjande arbeid. Departementet vil nytte om lag 38 mill. kroner til tiltaket i 2015.

Departementet vil føre vidare arbeidet med Tegnspråkpakken, eit samarbeid mellom Norges Døveforbund, Språkrådet og Kunnskapsdepartementet. Tegnspråkpakken inneheld tiltak som har som mål å styrkje statusen til norsk teiknspråk.

Departementet vil halde fram med satsinga på Kompetanse for mangfold. Frå 2015 blir seks nye fylke involverte i satsinga. Det er sett i gang ei følgjeevaluering av satsinga. Den første delrapporten blir levert i februar 2015.

Senter for IKT i utdanninga starta i 2014 arbeidet med å utvikle eit nettbasert vidareutdanningstilbod (MOOC) for lærarar i samarbeid med institusjonar i universitets- og høgskolesektoren. Det blir lagt opp til eit pilotforsøk med opp til 300 matematikklærarar på 5. til 7. trinn frå hausten 2015. Arbeidet med utvikling av tilbodet blir finansiert over kap. 226 post 21, medan sjølve utdanningstilbodet vil bli finansiert innanfor ramma av Kompetanse for kvalitet på kap. 226 post 22.

Statleg støtte til lokal kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

Regjeringa vil heve statusen til læraryrket og rekruttere gode lærarar. Dyktige lærarar skal ha undervisning som si hovudoppgåve. Samtidig skal det vere mogleg å ha ei fagleg karriereutvikling som lærar. Det er eit mål at alle lærarar, uavhengig av kvar dei er i karrieren, skal bruke kompetansen sin til å gjere ein forskjell i klasserommet og bidra i utvikling av skolen som organisasjon. Fleire karrieremoglegheiter for lærarar i skolen er òg viktig for å trekkje fleire av dei fagleg sterkaste til lærarstudiet i framtida. Departementet vil hausten 2015 gjennomføre pilotar med definerte spesialiststillingar/-funksjoner for lærarar. Innhald og ramma for stillingane vil bli drøfta med partane.

Det er behov for auka kompetanse og kapasitet på skoleeigarnivå for å analysere resultat og leggje gode strategiar for utvikling. I samarbeid med blant andre Kunnskapsdepartementet har KS utvikla programmet Den gode skoleeier. Det er eit viktig tiltak for å styrkje evna til å gjennomføre nasjonal utdanningspolitikk og drive skoleutvikling. Regjeringa vil støtte skoleeierprogrammet til KS økonomisk.

GNIST held fram i 2015 med vekt på det regionale GNIST-samarbeidet. Dette skal styrkje etter- og vidareutdanning, profesjonsutvikling, lærarutdanning, skoleleiing, skoleeigarskap og rekruttering og omdømmet til læraryrket og lærarutdanningane. Departementet vil produsere indikatorrapport, arrangere nasjonale møte og konferansar. Ei arbeidsgruppe i GNIST nasjonalt vil komme med forslag til eventuell utprøving av system for lærarvurdering i Noreg. Tildelinga til GNIST blir redusert med 4 mill. kroner til om lag 4 mill. kroner.

Departementet vil føre vidare samarbeidet med fylkeskommunane for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Ny GIV er avslutta som prosjekt, men mange av tiltaka i vidaregåande opplæring held fram og blir vidareutvikla til Program for bedre gjennomføring i videregående opplæring. Det nye programmet rettar seg mot elevar med høg risiko for fråfall og ungdom som står utanfor opplæring og arbeid. Det er identifisert kritiske fasar i vidaregåande opplæring der fylkeskommunane skal utvikle tiltak. Om lag 90 mill. kroner vil bli sette av til programmet i 2015. Midlane skal dekkje engasjement av 38 nettverksleiarar i fylkeskommunane, skolering av lærarar både i yrkesretting og i grunnleggjande dugleikar, og delvis frikjøp av ressurslærarar i arbeidet med yrkesretting og relevans. I tillegg skal skoletilsette med sosialpedagogiske oppgåver samarbeide i tverrfaglege team for å førebyggje fråfall, saman med andre yrkesgrupper i dei vidaregåande skolane. I tillegg varslar departementet at midlane på kap. 226 post 60 frå 2016 vil bli sette i samanheng med programmet.

Frå 2014 er det sett i gang ei omfattande skolering av lærarane på yrkesfag med deltaking av 900 lærarar. Intensjonen er at skoleringa skal halde fram også i 2015 og 2016. FYR-prosjektet vart overført til Utdanningsdirektoratet frå 1. juni 2014, og departementet tek sikte på å føre det vidare ut 2016.

Den særskilde skoleringa av lærarar på 5.–7. trinn i dei tre nordligaste fylka, som vart gjennomført i 2014, blir ikkje ført vidare.

Departementet vil følgje opp Yrkesfagløftet gjennom auka satsing på fleksibilitet, relevans og kvalitet i fag- og yrkesopplæringa, mellom anna gjennom oppfølging av Meld. St. 20 (2012–2013) På rett vei.

Som ein del av ei kompetansesatsing for yrkesfaglærarar får fylkeskommunane tilskott til å etablere faglege nettverk mellom skolar og verksemder. Arbeidet i nettverka kan omfatte hospitering, kursing, samlingar for å dele erfaring og kunnskap og samarbeid om utstyr. Målet med ordninga er at yrkesfaglærarar jamleg skal ha moglegheit til å delta i kompetansehevingstiltak. Det vil bli sett av 8 mill. kroner til dette tiltaket i 2015.

Tiltaka i samfunnskontrakten blir førte vidare i 2015 og omfattar hospitering for lærarar i vidaregåande skole og for faglege leiarar og instruktørar i lærebedrift, utprøving av vekslingsmodellar, alternativ til Vg3 i skole for dei som ikkje får læreplass, og betre og meir samarbeid mellom skole, skoleeigar og arbeidslivet. Det blir utvikla eit indikatorsystem for å følgje utviklinga i talet på læreplassar.

Departementet har i 2014 sett i gang forsøk med utprøving av modellar for kvalifisering mellom Vg2 og Vg3 i vidaregåande opplæring. Målgruppa er elevar som ikkje får læreplass, og elevar som ikkje har føresetnader for å gjennomføre Vg3 påbygging til generell studiekompetanse. Utprøvinga av modellar blir evaluert. Departementet vil føre vidare tiltaket også i 2015.

Forsøket med praksisbrev, eit toårig, praktisk opplæringsløp med mykje utplassering i bedrift, blir ført vidare. Departementet tek sikte på ei varig regulering i 2016. Inntil ei regulering er vedteken, held forsøket fram.

Regjeringa vil i 2015 lansere ein ny nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæringa. Strategien skal både heve det generelle kompetansenivået i realfag og få fleire elevar til å prestere på dei høgste nivåa.

Utvikling av såkalla realfagskommunar blir eit sentralt verkemiddel i den nye strategien. Det blir foreslått å setje av 19 mill. kroner til realfagskommunar på posten i 2015.

Realfagskommunane skal gjennom å ta eit heilskapleg og strategisk ansvar vise korleis skolar og kommunar i praksis kan lyfte seg ut av det realfagsproblemet norsk skole har. Det er ikkje beslutta kor mange realfagskommunar vi skal ha, men departementet skal rekruttere kommunar som har ulike føresetnader, ulike resultat og ulike erfaringar å byggje på. På denne måten kan erfaringane i større grad overførast til andre kommunar. Realfagskommunane må setje avgrensa og realistiske mål ut frå lokale føresetnader.

I Lektor 2-ordninga underviser fagpersonar frå arbeidslivet med realfagskompetanse i enkelttimar på ungdomstrinnet i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Departementet vil styrkje Lektor 2-ordninga, og auke tildelinga frå 7,5 til 14 mill. kroner.

Den naturlige skolesekken (DNS) er eit samarbeid mellom Klima- og miljødepartementet og Kunnskapsdepartementet. DNS skal gjennom kontakt med lokale frilufts- og miljøorganisasjonar medverke til at elevane får meir kunnskap om naturen og om berekraftig utvikling. Departementet vil føre vidare tiltaket også i 2015.

ENT3R er eit program der studentar i høgre utdanning gir undervisning og fungerer som rollemodellar i 10. klasse og Vg1. Hovudtemaet for ENT3R er matematikk, men universiteta tilbyr fysikk- og kjemigrupper i tillegg. Mellom 2 000 og 3 000 elevar bruker tilbodet i dag. Departementet vil føre vidare og styrkje tiltaket og aukar tildelinga frå om lag 2,5 til 5 mill. kroner.

Midlane til tiltak for nasjonale minoritetar vil bli nytta til utvikling av læremiddel i mellom anna kvensk/norsk-finsk og til å betre opplæringstilboda til og om dei nasjonale minoritetane.

Departementet vil føre vidare midlane til samiske tiltak i 2015. Midlane vil bli nytta til aktuelle utviklingstiltak på det samiske området. Vidare vil midlane bli nytta til arbeidet med den samiske fjernundervisninga. Departementet vil sjå til at det utviklast eit rammeverk for denne opplæringa. Midlane vil og bli nytta til vidare drift av den samiske læremiddeltenesten Ovttas/Aktan/Aktesne.

Departementet vil føre vidare midlane til eit skoleutviklingsprosjekt i Groruddalen og bydel Søndre Nordstrand. Tiltaka blir styrte av Utdanningsetaten i Oslo.

Departementet vil i 2015 etablere ei tilskottsordning for symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar. Det ble løyvd 1,5 mill. kroner til ei tilsvarande ordning i 2013, som eit eingongstiltak. Målet med tilskottet er å stimulere kommunane til å gi ei sårbar gruppe elevar symjeopplæring, slik at risikoen for ulykker blir redusert. Departementet vil setje av 7 mill. kroner til ordninga.

Satsinga Bedre læringsmiljø skulle opphavleg avsluttast i 2014. I påvente av utgreiinga frå Djupedalutvalget vil departementet forlengje perioden for satsinga ut 2015. I 2015 vil ein satse på å vidareutvikle og formidle forskingsbasert kunnskap og nettressursar som skolar og skoleeigarar kan bruke i det praktiske arbeidet sitt med læringsmiljøet til elevane. Tiltak og ressursar mot digital mobbing vil få særleg prioritet i dette arbeidet. Vidare blir Læringsmiljøprosjektet – målretta mot mobbing for kommunar og skolar som har vedvarande høge mobbetal over tid, ført vidare.

Det er dokumentert til dels store forskjellar mellom kommunane med omsyn til skoleutvikling, og at skoleeigarar og skolar som allereie fungerer godt, også er dei som oftast deltek i og har best nytte av statlege etterutdanningsprogram. Departementet vil etablere ei ordning med kompensatorisk bruk av den nasjonale rettleiarressursen for skoleeigarar som over tid viser utilfredsstillande resultat, og som manglar kompetanse og kapasitet til å utvikle lærande organisasjonar. Ved å rette ein særleg innsats mot dei svakaste skoleeigarane, som ikkje nødvendigvis er dei som søkjer om bistand, vil regjeringa bidra til å jamne ut desse forskjellane. Det er viktig at dette, som andre kompensatoriske statlege tiltak, ikkje er retta inn slik at det svekkjer insentiva og måla i kommunereforma i samband med styrking og profesjonalisering av skoleeigarrolla.

Prosjektet Et lag rundt læreren følgjer opp målsetjingane til regjeringa om eit godt læringsmiljø for elevane og skal medverke til at andre yrkesgrupper i skolen frigjer tid for lærarane. I 2013 starta arbeidet med å systematisere eksisterande kunnskap og utvikle modellar for systematisk bruk av andre yrkesgrupper. På grunnlag av rapporten, som prosjektet vil leggje fram i 2015, vil regjeringa vurdere ei mogleg pilotering av modellar og oppfølging gjennom effektevaluering.

Departementet vil føre vidare satsinga Vi sprenger grenser 2013–2017. Det overordna målet er å utvikle handlingskompetanse, slik at pedagogisk personale og føresette blir bevisste og aukar forventningane til læringsutbyttet til barn og elevar som har store, samansette lærevanskar og utviklingshemmingar. Satsinga er implementert i dei fire regionane i Statped.

Hausten 2014 vart tre av fire statlege heiltids grunnskoletilbod for hørselshemma avvikla. Departementet vil følgje opp med ei betre statleg deltidsopplæring, kompetanseutvikling i kommunane og ved interkommunalt samarbeid for at hørselshemma elevar skal få ei god fagleg, sosial og teiknspråkleg utvikling.

Struktur, læreplanar og vurdering

Departementet vil i 2015 følgje opp ei rekkje endringar i læreplanar og struktur varsla i Meld. St. 20 (2012–2013) På rett vei. I grunnskolen blir arbeidslivsfag innført som eit alternativ til framandspråk på ungdomstrinnet frå skoleåret 2015–16, men det skal vere frivillig for skolane å tilby faget. I samband med arbeidet med satsing på realfag skal tilbodet i fordjupingsfag (norsk, samisk og engelsk) utvidast med matematikk slik at skolane får moglegheit til å tilby elevane et alternativ til språkfag og arbeidslivsfag. Hensikta er å auke elevanes kompetanse i faget. Læreplanen for faget utdanningsval vil også bli revidert for å tydeleggjere eigenarten i faget og gi elevane betre innsikt i val av utdanning og yrke. Reviderte læreplanar og rettleiingar vil vere klare til skolestart hausten 2015.

Vidare vil departementet som ei oppfølging av Meld. St. 20 (2012–2013) På rett vei auke fleksibiliteten i vidaregåande opplæring ved å gi fylkeskommunar og vidaregåande skolar moglegheit til å endre plassering av fag frå skoleåret 2015–16. I studieførebuande utdanningsprogram i vidaregåande opplæring blir utdanningsprogram for medium og kommunikasjon omgjort frå yrkesførebuande til studieførebuande utdanningsprogram, og formgiving blir etablert som eit eige studieførebuande utdanningsprogram med nytt namn. I yrkesfaglege utdanningsprogram vil departementet auke moglegheitene for fagleg fordjuping gjennom endringar i faget prosjekt til fordjuping og ved å vurdere å dele opp felles programfag i Vg2 i valfrie programfag. Endringane i strukturen i vidaregåande opplæring blir innførte frå det tidspunktet departementet bestemmer.

Departementet har saman med partane i arbeidslivet starta arbeidet med ein gjennomgang av tilbodsstrukturen i fag- og yrkesopplæringa slik det vart varsla i Meld. St. 20 (2012–2013) På rett vei. Målet er å forbetre kvaliteten på opplæringstilboda, tilpasse tilboda til kompetansebehova til arbeidslivet, og auke verdien av fag- og sveinebreva. Parallelt vil ein hente inn kunnskap og forsking som skal gi eit godt grunnlag for å utvikle ein ny tilbodsstruktur i samsvar med kompetansebehova i arbeidslivet.

Det overordna målet for den nasjonale satsinga Vurdering for læring (2010–2014) har vore å vidareutvikle ein vurderingskultur og ein vurderingspraksis som har læring som mål. I Meld. St. 20 (2012–2013) På rett vei skriv departementet at ei nasjonal satsing skal førast vidare for å auke vurderingskompetansen til lærarane og instruktørane. Departementet ønskjer i den nye satsinga å styrkje samanhengen mellom undervegsvurdering og sluttvurdering. Arbeidet skal medverke til ein vurderingspraksis som gir elevar ei god og tilpassa opplæring, eit høgt læringsutbytte og ei rettvis sluttvurdering.

Kvalitetsvurderingssystemet for grunnopplæringa

Kvalitetsvurderingssystemet blir forvalta og utvikla vidare i 2015. Løyvinga blir nytta til utvikling av Skoleporten, brukarundersøkingar, statistikk og indikatorar og til deltaking i internasjonale undersøkingar. Vidare blir løyinga nytta til forsking og evaluering i grunnopplæringa. Dette gjeld også ei rekkje mindre kartleggingar, evalueringar og forskingsbaserte analysar av statlege tiltak som er under utprøving eller implementering. Innanfor løyvinga blir det nytta midlar til utvikling av eit kvalitetsvurderingssystem for fag- og yrkesopplæringa. Det blir samla nytta om lag 80 mill kroner til desse tiltaka på kap. 226 post 21. Midlar til drift av systemet blir òg løyvde over kap. 220 postane 01 og 21.

For å kunne møte utfordringane i grunnopplæringa vil den langsiktige satsinga på utdanningsforsking halde fram i 2015 gjennom det nye programmet FINNUT (2014–2023), som vart etablert etter samanslåing av programma Utdanning2020 og PRAKUT, jf. omtale under programkategori 07.50 Vaksenopplæring m.m.

Midlar til CEMO blir løyvde over denne posten. Sjå nærmare omtale under programkategori 07.50 Vaksenopplæring m.m.

Noreg skal delta i utvikling og pilotering av OECDs nye longitudinelle studie av Education and Social Progress (ESP). Studien vil kartleggje om, når og korleis skolen og andre læringsmiljø påverkar kognitive og ikkje-kognitive dugleikar, og kva dette har å seie for framtidsutsiktene til elevane med tanke på utdanning, jobb, helse og aktivt medborgarskap.

Andre tiltak

Løyvinga på posten blir òg nytta til drift av sekretariat for utval, tidsavgrensa prosjekt i den sentrale utdanningsadministrasjonen og til tilskott til offentlege aktørar som blir involverte i kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. Etter kunngjering blir ein mindre del av posten tildelt private aktørar. Dette gjeld organisasjonar som driv antimobbeprogram.

Utdanningsdirektoratet får fullmakt til å vurdere disponeringa av midlane på posten i samråd med departementet, innanfor den ramma som er foreslått over.

Post 22 Vidareutdanning for lærarar og skoleleiarar

Posten vart oppretta i statsbudsjettet for 2014 for å samle løyvingane til satsinga på vidareutdanning av lærarar og skoleleiarar.

Mål for 2015

Målet med løyvinga er å gjennomføre regjeringa si satsing på vidareutdanning for lærarar og skoleleiarar.

For å stimulere lærarar og skoleeigarar til å satse på vidareutdanning er det etablert ei vikar- og stipendordning for vidareutdanning for lærarar. I vikarordninga gir staten eit tilskott på 75 pst. av årsverkkostnaden på 600 000 kroner for vidareutdanning på 60 studiepoeng i matematikk og naturfag og 60 pst. av vikarutgiftene i andre fag. Gjennom stipendordninga får lærarar 100 000 kroner i stipend for vidareutdanning på 30 studiepoeng i prioriterte fag, med en særskilt prioritering av matematikk. I begge ordningane finansierer staten studieplassar til vidareutdanning ved universitet og høgskolar, mens skoleeigaren dekkjer kostnader i samband med reise, opphald, lærarmiddel og liknande.

Rektorutdanninga er eit deltidsstudium på 30 studiepoeng. Studieplassane er finansierte av staten. Målsetjinga er at den enkelte rektor skal bli i betre stand til å utføre leiaroppgåver i den praktiske kvardagen og få ei klarare forståing av rolla si som leiar. God skoleleiing er ein føresetnad for at skolen skal klare å utnytte kompetansen til lærarane. Rektorutdanninga vil bli ført vidare for ein ny periode frå 2015 til 2020 med i hovudsak det innhaldet og i den forma ho har i dag.

Regjeringa vil skjerpe kompetansekrava for undervisning i grunnskolen for alle lærarar som underviser i faga matematikk, engelsk, norsk, samisk og norsk teiknspråk i grunnskolen.

Ei slik endring av kompetansekrava vil gjere det nødvendig å auke kapasiteten i vidareutdanningstilbodet, særleg i faga norsk og engelsk, og å føre vidare den høge kapasiteten i matematikk etablert i 2014.

Den statlege satsinga på videreutdanning vil bli trappa opp for å leggje til rette for at kompetansekrava kan nåast i løpet av ein periode på i utgangspunktet ti år.

Rapport for 2013

I 2013 vart midlar til vidareutdanning av lærarar og skoleleiarar løyvde over kap. 226 post 21. Sjå rapport under denne posten.

Budsjettforslag for 2015

I 2015 foreslår departementet å auke innsatsen for vidareutdanning for lærarar med 500 nye plassar i vikarordninga og 1 000 nye plassar i stipendordninga frå og med hausten 2015. Nivået på skoleleiarutdanninga blir ført vidare på same nivå som i 2014. Dette inneber at totalt 5 050 lærarar og i alt 500 skoleleiarar kan starte med vidareutdanning hausten 2015.

Talet på plassar for lærarar som får tilbod om vidareutdanning i vikarordninga skal aukast med 500. Fordelinga av studieplassar mellom fag i vikarordringa vil skje med utgangspunkt i forslaget om innføring av kompetansekrav for undervisning i matematikk, norsk og engelsk. I tillegg er naturfag prioritert i fordelinga av studieplassar. Totalt inneber desse forslaga at satsinga på vikarordninga aukar med 64 mill. kroner.

For å stimulere til auka deltaking i vidareutdanning ut over tiltaka i Kompetanse for kvalitet vil regjeringa auke talet på lærarar som får stipend, frå 916 i 2014 til 1 750 i 2015. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til stipendordninga med 79,6 mill. kroner.

Løyvingsforslaget er auka med 310 mill. kroner som følgje av budsjetteffekten i 2015 av studieplassane som vart oppretta hausten 2014, jf. tilleggsproposisjonen til statsbudsjettet for 2014 og revidert nasjonalbudsjett 2014.

Totalt foreslår departementet ei løyving på 1 033,9 mill. kroner på posten. For å sikre best mogleg bruk av midlane til vidareutdanning legg departementet opp til ein viss fleksibilitet til å disponere mellom dei to ordningane ved behov. Kvart år er det nokre lærarar som melder at dei likevel ikkje tek imot studieplassen dei har fått tilbod om. Dette fråfallet har vore på om lag fem pst. kvart år i dei siste åra. For stipendordninga har vi ikkje erfaringstal for fråfall. Dette har ført til at det har vore eit årleg underforbruk av midlar til kompetanseutvikling. For å gi flest mogleg lærarar tilbod om vidareutdanning innanfor rammene legg departementet opp til å tilby studieplass til om lag fem pst. fleire lærarar enn talet på studieplassar.

Løyvingsforslaget på posten er redusert med 1,7 mill. kroner som følgje av innføring av nøytral meirverdiavgift, jf. omtale under Hovudprioriteringar i del I.

Kunnskapsdepartementet lyste ut ein konkurranse sommaren 2014 om utvikling av eit design på ei effektevaluering av vidareutdanning for lærarar. Ei eventuell gjennomføring av effektevalueringa kan ha til følgje at staten må gjere endringar i prinsippet for tildeling av studieplassar til søkjarar gjennom strategien Kompetanse for kvalitet i studieåret 2015–16. Dette kan vere nødvendig for å kunne dele inn søkjarar på ei tiltaksgruppe (dei som får vidareutdanning) og ei kontrollgruppe (dei som ikke får vidareutdanning) på ein måte som gjer det mogleg å vurdere effekten av vidareutdanninga. Avgjerda knytt til effektevalueringa vil bli teken hausten 2014.

Post 50 Nasjonale senter i grunnopplæringa

Løyvinga finansierer tilskott til dei nasjonale sentra i grunnopplæringa. Fagleg styring og oppfølging av sentra er delegert til Utdanningsdirektoratet. Vertsinstitusjonane (universitet og høgskolar) har ikkje ansvar for den faglege verksemda, men for dei administrative tenestene dei yter, jf. universitets- og høyskoleloven § 1-4 fjerde ledd.

Direktoratet sette i 2013 i gang ei ekstern evaluering av dei nasjonale sentra. Formålet var å sjå på om endringar i mandat, oppdrag og ansvarsområde har påverka det faglege arbeidet, organiseringa og drifta frå mandatrevisjonen i 2010 og til i dag. Direktoratet har fått i oppdrag å gi ei anbefaling til departementet om formål, økonomi og styringsstruktur ved dei nasjonale sentra innan utgangen av januar 2015. Anbefalinga skal leggje til grunn evalueringa og andre mindre utgreiingar. Departementet vil følgje opp dette arbeidet i 2015.

Mål for 2015

Dei nasjonale sentra skal medverke til at den nasjonale utdanningspolitikken blir sett i verk og gjennomført slik at barn, unge og vaksne kan få ei likeverdig og tilpassa opplæring av høg kvalitet i eit inkluderande fellesskap. Det er oppretta ti senter på sentrale fagområde:

  • Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (Høgskolen i Oslo og Akershus)

  • Nasjonalt senter for naturfag i opplæringen (Universitetet i Oslo)

  • Nasjonalt senter for matematikk i opplæringen (NTNU)

  • Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforskning (Universitetet i Stavanger)

  • Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Høgskulen i Volda)

  • Nasjonalt senter for fremmedspråk i opplæringen (Høgskolen i Østfold)

  • Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen (Universitetet i Nordland)

  • Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking (Høgskolen i Sør-Trøndelag)

  • Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforsking (Universitetet i Stavanger)

  • Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet i barnehager og skole (Høgskolen i Bergen)

Sentra skal hjelpe universitets- og høgskolesektoren og lærarutdanningsinstitusjonane i arbeidet med satsingar på kompetanseutvikling. Sentra skal betre kvaliteten på opplæringstilboda innanfor sine fagområde og for sine målgrupper. Sentra for fleirkulturell opplæring, matematikk i opplæringa, leseopplæring og leseforsking samt læringsmiljø og atferdsforsking har fått utvida målgruppa til òg å gjelde den pedagogisk-psykologiske tenesta.

Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet i barnehager og skole (Høgskolen i Bergen)

Det nye senteret for mat, helse og fysisk aktivitet i barnehagar og skole skal vere eit nasjonalt ressurssenter som skal medverke til at kunnskap om og rettleiing i korleis god ernæring og dagleg fysisk aktivitet kan vere ein naturleg integrert del av barnehage- og skolekvardagen.

Senteret skal setje søkjelyset på korleis ernæring og fysisk aktivitet kan vere naturleg integrert på tvers av fag, og særleg vere ein ressurs for faga mat og helse og kroppsøving.

Senteret skal bidra til å styrkje rolla til barnehagane og skolane som helsefremmande og førebyggjande arenaer for barn og ungdom, samt arbeide for å samordne den førebyggjande innsatsen, og utvikle og formidle kunnskap til bruk for barnehagar og skolar.

Rapport for 2013

Fleire av dei nasjonale sentra har medverka i arbeidet med nasjonale satsingar på lesing, realfag, rekning og matematikk, tiltaksplan for nynorsk og for programfag innanfor framandspråk. Utdanningsdirektoratet sette i gang ei ekstern evaluering av dei nasjonale sentra i 2013. Mellom anna syner tal frå 2012 at det er til dels store forskjellar når det gjeld kor mange skolar og skoleeigarar som har vore i kontakt med sentra. Formålet med evalueringa er å sjå på om endringar i mandat, oppdrag og ansvarsområde har påverka det faglege arbeidet, organiseringa og drifta frå mandatrevisjonen i 2010 og til i dag. For nokre av sentra har det vore samla opp økonomiske restmidlar gjennom fleire år. Desse restmidlane vart reduserte i løpet av 2013, og det blir arbeidd for ytterlegare reduksjon.

Budsjettforslag for 2015

Løyvingsforslaget er redusert med 0,5 mill. kroner som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar. Ut over dette foreslår departementet at løyvinga på posten blir ført vidare på same nivå som i 2014.

Post 60 Tilskott til kommunar og fylkeskommunar

Mål for 2015

Målet for løyvinga er å styrkje satsinga på tettare oppfølging av elevar med svake grunnleggjande dugleikar på obligatoriske kartleggingsprøver i Vg1, og av elevar med svake grunnleggjande dugleikar og høgt fråvær allereie på ungdomstrinnet. Tilskottet inngår som eit element i satsinga for at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring.

Frå 2016 vil midlane på denne posten bli sette i samanheng med Program for bedre gjennomføring i videregående opplæring.

Rapport for 2013

I tråd med St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja har departementet sidan 2009 gitt ei eiga løyving for tettare oppfølging av elevar i vidaregåande opplæring som har svake grunnleggjande dugleikar på kartleggingsprøver i Vg1, og elevar med svake grunnleggjande dugleikar og høgt fråvær allereie på ungdomstrinnet. Ein suksessfaktor ser ut til å vere tette relasjonar mellom lærar og elev og tett oppfølging av den einskilde. Midlane blir gitte for å styrkje kapasiteten i sektoren til å leggje til rette for overgangen mellom ungdomstrinnet og vidaregåande skole, og i vidaregåande opplæring. Rapportar frå fylkeskommunane viser stort mangfald i dei lokale tiltaka. Rapporteringa frå 2013 viser eit omfang med 229 tiltak retta inn mot grunnleggjande dugleikar, engelsk, læringsmiljø mv.

Budsjettforslag for 2015

Departementet vil i 2015 vurdere innretninga av posten med sikte på å sjå løyvinga i nærmare samanheng med satsinga Program for betre gjennomføring i vidaregåande opplæring, jf. kategoriomtalen. Departementet vil komme tilbake til dette i budsjettsamanheng. Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2014.

Post 62 Tilskott for auka lærartettleik

Løyvinga på posten finansierer ei fireårig forsøksordning med auka lærartettleik på det ungdomstrinnet som starta hausten 2013. Tilskottet går til kommunar med skolar som i skoleåret 2011–12 hadde ein gjennomsnittleg gruppestørrelse i ordinær undervisning på over 20 elevar per lærar på ungdomstrinnet, og som hadde grunnskolepoeng under snittet for landet.

Kommunane kan søkje om tilskott, og dei blir tildelte midlar til eitt eller fleire årsverk per skole ut frå storleiken på dei skolane som er omfatta av ordninga. Midlane skal gå til å auke lærartettleiken i ordinær undervisning ved desse skolane ut over ressursnivået slik dette var før tildeling av midlar.

Mål for 2015

Målet med tilskottsordninga er å styrkje lærartettleiken ved skolar som i skoleåret 2011–12 hadde gjennomsnittleg gruppestorleik på over 20 elevar per lærar på ungdomstrinnet og med grunnskolepoeng under snittet for landet.

Rapport for 2013

Tilskottet vart utbetalt til alle kommunane som søkte. Ordninga omfattar 573 nye lærarårsverk i 98 kommunar. Rapportane frå kommunane på bruk av midlar viser at dei i hovudsak er brukte i tråd med formålet. I dei tilfella der tilskottet ikkje er nytta i tråd med retningslinjene, vil midlane bli trekte tilbake.

Ordninga blir ikkje følgjeevaluert, men departementet følgjer med på ordninga mellom anna gjennom GSI og særskilt rapportering frå kommunane.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2014.

Post 70 Tilskott til NAROM

NAROM AS er eit nasjonalt senter og skolelaboratorium for alle utdanningsnivåa innanfor romrelatert opplæring.

NAROM nyttiggjer seg den etablerte infrastrukturen ved Andøya Space Center og forskingsstasjonen ALOMAR, som er eit atmosfæreobservatorium på Andøya. ALOMAR blir leidd av eit styre som er nemnt opp av Norsk Romsenter, og drifta er lagt under Andøya Space Center.

Mål for 2015

NAROM skal bidra til rekruttering til norsk romverksemd samt skape større interesse for real- og teknologifaga. Senteret skal òg arbeide med å få ein posisjon for Noreg innanfor internasjonalt samarbeid om romopplæring.

Målgrupper for tilskottsordninga er elevar og lærarar i grunn- og vidaregåande skole, studentar på relevante fagområde på høgre nivå, lærarstudentar, lærarar og lærarutdanningar samt internasjonalt samarbeid og prosjekt innanfor romrelatert opplæring.

Rapport for 2013

NAROM bruker tilskottet frå Kunnskapsdepartementet primært til aktivitetar som er knytte til grunnopplæringa. I 2013 er det initiert, utvikla og gjennomført i alt 74 ulike opplæringstiltak. Totalt har 3 035 lærarar, elevar og studentar frå grunnskolar, vidaregåande skolar og høgre utdanningsinstitusjonar over heile landet delteke i aktivitetane til NAROM i 2013. NAROM har òg medverka til og hatt ansvaret for utvikling av fleire nettbaserte læringsressursar. I 2013 fekk NAROM ei ekstraløyving på 3 mill. kroner i samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett til etablering av eit nytt lærings- og opplevingssenter, «Romskipet Aurora». Senteret skal tilby kunnskapsbaserte opplevingar mellom anna med å ta med deltakarar på virtuell tur i verdsrommet der realfaga og teknologi blir sette inn i ein opplevingssamanheng. Den primære funksjonen til romskipet skal vere kunnskapsformidling for elevar, studentar og lærarar.

Opplevingssenteret bidrar til å utvikle og utvide tilboda og verksemda til NAROM. Romskipet skal òg vere eit tilbod for folk flest i dei delar av året som målgruppa ikkje nyttar senteret.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2014.

Post 71 Tilskott til vitensenter

Eit vitensenter er eit populærvitskapleg lærings- og opplevingssenter for teknologi, naturvitskap og matematikk der besøkjande lærer ved å eksperimentere. Saman utgjer dei regionale vitensentra eit heilskapleg nasjonalt tilbod. Vitensentra er eit viktig verkemiddel for auka kunnskap i realfag og bidrar til å skape interesse for og rekruttering til eit kompetanseområde Noreg treng både nå og i framtida. Sentra fungerer som ei støtte og gir verktøy til skolane og lærarane i opplæringa og bidrar til oppfølging av nasjonale strategiar, slik som realfagsstrategien, jf. omtale av post 21. Tilbodet er knytt til læreplanar i realfag. Ni vitensenter er omfatta av Vitensenterprogrammet:

  • Jærmuseet – Rogaland

  • Nordnorsk vitensenter – Tromsø

  • Vitensenteret i Oslo v/Norsk Teknisk Museum

  • Vilvite – Bergen

  • Vitensenter, Vitenlaben – Grenland

  • Vitensenteret i Trondheim,

  • Vitensenteret innlandet – Gjøvik

  • Inspiria Science Center – Østfold

  • Sørlandet vitensenter

Mål for 2015

Målet med tilskottet er å medverke til å utvikle og sørgje for kvalitativ god drift av dei regionale vitensentra som eit tilbod til elevar, studentar, lærarar og foreldre samt allmenta.

Rapport for 2013

I 2013 fekk ni regionale vitensenter statleg støtte på totalt 44,1 mill. kroner. I 2013 var det 736 000 besøkjande for dei ni vitensentra samla. To av sentra har nyleg opna nye lokale, og ein reknar derfor med stor auke i besøkstalet i 2014.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 3,4 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 320 Allmenne kulturformål, post 74 Tilskudd til tiltak under Norsk kulturråd. Jf. omtale i Prop. 1 S (2014–2015) for Kulturdepartementet Midlane er knytte opp til Den kulturelle skolesekken og er bidrag til inngangspengar for skoleelevar. Utover dette blir løyvinga ført vidare på same nivå.

Post 72 Tilskott til utviklingsprosjekt i grunnopplæringa

Rapport for 2013

Følgjande organisasjonar har fått tildelt midlar over denne posten i 2013: Skeiv Ungdom, FIRST Scandinavia, MOT, Operasjon Dagsverk, Kirkelig Dialogsenter Stavanger, Syklistenes Landsforening, Norsk Forum for Skolemegling, UNICEF Norge og Forandringsfabrikken.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår å avvikle tilskottsordninga i 2015. Løyvinga på kap. 225 post 74 finansierer støtte til organisasjonar.

Kap. 227 Tilskott til særskilde skolar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

60

Tilskott til Moskvaskolen og Murmanskskolen

2 044

2 111

2 179

61

Tilskott til vaksenopplæring i Andebu kommune

4 644

4 797

4 951

62

Tilskott til Fjellheimen leirskole

5 533

5 716

5 899

70

Tilskott til Den franske skolen i Oslo

6 880

7 121

7 356

71

Tilskott til internatdrifta ved Krokeide vidaregåande skole

23 783

24 615

25 427

72

Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College

29 995

31 045

32 069

73

Tilskott til opplæring i Kenya

764

1 309

676

74

Tilskott til Signo grunn- og vidaregåande skole og Briskeby vidaregåande skole

37 120

38 649

41 324

75

Tilskott til opplæring i rusinstitusjonar

10 000

10 330

76

Tilskott til Foreningen Norden og Norsk håndverksinstitutt

3 587

Sum kap. 0227

110 763

125 363

133 798

Kap. 227 omfattar i hovudsak tilskott til skolar som ikkje har lovheimla rett til tilskott, men som departementet likevel ønskjer å støtte fordi verksemda ved skolane dekkjer viktige behov.

Post 60 Tilskott til Moskvaskolen og Murmanskskolen

Mål for 2015

Målet med tilskottsordninga er å gi elevar frå Noreg med kompetanse i russisk høve til å ta Vg3 ved norsk-russisk vidaregåande skole i Moskva (Moskvaskolen) eller i Murmansk (Murmanskskolen). Tilskottet til Moskvaskolen skal nyttast til å dekkje delar av pliktene til Akershus fylkeskommune i høve til avtalen med Det statlege russiske vitskapsakademiet om driftsstønad til Moskvaskolen. I 2013 vedtok fylkeskommunen ei gradvis avvikling av avtalen, og drifta ved Moskvaskolen tek slutt våren 2015. Tilskottet til Murmanskskolen går til Troms fylkeskommune og skal nyttast til drift av Murmanskskolen.

Rapport for 2013

I skoleåret 2013–14 var det ingen elevar frå Noreg som tok Vg3 ved Moskvaskolen. Elevar som søkte opptak ved Moskvaskolen hausten 2013, fekk tilbod om skoleplass ved Murmanskskolen. I skoleåret 2013–14 var det 13 elevar frå Noreg som tok Vg3 ved Murmanskskolen.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår at løyvinga for 2015 blir ført vidare på same nivå som i 2014.

Post 61 Tilskott til vaksenopplæring i Andebu kommune

Tilskottsordninga vart oppretta i 2012. Stiftelsen Signo har ein institusjon og ein skole for døvblinde og døve med tilleggsfunksjonshemmingar i Andebu kommune. Andebu kommune er ifølgje opplæringslova ansvarleg for å finansiere opplæring for vaksne som har meldt flytting til kommunen. Tilskottet skal dekkje ekstrakostnader kommunen har knytte til dette ansvaret, inkludert kostnadene til sakkunnige vurderingar.

Mål for 2015

Målet med denne ordninga er å medverke til at vaksne som bur ved Stiftelsen Signo i Andebu kommune, får vaksenopplæring dersom dei har behov for det.

Rapport for 2013

Av tilskottet på 4,6 mill. kroner som kommunen fekk overført i 2013, vart om lag 4,1 mill. kroner nytta til kjøp av vaksenopplæringstenester frå Signo og om lag 370 000 kroner til kjøp frå PP-tenesta. Resten gjekk til å finansiere utgifter knytte til administrative meirutgifter for Andebu kommune.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår at løyvinga for 2015 blir ført vidare på same nivå som i 2014.

Post 62 Tilskott til Fjellheimen leirskole

Mål for 2015

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at barn, unge og vaksne med psykisk utviklingshemming eller med lærevanskar kan få eit opphald ved Fjellheimen leirskole. Slik kan dei utviklingshemma få eit meiningsfylt tilbod om rekreasjon med tilpassa friluftsliv og sosial omgang i trygge omgivnader.

Rapport for 2013

Talet på deltakarar ved leirskolen i 2013 var totalt 942 personar.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår at løyvinga for 2015 blir ført vidare på same nivå som i 2014.

Post 70 Tilskott til Den franske skolen i Oslo

Noreg har inngått ein avtale med Frankrike som forpliktar Noreg til å gi eit årleg tilskott til Den franske skolen i Oslo, mot at Frankrike i eige land legg til rette for opplæring av lærlingar frå Noreg.

Mål for 2015

Målet med tilskottsordninga er å styrkje samarbeidet med Frankrike og stillinga til det franske språket i Noreg. På skolen går det elevar frå både Frankrike og Noreg, samt elevar frå mange andre land.

Rapport for 2013

I skoleåret 2013–14 hadde Den franske skolen i Oslo 263 elevar på barnetrinnet,153 elevar på ungdomstrinnet og 71 elevar i vidaregåande opplæring, totalt 487 elevar. Dette er ein auke på tolv elevar frå skoleåret 2012–13. I skoleåret 2013–14 var det ni lærlingar frå Noreg som fekk opplæring innanfor restaurant- og matfaget i Frankrike. På det nye programmet baccalauréat Bac Pro Cuisine var det seks elevar som starta hausten 2013, og tre elevar som gjekk andre året.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår at løyvinga for 2015 blir ført vidare på same nivå som i 2014.

Post 71 Tilskott til internatdrifta ved Krokeide vidaregåande skole

Mål for 2015

Målet med tilskottsordninga er å medverke til finansiering av drifta av internatet ved Krokeide vidaregåande skole og det sosialmedisinske hjelpeapparatet ved skolen. Skolen er eigd av Landsforeningen for hjerte- og lungesyke og tilbyr ein kombinasjon av yrkesretta opplæring og eit internt fysikalsk, medisinsk og spesialpedagogisk støtteapparat. Skolen er eit landsdekkjande tilbod, som er godkjend for 200 elevar og har plass til om lag 80–90 elevar på internatet.

Rapport for 2013

I 2013 var det 79 elevar på internatet om våren og 80 elevar om hausten.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår at løyvinga for 2015 blir ført vidare på same nivå som i 2014.

Post 72 Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College

United World Colleges (UWC) er ein internasjonal organisasjon som arbeider for å fremme fred og forståing gjennom utdanning. Stiftinga av den første skolen i Wales i 1962 var inspirert av utfordringar knytte til den kalde krigen. Det eksisterer i alt tolv UWC-skolar, og Røde Kors Nordisk United World College i Fjaler i Sogn og Fjordane (RKNUWC) er ein av desse. Skolen fører elevane fram til ein International Baccalaureate (IB)-eksamen.

Mål for 2015

Målet med tilskottsordninga er å medverke til finansiering av RKNUWC, slik at dei nordiske landa kan halde fram med å ha ein UWC-skole plassert i Noreg. I ei stadig meir globalisert verd er det viktig å leggje til rette for auka forståing mellom folk frå ulike land.

Rapport for 2013

I skoleåret 2013–14 hadde RKNUWC 199 elevar frå 96 land. 57 av elevane kom frå nordiske land, seks elevar frå Nord-Amerika, 17 elevar frå Vest-Europa utanom Norden, 30 elevar frå Afrika, 33 elevar frå Asia, 27 elevar frå Aust- og Sentral-Europa, åtte elevar frå Midtausten og 21 elevar frå Latin-Amerika. Elevtalet og fordelinga mellom kva regionar elevane kjem frå, har vore relativt stabile i dei siste åra.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår at løyvinga for 2015 blir ført vidare på same nivå som i 2014.

Post 73 Tilskott til opplæring i Kenya

Misjonærskolen i Kenya driv desentralisert undervisning for barneskoleelevar og har ei samarbeidsordning med internasjonale skolar for ungdomsskoleelevar.

Rapport for 2013

I skoleåret 2013–14 fekk fire elevar på barnetrinnet og to elevar på ungdomstrinnet undervisning lokalt i Kenya. Dette er same elevtal som i skoleåret 2012–13.

Budsjettforslag for 2015

Departementet meiner at det ikkje er grunnlag for å føre vidare ei tilskottsordning med eit så lite nedslagsfelt. Opplæringa som blir gitt under denne ordninga, har dessutan ein uklar status med omsyn til opplæringslova. Departementet foreslår å avvikle tilskottet frå og med skoleåret 2015–16. Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 0,7 mill. kroner i 2015.

Post 74 Tilskott til Signo grunn- og vidaregåande skole og Briskeby vidaregåande skole

Ordninga vart oppretta i 2012 i samband med at Signo grunn- og videregående skole (Signo) og Briskeby videregående skole (Briskeby) vart godkjende som private skolar for funksjonshemma elevar. Skolane får i tillegg til tilskottet over denne posten eit tilskott etter privatskolelova over kap. 228 post 75 i samsvar med elevtalet.

Mål for 2015

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Signo og Briskeby skal kunne gi eit tilbod av høg kvalitet til målgruppene sine. Målgruppene til Signo er døvblinde og døve med tilleggsfunksjonshemmingar, mens målgruppa til Briskeby er høyrselshemma elevar.

Rapport for 2013

Våren 2013 var det tre elevar på grunnskolenivå og 14 elevar på vidaregåande nivå ved Signo, og det var 37 heiltids- og elleve deltidselevar på vidaregåande nivå ved Briskeby. Hausten 2013 var det sju elevar på grunnskolenivå og elleve elevar på vidaregåande nivå ved Signo, medan Briskeby hadde 46 heiltidselevar og elleve deltidselevar på vidaregåande nivå.

Budsjettforslag for 2015

I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2014 vart det flytt 1,4 mill. kroner frå rammetilskottet til kommunane for å auke tilskottet til Signo. Dette er ein varig auke av tilskottet som skal finansiere kostnader til heimreiser for elevane som går på skolen. På bakgrunn av dette foreslår regjeringa å auke løyvinga på kap. 227 post 74 med 1,4 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 571 Rammetilskott til kommunar post 60 Innbyggjartilskott på budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Post 75 Tilskott til opplæring i rusinstitusjonar

Tilskottsordninga skal medverke til å føre vidare det heilskaplege opplæringstilbodet ved dei to rusinstitusjonane Tyrilistiftelsen og Stiftelsen Fossumkollektivet i Østfold og Hedmark. Posten vart oppretta i 2014. Tilskottet skal dekkje kostnader til opplæring som ligg utanfor ramma av opplæringslova, og som derfor ikkje ligg under ansvaret til fylkeskommunane.

Mål for 2015

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at bebuarar på dei to rusbehandlingsinstitusjonane får eit heilskapleg og individuelt tilrettelagt skole- og opplæringsførebuande opplæringsløp som er med på å gjere dei best mogleg i stand til å gå inn i og fullføre eit ordinært opplæringsløp i skole eller arbeidsliv.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår at løyvinga for 2015 blir ført vidare på same nivå som i 2014.

Post 76 Tilskott til Foreningen Norden og Norsk håndverksinstitutt

Foreningen Norden arbeider med å leggje til rette for at nordisk samfunn, kultur og språk får ein tydeleg plass i undervisninga gjennom heile grunnopplæringa. Foreningen Norden har som hovudmålsetjing å gi alle elevar ei nordisk oppleving i løpet av skolegangen, anten det er gjennom undervisning i nordiske tema eller gjennom møte med unge og vaksne frå dei andre nordiske landa.

Norsk håndverksinstitutt arbeider for å ta vare på og halde ved like gammal handverkskunnskap og er ein organisasjon som har eit mandat som strekk seg ut over innramminga for grunnopplæringa. Senter for immateriell kulturarv er ein del av Lillehammer museum og rommar Norsk håndverksinstitutt, som er den viktigaste delen av verksemda. I samanheng med at Noreg har ratifisert UNESCO sin konvensjon om immateriell kulturarv blir det særskilt lagt vekt på levande handverkstradisjonar. Arbeidet til Norsk håndverksinstitutt er eit viktig bidrag for å oppfylle intensjonen med konvensjonen.

Mål for 2015

Tilskottsordninga skal medverke til drift av Foreningen Norden og Norsk håndverksinstitutt.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår å flytte løyvinga til Norsk håndverksinstitutt på 1,4 mill. kroner til denne posten frå kap. 225 post 74 for betre å ta i vare ei føreseieleg finansiering av Norsk håndverksinstitutt. I tillegg er løyvinga styrkt med 1,2 mill. kroner til ei stipendordning til utvikling av gamle handverkstradisjonar.

Departementet foreslår å flytte 1 mill. kroner til Foreningen Norden frå kap. 225 post 74 for å sikre det arbeidet organisasjonen gjer med nordiske tema i opplæringa.

Samla blir det foreslått ei løyving på 3,6 mill. kroner på posten.

Kap. 228 Tilskott til private skolar o.a.

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

70

Private grunnskolar, overslagsløyving

1 524 066

1 601 993

1 701 414

71

Private vidaregåande skolar, overslagsløyving

1 317 831

1 410 920

1 468 254

72

Private skolar godkjende etter kap. 4 i vaksenopplæringslova, overslagsløyving

136 807

148 666

139 306

73

Private grunnskolar i utlandet, overslagsløyving

102 039

111 458

109 555

74

Private vidaregåande skolar i utlandet, overslagsløyving

23 702

25 858

27 166

75

Private skolar for funksjonshemma elevar, overslagsløyving

220 396

224 305

240 682

76

Andre private skolar, overslagsløyving

43 457

45 272

45 733

77

Den tyske skolen i Oslo, overslagsløyving

11 968

12 688

13 780

78

Kompletterande undervisning

39 334

43 360

34 461

79

Toppidrett

28 328

38 964

40 250

80

Privatskoleorganisasjonar

668

691

714

81

Elevutveksling til utlandet

1 720

1 780

1 839

82

Kapitaltilskott til friskolar, kapital- og husleigetilskott

10 000

10 330

Sum kap. 0228

3 450 316

3 675 955

3 833 484

Innleiing

Lov 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett til statstilskott (privatskolelova) skal medverke til at det kan bli oppretta og drive private skolar i Noreg, slik at foreldre og elevar kan velje andre skolar enn dei offentlege, jf. menneskerettsloven § 2 nr. 2. Lova gjeld godkjenning med rett til statstilskott for private grunnskolar og private vidaregåande skolar, og vilkår for å få slikt tilskott. Lova stiller mellom anna krav til kvaliteten på opplæringa.

Løyvinga på kap. 228 går til tilskottsordningar til private skolar som er godkjende etter privatskolelova eller vaksenopplæringslova. I tillegg blir det over dette kapitlet gitt tilskott til kompletterande undervisning, jf. privatskolelova § 6-4, Den tyske skolen i Oslo, toppidrett, privatskoleorganisasjonar og til elevutveksling i utlandet.

Satsane for tilskott til dei fleste private skolane byggjer på dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege skolen, jf. privatskolelova kap. 6. Satsane for 2015 er rekna ut på grunnlag av dei ressursane kommunane brukte til skole i 2013, rapporterte gjennom KOSTRA. Tilskottsgrunnlaget er korrigert for utgifter som er rapporterte i KOSTRA, men som ikkje skal vere med i grunnlaget for utrekninga av tilskottet fordi desse utgiftene gjeld kommunesektoren og ikkje dei private skolane. Satsane er justerte for ein venta pris- og lønnsauke fram til og med 2015. Nærmare informasjon om utrekningsmåten ligg på www.utdanningsdirektoratet.no.

Mål for 2015

Målet med tilskottsordningane er å oppfylle dei finansielle pliktene staten har overfor private skolar som er godkjende etter privatskolelova. Private skolar som er godkjende etter § 2-1 i privatskolelova og § 17 i kap. 4 i vaksenopplæringslova, har rett til tilskott og til å drive verksemd etter føresegnene i lova.

Rapport for 2013

Tabellen under viser korleis talet på elevar og private skolar som får tilskott, har endra seg frå skoleåret 2011–12 til skoleåret 2013–14. For grunnskolen gjeld tala frå elevteljinga 1. oktober. For vidaregåande skole gjeld gjennomsnittet av talet på elevar frå elevteljingane 1. oktober og 1. april.

Tabell 4.4 Private skolar, tal på skolar og elevar

Skoletype

Skolar

Elevar

2011–12

2012–13

2013–14

2011–12

2012–13

2013–14

Skolar for funksjonshemma elevar

10

12

14

543

639

666

Vidaregåande skolar godkjende etter kap. 4 i vaksenopplæringslova

31

31

31

1655

1381

1374

Andre private skolar

2

2

2

180

180

179

Vidaregåande skolar

75

74

75

12 378

12 682

12 901

Grunnskolar

157

171

180

15 008

15 996

16 845

Grunnskolar i utlandet

14

13

11

799

847

839

Vidaregåande skolar i utlandet

6

5

5

206

213

214

Sum

295

308

318

30 769

31 938

33 018

Hausten 2013 gjekk 2,7 pst. av grunnskoleelevane i private skolar i Noreg. Delen hausten 2012 var på 2,6 pst. Hausten 2013 gjekk 6,5 pst. av elevane på vidaregåande nivå i private skolar. Hausten 2012 var talet til samanlikning 6,9 pst.

For omtale av Utdanningsdirektoratets tilsyn med private skolar, sjå omtale under kap. 220.

Post 70 Private grunnskolar, overslagsløyving

Private grunnskolar som er godkjende etter privatskolelova, får tilskott tilsvarande 85 pst. av tilskottssatsen.

Budsjettforslag for 2015

På bakgrunn av oppdaterte elevtal, nye satsar og heilårsverknaden av avvikling av gratis frukt og grønsaker og ein gratis kulturskoletime, foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 99,4 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2014.

Post 71 Private vidaregåande skolar, overslagsløyving

Private vidaregåande skolar som er godkjende etter privatskolelova, får tilskott tilsvarande 85 pst. av tilskottssatsen.

Budsjettforslag for 2015

På bakgrunn av oppdaterte satsar og nye elevtal foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 57,3 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2014. Posten omfattar eit årleg tilskott til Kongshaug Musikkgymnas som kjem i tillegg til det beløpet skolen får etter privatskolelova, jf. St.prp. nr. 1 (2003–2004) for Utdannings- og forskingsdepartementet og Prop. 1 S (2013–2014) for Kunnskapsdepartementet. For 2015 foreslår departementet at skolen får 3,5 mill. kroner i særskilt tilskott.

Post 72 Private skolar godkjende etter kap. 4 i vaksenopplæringslova, overslagsløyving

Vaksenopplæringslova slår fast at satsane for tilskott til desse skolane skal reknast ut frå eit tilskottsgrunnlag tilsvarande kostnader per elev i offentleg skole. Satsane til desse skolane er knytte til tre av satsane for private vidaregåande skolar, med unntak av satsane til Norsk Yrkesdykkerskole. Dei tre satsane er knytte til utdanningsprogram for studiespesialisering, idrettsfag, og musikk, dans og drama. Vidaregåande skolar godkjende etter kap. 4 i vaksenopplæringslova får 75 pst. av tilskottssatsane.

Budsjettforslag for 2015

Eit nytt studium ved NISS Høyskole AS vart hausten 2013 akkreditert som høgskoleutdanning. Tilskottet for andre halvår 2014 til dette studiet vart flytt til kap. 260 post 70 frå kap. 228 post 72. Departementet foreslår å flytte 0,9 mill. kroner frå kap. 228 post 72 til kap. 260 post 70 for å kompensere for heilårsverknaden av tilskottet. Hausten 2014 er dei tre siste studia ved NISS akkrediterte som høgskolestudium. Med dette vil overgangsperioden frå vaksenopplæringsstudium til høgskolestudium vere fullført. Departementet foreslår på denne bakgrunnen å flytte 12,3 mill. kroner frå kap. 228 post 72 til kap. 260 post 70. På bakgrunn av flytting av tilskott, oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 9,4 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2014.

Post 73 Private grunnskolar i utlandet, overslagsløyving

Skolane får tilskott etter same grunnlag som private grunnskolar i Noreg, men satsen blir høgre da desse skolane ikkje er omfatta av ordninga med kompensasjon for meirverdiavgift. Posten omfattar òg avrekning mellom Noreg og Sverige for svenske elevar i norske skolar i utlandet og for norske elevar ved svenske private grunnskolar i utlandet.

Budsjettforslag for 2015

På bakgrunn av oppdaterte elevtal, nye satsar og heilårsverknaden av avvikling av gratis frukt og grønsaker og ein gratis kulturskoletime, foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 1,9 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2014.

Post 74 Private vidaregåande skolar i utlandet, overslagsløyving

Skolane får tilskott etter same grunnlag som private vidaregåande skolar i Noreg, men satsen blir høgre sidan desse skolane ikkje er omfatta av ordninga med kompensasjon for meirverdiavgift.

Budsjettforslag for 2015

På bakgrunn av oppdaterte satsar og nye elevtal foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 1,3 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2014.

Post 75 Private skolar for funksjonshemma elevar, overslagsløyving

Grunn- og vidaregåande skolar for funksjonshemma elevar får dekt 100 pst. av driftsutgiftene sine med statstilskott etter ein normalsats per elev, jf. privatskolelova § 6-1 fjerde ledd. Skolane får i tillegg statstilskott til husleigeutgifter på same nivå som i 2003, jf. Innst. O. nr. 80 (2002–2003).

Budsjettforslag for 2015

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 16,4 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2014.

Post 76 Andre private skolar, overslagsløyving

Posten omfattar tilskott til Sørlandet Seilende Skoleskibs Institution (MS Sjøkurs) og Unge Sjømenns Kristelige Forening (MS Gann). Skolane får tilskott per elev etter sats for utdanningsprogram for teknikk og industriell produksjon. Skolane får 85 pst. av tilskottssatsen. I tillegg får desse skolane eit fast tilskott som blir prisjustert kvart år.

Budsjettforslag for 2015

På bakgrunn av oppdaterte satsar og nye elevtal foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 0,5 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2014.

Post 77 Den tyske skolen i Oslo, overslagsløyving

Gjeldande avtale mellom Noreg og Tyskland om Den tyske skolen i Oslo vart godkjend av Stortinget 19. november 2009, jf. Innst. 43 S (2009–2010) og St.prp. nr. 92 (2008–2009) Om samtykke til inngåelse av en avtale mellom Norge og Tyskland om omgjøring av Den tyske skolen i Oslo – Max Tau til en tysk-norsk bikulturell skole. Utdanningsdirektoratet godkjende hausten 2010 Den tyske skolen i samband med den nye avtalen. Tilskottet til Den tyske skolen i Oslo er regelstyrt. Tilskottet blir rekna ut på same måte som tilskottet til private skolar som er godkjende etter privatskolelova, men med 54,4 pst. av tilskottssatsen.

Rapport for 2013

Hausten 2013 var det 240 elevar ved Den tyske skolen i Oslo – 115 elevar på barnetrinnet, 107 elevar på ungdomstrinnet og 18 elevar på studiespesialiserande utdanningsprogram på vidaregåande nivå. Dette utgjer ein auke på 17 elevar samanlikna med hausten 2012, da fordelinga var 144 elevar på barnetrinnet, 60 elevar på ungdomstrinnet og 19 elevar på studiespesialiserande utdanningsprogram på vidaregåande nivå.

Budsjettforslag for 2015

På bakgrunn av oppdaterte satsar og nye elevtal foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 1,1 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2014.

Post 78 Kompletterande undervisning

Tilskottsordninga medverkar til finansiering av kompletterande undervisning i norsk, samfunnsfag og religion, livssyn og etikk (RLE) for elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskolar.

Tilskottsmottakarar i ordninga er godkjende norske private grunnskolar i utlandet, svenske skolar i utlandet, nettskolar og internasjonale eller utanlandske grunnskolar i Noreg.

Rapport for 2013

Tabellen nedanfor viser at det dei to siste åra er fleire elevar enn tidlegare som vel nettundervisning.

Det går også fram av elevstatistikken at det i dei to siste åra har vore fleire elevar som får kompletterande undervisning ved internasjonale grunnskolar i Noreg enn i 2011.

Tabell 4.5 Tilskott til kompletterande undervisning

Elevtal

2011

2012

2013

Nettskolar

1 523

1 952

1 853

Internasjonale grunnskolar i Noreg

1 098

1 399

1 355

Svenske grunnskolar i Noreg

75

75

70

Undervisning gitt av foreldre eller i organiserte grupper

442

-

-

Sum

3 138

3 426

3 278

Tilskottordninga vart gjord om til ei rammestyrt ordning frå og med 2013, jf. Innst. 12 S (2012–2013) og Prop. 1 S (2012–2013) for Kunnskapsdepartementet. For å sikre at tilskottet blir halde innanfor gjeldande budsjettramme, har departementet endra retningslinjene for ordninga slik at tilskottet kan avkortast høvesvis for den einskilde tilskottsmottakaren dersom det samla timetalet det blir søkt om tilskott for, overstig løyvinga på posten. I tillegg har departementet fastsett endringar i berekningsreglane for nettskolane slik at dei får noko mindre utbetalt i tilskott per elev enn tidlegare.

Budsjettforslag for 2015

Internasjonale skolar i Noreg som er godkjende etter opplæringslova § 2-12, skal i utgangspunktet gi elevane sine opplæring i norsk, samfunnsfag eller RLE tilsvarande den opplæringa elevane kan få ved offentlege skolar. Skolane bør ikkje få tilskott til å gi ei opplæring som dei har plikt til å tilby, når skolane driv utanfor den statleg finansierte ordninga i privatskoleloven. Dersom ein internasjonal skole har bedt om fritak frå opplæring i norsk, samfunnsfag eller RLE, gir det ingen god samanheng at dei samstundes kan få tilskott til å gi slik opplæring.

Departementet foreslår å avvikle ordninga med tilskott til kompletterande undervisning for internasjonale skolar i Noreg som er godkjende etter opplæringslova § 2-12. Tilskottet til dei to utanlandske skolane som er godkjente etter opplæringslova § 2-12 blir ført vidare, jf. at desse skolane driv verksemda si på grunnlag av bilaterale avtalar som Noreg har med høvesvis Tyskland og Frankrike. I tillegg vil departementet fastsetje ei øvre grense for talet på elevar per skole som kan utløyse tilkott til kompletterande undervisning, slik at skolane får føreseielege rammar innanfor den rammestyrte ordninga. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 10 mill. kroner samanlikna med nivået i 2014.

I samband med arbeidet med ny friskolelov, sjå nærmare omtale i kategoriinnleiinga, vil departementet gjennomgå føresegna om kompletterande undervisning.

Post 79 Toppidrett

Ordninga gjeld skolar som i tillegg til godkjenninga etter privatskolelova er godkjende som toppidrettsgymnas av Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF). Ordninga omfattar følgjande skolar: NTG i Bærum, Geilo, Kongsvinger, Lillehammer og Tromsø, Wang i Oslo, Fredrikstad, Stavanger og Tønsberg, Telemark toppidrettsgymnas og Haugesund toppidrettsgymnas. Det blir gitt eit fast tilskott til kvar av desse skolane. Det er ein føresetnad at skolane har elevar på tilbodet om særskild tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett. Dersom det blir fleire godkjende skolar med tilbod om slik opplæring, og som samtidig blir godkjende av NIF, vil dei ikkje automatisk bli omfatta av ordninga med særskilt toppidrettstilskott. Tilskottsposten blir prisjustert kvart år. Nærmare informasjon om tilskott per skole ligg på www.utdanningsdirektoratet.no.

Mål for 2015

Målet med tilskottet er å medverke til at dei skolane som er omfatta av ordninga, kan leggje til rette for at toppidrettsutøvarar kan kombinere trening med vidaregåande opplæring.

Rapport for 2013

Hausten 2013 var det 2 385 elevar ved desse skolane. Til samanlikning var det 1 859 elevar ved desse skolane hausten 2012. To nye skolar vart omfatta av tilskottsordninga i 2013: Haugesund Toppidrettsgymnas og Wang Toppidrett Tønsberg. Departementet vurderer det slik at ordninga fungerer etter formålet, og meiner det ikkje er naudsynt med ei evaluering av ordninga no.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2014.

Post 80 Privatskoleorganisasjonar

Tilskott blir gitt til privatskoleorganisasjonar som har private skolar med rett til statstilskott som medlemmer.

Mål for 2015

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at privatskoleorganisasjonane kan drive med samordningsoppgåver for medlemsskolane sine.

Rapport for 2013

I 2013 fekk fem privatskoleorganisasjonar tilskott ut frå at dei til saman hadde 242 godkjende medlemsskolar.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2014.

Post 81 Elevutveksling til utlandet

Statstilskott etter privatskolelova kan ikkje nyttast til elevutveksling til utlandet. Denne tilskottsordninga gjeld for utveksling til utlandet for elevar i private vidaregåande skolar med rett til statstilskott. Skolane kan søkje om støtte til administrasjon, oppfølging av og tilrettelegging for elevutveksling. Tilskottet kan bli gitt til godkjende samarbeidsprosjekt mellom norske private vidaregåande skolar med rett til statstilskott og utanlandske skolar. Følgjande private vidaregåande skolar er godkjende for å kunne bli tildelte slikt tilskott: Danielsen videregående skole i Bergen, Heltberg Private Gymnas i Oslo og Drottningborg videregående skole i Grimstad.

Mål for 2015

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at skolane som er omfatta av ordninga, kan tilby elevutveksling i utlandet.

Rapport for 2013

I 2013 fekk kvar av skolane eit basistilskott på 100 000 kroner. Resten av tilskottsmidlane vart fordelte etter talet på elevar innanfor ordninga. Skolane har søkt om tilskott for totalt 76 elevar for skoleåret 2013–14. Til samanlikning fekk skolane tilskott til 80 elevar i skoleåret 2012–13.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2014.

Post 82 Kapitaltilskott til friskolar, kapital- og husleigetilskott

Tilskottet vart oppretta i 2014. Private grunn- og vidaregåande skolar i Noreg som får driftstilskott under kap. 228 postane 70 og 71, er omfatta av ordninga. Tilskottet blir fordelt til desse skolane høvesvis etter talet på elevar per 1. oktober 2014.

Mål for 2015

Målet med tilskottsordninga er å medverke til å dekkje husleige- og kapitalutgifter for private grunn- og vidaregåande skoler i Noreg som får driftstilskott under kap. 228 postane 70 og 71.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2014.

Kap. 229 Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

27 505

22 778

23 191

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

1 070

1 096

1 128

Sum kap. 0229

28 575

23 874

24 319

Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga på postane går til drift av Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar.

Fagskolen har elevar og studentar fordelte på tre hovudretningar: blomsterdekoratør-, gartnar- og anleggsgartnarfaglege utdanningsprogram. Vea er NOKUT-godkjend tilbydar innanfor fagområdet grøn design og miljøfag og har i dag sju ulike fagskoletilbod på fagområdet.

Skolen skal framleis gi tilbod på vidaregåande nivå for elevar frå ulike fylke når fylkeskommunen betaler for det, jf. kap. 3229 post 61. I tillegg gir skolen tilbod om vaksenopplæring på vidaregåande nivå.

Mål for 2015

Den fremste målsetjinga til Vea er å utdanne kompetente yrkesutøvarar som bransjen og næringa treng på grøne fagområde. I 2015 skal Vea halde fram med arbeidet med å utvikle ei fagskoleutdanning med god kvalitet, auke talet på studentar gjennom fleksible og tilpassa studieopplegg, heve kompetansen hos tilsette og utvikle fagleg samarbeid med nasjonale og internasjonale miljø.

Rapport for 2013

Tal for opptak hausten 2013, med teljedato 1. oktober, viser at Vea samla har 126 elevar og studentar som tek utdanning på heiltid og deltid. Det er ein nedgang i talet på elevar og studentar med 30 samanlikna med året før.

I skoleåret 2012–13 var det fire heiltidsstudentar på fagskolenivå. Det var 47 deltidsstudentar på fagskolenivå.

I skoleåret 2012–13 var det 64 deltidsstudentar og elleve heiltidsstudentar som tok vaksenopplæring på vidaregåande nivå. I tillegg tok tre av elevane i vidaregåande opplæring Vg2 blomsterdekoratør gjennom fylkeskjøpte plassar.

Regjeringa har sett ned eit fagskoleutval, jf. programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning. Regjeringa vil sjå Vea i samanheng med andre fagskolar og vil vurdere det statlege eigarskapet til Vea etter at fagskoleutvalet har lagt fram innstillinga si innan utgangen av 2014.

Budsjettforslag for 2015

Løyvingsforslaget på post 01 er redusert med 117 000 kroner som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar. I tillegg foreslår departementet at løyvinga på post 01 blir redusert med 250 000 kroner som eit ledd i effektivisering av offentleg forvalting. Departementet foreslår at løyvinga på post 45 blir førte vidare på same nivå som i 2014.

Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3229 postane 02 og 61, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3229 Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

02

Salsinntekter o.a.

5 098

1 637

1 683

15

Refusjon arbeidsmarknadstiltak

152

16

Refusjon foreldrepengar

118

18

Refusjon av sjukepengar

996

61

Refusjon frå fylkeskommunar

1 158

1 069

1 103

Sum kap. 3229

7 522

2 706

2 786

Post 02 gjeld inntekter frå mellom anna kurs og vaksenopplæring, sal frå kantine, hybelutleige og betaling frå heimeskolane for fjernundervisning. Post 61 gjeld betaling frå fylkeskommunar for kjøp av opplæringsplassar ved skolen Løyvingsforslaget på post 02 er redusert med 8 000 kroner som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar. Elles foreslår departementet å føre løyvingane vidare på same nivå som i 2014.

Kap. 230 Statleg spesialpedagogisk støttesystem

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

649 570

623 407

637 555

21

Særskilde driftsutgifter

41 279

58 410

60 036

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

1 289

8 400

8 644

Sum kap. 0230

692 138

690 217

706 235

Statped (Statleg spesialpedagogisk støttesystem) er ei verksemd underlagd Utdanningsdirektoratet og er statens verkemiddel for å støtte kommunar og fylkeskommunar i deira arbeid med å nå sektormåla og realisere samfunnsmandatet for grunnopplæringa for barn, unge og vaksne med særskilde behov.

Statped gir spesialpedagogiske tenester på individ- og systemnivå til kommunar og fylkeskommunar og spreier spesialpedagogisk kompetanse og forskingsbasert kunnskap om likeverdig, tilpassa og inkluderande opplæring.

I perioden 2012–16 er Statped under omstilling. Omstillinga er ei oppfølging av Stortingets handsaming av Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap.

Post 01 Driftsutgifter, post 21 Særskilde driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga gjeld drift av Statped, inkludert ventelønn og lønn etter rettsvilkårsavtalen for overtalige. I tillegg blir det over post 01 gitt midlar til internasjonalt samarbeid m.m., drift av Utdanningsdirektoratets råd for likeverdig utdanning og utgifter til nasjonal koordinator i Utdanningsdirektoratet for The European Agency for Special Needs and Inclusive Education.

Mål for 2015

Statped skal arbeide etter følgjande mål i 2015:

  • Vere ein tydeleg og tilgjengeleg ytar av spesialpedagogiske tenester til kommunar og fylkeskommunar. Alle kommunar og fylkeskommunar skal få likeverdig tilgang til tenester frå Statped.

  • Vidareutvikle spisskompetanse innanfor spesialpedagogiske fagområde og vere ein bidragsytar til kunnskaps- og kompetansespreiing om likeverdig, tilpassa og inkluderande opplæring på desse områda.

  • Statped skal arbeide ut frå ein heilskapleg FoU-strategi for prioritering av område for forskings- og utviklingsarbeid på det spesialpedagogiske området, forankra i eit samarbeid med universitet og høgskolar.

I 2015 vil arbeidet med omorganiseringa av Statped halde fram. Statped skal bli ein meir einskapleg organisasjon som bruker kompetansen i organisasjonen på ein meir heilskapleg måte både i tenesteytinga og i kunnskapsutviklinga. Eit viktig arbeid blir å vidareutvikle samarbeidet med kommunar og fylkeskommunar og gjere fordelinga av ansvar og oppgåver tydelegare samt avklare kompetansebehov i kommunesektoren. Statped skal leggje vekt på å utvikle fleirfaglege tenester i tråd med dei behova kommunane og fylkeskommunane har. Statped skal i større grad enn tidlegare arbeide systemretta mot PP-tenestene i dei respektive regionane og skape eit godt samarbeid med kommunar og fylkeskommunar for å utnytte og utvikle kompetansen i kvar region.

Rapport for 2013

Tenesteyting

Statped har i 2013 i hovudsak klart å få den nye organiseringa til å fungere, samstundes med at verksemda har halde oppe tenestene på om lag same nivå som tidlegare.

I 2013 har Statped utarbeidd ein publikasjon som omhandlar dei seks fagområda Statped gir tenester på, og korleis fagkompetansen skal nyttast. Denne vil danne grunnlag for informasjon til brukarar, skole- og barnehageeigarar og samarbeidspartar som universitet, høgskolar og helseinstitusjonar.

Det har vore eit godt samarbeid med brukarorganisasjonane i 2013, og Statped har saman med organisasjonane utarbeidd retningslinjer for brukarmedverknad. Felles retningslinjer for handtering av oppdrag i Statped vart innført 1. januar 2013. Retningslinjene tek omsyn til prinsippet om lik tilgang til tenestene frå Statped, og dei omfattar både individ- og systemtenester. Retningslinjene skal sikre at sakshandsaminga av søknader skjer på ein effektiv og einskapleg måte, som bidrar til likeverdige tenester til heile landet, i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og styringsdokument. Sjølve søknadsprosessen har no betre kvalitet enn tidlegare. I tillegg har etaten oppnådd auka kvalitet i registrering av tenestene. Likevel arbeider Statped framleis med å sikre heilt lik praksis i heile etaten. Dei nye rutinane for registrering fører til at kvaliteten på statistikken på nokre område er usikker, noko som påverkar moglegheita for samanstilling av tal på tenester frå 2013 med tidlegare år.

Tabell 4.6 Talet på tenester innanfor kategoriane utgreiingar, rådgiving/rettleiing og søknader

Tal per type teneste

2012

2013

Utgreiingar

3 607

4 586

Rådgiving/rettleiing

5 370

5 381

Søknad om individbaserte tenester

2 122

1 968

Søknad om systembaserte tenester

143

303

Tabellen ovanfor viser at tenesteproduksjonen i Statped er halden på tilsvarande nivå som i 2012, samstundes som etaten har brukt store ressursar på omstilling og tilpassing til ny organisasjon. Tabellen ovanfor viser at talet på utgreiingar er større enn talet på søknader. Ei av årsakene til differansen er blant anna at utgreiingar kan gå over lengre tid, slik at ein søknad og påfølgjande teneste ikkje alltid kjem i same år. I tillegg kjem dei utgreiingane som er gjorde etter tilvising frå helseføretaka. Desse sakene blir ikkje registrerte som søknader, og medverkar dermed til at talet på søknader er lågare enn talet på utgreiingar. Som ei følgje av ny organisering har Statped i 2013 registert talet på saker som er sende mellom regionane. Totalt er 135 saker sende frå ein region til ein annan.

Statpeds skolar for høyrselshemma i Bergen, Oslo og Holmestrand er avvikla etter skoleåret 2013–14, i tråd med Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap. Statped har i 2013 arbeidd med å førebu desse endringane, blant anna gjennom å samarbeide med dei aktuelle kommunane og gjennom å utvikle ein modell for ei ny og betre deltidsopplæring for høyrselshemma. A.C. Møller skole i Trondheim og Skådalen skole for døvblindfødde i Oslo skal førast vidare.

Ved skolestart hausten 2013 var det 48 heiltidselevar ved dei statlege grunnskolane. Talet på heiltidselevar har vore stabilt sidan hausten 2011. Av desse går 24 elevar på Skådalen døvblindeskole og AC Møller som skal førast vidare som statlege skolar. Ytterlegare ni av dei 48 elevane avslutta grunnskoleopplæringa skoleåret 2013–14.

Dei fleste høyrselshemma elevane får opplæringstilbod i bustadkommunen/heimefylket. Nokre av desse får opplæring på deltid ved dei statlege skolane, samtidig som dei er elevar ved kommunale eller fylkeskommunale skolar. I 2013 var det 152 elevar i kommunale skolar som fekk eit slikt tilbod på deltid. Statped har i 2013 arbeidd med ein ny modell for deltidsopplæring som vil bli sett i gang frå hausten 2014, sjå omtale under budsjettforslaget.

Tabellen under viser elevtalet for 2013 ved dei statlege høyrselsskolane, inkludert elevar ved Skådalen skole for døvblinde (ti elevar). Elevar som får vidaregåande opplæring, går på Briskeby vidaregåande skole AS, som vart godkjend etter privatskolelova frå hausten 2012. Etter dette blir ikkje skolen lenger rekna som ein del av tilbodet innanfor Statped.

Tabell 4.7 Heiltidselevar, deltidselevar og internatelevar i grunnskole og vidaregåande opplæring ved dei statlege skolane for høyrselshemma 2010–13

Haust 2010

Haust 2011

Haust 2012

Haust 2013

Heiltidselevar grunnskoleopplæring

76

40

43

48

Heiltidselevar vidaregående opplæring

58

57

-

-

Sum heiltidselevar

134

97

43

48

Deltidselevar grunnskoleopplæring

195

173

167

152

Deltidselevar vidaregåande opplæring

9

34

-

-

Sum deltidselevar

204

207

167

152

Internatelevar heiltid

24

18

23

6

I tillegg til deltidsopplæringa er det også gitt tilbod om kortare kurs, såkalla elevkurs for høyrselshemma elevar, som elles får heile opplæringa si på nærskolen.

Tabellen under viser utviklinga på gjennomsnittleg tal på kor mange veker kvar elev fekk deltidsopplæring, fordelt per skole. Talet på veker per elev har auka noko frå 2012 til 2013.

Tabell 4.8 Gjennomsnittleg tal på kor mange veker kvar elev fekk deltidsopplæring i 2012 og 2013, fordelt på skole

2012

2013

Skådalen (Oslo)

4,5

4,6

Hunstad (Bergen)

5,4

6,2

Nedre Gausen (Holmestrand)

2,6

3,0

AC Møller (Trondheim)

3,3

4,2

Kompetanseutvikling og -spreiing

I 2013 vart arbeidet med ein FoU-strategi ført vidare. Strategien vil bli sluttført i 2014 og skal gi grunnlag for å prioritere kva for område Statped skal satse på innanfor forsking og utvikling. Tilsette ved Statped har i 2013 undervist ved ulike utdanningar ved 6 universitet og 13 høgskolar i Noreg, i tillegg til universiteta i Groningen og Århus. Statped er ein aktiv bidragsytar med fagartiklar og utvikling av spesialpedagogisk faglitteratur som blir publisert både nasjonalt og internasjonalt. I 2013 la Statped vekt på organisasjons- og leiarutvikling knytt til omstillingsprosessen. Statped har etablert faglege nettverk og strukturar som sikrar kompetanseutvikling i organisasjonen både på regionnivå og på nasjonalt nivå.

Statped har formidla kunnskap til kommunar og fylkeskommunar, inkludert PP-tenesta, barnehagar, skolar, vaksenopplæring samt einskilde lærarar og førskolelærarar. Arbeidsforma har vore rettleiing, skolering, kurstiltak, rettleiingsmateriell og læremiddelarbeid med vidare. Når Statped hjelper kommunar og fylkeskommunar i enkeltsaker, blir det arbeidd med lokal kompetanseutvikling på den aktuelle skolen, både konkret knytta til den indviduelle brukaren og på eit meir generelt nivå.

Statped har utvikla ein strategi for rettleiing og støtte i arbeidet med døvblinde eller personar med kombinert syns- og høyrselshemming.

Statped starta i 2013 arbeidet med å følgje opp Strategi for etter- og vidareutdanning for PP-tenesta. I dette arbeidet blir det teke utgangspunkt i dei behova PP-tenestene har for kompetanseheving innanfor definerte fagområde. Tilbodet blir gitt i form av etter- og vidareutdanning, regionale nettverk og nasjonal nettverkskonferanse.

Statped har arbeidd med utvikling av læringsressursar, til dømes visuell tilrettelegging av bøker, opplæringsfilm, diagnostiserings- og kartleggingsverktøy og nettstader med presentasjonar og rettleiingar innanfor spesifikke tema.

Statped har også bidratt til å spreie kompetanse gjennom aktiv brukarmedverknad, til dømes gjennom Nasjonal brukarkonferanse.

Budsjettforslag for 2015

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på 706,2 mill. kroner under kap. 230 postane 01, 21 og 45.

Løyvingsforslaget på postane 01 og 21 er samla redusert med 3,5 mill. kroner som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar. I tillegg foreslår departementet at løyvinga på post 01 blir redusert med ytterlegare 5 mill. kroner som eit ledd i effektivisering av offentleg forvalting.

Departementet foreslår vidare at løyvinga på post 01 blir redusert med 300 000 kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 3230 post 02, jf. omtale under kap. 3230. Samtidig foreslår departementet at løyvinga på post 01 blir auka med 5 mill. kroner til arbeidet med den nye deltidsopplæringa for høyrselshemma. Dette inneber at deltidsopplæringa for høyrselshemma skal styrkjast i alle dei fire regionane i Statped i 2015. Løyvinga på post 01 blir foreslått redusert med 1 mill. kroner mot ein tilsvarande auke under kap. 225 post 74. Desse midlane går til prosjektretta støtte til organisasjonar for funksjonshemma. Frå hausten 2014 vart sju tilsette ved Statped overført til Bergen kommune i samband med at skoledrifta ved Hunstad skole vart lagt ned og Bergen kommune overtok ansvaret for å drifte ein grunnskole for høyrselshemma. Departementet foreslår å redusere løyvinga på post 01 med 2,5 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 571 Rammetilskudd til kommuner, post 60 Innbyggertilskudd, under budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for å dekkje heilårsverknaden av lønnskostnader til dei sju tilsette som vart overført til Bergen kommune.

Til saman inneber dei nemnde forslaga at løyvingane under kap. 230 samla sett blir redusert med 7,3 mill. kroner.

Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3230 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3230 Statleg spesialpedagogisk støttesystem

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Inntekter frå oppdrag

35 218

58 410

60 036

02

Salsinntekter o.a.

17 015

14 641

14 749

Sum kap. 3230

52 233

73 051

74 785

Post 01 gjeld oppdragsverksemd som Statped utfører for kommunar, fylkeskommunar, høgskolar, universitet m.m. Post 02 gjeld sal av læremiddel, sal av elevprodukt, sal frå kantine, utleige av lokale, inntekter frå hjelpemiddeltilpassing og inntekter frå kurs.

Løyvingsforslaget på post 01 og post 02 er redusert med til saman 375 000 kroner som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar. Vidare er løyvingsforslaget på post 02 redusert med 300 000 kroner for å redusere gebyr på lydbøker. I Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap vart det lagt opp til endringar av praksis for inntekter knytte til tilrettelagde læremiddel, til dømes lydbøker. I dag låner Statped ut denne typen bøker til kommunar og fylkeskommunar mot eit gebyr per bok. Det er ønskjeleg å redusere desse gebyra slik at dei på lengre sikt berre dekkjer formidlingskostnadene.

Programkategori 07.30 Barnehagar

Utgifter under programkategori 07.30 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

231

Barnehagar

321 249

374 132

443 455

18,5

Sum kategori 07.30

321 249

374 132

443 455

18,5

Innleiing

Regjeringa vil heve kvaliteten på barnehagetilbodet. Barnehagen er ein viktig barndomsarena for svært mange barn og bidrar til å leggje eit godt grunnlag for vidare utvikling og læring i skolealderen. Gode barnehagar støttar barn ut ifrå dei individuelle føresetnadene hos barna, og medverkar til utvikling som er tilpassa alderen og funksjonsevna til barna. Barnehagen kan dermed fange opp barn med særlege utfordringar på eit tidleg tidspunkt. Tidleg innsats kan vere avgjerande for korleis desse barna klarer seg seinare i livet. Barnehagen skal fremme trivsel, leik og læring og vere tilgjengeleg for alle barn. Regjeringa vil arbeide for eit rikt mangfald av barnehagar og sikre openheit for foreldre og andre om innhald og kvalitet. Føreseielege rammevilkår skal medverke til mangfald og likeverd i barnehagesektoren.

Barnehagane er først og fremst finansierte gjennom dei frie midlane til kommunane og foreldrebetalinga. Enkelte tilskott og tildelingar blir finansierte over programkategori 07.30. Dette gjeld tilskott til samiske barnehageformål, jf. kap. 231 post 50, tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealderen, jf. kap. 231 post 63, og midlar til forsking, undersøkingar, utgreiingar, informasjonsarbeid og kvalitets- og kompetanseutvikling, jf. kap. 231 postane 21 og 51. Nærmare informasjon om statistikk og ressursbruken i barnehagesektoren finst i budsjettkapittel 231 og i del III, kap. 7 Ressursar i barnehagesektoren.

Hovudprioriteringar for 2015

Regjeringa foreslår å auke maksimalprisen for foreldrebetaling i barnehagar med 100 kroner reelt per månad, til 2 580 kroner. Regjeringa vil også innføre ein betre sosial profil på foreldrebetalinga i barnehagen, og foreslår å løyve 112 mill. kroner til å innføre eit nasjonalt minstekrav til redusert foreldrebetaling for familiar med låg inntekt. Ordninga sikrar at foreldrebetalinga per år for ein heiltidsplass i barnehage maksimalt skal utgjere 7 pst. av den samla person- og kapitalinntekta til familien. Departementet tek sikte på ikraftsetjing 1. august 2015. Forslaget vil medverke til at fleire får moglegheit til å nytte tilbodet om barnehageplass. Regjeringa legg til grunn at den auka løyvinga kjem i tillegg til dei ressursane kommunane allereie brukar på moderasjons- og fritaksordningar, slik at barnefamiliane får tilsvarande eller høgre moderasjon enn dei har i dag. Forslag om endringar i forskrift om foreldrebetalinga i barnehagen vil bli sendt ut til høyring hausten 2014.

Regjeringa vil arbeide for større fleksibilitet i barnehageopptaket. I budsjettet for 2015 foreslår regjeringa å løyve 100 mill. kroner til kommunane for meir fleksible opptaksordningar. Tiltaket vil leggje til rette for redusert ventetid for ein barnehageplass for familiar med barn fødde 1. september eller seinare.

Regjeringa vil styrkje satsinga på kompetanseheving i 2015 og foreslår å auke løyvinga med 60 mill. kroner. Kompetansen til personalet i barnehagen er avgjerande for kvaliteten på tilbodet. Regjeringa vil styrkje arbeidet med kompetanseheving i barnehagesektoren, mellom anna ved å utdanne fleire pedagogar og styrkje etter- og vidareutdanninga slik at fleire tilsette får barnefagleg kompetanse. Leiarutdanninga skal førast vidare, og assistentar skal få betre moglegheit til å ta fagbrev eller arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning. Kompetansestrategien Kompetanse for framtidens barnehage. Strategi for kompetanse og rekruttering 2014–2020 gir føringar for innhald, prioriteringar og ansvarsdeling som ligg til grunn for satsinga.

I samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2014 vedtok Stortinget å løyve 175,1 mill. kroner til fleire barnehageplassar i kommunane. Bakgrunnen for auken var høgre søkjartal til barnehageopptaket i 2014 enn det vart anslått i statsbudsjettet for 2014. For å dekkje heilårseffekten av denne auken foreslår departementet å løyve 252,5 mill. kroner i budsjettet for 2015.

Regjeringa vil sikre likebehandling av alle barnehagar. Frå 1. august 2014 auka minimumstilskottet til ikkje-kommunale barnehagar frå 96 til 98 pst. av det dei kommunale barnehagane i gjennomsnitt får i offentleg finansiering. For å dekkje heilårseffekten av denne opptrappinga foreslår departementet å løyve om lag 96 mill. kroner i budsjettet for 2015. Departementet har gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å greie ut alternative modellar for finansiering av ikkje-kommunale barnehagar. Regjeringa tek sikte på å innføre ei ny ordning for finansiering av ikkje-kommunale barnehagar etter at direktoratet er ferdig med si utgreiing.

Alle barn har krav på gode barnehagar uansett kvar i landet dei bur, og foreldra skal vere trygge på at barna har det godt i barnehagen. Regjeringa vil gjere det enklare å følgje med på kvaliteten i tilbodet, mellom anna for å kunne jamne ut forskjellar. I løpet av 2015 skal ein nettportal om barnehagar vere ferdig utvikla. I barnehagelova og rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen ligg det nasjonale føringar som skal sikre kvaliteten på barnehagetilbodet. Regjeringa er i gang med å gjennomgå barnehagelova med forskrifter, og vil leggje fram forslag til lovendringar. Forslag til revidert rammeplan skal sendast ut til høyring i 2015.

Tilstandsvurdering

Mål: Barnehagar med høg kvalitet som fremmer trivsel, leik og læring

Kunnskap om barnehagen

Omfanget av den norske barnehageforskinga har auka mykje i dei seinare åra. Også forsking frå Sverige og Danmark har stor overføringsverdi til norske forhold. Politikkutforminga på barnehageområdet har gjennom forankring i forskinga eit betre kunnskapsgrunnlag enn tidlegare, og blir utvikla i tett samarbeid med barnehagesektoren.

Forskingsprorammet FINNUT (2014–2023) er ei samanslåing av dei tidlegare programma PRAKUT (2010–2014) og Utdanning2020. FINNUT er finansiert av Noregs forskingsråd og skal støtte forsking og innovasjon for å fornye og styrkje norsk utdanning. Ein skandinavisk database gir ei god oversikt over barnehageforskinga i Noreg, Sverige og Danmark, jf. Nordic Base of Early Childhood Education and Care (www.nb-ecec.no). Ein synteserapport frå Høgskolen i Oslo og Akershus om skandinavisk forsking på barns språk og språkmiljøet i barnehagen i tidsrommet 2006–14 summerer opp forskingsfunn på språkområdet. Forskinga tilseier at det kan vere ein fordel for språkutviklinga hos barn å gå i barnehage, og at barnehagedeltaking ikkje er skadeleg for språkutviklinga.

Atferdssenteret gjennomfører den longitudinelle BONDS-studien (the Behaviour Outlook Norway Development Study), som ser på den sosiale utviklinga hos barn. Ein rapport innanfor BONDS-studien frå 2014 – Språkkompetanse hos 4-åringer som har gått i barnehage – viser mellom anna at det for gutar er ein positiv samanheng mellom talet på år i barnehage og språkleg kompetanse i fireårsalderen, noko som kan samsvare med at språkutviklinga hos gutar er meir sensitiv for miljøpåverknad i denne alderen. Internasjonal forsking har tidlegare vist at gutar og jenter kan ha ganske forskjellig språkutvikling. Studien fann òg stor variasjon mellom barnehagane når det gjeld den språklege kompetansen til barna, og dette er eit tema forskarane skal sjå nærmare på.

Folkehelseinstituttet samlar inn store mengder data gjennom Den norske mor og barn-undersøkelsen (MoBa) og publiserte våren 2014 studien Samanhenger mellom barnehagekvalitet og barns fungering ved 5 år. Studien viser mellom anna at barn som har gode relasjonar til personalet i barnehagen, fungerer betre språkleg og psykisk enn barn med dårlege relasjonar. Forskarane finn ikkje sterke samanhengar mellom strukturelle kvalitetsfaktorar eller variasjonar i den pedagogiske tilnærminga og barnas fungering.

Ein dansk dybdestudie frå 2012 basert på det danske forskingsprosjektet Læring og udvikling i daginstitutioner, som tek for seg barn frå familiar med låg sosioøkonomisk status, viser at positive funn for språkutviklinga hos barna, og seinare skoleresultat, heng saman med at barnehagen har ei klar og ambisiøs leiing og personale med både ekstra kompetanse i språk, og vilje til å bruke kvar ein situasjon til språkleg samhandling med barna. Av negative funn viser studien at det i ein del barnehagar er mykje venting på å få merksemda til dei vaksne og mange rutinar som hindrar samtalar, slik at det i ein del tilfelle er lite interaksjon mellom personalet og barna i løpet av barnehagedagen. Desse funna kan ha relevans også for norske barnehagar.

Fleire store forskingsprosjekt er i gang og vil gi nye resultat i åra som kjem om meir langsiktige effektar av det å gå i barnehage.

Personaltettleiken i barnehagen

Barnehagelova stiller ikkje konkrete krav til personaltettleiken i barnehagen, men seier: «Bemanningen må være tilstrekkelig til at personalet kan drive en tilfredsstillende pedagogisk virksomhet». Det er barnehageeigarane som må vurdere kva som skal til for å oppfylle kravet, og kommunen som barnehagemyndigheit som fører tilsyn med om kravet er oppfylt.

Norske barnehagar har høgre personaltettleik enn mange andre land, mellom anna Danmark, Sverige og Finland. Det er fleire årsaker til dette, mellom anna at vi har svært høg barnehagedeltaking for barn under tre år, og at den norske barnehagetradisjonen legg stor vekt på uteleik og turar, noko som krev fleire vaksne.

Personaltettleiken i barnehagen har auka i dei siste åra. I 2013 var det, korrigert for alder og opphaldstid, i gjennomsnitt 6,03 barn per årsverk i barnehagen mot 6,19 barn per årsverk i 2009. Det er større personaltettleik i kommunale barnehagar (5,88 barn per årsverk) enn i ikkje-kommunale barnehagar (6,21 barn per årsverk). Samtidig som personaltettleiken har auka, er forskjellane mellom barnehagane store. Barnehagar med lågast personaltettleik har meir enn 6,8 barn per årsverk mens barnehagar med høgast personaltettleik har færre enn 5,1 barn per årsverk. Årsverka omfattar basispersonalet, det vil seie pedagogiske leiarar og assistentar.

Kompetansen til personalet i barnehagen

Eit hovudfunn i internasjonal forsking om barnehagekvalitet er at kompetansen til personalet i barnehagen er den viktigaste enkeltfaktoren for trivselen og utviklinga til barna.

Omtalen av personalet i barnehagen nedanfor omfattar alle dei tilsettegruppene som arbeider direkte med barna, altså unnateke merkantilt/ administrativt personale, reingjeringspersonale og vaktmeistrar. Departementet skil mellom såkalla barnehagefagleg kompetanse (utdanning som barnehagelærar eller tilsvarande pedagogisk utdanning med tilleggskompetanse om barnehage) og barnefagleg kompetanse (utdanning som gir kunnskap om utviklinga og behova til barn, som anna pedagogisk utdanning eller fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar). I 2013 hadde 57 pst. av personalet barnehagefagleg eller barnefagleg kompetanse. Dette er ein auke frå 55 pst. i 2012. I 2013 hadde 43 pst. av personalet ikkje nokon formell kompetanse for å arbeide med barn. Dette er ein reduksjon frå 45 pst. i 2012.

I 2013 utgjorde tilsette med barnehagelærarutdanning 37,5 pst. av personalet mot 36,4 pst. i 2012. Dette omfattar både styrarar, pedagogiske leiarar og anna personale som er utdanna barnehagelærar.

Barnehagelova set krav om at styraren i barnehagen skal ha utdanning som barnehagelærar eller anna høgskoleutdanning som gir barnefagleg og pedagogisk kompetanse. Kommunen kan gi dispensasjon dersom det ikkje er mogleg å skaffe kvalifiserte søkjarar. Delen styrarar utan godkjend utdanning var i 2013 på 3,0 pst., det same som i 2012.

I tillegg til krav til styraren set barnehagelova krav til stillinga som pedagogisk leiar. Pedagognorma i barnehagelova seier at det skal vere minimum éin pedagogisk leiar per 14–18 barn når barna er over tre år, og éin pedagogisk leiar per 7–9 barn når barna er under tre år, og den daglege opphaldstida for barna er over seks timar. I 2013 oppfylte 49 pst. av dei ordinære barnehagane pedagognorma utan å bruke dispensasjon frå utdanningskravet, mot 39 pst. i 2012. Dette er ei svært positiv utvikling sjølv om delen bør bli større på lengre sikt.

I 2013 var det i gjennomsnitt 15,3 barn per pedagogisk leiarårsverk mot 15,6 barn per pedagogisk leiarårsverk i 2012. Barn under tre år tel dobbelt i denne berekninga. Kommunale barnehagar har litt høgre pedagogtettleik enn ikkje-kommunale barnehagar, og store barnehagar oppfyller oftare pedagognorma utan å bruke dispensasjon frå utdanningskravet enn små barnehagar. I 2013 gjekk 52 pst. av barnehagebarna i ein barnehage som oppfylte pedagognorma utan å bruke dispensasjon frå utdanningskravet, noko som er meir enn ei dobling frå 24 pst. i 2009.

Kommunen kan gi dispensasjon frå pedagognorma dersom det ikkje er mogleg å skaffe kvalifiserte søkjarar. Delen pedagogiske leiarar utan godkjend utdanning var på 13,0 pst. i 2013 mot 15,0 pst. i 2012.

Variasjonane i sektoren når det gjeld oppfyllinga av pedagognorma er dessverre store. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) for 2013 viser at i om lag 60 pst. av ordinære barnehagar har alle dei pedagogiske leiarane godkjend utdanning. I dei ti pst. dårlegaste barnehagane har berre inntil halvparten av dei pedagogiske leiarane godkjend utdanning. Utrekningar frå Utdanningsdirektoratet viser at barnehagane manglar om lag 4 400 barnehagelærarar for å oppfylle pedagognorma utan bruk av dispensasjonar.

Assistentane utgjer 52 pst. av personalet. Barnehagelova har ingen krav til kompetansen hos assistentane, og kompetansen varierer frå å vere barnehagelærar utan leiaransvar til ingen formell kompetanse. Stadig fleire barnehagar tilset fagarbeidarar som har fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. I 2013 hadde 25 pst. av assistentane fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget mot 23 pst. i 2012. I 2013 hadde fire pst. av assistentane barnehagelærarutdanning eller anna pedagogisk utdanning mot tre pst. i 2012. Dei øvrige assistentane, som utgjer høvesvis 71 pst. av assistentgruppa og 37 pst. av alle tilsette som arbeider direkte med barn, har inga formell utdanning for å arbeide med barn.

Kompetanseutvikling

I 2013 vart det nytta 123 mill. kroner til kompetanseutviklingstiltak på barnehageområdet. Utdanningsdirektoratet har fått ansvaret for oppfølginga av Kompetanse for framtidens barnehage, Strategi for kompetanse og rekruttering 2014–2020. Strategien omfattar eit system for kompetanseutvikling med ei rekkje tiltak retta mot alle grupper tilsette som arbeider med barna.

Utdanningsdirektoratet har hatt eit godt samarbeid med fylkesmennene og utdanningsinstitusjonane om etablering av midlertidige studieplassar, men det er ei utfordring å rekruttere og halde på søkjarar til ein del av utdanningstilboda. I motsetning til skolane får ikkje barnehagane offentleg støtte til dekning av vikarutgifter. Manglande tilrettelegging både økonomisk og praktisk er blant årsakene til låg deltaking og fråfall frå studietilboda.

God leiing av barnehagen er viktig for kvaliteten på tilbodet til barna. For å auke leiarkompetansen har departementet i perioden 2011–14 finansiert eit prøveprosjekt med leiarutdanning for barnehagestyrarar. Tiltaket er eit deltidsstudium på mastergradsnivå som går over tre semester ved seks universitet og høgskolar, og har hatt fleire søkjarar enn det har vore plass til. Det er sett i verk ei evaluering av leiarutdanninga, og ein delrapport frå 2013 viser at tilbodet har høg relevans, og at deltakarane meiner at kvaliteten gjennomgåande er svært god. Endeleg evaluering skal vere ferdig hausten 2014.

Ikkje alle nyutdanna barnehagelærarar arbeider i barnehage etter studiet, men det har vore ei positiv utvikling i overgangen frå utdanninga til arbeid i barnehage. I 1998 arbeidde berre 56 pst. av barnehagelærarane i barnehage to år etter eksamen. I 2007 var denne delen auka til 87 pst. Det kan vere fleire grunnar til at barnehagelærarar ikkje ønskjer å arbeide i barnehage. Det er viktig med god leiing og kompetente styrarar som inkluderer dei nytilsette på ein positiv måte. Rettleiing av nyutdanna barnehagelærarar er eit tiltak som kan medverke til at dei meistrar yrket betre og får støtte i utviklinga av ein yrkesidentitet. Samla sett kan god rettleiing medverke til å hindre fråfall i yrket. Det er barnehageeigarane som har ansvaret for at nyutdanna barnehagelærarar får tilbod om rettleiing. For å styrkje omfanget av og kvaliteten på rettleiingsordninga har Utdanningsdirektoratet tildelt midlar til drift og vidareutvikling av igangsette tiltak for rettleiing. Tiltaka blir drivne av lærarutdanningane ved universitet og høgskolar og omfattar mellom anna informasjons- og motivasjonsarbeid retta mot leiarar og eigarar.

Ei kartlegging utført av Rambøll i 2014 viser at åtte av ti barnehagar med nytilsette barnehagelærarar har innført ei rettleiingsordning, noko som er ein auke samanlikna med 2012. Prosentdelen barnehageeigarar og barnehagestyrarar som melder at dei har ei rettleiingsordning, har auka i alle regionar, i både store og små kommunar og kommunale og ikkje-kommunale barnehagar. Ordninga er mest utbreidd i Oslo og Akershus, med Trøndelag og Nord-Noreg i den andre enden av skalaen. Både eigarane, styrarane og dei nyutdanna barnehagelærarane er svært positive til ordninga. Kartlegginga viser at det er viktig at det blir sett av tid i arbeidsplanane hos både rettleiaren og den nyutdanna. I tillegg er tilrettelegging frå styraren ein viktig suksessfaktor for å få ordninga på plass. Utdanningsdirektoratet har hausten 2014 sett i gang ei omfattande evaluering av rettleiingsordninga, og endeleg rapport skal liggje føre i desember 2016.

Pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen (såkalla PUB-studium) er ei vidareutdanning på deltid for barnehagelærarar som arbeider i barnehage. PUB-studium er på 30 studiepoeng og skal medverke både til at barnehagelærarane får fagleg påfyll, og til å rekruttere og halde på erfarne barnehagelærarar i barnehagen. Tilbodet omfattar mellombelse studieplassar med innretning knytt til prioriterte satsingsområde i kompetansestrategien.

Tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk er eit deltidsstudium på 60 studiepoeng retta mot personale med anna treårig pedagogisk høgskoleutdanning, som allmennlærar, faglærar, spesialpedagog og barnevernspedagog. Fullført studium gir kompetanse som er likestilt med barnehagelærar i tilsetjing i stilling som pedagogisk leiar eller barnehagestyrar.

Assistentane i barnehagen har i hovudsak enten fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget eller ingen formell barnefagleg eller barnehagefagleg kompetanse. Departementet gir midlar til barnehagebasert fagbrev, der erfarne assistentar får moglegheit til å gå opp til fagprøva i barne- og ungdomsarbeidarfaget for å formalisere realkompetansen sin. Departementet gir òg midlar til tilbod som skal sikre at fleire ufaglærte assistentar får eit minimum av barnehagefagleg grunnkompetanse, og betre forståing av innhaldet i og ansvaret i samband med arbeidet.

Kompetansehevingsstudium for assistentar er eit deltidsstudium på 15 studiepoeng. Studiet skal bidra til både å rekruttere nye og halde på erfarne assistentar som allereie arbeider i barnehagen. I tillegg kan studiet motivere assistentar til å starte på arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU). Fylkesmannsembeta har i 2014 fått tildelt midlar til å setje i gang inntil 600 studieplassar for kompetansehevingsstudium for assistentar.

Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO) leiar eit kompetansetiltak for fleirspråklege assistentar som blir gjennomført etter den såkalla KOMPASS-modellen utvikla av Høgskolen i Oslo og Akershus. I studieåret 2013–14 har KOMPASS for fleirspråklege assistentar vore gjennomført ved Høgskolen i Telemark med 20 deltakarar og ved Dronning Mauds Minne Høgskole med sju deltakarar. Dette er ein del av oppfølginga av NOU 2010: 7 Mangfold og mestring.

I kompetansetrategien er eit av tiltaka utvikling av fagskoletilbod for barne- og ungdomsarbeidarar som er relevante for arbeid i barnehage. Utdanningsdirektoratet arbeider med å leggje til rette for at det kan bli utvikla slike fagskoletilbod. Departementet har gitt midlar til utvikling av ein nasjonal fagplan. NOKUT må godkjenne utdanninga før utdanningsinstitusjonane kan gi tilbod.

I oppfølginga av Meld. St. 6 (2012–2013) En helhetlig integreringspolitikk. Mangfold og fellesskap skal det i femårsperioden 2013–17 bli løyvt midlar over kap. 226 post 21 til eit kompetanselyft på det fleirkulturelle området for heile utdanningssektoren, det såkalla Kompetanse for mangfold. Delar av løyvinga gjeld barnehagesektoren, og direktoratet følgjer opp satsinga. Barnehage- og skolebasert kompetanseutvikling inngår som den største delen av dette kompetanselyftet. Eit utval av barnehagar frå alle fylke skal delta i løpet av ein femårsperiode. Det er også starta to vidareutdanningstilbod retta mot barnehagelærarar i satsingsperioden. Desse tilboda er samlingsbaserte og starta opp hausten 2014.

Rekruttering

I 2013 mangla det totalt 4 400 barnehagelærarar for å oppfylle utdanningskravet i barnehagelova, høvesvis 150 styrarar og 4 250 pedagogiske leiarar. Dette er ei betring frå 2009, da det mangla 250 styrarar og 7 050 pedagogiske leiarar med godkjend utdanning.

Avgangen frå yrket har vore stor. Dersom alle kvalifiserte barnehagelærarar under pensjonsalderen hadde jobba i barnehagar, ville norma vore oppfylt. Statistikk frå 2010 viser at berre om lag halvparten, eller 52 pst., av alle utdanna barnehagelærarar i Noreg under pensjonsalderen arbeider i barnehage. Det er likevel ei betring frå 2000, da berre 44 pst. jobba i barnehage.

Rekrutteringskampanjen Verdas finaste stilling ledig har gått i perioden 2012–14. Talet på kvalifiserte søkjarar som har barnehagelærarstudiet som sitt førsteval, har vore høvesvis 2 710 personar i 2012, 2 312 personar i 2013 og 2 417 personar i 2014 mot 2 296 personar i 2011 (året før kampanjen starta). Frå 2013 til 2014 har auken i kvalifiserte førstevalssøkjarar vore på om lag 100 personar. For studieåret 2014–15 er det gitt tilbod om studieplass til 3 244 studentar, noko som ligg på same nivå som tilbodet til 3 257 studentar i studieåret 2013–14.

Barnehagelærarstudiet er ei treårig utdanning på bachelornivå. Hausten 2013 gjekk totalt 7 718 studentar på barnehagelærarstudiet, noko som er ein liten vekst frå 7 678 studentar i 2012. Talet på studieplassar har stige i dei siste åra, og det har vore ei positiv utvikling i talet på kandidatar som blir uteksaminerte frå barnehagelærarutdanninga, frå 1 532 kandidatar i 2009 til 2 076 i 2013.

Tal frå Samordna opptak for planlagde studieplassar ved barnehagelærarutdanningane viser at det har vore ein auke på om lag 100 plassar frå 2 494 plassar i 2010 til 2 586 plassar i 2014. I tillegg kjem plassar innanfor arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning, deltidsplassar og desentraliserte studium.

Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) er eit rekrutteringstiltak der både faglærte og ufaglærte assistentar får tilbod om å ta utdanninga på deltid mens dei arbeider i barnehagen. Studiet medverkar til å rekruttere studentar som ikkje har høve til å ta utdanning på heiltid. Hausten 2013 vart det sett i gang 143 mellombelse ABLU-studieplassar. Hausten 2014 skal det setjast i gang ytterlegare 90 slike plassar.

På oppdrag frå departementet har SINTEF gjennomført ei nasjonal undersøking av studiekvaliteten i lærarutdanningane, inkludert den tidlegare førskolelærarutdanninga som er under avvikling (siste kull blir uteksaminert våren 2015). Rapporten kom i april 2014, og kan bli ein nyttig referanserapport ved framtidige undersøkingar av studiekvaliteten i den nye barnehagelærarutdanninga. Undersøkinga viser mellom anna at studentane på den gamle førskolelærarutdanninga generelt er positive til utdanninga, som dei opplever som nyttig. Gapet mellom teori og praksis ser ut til å vere mindre i førskolelærarutdanninga enn i dei andre lærarutdanningane, men studentane etterspør betre rettleiingskompetanse hos både lærarane på utdanninga og praksislærarane.

Tilsette med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget har ein verdifull kompetanse for arbeidet i barnehagen. Rekruttering av ungdomsskoleelevar og andre til denne yrkesopplæringa er viktig for å få fleire til å ta fagbrev.

Barn med særlege behov

Barn med særlege behov er ei samansett gruppe. Mange av desse barna har nedsett funksjonsevne, som kan omfatte fysiske funksjonshemmingar, utviklingshemmingar, språk- og talevanskar, åtferdsvanskar og psykiske lidingar. Samtidig treng det ikkje liggje til grunn ein diagnose, særlege behov kan innebere at barnet har eit behov som er meir omfattande enn vanleg for alderen. Den vide definisjonen gjer det vanskeleg å vurdere kvaliteten på det tilbodet barnehagen gir til barn som kan seiast å ha særlege behov.

Ei undersøking frå 2009 viste at 56 pst. av barnehagane hadde barn med nedsett funksjonsevne, høvesvis 62 pst. av dei kommunale og 48 pst. av dei private barnehagane. 44 pst. av styrarane sa at dei ikkje opplevde tilbodet til barna som tilfredsstillande. Ei kartlegging frå 2011 av arbeidet til PP-tenesta på barnehageområdet viste at dei to største vanskeområda for barnehagebarn er språkvanskar, med 48 pst. av sakene, og psykososiale vanskar/åtferdsvanskar, med 20 pst. av sakene. Ei anna kartlegging frå 2011 viste at det var like mange barn med behov for spesialpedagogisk hjelp i kommunale som i private barnehagar, men at vanskane til barn i kommunale barnehagar var noko meir samansette. Kartlegginga indikerer at barnehagen har ei sentral rolle i forkant av tilmelding til sakkunnig instans. Samtlege informantar og respondentar framheva tilstrekkelege personalressursar og kompetanse hos barnehagepersonalet, godt tverrfagleg samarbeid og god kommunikasjon og samarbeid med foreldra som sentrale faktorar for eit velfungerande tilbod om spesialpedagogisk hjelp i barnehagen.

Det øyremerkte tilskottet til tiltak for barn med nedsett funksjonsevne i barnehage vart lagt inn i rammetilskottet til kommunane i 2011. Statistikk frå kommunane for 2013 viser at om lag 14 700 barn i barnehage er vurderte til å ha nedsett funksjonsevne eller særlege behov, noko som tilsvarer 5,1 pst. av alle barn i barnehage. Av desse fekk om lag 8 000 barn ekstra ressursar, det vil seie 2,8 pst. av alle barn i barnehage.

Delen barn i barnehage som får spesialpedagogisk hjelp etter § 5–7 i opplæringslova, har lege på om lag same nivå i dei siste åra, frå 2,1 pst. i 2007 til 2,4 pst. i 2013, noko som i 2013 omfattar i underkant av 7 000 barn. Til samanlikning hadde 3,8 pst. av elevane på 1. trinn i grunnskolen enkeltvedtak om spesialundervisning i skoleåret 2013–2014. Det tilsvarande talet for elevar på 10. trinn var 11,2 pst. Den spesialpedagogiske hjelpa i barnehagen er ofte knytt til utfordringar med språkutvikling og åtferdsvanskar.

Barn som opplever sorg og krise i akutte livssituasjonar, treng hjelp og støtte frå barnehagepersonalet. Utdanningsdirektoratet har laga ein nettressurs for barnehagane i arbeidet med å hjelpe barn til å handtere sorg og krise. Nettressursen inneheld mellom anna ei rettleiing for dei tilsette i barnehagen og for foreldre, ein tilhøyrande film og artiklar om relevante tema. Rettleiaren er send til alle barnehagane i landet.

Språkmiljø og støtte til språkutvikling

Barnehagen er ein viktig språkarena for alle barn, men særleg for barn som av ulike årsaker er forseinka i språkutviklinga, og for barn med eit anna morsmål enn norsk.

Synteserapporten frå Høgskolen i Oslo og Akershus om skandinavisk barnehageforsking i perioden 2006–14 summerer opp forskingsfunn på språkområdet. Funna viser betydinga av leik for utviklinga av både språk og sosial kompetanse. Ein studie peiker på at personalet i barnehagen må ha kunnskap om leik for å kunne oppdage at barn blir haldne utanfor, og for å kunne medverke til at dei får vere med i leiken. Studiane om fleirspråklege barn viser mellom anna at barna bruker den fleirspråklege kompetansen sin som ein ressurs, men barnehagens førstespråk kan dominere over barnas ferdigheiter i andre språk og avgrense den ressursen som ferdigheiter i andre språk kan vere. Funna i fleire av studiane peiker på at kvardagssituasjonar i barnehagen der vaksne og barn snakkar saman, kan ha enda større læringspotensial. Studiane understrekar betydinga av felles meiningsskaping, der samtalepartar utvekslar tankar, meiningar og erfaringar og slik skaper meining i samtalen.

Lesing gir positive effektar på utviklinga av språkferdigheiter generelt og norskferdigheiter spesielt, og gjennom lesinga blir barna innlemma i skriftspråkkulturen. Likevel viser den skandinaviske forskinga at det er lite lesing i barnehagen. Barnehagelærarane vil gjerne lese, men mangel på tid og planlegging er hinder, noko som også går ut over samarbeidet med biblioteket.

Fafo har på oppdrag frå direktoratet gjennomført ei undersøking av språklege rollemodellar i barnehagen, mellom anna korleis dei tilsette kan få styrkt kompetansen sin i språkarbeidet. Rapporten vart lagd fram våren 2014 og viser at dei tilsette ønskjer å vere gode språklege rollemodellar og hjelpe alle barn til å meistre språket, og at dei har behov for meir kompetanse, særleg når det gjeld korleis språkarbeidet kan inngå i det daglege arbeidet i barnehagen, jf. Fafo-rapport 2014: 07 Språklige rollemodeller.

Utdanningsdirektoratet har utvikla eit refleksjonsverktøy for dokumentasjon og vurdering av arbeidet med språk og språkmiljø i den einskilde barnehagen. Verktøyet vart prøvt ut i seks barnehagar våren 2014. Fafo har evaluert utprøvinga og konkluderer med at arbeidsmåten og hjelpemidla bidrar både til refleksjon og til formulering av konkrete mål og tiltak, jf. Fafo-rapport 2014: 24 Refleksjon som metode i barnehagers språkarbeid. Evaluering av et forsøk i seks barnehager. Dette gir eit godt utgangspunkt for pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen. Evalueringa viser også at det er viktig med god informasjon og rettleiing til barnehagane for at dei skal få fullt utbytte av bruken av refleksjonsverktøyet. Direktoratet følgjer opp dette.

Delen minoritetsspråklege barn i barnehage har auka mykje i dei seinare åra. I 2013 gjekk 76,8 pst. av alle minoritetsspråklege barn i alderen eitt til fem år i barnehage. For barn i alderen eitt til fem år som ikkje er definerte som minoritetsspråklege (barn med norsk, samisk, svensk, dansk og engelsk som morsmål), var dekningsgraden 92,5 pst. i 2013. For fire- og femåringane er barnehagedeltakinga om lag lik for dei to gruppene, men for eitt-, to- og treåringane er forskjellane større. For nærmare statistikk, sjå del III, kap. 7 Ressursar i barnehagesektoren.

Utdanningsdirektoratet forvaltar eit øyremerkt tilskott til kommunane til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealderen, jf. kap. 231 post 63. Ein evalueringsrapport frå Rambøll i januar 2014 viser høg måloppnåing når det gjeld det overordna målet om at tilskottet skal medverke til at kommunen kan utforme tiltak for minoritetsspråklege barn. Kommunane bruker tilskottet på ulikt vis, til dømes ved å gi tilskottsmidlar vidare til den einskilde barnehage, ved å ha ein tilsett som kan rettleie barnehagane, ved å disponere morsmålsassistentar som barnehagane kan få bruke, eller ved å gi midlar til ein mottaksbarnehage som dei andre barnehagane kan få tips og hjelp frå. Direktoratet følgjer opp evalueringa.

Rapporteringar frå barnehagane viser at i 2013 fekk 35 pst. av dei minoritetsspråklege barna tilbod om særskild språkstimulering. Denne delen har halde seg på om lag same nivå i fleire år.

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet starta i 2006 eit forsøk med gratis kjernetid i barnehage i nokre utvalde område med høg del barn med innvandrarbakgrunn for å auke barnehagedeltakinga i desse områda, jf. nærmare omtale i Prop. 1 S (2014–2015) for Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet. Formålet med forsøket er å førebu barna på skolestart gjennom å betre norskkunnskapane deira og medverke til sosialiseringa generelt. Ei anna målsetjing er å sikre ei målretta oppfølging av foreldre med innvandrarbakgrunn, slik at dei kan medverke til at barna kan følgje ordinær undervisning på skolen. Forsøket har også til formål å auke forståinga hos foreldra av at norsk språk er viktig, og av deltaking i sosiale aktivitetar. Vidare skal tiltaket medverke til å sikre at barnehagepersonalet har god kompetanse i fleirkulturell pedagogikk og språkstimulering.

Kunnskapsdepartementet er med på å finansiere ei treårig ekstern evaluering av forsøket med gratis kjernetid. Første delrapport kom i november 2012 og viser mellom anna at av barn med minoritetsspråkleg bakgrunn i dei fem Oslo-bydelane som tilbyr gratis kjernetid, er det ein høgre del som går i barnehage enn i andre bydelar. Andre delrapport kom i november 2013 og viser mellom anna at barn med innvandrarbakgrunn som har gått i barnehage som fire- og femåringar, gjer det betre på kartleggingsprøver i 1. klasse, særleg i norsk, samanlikna med barn med innvandrarbakgrunn som ikkje har gått i barnehage. Endeleg sluttrapport vil vere klar i november 2014.

Regjeringa har frå hausten 2014 målretta ein del av forsøket med gratis kjernetid i barnehage mot familiar med låg inntekt i bydel Gamle Oslo og bydelar i Bergen og Drammen. Det er òg innførd krav om at foreldra skal delta i aktivitet. For nærmare omtale, sjå Prop. 1 S (2014–2015) for Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Parallelt med tiltaka gjennom Kompetanse for mangfold har Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO) i studieåret 2013–14 gitt tilbod om eit kompetansetiltak for barnehagemyndigheita i seks fylke for å auke kunnskapen om fleirspråklegheit og fleirkulturell pedagogikk. Dette har skjedd i samarbeid med høgskolane i Telemark, Østfold og Oslo og Akershus, og til saman har 30 kommunar og sju bydelar delteke.

Mål: Eit tilgjengeleg barnehagetilbod for alle barn

Deltaking i barnehage

Stortinget innførte ein individuell rett til barnehageplass i 2009. Barn som har fylt eitt år innan 1. september, har rett til barnehageplass same året dersom foreldra har søkt om plass innan fristen for hovudopptaket. Retten skal oppfyllast innan utgangen av august i det året det blir søkt om plass.

Ved utgangen av 2013 gjekk om lag 287 200 barn i ordinær barnehage eller familiebarnehage. Dette svarer til ein dekningsgrad på 90 pst. for eitt- til femåringar. Dekningsgraden for femåringane aleine er på 97,5 pst. i 2013.

Ved utgangen av 2013 gjekk om lag 37 900 minoritetsspråklege barn i barnehage, noko som utgjer ein del på 13,2 pst. av alle barnehagebarn. Dekningsgraden for minoritetsspråklege eitt- til femåringar er 76,8 pst. i 2013. Dekningsgraden for minoritetsspråklege femåringar aleine er 95,3 pst. i 2013.

Rapportering frå Fylkesmannen viser at for hausten 2014 har så godt som alle barn med rett til plass fått tilbod om barnehageplass innan utgangen av august. Innan utgangen av september hadde alle fått plass.

Så framt barnet ikkje har rett til plass av særlege årsaker, har barn som fyller eitt år frå og med 1. september, ikkje rett til plass før neste haust. Om lag 11 280 barn som fylte eitt år etter 31. august, gjekk i barnehage ved utgangen av 2013. Dette er ein reduksjon på om lag sju pst. frå 2012. Av dei som gjekk i barnehage, men ikkje hadde rett til plass, var det 9 386 barn som hadde fylt eitt år i perioden 1. september–31. desember, og 1 894 barn som enno ikkje hadde fylt eitt år ved årsskiftet.

Sjå kap. 7 i del III for nærmare omtale av statistikk og ressursar i barnehagesektoren.

Foreldrebetaling

Maksimalprisen for foreldrebetalinga vart i 2014 ført vidare på same reelle nivå som i 2013 og utgjer 2 405 kroner per månad i 2014.

Forskrift om foreldrebetaling i barnehagar slår fast at alle kommunar skal ha ordningar for reduksjon i eller fritak frå foreldrebetaling for dei barnefamiliane som har dårlegast moglegheit til å betale. Alle kommunar skal tilby søskenmoderasjon for hushald med to eller fleire barn i barnehage. Om lag 24 pst. av kommunane har eit system for inntektsgradering innanfor det ordinære betalingssystemet for kommunale barnehagar. Det er dei mest folkerike kommunane som bruker inntektsgraderte betalingssatsar, og om lag halvparten av alle barn i barnehage bor i ein kommune med inntektsgraderte satsar. Det er mest vanleg med ein reduksjon for hushald i dei lågare inntektsintervalla, og over halvparten av kommunane med inntektsgraderte satsar tilbyr det berre til hushald med ei lågare brutto årsinntekt enn 350 000 kroner. Blant dei private barnehagane er det 27 pst. som seier at dei bruker inntektsgraderte satsar.

Kommunane har ulik praksis med omsyn til bruk av friplassar. Ni pst. av alle kommunar tilbyr friplassar spesifiserte i barnehagens ordinære betalingssystem. 71 pst. av kommunane tilbyr friplass etter særskilt behandling, gjennom sosialkontor, barnevernsnemnd eller skolekontor. 58 pst. av kommunane tilbyr redusert foreldrebetaling utanfor barnehagens ordinære betalingssystem. 15 pst. av kommunane rapporterer at dei ikkje har andre moderasjonsordningar enn den regelbundne søskenmoderasjonen.

Barnetilsynsundersøkinga frå 2010 viste at låginntektsfamiliar brukte tolv pst. av inntekt etter skatt til barnehageutgifter, mens øvrige familiar berre brukte fem pst. Av alle barnehagebarn hadde tre pst. gratis barnehageplass i 2010.

SSB har ei årleg undersøking av foreldrebetalinga i barnehagen. Rapporten frå januar 2014 viser at den gjennomsnittlege månadssatsen for eitt barn med fulltidsopphald i kommunal barnehage var 2 366 kroner for hushald med brutto årsinntekt på 500 000 kroner og 2 187 kroner for hushald med brutto årsinntekt på 250 000 kroner. Skilnaden i foreldrebetalinga for hushald med desse inntektene er berre 179 kroner i månaden. I desse beløpa er kostpengar og tilleggsutgifter fjerna i størst mogleg grad. Den gjennomsnittlege årsbetalinga på landsbasis var 24 413 kroner, noko som tilsvarer ei månadsbetaling på 2 219 kroner i elleve månader. Dette er ein auke på 2,6 pst. frå 2013. Prisnivået i private barnehagar er noko høgre enn i kommunale med ei gjennomsnittleg årsbetaling på 24 457 kroner mot 24 372 kroner.

Ifølgje forskrifta om foreldrebetaling i barnehagar kan betaling av kostpengar komme i tillegg til månadsbetalinga. Når det blir berekna årsbetaling for eit barn i barnehage, er betalinga avhengig av kostpengar og andre utgifter, samt talet på betalingsmånader. I SSB-rapporten opplyser rundt 97 pst. av dei kommunale barnehagane at dei krev inn kostpengar separat. I januar 2014 betalte hushald med eitt barn i kommunal barnehage gjennomsnittleg 250 kroner i kostpengar per månad, noko som er ein auke på 15 pst. frå januar 2013.

Opne barnehagar

Opne barnehagar er regulerte gjennom barnehagelova, men kommunane er ikkje lovpålagde å gi dette tilbodet. Opne barnehagar har eksistert sidan 1988 og er eit lågterskeltilbod som kommunane kan tilby familiar som ikkje bruker det ordinære barnehagetilbodet. Ein forelder eller annan omsorgsperson er med barnet, og det pedagogiske opplegget er leidd av ein barnehagelærar. I dei seinare åra har det vore ein reduksjon i talet på opne barnehagar, frå 278 opne barnehagar i 2005 med kapasitet til 7 900 barn til 184 opne barnehagar i 2013 med kapasitet til 4 900 barn.

Trøndelag Forskning og Utvikling publiserte i juni 2014 rapporten Åpne barnehager i Norge – Organisering, bruk og betydning. Rapporten var bestilt av Utdanningsdirektoratet og viser mellom anna at dei aller fleste opne barnehagar har personale med god kompetanse, at brukargruppa er prega av mangfald, og at opne barnehagar gir foreldre eit lågterskeltilbod med moglegheit for å byggje sosiale nettverk kombinert med foreldrerettleiing og informasjon om ordinær barnehage. Sett i samanheng med Fafo-rapport 2014: 23 Å være seg sitt ansvar bevisst. Språktilbud til 3–5-åringer med minoritetsspråklig bakgrunn som ikke går i barnehage kan det sjå ut til at opne barnehagar kan vere eit viktig tilbod til familiar med innvandrarbakgrunn der det av ulike årsaker er vanskeleg å få brukt ordinær barnehage.

Mål: Føreseielege rammevilkår som medverkar til mangfald og likeverd i barnehagesektoren

Tilsyn med barnehagesektoren

Ei av Fylkesmannens hovudoppgåver på barnehageområdet er å føre tilsyn med, og gi rettleiing til, kommunen som barnehagemyndigheit. Dette er eit viktig verkemiddel for å bidra til å sikre høg kvalitet på barnehagetilbodet, og for å nå dei nasjonale måla. Tilsyn, informasjon, rettleiing og klagesaksbehandling skal medverke til å sikre rettssikkerheita til innbyggjarane.

Utdanningsdirektoratet overtok ansvaret for embetsstyringa av Fylkesmannen på barnehageområdet i 2012, jf. kap. 220 Utdanningsdirektoratet. For å betre kvaliteten på tilsynet har direktoratet laga ein plan for meir langsiktige mål og tiltak for å sikre eit forsvarleg, einsarta og treffsikkert tilsyn med høg legitimitet. Felles tilsynsmetode skal sikre lik behandling på landsbasis og leggje til rette for at tilsyna inneber ressurseffektive undersøkingar av tilstanden i kommunane, effektiv korrigering av eventuell lovstridig praksis samt at tilsyna skjer i samsvar med forvaltningsmessige krav. Det er òg ei viktig målsetjing at tilsyna skal ha læringseffekt for kommunane.

Direktoratet har i 2013 utarbeidd ei handbok i felles tilsynsmetode for Fylkesmannens tilsyn i både barnehagesektoren og grunnopplæringssektoren. I tillegg har direktoratet utarbeidd tilsynsmateriale for Fylkesmannens tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit. Tilsynsmaterialet skal medverke til å sikre lik praksis når det gjeld dei krava som blir stilte til arbeidet i kommunane med godkjenning av barnehagar, tilsyn med barnehagar og rettleiing til barnehagar. Direktoratet har òg innhenta kunnskap om sektoren og gjort risikovurderingar for at den samla tilsynsaktiviteten i større grad skal svare til risiko i sektoren.

Oppsummeringa av årsrapportane for 2013 frå dei atten fylkesmannsembeta viser at mange embete har vurdert si eiga måloppnåing som god, og at dei har ført fleire tilsyn enn det dei hadde som aktivitetskrav i 2013. Kravet var å gjennomføre tilsyn med totalt 90 kommunar der minst 26 av tilsyna skulle vere stadlege tilsyn. Fylkesmannen gjennomførte i alt 138 tilsyn med 133 kommunar på barnehageområdet i 2013. Dei fleste tilsyna har omfatta kontroll med kommunen som tilsynsmyndigheit, med rettleiingsansvaret til kommunen og med kommunen som godkjenningsmyndigheit. Fleire av tilsyna har omfatta dei ulike krava til handtering av dispensasjonssaker etter barnehagelova §§ 17 og 18 (dispensasjon frå utdanningskrava til styrar og pedagogisk leiar). Omfanget av tilsynet i 2013 er noko større enn i 2012. Av tilsyna i 2013 var litt over halvparten stadlege tilsyn. Det vart avdekt regelverksbrot i om lag halvparten av dei kontrollerte kommunane, noko som er om lag same nivå som i 2012. Regelverksbrota er i stor utstrekning knytte til forskrifter som inneheld formelle krav til enkeltvedtak og innhald i enkeltvedtak, men det er òg avdekt brot på regelverket som viser at fleire kommunar ikkje er gode nok til å bruke kartlegging av og informasjon om barnehagane til å gjere tilstrekkelege vurderingar av behovet for tilsyn eller rettleiing. Tilsynet frå Fylkesmannen viser at mange kommunar ikkje gjennomfører oppgåvene sine som barnehagemyndigheit i samsvar med barnehagelova. Det kan verke som om nokre kommunar ikkje er bevisste på kva som ligg i myndigheitsrolla, og kor viktig det er å skilje denne rolla frå eigarrolla.

I 2013 behandla Fylkesmannen totalt 244 klager etter barnehagelova med forskrifter, noko som er ein reduksjon på 13,5 pst. frå 282 klager i 2012. Av klagene i 2013 gjaldt 225 av dei, eller om lag 92 pst., forskrifta om likeverdig behandling ved tildeling av offentlege tilskott til ikkje-kommunale barnehagar, noko som ikkje er overraskande sidan dette er eit komplisert felt. Denne delen var 90 pst. i 2012, så det var inga betring i 2013. Det er stor regional variasjon i talet på klager. Østfold, Oslo og Akershus har flest, Sogn og Fjordane og dei fire nordlegaste fylka har færrast.

Økonomiske rammevilkår for barnehagane

I Prop. 1 S Tillegg 1 (2013–2014) foreslo regjeringa å løyve 69 mill. kroner til å auke minimumstilskottet til ikkje-kommunale barnehagar frå 96 til 98 pst. av det dei kommunale barnehagane i gjennomsnitt får i offentleg finansiering. Stortinget gav si tilslutning til dette, og auken i minimumstilskottet gjeld frå 1. august 2014.

Utdanningsdirektoratet fekk i 2013 i oppdrag å vurdere om det er behov for endringar i forskrifta om likeverdig behandling ved tildeling av offentlege tilskott til ikkje-kommunale barnehagar. Det er vedteke at grunnlaget for tilskottet skal endrast frå å vere basert på kommunale budsjett til å vere basert på dei kommunale rekneskapane frå to år tilbake. Endringa vil gi ein større tryggleik for dei ikkje-kommunale barnehagane og føre til mindre administrasjon for kommunane. Endringa trer i kraft frå 2015.

Direktoratet har òg vurdert om det bør gjerast andre endringar i forskrifta for å sikre ikkje-kommunale barnehagar meir stabile og føreseielege rammevilkår og gjere det lettare for kommunane å rekne ut korrekte tilskott. Det vart foreslått endringar i handteringa av pensjons- og kapitalkostnader i tilskottsutrekninga. Regjeringa ønskjer å arbeide vidare med finansieringsordninga, og valde derfor ikkje å sende forslaget frå direktoratet ut til offentleg høyring. Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å greie ut andre alternativ enn det forslaget som vart levert i 2013.

I statsbudsjettet for 2014 var det ein reduksjon i løyvinga til kommunane på barnehageområdet basert på premissen om at auken i kontantstøtta ville føre til lågare søkjartal til barnehageopptaket. Søkjartalet vart ikke redusert like mykje som venta, og i samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett (RNB) for 2014 vedtok Stortinget å auke løyvinga til kommunane med 175,1 mill. kroner over innbyggjartilskottet på kap. 571 post 60 for å møte det høgre søkjartalet.

System for å følgje med på utviklinga av kvaliteten

Utdanningsdirektoratet fekk i 2013 i oppdrag å utarbeide eit system for å følgje med på utviklinga av kvaliteten i barnehagesektoren og medverke til å betre kvaliteten. Kvalitetssystemet skal gi eit grunnlag for å vurdere kvaliteten i barnehagesektoren og identifisere område der kvaliteten kan bli betre. Systemet skal gi relevant informasjon til nasjonale myndigheiter, kommunen som barnehagemyndigheit, barnehageeigarane og den einskilde barnehage, samt leggje eit grunnlag for dialog mellom dei ulike nivåa. God forankring i sektoren er viktig for at systemet skal bli så bra som mogleg, og Utdanningsdirektoratet har hatt eit godt samarbeid med aktuelle aktørar på barnehagefeltet.

Som ein del av arbeidet med systemet for å følgje med på kvaliteten vart Nasjonalt barnehageregister (NBR) opna i juni 2014, jf. nbr.udir.no. Registeret gir ei oversikt over alle barnehagar i Noreg og inneheld ei rekkje opplysningar om barnehagane, som adresse, kontaktinformasjon, eigar og tilsynsmyndigheit. I tillegg kan kvar enkelt barnehage leggje inn lenke til si eiga heimeside. Registeret er ope for alle, og barnehagane og barnehageeigarane kan sjølve gå inn og justere opplysningar om sin eigen barnehage.

Beredskapsarbeid i barnehagesektoren

Norske barnehagar skal vere ein trygg plass for både barn og tilsette. Kommunen har plikt til å bruke risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS-analysar) som grunnlag for arbeidet med samfunnssikkerheit og beredskap, og skal ha ein beredskapsplan for handtering av uønskte hendingar som kan ramme befolkninga i kommunen. Også barnehageeigarar har ansvar for tryggleiken til barna og dei tilsette i barnehagen. Temaet er omtalt i del III, kap. 10 Samfunnstryggleik og beredskap.

Utdanningsdirektoratet publiserte i oktober 2013 ei rettleiing i beredskapsplanlegging – Alvorlege hendingar i barnehagar og utdanningsinstitusjonar, jf. udir.no/beredskap. Rettleiinga skal vere til hjelp for kommunar, barnehagar, skolar, fagskolar og høgre utdanningsinstitusjonar i arbeidet med beredskapsplanar. På nettsida ligg òg anna støttemateriell, mellom anna eksempel på beredskapsplanar.

Samla vurdering av sektormåla

Forsking og innhenting av statistikk gir eit stadig betre kunnskapsgrunnlag for kvalitetsutviklinga i barnehagen. Forskinga viser at bruk av barnehage gir mange barn ei positiv utvikling, men at variasjonen i tilbodet er stor.

Kompetansen til dei tilsette er svært viktig for kvaliteten på det pedagogiske tilbodet. Statistikken viser at både delen barnehagelærarar og delen assistentar med barnefagleg kompetanse har auka, noko som har betra den samla kompetansen hos dei tilsette. Det er likevel ei utfordring at ein så stor del av personalet som 43 pst. manglar formell kompetanse for å arbeide med barn, og at det manglar 4 400 barnehagelærarar for å oppfylle lovkrava om godkjend utdanning. Kompetansestrategien for perioden 2014–20 gir mange moglegheiter for kompetanseheving på ulike nivå. Det er barnehageeigarane som har ansvaret for at personalet får tilbod om å delta.

Rekrutteringa til utdanninga for å bli barnehagelærar har halde seg på same nivå i 2014 som i 2013. Gjennom det samordna hovudopptaket har 3 244 søkjarar fått tilbod om studieplass sommaren 2014 mot 3 257 i 2013.

Det er mangelfullt kunnskapsgrunnlag om barnehagetilbodet til barn med særlege behov, noko som gjer det vanskeleg å vurdere kvaliteten på tilbodet. Dette er ei sårbar gruppe det er viktig å få meir kunnskap om.

Barnehagen er ein viktig språkarena for alle barn, særleg for barn med eit anna morsmål enn norsk, og språkarbeidet har både høg prioritet og stort omfang. Personalet etterspør kompetansetiltak særleg på dette området.

Barn som fyller eitt år frå og med 1. september, har etter lova ikkje rett til plass i barnehage før neste haust. Fleire kommunar har kapasitet til å gi barnehageplass til barn utan rett til plass og gjer dette allereie, men det har vore ein reduksjon på om lag sju pst. i talet på barn frå 2012 til 2013. Ei meir fleksibel opptaksordning vil kunne gi kortare ventetid for desse familiane.

Regjeringa er bekymra over at ein del familiar med dårleg råd ikkje får tilbod om redusert foreldrebetaling, og ønskjer å innføre ein betre sosial profil på foreldrebetalinga i barnehagen.

Barnehagesektoren er prega av stort mangfald ved at om lag halvparten av alle barnehagar er private, og ved at det er stor forskjell på barnehagar når det gjeld storleik, organisering og pedagogisk retning. Regjeringa meiner at dette mangfaldet er bra fordi det gir foreldra stor valfridom, og fordi ulike barnehagar kan medverke til å inspirere kvarandre. Samstundes skal tilbodet vere likeverdig på eit overordna plan og i samsvar med intensjonen i formålsparagrafen og rammeplanen, sjølv om det varierer i utforming mellom dei enkelte barnehagane. Omfanget av klager til Fylkesmannen viser at det framleis er utfordringar knytte til praktiseringa av forskrifta om likeverdig behandling av ikkje-kommunale barnehagar.

Strategiar og tiltak

Kunnskap om barnehagen

Departementet vil føre vidare styrkinga av forsking om og for barnehagen, mellom anna gjennom utdanningsforskingsstrategien Kvalitet og relevans 2014–19. Utdanningsdirektoratets publikasjonar Utdanningsspeilet og Vetuva medverkar til å spreie forskingsresultat på barnehageområdet til sektoren.

Høgskolen i Oslo og Akershus leier prosjektet Better provision for Norway’s children in ECEC (Early Childhood Education and Care): A study of children’s wellbeing and development in ECEC, and new tool for Quality Evaluation. Arbeidet skjer i samarbeid med norske og internasjonale fagmiljø og skal vere ferdig i 2018. Prosjektet skal kartleggje samanhengen mellom struktur og organisering, pedagogiske prosessar, trivsel, utvikling og læring. Prosjektet skal også utvikle eit forskingsbasert verktøy som barnehagane kan bruke for å arbeide systematisk med vurdering og utvikling av sin eigen prosesskvalitet.

For omtale av løyvingar til barnehageforsking, sjå kap. 231 postane 21 og 51.

Kompetanseutvikling

Kvaliteten i barnehagen er avgjerande for at barna skal trivast, utvikle seg og lære. Regjeringa vil ha nok vaksne med riktig utdanning i barnehagane, og vil derfor satse på etter- og vidareutdanning for alle yrkesgruppene som arbeider i barnehagen. Kompetansestrategien Kompetanse for framtidens barnehage. Strategi for kompetanse og rekruttering 2014–2020 skal medverke til dette. Strategien omfattar både styrarar, pedagogar, barne- og ungdomsarbeidarar og ufaglærte assistentar og inneheld eit system for kompetanseutvikling som synleggjer ulike kompetansehevingstiltak for dei ulike gruppene tilsette. Det er viktig at alle aktørar tar ansvar for å følgje opp kompetansestrategien, mellom anna ved at barnehageeigarane legg til rette for deltaking i kompetansetiltaka.

Departementet foreslår å auke løyvinga til kompetansetiltak med 60 mill. kroner i 2015. Midlane skal gå til oppfølginga av kompetansestrategien, mellom anna fleire studieplassar til kompetanseutvikling for barnehagetilsette, fagbrev for ufaglærte barnehageassistentar, barnehagefagleg grunnkompetanse for assistentar som manglar dette, og barnehagebaserte kompetanseutviklingstiltak for heile personalgruppa.

Høgskolen i Oslo og Akershus og Høgskulen i Sogn og Fjordane skal i perioden 2013–15 gjennomføre eit pilotprosjekt som skal medverke til å utvikle barnehagen som lærande organisasjon og som arena for kompetanseutvikling for både tilsette og studentar som har praksisperiodar i barnehagen.

Departementet har nemnt opp ei følgjegruppe for den nye barnehagelærarutdanninga som vart innført i studieåret 2013–14. Følgjegruppa er breitt samansett når det gjeld fagkompetanse og har mandat fram til sommaren 2017. Gruppa skal både vurdere utviklinga og gi rettleiing til utdanningsinstitusjonane i prosessen med omlegging til den nye barnehagelærarutdanninga. Første delrapport kjem hausten 2014.

Utdanningsdirektoratet er i gang med revidering av verktøyet Ståstadsanalysen for barnehagar. Ståstadsanalysen kan brukast av barnehagar som ønskjer å drøfte og vurdere sin eigen praksis som grunnlag for felles utviklingsarbeid. Den reviderte ståstadsanalysen skal prøvast ut og gjeres tilgjengeleg i 2015.

Rekruttering

Rekruttering av barnehagelærarar er til dels eit lokalt ansvar som ligg hos barnehageeigarane. For å støtte det lokale arbeidet med rekruttering vil Fylkesmannen halde fram med koordineringa av dei regionale rekrutteringsnettverka i kvart fylke. Eit viktig rekrutteringstiltak for å få fleire barnehagelærarar er å stimulere til at erfarne assistentar tek arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU).

Rekruttering av fleire assistentar med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget vil bidra til å auke delen tilsette som har barnefagleg kompetanse. Yrkesfagløftet i vidaregåande opplæring kan medverke til at fleire elevar som avsluttar ungdomsskolen, startar på og gjennomfører denne yrkesutdanninga. For nærmare omtale av Yrkesfagløftet og vidaregåande opplæring, sjå programkategori 07.20 Grunnopplæringa. I tillegg vil kompetansetiltaket barnehagebasert fagbrev bidra til at erfarne assistentar får moglegheit til å gå opp til fagprøva i barne- og ungdomsarbeidarfaget for å formalisere realkompetansen sin.

Barn med særlege behov

Sidan barn med særlege behov er ei samansett gruppe som ikkje er nøyaktig definert, er det behov for meir kunnskap for å kunne vurdere om barnehagen gir eit kvalitativt godt tilbod. Regjeringa er oppteken av å sikre likebehandling av private barnehagar når det gjeld ressurstilgangen for barn med særlege behov. Utdanningsdirektoratet har i 2014 fått i oppdrag å betre statistikken om barn med særlege behov. Utdanningsdirektoratet har også fått i oppdrag å gjennomføre ei større undersøking om barn med særlege behov i løpet av 2015.

I samband med gjennomgangen av barnehagelova med forskrifter skal departementet vurdere ei overføring av retten til spesialpedagogisk hjelp for barn i førskolealderen frå § 5–7 i opplæringslova til barnehagelova.

For å styrkje det arbeidet kommunane og fylkeskommunane gjer med utsette barn og unge under 24 år, har Kunnskapsdepartementet starta eit samarbeid med Arbeids- og sosialdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. Samarbeidet skal avdekkje felles utfordringar og fremme felles tiltak og strategiar for betre oppfølging av utsette barn og unge. Det overordna målet for samarbeidet er auka gjennomføring i vidaregåande opplæring. Departementa har gitt eit felles koordinert oppdragsbrev til direktorata sine. Oppdraget skal føre fram til faglege tilrådingar om tverrfaglege innsatsar som kan bidra til at fleire lykkast i skolen og fullfører vidaregåande opplæring, jf. Programkategori 07.20 Grunnopplæringa, Strategiar og tiltak.

Språkmiljø og støtte til språkutvikling

Regjeringa vil styrkje bruken av norsk og språkutviklinga i barnehagen for å førebu barna på skole og utdanning og gi nødvendig hjelp til barn som har svake språkferdigheiter.

Utdanningsdirektoratet er i ferd med å utvikle fleire støtteressursar for språkarbeidet i barnehagen. Hausten 2014 publiserer direktoratet eit refleksjonsverktøy for språkarbeid knytt til rettleiaren Språk i barnehagen – meir enn berre prat. Refleksjonsverktøyet vil bli ein tilleggsmodul til den reviderte ståstadsanalysen, som etter planen skal lanserast hausten 2015. Direktoratet skal produsere korte inspirasjonsfilmar om mellom anna språkarbeid. Vidare har direktoratet gitt Lesesenteret i oppdrag å lage støtteressursar for språk, særleg for dei yngste barna og for høgtlesing av bøker for barn. Direktoratet har gitt Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO) i oppdrag å lage støtteressursar om fleirspråklegheit og fleirkulturalitet.

Den femårige satsinga Kompetanse for mangfold for perioden 2013–17 blir ført vidare i 2015, jf. omtale under kap. 226 post 21. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for gjennomføringa på barnehageområdet. Ein stor del av dette kompetanselyftet gjeld barnehagebasert og skolebasert kompetanseutvikling. I 2015 skal 144 barnehagar og skolar i seks fylke delta i satsinga. NIFU skal evaluere satsinga.

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet fører vidare forsøket med gratis kjernetid i barnehage, og har opna for ei delvis omlegging for ein meir målretta bruk av midlane, jf. Prop. 1 S (2014–2015) for Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Ved handsaminga av statsbudsjettet for 2014 bad Stortinget i eit oversendingsframlegg regjeringa vurdere om det skal vere ei plikt å gi barnehagetilbod på samisk når det er minst ti barn i kommunen, også i kommunar utanfor det samiske forvaltningsområdet. Departementet følgjer opp saka i samband med vurderinga av nødvendige endringar i barnehagelova. Ei slik eventuell plikt vil vere i samsvar med tilsvarande heimling i opplæringslova.

Gjennomgang av barnehagelova

I samband med gjennomgangen av barnehagelova vil departementet leggje fram forslag om nødvendige lovendringar. Endringane skal bidra til ein enklare og klarare lov og vil vere ein viktig del av arbeidet med å løfte kvaliteten i barnehagane.

Revidering av rammeplanen

Rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver har status som forskrift til barnehagelova og vart sist revidert grundig i 2006 med ei tilleggsrevidering i 2011 på grunn av ny formålsparagraf. I 2013 vart det vedteke å revidere rammeplanen på nytt, og ei ekstern rammeplangruppe leverte våren 2014 eit utkast til revidert første del. Regjeringa ønskjer å sjå heile rammeplanen under eitt, og vil derfor samkøyre revideringsarbeidet med gjennomgangen av barnehagelova. Forslag til revidert rammeplan skal sendast ut til høyring med sikte på at endeleg revidert rammeplan trer i kraft i 2016.

Støtte til det faglege arbeidet i barnehagane

Utdanningsdirektoratet skal arbeide vidare med å utvikle støtteressursar for det faglege arbeidet i barnehagane. Desse skal byggje opp under tema i kompetansestrategien. Direktoratet skal produsere ei filmpakke med korte filmar som gir gode eksempel frå praksis. I tillegg kjem skriftleg materiell, som artiklar og forslag til spørsmål til refleksjon over arbeidet i barnehagen. Dei første filmane kjem i januar 2015, og alle skal vere ferdige til juni 2015.

Direktoratet har gitt dei nasjonale sentra i oppdrag å lage støtteressursar for barnehagane på kvart sitt einskilde fagområde.

Regjeringa skal utarbeide ein heilskapleg realfagsstrategi for perioden 2015–18, og barnehagefeltet er omfatta av strategien, jf. kap. 226.

Deltaking i barnehage

Ein del kommunar har i dag fleire barnehageopptak i året eller løpande opptak. Regjeringa legg til grunn at kommunane følgjer med på endringar i fødselstal, til- og fråflytting og andre faktorar som påverkar dimensjoneringa av barnehagetilbodet. Fylkesmannen skal følgje opp korleis kommunane oppfyller retten til plass i barnehage.

Regjeringa vil arbeide for større fleksibilitet i barnehageopptaket. Departementet foreslår å auke rammetilskottet til kommunane med 100 mill. kroner for å leggje til rette for meir fleksible opptaksløysingar. Midlane legg til rette for at foreldre med barn som fyller eitt år 1. september eller seinare, får kortare ventetid på ein barnehageplass. Midlane vil kunne finansiere opp til 800 nye barnehageplassar.

Foreldrebetaling

Regjeringa foreslår at maksimalprisen for eit ordinært heiltidstilbod i 2015 blir fastsett til 2 580 kroner per månad og 28 380 kroner per år. Det er ein reell auke frå 2014 på 100 kroner per månad.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 35, 26. november 2013 frå Innst. 2 S (2013–2014), som lyder:

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett for 2014 vurdere skjermingsordninger for barnefamilier med dårlig råd og barn i barnehage.»

I revidert nasjonalbudsjett for 2014 seier regjeringa følgjande:

«Regjeringen har satt i gang arbeid med å vurdere regelverket for moderasjonsordninger i foreldrebetalingen i barnehage. Støtteordninger som kan gi moderasjon i foreldrebetalingen finnes også i annet regelverk. Dette kompliserer arbeidet. Et godt regelverk på dette området er viktig både for å få flere barn i barnehage, og for å redusere barnefattigdommen i Norge. Samtidig må hensynet til administrativ enkelhet og arbeidsinsentiver vurderes. Regjeringen vurderer ulike modeller. Regjeringen vil komme tilbake til saken i forbindelse med statsbudsjettet for 2015, og vurdere behovet for regelverksendringer nærmere.»

Regjeringa vil innføre ein betre sosial profil på foreldrebetalinga i barnehagen, og foreslår å løyve 112 mill. kroner til å innføre eit nasjonalt minstekrav til redusert foreldrebetaling for familiar med låg inntekt. Forslaget vil medverke til at fleire får moglegheit til å nytte tilbodet om barnehageplass.

Regjeringa vurderer at det er eit behov for endring i forskrifta om foreldrebetaling i barnehagar, slik at regelverket i større grad sikrar ein reduksjon av ein viss storleik for familiar med låg inntekt og at ulik praktisering av gjeldande regelverk mellom kommunar blir jamna ut.

Løyvinga på 112 mill. kroner skal gå til eit nasjonalt minstekrav til redusert foreldrebetaling der foreldrebetalinga per år for ein heiltidsplass maksimalt skal utgjere 7 pst. av person- og kapitalinntekta til familien. Søskenmoderasjonen blir vidareført som i dag.

Regjeringa ønskjer å presisere at kommunar står fritt til å gi ein større reduksjon i foreldrebetalinga enn forslaget frå departementet, ved til dømes å sette ein lågare prosentsats. Det nye forslaget vil ikkje ha følgjer for moderasjons- og fritaksordningar utanfor det ordinære betalingssystemet, og regjeringa oppmodar kommunane til å vidareføre desse ordningane. Departementet legg til grunn at den auka løyvinga kjem i tillegg til dei ressursane kommunane allereie brukar på moderasjons- og fritaksordningar, slik at barnefamiliane får tilsvarande eller høgre moderasjon enn dei har i dag.

Forslag om endringar i forskrifta om foreldrebetalinga i barnehagen vil bli sendt ut til høyring hausten 2014, med sikte på ikraftsetjing 1. august 2015.

Etterspurnadseffektar av endringar i kontantstøtta og foreldrebetalinga

I statsbudsjettet for 2014 la regjeringa til grunn at etterspurnaden etter barnehageplassar blir endra på grunn av endringar i kontantstøtta og foreldrebetalinga. Løyvinga over kap. 571 Rammetilskudd til kommuner, post 60 Innbyggertilskudd vart endra tilsvarande den berekna effekten på talet på barnehageplassar. Metoden som har vore brukt for å anslå effektar av endringar i perioden 2012–14, har vist seg å ha svakheiter som sannsynlegvis gjer at det har vorte lagt til grunn for sterke etterspurnadseffektar. Dette vil i så fall bety at det har vorte lagt inn for mykje i rammetilskottet til kommunane i samband med avviklinga av kontantstøtta for toåringane i 2012 og i samband med nominell vidareføring av foreldrebetalinga i barnehagane i 2012 og 2013. Det har òg vorte trekt ut for mykje frå rammetilskottet til kommunane i samband med auka kontantstøtte for eittåringane i 2012 og 2014.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 586, 20. juni 2014 frå Innst. 260 S (2013–2014), som lyder:

«Stortinget ber regjeringen etablere en ny metode for å beregne etterspørselseffekter av endringer i kontantstøtten og foreldrebetalingen i barnehagene. Bevilgningsendringene ved endret kontantstøtte og foreldrebetaling i perioden 2012–2014 gjennomgås sammen med KS som en del av arbeidet. Det forutsettes at dette danner grunnlaget for beregning av endringer i innbyggertilskudd som følge av etterspørselsendringer på barnehageområdet fra og med 2015.»

Regjeringa har saman med KS vurdert metoden for å berekne etterspurnadseffektar. Formålet med gjennomgangen har vore å sikre eit best mogleg grunnlag for å anslå etterspurnadseffektar av eventuelle framtidige endringar i kontantstøtta og foreldrebetalinga i barnehagane. Som ein del av dette arbeidet har regjeringa saman med KS gått gjennom løyvingsendringane knytt til endra kontantstøtte og foreldrebetaling i perioden 2012–14.

Regjeringa har i samarbeid med KS komme fram til at anslag baserte på erfaringstal frå endringane i kontantstøtta i 2012 bør bli nytta til å rekne ut etterspurnadseffektar av endra foreldrebetaling og kontantstøtte frå og med 2015-budsjettet. For å kunne nytte desse erfaringstala er det nødvendig å estimere den underliggjande utviklinga i dekningsgraden. Denne utviklinga vil vere prega av noko usikkerheit. Trass denne usikkerheita vurderer departementet at dei anslaga som er baserte på erfaringstal, vil gi meir realistiske estimat for endringar i etterspurnaden etter barnehageplassar enn den tidlegare modellen.

Regjeringa har gjort nye berekningar av løyvingsendringane i perioden 2012–14 i samband med endra foreldrebetaling og kontantstøtte. I berekningane er etterspurnadseffektane estimerte ved bruk av erfaringstal frå kontantstøtteendringane i 2012. Berekningane viser at det vart trekt ut for mykje av kommuneramma ved auka kontantstøtte for eittåringar i 2012 og 2014, og at det vart lagt inn for mykje i kommuneramma ved avviklinga av kontantstøtta for toåringar i 2012 og ved reduksjonane i maksimalprisen i 2012 og 2013. Samla sett er det på usikkert grunnlag anslått at kommunane har blitt kompenserte med nesten 350 mill. kroner for mykje som følgje av endringane i foreldrebetalinga og kontantstøtta i perioden 2012–14. Den foreslåtte auken i løyvinga i 2015 på 252,5 mill. kroner (omtalt under) er da inkludert i reknestykket.

I samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett 2014 vedtok Stortinget å løyve 175,1 mill. kroner til fleire barnehageplassar i kommunane. Bakgrunnen for auken var høgre søkjartal til barnehageopptaket i 2014 enn det vart anslått i statsbudsjettet for 2014. For å dekkje heilårseffekten av denne auken foreslår departementet å løyve 252,5 mill. kroner i budsjettet for 2015.

Opne barnehagar

For einskilde grupper i samfunnet ser det ut til at det er vanskeleg å bruke det ordinære barnehagetilbodet, og opne barnehagar kan vere eit godt supplement og samtidig ein rekrutteringsarena til ordinær barnehage. Dette kan særleg vere aktuelt for barn med minoritetsspråkleg bakgrunn slik at dei kan lære norsk. Rapportar frå Fafo og Trøndelag Forskning og Utvikling om høvesvis tilbodet til minoritetsspråklege 3–5-åringar utanfor barnehage og opne barnehagar viser at det kan vere gode grunnar til å sjå nærmare på reguleringa av dei opne barnehagane. Departementet vil vurdere korleis funna i rapportane kan følgjast opp.

Tilsyn med barnehagesektoren

Tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit vil framleis vere ei viktig oppgåve for Fylkesmannen i 2015. Det er Utdanningsdirektoratet som har ansvaret for embetsstyringa av Fylkesmannen på utdanningsområdet, noko som omfattar tilsynet med både barnehagesektoren og grunnopplæringssektoren, jf. kap. 220 Utdanningsdirektoratet. Nærmare omtale av tilsynet kjem i det årlege embetsoppdraget til Fylkesmannen, jf. Prop. 1 S (2014–2015) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Økonomiske rammevilkår for barnehagane

Regjeringa vil sikre stabile og føreseielege rammevilkår for ikkje-kommunale barnehagar. Departementet foreslår å løyve om lag 96 mill. kroner i 2015 for å dekkje heilårseffekten av opptrappinga av minimumstilskottet til 98 pst. frå 1. august 2014. Auken i minimumstilskottet legg til rette for å jamne ut forskjellane mellom kommunale og ikkje-kommunale barnehagar når det gjeld talet på barn per vaksen og lønns- og arbeidsvilkår for dei tilsette.

Frå januar 2015 skal det kommunale tilskottet reknast ut med utgangspunkt i den kommunale rekneskapen frå to år tilbake og ikkje ut frå det kommunale budsjettet. Dette vil gi ikkje-kommunale barnehagar ein meir føreseieleg økonomisk situasjon.

Departementet har òg gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å greie ut alternative modellar for finansiering av ikkje-kommunale barnehagar. Regjeringa tek sikte på å innføre ei ny ordning for finansiering av ikkje-kommunale barnehagar etter at direktoratet er ferdig med si utgreiing.

System for å følgje med på utviklinga av kvaliteten

Regjeringa vil gjere mest mogleg informasjon om barnehagane ope tilgjengeleg og utarbeide felles nasjonale indikatorar for kvalitet. Det skal bli lettare for foreldre å sjekke kvalitet i den einskilde barnehagen. Utdanningsdirektoratet arbeider med å utvikle eit system for å følgje med på utviklinga av kvaliteten i barnehagesektoren og medverke til betre kvalitet. Oppdraget har delfristar i 2014 og 2015 og endeleg frist i 2017. Saman med sentrale aktørar i sektoren arbeider direktoratet for at systemet skal leggje eit godt grunnlag for dialogar om kvalitet. Betre tilgang på statistikk og indikatorar inngår i dette arbeidet.

I løpet av 2015 skal ein nettportal om barnehagar vere ferdig utvikla. Portalen skal gi informasjon om barnehagar til foreldre og andre interesserte.

Kap. 231 Barnehagar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 51

169 803

220 513

284 939

50

Tilskott til samiske barnehagetilbod

14 647

15 160

15 660

51

Forsking, kan nyttast under post 21

8 006

8 286

8 517

61

Investeringstilskott, overslagsløyving

2 835

63

Tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealder

125 628

130 173

134 339

64

Tilskott til mellombelse lokale, overslagsløyving

330

Sum kap. 0231

321 249

374 132

443 455

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 51

Midlane på posten blir nytta til forsking, utviklingsarbeid, kartleggingar, utgreiingar, kompetansetiltak, rekrutteringstiltak, informasjons- og erfaringsspreiing i barnehagesektoren og utviklingsbehov som oppstår gjennom året. Ein mindre del av løyvinga kan bli nytta til tilskott til etablering av fagskoletilbod som er relevante for arbeid i barnehage.

Mål for 2015

Målet med løyvinga i 2015 er å medverke til å auke kvaliteten i barnehagane og styrkje kunnskapsgrunnlaget. Det fleirårige arbeidet med å vidareutvikle og styrkje barnehagen som pedagogisk institusjon og som ein lærande organisasjon skal førast vidare.

Rapport for 2013

I 2013 vart det over kap. 231 post 21 totalt nytta om lag 166 mill. kroner til kvalitetstiltak for barnehagesektoren. Midlane omfatta 43 mill. kroner til å styrkje kunnskapsgrunnlaget gjennom forsking, undersøkingar og kunnskapsoversikter og 123 mill. kroner til kompetanseutvikling og rekrutteringstiltak.

Av dei 43 mill. kronene som vart nytta til å styrkje kunnskapsgrunnlaget, vart 9,7 mill. kroner tildelte forskingsprogrammet Utdanning2020.

Kompetansesatsinga i 2013 hadde til formål både å heve kompetansen blant dei tilsette i barnehagane og å rekruttere kvalifisert personale. Satsinga omfatta kompetansetiltak for alle grupper tilsette i barnehagen, uansett erfaring og kompetansenivå. Fylkesmannsembeta har vore viktige pådrivarar i arbeidet med kompetansesatsinga. Dei har sikra at kommunale og ikkje-kommunale barnehagar har fått midlar til kompetanseheving.

Det vart i 2013 nytta om lag 12 mill. kroner til vidareføringa av leiarutdanninga for styrarar. Det første kullet på 300 personar starta hausten 2011 med eksamen hausten 2012, og 263 av desse har fullført og bestått eksamen. Det andre kullet på 300 personar starta våren 2013 med eksamen våren 2014, av desse er det 284 som har fullført og bestått eksamen.

Det vart i 2013 nytta om lag 3 mill. kroner til stimuleringstiltak i regi av lærarutdanningane for å auke tilbodet om rettleiing for nytilsette nyutdanna barnehagelærarar. Om lag 80 pst. av barnehagane har slik rettleiing. Desse midlane vart nytta i samanheng med midlar til rettleiing av nyutdanna lærarar frå kap. 226 post 21.

Det vart i 2013 nytta om lag 4,6 mill. kroner til vidareutdanning i barnehagepedagogikk for pedagogisk personale som ikkje har barnehagelærarkompetanse, tilbodet hadde 137 deltakarar.

Det vart i 2013 nytta om lag 3,9 mill. kroner til vidareutdanning i pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen (såkalla PUB-studium). Tilbodet hadde 104 deltakarar i studieåret 2013–14.

Det vart i 2013 nytta om lag 28,7 mill. kroner til kompetanseheving for assistentar, og dei ulike tilboda hadde totalt 1 366 deltakarar. Dette omfatta eit tilbod til erfarne assistentar om å ta fagprøva i barne- og ungdomsarbeidarfaget for å formalisere realkompetansen sin. Til saman 519 assistentar deltok på dette tilbodet i 2013, og det vart nytta 7,3 mill. kroner til tiltaket. Vidare vart det nytta 13,9 mill. kroner til kompetansehevingsstudium, der til saman 494 assistentar deltok. Det vart òg nytta om lag 7,5 mill. kroner til at 353 assistentar fekk delta på kurs i barnehagefagleg grunnkompetanse.

Av dei nasjonale kompetansemidlane på denne posten vart det i 2013 nytta om lag 41 mill. kroner til lokale kompetanse- og utviklingstiltak for dei tilsette i barnehagane gjennom kompetansesatsinga Vennskap og deltakelse. Satsinga vart avslutta hausten 2013.

Det vart i 2013 nytta om lag 4,4 mill. kroner til barnehagetiltak i handlingsplanen Likestilling 2014. Tiltaka har omfatta drift av likestillingsteam i alle fylke, konferansar, seminar og kompetanseheving i praktisk likestillingsarbeid for dei tilsette i barnehagane.

Det vart i 2013 nytta om lag 8 mill. kroner til rekrutteringskampanjen Verdas finaste stilling ledig. Kampanjen omfatta i 2013 mellom anna reklamefilm for spreiing på nettet, ei eiga nettside, ein blogg, Facebook-side, PR-arbeid og deltaking på studiemesser rundt omkring i landet. Det vart òg tildelt 4,3 mill. kroner til fylkesmennene for å føre vidare regionale nettverk knytte til prosjektet GLØD og arbeidet med rekrutteringskampanjen lokalt. Det vart nytta om lag 0,5 mill. kroner i 2013 til lønn og administrasjon i departementet til drift av prosjektet GLØD.

Det vart i 2013 nytta om lag 9 mill. kroner til arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU). 143 assistentar fekk dermed moglegheit til å starte i deltidsutdanninga for å bli kvalifiserte barnehagelærarar.

Budsjettforslag for 2015

Regjeringa vil styrkje arbeidet med kompetanseheving og rekruttering i barnehagesektoren. Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 60 mill. kroner i 2015. Midlane skal gå til oppfølginga av kompetansestrategien, fleire studieplassar til arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning, kompetanseutvikling for barnehagetilsette, fagbrev for ufaglærte barnehageassistentar, barnehagefagleg grunnkompetanse for assistentar som manglar dette, og barnehagebaserte kompetanseutviklingstiltak for heile personalgruppa. Totalt vil det bli nytta om lag 275 mill. kroner til tiltak for å fremme kvaliteten i barnehagane i 2015.

Forslaget om å løyve midlar til fleire studieplassar til vidareutdanning for tilsette i barnehagane fører til auka utgifter til utdanningsstøtte, jf. omtale under kap. 2410 postane 50–90, kap. 5310 og kap. 5617.

Departementet foreslår vidare at 60 000 kroner blir flytte til kap. 525 Fylkesmannsembetene post 01 Driftsutgifter frå og med 2015, og at desse midlane blir tildelte til Fylkesmannen i Troms. Bakgrunnen for flyttinga er at Fylkesmannen i Troms i 2012 fekk ansvaret for å føre tilsyn, behandle klagesaker og informere og rettleie Longyearbyen lokalstyre på barnehageområdet. Midlane vart i perioden 2013–14 tildelte til Fylkesmannen i Troms over kap. 231 post 21.

Løyvingsforslaget er redusert med 1,1 mill. kroner som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar.

Som følgje av innføring av nøytral meirverdiavgift for ordinære statlege forvaltningsorgan er løyvingsforslaget redusert med 1,9 mill. kroner, jf. omtale under Hovudprioriteringar i del I.

Post 50 Tilskott til samiske barnehagetilbod

Sametinget forvaltar tilskott til samiske barnehagar, barnehagar med samiske avdelingar og barnehagar med tilbod om samisk språkopplæring. I tillegg kan tilskottet nyttast til utviklingsarbeid og prosjekt i barnehagane. Sametinget og Kunnskapsdepartementet har både faste samarbeidsmøte på administrativt nivå og konsultasjonar etter behov og nærmare avtale.

Mål for 2015

Målet for tilskottsordninga er å medverke til å leggje til rette for at samiske barn skal få utvikle samisk språk og kultur i barnehagen.

Rapport for 2013

I 2013 mottok Sametinget om lag 15,2 mill. kroner i tilskott til samiske barnehagetilbod. Statistikk frå Sametinget viser at det i 2013 var totalt 822 barn som gjekk i barnehagar med eit samisk tilbod. Av desse gjekk 577 barn i samiske barnehagar, 92 barn i barnehagar med samisk avdeling og 153 barn i barnehagar med samisk språkopplæringstilbod. Av dei 822 barna hadde 780 barn nordsamisk bakgrunn, 18 barn lulesamisk bakgrunn og 24 barn sørsamisk bakgrunn.

I 2013 var det registrert 23 samiske barnehagar, same tal som i 2012, sju barnehagar med samisk avdeling, same tal som i 2012, og 22 barnehagar med samisk språkopplæringstilbod mot 33 i 2012. Dei sistnemnde barnehagane ligg i sju fylke: Finnmark, Troms, Nordland, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Rogaland og Akershus.

Sametinget har som mål å utvikle meir pedagogisk materiell til barnehagar med samisk tilbod. Sametinget tildelte i 2013 midlar til 16 ulike prosjekt. Sametinget prioriterte prosjekt som omhandla utvikling av modellar for samisk språkopplæring, jf. Sametingets årsmelding.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2014.

Post 51 Forsking, kan nyttast under post 21

Midlane blir nytta til forsking om og for barnehagar. Løyvinga på posten må sjåast i samanheng med løyvinga til kompetanseutvikling på post 21. Løyvinga blir forvalta av Noregs forskingsråd gjennom ulike forskingsprogram.

Mål for 2015

Målet er å få eit betre kunnskapsgrunnlag for praksis, forvalting og barnehagepolitikk. Tilskottet skal medverke til å styrkje forskinga om og for barnehagar.

Rapport for 2013

Noregs forskingsråd har i fleire år finansiert to forskingsprogram på utdanningsområdet: Praksisrettet utdanningsforskning PRAKUT (2010–2014) og Forskning om utdanning fram mot 2020 – Utdanning2020 (2009–2018). I 2013 vart det løyvt 8 mill. kroner til PRAKUT over post 51.

Ei evaluering frå 2013 førte til samanslåing av programma i FINNUT, som er eit stort og langsiktig program for perioden 2014–23. FINNUT omfattar forsking og innovasjon i utdanningssektoren, frå barnehage og skole til høgre utdanning og vaksnes læring.

Budsjettforslag for 2015

Løyvingsforslaget er redusert med 42 000 kroner som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar. Ut over dette foreslår departementet at løyvinga på posten blir ført vidare på same nivå som i 2014.

Post 61 Investeringstilskott, overslagsløyving

Rapport for 2013

Investeringstilskottet for nye barnehageplassar vart avvikla frå 1. januar 2012, men det vart løyvt midlar på posten i 2013 for å ta høgd for eit etterslep av ubehandla søknader om investeringstilskott knytte til etableringa av barnehageplassar i 2011. Det vart i 2013 utbetalt om lag 2,8 mill. kroner i investeringstilskott til nye barnehageplassar.

Post 63 Tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealder

Tilskottet skal medverke til at kommunane kan utforme tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealderen både i og utanfor barnehagen, og skal samstundes motivere kommunane til å rekruttere fleire minoritetsspråklege barn til barnehagen. Tilskottet blir delt ut til kommunane ut frå talet på minoritetsspråklege barn som går i barnehage.

Mål for 2015

Målet for tilskottsordninga er å medverke til å leggje til rette for at minoritetsspråklege barn i førskolealderen skal få betre språkforståing.

Rapport for 2013

Totalt vart om lag 126 mill. kroner nytta over posten i 2013. Av desse vart 123 mill. kroner fordelte til kommunane til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealderen. Om lag 3 mill. kroner vart via Fylkesmannen nytta til vidareføring av satsingar frå 2012 for å styrkje fleirkulturell praksis og fleirspråkleg utvikling i barnehagen.

Ein evalueringsrapport frå Rambøll i januar 2014 viser høg måloppnåing når det gjeld det overordna målet om at tilskottet skal medverke til at kommunen kan utforme tiltak for minoritetsspråklege barn. Kommunane bruker tilskottet på ulikt vis, til dømes ved å gi tilskottsmidlar vidare til den einskilde barnehage, ved å ha ein tilsett som kan rettleie barnehagane, ved å disponere morsmålsassistentar som barnehagane kan få bruke, eller ved å gi midlar til ein mottaksbarnehage som dei andre barnehagane kan få tips og hjelp frå.

For statistikk om minoritetsspråklege barn i barnehage, sjå del III, kap. 7 Ressursar i barnehagesektoren.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2014.

Post 64 Tilskott til mellombelse lokale, overslagsløyving

Rapport for 2013

Tilskottet til mellombelse lokale vart avvikla frå 1. januar 2012, men det vart løyvt midlar på posten i 2013 for å ta høgd for eit etterslep av ubehandla søknader om tilskott til mellombelse lokale knytte til etableringa av barnehageplassar i 2011. Det vart i 2013 utbetalt om lag 0,3 mill. kroner i tilskott til mellombelse lokale.

Programkategori 07.50 Vaksenopplæring m.m.

Utgifter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

252

EUs utdannings- og ungdomsprogram

249 537

290 360

439 921

51,5

253

Folkehøgskolar

718 206

744 043

748 597

0,6

254

Tilskott til vaksenopplæring

220 951

230 719

168 703

-26,9

255

Tilskott til freds- og menneskerettssentra

76 356

140 173

104 526

-25,4

256

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

67 818

67 653

65 283

-3,5

257

Program for basiskompetanse i arbeidslivet

91 866

139 604

168 716

20,9

258

Tiltak for livslang læring

57 255

91 146

101 700

11,6

Sum kategori 07.50

1 481 989

1 703 698

1 797 446

5,5

Inntekter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

3256

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

12 997

11 027

11 334

2,8

Sum kategori 07.50

12 997

11 027

11 334

2,8

Innleiing

Eit høgt kunnskaps- og kompetansenivå i heile folket er grunnlaget for sosial utjamning og for at norske verksemder skal ha den kompetansen dei treng. Ei kompetent vaksenbefolkning legg grunnlag for nyskaping, omstilling og vekst i norsk nærings- og arbeidsliv. Utdanning og kontinuerleg kompetanseutvikling stimulerer til produktivitet, omstillingsevne, meistring, deltaking i arbeid og samfunnsliv, og til styrkt sjølvkjensle og identitet hos den einskilde. Det er derfor viktig å leggje til rette for at fleire vaksne både i og utanfor arbeidslivet skal kunne halde ved like og tileigne seg ny kunnskap og oppgradere kompetansen sin gjennom utdanning og opplæring.

Hovudmålet for løyvingane under denne programkategorien er Kompetanse som trengst i dag og i framtida, jf. figur 1.2 Målbilete for Kunnskapsdepartementet. Dette målet gjeld spesielt for kompetansepolitikken. Kompetansepolitikken omfattar statlege verkemiddel for å utvikle og bruke kompetansen i heile det norske folket gjennom heile livet. Verkemidla i kompetansepolitikken går på tvers av departement, sektorar og forvaltningsnivå. Kunnskapsdepartementet har samordningsansvar for kompetansepolitikken.

I tillegg til ein del tiltak innanfor kompetansepolitikken blir utdanningsforsking, tilskott til fredssentra og utvekslingsprogrammet Erasmus+ finansierte over programkategori 07.50. Utdanningsforskinga skal, forutan generelt å gi ny kunnskap og erkjenning, medverke til høgre kvalitet i barnehagane, i skolane, i høgre utdanning og i vaksenopplæringa og gi eit solid grunnlag for politikkutvikling. Produktive og gode utdanningsforskingsmiljø skal bringe fram eit godt kunnskapsgrunnlag som gir rom for ein meir opplyst debatt om innhald, læring, ressursbruk, og resultat.

Kontakt og samarbeid på tvers av landegrensene er viktig for å ytterlegare styrkje kvaliteten, relevansen og attraktiviteten til det norske utdanningssystemet. Samarbeid med andre land medverkar til betre kvalitet og større relevans i norsk utdanning og forsking. Gjennom norsk deltaking i internasjonale utvekslingsprogram legg departementet til rette for at elevar, studentar og tilsette ved lærestadene får høve til å skaffe seg internasjonal kompetanse og fagleg utbytte.

Freds- og menneskerettssentra har utstillingar og pedagogiske undervisningsopplegg. Dei skal formidle demokratiske verdiar og holdningar til barn og unge.

Folkehøgskolane i Noreg er eit alternativ og supplement til det formelle utdanningssystemet som skal fremme allmenndanning og folkeopplysning.

Hovudprioriteringar for 2015

Ei av dei viktigaste utfordringane for Noreg som kunnskapsnasjon er evna til å tilby vaksne som treng det, ein moglegheit til å skaffe seg naudsynte grunnleggjande dugleikar og kompetanse som ein treng i arbeids- og næringslivet. Departementet foreslår å løyve 15 mill. kroner meir til Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) i 2015. Ved behandlinga av tilleggsproposisjonen til statsbudsjettet for 2014 slutta Stortinget seg til forslaget om å løyve 25 mill. kroner til å utvide BKA, slik at det òg omfattar grunnleggjande dugleikar i munnleg norsk. Dette inneber at minoritetsspråklege kan få opplæring i munnleg norsk i samband med opplæring i andre grunnleggjande dugleikar. Det er forventa auka etterspurnad på dette området etter kvart som utvidinga blir kjend.

I dag eksisterer det ikkje gode system og verktøy for å kartleggje opplæringsbehova hos vaksne i Noreg. Departementet foreslår derfor 5 mill. kroner til å utvikle kartleggingsverktøy for grunnleggjande dugleikar tilpassa vaksne. Formålet er å utvikle enkle, standardiserte kartleggingsverktøy tilpassa vaksne som dei ulike aktørane på området kan ta i bruk, blant andre Nav og kommunale vaksenopplæringar.

Under BKA-programmet i dag er det verksemdene som søkjer om tilskott til opplæring av sine tilsette, medan frivillige organisasjonar har moglegheit til å stå for sjølve opplæringa. Regjeringa vil leggje til rette for at dei frivillige organisasjonane kan stå for både rekruttering av deltakarar og sjølve opplæringa gjennom ei utviding av BKA med ein komponent, Basiskompetanse i frivilligheita (BKF). Denne skal ha til formål å styrkje grunnleggjande dugleikar hos vaksne både i og utanfor arbeidslivet. Dette vil kunne gi fleire vaksne som treng det, tilbod om opplæring. Det er foreslått å løyve 10 mill. kroner til BKF i 2015 innanfor ramma av løyvinga til BKA. Samla foreslår departementet at det blir løyva 169 mill. kroner til BKA og BKF i 2015.

Departementet foreslår å redusere løyvinga til studieforbunda med 40 mill. kroner i 2015, jf. kap. 254 post 70.

Læringsvitskap er ein tverrfagleg disiplin som prøver å forstå korleis læring skjer, og korleis ein kan forbetre læring og undervisning. Læringsanalyse er eit framveksande forskingsfelt innanfor læringsvitskapen. Læringsanalyse gjer bruk av store datamengder frå til dømes Massive Open Online Courses (MOOC), ulike digitale læringsplattformer og andre kjeldar til å få djupare innsikt i læringsprogresjon. For at vi skal kunne følgje med i utviklinga og dra nytte av det som skjer i andre land, foreslår Kunnskapsdepartementet 5 mill. kroner i 2015 til å opprette eit fagmiljø for læringsanalyse.

Internasjonalt samarbeid er viktig, og ein del av norsk utdanningspolitikk er å delta i EUs program for utdanning, ungdom og idrett, Erasmus+ (2014–20), jf. Innst. 153 S (2013–2014) og Prop. 43 S (2013–2014). Erasmus+ gir moglegheiter til å delta i samarbeidsprosjekt og utveksling i heile EØS-området, EUs kandidatland og land utanfor dette området. Programmet omfattar både mobilitet, institusjonssamarbeid, samarbeid med arbeids- og næringsliv og politikkutvikling. Målgruppa er i hovudsak norske elevar, lærlingar, studentar, lærarar og tilsette i utdanningssystemet, barn og unge, og tillitsvalde og tilsette i barne- og ungdomsorganisasjonar. Det er eit mål at fleire skal delta i programmet. Departementet foreslår 407 mill. kroner til Erasmus+ i 2015, ein auke på 187 mill. kroner frå 2014.

Mål: Kompetanse som trengst i dag og i framtida

Med eit arbeidsliv prega av høge kompetansekrav til arbeidskraft, høg produktivitet og høge lønnskostnader er eit overordna mål for kompetansepolitikken å medverke til at norsk arbeids- og næringsliv har tilgang til og kan vidareutvikle den kompetansen som til kvar ei tid er nødvendig i verksemdene, samt medverke til inkludering i samfunns- og arbeidsliv ved at vaksne som treng det, får opplæring.

Tilstandsvurdering

OECD har lagt fram rapporten OECD Skills Strategy Diagnostic Report Norway. Hovudbodskapen frå OECD er at Noreg, trass gode føresetnader, ikkje godt nok maktar å få ut potensialet i sitt eige folk når det gjeld kompetanse. Dette omfattar ei underdekning av høgkompetent og yrkesspesialisert arbeidskraft på ein del område, men også at relativt store grupper har svake grunnleggjande dugleikar. Grunnen er mellom anna at ansvar og tiltak ikkje er godt nok koordinerte til å sikre tilstrekkeleg målretta innsats. Sjå meir omtale av dette under overskrifta Strategiar og tiltak.

Programme for the International Assessment of Adult Competencies (PIAAC) – den internasjonale undersøkinga om lese- og talforståing – er ei OECD-undersøking som måler dugleikar og kompetanse hos vaksne i lesing, talforståing og problemløysing. Departementet medverka til å finansiere undersøkinga, som er den mest omfattande i sitt slag. Ho gjer det mogleg å samanlikne dugleikar og kompetanse i den vaksne delen av befolkninga i Noreg og 22 andre land. Resultata frå PIAAC vart publiserte i oktober 2013. Undersøkinga syner at Noreg gjer det betre enn det internasjonale gjennomsnittet i lese- og talforståing og problemløysing med IKT. Likevel tyder undersøkinga på at om lag 400 000 vaksne mellom 16 og 65 år manglar grunnleggjande dugleikar i lesing, og at 480 000 manglar grunnleggjande dugleikar i talforståing. 800 000 vaksne manglar grunnleggjande IKT-dugleikar. Innvandrarar er overrepresenterte blant dei med svake grunnleggjande dugleikar. Samanlikningar med tidlegare undersøkingar tyder også på at dugleikane hos vaksne har blitt noko redusert sidan 1998. Dette gjeld alle dei skandinaviske landa.

Det er særskilt urovekkjande at unge under 25 år i Noreg skil seg ut ved å ha lågare nivå i både lesing og talforståing enn resten av befolkninga, noko som er uvanleg internasjonalt. Dei unge vaksne har òg dårlegare lesedugleikar enn OECD-gjennomsnittet. Samstundes er Noreg eitt av berre fire land som ligg over det internasjonale gjennomsnittet i alle dugleikane samla sett for alle aldersgrupper.

Ei viktig kjelde til kunnskap om framtidig kompetansebehov er Statistisk sentralbyrås (SSB) framskrivingar av tilbod om og etterspurnad etter arbeidskraft. Den siste rapporten, Forecasting demand and supply of labour by education, frå 2013 viser mellom anna at etterspurnaden etter delen av arbeidsstyrken med grunnskoleutdanning som si høgste fullførte utdanning, har falle kraftig sidan 1970-åra. Inkludert personar med uoppgitte utdanningsopplysningar, var delen av dei sysselsette med ein slik utdanningsbakgrunn 58 pst. i 1972, medan han har vorte redusert til 22 pst. i 2010, og ligg an til å komme ned i 16 pst. i 2030. Samstundes tyder framskrivingane på at det blir stor mangel på arbeidskraft med yrkesfagleg vidaregåande utdanning, og mangel på sjukepleiarar og lærarar. På den andre sida ligg det an til eit overskott av arbeidskraft med høgre utdanning i økonomiske og administrative fag, humanistiske og estetiske fag, og samfunnsvitskaplege og juridiske fag.

Lærevilkårsmonitoren er ei årleg kartlegging av læring og kompetanseutvikling blant vaksne som SSB har gjennomført på oppdrag frå departementet sidan 2003. Statistikken viser at deltakinga i formell utdanning og kurs og anna ikkje-formell opplæring gjekk litt ned i åra 2008–11, medan ho har auka noko i 2012–13. Mest iaugefallande er den store skilnaden i deltakinga i kurs og anna opplæring mellom dei sysselsette og dei som står utanfor arbeidslivet. I 2013 deltok over halvparten av dei sysselsette i kurs og anna opplæring, medan berre tolv pst. utanfor arbeidslivet gjorde det same.

Tabell 4.9 Vaksnes deltaking i utdanning og opplæring, 2008–13. Alle tal i prosent

Type opplæring

Gruppe

2008

2009

2010

2011

2012

2013

Formell utdanning

Sysselsette

11,0

11,0

9,4

8,6

9,7

10,3

Ikkje-sysselsette

15,1

13,5

11,7

10,6

12,4

13,2

Kurs og anna opplæring

Sysselsette

55,1

51,8

47,6

49,1

51,3

51,7

Ikkje-sysselsette

14,9

13,2

13

10,1

12,4

12,4

Vaksne er i tabellen rekna frå 25 år og oppover, medan vaksne tidlegare har vore rekna frå 22 år.

Kjelde: Statisktisk sentralbyrå (SSB)

Vaksne som treng det, har rett til grunnskoleopplæring, jf. opplæringslova § 4A-1, og vaksne som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har rett til vidaregåande opplæring, jf. § 4A-3. Likevel er det relativt få vaksne som drar nytte av desse rettane. Ifølgje tal frå Utdanningsdirektoratet var det i skoleåret 2012–13 til saman 9 800 vaksne frå 315 kommunar som deltok i grunnskoleopplæring. 56 pst. av desse var minoritetsspråklege. I 2012 var det 20 100 vaksne som deltok i vidaregåande opplæring. Om lag 8 800 personar som var 25 år eller eldre, avla fag- og sveineprøve i 2012–13, viser tal frå SSB. Dette var om lag 750 færre personar enn skoleåret før. Av dei vaksne som gjekk opp til fag- og sveineprøva i 2012–13, bestod om lag 93 pst. prøva. Om lag tre av fire vaksne som går opp til fag- og sveineprøve, er praksiskandidatar. Praksiskandidatordninga inneber at vaksne med minst 25 pst. lengre allsidig praksis i faget enn læretida kan framstille seg til fag- eller sveineprøve.

Tilbod om livslang karriererettleiing er viktig både for einskilde vaksne som har behov for opplæring og for verksemder i omstilling. Dette er også i tråd med tilrådinga frå OECD, sjå nærmare omtale under Strategiar og tiltak. Departementet har i 2014 oppretta masterutdanning i karriererettleiing for å auke kvaliteten på tenestene.

Andre formål under programkategori 07.50

Utdanningsforsking

Kunnskap om barnehagen, grunnopplæringa, fagskolen, høgre utdanning og læring blant vaksne har auka i omfang. Ein ser også ei positiv utvikling i kvaliteten og relevansen i utdanningsforskinga. Forskingsfeltet er vorte rikare og meir variert når det gjeld både metodar og teori. Det er viktig at denne utviklinga held fram. Dei problema som sektoren møter, blir stadig meir komplekse, og ein treng derfor ny kunnskap, nye metodar og nye former for samarbeid for å finne betre løysingar på dei utfordringane ein ser på praksisfeltet, i forvaltninga og i organiseringa og styringa av utdanningssektoren. Samstundes skal utdanningsforskinga medverke til vidare utvikling på område der norsk utdanning allereie er god. Fleire gode og produktive fagmiljø har vakse fram, spesielt innanfor barnehageforskinga, men også på andre område. Samarbeid, samspel og kunnskapsdeling mellom dei ulike aktørane viser ei utvikling i ønskt retning. Det er viktig å halde oppe volumet på utdanningsforskinga slik at ein får bygt fleire gode miljø.

Ifølgje NIFU-rapporten Utdanningsforskningen i Norge i 2011: Ressurser og resultater stod universiteta for 60 pst. av utdanningsforskinga i Noreg i 2011, medan 30 pst. av forskinga vart utført av høgskolane og ti pst. av instituttsektoren. Til saman finansierte det offentlege om lag 90 pst. av utdanningsforskinga. Målt i talet på avlagde doktorgradar i 2008–12 er grunnopplæringa det største forskingsområdet innanfor utdanningsforskinga, følgd av forsking på høgre utdanning, læring i arbeidslivet og barnehage. Forsking på barnehagefeltet har hatt den største veksten i dei siste åra. 58 pst. av utdanningsforskinga var knytt til tema innanfor undervisning, læring og utvikling, medan 15 pst. av forskinga handla om tilhøvet mellom utdanningssystemet, heimen og arbeidslivet. NIFU er i gang med å kartleggje ressursar og resultat for utdanningsforskinga i 2013.

Kunnskapssenter for utdanning skal ha oversikt over nasjonal og internasjonal forsking som kan gi innsikt i kva som medverkar til kvalitet i utdanninga og opplæringa. I 2014 har senteret mellom anna utarbeidd ei systematisk kunnskapsoversikt om lærarvurdering.

Centre for Educational Measurement at University of Oslo (CEMO) skal medverke til å styrkje den psykometriske forskinga i Noreg, medverke til nasjonal kompetanseutvikling innanfor pedagogiske målingar og utdanne kandidatar på mastergrads- og doktorgradsnivå. Senteret vil i 2015 bli finansiert over kap. 226 post 21.

Internasjonalt utdanningssamarbeid

Deltaking i EUs utdanningsprogram er eit svært viktig verkemiddel for å oppnå utdanningspolitiske målsetjingar. Programmet for livslang læring (LLP) vart avslutta i 2013 og etterfølgt av programmet Erasmus+, som er EUs program for utdanning, ungdom og idrett. Dette programmet samlar alle dei tidlegare utdanningprogramma, ungdomsprogrammet og ein ny idrettskomponent i eitt program.

Sidan tidleg i 1990-åra har norsk deltaking i EUs utdanningsprogram lagt til rette for at fleire tusen elevar, lærlingar, studentar, lærarar og andre tilsette ved norske utdanningsinstitusjonar har kunna reise ut i Europa. Til dømes har nær 9 000 norske studentar vore på utveksling gjennom LLP sidan 2007. I same periode har over 12 000 personar i grunnskolen delteke i Comenius-partnarskapar, medan over 5 500 elevar og lærlingar i yrkesfag har delteke i utveksling i Europa. Samstundes har mange utanlandske studentar, elevar, lærarar og tilsette vore på utvekslingsopphald i Noreg.

Deltakinga har òg gitt norske skolar, universitet og høgskolar tilgang til eit omfattande nettverk med europeiske samarbeidspartnarar. Sidan 1992 har alle norske høgre utdanningsinstitusjonar bygt opp europeiske samarbeidsavtalar. Desse avtalane inkluderer til dømes utveksling, strategiske partnarskapar, utvikling av felles undervisningsopplegg og doble eller fellesgradar. Trass at det i studieåret 2012–13 for første gong var over 1 700 Erasmus-studentar frå Noreg som reiste utanlands, må talet aukast enda meir, til over 2 000 studentar årleg, for å nå opp på eit europeisk gjennomsnitt over utreisande studentar i høve til folketalet. I tillegg er no tala for innreisande studentar til norske institusjonar over to og ein halv gonger så stort som talet på studentar frå Noreg som reiser utanlands. Innreisande studentar, saman med innreisande lærarar og tilsette, er òg viktige for internasjonalisering av utdanninga i Noreg.

Folkehøgskolar og freds- og menneskerettssenter

Dei 77 folkehøgskolane i Noreg er eit alternativ og supplement til det formelle utdanningssystemet. I dei seinare åra har det totale elevtalet på folkehøgskolane lege på om lag 7 000 årselevar, det vil seie rundt ti pst. av eit årskull 19-åringar. Eit år på folkehøgskole kan for mange unge gi moglegheit til å utvikle seg i ein modningsfase i overgangen til vaksenlivet.

Kunnskapsdepartementet gir tilskott til sju freds- og menneskerettssenter. Gjennom utstillingar og pedagogiske undervisningsopplegg gir dei kvart år opplæring til over 22 000 elevar i grunnopplæringa, samt opplæring for studentar og lærarar. Sentra har ulik profil og forskjellige pedagogiske opplegg, men felles for alle sentra er at dei på bakgrunn av erfaringar frå tidlegare konfliktar og krigar ønskjer å fremme dialog og samhandling.

Strategiar og tiltak

I 2012 lanserte OECD eit prosjekt kalla Skills Strategy, som skal hjelpe medlemslanda med å utvikle eller revidere kompetansepolitiske strategiar. Kunnskapsdepartementet har koordinert arbeidet med Skills Strategy i Noreg.

I februar 2014 publiserte OECD rapporten OECD Skills Strategy Diagnostic Report Norway, som identifiserer sentrale kompetansepolitiske hovudutfordringar for Noreg. I september 2014 offentleggjorde OECD sluttrapporten til prosjektet, OECD Skills Strategy Action Report. Denne rapporten har tilrådingar om korleis Noreg kan utvikle og bruke befolkninga si kompetanse framover på ein meir effektiv og målretta måte. Vurderingane og tilrådingane til OECD byggjer på OECDs komparative analyser og data, inkludert PIAAC-undersøkinga om vaksnes grunnleggjande dugleikar og på innspel frå partane i arbeidslivet, representantar frå utdannings- og kompetanseinstitusjonar, næringslivet, Nav og nasjonale og regionale myndigheiter. Det har vore ein viktig del av prosjektet å involvere eit bredt spekter av aktørar og interessenter innanfor norsk kompetansepolitikk.

Hovudbodskapen frå OECD er at Noreg, trass gode føresetnader, ikkje godt nok greier å få ut potensialet i sitt eige folk når det gjeld kompetanse. Dette omfattar ei underdekning av høgkompetent og yrkesspesialisert arbeidskraft på ein del område, men også at relativt store grupper har svake grunnleggjande dugleikar. Grunnen er mellom anna at ansvar og tiltak ikkje er godt nok koordinerte til å sikre tilstrekkeleg målretta innsats.

Dei fem viktigaste tilrådingane frå OECD til Noreg er:

  • å utvikle ein nasjonal kompetansepolitisk strategi

  • å lage ein nasjonal handlingsplan for etter- og vidareutdanning

  • å styrkje koplinga mellom utvikling av kompetanse og økonomisk vekst

  • å utvikle eit heilhetleg system for livslang karriererettleiing

  • å styrkje insentiva for at fleire skal jobbe i yrke med mangel på arbeidskraft

Det overordna forslaget til tiltak frå OECD er at ein bør utforme ein kompetansestrategi for Noreg som femner alle dei største utfordringane på tvers av sektormyndigheiter og forvaltningsnivå. Ei «whole of government»-tilnærming vil ifølgje OECD vere heilt avgjerande for auka effekt av kompetansepolitiske tiltak nasjonalt og regionalt. Det vil kunne vere eit viktig verktøy for prioritering og evaluering av tiltak og gi betre koordinering av verkemiddel for ein meir effektiv kompetansepolitikk. For å følgje opp vil regjeringa starte eit arbeid med ein nasjonal strategi for kompetansepolitikken.

Regjeringa tek i tillegg sikte på å leggje fram ei melding til Stortinget om livslang læring og utanforskap. Meldinga er eit samarbeid med Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet og arbeidet blir leidd av Kunnskapsdepartementet. I meldinga vil regjeringa leggje vekt på tiltak for vaksne med svake grunnleggjande dugleikar og låg kompetanse som har auka risiko for å falle ut av utdanning og arbeidsliv, eller for ikkje å komme i arbeid.

Sjølv om vaksne med rett til grunnopplæring har rett til at opplæringa skal vere tilpassa behova til den einskilde, jf. opplæringslova § 4A, er det relativt få vaksne som deltek i slik opplæring. Departementet har i fleire år arbeidd med å utvikle fleire tiltak som kan medverke til at fleire vaksne får moglegheit til å delta i og fullføre vidaregåande opplæring. Ei oversikt over desse tiltaka er publisert i heftet Grunnopplæring for voksne 2005–13, som vart gitt ut av Kunnskapsdepartementet i 2012. Forsøk med ulike modellar som skal leggje til rette for at vaksne ufaglærte på arbeidsplassen kan delta i vidaregåande opplæring, vil bli avslutta i 2014. Forsøka omfattar modellar til ein tredje veg til fagbrev for vaksne i tillegg til eksisterande lærlingordning og praksiskandidatordning. Erfaringane frå forsøka vil bli ført vidare som prosjekt i andre sektorar som transportnæringa, servicenæringa og primærnæringane. Sjå nærmare omtale av dei ulike forsøkstiltaka for vaksne i vidaregåande opplæring under kap. 258.

Ein viktig føresetnad for læringa til vaksne elevar er lærarar med høg fagleg og pedagogisk kompetanse. For å auke kvaliteten i vaksenopplæringa vil departementet setje av til saman 20 mill. kroner i perioden 2013–16 til kompetanseheving av lærarar og andre som underviser i vaksenopplæringa. Personar som underviser vaksne utanfor det formelle opplæringssystemet, er òg omfatta av satsinga. Vox har fått i oppdrag å utvikle og setje i gang lokale etterutdanningstilbod for målgruppa. Tema for etterutdanninga skal i hovudsak vere vaksenpedagogikk og opplæring i grunnleggjande dugleikar. Utviklinga av tilbodet skal skje i nært samarbeid med Utdanningsdirektoratet og supplere dei etter- og vidareutdanningstilboda som Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å utvikle. Etterutdanningstilbodet gjennom Vox vil bli finansiert over kap. 258.

Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) legg til rette for at personar med svake grunnleggjande dugleikar får opplæring i lesing, skriving, rekning og grunnleggjande IKT. Opplæringa skjer i tilknyting til arbeidsplassen. Ordninga vart som følgje av løyvinga på 25 mill. kroner foreslått i Prop. 1 S Tillegg 1 (2013–2014) utvida til også å gjelde opplæring i munnleg norsk i kombinasjon med opplæring i éin eller fleire av dei grunnleggjande dugleikane. Departementet vil styrkje BKA-ordninga i budsjettet for 2015, mellom anna med midlar retta mot frivillige organisasjonar (Basiskompetanse i frivillighet, BKF) sjå nærmare omtale under kap. 257.

Gjennom utdanningsforskingsprogrammet Utdanning2020 har Noregs forskingsråd i 2013 tildelt midlar til fire nye forskingsprosjekt om vaksnes læring og kompetanseutvikling. Departementet legg opp til å setje av til saman 28 mill. kroner i perioden 2012–16 for å få fram meir kunnskap om læringa blant vaksne. Denne øyremerkte satsinga skal òg medverke til å styrkje kvaliteten og kapasiteten i norsk forsking på området, og til betre utnytting av internasjonalt komparative data om læring blant vaksne.

Kunnskapsdepartementet har oppretta eit prosjekt som arbeider med å utvikle eit overordna system for analyse, dialog og formidling av framtidige kompetansebehov. Målet er å gi eit betre kunnskapsgrunnlag som kan liggje til grunn for informerte utdanningsval og dimensjoneringa av utdanningstilboda. Prosjektet vil nytte framskrivingane frå Statistisk sentralbyrå (SSB) og andre relevante analysar for å vidareutvikle kunnskapsgrunnlaget om framtidige kompetansebehov. Vidare er det eit mål å formidle kunnskapen og skape møteplassar for diskusjon om analysane.

I løpet av hausten 2014 vil SSB publisere oppdaterte framskrivingar av tilbodet av arbeidskraft etter utdanning. Rapporten vil danne eit viktig grunnlag for meir og oppdatert kunnskap om kompetansebehova i samfunnet.

Departementet har fastsett eit nasjonalt heilskapleg kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR). Rammeverket klargjer forventa læringsutbytte på alle utdanningsnivåa, frå grunnskole til doktorgrad. I første halvår 2014 vart NKR henvist til det europeiske kvalifikasjonsrammeverket for livslang læring (EQF), som beskriv åtte nivå av læringsutbytte og er eit verktøy for å kunne samanlikne utdanningssystemet i ulike land. Departementet vil fastsetje forskrift om NKR og koplinga opp mot EQF i 2015. NOKUT har ei rolle som nasjonalt kontaktpunkt for det europeiske kvalifikasjonsrammeverket. Denne rolla vil bli styrkt med fleire oppgåver i samband med informasjon og rettleiing.

Utvalet som har sett på korleis opplæring utanfor det formelle utdanningssystemet kan inkluderast i det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket, skal levere utgreiinga si i desember 2014. Departementet vil vurdere oppfølging i 2015.

Direktiv 2005/36/EF om godkjenning av yrkeskvalifikasjonar skal gjere det enklare for borgarar å få yrkeskvalifikasjonane sine godkjende for å kunne utøve eit regulert yrke i ein annan EU/EØS-stat. Direktivet vart endra ved direktiv 2013/55/EU. Endringane trer i kraft i EU frå januar 2016. Endringane skal blant anna gjere det raskare og enklare å bli godkjent for å kunne utøve eit regulert yrke i ein annan EU/EØS-stat. Direktivet vedkjem elleve departement som regulerer forskjellige yrke. Kunnskapsdepartementet har ansvaret for å koordinere arbeidet med å gjennomføre direktivet i Noreg.

Kunnskapsdepartementet har ei langsiktig satsing på forsking om utdanning gjennom Program for forsking og innovasjon i utdanningssektoren (FINNUT) i Noregs forskingsråd. FINNUT er eit stort og langsiktig program (2014–23) som byggjer på og fører vidare dei to føregåande utdanningsforskingsprogramma Utdanning 2020 og Praksisretta utdanningsforsking (PRAKUT). FINNUT dekkjer forsking frå barnehage og skole til høgre utdanning og læring blant vaksne. Det skal utvikle kunnskap av høg kvalitet og stor relevans for politikkutforming, forvaltning, praksisfelt og den enkelte, medverke til fornying av forskingsfeltet og medverke til innovasjon i utdanningssektoren. FINNUT skal medverke til å vidareutvikle utdanningsforskinga som eit fleirfagleg og tverrfagleg forskingsområde og få fram meir kvantitativ og empirisk forsking. Departementet legg opp til at FINNUT får ei rammeløyving på 69,9 mill. kroner i 2015. Dette er same nivå som i 2014. Programmet vil i 2015 bli finansiert over kap. 226 post 21, kap. 231 postane 21 og 51, kap. 258 post 21, kap. 281 post 50 og kap. 285 post 52.

Det handlingsretta forskingsprogrammet FORFI skal gi eit betre kunnskapsgrunnlag for forskings- og innovasjonspolitikken, noko som igjen kan føre til meir effektiv utnytting av resultat og ressursar frå forsking. Programmet vart sett i drift i 2010, og skal gå over fem år med eit samla budsjett på om lag 50 mill. kroner. Sjå omtale under programkategori 07.70 Forsking.

For å medverke til eit kvalitetslyft i helse- og sosialfaga og styrkje forskinga på profesjonsfaga har regjeringa etablert PraksisVEL, som er ei satsing gjennom Noregs forskingsråd på praksisretta forsking for helse- og velferdstenestene. Sjå nærmare omtale under kap. 281 post 50, Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Kap. 252 EUs utdannings- og ungdomsprogram

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

70

Tilskott

249 537

290 360

439 921

Sum kap. 0252

249 537

290 360

439 921

Post 70 Tilskott

Noreg deltek i EUs program for utdanning, ungdom og idrett, Erasmus+ (2014–2020), jf. Innst. 153 S (2013–2014) og Prop. 43 S (2013–2014). Løyvinga på posten dekkjer kontingenten for norsk deltaking i programmet. Løyvinga dekkjer også kostnader knytte til prosjekt som ennå ikkje er avslutta i EUs program for livslang læring (LLP), som varte frå 2007 til 2013, samt gjenståande utbetalingar til Erasmus Mundus og Aktiv ungdom.

Erasmus+ gir moglegheiter til å delta i samarbeidsprosjekt og utveksling i heile EØS-området, EUs kandidatland og land utanfor dette området. Programmet omfattar både mobilitet, institusjonssamarbeid, samarbeid med arbeids- og næringsliv og politikkutvikling. Målgruppa er i hovudsak norske elevar, lærlingar, studentar, lærarar og tilsette i utdanningssystemet, barn og unge, og tillitsvalde og tilsette i barne- og ungdomsorganisasjonar. Norsk deltaking vil gi norske skolar, universitet, høgskolar og andre aktørar tilgang til eit omfattande nettverk av samarbeidspartnarar av høg kvalitet.

Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er nasjonale kontor for Erasmus+. Dei administrerer dei midlane som blir tildelte Noreg gjennom ein europeisk fordelingsnøkkel. Det er berre om lag ti pst. av midlane i Erasmus+ som blir fordelte sentralt etter konkurranse på europeisk nivå. Sjå omtale av SIU under kap. 280 post 50.

Mål for 2015

Noreg deltek i Erasmus+, som er EUs program for utdanning, ungdom og idrett for perioden 2014–20. Formålet med den norske deltakinga i EUs utdanningsprogram er å styrkje kvaliteten, relevansen og attraktiviteten til det norske utdanningssystemet. Deltaking i Erasmus+ er også ein del av norsk utanrikspolitikk. Det er eit mål å sørgje for høg kvalitet på norske søkjarar, og godt tilslag på dei om lag ti pst. av midlane som blir delte ut etter konkurranse sentralt i EU. Statistikkgrunnlaget må vidareutviklast og bli meir tilgjengeleg.

Rapport for 2013

I perioden 2007–13 deltok Noreg i EUs program for livslang læring Action Programme in the field of Lifelong Learning (LLP). LLP dekte heile utdanningsløpet frå barnehage til vaksenopplæring og bestod av fire sektoraktivitetar: Comenius, Leonardo da Vinci, Erasmus og Grundtvig. Alle dei fire sektoraktivitetane i LLP medverka til å stimulere den faglege utviklinga til institusjonane, elevane, dei tilsette og studentane. Dette byggjer opp under at den norske utdanningspolitikken legg vekt på internasjonalt samarbeid som eit viktig verkemiddel. Språkkompetanse og kulturkunnskap er svært viktig for at næringslivet og samfunnet skal kunne fungere i ein open verdsøkonomi, og for at nyutdanna skal vere kvalifiserte for eit stadig meir internasjonalt samfunns- og næringsliv.

Comenius var eit program for samarbeid mellom barnehagar, grunnskolar og vidaregåande skolar i europeiske land. Programmet gav økonomisk støtte både til personar og til institusjonar. Innanfor Comenius har det i fleire år vore ein aukande interesse, og det gjeld spesielt skolepartnarskapane. 2 476 personar deltok her i utveksling i 2013. Dette var ein lita auke på om lag seks pst. frå året før, men er ein auke på 41,6 pst. frå 2008. Til saman deltok over 12 000 personar i Comenius-partnarskapar i programperioden. Vidaregåande skolar utgjorde majoriteten av deltakarane i partnarskapane, medan barnehagane framleis i 2013 låg under fem pst. av totalen. Innanfor Comenius etterutdanning har det vore eit lite skifte i retning av at barnehagar deltok hyppigare enn tidlegare, noko som kan tyde på at konsentrert strategisk satsing mot målgruppa har gitt konkrete resultat.

Leonardo da Vinci var eit program for samarbeid innanfor fag- og yrkesopplæringa i EU. Programmet la til rette for kompetanseutvikling gjennom utplassering i bedrifter eller i yrkesfaglege utdanningsinstitusjonar i europeiske land. Mange norske utdanningsinstitusjonar og bedrifter brukte ordninga som eit verkemiddel for å auke rekrutteringa innanfor ulike fag, fremme lærelyst og motivasjon, og førebu norske elevar og lærlingar på arbeid ved fleirkulturelle arbeidsplassar. Eitt av verkemedla i Leonardo da Vinci var eit mobilitetsprosjekt der talet på deltakarar i 2013 minka frå 1 240 i 2012 til 1 191, ein nedgang på om lag fire pst. Til tross for nedgang i søkjartalet er likevel talet i 2013 høgt. Sidan oppstartsåret 2008 har talet på deltakarar auka med 76,4 pst., og til saman har om lag 5 500 personar delteke i mobilitetsprosjekt i Leonardo da Vinci-programmet.

Erasmus var EUs program for samarbeid innanfor høgre utdanning. Programmet gav økonomisk støtte til institusjonar slik at både studentar og tilsette ved institusjonane fekk moglegheit til å studere eller arbeide i Europa. Dei aller fleste norske høgre utdanningsinstitusjonar hadde tilgang til deltaking i Erasmus’ mobilitetsaktivitetar. Det har vore ei positiv utvikling i studentutvekslinga ut frå Noreg i dei siste åra. I studieåret 2012–13 var det for første gong over 1 700 Erasmus-studentar frå Noreg som reiste utanlands. Veksten frå året før er ikkje så stor, men han kjem på toppen av ein auke på ti pst. i begge dei to føregåande åra. Veksten samanlikna med studieåret 2007–08 er på 47,9 pst. Til saman har nær 9 000 Erasmus-studentar frå Noreg reist utanlands så langt i programperioden. Dette viser at programmet blir opplevt som stadig meir attraktivt, men for å nå opp på eit europeisk snitt må talet aukast til over 2 000 studentar årleg. Den største utfordringa er å få fleire studentar til å velje praksisopphald i utanlandsk næringsliv. Ei annan utfordring er at talet på Erasmus-studentar som reiser inn til Noreg, er meir enn dobbelt så høgt som for dei utreisande studentane. I 2012–13 var det 4 610 innreisande studentar til norske institusjonar. Desse, saman med innreisande lærarar og tilsette, er samtidig eit viktig instrument for internasjonalisering av utdanninga heime. Trenden for norske lærarar og tilsette som deltek i programmet, er positiv, der deltakinga ligg omtrent på gjennomsnittleg europeisk nivå. Det er i hovudsak høgskolane som nyttar seg av tilbodet, men det kan sporast ein stigande tendens for dei største universiteta. I studieåret 2012–13 var det 778 tilsette som reiste utanlands til ein annan institusjon. Dette er ein auke på 26,1 pst. frå førre studieår, medan auken frå oppstartsåret 2007–08 er på 61,4 pst. Totalt har om lag 3 500 lærarar og tilsette ved universitet og høgskolar reist utanlands gjennom Erasmus-programmet under LLP.

Grundtvig var EUs program for samarbeid mellom institusjonar og organisasjonar som legg til rette for læring blant vaksne. Gjennom økonomisk støtte gjorde ordninga det mogleg å samarbeide med andre europeiske land for å lære meir om læring blant vaksne. I 2013 var det 348 norske deltakarar gjennom Grundtvig-partnarskapar. Dette var ein auke i deltakinga på nær ni pst. samanlikna med 2012, og det er det største deltakartalet sidan programmet starta opp i 2007. Til saman har om lag 1 600 personar delteke i partnarskapar i Grundtvig-programmet så langt i programperioden.

Tabell 4.10 Deltaking i EUs program for livslang læring, 2007–13

Studieår

2007–08

2008–09

2009–10

2010–11

2011–12

2012–13

Endring i perioden

Erasmus

Utreisande studentar

1 154

1 410

1 356

1 529

1 690

1 707

47,9 %

Innreisande studentar

2 847

3 402

3 865

4 281

4 347

4 610

61,9 %

Utreisande lærarar og tilsette

482

477

561

615

617

778

61,4 %

Innreisande lærarar og tilsette

448

482

670

660

632

583

30,1 %

Kalenderår

2008

2009

2010

2011

2012

2013

Endring i perioden

Comenius

Deltakarar i partnarskapar

1 748

1 760

1 920

1 876

2 328

2 476

41,6 %

Grundtvig

Deltakarar i partnarskapar

228

240

216

228

320

348

52,6 %

Leonardi da Vinci

Deltakarar i mobilitetsprosjekt

675

762

801

920

1 240

1 191

76,4 %

Nokre av tala i tabellen er korrigerte frå i fjor. Dette skyldast oppjusterte tal frå SIU.

Kjelde: Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU)

Budsjettforslag for 2015

I Prop. 43 S (2013–2014) gjekk regjeringa inn for full norsk deltaking i EUs program for ungdom, utdanning og idrett, Erasmus+. Basert på EUs vedtatte budsjettramme for programperioden 2014–20, anslo regjeringa Noregs kontingent for deltaking i Erasmus+ til om lag 3,3 mrd. kroner. Kontingenten er til ei kvar tid avhengig både av valutakurs og av at EØS/EFTA-statanes bidrag blir rekna ut frå deira BNP og blir uttrykt i prosent av EUs programbudsjett, den såkalla «proporsjonalitetsfaktoren» for EØS/EFTA-statane. Stortinget vedtok 1. april 2014 norsk deltaking i Erasmus+, jf. Innst. 153 S (2013–2014). Etter at Stortinget slutta seg til norsk deltaking i Erasmus+ har det kome ny informasjon frå EU som inneber at den samla ramma for programmet er auka med 1,68 mrd. euro. Dette gjeld den «internasjonale dimensjonen» av programmet. Dette inneber at Noregs forpliktingar i programmet er anslått å bli på 3,9 mrd. kroner, mot tidlegare anslag på 3,3 mrd. kroner. I 2015 blir kontingenten anslått til 406,7 mill. kroner.

Sjølv om programperioden for EUs program for livslang læring (LLP) vart avslutta i 2013, er det framleis kostnader knytte til prosjekt som ennå ikkje er avslutta. Uteståande beløp er anslått til om lag 9,7 mill. kroner, og ut frå tidlegare erfaringar forventar ein at dette beløpet blir betalt ut i 2015.

Like eins er det anslått eit uteståande beløp på om lag 6,9 mill. kroner knytt til utdanningsprogrammet Erasmus Mundus, som ein forventar blir betalt ut i 2015. Dette programmet vart tidlegare finansiert over kap. 281 post 73, og departementet foreslår å flytte denne delen av løyvinga til kap. 252 post 70.

For ungdomsprogrammet Aktiv Ungdom, som tidlegare vart finansiert over budsjetta til Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, er det anslått eit uteståande beløp på om lag 7,7 mill. kroner som ein forventar blir betalt ut i 2015. Regjeringa foreslår å flytte denne delen av løyvinga frå kap. 857 Barne- og ungdomstiltak post 79 Tilskot til internasjonalt ungdomsarbeid til kap. 252 post 70.

Vidare er det sett av om lag 8,9 mill. kroner som skal dekkje kostnadene for fem norske ekspertar på utdanningsområdet til Erasmus+.

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve til saman 439,9 mill. kroner over posten i 2015.

Kap. 253 Folkehøgskolar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

70

Tilskott til folkehøgskolar

712 579

738 219

743 316

71

Tilskott til Folkehøgskolerådet

4 380

4 533

4 683

72

Tilskott til nordiske folkehøgskolar

1 247

1 291

598

Sum kap. 0253

718 206

744 043

748 597

Folkehøgskolane er eit supplement til den læringa som finn stad gjennom det ordinære utdanningssystemet og i arbeidslivet. Skoleslaget har lange tradisjonar i Noreg, og den første skolen vart oppretta i 1864. Tilskottet er tredelt. Basistilskottet er likt for kvar folkehøgskole. Elevtilskottet blir fastsett på grunnlag av gjennomsnittleg elevtal for dei tre åra før det føregåande året. Tilskott til husleige blir fordelt etter innstilling frå Folkehøgskolerådet. I tillegg får fire folkehøgskolar der ein stor del av elevane har redusert funksjonsevne, eit særskilt tilskott for desse elevane. Tilskottsordninga til folkehøgskolane er budsjettstyrt.

Folkehøgskolane gir tilbod om langkurs på 16,5 veker eller meir og kortkurs på minst tolv timar. Langkurs er kjerneverksemda til folkehøgskolane, og etter lova skal minst 50 pst. av den samla verksemda til kvar skole vere langkurs. Føresegner om kursordningar, elevrapportering, tilskottsmodell m.m. er gitt i forskrifta til folkehøgskolelova.

Post 70 Tilskott til folkehøgskolar

Mål for 2015

Målet med tilskottet er å fremme allmenndanning og folkeopplysning gjennom å medverke til at det kan opprettast og drivast folkehøgskolar.

Rapport for 2013

Det er totalt 77 folkehøgskolar spreidde over heile landet. Talet inkluderer Nordnorsk Pensjonistskole og Norsk senter for seniorutvikling, som begge er godkjende som folkehøgskoleliknande tiltak og får tilskott etter folkehøgskolelova. Desse to skolane har dispensasjon til berre å halde kortkurs.

Folkehøgskolane har ikkje eksamen, og elevane bur i internat på skolen. Skolane fastset sitt eige verdigrunnlag, og dei har pedagogisk fridom. Folkehøgskolane har ulike typar kurs på ei rekkje område. Størsteparten av kursa er langkurs som varer i 95 dagar eller meir, fordelte over minst 16 og ei halv veke. I tillegg har skolane kortkurs, som varer i minst to dagar og maksimum 94 dagar.

Tabell 4.11 Elevar i folkehøgskolar

2010

2011

2012

2013

Elevar med langkurs (vår og haust)

13 840

14 747

14 496

13 948

Elevar med kortkurs (3 dager–16 veker)

19 049

17 752

18 779

18 489

Sum elevar

32 889

32 499

33 275

32 427

Årselevar langkurs

6 945

7 077

6 957

6 777

Årselevar kortkurs

745

676

712

706

Sum årselevar

7 690

7 753

7 669

7 483

Sum godkjende årselevar / fast elevtal

7 608

7 695

7 595

7 429

Tilskottselevar

6 989

7 063

7 304

7 570

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Budsjettforslag for 2015

Departementet har godkjent ny folkehøgskole i Kristiansand for oppstart i skoleåret 2015–16. Budsjetteffekten for oppstart hausten 2015 utgjer 3,4 mill. kroner som vil omdisponerast frå kortkursverksemda. Med dette vil det vere 78 folkehøgskolar i Noreg.

Departementet foreslår ei løyving på totalt 743,3 mill. kroner til folkehøgskolar i 2015. Dette er ein reell reduksjon på 19,3 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2014.

Langkurs er kjerneverksemda til folkehøgskolane, og departementet foreslår at reduksjonen i løyvinga på posten blir retta mot kortkursa. Nordnorsk Pensjonistskole og Nestor Seniorutvikling driv berre med kortkurs, og vil med dette forslaget vere blant dei som får redusert løyvinga si i 2015.

Post 71 Tilskott til Folkehøgskolerådet

Folkehøgskolerådet er ein interesseorganisasjon for folkehøgskolane. Rådet har eit fast sekretariat.

Tilskottet medverkar til at Folkehøgskolerådet kan ta hand om fellesoppgåver for folkehøgskolane og koordineringsoppgåver for Utdanningsdirektoratet. Vidare er det eit mål å medverke til at Folkehøgskolerådet kan fremme kunnskap om og utvikling innanfor skoleslaget.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår å føre løyvinga på posten vidare på same nivå.

Post 72 Tilskott til nordiske folkehøgskolar

Tilskottet går til dekning av utgifter til norske lærarressursar ved Nordiska folkhögskolan i Kungälv og til norsk deltaking på kursa ved Den Nordiske Folkehøgskolen i Genève.

Nordiska folkhögskolan i Kungälv vart etablert i 1947 for å styrkje nordisk samkvem. Skolen skal mellom anna medverke til å utvikle dei skapande evnene til elevane og auke solidarisk medverking i samfunnsutviklinga i Norden og elles i verda.

Den Nordiske Folkehøgskolen i Genève vart starta i 1931 ved at fagrørsla i Norden ønskte å gi sine tillitsvalde innsikt i og forståing av internasjonale spørsmål. Det årlege kurset ved Genèveskolen har frå 1996 ei lengd på fire veker, og blir halde i samarbeid med FN-organisasjonen ILO. Kvart år deltek det i underkant av 40 fagforeiningsmedlemmer frå alle dei nordiske landa. Av desse er ca. elleve elevar frå Noreg.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår å føre vidare løyvinga til Nordiska folkhögskolan i Kungälv på same nivå som i 2014. Genèveskolen er ikkje ein godkjend folkehøgskole etter folkehøgskolelova. Departementet foreslår at løyvinga til Genèveskolen blir avvikla og at løyvinga på posten blir redusert med 0,7 mill. kroner.

Kap. 254 Tilskott til vaksenopplæring

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

70

Tilskott til studieforbund

189 054

196 671

162 501

71

Tilskott til nettskolar

15 169

15 700

72

Tilskott til studiesenter

5 128

6 342

73

Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar

11 600

12 006

6 202

Sum kap. 0254

220 951

230 719

168 703

Post 70 Tilskott til studieforbund

Livslang læring finn stad på mange arenaer, og opplæring i og gjennom frivillig sektor er ein god læringsarena for mange vaksne. Gjennom tilskott til studieforbund og frivillige organisasjonar ønskjer regjeringa å leggje til rette for at vaksne skal få tilgang til fleksibel og brukartilpassa opplæring også utanfor det formelle utdanningssystemet. Tilskottet medverkar til å finansiere opplæring i regi av frivillig sektor, og skal føre til reduserte opplæringskostnader for deltakarane. Opplæringa skjer i regi av 15 landsdekkjande studieforbund og dei 487 medlemsorganisasjonane deira. Desse organisasjonane består av frivillige og ideelle organisasjonar og har til saman tusenvis av lokallag spreidde over heile landet. Blant desse organisasjonane er ideelle opplæringstilbydarar, fagforeiningar, barne- og ungdomsorganisasjonar, samiske organisasjonar, idrettslag, korps, kor, religiøse organisasjonar, og medlemsorganisasjonar for personar med nedsett funksjonsevne. Tilskottsordninga blir forvalta av Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk.

Ein mindre del av tilskottet kan nyttast til å refundere kostnader til opplæring i samisk språk som blir gjennomført av godkjende studieforbund eller nettskolar, jf. forskrift til samelova om rett til opplæring i samisk.

Mål for 2015

Formålet med tilskottet til studieforbund er å fremme livslang læring gjennom å leggje til rette for organiserte læringsaktivitetar på sida av det formelle utdanningssystemet. Tilskottet skal medverke til at studieforbunda og medlemsorganisasjonane deira kan tilby fleksibel og brukartilpassa opplæring for vaksne. I samsvar med voksenopplæringsloven skal studieforbunda drive opplæringsaktivitet på grunnlag av fleire overordna mål. Mellom anna skal studieforbunda medverke til å styrkje det kulturelle mangfaldet og auke deltakinga i kulturlivet, samt vere ein arena for læring og eit supplement til offentlege utdanningstilbod for vaksne.

Departementet har starta eit arbeid med å vurdere korleis tilskottsordninga, herunder lov og forskrift, kan utviklast for å betre måloppnåinga og gi ei meir effektiv forvaltning. Arbeidet skjer i dialog med Vaksenopplæringsforbundet (VOFO), som er fellesorganisasjonen for studieforbunda, jf. post 73.

Rapport for 2013

Voksenopplæringsloven, som vart gjeldande frå 2010, innførte nye krav til godkjenning av studieforbund. I overgangsperioden 2010–12 måtte studieforbunda søkje om ny godkjenning, og talet på godkjende studieforbund gjekk ned frå 21 i 2010 til 15 i 2013. Nokre studieforbund slo seg saman i løpet av overgangsperioden, medan andre mista godkjenninga si. To studieforbund, Studieforbundet KOR og Senterpartiets studieforbund, vart i 2013 godkjende for tilskott frå 1. januar 2014.

Aktiviteten i studieforbunda har samla vore stabil sidan 2011, men det er betydelege endringar for einskilde forbund. Ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) rapporterte studieforbunda om ein samla aktivitet på 42 984 kurs i 2013. Samanlikna med året før arrangerte studieforbunda 628, eller 1,5 pst., fleire kurs. I tillegg hadde dei 15 500 fleire deltakarar i 2013, noko som er ein auke på 3,2 pst. Studieforbundet Folkeuniversitetet stod aleine for 27 pst. av samtlege kurs og hadde 33 pst. av alle deltakarane.

Talet på kurstimar har halde seg relativt stabilt i perioden 2008 til 2013. I 2013 var talet på kurstimar på om lag det same nivået som i 2012. Talet på deltakarar var 493 180. 42 pst. av kursdeltakarane var 50 år eller eldre, medan 14–29-åringar utgjorde 27 pst. av alle deltakarane. Dei tre største studieforbunda målt i tilskott er Studieforbundet Folkeuniversitetet, Studieforbundet Funkis og Musikkens Studieforbund, og desse står som mottakarar av 55 pst. av det statlege tilskottet. Talet på timar med tilretteleggingstilskott er nær uendra frå 2012, og størstedelen går til studieforbundet Funkis.

Tabell 4.12 Aktivitet og deltaking i studieforbunda, 2008–13

2008

2009

2010

2011

2012

2013

Deltakarar

483 000

470 000

504 000

471 000

478 000

493 200

Kurs

36 300

35 900

40 200

42 600

42 400

43 000

Kurstimar

1 230 000

1 200 000

1 310 000

1 400 000

1 350 000

1 350 000

Kjelde: Statistisk sentralbyrå (SSB)

Som i tidlegare år var kursa innanfor estetiske fag og handverksfag dei mest populære. I 2013 deltok 43 pst. av deltakarane på slike kurs, medan 21 pst. deltok i kurs innanfor organisasjons- og leiingsfag.

Studieforbunda skal i årsmeldinga si rapportere om dei seks overordna måla som er fastsette i voksenopplæringsloven § 4. For å få så heilskapleg rapportering som råd utvikla Vox i 2012 ein felles mal for rapporteringa. Fleire studieforbund nytta malen i rapporteringa for 2013 enn for 2012. Samla sett er rapporteringa no meir informativ enn tidlegare. Som tidlegare år syner rapporteringa for 2013 at det er vanskeleg for studieforbunda å rapportere konkret i høve til dei generelle målformuleringane i voksenopplæringsloven § 6.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår å redusere løyvinga til studieforbunda reelt med 40 mill. kroner i 2015.

Post 71 Tilskott til nettskolar

Formålet med tilskottet er å medverke til at godkjende nettskolar utviklar og utvidar moglegheitene for fleksibel, livslang læring gjennom utvikling av metodar og kvalitet i fjernundervisninga. Nettskolar som er godkjende ut frå krava i voksenopplæringsloven, kan søkje om tilskott. Fellesorganet for nettskolane, Fleksibel utdanning Norge (FuN), tidlegare Norsk forbund for fjernundervisning og fleksibel utdanning (NFF), skal gi ei fagleg vurdering av bruk og fordeling av det årlege tilskottet, og innstiller til Vox, som forvaltar løyvinga. Sjå òg omtale under post 73.

Rapport for 2013

Ved utgangen av 2013 var det 18 godkjende nettskolar. Tre av dei vart godkjende i 2013. Alle dei 16 nettskolane som søkte om støtte til utviklingsprosjekt i 2013, fekk midlar. Til saman vart det søkt om 28,1 mill. kroner, medan det vart løyvt 15,2 mill. kroner til 24 prosjekt i 2013. Prosjekta omfattar utvikling av undervisningsløysingar, læringsressursar, studentstøtte og studentadministrative tiltak. Dei fleste prosjekta er gjennomførte etter planen, men som tidlegare var det krevjande for nettskolane å gjennomføre store utviklingsprosjekt i løpet av eitt kalenderår. For å medverke til at utviklingsprosjekta skal ha overføringsverdi, har FuN arrangert møteplassar og halde arrangement for erfaringsutveksling om søknadsprosessar og utviklingsarbeid.

Statistikk frå SSB viser at 21 400 personar deltok i utdanning gjennom dei godkjende nettskolane. Dette var ein auke i deltakinga på om lag 23 pst. frå det førre skoleåret. Om lag 18 pst. av deltakarane tok universitets- og høgskoleutdanning, medan elleve pst. tok fagskoleutdanning, og 13 pst. tok vidaregåande opplæring. 58 pst. tok kurs som ikkje var knytte til formelle utdanningsnivå. Talet på innrapporterte fullførte kurs 2012/2013 var 5 500, ein nedgang på om lag 40 pst. frå det førre skoleåret. Dette store avviket i kursfullføringar kan skuldast at tal frå NKS Nettstudier ikkje er med i årets publisering på grunn av mangelfull rapportering. I 2011/2012 sto NKS for 37 pst. av fullføringane. 25 pst. av kursfullføringane var knytte til universitets- og høgskoleutdanning. 61 pst. av alle kursdeltakarane var 30 år eller eldre. Kvinner er i fleirtal i alle alderskategoriar.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår å avvikle tilskottet til nettskolar i 2015. I dag bør nettstøtta læring vere ein del av utviklingsarbeidet ved alle høgskolar, universitet, fagskolar og andre utdanningsinstituasjonar. Departementet vil derfor ikkje lenger gi særskilt støtte til slikt utviklingsarbeid ved utvalde skolar, men legg til grunn at dette utviklingsarbeidet blir finansiert innanfor ordinære rammer ved alle institusjonar.

Post 72 Tilskott til studiesenter

Tilskottet er øyremerkt Studiesenteret Finnsnes AS og Studiesenteret.no AS og skal medverke til at dei kan tilby eller formidle kurs, høgre utdanning og andre vaksenopplæringstiltak som alternativ eller supplement til opplæring ved andre utdanningsinstitusjonar.

Tilskottsordninga blir forvalta av Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk.

Rapport for 2013

Studiesenteret Finnsnes tilbyr desentralisert og fleksibel utdanning i Midt-Troms. Senteret formidla i 2013 desentraliserte studium i samarbeid med tre høgre utdanningsinstitusjonar og tilbyr òg nokre kurs i eigen regi. Studiesenteret Finnsnes rapporterte om 247 studentar i 2013. Studiesenteret Finnsnes skal vere relevant for næringsliv og industri i ytre Midt-Troms. Måloppnåinga her er relativt svak, og det vart berre gjennomført to konkrete opplæringstiltak for næringslivet i 2013. Studia som senteret tilbyr, er i hovudsak retta inn mot offentleg sektor.

Studiesenteret.no hadde 47 lokale studiesenter knytte til nettverket i 2013, blant dei var det fem høgskolar. Senteret rapporterte om at dei hadde 1 116 personar registrerte som studentar i 2013, medan 786 av dei var aktive per 31. desember 2013. Desse er studentar som Studiesenteret.no har formidla studietilbod til, men som studerer ved dei ulike institusjonane som er knytte til senteret. Ved Studiesenteret.no har det vore problem med økonomiforvaltninga, og utbetalinga for andre halvår 2013 fall bort.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår å avvikle tilskottet til dei to studiesentra. Det finst mange regionale aktørar som tilrettelegg mellom utdanningsinstitusjonar på den eine sida og arbeids- og næringsliv og enkeltpersonar på den andre sida. Medverknaden og resultata til desse to aktørane tilseier etter departementets meining ikkje eit tilskott frå staten til aktiviteten.

Post 73 Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar

Mål for 2015

Tilskottet skal medverke til drifta av fellesorgana for studieforbunda og nettskolane, Voksenopplæringsforbundet (VOFO) og Fleksibel utdanning Norge (FuN), som fram til hausten 2013 heitte Norsk forbund for fjernundervisning og fleksibel utdanning (NFF). Organisasjonane skal utføre fellesoppgåver for medlemsorganisasjonane knytte til forvaltning av tilskott til nettskolar og studieforbund, og fremme kunnskap om og utvikling av fagområda. Sjå òg omtale under postane 70 og 71.

Rapport for 2013

Voksenopplæringsforbundet (VOFO) er ein interesseorganisasjon for godkjende studieforbund. 14 av dei 16 studieforbunda og 450 medlemsorganiasjonar var medlemmer av VOFO i 2013. VOFO har i 2013 arbeidd med fleire saker knytte til iverksetjinga av voksenopplæringsloven av 2009 med forskrift. Sidan 2012 har all aktivitetsrapportering frå studieforbunda til SSB skjedd gjennom eit felles kursadministrasjonsprogram for studieforbunda (KursAdmin). Studieforbunda rapporterer aktiviteten, medan VOFO kvalitetssikrar rapporteringa. VOFO deltek i fleire nettverk og prosjekt om frivillig arbeid og læring hos vaksne, både nasjonalt og internasjonalt. Etter tilsyn hos VOFO, vurderte Vox at aktivitetane i hovudsak er i tråd med måla for ordninga, men Vox stilte like fullt nokre spørsmål ved organisering, handsaming av fellesoppgåver for studieforbunda og økonomiske disposisjonar.

Fleksibel utdanning Norge (FuN) er fellesorgan for offentleg godkjende nettskolar og medlemsorganisasjon for institusjonar som tilbyr fjernundervisning og fleksibel utdanning. Organisasjonen har til saman 42 medlemmer, medrekna 17 av dei godkjende nettskolane som kan søkje om tilskott over post 71. I tillegg til nettskolane er 15 høgskolar og universitet medlemmer. I 2013 har FuN arbeidd med oppgåver som følgjer av endra retningslinjer for tilskott til nettskolane etter siste endring i voksenopplæringsloven. Det gjeld mellom anna grunnlag for rapportering og statistikk. FuN har i 2013 medverka i utlysing av tilskott over post 71, gjort ei fagleg vurdering av søknadene, og gitt ei innstilling om bruk og fordeling av tilskottet til Vox. Organisasjonen er engasjert i fleire norske, nordiske og europeiske utviklingsprosjekt om fjernundervisning og fleksibel utdanning.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår å redusere løyvinga til vaksenopplæringsorganisasjonar med reelt 6,2 mill. kroner i 2015.

Kap. 255 Tilskott til freds- og menneskerettssentra

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

70

Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter

32 104

30 170

31 166

71

Falstadsenteret

17 487

17 064

18 111

72

Stiftelsen Arkivet

8 600

6 831

8 768

73

Nansen Fredssenter

5 490

5 682

5 870

74

Narviksenteret, kan overførast

3 180

70 048

29 890

75

Det europeiske Wergelandsenteret

7 365

7 623

7 875

76

Raftostiftelsen

2 130

2 755

2 846

Sum kap. 0255

76 356

140 173

104 526

Freds- og menneskerettssentra er stiftelsar som arbeider med dokumentasjon, forsking og formidling innanfor områda demokrati, fred og menneskerettar, fangehistorie og folkemord. Tilskotta skal medverke til at sentra kan vere med på å synleggjere historia på dette området, styrkje fredsarbeid og mellommenneskeleg forståing, og gi opplæring i demokratiske verdiar og holdningar, særleg blant barn og unge.

Tilskottsforvaltninga under kapitlet er delegert til Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk, unnateken post 75 Det europeiske Wergelandsenteret, som får tilskott direkte frå departementet.

Post 70 Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter

Mål for 2015

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret) kan drive forsking, dokumentasjon, undervisning og formidling på områda holocaust, folkemord, minoritetsspørsmål og menneskerettar. Tilskottet skal særleg medverke til at senteret kan tilby eit godt opplæringstilbod om fred og menneskerettar for barn og unge.

Rapport for 2013

Senteret tok imot 5 664 elevar og studentar i 2013. Samla registert besøkstal ved HL-senteret var på 11 600 personar. Senteret byrja i 2013 arbeidet med ei utstilling, «Veien til paragrafen», i samband med grunnlovsjubileet. Arbeidet er ei oppfølging av det avslutta prosjektet «Jøden som kulturell konstruksjon».

HL-senteret utvikla i 2013 ein Tiltaksplan mot antisemittisme basert på tilrådingane i rapporten Antisemittisme i Norge, som HL-senteret la fram i 2012. Senteret har i 2013 samarbeidd med Riksteatret om oppsetjinga av Otto Humlungs teaterstykke Tvillingsjeler og halde foredrag om det norske holocaust over heile landet. I 2013 har HL-senteret vidareutvikla satsinga si på kunnskap om den nasjonale minoriteten rom. På oppdrag frå daverande Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet arbeidde senteret i 2013 med lagnaden til romfolk under den andre verdskrigen. Arbeidet skal vere ferdig i 2014. I september 2013 arrangerte senteret ein internasjonal konferanse med tittelen The Nazi Genocide of the Roma. Reevaluation and Commemoration.

HL-senteret fekk i samband med revidert nasjonalbudsjett 2013 ei løyving på 20 mill. kroner til vedlikehald, ei eventuell mindre utbygging, modernisering og betre utnytting av bygningsmassen. Delar av løyvinga har gått med til å setja i stand bunkeren til Quisling, som vart opna for besøkande i 2014.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2014.

Post 71 Falstadsenteret

Mål for 2015

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Falstadsenteret kan drive eit opplærings- og dokumentasjonssenter om fangehistorie frå den andre verdskrigen, og fremme kunnskap om demokrati, humanitær folkerett og menneskerettane. Tilskottet skal særleg medverke til at senteret kan tilby eit godt opplæringstilbod om fred og menneskerettar for barn og unge.

Rapport for 2013

I 2013 deltok 4 687 elevar frå ungdomsskolar og vidaregåande skolar i undervisningsopplegg ved eller i regi av Falstadsenteret. Dette er ein nedgang på 19,2 pst. frå 2012. Til saman besøkte 11 000 personar Falstadsenteret i 2013, noko som var ein nedgang på fem pst. frå 2012. Undervisningsopplegget omfattar mellom anna eit dagsopplegg for elevar om Falstad og fangehistorie, menneskerettar og demokrati.

Falstadsenteret tilsette hausten 2011 ein prosjektleiar som skal arbeide med forskings- og utviklingsarbeid om undervisning i menneskerettar. Prosjektet skal etter planen avsluttast i 2014 og er eit samarbeid mellom Falstadsenteret, Det europeiske Wergelandsenteret og Program for lærarutdanninga ved NTNU.

I 2013 arrangerte senteret ein konferanse om undervisning i historie og menneskerettar med tittelen Crossing Borders, som samla deltakarar frå fem land. Falstadsenteret har saman med HL-senteret og Wergelandsenteret og dei jødiske musea eit samarbeid med det nye jødiske museet i Warszawa.

Kommandantboligen på Falstad vart i 2012 stilt til disposisjon for Falstadsenteret gjennom ein leigeavtale med Statsbygg. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2013 løyvde Stortinget 1 mill. kroner for å leggje til rette for å bruke Kommandantboligen.

Budsjettforslag for 2015

Regjeringa foreslår å flytte 0,5 mill. kroner frå kap. 320 Almenne kulturformål post 74 Tilskudd til Norsk kulturråd til kap. 255 post 71. Sjå omtale i Prop. 1 S (2014–2015) for Kulturdepartementet. Midlane skal leggjast inn i det ordinære tilskottet til Falstadsenteret. Kunnskapsdepartementet foreslår elles å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2014.

Post 72 Stiftelsen Arkivet

Mål for 2015

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Stiftelsen Arkivet er eit informasjons- og dokumentasjonssenter om krigshistoria, folkeretten og menneskerettane, og er eit senter for demokrati og fredsskapande arbeid. Tilskottet skal særleg medverke til at stiftelsen kan tilby eit godt opplæringstilbod om fred og menneskerettar for barn og unge.

Rapport for 2013

Om lag 6 100 elevar, studentar og lærarar har i 2013 vore med på ulike undervisningsopplegg ved Stiftelsen Arkivet, med tema som rasisme, menneskerettar, barn i krig og mobbing. 3 380 elevar var på omvising i Gestapokjellaren. Alt i alt hadde senteret meir enn 12 500 besøk i 2013, ein reduksjon på fire pst. frå 2012.

Senteret samarbeider med Universitetet i Agder om to doktorgradsprosjekt, eitt om kinoen som konfliktarena under den andre verdskrigen, og eitt om krigsseglarane. I 2013 gav Arkivet ut to bøker: Flystyrten over Konsmo i 1943 og Bakteppe – to brødre og krigen, samt tidsskriftet Nytt Blikk. Stiftelsen Arkivet var i 2013 òg arena for fleire kulturtiltak, arrangement og markeringar av mellom anna holocaustdagen og russerfanganes dag.

I samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett 2013 fekk Stiftelsen Arkivet ei tilleggsløyving på 2 mill. kroner til nødvendig vedlikehald og formidlingsutstyr.

Budsjettforslag for 2015

Regjeringa foreslår å flytte 1,2 mill. kroner frå kap. 320 Almenne kulturformål post 74 Tilskudd til Norsk kulturråd til kap. 255 post 72. Sjå omtale i Prop. 1 S (2014–2015) for Kulturdepartementet. Midlane skal leggjast inn i det ordinære tilskottet til Stiftelsen Arkivet.

Kunnskapsdepartementet foreslår i tillegg å auke løyvinga til Stiftelsen Arkivet med 0,5 mill. kroner i 2015.

Post 73 Nansen Fredssenter

Mål for 2015

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Nansen Fredssenter kan tilby kurs og opplæring og drive dokumentasjon og formidling for å fremme arbeidet for dialog, fred, menneskerettar og forsoning som eit alternativ eller supplement til opplæring ved andre institusjonar.

Rapport for 2013

I 2013 godkjende Lotteri- og stiftelsestilsynet samanslåinga av Norsk Fredssenter og Nansenskolen. Det nye namnet til stiftelsen er «Nansenskolen – Norsk Humanistisk Akademi og Nansen Dialog Norsk Fredssenter». Verksemda til Nansen Fredssenter er skilt frå anna verksemd ved skolen, og tilskottet over posten vil framleis vere øyremerkt arbeidet ved Nansen Fredssenter.

Nansen Fredssenter har i 2013 arbeidd med dialogprosessar på Balkan, og nyttar desse erfaringane til arbeid med flyktningar og innvandrarar i norske kommunar, spesielt i høve til den somaliske og den afghanske diasporaen i Noreg. I 2013 heldt senteret fram med programmet i leiaropplæring for somaliske kvinner. Målet var å gi kvinnene høve til å skape dei nettverka og reiskapane som trengst for å delta i samfunnsoppgåver.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2014.

Post 74 Narviksenteret, kan overførast

Mål for 2015

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Narviksenteret – nordnorsk stiftelse for historieformidling, menneskerettigheter og fredsbygging kan fremme kunnskap om og forståing for fred og menneskerettar gjennom dokumentasjon og formidling av mellom anna krigs- og okkupasjonshistoria til Nord-Noreg. Tilskottet skal særleg medverke til at senteret kan tilby eit godt opplæringstilbod om fred og menneskerettar for barn og unge.

Rapport for 2013

Narviksenteret har i 2013 drive formidlingsaktivitet i form av seminar, foredrag, artiklar og turar til kamparenaer frå den andre verdskrigen i Narvik og Nord-Noreg. Mykje av arbeidet skjer i samarbeid med Nordland Røde Kors Krigsmuseum og Kompetansesenter Narvik. Senteret og museet har inngått ein avtale om samarbeid, og senteret har overteke ansvaret for museumsdrifta. Til saman har om lag 22 000 personar besøkt Narviksenteret og krigsmuseet i 2013. 2 140 av desse var elevar.

Senteret har samarbeidd med mellom andre universiteta i Tromsø og Nordland, NTNU, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, FN-sambandet, EUs ungdomsprogram Aktiv Ungdom, og institusjonar i ei rekkje land. Arbeidet med kartlegging av sovjetiske og jugoslaviske krigsfangar i Noreg under den andre verdskrigen har halde fram. Verksemda har vore konsentrert om dokumentasjon med særleg søkjelys på det materialet som senteret har fått tilgang til frå tidlegare jugoslaviske arkiv.

Budsjettforslag for 2015

Narviksenteret fekk i 2013 tilsegn om 81,5 mill. kroner, tilsvarande omlag 85 mill. 2015-kroner, til nye lokale for Narviksenteret i eit næringsbygg på Narvik Torv. I tillegg kjem 7,8 mill. kroner i samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett 2014, jf. Innst. 260 S (2013–2014) og Prop. 93 S (2013–2014). Til saman utgjer dette omlag 92,8 mill. kroner.

I 2014 løyvde Stortinget 67,5 mill. kroner til å dekkje byggjekostnader. Departementet foreslår å løyve gjenståande tilsegn på 25,3 mill. kroner i tilskott til byggjeprosjektet i 2015. I tilegg foreslår departementet 2 mill. kroner til inventar og nye utstillingar i samband med det nye bygget. Dette gjeld møbel, utstillingsmontrar og anna som trengst i dei nye lokala. Det ordinære driftstilskottet blir ført vidare på same nivå som i 2014. Departementet foreslår ei samla løyving på 29,9 mill. kroner på posten i 2015. I tillegg gjer departementet framlegg om vidareføring av beløpet til oppfølging av byggjeprosjektet som blir løyvd under kap. 258 post 21, jf. omtale under denne posten.

Post 75 Det europeiske Wergelandsenteret

Mål for 2015

Det europeiske Wergelandsenteret samarbeider med Europarådet om opplæring i interkulturell forståing, menneskerettar og aktivt medborgarskap. Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Wergelandsenteret kan vere eit ressurssenter for opplæring på dei nemnde områda og tilby opplæring til ulike målgrupper på utdanningsfeltet, til dømes lærarutdannarar, lærarar, rektorar, forskarar og politikkutformarar.

Rapport for 2013

Til saman 3 500 lærarar, rektorar og andre personar deltok direkte i program, prosjekt og aktivitetar gjennomført av Wergelandsenteret i 2013. Dette er ei femdobling sidan 2010. I tillegg deltok nær 11 500 personar i til saman 55 lokale prosjekt som ei oppfølging av programmet til senteret. Til saman har Wergelandsenteret dermed nådd ut til om lag 15 000 personar i 2013.

Wergelandsenteret samarbeider nært med Europarådet i fleire prosjekt. I 2013 arrangerte Wergelandsenteret for fjerde gong opplæringsseminaret Summer Academy i Polen i samarbeid med polske myndigheiter og Europarådet med deltakarar frå fleire europeiske land. Senteret arrangerer òg South-East Europe Summer Academy «Human Rights in Action», som vart arrangert i Montenegro i 2013. Det er auka interesse for å delta på aktivitetane senteret arrangerer. I 2013 kom det åtte gonger så mange søknader om deltaking i Summer Academy i Polen som det var tilgjengelege plassar.

Nettsidene til Wergelandsenteret har vorte ein virtuell møtestad for ulike aktørar som er opptekne av opplæring i demokratisk medborgarskap.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2014.

Post 76 Raftostiftelsen

Mål for 2015

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Raftostiftelsen kan tilby eit godt opplæringstilbod om menneskerettane for elevar, studentar, lærarar og andre grupper.

Rapport for 2013

Raftostiftelsen har i 2013 gitt opplæring i menneskerettar og demokrati til 3 377 elevar og lærarar i grunnskolen. Dette er ein auke på om lag seks pst. frå 2012. I løpet av året har stiftelsen vidareutvikla sine fem undervisningspakkar med ulike tema.

Raftoprisen for 2013 vart gitt til The Bahrain Center for Human Rights for deira kamp for grunnleggjande menneskerettar som ytringsfridom og forsamlingsfridom i Bahrain. Også i 2013 var Raftostiftelsen medarrangør av Bergen internasjonale filmfestival og bidrog med eit skoleprogram om kvinners rettar. 3 659 elevar såg filmar om kvinners rettar under festivalen.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2014.

Kap. 256 Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

50 877

51 132

48 786

21

Særskilde driftsutgifter

16 941

16 521

16 497

Sum kap. 0256

67 818

67 653

65 283

Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter

Vox er eit kompetansepolitisk fagorgan underlagt Kunnskapsdepartementet.

Vox har ansvaret for å forvalte tilskott til vaksenopplæring, jf. kap. 254, tilskott til freds- og menneskerettssentra, jf. kap. 255, Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA), jf. kap. 257, tilskott til karriererettleiing, jf. kap. 258 post 60, og nokre av dei prosjektmidlane som blir løyvde over kap. 258 post 21.

På oppdrag frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har Vox ansvaret for dei faglege og pedagogiske tilhøva i opplæringa i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.

Nasjonal eining for karriererettleiing utviklar og koordinerer rettleiingsfeltet i Noreg. Målet er å auke tilgangen til tenestene, styrkje kvaliteten i karriererettleiinga og medverke til likeverdige tilbod for alle gjennom heile livet og i alle livssituasjonar. Nasjonal eining for karriererettleiing er plassert i Vox.

Mål for 2015

Vox skal vere eit kompetansepolitisk fagorgan underlagt Kunnskapsdepartementet. Gjennom å leggje til rette for læring blant vaksne skal Vox medverke til å stimulere vaksne til å delta i samfunns- og arbeidsliv. Opplæring i grunnleggjande dugleikar, karriererettleiing og realkompetansevurdering er òg viktige tiltak i denne samanhengen. I tillegg skal Vox medverke til å styrkje kunnskapen om etter- og vidareutdanning i arbeids- og næringsliv.

Hovudmåla for Vox i 2015 er å utvikle kompetansepolitikken og medverke til høgre kompetanse blant vaksne. Vidare skal Vox ha oppdatert kunnskap om kompetansebehova i samfunnet nasjonalt og internasjonalt og formidle denne, samt forvalte og utvikle tilskottsordningar på ein god måte.

Rapport for 2013

Arbeidet med å førebu PIAAC og å analysere data og spreie resultata har hatt stor merksemd i Vox i 2013. Vox har innleidd eit samarbeid med SSB og dei andre nordiske prosjektansvarlege for PIAAC, og skal medverke inn i den nordiske rapporten som er planlagd publisert i 2015. Vox var òg involvert i arbeidet med Skills Strategy.

Vox har vore sekretariat for Nasjonalt fagskoleråd i 2013 og har mellom anna følgt opp arbeidet i rådet med ein informasjonskampanje om fagskoleutdanninga. Rettleiingar for fritak i universitets- og høgskolestudium og inntak til fagskolar på grunnlag av realkompetansevurdering vart stilte ferdig i 2013.

Arbeidet med å medverke til at fleire tilbydarar gir opplæring i grunnleggjande dugleikar, held fram. I 2013 har Vox styrkt samarbeidet med kommunal grunnopplæring for vaksne og med rusomsorga. Samstundes har samarbeidet med kriminalomsorga, Nav og tilbydarane i BKA halde fram. Målet er å spreie kunnskap om korleis ein kan leggje til rette for god opplæring knytt til praksis og grunnleggjande dugleikar tilpassa behova til den einskilde.

Vox har levert ei rekkje publikasjonar i 2013. Desse omhandlar mellom anna langtidseffektar av å ta vidaregåande opplæring for vaksne. Publikasjonane tek for seg effekten av vidaregåande opplæring på seinare mottak av helserelaterte ytelsar og samanhengen mellom vidaregåande opplæring som vaksen og status på arbeidsmarknaden i etterkant av opplæringa. Vox har etablert fleire kanalar for å formidle data om vaksnes læring. Både besøkstala for vox.no, statistikkbanken og talet på abonnentar på nyhetsbreva viser god auke. Sosiale medium har òg vore ei satsing i 2013.

I regi av Nasjonal koordineringsgruppe for karriererettleiing, som blir leidd av Vox, vart det i 2013 sett i verk ein prosess mellom dei statlege rettleiingsaktørane med sikte på utvikling av heilskapleg og tverrsektoriell karriererettleiing på nettet. Vox har i samarbeid med sentrale aktørar også arbeida med utvikling av ein mastergrad i karriererettleiing og har utgreidd korleis Career Management Skills-perspektivet kan nyttast i utvikling av livslang karriererettleiing i Norge, i tråd med EU si satsing.

Senter for IKT i utdanninga, Utdanningsdirektoratet og Vox lanserte i 2013 Veilederforum, ei nasjonal nettside og delingsarena for rettleiarar på Utdanning.no. Som del av Handlingsplan 2013–2016 Vi trenger innvandrernes kompetanse, fekk i 2013 fem fylkesvise karrieresenter prosjektmidlar frå Vox til å utvikle karriererettleiingstilbod til deltakarar på norskopplæring i kommunane. Prosjekta skal evaluerast i 2014.

For å auka kunnskapsgrunnlaget om karriererettleiing vart fleire forskingsprosjekt sett i verk i 2013. Vox gjekk óg i gang med nasjonale brukarundersøkingar i 2013, som er ført vidare i 2014. I 2013 sette Arbeids- og sosialdepartementet og Kunnskapsdepartementet i verk ei kartlegging for å sjå nærare på finansieringa og organiseringa til karrieresentera, og på samhandlinga mellom karrieresentra og Nav. Denne var ferdig i 2014.

Arbeidet med å betre kvaliteten i karriererettleiinga skjer ved auka kunnskap om arbeidet til karrieresentera og effektene av karriererettleiing, satsing på auka kompetanse mellom anna gjennom etableringa av masterstudiet i karriererettleiing, utviklingsarbeid og erfaringsutveksling.

Nye brukergrupper er inkludert i arbeidet, gjennom samarbeidsprosjektene mellom karriererettleiing og norskopplæring for innvandrarar.

Vox er nasjonal koordinator for EUs arbeid med vaksnes læring og skal vere nasjonalt kontaktpunkt for EPALE, ein informasjons- og kommunikasjonsnettstad for vaksnes læring i EU.

Vox er vertsinstitusjon for det nordiske nettverket Nättverk för Vuxnas Lärande (NVL) og deltek i fleire av arbeidsgruppene til NVL. Vox deltek òg i European Basic Skills Network.

Budsjettforslag for 2015

Som følgje av innføring av nøytral meirverdiavgift for ordinære statlege forvaltningsorgan er løyvingsforslaget under postane 01 og 21 til saman redusert med 4,3 mill. kroner, jf. omtale under Hovudprioriteringar i del I.

Løyvingsforslaget under postane 01 og 21 er samla redusert med 0,3 mill. kroner som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar.

Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3256 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3256 Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Inntekter frå oppdrag

10 580

10 698

10 996

02

Salsinntekter o.a.

792

329

338

16

Refusjon av foreldrepengar

228

17

Refusjon lærlingar

56

18

Refusjon av sjukepengar

1 341

Sum kap. 3256

12 997

11 027

11 334

Inntektene på post 01 kjem frå oppdragsverksemd ved Vox. Inntektene på post 02 kjem frå salsinntekter og refusjonar.

Kap. 257 Program for basiskompetanse i arbeidslivet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

6 053

5 511

5 198

70

Tilskott, kan overførast

85 813

134 093

163 518

Sum kap. 0257

91 866

139 604

168 716

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

Mål for 2015

Løyvinga skal nyttast til å utvikle Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA), slik at fleire vaksne med svake grunnleggjande dugleikar kan få opplæring, og slik at opplæringa held høg kvalitet. Løyvinga skal òg nyttast til å effektivisere administreringa av programmet og auke kvaliten i dei tilboda som blir gitte. Løyvinga skal òg kunne nyttast til forsøk som kan gjere BKA betre i stand til å svare på kompetansebehova i arbeidslivet.

Ein mindre del av løyvinga skal gå til å utvikle modellar for samarbeid mellom Nav, fylkeskommunar og verksemder, slik at fleire arbeidssøkjarar kan få opplæring i grunnleggjande dugleikar.

Rapport for 2013

Løyvinga i 2013 gjekk til ulike utviklingstiltak. Vox har gått gjennom den interne forvaltninga av BKA og gjort forbetringar mellom anna i søknadsskjema og rapporteringsmalar. Internkontrollen er styrkt, og det er utarbeidd eigne internkontrollrutinar for gjennomgang av BKA-prosjekt for å sikre korrekt sakshandsaming og lik skjønnsutøving.

Eit utviklings- og samarbeidsprosjekt mellom Vox og Posten Noreg AS vart avslutta hausten 2013. Om lag 490 medarbeidarar i Posten og Bring har fått opplæring i grunnleggjande dugleikar frå programmet starta i 2010, til det vart avslutta i 2013. Deltakarane i prosjektet vurderer sjølve at dei har fått betre dugleikar i matematikk, lesing, skriving og IKT etter deltaking i BKA-kurs. Dei rapporterer òg at dei les, skriv og bruker data meir enn dei gjorde før kurset. I 2013 har Vox arbeidd vidare med å kartleggje langtidseffektar av å delta på kurs i grunnleggjande dugleikar i Posten. Resultata av dette er enno ikkje publiserte.

Vox inngjekk hausten 2011 ein avtale med Folkeuniversitetet Sør-Aust om opplæring i transportbransjen. Dette prosjektet vart avslutta hausten 2013. Om lag 190 deltakarar frå ulike bedrifter har gjennom dette prosjektet fått opplæring i grunnleggjande dugleikar.

For å auke deltakinga frå varehandelen i BKA-opplæringa lyste Vox i 2012 ut midlar til bransjeorganisasjonane innanfor varehandelen. Fire bransjeorganisasjonar fekk tilskott, og to av desse prosjekta vart sluttførte i 2013. Kunnskapsdepartementet vil bruke erfaringane frå prosjekta til å vidareutvikle BKA.

Budsjettforslag for 2015

Som følgje av innføring av nøytral meirverdiavgift for ordinære statlege forvaltningsorgan er løyvingsforslaget redusert med 0,5 mill. kroner, jf. omtale under Hovudprioriteringar i del I. Løyvingsforslaget er vidare redusert med 29 000 kroner som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar.

Post 70 Tilskott, kan overførast

Mål for 2015

Tilskottsordninga skal medverke til å styrkje grunnleggjande lese-, skrive-, rekne- og IKT-dugleikar blant vaksne arbeidstakarar og arbeidssøkjarar. Ordninga skal òg medverke til å styrkje opplæringa i munnleg norsk i kombinasjon med opplæring i ein eller fleire av dei grunnleggjande dugleikane. Bedrifter og offentlege verksemder kan søkje om tilskott både til motivasjonsarbeid og til opplæring i grunnleggjande lesing, skriving, rekning og IKT. Departementet har gitt Vox i oppdrag å foreslå tiltak som skal medverke til at eldre arbeidstakarar ikkje støtes ut av arbeidslivet på grunn av svake grunnleggjande dugleikar.

Regjeringa vil leggje til rette for at dei frivillige organisasjonane kan stå for både rekruttering av deltakarar og sjølve opplæringa gjennom ei utviding av BKA med ein komponent (BKF).

Det er eit prioritert mål at opplæringa skal nå vaksne med svake grunnleggjande dugleikar. Opplæringa skal halde høg kvalitet og vere tilpassa behova til dei vaksne, slik at ho gir ein positiv effekt for den einskilde.

Det er eit mål at ulike bransjar er representerte i programmet, særleg dei som sysselset arbeidskraft med låg utdanning og er konjunkturutsette bransjar. Programmet skal nå små og mellomstore verksemder.

Tilskottsordninga blir forvalta av Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk.

Rapport for 2013

Det vart gitt tilsegn til 348 søknader på til saman om lag 104 mill. kroner i 2013. 62 pst. av søknadene i 2013 gjaldt lesing og skriving, medan 28 pst. gjaldt data og elleve pst. rekning. For å effektivisere programmet er det nå mogleg å søkje om standardiserte kurs i lesing, skriving, rekning, munnlege og digitale dugleikar. Desse kursa har frå Vox si side ei fast fordeling mellom talet på timar i dei ulike faga, men innhaldet er ikkje standardisert. 75 pst. av søkjarane søkte om standardiserte kurs i 2013.

Sidan BKA-ordninga starta, har den årlege løyvinga til programmet over kap. 257 post 70 auka frå 24,5 mill. kroner i 2006 til 86,6 mill. kroner i 2013. I samband med utlysinga av 2013-tilskottet kom det inn 461 søknader med eit samla søknadsbeløp på 182,7 mill. kroner. Det er ein liten nedgang i talet på søknader på åtte pst. og ein nedgang i samla søknadsbeløp på fire pst. frå 2012. Det var om lag like mange menn og kvinner som deltok på BKA-kurs i 2013. Søknads-, saksbehandlings- og oppfølgingsrutinar knytte til BKA er effektiviserte i 2013. Frå 2013 skal også alle utbetalingar til prosjekt vere gjorde innan året etter tilskottsåret.

Vox lyste i mars 2013 ut 500 000 kroner i forprosjektmidlar til BKA-tilbydarar. Midlane vart løyvde til samarbeid mellom tilbydarar og verksemder for å få betre forankra søknader til hovudutlysinga for 2014. Målet er at prosjekt som er førebudde på denne måten, skal komme raskt i gang. Vox fekk inn 122 søknader. 20 søknader fekk tilsegn om inntil 25 000 kroner per forprosjekt.

Tabell 4.13 Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA), 2006–14

2006

2007

2008

2009

2010

2011

2012

2013

2014

Omsøkt beløp, i mill. kroner

85,5

78,2

122,5

142,4

169,4

197,6

190,6

182,7

181 ,6

Tildelt beløp, i mill. kroner

14,5

20,0

31,6

68,6

80,8

93,4

107,7

104,3

139,9

Talet på søknader

167

208

282

339

345

410

503

461

577

Talet på innvilga søknader

65

70

99

214

209

250

370

348

497

Talet på innmelde deltakarar

2 031

2 153

2 922

5 975

7 494

8 400

9 235

8 056*

4 782*

Tabellen omfattar søknader og tildelingar knytte til ordinær utlysing og særskilde satsingar.

* Talet på innmelde deltakarar i 2013 og 2014 er førebelse.

Kjelde: Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk. Statistikkbanken, juli 2014

Budsjettforslag for 2015

Kunnskapsdepartementet foreslår å auke løyvinga på denne posten med til saman 25 mill. kroner.

Av auken foreslår Kunnskapsdepartementet å løyve 15 mill. kroner meir til BKA i 2015. Ved behandlinga av tilleggsproposisjonen til statsbudsjettet for 2014 slutta Stortinget seg til forslaget om å løyve 25 mill. kroner til å utvide programmet for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA), slik at det òg omfatter opplæring i munnleg norsk i kombinasjon med ein eller fleire grunnleggjande dugleikar. Det blir forventa større etterspurnad på dette området etter kvart som utvidinga blir kjend.

Norsk munnleg språk er sentralt for god fungering og utnytting av kompetanse, både i arbeidslivet og i samfunnet elles. Ein del av innvandrarane som er i arbeid og kjem frå EØS-land, har grunnopplæring og/eller fagbrev frå heimlandet. Opplæring for denne gruppa vil ikkje falle inn under dagens retningslinjer for BKA, slik dei no er kopla til opplæring i grunnleggjande dugleikar. Kunnskapsdepartementet vil derfor nytte ein del av denne løyvinga til å greie ut og dokumentere behova til denne gruppa.

Kunnskapsdepartementet foreslår òg å løyve 10 mill. kroner til basiskompetanse i frivilligheita (BKF) i 2015. Under dagens BKA-program er det bedriftene som søkjer om tilskott til opplæring av dei tilsette, medan frivillige organisasjonar har høve til å stå for sjølve opplæringa. BKF skal ha til formål å styrkje grunnleggjande dugleikar hos vaksne, både i og utanfor arbeidslivet. Dette vil kunne gi fleire vaksne som treng det tilbod om opplæring.

Kap. 258 Tiltak for livslang læring

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

5 437

5 488

4 817

21

Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 01

51 818

55 658

65 923

60

Tilskott til karriererettleiing

30 000

30 960

Sum kap. 0258

57 255

91 146

101 700

Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 01

Mål for 2015

Departementet vil nytte løyvingane over kap. 258 postane 01 og 21 til tiltak for livslang læring, og til statistikk, dokumentasjon, analysar og forsking som kan medverke til politikkutvikling på heile ansvarsområdet til departementet, med særskild prioritering av læring blant vaksne. Målet er mellom anna å kartleggje kompetansebehova i framtida.

Rapport for 2013

Rapporten OECD Skills Strategy Diagnostic Report Norway vart lagd fram i februar 2014. Arbeidet var organisert som eit prosjekt i samarbeid med Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Finansdepartementet og var leidd av Kunnskapsdepartementet. Rapporten omhandlar dei kompetansepolitiske utfordringane for Noreg. OECD leverte sine anbefalingar i rapporten OECD Skills Strategy Action Report i september 2014, sjå nærmare omtale under tilstandsvurderinga i kategoriinnleiinga.

Resultata frå PIAAC, den internasjonale undersøkinga om lese- og talforståing, vart publiserte i 2013. For omtale av resultata, sjå kategoriinnleiinga.

Kunnskapsdepartementet starta i 2013 opp eit prosjekt som skal utvikle eit system for analyse, dialog og formidling av framtidas kompetansebehov. Hausten 2013 publiserte Statistisk sentralbyrå (SSB) ein ny rapport om framtidas kompetansebehov.

Vox fekk i 2013 i oppdrag å utvikle og setje i gang lokale tilbod om etterutdanning til lærarar og andre som underviser i vaksenopplæringa. Hausten 2013 arrangerte Vox etterutdanningskurs i grunnleggjande dugleikar og vaksenpedagogikk for lærarar i grunnskolen for vaksne. I underkant av 30 kurs vart arrangerte i samarbeid med fylkesmannsembeta. Vox har også samarbeidd med VOFO om å arrangere pilotkurs i vaksenpedagogikk for lærarar i studieforbund og innleidde samarbeid med alle fylkeskommunane om kompetansehevingstiltak for lærarar og leiarar i vidaregåande opplæring for vaksne.

Vox reviderte kompetansemåla for grunnleggjande dugleikar for vaksne i tråd med Rammeverk for grunnleggjande dugleikar frå Utdanningsdirektoratet. Kompetansemåla sikrar at det blir gitt ei felles forståing og definisjon av dei grunnleggjande dugleikane i alle delar av grunnopplæringa og hos tilbydarar av opplæring utanfor det formelle utdanningssystemet. Det er vidare gitt støtte til pilotprosjekt med opplæring i grunnleggjande dugleikar ved ti kommunale vaksenopplæringssenter som er spreidde over heile landet. Erfaringane vil bli samla av Vox og gi grunnlag for tilrådingar om modellar for korleis kommunane kan utvikle opplæringstilbod i grunnleggjande dugleikar. Dei digitale læringsressursane Les og skriv og Regnehjelpen fikk nytt innhald og ny design i 2013. Læremidlane er gratis og utvikla for vaksne som vil bli betre i å lese, skrive og rekne.

Vox har sett i verk ei rekkje pilotprosjekt og forsøk som skal fremme læring og grunnleggjande dugleikar hos vaksne som treng det. Erfaringar blir samla inn og framstilte slik at kommunar, fylkeskommunar, Nav, kriminalomsorga, fylkesmennene, behandlingsinstitusjonar, frivillige organisasjonar og andre som arbeider med vaksne, kan nytte desse i det vidare arbeidet med opplæring for vaksne.

I samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet starta Kunnskapsdepartementet hausten 2011 ei utprøving av modellar for vidaregåande opplæring i tilknyting til arbeidsplassen for ufaglærte tilsette i helse- og omsorgssektoren og i barnehagesektoren. Fem fylke deltek i forsøksordninga, og i kvart av fylka samarbeider fylkeskommunen og lokale verksemder om å utvikle modellar for vidaregåande opplæring på arbeidsplassen. Forsøksordninga blir finansiert over kap. 258 post 21 og skal avsluttast i 2014. Proba Samfunnsanalyse evaluerer forsøka, og rapport vil liggje føre hausten 2014.

Kunnskapsdepartementet har tidlegare i samarbeid med Arbeids- og sosialdepartementet gjennomført forsøk med å utvikle opplæringsmodellar på vidaregåande nivå som kan byggje på og kombinerast med dei tilboda vaksne kan få gjennom arbeidsmarknadsopplæringa. I fire fylke har fylkeskommunen, Nav og lokale opplæringstilbydarar samarbeidd om å utvikle lokale og tilpassa opplæringsmodellar. Forsøka vart avslutta i 2013. Forsøka blir evaluerte av Proba Samfunnsanalyse saman med forsøka med vidaregåande opplæring for ufaglærte på arbeidsplassen. Rapporten vil liggje føre hausten 2014.

I samband med nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR) har departementet oppretta eit utval som skal greie ut om korleis tilbod om opplæring utanfor det formelle utdanningssystemet kan plasserast i det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket. Utvalet har frist til 31. desember 2014 med å avgi endeleg tilråding.

Vox utvikla i 2013 ein rettleiar for realkompetansevurdering ved opptak til fagskolar, i samarbeid med ei arbeidsgruppe med representantar frå Nasjonalt fagskoleråd og private fagskolar. Rettleiinga er basert på innspel frå fagskolar og er tilgjengeleg på nettsidene til Vox.

Vox har i samarbeid med ei arbeidsgruppe frå høgare utdanning, utpeikt av Universitets- og høgskolerådet, utvikla ei rettleiing for realkompetansevurdering for fritak. Rettleiinga er basert på innspel frå sektoren, særskild frå institusjonar med røynsle frå slike vurderingar. Rettleiinga er tilgjengeleg på Vox sine nettsider.

Vox har fått utarbeidd ei rekkje publikasjonar, statistikk og annen dokumentasjon om vaksnes læring, mellom anna Vox-speilet. Vox sette ut eit oppdrag om gjennomgang av studieforbunda til Oxford Research. Dei leverte rapporten Et mangfold av løsninger i januar 2014. Rapporten syner at studieforbunda samla sett organiserer ei omfattande kurs- og opplæringsverksemd, på tvers av emne, nivå, geografi og målsetjing. Funna tyder på at ordninga med studieforbund oppfyller måla slik desse er formulerte, og at studieforbunda er ein ressurs for medlemmene sine. Likevel er målsetjingane i voksenopplæringsloven så generelle og lite diskriminerande at dei i liten grad eignar seg for målrapportering.

Midlar til skolering av tillitsvalde i kompetanseutviklingsarbeid vart lyste ut tidleg våren 2013, og seks prosjekt fekk tildelt støtte. Hittil har 130–150 tillitsvalde fått opplæring i å vere pådrivarar for kompetanseutvikling på arbeidsplassen.

Kunnskapssenter for utdanning skal ha oversikt over og formidle nasjonal og internasjonal forsking som kan fortelje kva som medverkar til kvalitet i utdanninga og opplæringa. Senteret opna offisielt i 2013. Kunnskapssenteret var i 2013 delvis finansiert under dette kapitlet.

Kunnskapsdepartementet har gitt NOVA i oppdrag å gjennomføre eit forskingsprosjekt om kjønnsforskjellar i skoleprestasjonar mellom gutar og jenter. Rapporten vart publisert våren 2014. I tillegg har Kunnskapsdepartementet gitt Senter for økonomisk forskning (SØF) i oppdrag å gjennomføre eit forskingsprosjekt om karakterbruk og kvalitet i høgre utdanning, sjå programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Ein del av utdanningsforskningsprogrammet FINNUT, inkludert det som omfattar forsking om vaksnes læring, har vorte finansiert under denne posten.

Budsjettforslag for 2015

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 5 mill. kroner til å utvikle kartleggingsverktøy for grunnleggjande dugleikar tilpassa vaksne. Formålet med kartlegginga er å auke dei vaksnes deltaking i og gjennomføring av opplæring. Kunnskap om dugleiksnivået til den einskilde vil kunne gjere opplæringstilbydarane i stand til å gi betre tilpassa og tilrettelagd opplæring.

Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei melding for Stortinget om livslang læring og utanforskap. Ein mindre del av løyvinga vil gå til utgreiingar og drift i samband med arbeidet med meldinga.

Ein mindre del av løyvinga vil gå til departementet sitt arbeid med å følgje opp tilrådingane frå OECD Skills Strategy Action report. Departementet vil starte eit arbeid med ein nasjonal strategi for kompetansepolitikken.

Vidare vil departementet setje i gang eit arbeid for å følgje opp tilrådingane frå OECD om å utvikle eit heilskapleg system for karriererettleiing, jf. også merkadane frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i Innst. 12 S (2013–2014) om behov for å gjere rådgjevingstenesta og karriererettleiinga betre.

For at Narviksenteret skal kunne følgje opp byggjeprosjektet, foreslår departementet å føre vidare løyvinga på 0,7 mill. kroner i 2015 innanfor ramma av kap. 258 post 21.

Nasjonalt kontaktpunkt vart etablert ved NOKUT våren 2010. Dei viktigaste oppgåvene for nasjonalt kontaktpunkt er å ha ei rettleiings- og informasjonsrolle, ha ansvar for aktivitetar som får økonomisk støtte frå Kommisjonen, og ta hand om andre omsyn i kontakt med kontaktpunkt i andre land og Kommisjonen. Delar av løyvinga på posten vil bli nytta til dette formålet.

Departementet foreslår å føre vidare rammeløyvinga og den øyremerkte satsinga på forsking om vaksnes læring gjennom det nye utdanningsprogrammet FINNUT i Noregs forskingsråd. Departementet legg opp til å setje av til saman 28 mill. kroner over posten i perioden 2012–16 for å få fram meir kunnskap om vaksnes læring.

For å auke kvaliteten i vaksenopplæringa har Vox fått i oppdrag å utvikle og setje i gang lokale tilbod om etterutdanning for lærarar og andre som underviser i vaksenopplæringa. For perioden 2013–16 legg departementet opp til å setje av til saman 20 mill. kroner til tiltaket.

For å medverke til at fleire vaksne med låg formell utdanning skal kunne fullføre vidaregåande opplæring, har departementet sett i verk utprøving av modellar som skal leggje betre til rette for at vaksne kan delta i vidaregåande opplæring.

I 2011 vart det i fem fylke starta opp utprøving av modellar for vidaregåande opplæring i tilknyting til arbeidsplassen for ufaglærte tilsette i helse- og omsorgssektoren og i barnehagesektoren. Forsøka prøver også ut ein tredje veg til fagbrev for vaksne, i tillegg til eksisterande lærlingordning og praksiskandidatordning. Erfaringane frå utprøvingane har så langt vore så positive for alle partar at departementet frå 2014 legg opp til å starte opp liknande utprøvingar av modellar for vidaregåande opplæring i tilknyting til arbeidsplasser i transportnæringa, i servicenæringa og i primærnæringane. Vox vil framleis forvalte forsøksordninga på nasjonalt nivå.

Ansvar og oppgåver fordelte på svært mange aktørar er ei av hovudutfordringene for vaksenopplæringa. Livssituasjon og bustad, heller enn individuelle behov, vil i mange tilfelle avgjere kva for tilbod kvar einskild mottek. Spreiing av gode erfaringar vil kunne medverke til at fleire får nytte av gode løysinger. Vox vil òg i 2015 nytte midlar til vidare spreiing av vellykka forsøk og pilotar til alle som har eit ansvar for opplæring av vaksne, mellom anna kommunar, fylkeskommunar, Nav, kriminalomsorga, fylkesmennene, behandlingsinstitusjonar, frivillige organisasjonar og andre som arbeider med vaksne.

Kunnskapsdepartementet vil nytte ein del av løyvinga til å styrkje kunnskapsgrunnlaget om vaksnes læring og kompetansepolitikken gjennom oppdragsforsking.

Kunnskapsdepartementet starta hausten 2013 opp eit prosjekt som i ein treårsperiode skal arbeide med å utvikle eit overordna system for analyse om formidling av kompetansebehov i arbeidslivet. Prosjektet vil nytte framskrivingar frå SSB og forskarar, skape møteplassar og konferanser for diskusjon, og medverke til å formidle informasjon til institusjonar, elevar og studentar med sikte på å få betre utdanningsval.

Kunnskapsdepartementet foreslår òg å løyve 5 mill. kroner i 2015 til å opprette eit fagmiljø for læringsanalyse. Dette er eit framveksande forskingsfelt som dreier seg om analyse av dei store datamengdene frå MOOC og andre læringsplattformer for å gi individuelt tilpassa undervisning, identifisere studentar som står i fare for å falle utanfor, og optimalisere nytteverdien av digitale læremidel.

Det blir foreslått å samla løyvinga til Kunnskapssenter for utdanning på kap. 258 post 21. 1 mill. kroner frå kap. 281 post 01 og 7,2 mill. kroner frå kap. 226 post 21 blir foreslått flytt til kap. 258 post 21.

Departementet vil la delar av løyvinga bli forvalta av Vox.

Som følgje av innføring av nøytral meirverdiavgift for ordinære statlege forvaltningsorgan er løyvingsforslaget redusert med 2,5 mill. kroner, jf. omtale under Hovudprioriteringar i del I.

Løyvingsforslaget er redusert med 0,3 mill. kroner som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar.

Post 60 Tilskott til karriererettleiing

For å følgje opp St.meld. nr. 16 (2006–2007) … og ingen sto igjen har Kunnskapsdepartementet gjennom tilskottsmidlar stimulert til etablering av fylkesvise partnarskapar for karriererettleiing. Partnarskapane skal medverke til utvikling av tenestetilbodet og samarbeid mellom ulike rettleiingsaktørar lokalt. Å heve kvaliteten og betre tilgangen til profesjonell og sektornøytral karriererettleiing gjennom oppretting av karrieresenter i fylka er ei viktig målsetjing for partnarskapane. I tillegg til at dei sjølve spreier informasjon og rettleier enkeltpersonar, tilbyr fleire av karrieresentra kompetanseheving for Nav-tilsette, karriererettleiarar i ungdomsskolen og vidaregåande skole. Tilboda til karrieresentra er retta mot heile befolkninga, inkludert vaksne. Fleire av karrieresentra er òg samlokaliserte med andre institusjonar, som Nav, vidaregåande skolar eller vaksenopplæringssenter. I tillegg til tilskottet som går frå denne posten til fylkeskommunane via Vox, får karrieresentra finansiering av fylkeskommunane, Nav og kommunane.

Med unntak av tre fylke har samtlege fylke etablert partnarskapar for karriererettleiing, og 36 karrieresenter er oppretta i desse fylka. Fram til 2014 har tilskottet til karriererettleiing vore fordelt likt mellom dei fylkesvise partnarskapane, uavhengig av aktivitetsnivå og talet på karrieresenter. For å stimulere til vidare utvikling og eit likare tilbod i heile landet er tilskottsordninga frå 2014 lagd om til eit grunntilskott og eit stimuleringstilskott. Grunntilskottet tilsvarer ei auke i støtte i høve til det tidlegare tilskottet og blir tildelt alle fylkesvise partnarskap som har minst eitt karrieresenter med ope tilbod til alle vaksne over 19 år og som støttar rettleiarar i Nav og grunnopplæringa med kompetanse. Til saman 13 fylke får grunntilskott i 2014. Stimuleringstilskottet skal støtte etablering av karrieresenter i fylke som enno ikkje har oppretta karrieresenter og andre utviklingstiltak. Tilskottsordninga, som Vox forvaltar, vart samtidig flytt frå kap. 226 post 21 til kap. 258 post 60.

Mål for 2015

Formålet med tilskottsordninga er at unge og vaksne i alle livsfasar får eit likeverdig tilbod om karriererettleiing. Tilskottet til dei fylkesvise partnarskapane for karriererettleiing skal medverke til å styrkje kvaliteten og sikre tilgang til karriererettleiing over heile landet. I hovudsak skal tilskottsmidlane medverke til utvikling av dei fylkesvise karrieresentra.

Rapport for 2013

Tilskott til fylkesvise partnarskapar for karriererettleiing vart i 2013 fordelte likt til kvar av fylkeskommunane. I 2013 utgjorde tilskottet til saman om lag 28 mill. kroner, slik at kvart fylke fekk om lag 1,5 mill. kroner. Tilskottet vart løyvt over kap. 226 post 21.

I ein rapport frå Vox om karriererettleiing i fylka frå 2012 går det fram at sjølv om delar av den vaksne befolkninga har tilgang på rettleiingstenester gjennom Nav, attføringsbedrifter eller på universitet og høgskolar, er det store hol i tilbodet i dei fylka der det ikkje er oppretta karreieresenter. Rapportering om bruk av tilskottet har vist til dels store skilnader i aktiviteten mellom fylka. For å fremme eit meir likeverdig tilbod i heile landet og stimulere til vidare tenesteutvikling ved etablerte karrieresenter og til oppretting av fleire karrieresenter, la Vox i 2013 fram forslag til ny tilskottsordning. Målet er også å gjere dei krava som følgjer tildelinga i samband med oppretting og drift av karrieresentra, tydelege.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2014.

Programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning

Utgifter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

260

Universitet og høgskolar

27 547 599

29 289 917

30 912 271

5,5

270

Internasjonal mobilitet og sosiale formål for studentar

377 629

452 591

476 699

5,3

276

Fagskoleutdanning

71 236

69 679

66 747

-4,2

280

Felles einingar

394 857

457 034

493 785

8,0

281

Felles tiltak for universitet og høgskolar

406 185

457 639

399 514

-12,7

Sum kategori 07.60

28 797 506

30 726 860

32 349 016

5,3

Inntekter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

3280

Felles einingar

2 239

1 263

1 298

2,8

3281

Felles tiltak for universitet og høgskolar

50

10

10

0,0

Sum kategori 07.60

2 289

1 273

1 308

2,7

Innleiing

Regjeringa legg vekt på klare mål og tydelege prioriteringar i styringa av universitets- og høgskolesektoren. Kunnskapsdepartementet har derfor i 2014 revidert måla for høgre utdanning og fagskoleutdanning med sikte på forenkling og tydeleggjering. Måla gjeld òg forsking og utdanningsstøtte, jf. programkategori 07.70 Forsking, 07.80 Utdanningsstøtte og figur 1.2 i hovudinnleiinga. Dei nye måla er

  • høg kvalitet i utdanning og forsking

  • forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

  • god tilgang til utdanning

  • effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem

Tilstandsvurderinga for høgre utdanning er strukturert i kategoriomtalen etter dei nye måla. I kap. 276 er det gitt ei tilstandsvurdering av fagskolesektoren.

Boks 4.1

Regjeringa har utarbeidd sju punkt som vil vere førande for arbeidet med å nå måla for universitets- og høgskolesektoren:

  • Regjeringa legg saman med Prop. 1 S (2014–2015) fram ein langtidsplan for forsking og høgre utdanning, Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024. Langtidsplanen skal bidra til å styrkje Noregs konkurransekraft og innovasjonsevne, løyse store samfunnsutfordringar og utvikle fagmiljø som har forsking og høgre utdanning av framifrå kvalitet.

  • Regjeringa vil prioritere å utvikle fleire verdsleiande fagmiljø innanfor høgre utdanning og forsking.

  • Regjeringa har lansert ein strategi for å auke norsk deltaking i og tildeling frå EUs nye forskings- og innovasjonsprogram Horisont 2020.

  • Regjeringa vil sjå på vilkåra for å utvikle gode fagmiljø, betre rekruttering, stillingsstruktur og karrierevegar fordi høgt kvalifisert personale er avgjerande for å utvikle fagmiljø av framifrå kvalitet.

  • Med Lærerløftet vil regjeringa utvikle ein skole der elevane lærer meir. Ei god lærar-utdanning er sentralt i satsinga. Gode lærarar er grunnmuren i kunnskapssamfunnet.

  • Regjeringa har nemnt opp ei ekspertgruppe som skal vurdere korleis finansieringa av universitet og høgskolar kan innrettast betre og bli meir målretta.

  • Regjeringa tar sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om struktur i høgre utdanning i 2015. Målet med stortingsmeldinga er å heve kvaliteten i utdanning og forsking, fremme solide fagmiljø og ein sektor som brukar ressursane effektivt. Derfor ønskjer regjeringa å etablere ein struktur med færre institusjonar.

Hovudprioriteringar for 2015

Regjeringa har ambisjonar om å utvikle fleire verdsleiande fagmiljø. Det krev ei målretta satsing på institusjonar og fagmiljø som har særlege føresetnader for å lykkast. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor 100 mill. kroner for å styrkje arbeidet med framifrå kvalitet med mål om å utvikle fleire verdsleiande fagmiljø. Sjå òg omtale under programkategori 07.70 Forsking.

Regjeringa ønskjer ein meir formålstenleg struktur med høgre utdannings- og forskingsinstitusjonar som er karakteriserte av solide fagmiljø og utdanningar av høg kvalitet, og ein sektor som brukar ressursane meir effektivt. Kunnskapsdepartementet tar sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om strukturen i universitets- og høgskolesektoren i 2015. Departementet foreslår å auke løyvinga for å stimulere til samarbeid, arbeidsdeling, konsentrasjon og samanslåingar til 75 mill. kroner.

Oppdaterte bygg og utstyr er ein føresetnad for ambisjonen om fleire framifrå forskings- og undervisningsmiljø. Ifølgje Riksrevisjonens undersøking om forvaltning av statleg eigedomsmasse (Dokument 3:4 (2012–2013)) er 40 pst. av bygningsmassen ved dei sjølvforvaltande universiteta i dårleg stand. Regjeringa foreslår 85 mill. kroner til oppgradering av bygg ved institusjonar som forvaltar sin eigen bygningsmasse.

Departementet foreslår 30 mill. kroner til utstyr til bruk i sjukepleiar- og ingeniørutdanningane. Det er behov for meir og betre utstyr i desse utdanningane slik at studentane blir betre førebudd på det som ventar dei i arbeidslivet.

Gode studentvelferdstilbod er viktig for å kunne ta høgre utdanning. Eit av dei viktigaste velferdstilboda er studentbustader. Regjeringa har som mål å byggje fleire studentbustader og foreslår å auke løyvinga til totalt 380 mill. kroner til bygging av om lag 1 500 nye studentbustader i 2015. Dette er om lag 200 fleire nye studentbustader enn i 2014.

Regjeringa har mål om å styrkje grunnfinansieringa av universitet og høgskolar og foreslår å auke den samla økonomiske ramma til institusjonane med 53,7 mill. kroner. Dette er ei oppfølging av Innst. 260 S (2013–2014), der det vart vedteke å auke ramma til universitet og høgskolar.

Kunnskapsdepartementet foreslår 53,4 mill. kroner til 47 nye rekrutteringsstillingar innanfor helse- og sosialfag, lærarutdanning og ingeniørutdanning, som del av langtidsplanen for forsking og høgre utdanning. Departementet foreslår òg 3,4 mill. kroner til tre nye stillingar til stipendiatprogrammet i Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU).

Kunnskapsdepartementet foreslår å tildele Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) midlar til å fullføre oppgraderinga av IKT-systemet for å sikre god og effektiv sakshandsaming. Investeringane er berekna til å koste inntil 27 mill. kroner.

For at kapasitetsauken i høgre utdanning skal halde fram, foreslår regjeringa 202,8 mill. kroner til vidareføring og opptak av nye kull for studieplassar oppretta over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Samla gir dette om lag 1 500 fleire studieplassar i 2015 samanlikna med i 2014.

Regjeringa foreslår at universitet og statlege høgskolar får høve til å krevje studieavgift for studentar frå land utanfor EØS-området og Sveits frå og med haustsemesteret 2015. Dette gjeld ikkje for studentar med rett på utdanningsstøtte frå Lånekassen og utvekslingsstudentar på avtale. I samband med denne endringa foreslår regjeringa at budsjettrammene til dei statlege institusjonane blir reduserte med 80,5 mill. kroner. Det er ikkje aktuelt for regjeringa å opne for studieavgift for norske studentar eller studentar frå EØS-området og Sveits.

Tilstandsvurdering

Tilstandsvurderinga nedanfor er strukturert etter dei nye måla for forsking, høgre utdanning og fagskoleutdanning. Tilstandsvurderinga byggjer mellom anna på den årlege tilstandsrapporten for høgre utdanning, årlege rapportar frå universitet og høgskolar og andre aktørar i sektoren, òg andre analysar og statistikk. Sjå vedlegg 2 og 3 med løyvings- og byggtabellar for universitet, høgskolar og fagskolar, og vedlegg 4 for nøkkeltal for nettobudsjetterte verksemder under Kunnskapsdepartementet.

Mål: Høg kvalitet i utdanning og forsking

Regjeringa vil at utdannings- og forskingsmiljøa i Noreg skal ha høg kvalitet, og at fleire norske forskings- og utdanningsmiljø skal hevde seg internasjonalt. Dette inkluderer fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid.

Utdanningskvalitet

Nasjonalt og internasjonalt er det for lite kunnskap om korleis ein kan måle kva som er god utdanningskvalitet. Likevel tyder ulike evalueringar og indikatorar på at utdanningskvaliteten i Noreg samla sett er for låg. Omgrepet «små og fragmenterte fagmiljø» går igjen i mange evalueringer. Samstundes har vi klare indikasjonar på at det ved mange institusjonar er for låge forventningar til kva studentane skal lære. Kunnskapsgrunnlaget er i ferd med å bli betre. Dette kan gi eit betre grunnlag for å vurdere tiltak for å utvikle utdanningane, både på nasjonalt nivå og ved den einskilde institusjonen.

Tal frå Education at a Glance (2013) viser at Noreg har vore blant dei OECD-landa med lågast gjennomføring i høgre utdanning. Nyare tal frå både Statistisk sentralbyrå (SSB) og Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) kan tyde på ei viss betring i gjennomføringa for norske studentar. På bachelor- og toårig mastergradsnivå gjennomførte i 2013 høvesvis 43 pst. og 36 pst. av heiltidsstudentane på normert tid. To år etter normert tid har om lag 71 pst. av bachelorstudentane og 67 pst. av mastergradsstudentane fullført ein grad. Kunnskapsdepartementet meiner institusjonane bør ha høgre ambisjonar for gjennomføring. Rapporten Educational Research Evidence on Dropout Phenomena at Universities (Danish Clearinghouse 2013) viser at det er fleire tiltak institusjonane kan setje i verk for å styrkje gjennomføringa. God undervisning og tett oppfølging kan mellom anna betre progresjonen til studentane.

Gjennomføring har òg samanheng med den tida studentane bruker på eit studium. Studiebarometeret til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) viser at heiltidsstudentane i 2013 i gjennomsnitt studerer 29 timer i veka. Studiebarometeret viser òg at berre 38 pst. av studentane er nøgde med den faglege oppfølginga. Ut frå tilbakemeldingar frå studentane og tidsbruken meiner departementet at det er rom for å ha høgre faglege forventningar til studentane.

Statistikk og evalueringar gir nokre indikasjonar på den generelle kvaliteten i høgre utdanning, men vi veit lite om det faglege nivået i studieprogramma. Rapporten Karakterbruk og kvalitet i høyere utdanning (SØF 2013) viser til store variasjonar i karaktersetting mellom utdanningsinstitusjonar og fagområde. Dette kan indikere at karakterar ikkje er eit eintydig godt mål på fagleg kvalitet. Departementet er i dialog med Universitets- og høgskolerådet (UHR) og NOKUT om prosessar som kan bidra til meir einskapleg karaktersetting og kunnskap om det faglege nivået i studieprogramma.

Rapporten Videregående opplæring – tilstrekkelig grunnlag for arbeid og videre studier? (NIFU 2013) undersøker om vidaregåande opplæring gir eit godt grunnlag for vidare studium. Analysen tyder på at mange studentar ikkje har gode nok faglege føresetnader for å ta utdanning med høgt fagleg nivå.

Det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket omtalar læringsutbyttet på dei ulike nivåa i utdanningssystemet. Ifølgje rapporten Utdanningskvalitet i høyere utdanning: noen empiriske eksempler (NIFU 2013) meiner eit fleirtal av dei fagleg tilsette at skildringane av læringsutbytte i stor eller nokon grad er eit nyttig verkemiddel for planlegging av undervisninga, eiga undervisning og rettleiing og vurdering av prestasjonane til studentane. Rapporten Tilsyn med mastergradsstudier i historisk-filosofiske fag (NOKUT 2014) viser utfordringar i arbeidet med skildringar av læringsutbytte for fleire institusjonar. Departementet legg vekt på at institusjonane held fram med å arbeide med implementering av kvalifikasjonsrammeverket.

Normert tid for å gjennomføre doktorgradsutdanninga er fire år, inkludert eitt år pliktarbeid. Gjennomføring i doktorgradsutdanninga er framleis ikkje tilfredsstillande, sjølv om evalueringa Stipendiatar og doktorgradsgjennomføring (NIFU 2012) viser at det har vore vesentlege forbetringar over tid. I Meld. St. 30 (2008–2009) Klima for forskning vart det sett fagspesifikke mål for delen doktorgradar som skal vere fullførte etter seks år. Måla varierer frå 75 pst. til 85 pst. avhengig av fagområde. 63 pst. av kandidatane som er tekne opp på doktorgradsprogram i 2007, hadde disputert innan seks år. Norsk doktorgradsutdanning held eit høgt nivå viser evalueringa PhD education in a knowledge society (NIFU 2012). Evalueringa viser at utdanninga er godt finansiert, velorganisert og gir kandidatane gode læringsvilkår. Det er samstundes behov for å setje søkjelyset på gjennomføring, rekruttering og storleik på læringsmiljøa.

Forskingskvalitet

Fagevalueringar frå Forskingsrådet viser at mange fagmiljø ved universitet og høgskolar har høg kvalitet på forskinga. Det gir eit godt grunnlag for godt innhald i utdanningane. Samstundes er det små og sårbare fagmiljø, og Kunnskapsdepartementet er særleg uroleg for kvaliteten i desse miljøa.

Forskingsrådets fagevalueringar av forsking, saman med publiserings- og siteringsanalysar, viser god framgang for norsk forsking, jf. Forskningsbarometeret 2014. Samstundes er Noreg framleis eit godt stykkje bak dei beste landa på fleire område.

Samanlikna med dei andre nordiske landa er norske universitet mindre synlege. Rapporten Room for increased ambitions? Governing breakthrough research in Norway 1990–2013 (Benner og Öquist 2014) har vurdert tilstanden til norsk forsking og kjem med tilrådingar om korleis Noreg kan auke innverknaden på den internasjonale forskingsfronten. Det er særleg fire aspekt som påverkar rammevilkåra for framifrå forsking: prioriteringar og politikkutforming på nasjonalt nivå, koordinering av forsking, styring og leiing ved institusjonane og rekruttering og karriereutvikling.

Forskingsrådet har ei rekkje verkemiddel som er viktige for utvikling av kvalitet på universitet og høgskolar, mellom anna ulike senterordningar, fri prosjektstøtte og støtte til forskingsinfrastruktur og nasjonale nettverksforskarskolar. Sjå omtale under kap. 281 post 50 og programkategori 07.70 Forsking.

Publiseringspoeng og vitskaplege publikasjonar per fagleg tilsett indikerer omfanget av forsking. Talet på publiseringspoeng i universitets- og høgskolesektoren har vakse med 89 pst. i perioden 2004–13. Talet på fagleg tilsette har òg auka, men ikkje så mykje som publiseringa. Talet på publiseringspoeng per fagleg tilsett har auka med 54 pst. i denne perioden.

Universitet, høgskolar og Universitets- og høgskolerådet (UHR) engasjerer seg i aukande grad i personalutvikling og karrierepolitikk for å utvikle fagmiljø av høg kvalitet og gode karrierevegar for dei fagleg tilsette. Det er framleis for få kvinner i dei faglege toppstillingane, og skilnadene er store mellom fagområde. Betre kjønnsbalanse i akademia handlar om å utnytte talenta og behovet for breidde i kompetanse og faglege perspektiv og kan derfor ikkje skiljast frå målet om høg kvalitet i utdanning, forsking og innovasjon. Sjå omtale av likestilling under kap. 260 og i del III kap. 8 Likestilling og arbeid mot diskriminering.

Internasjonalt samspel

Vi må vere i tett kontakt med internasjonale miljø for å nyttiggjere oss av kunnskapsproduksjonen i resten av verda. Fleire indikatorar tyder på at norsk høgre utdanning og forsking er vortne meir internasjonale i dei seinare åra. Dette ser ein mellom anna i form av auka deltaking i EUs sjuande rammeprogram, sampublisering av vitskaplege artiklar med utanlandske forskarar, og på veksten i talet på inn- og utreisande studentar.

Talet på utvekslingsstudentar frå Noreg til andre land var 5 700 i 2013, mot 3 500 i 2004. Tilsvarande tal for utanlandske utvekslingsstudentar til Noreg var 6 628 i 2013 og 3 467 i 2004. I tillegg tok 16 260 norske studentar ein heil grad i utlandet i 2013. Dette er det høgste talet nokon gong. Talet på utanlandske studentar i Noreg har auka frå 8 500 i 2004 til meir enn 21 000 i 2013.

Internasjonale fellesgradar og framandspråklege studietilbod har samla medverka til å fremme Noreg som eit attraktivt studieland. Talet på internasjonale fellesgradar auka frå 15 i 2009 til 43 i 2013. Over halvparten av alle fellesgradane er eit resultat av deltakinga i Erasmus Mundus, som er del av Erasmus+ frå 2014.

Delen utanlandske statsborgarar som tek doktorgraden i Noreg, har auka i dei siste ti åra. Noreg har høgst del doktorandar med utanlandsk bakgrunn av alle dei nordiske landa. Dei fleste kjem frå Europa. Sidan 2004 har det likevel vore sterkast vekst i talet på utanlandske doktorandar frå Asia, som no er den nest største gruppa. Det er flest doktorandar med utanlandsk statsborgarskap innanfor teknologiske fag, medan medisin har lågast del.

Det europeiske forskingssamarbeidet er den viktigaste arenaen for å ta del i kunnskapsproduksjonen utanfor Noreg. Norske universitet og høgskolar deltek i over 500 prosjekt frå EUs sjuande rammeprogram. Frå oppstarten av sjuande rammeprogram i 2007 til mars 2014 har norske institusjonar fått tilslag på 19 pst. av om lag 2 700 søknader om støtte. I 2013 gav dette samla forskingsinntekter frå EU på 351 mill. kroner. Dette utgjorde 0,7 pst. av dei samla inntektene til dei statlege universitets- og høgskoleinstitusjonane i 2013, mot 0,5 pst. i 2006. Universitets- og høgskolesektoren stod for 29 pst. av Noregs deltaking i heile perioden. EU-prosjekta er i stor grad knytte til dei tre største universiteta, som står for 84 pst. av denne aktiviteten. Universiteta hentar klart mest midlar per faglege stilling frå EUs rammeprogram, jf. figur 4.9.

Figur 4.9 EU-tildeling per fagleg stilling 2006–13 (i 1 000 kroner)

Figur 4.9 EU-tildeling per fagleg stilling 2006–13 (i 1 000 kroner)

Kjelde: NSD DBH

Forskningsbarometeret frå 2013 viste at universitets- og høgskolesektoren i Noreg deltek lite samanlikna med universitets- og høgskolesektoren i Sverige, Danmark og Finland. Deltaking i Det europeiske forskingsrådet (ERC) er særleg viktig for universiteta. Noreg har med 41 stipend den lågaste deltakinga samanlikna med Sverige, Danmark og Finland.

Artiklar med forskarar frå fleire land blir siterte langt hyppigare enn andre artiklar. Denne typen artiklar har auka mykje i dei siste ti åra, noko som indikerer ein vekst i omfanget av internasjonalt forskingssamarbeid. Norske forskarar samarbeider mest med forskarar som ligg nær Noreg geografisk og kulturelt. Over tid har likevel sampubliseringa auka mest med Sør-Afrika og Kina.

Mål: Forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

Regjeringa har ambisjonar om at Noreg skal bli eit av dei mest innovative landa i Europa. Da treng vi utdanning, forsking, fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid som er i samspel med omverda og medverkar til nødvendig velferd, verdiskaping, omstilling og innovasjon, i både offentleg og privat sektor.

Behov for kompetanse i samfunnet

Behovet i samfunnet for utdanning og arbeidskraft blir påverka av endringar i teknologi, arbeidsmarknad og næringsstruktur. Framskrivingar frå Statistisk sentralbyrå (SSB) Forecasting demand and supply of labour by education (SSB 2013) viser at det kan oppstå mangel på lærarar og sjukepleiarar, og at det kan bli utdanna for mange i økonomi og administrasjon, samfunnsfag, juridiske fag og humanistiske og estetiske fag. Rapporten indikerer at det samla sett er tilstrekkeleg tilgang på teknologar og realistar fram mot 2030. Sjå omtale under programkategori 07.50 Vaksenopplæring m.m.

For å møte det framtidige behovet for arbeidskraft er utdanningskapasiteten i dei siste åra auka, særleg innanfor lærarutdanning, ingeniørutdanning og helsefag. Departementet vil følgje utviklinga nøye med omsyn til framtidig behov både nasjonalt og regionalt. Regjeringa legg vekt på at institusjonane samarbeider med arbeidslivet for å betre rekrutteringa der det er særskilte behov.

Doktorgradsutdanning er viktig for å tilføre alle delar av arbeidslivet høg kompetanse og på den måten utvikle kunnskapssamfunnet. Doktorgradsutdanninga er òg viktig for rekrutteringa til akademia. Etterspurnaden etter høgt utdanna arbeidskraft aukar både i og utanfor akademia. Noreg har satsa tungt på forskarrekruttering i dei siste åra. Den sterke satsinga gjer at Noreg no har passert Sverige og nærmar seg Finland målt i talet avlagde doktorgradar per million innbyggjarar. Alle dei nordiske landa har i internasjonal samanheng eit høgt volum på doktorgradsproduksjonen.

Samspel med omverda

Samspel mellom utdannings- og forskingsmiljø og arbeids- og næringsliv er avgjerande for at utdanna kandidatar og forskingsresultat skal bidra til auka innovasjon og omstillingsevne i private bedrifter og offentleg sektor.

Rapporteringa frå universiteta og høgskolane viser at institusjonane har eit omfattande samarbeid med andre aktørar når det gjeld utdanning og forsking. Særleg er kontakten tett med yrkesfeltet i utdanningane med praksis som del av undervisninga. Innanfor helse- og sosialfaga er samarbeidet mellom utdanning og arbeidsliv styrkt i dei seinare åra, mellom anna gjennom nasjonale samarbeidsorgan. Det gir gode arenaer for å drøfte kva slags kompetanse vi treng i framtida. Når det gjeld regional utvikling, FoU-prosjekt og etter- og vidareutdanning, er aktiviteten høg. Det har vore ei god utvikling i sektoren på dette området i dei siste åra.

Institusjonane har etablert Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA). Gjennom kontakt med arbeids- og næringsliv blir utdanningane tilpassa behova i samfunnet, samtidig som ny kunnskap og nye idear kjem inn i arbeidslivet gjennom forskingssamarbeid. I dei siste åra har Kunnskapsdepartementet lagt meir vekt på tiltak som kan styrkje relevansen i utdanningane og forskinga og skape betre kunnskapsdeling mellom utdannings- og forskingssektoren og samfunnet.

Synleggjering av forsking og formidling av forskingsresultat i tradisjonelle kanalar og i nye medium er avgjerande for å nå ut til eit breitt publikum og mellom anna påverke samfunnsdebatten. Forskingsinformasjonssystemet CRIStin er etablert for mellom anna å samle informasjon om formidlingsbidrag i universitets- og høgskolesektoren.

Open tilgang til vitskaplege artiklar medverkar til at resultata av forsking blir formidla og er tilgjengelege for alle. Talet på ope tilgjengelege artiklar stig stadig, men det er framleis lågare enn potensialet og måla regjeringa har sett. Sjå omtale under kap. 260.

Formidling gjennom utstillingar er ein nøkkelfunksjon for universitetsmusea. Tala på besøkjande er ein viktig indikator på interessa i befolkninga for samlingane. Universitetsmusea hadde over 1,5 mill. besøkjande i 2013, og talet har vore stabilt i dei siste åra. Digitalisering av samlingane gjer dei lettare tilgjengelege for forsking og formidling. Digitaliseringa aukar, men musea har framleis store samlingar som ikkje er digitaliserte, og langt frå alt som er digitalisert, er tilgjengeleg på Internett. Den strategiske FoU-satsinga for musea har medverka til eit betydeleg samarbeid mellom musea og auka forskingsaktiviteten. Sjå omtale under kap. 260 og kap. 281 post 50.

Rapporten Produktivt samspill? Forsknings- og innovasjonssamarbeid mellom næringsliv og FoU-miljøer (NIFU 2012) viser til at publikasjonar, doktorgradar og andre faglege resultat er dei viktigaste resultata av samarbeid mellom næringsliv og forskingssektoren. Samarbeid mellom kommunesektoren og universitets- og høgskolesektoren medverkar til meir relevante utdanningar, auka fagkompetanse i kommunane og i enkelte tilfelle til nyskaping og innovasjon gjennom utvikling og bruk av nye produkt eller arbeidsformer.

Nærings-ph.d.-ordninga er ei ordinær doktorgradsutdanning som blir gjennomført medan kandidaten er tilsett i ei verksemd utanfor forskingssektoren. Forskinga skal ha klar relevans for verksemda. Sidan oppstarten i 2008 har totalt 190 ph.d.-prosjekt motteke støtte frå ordninga. Av desse prosjekta er 14 brote. Kjennskapen til og interessa for ordninga har auka mykje i dei siste åra. Rapporten Langsiktig kunnskapsutvikling på næringslivets premisser? Evaluering av Nærings-ph.d.-ordningen (NIFU 2013) viser at ordninga er ein suksess for å stimulere til forsking i næringslivet og for å styrkje mobiliteten mellom næringslivet og forskingsmiljøa. Kompetansen til kandidatane er viktig for innovasjonskrafta i verksemdene og evna til å ta i bruk forsking.

Innovasjon og verdiskaping

Ifølgje EUs Innovation Scoreboard (IUS) er Noreg ein moderat innovatør. Noreg skårar langt dårlegare enn Sverige, Danmark og Finland, som alle er kategoriserte som innovasjonsleiande i 2014. Noko av forklaringa på dette ligg i den norske næringsstrukturen. Ei anna forklaring er at fleire av indikatorane blir målt i forhold til bruttonasjonalprodukt. IUS gir ei oversikt over forhold som har betydning for innovasjon, men samleindikatoren for den totale innovasjonsevna til landa bør brukast med atterhald. Noreg gjer det godt med omsyn til menneskelege ressursar, finansiering og entreprenørskap. Noreg utmerkjer seg med ein høg del internasjonalt samforfatta vitskaplege artiklar og ein høg del offentleg og privat sampublisering av vitskaplege artiklar. Noreg gjer det relativt sett dårleg på indikatorar relaterte til næringslivsinvesteringar og kommersialisering, slik som varemerke, design, sal av innovasjonar og lisens- og patentinntekter frå utlandet.

Universitets- og høgskolesektoren har hatt ei positiv utvikling i kommersialiseringsaktiviteten i dei siste åra. Det har vore vekst i talet på mellom anna lisensieringskontraktar og nye føretak i perioden 2007–13. I 2013 var talet på patentsøknader om lag det same som i 2010. Samstundes er samarbeid og samspel med samfunns- og arbeidsliv vanskeleg å fange opp i kvantitative indikatorar ettersom samarbeid omfattar mange ulike aktivitetar og former.

FORNY2020 er Forskingsrådets program for å stimulere til kommersialisering av forskingsresultat. Ein porteføljeanalyse av FORNY2020, Verdiskaping i forskningsbaserte selskaper og lisenser støttet av FORNYprogrammet (SIB 2013), peiker mellom anna på at kommersialisering er vorten ein meir integrert del av aktiviteten i forskingsmiljøa. Mykje tyder på at teknologioverføringskontora, Technology Transfer Office (TTO), som mottek finansiering frå FORNY2020, har medverka til denne utviklinga. TTO-ane er eit av dei viktigaste verkemidla universitets- og høgskolesektoren har for kommersialisering. NIFU evaluerer verkemiddelapparatet for kommersialisering av offentleg finansiert forsking, mellom anna TTO-systemet og rolla til høgskolane i regional utvikling og innovasjon. Ein sluttrapport er venta sommaren 2015.

Kartlegginga Entreprenørskapstilbud i høyere utdanning (NIFU 2014) viser at om lag 5 000 studentar deltok på ordinære entreprenørskapstilbod i høgre utdanning i 2013. Dette utgjorde mindre enn to pst. av studentmassen. Entreprenørskap dominerer framleis i fagområde som økonomi, administrasjon, naturvitskap og teknologi. Kartlegginga viser at ein må arbeide meir med entreprenørskap i mange utdanningar.

Profesjonsfag

Evalueringar frå mellom anna NOKUT har vist utfordringar med omsyn til kvalitet i lærarutdanning, barnehagelærarutdanning, sjukepleiarutdanning og ingeniørutdanning. Det er viktig å styrkje kvalitet, relevans, internasjonalisering og forsking i desse utdanningane og å tiltrekkje seg dyktige studentar. Evalueringane peiker òg på at mange fagmiljø er små og sårbare.

For å følgje opp faglege utfordringar som evalueringane har peikt på, har Kunnskapsdepartementet i dei siste åra mellom anna fastsett nye rammeplanar for lærarutdanningane, ingeniørutdanninga og barnehagelærarutdanninga. Ei tverrdepartemental arbeidsgruppe greier ut eit nytt system for styring av læringsutbytte i helse- og sosialfagutdanningane. Det er enno tidleg å vurdere effekten av dei nye rammeplanane, men vurderingane til følgjegruppa for grunnskolelærarutdanningane tyder på at praksisopplæringa er vorten betre, samarbeidet mellom lærarutdanningane og grunnskolane er styrkt, og undervisninga er vorten meir forskingsbasert.

Universiteta og høgskolane har arbeidd mykje for å styrkje samarbeidet med arbeidslivet i utdanningane. Departementet meiner at dette gradvis har medverka til at utdanningane blir betre tilpassa behov og utfordringar i arbeidslivet, men dette er eit område det òg framover er nødvendig å ha stor merksemd på. I samarbeid med Universitets- og høgskolerådet (UHR) er det etablert eit nasjonalt utviklingsprosjekt for å heve kvaliteten på og styrkje relevansen i dei eksterne praksisstudia i helse- og sosialfagutdanningane.

Tal frå Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) viser at gjennomføringa på normert tid er lågare i ingeniørutdanninga enn i dei andre utdanningane. For å medverke til betre gjennomstrøyming i ingeniørutdanninga finansierer departementet eit fleirårig prosjekt som UHR administrerer. Målet er å få kunnskap om tiltak som kan nyttast mot ulike studentgrupper for å medverke til betre studiekvalitet og raskare gjennomstrøyming.

Studiebarometeret til NOKUT viser at studentane i barnehagelærar- og sjukepleiarutdanningane er mest nøgde med studia. Studentane i lærarutdanningane bruker i gjennomsnitt 25 timer på studiet, mens studentane i ingeniørutdanningane bruker 33 timer. Studieinnsatsen varierer mellom institusjonar og enkeltpersonar, men tala viser at det særleg i lærarutdanningane er rom for å ha høgre faglege forventningar til studentane.

Evalueringar frå NOKUT og Forskingsrådet viser at FoU-kompetansen i fleire av profesjonsfaga og evna til å nytte relevant forsking i undervisninga bør styrkjast. Publiseringsvolumet varierer mykje mellom profesjonsfaga. Delen fagleg tilsette med førstestillingskompetanse varierer òg mykje. Eigne program for profesjonsfag i Forskingsrådet skal medverke til å auke kvaliteten i forskinga på dei aktuelle fagområda og betre samanhengen mellom forsking, utdanning og behovet til brukarane. Fleire institusjonar har gått saman om å danne eigne forskarskolar innanfor dei ulike profesjonsutdanningane. I 2014 har universiteta i Stavanger, Agder og Nordland etablert ein praksisnær og tverrprofesjonell forskarskole for helse, velferd og utdanning.

Mål: God tilgang til utdanning

Regjeringa vil at alle skal ha tilgang og høve til å ta høgre utdanning, uavhengig av kjønn, etnisitet, sosial og økonomisk bakgrunn og bustad. Utdanningstilbodet skal leggje til rette for god tilgang til nødvendig arbeidskraft og kompetanse over heile landet. Livslang læring er viktig for å leggje til rette for nødvendig omstilling og fornying for den einskilde og for samfunns- og arbeidslivet.

Studenten

I Noreg har 38 pst. av befolkninga mellom 25 år og 64 år høgre utdanning. Det er tiande plass av OECD-landa. Tal frå Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) viser at det i 2013 var registrert om lag 245 000 studentar ved norske universitet og høgskolar. Studenttalet har auka med 21 pst. sidan 2007. I 2013 var om lag halvparten av studentane registrerte på eit bachelorprogram og 16 pst. på eit mastergradsprogram. 34 pst. av studentane er registrerte på ulike kortare studieprogram eller årskurs.

På grunn av betre opptakskapasitet har veksten i talet på kandidatar auka markant i dei siste åra. 4 851 fleire kandidatar vart uteksaminerte i 2013 enn i 2010.

Talet på søkjarar til høgre utdanning er på eit nytt rekordnivå i 2014, med om lag 120 000 søkjarar. Det har dermed auka med 28 pst. sidan 2008. Nasjonalt kan veksten i søkjartala forklarast med at ungdomskulla har vorte større, og med auka studietilbøyelegheit. Delen 19-åringar som tek høgre utdanning, har auka i dei siste åra, frå 17,8 pst. i 2009 til 20,5 pst. i 2013.

76 pst. av unge vaksne i Noreg vil truleg ta høgre utdanning. Dette er like under OECD-gjennomsnittet på 79 pst.

Noreg skil seg frå OECD-gjennomsnittet ved at fleire av dei nye studentane i Noreg tek helsefag og pedagogiske fag, og at færre tek matematiske, naturvitskaplege og teknologiske (MNT) fag. Samstundes har det i dei siste åra vore ein solid auke i talet på studentar innanfor MNT-fag i Noreg, så utviklinga går i riktig retning, jf. figur 4.10.

Figur 4.10 Utviklinga i talet på registrerte studentar per fagfelt 2004–131

Figur 4.10 Utviklinga i talet på registrerte studentar per fagfelt 2004–131

1 Fagfelta allmenne fag, primærnæringsfag, samferdsels- og tryggleiksfag og uoppgitt fagfelt er ikkje med i figuren.

Kjelde: NSD DBH

Dei vala av fag som norske studentar gjer, ber framleis preg av tradisjonelle kjønnsroller. Dette er særleg tydeleg i helse- og sosialfag, der delen menn berre er 20 pst., og i MNT-fag, der delen kvinner er 32 pst.

I 2013 hadde tolv pst. av studentane i Noreg innvandrarbakgrunn, ein auke frå åtte pst. sidan 2004. Ikkje-vestlege innvandrarar utgjorde nesten tre firedelar av desse. Naturvitskaplege og teknologiske fag er dei mest populære faga, der nær 15 pst. av studentane har innvandrarbakgrunn.

Fleksibel utdanning og livslang læring

Livslang læring er avgjerande for omstillingsevna til den einskilde og for å sikre at bedrifter og verksemder har tilsette med nødvendig kompetanse. Sjå programkategori 07.50 Vaksenopplæring m.m.

Fleksibel utdanning er tradisjonelt organisert som fjernundervisning og/eller desentralisert utdanning. Talet på studentar som nyttar seg av fleksible utdanningstilbod, har auka frå 12 000 studentar i 2006 til 16 500 studentar i 2013. Dette er ein vekst på nær 33 pst. og utgjer 6,7 pst. av studentmassen i 2013. Dei nye moglegheitene som digitale læringsressursar gir, har vore ei viktig årsak til denne veksten og vil òg gjere at omfanget av fleksibel utdanning vil auke i åra som kjem.

Det skjer i tillegg ei digitalisering av ordinær campusundervisning ved institusjonane. Dette gjeld mellom anna bruk av digitale læringsplattformer, førelesingar tilpassa podcast for mobil, eller læringsprogram og simuleringar som blir gjorde tilgjengelege på nettet.

Utviklinga av utdanningstilbod over Internett, mellom anna Massive Open Online Courses (MOOC), inneber nye utfordringar og moglegheiter for livslang læring. MOOC-utvalet la fram innstillinga MOOC til Norge. Nye digitale læringsformer i høyere utdanning (NOU 2014: 5) 16. juni 2014. Utvalet har fremt ei rekkje konkrete tiltak retta mot myndigheitene og institusjonane. Innstillinga er send ut til høyring. Utvalet meiner at digitaliseringa av høgre utdanning er kommen for kort og i liten grad er del av ein samla strategi ved universiteta og høgskolane. Utvalet meiner institusjonane bør utvikle og prøve ut MOOC i større grad enn det som førebels er gjort.

Studentvelferd

Kunnskapsdepartementet har gitt studentsamskipnadene samfunnsoppdraget med å yte god studentvelferd. Studentsamskipnadene mottek offentleg stønad gjennom fri stasjon, som til dømes gratis lokale frå utdanningsinstitusjonane, lovpålagd semesteravgift, tilskott til drift og tilskott til oppføring, kjøp og rehabilitering av studentbustader. Av dei mange tenestene til studentsamskipnaden er særleg studentbustader viktig. Studentsamskipnadene kan tilby bustader til om lag 16 pst. av studentane i Noreg. Det er stort behov for fleire studentbustader.

Det er i dag 22 studentsamskipnader. Departementet vil vurdere om dette er eit formålstenleg tal for å sikre god og likeverdig studentvelferd i heile landet. Departementet ser at større og meir solide einingar betre kan sikre kompetanse og god styring av studentvelferda. Departementet viser til kommande stortingsmelding om strukturen i høgre utdanning. Organiseringa av studentvelferda vil bli vurdert i samanheng med eventuelle endringar av strukturen i høgre utdanning.

Mål: Effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem

Ein effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem skal bidra til best mogleg måloppnåing på dei tre første måla for universitets- og høgskolesektoren. Universitet og høgskolar forvaltar ein betydeleg del av midlane til fellesskapet. Ressursane skal nyttast effektivt og til beste for samfunnet. Institusjonane skal utvikle profilen sin i tråd med styrkje og eigenart og medverke til ein differensiert sektor med høg kvalitet, som møter behova i samfunnet på ulike område, og som medverkar til at vi kan hevde oss internasjonalt.

Struktur i universitets- og høgskolesektoren

Departementet meiner det er eit stort potensial for betre kvalitet i høgre utdanning gjennom ein meir formålstenleg struktur med færre institusjonar og meir solide fagmiljø, og betre bruk av ressursar.

Det er i dag for mange små, spreidde og svake fagmiljø innanfor utdanning og forsking, og det er for mange studieprogram med få studentar. Dette inneber at ressursane og innsatsen blir spreidde for mykje. Mange fagmiljø tilbyr dei same utdanningane, og institusjonar opprettar studietilbod i konkurranse med kvarandre sjølv om rekrutteringsgrunnlaget er svakt.

Fleire institusjonar har i lang tid hatt utfordringar med å rekruttere studentar. Fleire institusjonar har ein eller færre kvalifiserte søkjarar per studieplass. Institusjonar med svikt i rekrutteringa har ikkje nødvendigvis konsentrert verksemda om utvalde område, men utvikla nye tilbod på lik linje med institusjonar utan rekrutteringsutfordringar. Det er lite som tyder på at det er samanheng mellom utviklinga i talet på studietilbod og talet på studentar. Departementet er uroa for den langsiktige berekrafta til fleire av institusjonane.

Det er ein tendens til at institusjonar med svak rekruttering har mange av studentane registrerte på studietilbod utanfor campus, medan institusjonar med god rekruttering har relativt færre studentar på slike studietilbod. Departementet er uroleg for kvaliteten på fleire av studietilboda utanfor campus, som blir tilbydde i samarbeid med private aktørar i utlandet.

I dag er det over 200 doktorgradsprogram i Noreg. I 2013 fordelte dei avlagde doktorgradane seg på 21 institusjonar. 84 pst. av doktorgradane blir avlagde ved Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. Mange av doktorgradsprogramma ved dei statlege høgskolane er små og uteksaminerer få kandidatar, og mange slit med gjennomføringa. I perioden 2008–12 tok dei statlege høgskolane opp 374 ph.d.-kandidatar, men uteksaminerte berre 22 kandidatar i same periode. Departementet er uroa for om studentane i dei små doktorgradsprogramma er del av eit solid fagmiljø.

I perioden 2010–14 har Kunnskapsdepartementet årleg tildelt 50 mill. kroner til samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon (SAK). I dei siste åra er hovuddelen av midlane til SAK fordelte til større fusjonsprosessar. Midlane har òg medverka til fagleg og administrativt samarbeid på tvers av institusjonar. Rapporteringa frå institusjonane viser meir samarbeid dei imellom. Det er likevel framleis utfordringar med å skape betre arbeidsdeling og større grad av fagleg konsentrasjon. Regjeringa meiner utviklinga har gått i riktig retning, men at det i tillegg til SAK er behov for meir omfattande strukturendringar og samanslåingar (SAKS) i universitets- og høgskolesektoren.

Leiing og organisering

Universiteta og høgskolane forvaltar store ressursar for fellesskapet. Det krev eit aktivt og godt leiarskap ved institusjonane for å forvalte ressursane effektivt og sørgje for høg kvalitet i forsking, utdanning og formidling.

Styra ved universiteta og høgskolane skal gjere strategiske val og prioriteringar og er ansvarlege for å nå mål og oppnå resultat. Institusjonane vel sjølve styringsordning og organisering innanfor rammene til universitets- og høgskolelova. Institusjonane har ansvar for at styringsordninga er mest mogleg tenleg for å nå måla for institusjonane

Det er i den siste tida større merksemd på styring og leiing av institusjonane i sektoren. Departementet meiner at det har vore ei positiv utvikling, og at det i dag blir lagt meir vekt på godt styrearbeid og profesjonell leiing. Styra har òg større merksemd på utvikling av strategiar og mål for institusjonane. Departementet meiner likevel at styra bør bli flinkare til å bruke handlingsrommet. Departementet føreset at institusjonane vurderer si eiga styringsordning.

Økonomi og effektiv forvaltning

Inntektene til statlege universitet og høgskolar har auka frå om lag 22 mrd. kroner til om lag 36 mrd. kroner i perioden 2004–13, ein nominell vekst på 63 pst. Auken gjeld i hovudsak løyvingar. Medrekna dei private høgskolane som får statstilskott, er inntektene over 37 mrd. kroner i 2013. 77 pst. av driftsinntektene er løyvingar.

Lønnskostnadene er den største utgiftsposten til universitet og høgskolar og var på 23,5 mrd. kroner i 2013, ein auke på 5,2 pst. frå året før. Lønnskostnadene har i dei siste åra stige meir enn den gjennomsnittlege prisauken. Lønnskostnader utgjer dermed ein stadig større del av dei samla kostnadene til institusjonane.

Universitet og statlege høgskolar har fullmakt til å overføre midlar mellom budsjettåra. Avsetningane gjer at institusjonane kan planleggje å gjennomføre strategiske tiltak og investeringar i eit fleirårig perspektiv. Ved utgangen av 2013 var dei akkumulerte avsetningane knytte til løyvingane frå Kunnskapsdepartementet 2,9 mrd. kroner, det vil seie 10,7 pst. av den årlege løyvinga. Det er ein auke frå 1,4 mrd. kroner i 2008. Samstundes har òg løyvinga auka, og som del av løyvinga har avsetninga stabilisert seg. Om lag 60 pst. av avsetningane over budsjettet til Kunnskapsdepartementet er knytte til strategiske formål og større investeringar. Om lag 40 pst. av avsetningane gjeld utsett verksemd. Nivået på utsett verksemd har vore stabilt sidan 2010. Samla verksemdskapital utgjer i gjennomsnitt tre pst. av løyvinga ved utgangen av 2013.

Ein del institusjonar har små administrative miljø og dermed sårbare administrasjonar, noko som inneber ein risiko for dårleg kvalitet på forvaltninga. Det er i dei seinare åra etablert og utvikla gode arenaer og nettverk for administrativt samarbeid i sektoren. Dette er ei utvikling som departementet har støtta, og som har vore ein viktig føresetnad for etableringa av felles systemløysingar, standardisering av det administrative rammeverket og for etablering av felles praksis.

Digitalisering

Utvikling og utnytting av IKT-infrastruktur i universitets- og høgskolesektoren medverkar til betre resultat i tenesteytinga, forenkling og effektivisering av den administrative forvaltninga og til å utvikle moderne og attraktive arbeidsplassar i sektoren. Digitale løysingar blir i stadig større grad tekne i bruk i undervisninga, forskinga og kunnskapsformidlinga og betrar mellom anna tilgangen til tenestene og kunnskapen i sektoren. På det administrative området skjer stadig meir av dialogen mellom institusjonane og brukarane på ei digital plattform, noko som medverkar til betre service for den einskilde brukar. Saman med at ein stadig større del av den administrative sakshandsaminga blir løyst på ei digital plattform, skaper dette ei tryggare og meir effektiv forvaltning.

Den kraftige veksten i informasjon og tilgang på informasjon gjennom digitaliseringa skaper forvaltningsmessige utfordringar. Særleg gjeld dette informasjonstryggleiken og trusselen om cyberangrep. Det er derfor etablert eit sekretariat for informasjonstryggleik i UNINETT og eit nettverk av dei ansvarlege for informasjonstryggleiken i institusjonane. Dei største institusjonane er no på eit akseptabelt nivå, men det står framleis att mykje arbeid på dette området.

Kompetanse, rekruttering og karriere

Kompetansen til personalet i universitets- og høgskolesektoren er avgjerande for kvalitet i utdanning og forsking.

Universiteta og høgskolane har stor fridom i utvikling av personalpolitikken, men departementet føreset at leiinga ved institusjonane legg til rette for eit godt arbeidsmiljø, gode karrierevegar og opne rekrutteringsprosessar, i tråd med det europeiske Charter and Code for Researchers. Til no har 15 institusjonar signert retningslinjene for rekruttering og arbeidstilhøve for fagleg personale.

Talet på tilsette i universitets- og høgskolesektoren har stige med 21 pst. i dei siste ti åra. Dette heng saman med fleire oppgåver som følgje av fleire studentar og stipendiatar.

Heving av kompetansen til dei fagleg tilsette kan føre til at institusjonane kan løyse oppgåvene på ein betre måte. Frå 2003 til 2013 auka delen førstestillingar i sektoren frå 57 pst. til 68 pst. Årsaka til dette er særleg kompetanseheving ved høgskolane. Dette har styrkt føresetnadene til høgskolane for å drive forskingsbasert undervisning. I dei siste åra er det likevel ein tendens til at veksten i delen førstestillingar i sektoren flatar ut.

Kjønnsbalansen varierer mykje mellom dei ulike stillingsgruppene og fagområda, og kvinnedelen i faglege stillingar minkar med stigande stillingsnivå. Over halvparten av universitets- og høgskolelektorane, stipendiatane og førstelektorane er kvinner, mot berre 25 pst. av professorane. I perioden 2008–13 auka delen kvinner blant dei nytilsette professorane i sektoren frå 31 pst. til 33 pst. Delen kvinner er lågast i teknologiske fag og høgst i medisin og helsefag. Det er eit mål å betre kjønnsbalansen i toppstillingane. Sjå omtalen under del III kap. 8 Likestilling og arbeid mot diskriminering.

Universitets- og høgskolesektoren har noko høgre del mellombels tilsette enn andre sektorar. Det heng saman med mange tilsette på tidsavgrensa ekstern finansiering, og at det er mogleg å tilsette mellombels på kvalifikasjonsvilkår. Delen tilsette i mellombelse stillingar er noko redusert i dei siste åra og var 16 pst. i 2013. Størst er delen mellombelse stillingar i undervisnings- og forskarstillingar.

Bygg og infrastruktur

Nybygg, oppgradering av eksisterande bygg og oppdatert utstyr er viktig for å kunne tilby utdanning og forsking av høg internasjonal kvalitet og for å skape gode studie- og arbeidsvilkår.

Universitets- og høgskolesektoren disponerer eit samla areal på 3,4 mill. kvm. Areala som er eigde og forvalta av institusjonane sjølve, utgjer over halvparten av dette. Resterande areal er leigde av Statsbygg eller private. Universiteta og høgskolane er den største leigetakaren til Statsbygg, med om lag 34 pst. av den samla eigedomsmassen til Statsbygg. I perioden 2004–13 hadde dei sjølvforvaltande institusjonane ein arealauke på 11,9 pst. I same periode har areal leigde av Statsbygg og private auka med høvesvis 7,4 pst. og 26,7 pst. Private leigeavtalar må i hovudsak finansierast av institusjonane. Tala viser at institusjonane i stor grad har dekt auka arealbehov innanfor sine eigne rammer. Det auka arealbehovet skriv seg mellom anna frå kraftig vekst i studenttalet.

Eigedomsmassen og husleige utgjer ein stor kostnad for universiteta og høgskolane. For dei statlege høgskolane utgjer husleige 16 pst. av den årlege rammeløyvinga, medan dei sjølvforvaltande institusjonane brukte tolv pst. av årleg løyving til husleige, vedlikehald og oppgradering. Dei sjølvforvaltande institusjonane har etablert interne husleigeordningar som skal sikre rasjonell og effektiv arealbruk.

Den største utfordringa ligg framleis i storleiken på investeringsbehova til fornying og rehabilitering av bygningsmassen frå 1950- og 60-åra, inkludert universitetsmusea. Desse areala er i all hovudsak eigde av dei sjølvforvaltande institusjonane. I åra framover vil det bli krevjande å halde oppe verdien av desse eigedommane. Stortinget behandla i 2013 ei undersøking frå Riksrevisjonen av den forvaltninga staten har av eigedomsmassen ved universitet og høgskolar, jf. Innst. 230 S (2012–2013) og Dokument 3:4 (2012–2013). Riksrevisjonen peiker på at to tredelar av eigedomsmassen i sektoren har god teknisk stand, men at den resterande delen har middels kraftige eller kraftige indikasjonar på dårleg teknisk stand.

Det er behov for modernisering av utstyrsparken ved universitet og høgskolar. Dette omfattar utstyr til undervisning, vitskapleg utstyr, avanserte laboratorium og anna tung infrastruktur. Nytt utstyr er nødvendig for å skape gode utdanningar og attraktive forskingsmiljø, som kan hevde seg internasjonalt og løyse samfunnsutfordringar.

For at profesjonsutdanningane skal vere relevante, er det avgjerande at studentane møter det same utstyret i studiesituasjonen som i arbeidslivet. Evalueringar frå NOKUT viser at det er behov for fornying av utstyr ved mellom anna sjukepleiar- og ingeniørutdanningane.

Strategiar og tiltak

Tilstandsvurderinga av universitets- og høgskolesektoren viser at det er fleire positive utviklingstrekk, men òg at det er behov for forbetring på viktige område for å auke kvaliteten i høgre utdanning og forsking. I det følgjande blir det gjort greie for korleis regjeringa vil arbeide framover for å nå måla for høgre utdanning og forsking.

Langtidsplan for forsking og høgre utdanning

Regjeringa legg saman med Prop. 1 S (2014–2015) fram ein langtidsplan for forsking og høgre utdanning, Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024. Langtidsplanen vil styrkje føresetnadene for å gjere dei langsiktige og strategiske prioriteringane som er viktige for å oppnå høg kvalitet. Regjeringa vil prioritere forsking og utdanning som gir Noreg nødvendig konkurransekraft og verdiskaping, og som kan løyse store samfunnsutfordringar. Ei av dei seks prioriteringane i langtidsplanen er utvikling av verdsleiande utdannings- og forskingsmiljø. Sjå omtale under programkategori 07.70 Forsking.

Verdsleiande utdannings- og forskingsmiljø

Regjeringa vil prioritere å utvikle fleire framifrå fagmiljø innanfor høgre utdanning og forsking. Derfor foreslår Kunnskapsdepartementet midlar til rekruttering av forskarar som er internasjonalt leiande innanfor eige felt. Målet om toppkvalitet er avhengig av ein god rekrutteringspraksis ved institusjonane og kan sjåast i samanheng med prøveordninga for innstegsstillingar.

Departementet foreslår òg midlar for å utvikle vidare det etablerte utdannings- og forskingssamarbeidet mellom Universitetet i Oslo, Simula Research Laboratory (Simula) og University of California, San Diego (UCSD). Det strukturerte samarbeidet mellom Simula og det verdsleiande miljøet i USA vil gi norske forskarar og studentar høve til å møte dei mest framifrå forskarane i verda og er ein samarbeidsmodell som òg andre institusjonar bør lære av. For å stimulere mellom anna til meir institusjonssamarbeid av denne typen foreslår departementet midlar til eit partnarskapsprogram for forsking og høgre utdanning med prioriterte land utanfor EU. Sjå omtale under programkategori 07.70 Forsking.

Horisont 2020 og Erasmus+

Regjeringa har sett som mål at Noreg skal auke returen frå EUs forskingsprogram frå 1,7 pst. av dei tilgjengelege midlane i sjuande rammeprogram til to pst. i Horisont 2020. Det er forventa at ein stor del av veksten vil komme frå universitets- og høgskolesektoren. Regjeringa har lansert ein nasjonal strategi for forskings- og innovasjonssamarbeidet med EU som fremmer ei rekkje tiltak for auka deltaking. Auka deltaking i Horisont 2020 vil òg vere eit viktig verkemiddel for å nå andre mål for høgre utdanning og forsking. Departementet vil følgje opp at universiteta og høgskolane formulerer mål, strategiar og tiltak for EU-samarbeid. Sjå omtale under programkategori 07.70 Forsking.

Erasmus+ er EUs nye integrerte program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett. Innanfor høgre utdanning omfattar programmet òg samarbeid med land utanfor EU- og EØS-området. Budsjettet til Erasmus+ er auka med rundt 40 pst. samanlikna med tidlegare utdannings- og ungdomsprogram. Departementet vil følgje opp at institusjonane styrkjer aktivitetane i Erasmus+, ikkje berre når det gjeld student- og lærarutveksling, men òg i samband med innovative prosjekt. Sjå omtale under programkategori 07.50 Vaksenopplæring m.m.

Kompetanse, rekruttering og karriere

Høgt kvalifisert personale er ein føresetnad for å utvikle leiande fagmiljø i universitets- og høgskolesektoren. Departementet ønskjer å styrkje dei moglegheitene institusjonane har til å utvikle gode fagmiljø og gode karrierevegar for personalet. Unge kandidatar må få nødvendig kompetanse for å delta i ulike roller i internasjonal forsking.

Hovudansvaret for kompetanseutvikling, rekruttering og karriere ligg hos institusjonane, men regjeringa arbeider no med fleire ulike tiltak. Stortinget vedtok i juni 2014 ei prøveordning med innstegsstillingar, og departementet arbeider no med ei forskrift. Innstegsstillinga skal vere eit verkemiddel for å tiltrekkje internasjonalt dyktige kandidatar og gi dei attraktive vilkår for fagleg utvikling, med moglegheit for fast tilsetjing. Departementet vurderer forskrifta om tilsetjing og opprykk i undervisningsstillingar og anna regelverk for å tydeleggjere forventningane til det faglege personalet, men òg merkbart redusere delen mellombels tilsette.

Lærarutdanning

Lærerløftet til regjeringa inneheld fleire tiltak for å styrkje lærarrolla og lærarutdanninga. Regjeringa vil fremme forslag om nye kompetansekrav for lærarar som underviser i matematikk, norsk og engelsk i grunnskolen. Denne endringa gjer det nødvendig å auke kapasiteten i vidareutdanningstilbodet, sjå omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa. Grunnskolelærarutdanningane skal bli femårige. Det blir arbeidd med sikte på å innføre dei nye mastergradsutdanningane frå 2017. Det vil medføre skjerpa krav til kompetansen til personalet og forventningar om høgre ambisjonsnivå i utdanningane. Regjeringa vil frå 2016 skjerpe opptakskrava til grunnskolelærarutdanningane og lektorutdanninga til karakteren fire i matematikk frå vidaregåande opplæring.

Gjennomgang av finansieringa av universitet og høgskolar

Kunnskapsdepartementet har sett ned ei ekspertgruppe til å gå gjennom finansieringa av universitet og høgskolar. Ekspertgruppa skal vurdere korleis finansieringa i dag påverkar prioriteringane til institusjonane og dei samla resultata i sektoren, og komme med tilrådingar om korleis universitet og høgskolar bør finansierast i framtida. I vurderinga av ny finansieringsmodell skal ekspertgruppa mellom anna leggje vekt på heving av kvaliteten i utdanning og forsking, relevans for samfunns- og arbeidsliv og støtte opp om arbeidet for at nokre fagmiljø blir verdsleiande. Ekspertgruppa skal levere ein rapport ved årsskiftet 2014/15.

Struktur i universitets- og høgskolesektoren

Regjeringa meiner at strukturen i universitets- og høgskolesektoren ikkje er tilpassa ambisjonane om at Noreg skal vere ein leiande kunnskapsnasjon. Det er nødvendig med ein mindre fragmentert sektor med meir samla bruk av ressursane til forsking og utdanning. Regjeringa tar derfor sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om strukturen i norsk høgre utdanning i 2015.

Målet med stortingsmeldinga er å heve kvaliteten i utdanning og forsking, fremme solide fagmiljø og ein sektor som utnyttar ressursane meir effektivt. Derfor ønskjer regjeringa å etablere ein struktur med færre og sterkare institusjonar.

Departementet foreslår å auke løyvinga for å stimulere til samarbeid, arbeidsdeling, konsentrasjon og samanslåingar i universitets- og høgskolesektoren. Sjå omtale under kap. 260.

MNT- og profesjonsfag

Kunnskapsdepartementet vil utvikle ein ny strategi for forsterka satsing på realfaga i opplæringa. Sjå omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Regjeringa vil utarbeide ein ny maritim strategi for å leggje til rette for at næringa er konkurransedyktig og har evne til å omstille seg. Strategien vil òg omfatte utdanning, forsking og innovasjon og vil bli lagd fram i løpet av 2015.

Departementet samarbeider med relevante aktørar for å følgje opp Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd. Dette gjeld mellom anna styrking av kvalitet og relevans i dei eksterne praksisstudia i utdanninga og utgreiing av eit nytt system for styring av læringsutbyttet i helse- og sosialfaga.

Kunnskapsdepartementet tildelte i budsjettet for 2014 midlar til nye rekrutteringsstillingar i matematiske, naturvitskaplege og teknologiske (MNT) fag og profesjonsfag. I budsjettet for 2015 foreslår departementet midlar til fleire nye rekrutteringsstillingar i helse- og sosialfag, lærarutdanning og ingeniørutdanning. Sjå omtale under kap. 260.

Kunnskapsgrunnlag

Kunnskapsgrunnlaget for kva som er god kvalitet i høgre utdanning, er i ferd med å bli betre og vil bli styrkt i dei kommande åra. Departementet har sett i gang ei treårig (2014–16) forskingsbasert evaluering av utdanningskvaliteten i regi av Forskingsrådet. Evalueringa vil gi meir kunnskap om utdanningsleiing, kvalitetsarbeid, studieprogram og oppfølging av studentane. Departementet har òg sett ut eit forskingsoppdrag for å få forslag til nye indikatorar på utdanningskvalitet. Departementet vil leggje vekt på internasjonale studiar og samanlikningar for å styrkje komparative vurderingar av kvaliteten i norsk høgre utdanning.

Departementet vil framover leggje vekt på sykliske spørjeundersøkingar for å få samanliknbar informasjon over tid. Særleg aktuelt er det med undersøkingar blant fagleg personale i sektoren, doktorgradskandidatar og arbeidsgivarar. Departementet vil òg gjennomføre eit kartleggings- og analyseprosjekt for implementering av kvalifikasjonsrammeverket og eit forskingsprosjekt om FoU i profesjonsfaga.

Erfaringar frå prosessen rundt utveljing av nye senter for framifrå utdanning (SFU) tyder på at fagfellevurderingar medverkar til å styrkje kvalitetsarbeidet til fagmiljøa. Departementet har hausten 2014 gitt Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) i oppdrag å utvikle ein eigna metode for fagfellevurderingar av studietilbod og å setje i gang ein pilot for utprøving av dette.

Departementet ønskjer å utvikle ein metode for felles evaluering av fagmiljø, der både forskings- og utviklingsarbeidet og utdanningsverksemda blir evaluerte i samanheng. Departementet har derfor hausten 2014 gitt Forskingsrådet og NOKUT i oppdrag å samarbeide om ei pilotevaluering av eit fagmiljø.

Det er i dag inga systematisk samanlikning av kunnskapsnivået hos studentane innanfor ulike fag på tvers av institusjonar. Det kan vere nyttig med slik kunnskap innanfor einskilde fag for å sikre og betre kvaliteten på utdanninga. Departementet har gitt NOKUT i oppdrag å utvikle og gjennomføre nasjonale deleksamenar innanfor nokre utvalde profesjonsutdanningar.

Departementet har varsla ein meir liberal praksis når det gjeld å fastsetje særskilde opptakskrav utover generell studiekompetanse. Det vil gi utdanningsinstitusjonane betre rom for å sikre at studentane har dei rette forkunnskapane.

NOKUT

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) arbeider med å revidere modellen for tilsyn med høgre utdanning. Målet er at den nye modellen skal vere meir fleksibel og medverke til at NOKUT kan gjere meir risikobasert tilsyn i sektoren. Eit nytt IKT-system skal stå ferdig i 2016 og vil effektivisere verksemda til NOKUT og hjelpe til med å samle meir og betre informasjon om utdanningskvaliteten. Sjå omtale under kap. 280 post 01 og kap. 281 post 01.

Studentvelferd

God studentvelferd er viktig for studentane for å gjennomføre studia og kan vere avgjerande for å kunne ta høgre utdanning. Dette gjeld særleg høvet til å få ein rimeleg bustad. Regjeringa har derfor sett seg som mål å byggje fleire studentbustader og forenkle regelverket slik at fleire studentbustader kan bli oppførte. Departementet foreslår at det blir løyvt midlar til bygging av om lag 1 500 nye hybeleiningar i 2015. Sjå omtale under kap. 270 post 75.

Digitalisering av høgre utdanning

Departementet vil på bakgrunn av høyringssvar vurdere forslaga i MOOC til Norge. Nye digitale læringsformer i høyere utdanning (NOU 2014: 5). Departementet meiner den teknologiske utviklinga kan medføre auka kvalitet i utdanninga og betre tilgangen til høgre utdanning i heile landet. Departementet vil vurdere desse moglegheitene, mellom anna i samband med stortingsmeldinga om strukturen i høgre utdanning. Sjå omtale under kap. 260.

Studieavgift for studentar utanfor EØS-området

Regjeringa foreslår at statlege universitet og høgskolar får høve til å krevje studieavgift for studentar frå land utanfor EØS-området og Sveits frå og med haustsemesteret 2015. Departementet vil leggje fram eit lovforslag for å gjere det mogleg for institusjonane å krevje studieavgift. Forslaget vil bli sendt ut til høyring hausten 2014. Det er ikkje aktuelt for regjeringa å opne for studieavgift for norske studentar eller studentar frå EØS-området og Sveits. Sjå omtale under kap. 260.

Bygg og utstyr

Langtidsplanen for forsking og høgre utdanning, Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024, legg vekt på investeringar i bygg og utstyr for universitet og høgskolar. Moderne og funksjonelle bygg med tidsriktig utstyr er ein vesentleg føresetnad for at undervisnings- og forskingsmiljøa kan nå måla i langtidsplanen om å utvikle fagmiljø av framifrå kvalitet, løyse samfunnsutfordringar, skape konkurransekraft og innovasjonsevne.

Langtidsplanen skal bidra til å gjere investeringane meir føreseielege. Regjeringa viser derfor særskilt til to større satsingar på forskingsretta byggjeprosjekt: eit nytt bygg for livsvitskap, kjemi og farmasi ved Universitetet i Oslo og oppgradering av Marinteknisk senter i Trondheim, Ocean Space Centre.

Departementet legg vekt på godt vedlikehald og oppgradering av eigedomsmassen ved universitet og høgskolar. Departementet og institusjonane arbeider òg med å bringe fram nye prosjekt som skal dekkje sentrale behov for bygg og fasilitetar i sektoren. Fleire prosjekt er under bygging, andre er under planlegging og prosjektering.

Riksrevisjonens undersøking av forvaltninga av statleg eigedomsmasse peiker på at 40 pst. av bygningsmassen ved dei sjølvforvaltande universiteta er i dårleg stand. Departementet har i dei siste åra gitt tydelege signal i styringsdialogen og i tildelingsbreva til institusjonane om forventningane til eigedomsforvaltninga i sektoren. Institusjonane arbeider kontinuerleg med å utvikle og forbetre styringsdata og planverk for forvaltning, drift og vedlikehald av bygnings- og eigedomsmassen. Departementet har starta arbeidet med ei evaluering av internhusleigeordninga ved dei sjølvforvaltande institusjonane og tek sikte på at den blir stilt ferdig i 2015.

Departementet foreslår løyvingar i 2015 til oppgradering av bygg ved dei universiteta som forvaltar sin eigen bygningsmasse. Regjeringa foreslår òg løyvingar til å føre vidare sju byggjeprosjekt i sektoren. To av desse, rehabiliteringa av Urbygninga ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og fase ein av universitetsmuseet ved Universitetet i Bergen, vil vere ferdige hausten 2015. Departementet foreslår òg midlar til utstyr i sjukepleiar- og ingeniørutdanningane.

Kunnskapsdepartementet vil i 2015 føre vidare prosjekteringa for eit nytt anlegg for livsvitskap, kjemi og farmasi og eit vikingtidsmuseum, begge ved Universitetet i Oslo. Vikingtidsmuseet skal byggjast i tilknytning til det eksisterande Vikingskiphuset på Bygdøy. Kunnskapsdepartementet har gjennomført ei konseptvalutgreiing om framtidig arealbehov ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Departementet og NTNU gjennomfører hausten 2014 tilleggsutgreiingar før ekstern kvalitetssikring (KS1). Prosjektet for utgreiing av eit nytt marinteknisk senter i Trondheim, Ocean Space Centre, gjekk gjennom KS1 i 2013. Regjeringa foreslår løyvingar i 2015 til vidare utgreiing. Sjå Prop. 1 S (2014–2015) for Nærings- og fiskeridepartementet. Konseptvalutgreiingane for Tromsø museum ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet og nye klinikkfasilitetar for Det odontologiske fakultet ved Universitetet i Oslo gjennomgår høvesvis KS1 og vidare utgreiing.

Fagskoleutvalet

Kunnskapsdepartementet har i 2013 nemnt opp eit offentleg utval som skal vurdere rolla og plassen til fagskoleutdanninga i utdanningslandskapet og sett i høve til arbeidslivet. Utvalet skal leggje fram ein NOU innan utgangen av 2014. Sjå omtale under kap. 276.

Kap. 260 Universitet og høgskolar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

50

Statlege universitet og høgskolar

26 460 584

28 148 145

29 689 399

70

Private høgskolar

1 087 015

1 141 772

1 222 872

Sum kap. 0260

27 547 599

29 289 917

30 912 271

Post 50 Statlege universitet og høgskolar og post 70 Private høgskolar

Mål for 2015

Kunnskapsdepartementet har i 2014 revidert målstrukturen for universitet og høgskolar med sikte på tydeleggjering og forenkling. Dei nye måla er

  • høg kvalitet i utdanning og forsking

  • forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

  • god tilgang til utdanning

  • effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem

Alle universitet og høgskolar som får tildeling eller tilskott frå Kunnskapsdepartementet, skal bidra til å nå desse måla. Måla er nærmare omtalte i kategoriomtalen.

Hovudtrekka frå revisjonen av målstrukturen frå 2012, der statlege universitet og høgskolar fekk delegert myndigheit til å setje eigne verksemdsmål innanfor sektormåla, ligg fast. Som del av målstrukturen set departementet nasjonale styringsparametrar på område der institusjonane skal ha særskilt merksemd på resultatutviklinga innanfor kvart sektormål.

Departementet legg til grunn at sektormåla skal vere langsiktige og gi ei stabil ramme, som institusjonane kan utvikle eigne strategiar og planar innanfor.

Rapport for 2013

Stortinget løyvde til saman 27,5 mrd. kroner til universitet og høgskolar i 2013 over kap. 260 post 50 og 70. Nedanfor følgjer oversyn over resultata av den totale løyvinga til sektoren, innanfor dei fem sektormåla, som var gjeldande for 2013.

Mål: Universitet og høgskolar skal gi utdanning av høg internasjonal kvalitet i samsvar med behov i samfunnet

Kapasitet

Det var om lag 117 000 søkjarar til høgre utdanning gjennom Samordna opptak (SO) i 2013. Det er ein auke på 1,2 pst. frå 2012. Lærestader i og nær dei store byane hadde flest og best kvalifiserte søkjarar. I tillegg var det ein auke i talet på søkjarar gjennom lokale opptak.

Ifølgje tal frå Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) var det hausten 2013 registrert 245 000 studentar ved statlege og private høgre utdanningsinstitusjonar. Det er ein auke på 5 700 studentar frå 2012.

Talet på uteksaminerte kandidatar har òg auka. I 2013 vart om lag 37 400 kandidatar uteksaminerte, noko som er 1 200 fleire kandidatar enn året før. Dei tre fagområda med flest kandidatar i 2013 var økonomisk og administrativ utdanning, samfunnsvitskapleg utdanning og sjukepleiarutdanning. Fleirtalet av bachelorkandidatane blir uteksaminerte frå høgskolane, medan fleirtalet av mastergradskandidatane blir uteksaminerte frå universiteta.

Utdanningskvalitet

Arbeidet til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) medverkar til å utvikle kvalitetssikringssystema og utdanningane ved institusjonane og styrkje kunnskapsgrunnlaget om sektoren. Sjå kategoriomtalen og kap. 280 post 01.

Det vart tildelt tre nye senter for framifrå utdanning i 2013. Det er store forventningar til at sentra vil bidra til å styrkje kvaliteten i høgre utdanning gjennom forsking, undervisning og innovative studietilbod. Sjå omtale under kap. 281 post 01.

I 2013 avla studentane i snitt 45,2 studiepoeng, jf. Database for statistikk om høgre utdanning (DBH). Det er ein liten nedgang frå 2012, da talet var 45,5 studiepoeng. Det var flest avlagde studiepoeng per student ved kunsthøgskolane, medan det var færrast avlagde studiepoeng per student ved dei private vitskaplege høgskolane. Blant dei statlege institusjonane varierte avlagde studiepoeng per student frå 60,5 til 37,4. I 2013 avla studentane i gjennomsnitt 85,8 pst. av planlagde studiepoeng i samsvar med avtalt utdanningsplan. Dette er ein liten framgang frå 2012.

MNT- og profesjonsfag

Tal frå DBH viser at det i 2013 vart teke opp fleire studentar til grunnskolelærarutdanning, femårig program for lærarutdanning og sjukepleiarutdanning enn i 2012. Til ingeniørutdanninga var det i 2013 ein auke på 350 studentar samanlikna med 2012. Det var derimot ein nedgang i talet på studentar som vart tekne opp til barnehagelærarutdanninga og praktisk-pedagogisk utdanning.

Kunnskapsdepartementet fastsette i 2013 forskrifter for fleire lærarutdanningar:

  • femårig lektorutdanning for trinna 8–13

  • treårige faglærarutdanningar i praktiske og estetiske fag

  • treårig yrkesfaglærarutdanning

  • eittårig praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag

Frå hausten 2014 må alle institusjonane som tilbyr lærarutdanning, følgje dei nye forskriftene.

Ny barnehagelærarutdanning (BLU) starta opp hausten 2013 og føreset mellom anna eit forpliktande samarbeid mellom utdanninga og praksisfeltet.

Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd inneheld ein samla nasjonal kunnskapspolitikk for helse- og sosialfaglege utdanningar i framtida. Helse- og sosialfaga er under kraftig omstilling. Sjå kategoriomtalen.

Lærestadene har i samsvar med rammeplanen arbeidd med å utvikle ingeniørutdanninga til å bli meir innovativ, tverrfagleg, forskingsbasert og internasjonal. Det er knytt tettare band med næringsliv og lærestader i andre land. Nasjonalt senter for realfagsrekruttering har i 2013 halde fram med arbeidet med å betre rekrutteringa til matematiske, naturvitskaplege og teknologiske (MNT) fag. Sjå omtale under kap. 280 post 51 og kap. 281 post 01.

Internasjonalisering

I 2013 var det ein auke i talet på utvekslingsstudentar som tok delar av utdanninga i Noreg. Det var òg ein liten auke i talet på delstudentar frå Noreg i andre land. Det kom flest utvekslingsstudentar til Noreg frå Europa, medan USA, Australia og Polen er dei mest populære studiestadene for norske utvekslingsstudentar. Det var meir enn 21 000 utanlandske studentar i Noreg i 2013, og det er om lag ni pst. av studentmassen. Svenskar er den største gruppa av studentar med utanlandsk statsborgarskap ved norske lærestader, følgde av tyskarar, russarar og kinesarar.

Profilerte institusjonar og solide fagmiljø

I statsbudsjettet for 2013 vart det løyvt til saman 50 mill. kroner i midlar til samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon (SAK). Hovuddelen av midlane vart fordelte til større regionale SAK-prosessar der fleire institusjonar er involverte, mellom anna fusjonsprosessane til Universitetet i Tromsø og Høgskolen i Finnmark, Høgskolen i Buskerud og Høgskolen i Vestfold, og Universitetet for miljø- og biovitskap og Noregs veterinærhøgskole.

Mål: Universitet og høgskolar skal i tråd med eigenarten sin utføre forsking, kunstnarleg og fagleg utviklingsarbeid av høg internasjonal kvalitet

Forskingskvalitet

Samla tildeling frå Forskingsrådet til universitet og høgskolar var i 2013 i underkant av 2,3 mrd. kroner. Det er ein auke på 72 mill. kroner frå 2012, tilsvarande tre pst. Som del av samla driftsinntekter vart inntekter frå Forskingsrådet redusert frå 8,5 pst. i 2004 til 6,5 pst. i 2013.

Dei profesjonsretta programma, mellom anna PRAKUT og Utdanning2020, som er førte vidare i FINNUT frå og med 2014, samt PraksisVel og Strategiske høgskoleprosjekt, har styrkt omfang og kvalitet i den profesjonsfaglege forskinga. Programma har òg vore viktige for å styrkje samspelet mellom forsking, utdanning og yrkesfeltet. Sjå omtale under kap. 281 post 50.

Midlar frå EUs rammeprogram for forsking er eit viktig teikn på at fagmiljø held høg internasjonal kvalitet. EU-tildelingane er den største utanlandske kjelda til finansiering for norske universitet og høgskolar og utgjer i 2013 ein pst. av totale driftsinntekter. I 2013 mottok universitet og høgskolar 350 mill. kroner frå EUs rammeprogram for forsking. Det er ein auke på 132 mill. kroner eller 68 pst. frå 2012. Kontraktane norske universitet og høgskolar har inngått, er derimot mykje jamnare fordelte enn mottekne inntekter. Frå 2010 til 2013 har verdien av inngåtte kontraktar variert mellom 38 mill. euro og 39,6 mill. euro. Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) og universiteta i Oslo og Bergen mottok til saman 84 pst. av EU-midlane som gjekk til universitets- og høgskolesektoren i 2013.

Det europeiske forskingsrådet (ERC) deler ut stipend til individuelle forskarar ut frå kvalitetskriterium. I budsjettet for det sjuande rammeprogrammet utgjer ERC-stipenda om lag 15 pst. av totalen, ifølgje Forskingsrådets årsrapport Forskningssamarbeidet Norge – EU for 2012. ERC er ein arena med svært sterk konkurranse om midlane. Støtte frå ERC er eit kvalitetsstempel for både forskaren og den institusjonen forskaren høyrer til. Tildelinga frå ERC til norske universitet og høgskolar har vakse, og i 2013 mottok universiteta seks ERC-stipend. Samanlikna med Sverige, Danmark og Finland har Noreg svak deltaking i ERC. Sjå omtale under programkategori 07.70 Forsking.

Vitskapleg publisering har auka sterkt i dei siste ti åra. Men for første gong på ti år var det i 2013 likevel ein nedgang i publiseringspoeng på 1,6 pst. frå året før. Medan mange miljø framleis bør auke publiseringa, bør fleire miljø prioritere å heve kvaliteten og å publisere i høgre rangerte publiseringskanalar. I 2013 stod kvinner for 33 pst. av publiseringspoenga. Talet reflekterer først og fremst at det er færre kvinner enn menn i toppstillingane. Tilsette i høgre vitskaplege stillingar publiserer meir enn tilsette i dei lågare stillingane. Delen internasjonalt samforfatta vitskaplege publikasjonar er ein sentral indikator på internasjonalt forskingssamarbeid. Delen internasjonalt samforfatta artiklar auka frå om lag 44 pst. i 2012 til 45 pst. i 2013.

Doktorgradsutdanning

Noreg passerte i 2013 Sverige og nærmar seg Finland målt i talet på avlagde doktorgradar per mill. innbyggjarar. Det har aldri før vore avlagt fleire doktorgradar enn i 2013, med 1 524 avlagde doktorgradar. Dette er ein oppgang på fire pst. frå året før. Totalt 21 universitet og høgskolar tildelte doktorgradar i 2013, og det var meir enn 200 doktorgradsprogram i Noreg. Dei fire eldste universiteta stod for 84 pst. av doktorgradskandidatane. Som åra før var det i 2013 flest som avla doktorgrad i medisin, følgt av matematiske og naturvitskaplege fag. Fagprofilen til dei norske doktorandane skil seg ut med ein låg del innanfor teknologi, 13 pst., mot mellom 20 pst. og 28 pst. i resten av Norden.

I 2013 vart 38 pst. av dei avlagde doktorgradane finansierte over grunnbudsjetta til institusjonane, 21 pst. av Forskingsrådet og 41 pst. av andre eksterne finansieringskjelder, mellom anna helseføretaka. Sjå omtale av nærings- og offentleg sektor-ph.d.-ordningane i kategoriomtalen.

Det er òg ei positiv utvikling i kjønnsbalansen på dei ulike fagområda i doktorgradsutdanninga, sjølv om kvinnedelen blant doktorandane samla sett fall i 2013, med om lag to prosentpoeng til 47 pst. Delen kvinner som disputerer, varierer mykje mellom fagområda, frå 58 pst. i medisin og helsefag til 23 pst. i dei teknologiske faga.

Delen utanlandske statsborgarar som disputerer, var større i 2013 enn nokon gong tidlegare med 36 pst. I 2013 hadde 42 pst. av dei utanlandske doktorandane europeisk bakgrunn og 37 pst. asiatisk bakgrunn. Det var ein særskilt høg del utlendingar i teknologiske fag, nærmare 65 pst. Det har òg vore ein sterk vekst innanfor matematiske og naturvitskaplege fag, landbruks- og fiskerifag og veterinærmedisin. Rapporten Utlendinger med norsk doktorgrad – hvor blir de av? (NIFU, 2013) viser at av alle som tok doktorgrad i Noreg i perioden 2000–07, hadde 51 pst. av dei utanlandske doktorandane arbeid i Noreg to år etter disputasen. For teknologane er talet høgre.

Forsking i MNT- og profesjonsfag

Matematiske, naturvitskaplege og teknologiske (MNT) fag skårar godt i nasjonale konkurransar baserte på kvalitetskriterium. Til dømes er nesten halvparten av alle sentra for framifrå forsking innanfor MNT-fag. Det same gjeld stipend frå Det europeiske forskingsrådet. Den vitskaplege publiseringa i MNT-fag har auka sidan publiseringsindikatoren vart innført i 2004, men publiseringa gjekk noko ned frå 2012 til 2013. NordForsk har i rapporten Comparing Research at Nordic Universities using Bibliometric Indicators (2014) samanlikna den vitskaplege publiseringa i MNT-faga ved dei nordiske universiteta. Rapporten viser at artiklar i MNT-fag frå dei norske universiteta gjennomgåande blir siterte mindre enn MNT-artiklar frå danske og svenske universitet. Dei norske universiteta hevdar seg relativt best innanfor geovitskap.

Det har i 2013 vore ein markant vekst i avlagde doktorgradar i matematiske og naturvitskaplege fag. Teknologiske fag har hatt ein auke på 51 pst. i avlagde doktorgradar frå 2010 til 2013 og er dermed det fagområdet som har vakse mest i dei siste åra. Det har vore ein nedgang i talet på nye doktorgradsavtalar i MNT-fag frå 2011. Det er særleg talet på tildelte stipendiatstillingar frå Forskingsrådet som har gått ned, mellom anna som eit resultat av høgre satsar.

I 2013 vart forskingsprogramma på utdanningsområdet, PRAKUT og Utdanning2020, evaluerte av eit ekspertpanel nemnt opp av Forskingsrådet. Evalueringa viser at programma har hatt ein positiv verknad på utviklinga av forskingsfeltet. Sjå omtale under kap. 281 post 50.

Program for kunstnarleg utviklingsarbeid

Det nasjonale programmet for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU) er delt i eit prosjektprogram og eit stipendiatprogram. Stipendiatprogrammet er ein parallell til doktorgradsutdanninga og medverkar til å heve kompetansen i kunstmiljøa. Prosjektprogrammet skal medverke til at fagleg tilsette skal utføre kunstnarleg utviklingsarbeid på høgt nivå og med nasjonal og internasjonal fagleg relevans. PKU medverkar til at kunstfaga skaper innsikt i og forståing for menneskelege og samfunnsmessige samanhengar. Ved utgangen av 2013 var det 55 aktive stipendiatar, og i 2013 fullførte sju stipendiatar. Sjå omtale under kap. 280 post 51 og kap. 281 post 01.

Mål: Universitet og høgskolar skal vere tydelege samfunnsaktørar og medverke til internasjonal, nasjonal og regional utvikling, formidling, innovasjon og verdiskaping

Universitet og høgskolar som samfunnsaktørar

Universitet og høgskolar samarbeider med eit breitt spekter av aktørar innanfor nærings- og arbeidsliv. Rapporten Noder i kunnskapsnettverket (NIFU 2014) viser at eit fleirtal av dei vitskapleg tilsette er engasjert i kunnskapsspreiing, medan relativt få er direkte engasjerte i kommersialiseringsaktivitetar.

Omfanget av bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA) utanom midlar frå Forskingsrådet og EU-midlar gir ein indikasjon på i kva grad institusjonane er etterspurde FoU-aktørar og attraktive leverandørar av etter- og vidareutdanning. For dei statlege institusjonane var BOA-inntektene 2,3 mrd. kroner i 2013, eller seks pst. av dei totale inntektene. Sjå tabell 4.11 i vedlegg 4, som viser inntekter etter inntektskjelde for universitet og høgskolar.

I tråd med St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja har alle statlege høgre utdanningsinstitusjonar oppretta råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA) for å styrkje relevansen av utdanningstilboda gjennom eit formalisert samarbeid med andre samfunnsaktørar.

Innovasjon og verdiskaping

Det vart i 2013 ført vidare mange verkemiddel for å nå måla for forsking, utdanning og innovasjon. Det omfattar mellom anna Verkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI), Den norske forskerskolen i innovasjon, FORNY-programmet, strategiske høgskoleprosjekt (SHP), regionale forskingsfond og senter for fremragende innovasjon. Sjå omtale under kap. 281 og programkategori 07.70 Forsking.

Forskarar som byter jobb mellom sektorar, bidrar til spreiing og sirkulasjon av forskingsbasert kunnskap og kompetanse. Ifølgje Forskningsbarometeret 2014 blir i gjennomsnitt 7,5 pst. av stipendiatane og postdoktorane med stilling i universitets-, høgskole- og instituttsektoren i eit gitt år registrerte med stilling utanfor desse sektorane året etter. Av desse finn om lag 40 pst. arbeid i offentleg sektor og 60 pst. i næringslivet. Delen andre forskarar som skiftar til desse sektorane, er 3,5 pst. Undersøkinga Study on International Mobility and Researchers’ Career Development (SIM-ReC 2013) viser at 34 pst. av dei norske respondentane har hatt ei forskarstilling utanfor akademia minst ein gong i karrieren. Dette er den høgste delen blant dei elleve europeiske landa i undersøkinga. Sjå omtale under del III kap. 5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet.

Innovasjons- og kommersialiseringsindikatorane for universitets- og høgskolesektoren viser at talet på patentsøknader er redusert med 34 pst. frå 2012 til 2013 og ligg i 2013 på same nivå som i 2010. Talet på nyetablerte føretak og inngåtte lisensieringskontraktar er om lag det same i 2012 og 2013. Det har vore ein auke frå 648 i 2012 til 817 i 2013 i talet på mottekne forretningsidear. Sjå omtale under kap. 281 post 50.

Formidling og ope tilgjengeleg forsking

Det finst inga total oversikt over omfanget av formidling i sektoren, men talet på registrerte bidrag er høgt. I dokumentasjonssystemet CRIStin vart det registrert om lag 21 000 ulike formidlingsbidrag i 2013, ein auke på 1 500 formidlingsbidrag frå året før. Mediebidrag er den formidlingsaktiviteten som er mest registrert. Deretter følgjer konferansebidrag og foredrag.

I 2013 vart 805 artiklar publiserte i same år gjorde ope tilgjengelege gjennom eigenarkivering. Eigenarkivering inneber at forskaren lagrar ein kopi av ein artikkel publisert i eit tidsskrift med avgrensa tilgang, i eit ope digitalt arkiv, til dømes i Norwegian Open Research Archives (NORA). Sjølv om NORA tel publikasjonar på forskjellige institusjonar fleire gonger, gir det ein indikasjon på kor nivået ligg. Delen eigenarkiverte artiklar er framleis låg samanlikna med det totale talet på publiserte artiklar. Det er rom for å auke delen ytterlegare.

Mål: Universitet og høgskolar skal ha effektiv forvaltning av verksemda, kompetansen og ressursane i samsvar med samfunnsrolla si

Økonomistyring

Universitet og høgskolar finansierer verksemda gjennom direkte løyvingar frå Stortinget, forskingsfinansiering frå Forskingsrådet og EU, annan bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet og andre inntekter, til dømes sals- og leigeinntekter, eller studieavgifter for dei private høgskolane. Løyvinga over kap. 260 utgjer hovuddelen av finansieringa for universiteta og høgskolane, med 27,5 mrd. kroner i 2013. Den resultatbaserte delen av løyvinga på kap. 260 utgjer om lag 30 pst.

Statlege universitet og høgskolar hadde 36 mrd. kroner i samla inntekter i 2013. Det er ein nominell auke på 2 mrd. kroner frå 2012. Om lag 80 pst. av inntektene er tildeling frå Kunnskapsdepartementet, andre departement og statlege etatar. Sjå tabell 4.11 i vedlegg 4, som viser inntekter etter inntektskjelde.

Statlege universitet og høgskolar er nettobudsjetterte institusjonar med særskilde fullmakter, som kan overføre midlar mellom budsjettåra. Det gir handlingsrom for avsetning til større investeringstiltak, vedlikehald, og tiltak over fleire år. Ved utgangen av 2013 var dei økonomiske avsetningane til planlagde tiltak i framtidige budsjettår på 2,6 mrd. kroner. Det er ein nedgang på 0,4 mrd. kroner frå 2012 og svarer til 9,7 pst. av løyvinga frå Kunnskapsdepartementet i 2013. Ved utgangen av 2013 var andre avsetningar og fri verksemdskapital på 2,7 mrd. kroner, ein vekst på 0,6 mrd. kroner frå 2012 til 2013. Sjå tabell 4.12 i vedlegg 4, som viser tilhøvet mellom kontantbehaldning, kommande kostnader og avsetningar.

Rapporteringa frå institusjonane tyder på at dei fleste av dei statlege institusjonane har stor merksemd på langsiktig planlegging og økonomistyring. Om lag ein tredel av institusjonane har innført langtidsbudsjett.

Private høgskolar som mottek løyving over budsjettet til Kunnskapsdepartementet, hadde 2,6 mrd. kroner i bokførte inntekter i 2013. Tilskott frå staten utgjorde 1,1 mrd. kroner i 2013, ein auke på 79 mill. kroner frå året før. Økonomien til private høgskolar er samla sett betre i 2013 samanlikna med i 2012, men nokre høgskolar har framleis utfordringar med å sikre berekraftig drift.

Forvaltning og intern kontroll

Tre institusjonar fekk vesentlege merknader i Dokument 1 (2013–2014), Riksrevisjonens rapport om revisjon og kontroll av budsjettåret 2012. For alle tre var merknadene knytte til etterleving av regelverket for offentlege anskaffingar. Kunnskapsdepartementet har i 2013 følgt desse institusjonane tett opp.

Kunnskapsdepartementet har fastsett nytt Reglement om statlige universiteter og høyskolers forpliktende samarbeid og erverv av aksjer med ein ny rettleiar til reglementet.

Riksrevisjonens kontroll i 2013 viser ei kvalitetsforbetring i den administrative forvaltninga. Dei avvika som framleis blir avdekte, kjem hovudsakleg av manglande internkontroll.

Administrativt samarbeid

Departementet har oppfordra institusjonane til administrativt samarbeid for å få ei meir effektiv ressursutnytting og betre kvalitet i forvaltninga. Institusjonane har følgt opp dette gjennom fleire prosjekt med samarbeid om mellom anna innkjøp og internrevisjon. Sjølv om det allereie er nokre gevinstar, er det framleis mykje å hente på å styrkje det administrative samarbeidet ytterlegare.

Personalpolitikk, mellombels tilsette og likestilling

Mange institusjonar har framleis ein høg del mellombels tilsette, trass i ein liten nedgang i 2013. Samla var delen mellombels tilsette i dei tre kategoriane undervisnings- og forskarstillingar, saksbehandlar- og utgreiingsstillingar og støttestillingar 16 pst. i 2013, om lag eit prosentpoeng mindre enn året før. Universiteta reduserte delen mellombels tilsette frå 2012 til 2013, medan utviklinga var motsett ved dei statlege høgskolane. Dei statlege høgskolane har færre mellombelse enn universiteta. Størst er delen mellombels tilsette i undervisnings- og forskarstillingar, med om lag 18 pst. i 2013.

Kjønnsbalansen i universitets- og høgskolesektoren har vorte betre over tid, men det er framleis store skilnader i dei ulike stillingsgruppene, mellom fagområda og mellom institusjonane. Skilnad i fagprofil kan forklare mykje, særleg for kvinner i førstestillingar. Delen kvinner i professorstilling har auka med om lag eitt prosentpoeng kvart år i dei siste åra, også i 2013. I 2013 var 25 pst. av professorane kvinner. Over halvparten av stipendiatane og universitets- og høgskolelektorane er kvinner, medan dei blant doktorandane utgjer 47 pst.

Bygg, vitskapleg utstyr og infrastruktur

Universitets- og høgskolesektoren disponerte totalt 3,4 mill. kvm areal i 2013. Av dette vart 0,9 mill. kvm leigde av Statsbygg, 0,8 mill. kvm leigde av private og stiftingar, og 1,8 mill. kvm er sjølvforvalta bygg.

I 2013 var åtte ordinære byggjeprosjekt og fleire kurantprosjekt under oppføring i universitets- og høgskolesektoren: nytt samlokaliseringsbygg for Høgskolen i Bergen, nytt teknologibygg for Høgskolen i Sør-Trøndelag, samlokaliseringsbygg for Kunst- og designhøgskolen i Bergen, nybygg på Ås for Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og Veterinærinstituttet, rehabilitering av Urbygningen ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, rehabilitering av universitetsmuseet ved Universitetet i Bergen, rehabilitering av sentrumsbygningane ved Universitetet i Oslo og nytt teknologibygg for Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet.

Tre større byggjeprosjekt vart òg stilte ferdig og tekne i bruk i 2013. Nybygget for sjukepleiarutdanninga ved Høgskolen i Oslo og Akershus har samla utdanninga nær resten av høgskolen. Den nye universitetsklinikken ved NTNU og Høgskolen i Sør-Trøndelag, Kunnskapssenteret, vart stilt ferdig og opna i 2013. Nybygget for Noregs handelshøgskole har samla heile verksemda ved høgskolen innanfor eiga tomt og har gitt plass til fleire studentar ved høgskolen.

I 2013 vart 505 mill. kroner frå Nasjonal satsing på forskningsinfrastruktur fordelte på 16 ulike prosjekt. For ti av desse stod eit universitet som søkjarinstitusjon, og samtlege prosjekt hadde universitet og høgskolar som partnarar. Sjå omtale av infrastrukturordninga under programkategori 07.70 Forsking.

Andre saker

Rosenborgkohorten er ei gruppe på 8 153 studentar, doktorgradskandidatar og tilsette som har hatt tilknyting til Rosenborglaboratoria ved NTNU sidan 1960. Den medisinske ekspertgruppa til Kunnskapsdepartementet, Dybingutvalget, vurderte i rapporten frå 2008 krefttilfelle i denne gruppa. Som ei oppfølging av Dybingutvalgets tilrådning om å oppdatere Rosenborgkohorten etter fem år, har departementet gitt Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) og Kreftregisteret i oppdrag å oppdatere kohorten. Oppdateringa skal etter planen stillast ferdig i løpet av 2014.

Kunnskapsdepartementet har vedteke å avvikle prosjektet om etablering av metningsdykkarutdanninga ved Høgskolen i Bergen. Høgskolen ønskjer å sjå på alternativ for avvikling. Departementet har derfor bedt høgskolen gi ei utgreiing av korleis ei kaibasert løysing for ei eventuell luftdykkarutdanning kan operasjonaliserast.

Mål: Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, Universitetet i Stavanger og Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet skal byggje opp, drive og halde ved like museum med vitskaplege samlingar og utstillingar for publikum

Samlingane ved dei seks universitetsmusea inneheld 17,5 mill. objekt, og mange av desse har stor nasjonal og internasjonal verdi. Universitetsmusea er viktige arenaer for profilering av universiteta mot eit breiare publikum. Over 1,5 mill. personar besøkte universitetsmusea i 2013, om lag som i 2012.

Fleire av utfordringane med sikring og bevaring av samlingane ved universitetsmusea kan ikkje løysast innanfor den bygningsmassen som musea har i dag. Det er derfor sett i gang planar for utbetring av byggfasilitetar ved alle dei fem institusjonane som har universitetsmuseum. Universitetsmuseet i Bergen har komme lengst, da det fekk startløyving for fase ein av rehabiliteringa av museet i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2013. Det ligg føre eit ferdig forprosjekt for fase to av rehabiliteringsprosjektet og for eit nybygg for Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger. Det er gjennomført ei konseptvalutgreiing for å finne ei framtidig løysing for magasin og utstillingslokale for Tromsø museum – Universitetsmuseet ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. Kunnskapsdepartementet har gitt Statsbygg i oppdrag å prosjektere eit vikingtidsmuseum på Bygdøy for Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. Dette inkluderer mellom anna vikingskipa.

Sjå kap. 281 post 50 for omtale av strategisk FoU-program for universitetsmusea i 2013. Sjå kategoriomtalen for omtale av digitaliseringa av samlingane ved universitetsmusea.

Budsjettforslag for 2015 for post 50 og 70

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på 30,9 mrd. kroner over kap. 260 i 2015, fordelte med 29,7 mrd. kroner til universitet og statlege høgskolar over post 50, og 1,2 mrd. kroner til private høgskolar over post 70. Dette omfattar både den langsiktige og strategiske delen og den resultatbaserte utteljinga knytt til utdanningsinsentiva og forskingsinsentiva.

Løyvingsforslaget på kap. 260 post 50 og post 70 er redusert med høvesvis 145,4 mill. kroner og 5,9 mill. kroner som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, i statlege verksemder og private verksemder som driv tilsvarande aktivitet og mottek statstilskott, jf. omtale under Hovudprioriteringar i del I.

Den resultatbaserte utteljinga for forsking utgjer 1,7 mrd. kroner av den samla løyvinga til universiteta og høgskolane i 2015. For utdanningsinsentiva inneber den resultatbaserte utteljinga ein auke på 166,1 mill. kroner frå 2014 til 2015.

Departementet foreslår heilårseffekt i 2015 av midlar løyvt i 2014 til rekrutteringsstillingar, kategoriheving av barnevernspedagogutdanninga og husleigemidlar til Høgskolen i Bergen for nytt samlokaliseringsbygg.

Departementet foreslår òg midlar til vidareføring og opptak av nye kull for studieplassar oppretta i tidlegare budsjett. Samla gir dette om lag 1 500 fleire studieplassar i 2015 samanlikna med i 2014.

Styrking av grunnfinansieringa

Regjeringa har mål om å styrkje grunnfinansieringa av universitet og høgskolar og foreslår å auke den samla økonomiske ramma til institusjonane med 53,7 mill. kroner. Dette er ei oppfølging av Innst. 260 S (2013–2014), der det vart vedteke å auke ramma til universitet og høgskolar.

Verdsleiande utdannings- og forskingsmiljø

Kunnskapsdepartementet foreslår 100 mill. kroner for å styrkje arbeidet med framifrå kvalitet med mål om å utvikle fleire verdsleiande fagmiljø.

Departementet foreslår at 70 mill. kroner blir fordelte etter spissa kvalitetskriterium til institusjonar med fagmiljø som har særlege føresetnader for å strekkje seg mot verdstoppen. Midlane vil gi ei langsiktig styrking av budsjetta til dei institusjonane som når opp i konkurransen, og skal nyttast til rekruttering av internasjonale toppforskarar.

Eit formalisert samarbeid av fagleg høg internasjonal kvalitet er strategisk viktig for institusjonane og for at Noreg skal hevde seg i den internasjonale konkurransen. University of California, San Diego (UCSD) og Simula Research Laboratory (Simula) er rangerte i verdstoppen innanfor IKT-fag. Universitetet i Oslo, Simula og UCSD har eit samarbeid om informatikk innanfor geovitskap og livsvitskap. Departementet foreslår 10 mill. kroner for å utvikle vidare det etablerte utdannings- og forskingssamarbeidet mellom desse institusjonane.

For å stimulere mellom anna til meir institusjonssamarbeid av denne typen foreslår departementet 20 mill. kroner til eit partnarskapsprogram for forsking og høgre utdanning over programkategori 07.70 Forsking. Programmet vil fremme langsiktig samarbeid mellom høgre utdannings- og forskingsinstitusjonar i Noreg og prioriterte land utanfor EU, og vil bli sett ut for konkurranse for å sikre topp kvalitet og relevans. Sjå omtale under programkategori 07.70 Forsking.

Struktur i universitets- og høgskolesektoren

Kunnskapsdepartementet tar i 2015 sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om strukturen i høgre utdanning. Målet med stortingsmeldinga er å heve kvaliteten i utdanning og forsking, fremme solide fagmiljø og ein sektor som utnyttar ressursane meir effektivt. Derfor ønskjer regjeringa å etablere ein struktur med færre og sterkare institusjonar. Departementet legg vekt på dialog med sektoren i dette arbeidet. Departementet har bedt institusjonane om å vurdere sin eigen plass i ein struktur med færre institusjonar og kva som er dei faglege ambisjonane deira. I løpet av hausten 2014 har departementet hatt møte med institusjonane for å diskutere innspela.

Departementet foreslår å auke løyvinga til samarbeid, arbeidsdeling, konsentrasjon og samanslåingar til 75 mill. kroner for å stimulere igangsette og nye struktur- og samanslåingsprosessar i sektoren.

Bygg og utstyr

Oppdaterte bygg er ein føresetnad for å skape leiande forskings- og utdanningsmiljø. Riksrevisjonens undersøking om forvaltninga av statleg eigedomsmasse peiker på at 40 pst. av bygningsmassen ved dei sjølvforvaltande universiteta er i dårleg stand. Departementet foreslår derfor 85 mill. kroner til oppgradering av bygg ved institusjonar som forvaltar eigen bygningsmasse. Oppgraderinga inneber rehabilitering og tilpassing av eksisterande bygg og lokale, slik at dei kan møte byggtekniske krav og forventningar til forsking og utdanning av høg kvalitet. Kunnskapsdepartementet forventar at tildelingar frå departementet skal utløyse eit tilsvarande beløp til same formål frå dei institusjonane som mottar midlane.

For at profesjonsutdanningane skal halde høg kvalitet og vere relevante, bør studentane ha tilgang til det same utstyret i studiesituasjonen som dei vil bli møtt med i arbeidslivet. Evalueringar frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) viser at det særleg er behov for meir og betre utstyr i sjukepleiar- og ingeniørutdanningane. Departementet foreslår 30 mill. kroner for å styrkje utstyrsparken i desse profesjonsutdanningane.

I tillegg foreslår regjeringa 1,6 mrd. kroner i 2015 til å føre vidare og avslutte sju ordinære byggjeprosjekt i universitets- og høgskolesektoren. Sjå tabell 3.1 og 3.2 i vedlegg 3 for oversikt over byggjeprosjekta, inkludert kurantprosjekt. Sjå òg tabell 3.4, 3.5 og 3.6 for prosjekt i planleggingsfasen. Sjå òg Prop. 1 S (2014–2015) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

For å føre vidare prosjekteringa av eit nytt anlegg for livsvitskap, kjemi og farmasi og eit vikingtidsmuseum på Bygdøy, begge ved Universitetet i Oslo, foreslår regjeringa å auke løyvinga på kap. 530 med 58 mill. kroner i 2015. I tillegg kjem 3 mill. kroner til prosjektering av brukarutstyr for anlegget for livsvitskap, kjemi og farmasi. Samla kostnad for prosjekteringa av dette bygget er av Statsbygg rekna ut til 260 mill. kroner, inkludert prosjektering av utstyr. Sjå Prop. 1 S (2014–2015) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Regjeringa foreslår å løyve 152,5 mill. kroner over kap. 260 post 50 i 2015 til utstyr og inventar til fire igangsette byggjeprosjekt. For nytt teknologibygg ved Høgskolen i Sør-Trøndelag legg departementet opp til ei samla utstyrsramme på 137,2 mill. kroner og foreslår 70,9 mill. kroner i 2015. For fase ein av rehabiliteringa av universitetsmuseet ved Universitetet i Bergen legg departementet opp til ei samla utstyrsramme på 50,8 mill. kroner, og foreslår at heile beløpet blir løyvt i 2015. For samlokaliseringsbygget for Kunst- og designhøgskolen i Bergen legg departementet opp til ei samla utstyrsramme på 208 mill. kroner og foreslår 15 mill. kroner i 2015. For rehabiliteringa av Urbygninga ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet har departementet lagt opp til ei samla utstyrsramme på 55,3 mill. kroner, og departementet foreslår å løyve siste del på 15,8 mill. kroner i 2015.

Nybygg for Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og Veterinærinstituttet på Ås fekk startløyving i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2013, jf. Innst. 470 S (2012–2013) og Prop. 149 S (2012–2013). Dette er eit stort og komplekst byggjeprosjekt som stiller høge krav til brukarutstyr over eit breitt spekter, mellom anna utstyr til laboratorium, dyrehald, avansert medisinteknisk utstyr og anna forskingsinfrastruktur. Regjeringa foreslår ei samla kostnadsramme på 1 080 mill. kroner for brukarutstyr til prosjektet. For 2015 foreslår regjeringa 60 mill. kroner til brukarutstyr. Sjå kap. 530 i Prop. 1 S (2014–2015) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Rekrutteringsstillingar

Kunnskapsdepartementet foreslår 53,4 mill. kroner til 47 nye rekrutteringsstillingar innanfor helse- og sosialfag, lærarutdanning og ingeniørutdanning, som del av langtidsplan for forsking og høgre utdanning. Departementet foreslår òg 3,4 mill. kroner til tre nye stillingar til stipendiatprogrammet i Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU). Sjå omtale under kap. 280 post 51.

Studieavgift for studentar utanfor EØS-området

Regjeringa foreslår at statlege universitet og høgskolar får høve til å krevje studieavgift for studentar frå land utanfor EØS-området og Sveits frå og med haustsemesteret 2015. Dette gjeld ikkje for studentar med rett til utdanningsstøtte frå Lånekassen og utvekslingsstudentar på avtale. Kunnskapsdepartementet vil leggje fram eit lovforslag for å gjere det mogleg for institusjonane å krevje studieavgift. Forslaget blir sendt ut til høyring hausten 2014. Det er ikkje aktuelt for regjeringa å opne for studieavgift for norske studentar eller studentar frå EØS-området og Sveits.

I samband med denne endringa foreslår departementet at budsjettrammene til universitet og statlege høgskolar blir reduserte med 80,5 mill. kroner ettersom dei frå og med haustsemesteret 2015 kan krevje studieavgift. Departementet vil frå 2017 ikkje lenger gi utteljing for avlagde studiepoeng for desse studentane i finansieringssystemet for universitet og høgskolar. Departementet vil følgje med på utviklinga av korleis denne ordninga vil påverke talet på studentar frå land utanfor EØS-området og Sveits.

Andre saker

Statens pensjonskasse har varsla dei statlege institusjonane i sektoren om at arbeidsgivardelen av pensjonspremien vil bli redusert frå 13,2 pst. til 12,7 pst. frå 2014 til 2015. Dette inneber ein kostnadsreduksjon for institusjonane på om lag 100 mill. kroner i 2015 samanlikna med året før. Ved overgangen til nettobudsjettering vart dei kostnadene institusjonane hadde til pensjonspremie til Statens pensjonskasse, kompenserte med auka løyving. Premiesatsen for 2015 ligg over den satsen som vart nytta ved overgangen til nettobudsjettering, men den samla kompensasjonen fram til og med 2015 er framleis høgre enn den samla kostnaden til pensjonspremie.

I budsjettet for 2014, jf. Innst. 12 S (2013–2014) og Prop. 1 S Tillegg 1 (2013–2014), vart det løyvt 50 mill. kroner over kap. 281 post 01 for å betre kompetansen og kapasiteten ved universitet og høgskolar som tilbyr etter- og vidareutdanning for lærarar. Midlane er fordelte til institusjonane i 2014 etter ei fagleg vurdering. Departementet meiner at midlane bør flyttast inn i budsjettramma til dei aktuelle institusjonane etter same fordeling som i 2014. Departementet foreslår derfor å auke kap. 260 post 50 med 49 mill. kroner og kap. 260 post 70 med 1 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 281 post 01.

1. januar 2014 vart Arbeidsforskningsinstituttet (AFI), Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) og Høgskolen i Oslo og Akershus slåtte saman. Kunnskapsdepartementet foreslår å flytte 33,5 mill. kroner knytte til AFI og NOVA inn i budsjettramma til Høgskolen i Oslo og Akershus på kap. 260 post 50, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 287 post 57 under programkategori 07.70 Forsking.

Universitetet i Oslo (UiO) og Oslo universitetssjukehus er samde om overføring av verksemda ved dei medisinske biblioteka ved Ullevål sjukehus og Radiumhospitalet til UiO. Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet foreslår å flytte 17,8 mill. kroner inn i budsjettramma til UiO på kap. 260 post 50 mot ein reduksjon på 16,2 mill. kroner og 1,6 mill. kroner på høvesvis kap. 732 post 22 og kap. 732 post 78 under Helse- og omsorgsdepartementet.

Departementet foreslår å flytte 12,5 mill. kroner til Kavli Institute for Systems Neuroscience inn i budsjettramma til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) på kap. 260 post 50 mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 285 post 52 under programkategori 07.70 Forsking.

Nasjonalt senter for realfagsrekruttering er organisatorisk ein del av NTNU. NTNU har det administrative ansvaret for verksemda og for forvaltninga av løyvinga til senteret. Senteret har ansvaret for den faglege verksemda. Kunnskapsdepartementet meiner at senteret bør få løyvinga på same måte som andre fellesorgan som er oppretta etter universitets- og høgskolelova § 1-4 fjerde ledd. Departementet foreslår derfor å flytte totalt 15,8 mill. kroner til kap. 280 post 51 mot ein reduksjon på 7,8 mill. kroner på kap. 260 post 50 og 8 mill. kroner på kap. 281 post 01.

Senter for samisk i opplæringa er eit ressurssenter for å fremme undervisning i og på samisk og får midlar over kap. 561 post 50 under Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Kunnskapsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet foreslår å flytte ramma på 1,1 mill. kroner til Senter for samisk i opplæringa inn i budsjettramma til Samisk høgskole på kap. 260 post 50 mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 561 post 50.

Samisk vitskapleg tidsskrift er eit samarbeidsprosjekt mellom Samisk høgskole og Senter for samiske studier ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. Departementet foreslår å flytte 0,4 mill. kroner til Samisk vitskapleg tidsskrift inn i budsjettramma til Samisk høgskole på kap. 260 post 50 mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 285 post 52 under programkategori 07.70 Forsking.

Departementet foreslår å flytte 1 mill. kroner til talentutviklingsprogrammet i musikk inn i budsjettramma til Noregs musikkhøgskole på kap. 260 post 50 mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 281 post 01.

Eit nytt studium ved NISS Høyskole AS vart hausten 2013 akkreditert som høgskoleutdanning. Tilskottet for andre halvår 2014 til dette studiet vart flytt til kap. 260 post 70 frå kap. 228 post 72 under programkategori 07.20 Grunnopplæringa. Departementet foreslår å flytte 0,9 mill. kroner til kap. 260 post 70 for å kompensere for heilårsverknad av tilskottet mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 228 post 72. Hausten 2014 er dei tre siste studia ved NISS akkrediterte som høgskolestudium. Med dette vil overgangsperioden frå vaksenopplæringsstudium til høgskolestudium vere fullført. Departementet foreslår å flytte 12,3 mill. kroner til kap. 260 post 70 mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 228 post 72.

Departementet foreslår å flytte 0,3 mill. kroner til desentralisert utdanning på Kongsvinger inn i budsjettramma til Høgskolen i Hedmark på kap. 260 post 50 mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 281 post 01.

Westerdals Høyskole, Norges informasjonsteknologiske høyskole og NISS Høyskole vart 1. juli 2014 fusjonerte til Westerdals Høyskole – Oslo School of Arts, Communication and Technology.

Kap. 270 Internasjonal mobilitet og sosiale formål for studentar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

71

Tilrettelegging for internasjonal mobilitet

15 627

16 174

16 708

74

Tilskott til velferdsarbeid

74 817

77 436

79 991

75

Tilskott til bygging av studentbustader, kan overførast

287 185

358 981

380 000

Sum kap. 0270

377 629

452 591

476 699

Post 71 Tilrettelegging for internasjonal mobilitet

Posten omfattar midlar til Fulbright-programmet og Association of Norwegian Students Abroad (ANSA).

Mål for 2015

Tilskottet skal medverke til internasjonal mobilitet for studentar og forskarar.

Rapport for 2013

I 2013 vart det løyvt 7,4 mill. kroner til Fulbright-programmet over dette kapitlet. Løyvinga omfattar driftstilskott til stipendprogrammet og medverka til å støtte særleg kvalifiserte norske søkjarar på mastergrads- og doktorgradsnivå i USA. Løyvinga har òg vore nytta til å støtte forskarar frå Noreg i USA. 39 nordmenn fekk i 2013–14 stipend over dette programmet for å studere eller forske i USA.

Det vart løyvt 8,2 mill. kroner til ANSA i 2013. Løyvinga har gått til informasjonstiltak retta mot norske studentar i utlandet og utgifter til tilrettelegging for studium i utlandet. Dette inneheld også velferdstiltak for norske studentar i utlandet.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår å løyve 16,7 mill. kroner over kap. 270 post 71 i 2015. Beløpet omfattar ei løyving til Fulbright Foundation på 7,9 mill. kroner. Resten av løyvinga på posten går til ANSA med 8,8 mill. kroner.

Post 74 Tilskott til velferdsarbeid

Posten omfattar tilskott til det generelle velferdsarbeidet til studentsamskipnadene og tilskott til landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar.

Mål for 2015

Tilskottsordninga skal medverke til studentvelferd ved utdanningsinstitusjonane og til å fremme interessene til studentane.

Rapport for 2013

Velferdsarbeidet til studentsamskipnadene skal supplere det generelle velferdstilbodet elles i samfunnet og vere ein integrert del av det heilskaplege læringsmiljøet ved utdanningsinstitusjonane. I 2013 fusjonerte studentsamskipnadene i Bodø og Narvik. Studentvelferda er frå 1. januar 2014 organisert gjennom dei 22 studentsamskipnadene ved lærestadene i Noreg. Studentsamskipnadene driv velferdstilbod som kantine, bokhandel, idrettstilbod, helse- og rådgivingstenester, studentbustader, barnehage mv.

Studentsamskipnadene varierer i storleik når det gjeld talet på utdanningsinstitusjonar dei skal betene, studentar, tilsette og omsetjing.

For 2013 vart det ikkje løyvt øyremerkte tilskott til studentbarnehagar, men i fordelinga av midlar til samskipnadene vart det teke særskilt omsyn til studentbarnehagane, i tråd med tidlegare fordelingsnøkkel. Samla vart det utbetalt 74,8 mill. kroner over posten i 2013. Av dette var 69,7 mill. kroner tilskott til 23 studentsamskipnader, med totalt om lag 220 000 medlemmar. Dette inkluderer ei eingongsløyving på 3,3 mill. kroner til Studentsamskipnaden i Nordland til organisasjonsbygging og fusjonsprosessen mellom Studentsamskipnaden i Bodø og Studentsamskipnaden i Narvik, som vart slåtte saman 1. januar 2013.

Det vart i 2013 utbetalt 5,1 mill. kroner til landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar. Desse var International Students' Union of Norway (ISU), Norsk studentorganisasjon (NSO), BI studentsamfunn (BIS) og Organisasjon for norske fagskolestudenter (ONF).

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår å løyve 80 mill. kroner over kap. 270 post 74 i 2015. Departementet foreslår at ein ved utrekninga av tilskott til studentsamskipnadene for 2015 skal føre vidare ordninga frå 2009 når det gjeld studentbarnehagar. Dette fører til ekstra tilskott til alle studentsamskipnader med barnehagar.

Tilskott til landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar vil bli gitt etter søknad. Departementet foreslår å føre vidare ordninga frå 2013 med at mindre studentorganisasjonar, der medlemmene òg er representerte gjennom andre større landsomfattande organisasjonar, ikkje får tilskott over denne posten. Dette gjeld ikkje der særlege interesser skal fremmast, til dømes interessene til utanlandske studentar i Noreg.

Post 75 Tilskott til bygging av studentbustader, kan overførast

Posten omfattar midlar til studentsamskipnadene, og i særskilde tilfelle studentbustadstiftingar, for bygging av studentbustader. Husbanken forvaltar tilskottsordninga for Kunnskapsdepartementet.

Mål for 2015

Tilskottsordninga skal sikre bygging av studentbustader og medverke til å sikre ein rimeleg bustadsituasjon for studentar. Studentbustadene er eit supplement til den private bustadmarknaden.

Rapport for 2013

Regjeringa ga i 2013 tilsegn om tilskott til bygging og rehabilitering av 1 483 hybeleiningar. Den faktiske auken i talet på studentbustader varierer noko frå år til år, avhengig av mellom anna oppføringstakten. Auken i talet på ferdigstilte studentbustader frå 2012 til 2013 var 2 054 hybeleiningar. På grunn av omstrukturering og sal av bustader vil ikkje auken alltid samsvare med oppføringa av nye bustader per år. I 2013 vart 865 hybeleiningar stilte ferdig. Ved utgangen av 2013 disponerte studentsamskipnadene 35 531 hybeleiningar.

Budsjettforslag for 2015

Ei av dei viktigaste velferdsoppgåvene til studentsamskipnadene er å tilby studentbustader. For å møte behovet for rimelege studentbustader foreslår regjeringa ei løyving på 380 mill. kroner i 2015. Regjeringa foreslår å endre budsjetteringsmodellen slik at løyvinga på posten på ein betre måte vil følgje kontantprinsippet og kravet om realistisk budsjettering. Løyvinga i 2015 vil etter den nye budsjetteringsmodellen omfatte tilskott til oppstart av bygging av 1 500 nye hybeleiningar. I tillegg vil løyvinga omfatte tilskott til vidareføring av dei byggeprosjekta som er i gang og som har fått tilsegn om tilskott i 2014 og tidlegare. Departementet vil kunngjere invitasjonen til å søkje om tilskott til studentbustader for 2015 i oktober 2014.

Departementet foreslår å føre vidare den øvre kostnadsramma i pressområda Oslo, Bergen, Trondheim, Tromsø, Stavanger, Drammen, Kristiansand og Bodø på 800 000 kroner per hybeleining, der 300 000 kroner er fast statstilskott. Den øvre kostnadsramma i landet elles er på 700 000 kroner per hybeleining, der 240 000 kroner er fast statstilskott.

Departementet føreset at husleiga for bustader for studentar med nedsett funksjonsevne ikkje skal vere høgre enn det andre studentar betaler for ei hybeleining tilpassa éin person. Departementet understrekar at det er viktig at kvar studentsamskipnad har eit tilfredsstillande tilbod til studentar med nedsett funksjonsevne.

Kap. 276 Fagskoleutdanning

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

72

Anna fagskoleutdanning

71 236

69 679

66 747

Sum kap. 0276

71 236

69 679

66 747

Kunnskapsdepartementet har i 2014 revidert målstrukturen for høgre utdanning, fagskoleutdanning og forsking med sikte på forenkling og tydeleggjering. Dei nye måla er

  • høg kvalitet i utdanning og forsking

  • forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

  • god tilgang til utdanning

  • effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem

Måla er nærmare omtalte i tilstandsvurderinga i kategoriomtalen.

Fagskolelova stadfestar at fagskoleutdanning skal vere av høg kvalitet og gi studentane kvalitetssikra, fleksible og arbeidsmarknadsretta utdanningstilbod. Fagskoleutdanning skal sikre korte, yrkesretta tilbod tilpassa ny teknologi og nye trendar i arbeidslivet. Fagskoleutdanningane må vere godkjende av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT).

Tilstandsvurdering

Det er i dag tre kjelder til finansiering av fagskoleutdanning: gjennom inntektssystemet for fylkeskommunane, som øyremerkt tilskott frå Helsedirektoratet til helse- og oppvekstfagleg fagskoleutdanning, og over kap. 276 post 72 til fagskoleutdanning i fag som kunst og film, dans, design, kristent livssyn, byggfag og jordbruk.

Kunnskapsdepartementet har frå 2011 utarbeidd ein årleg tilstandsrapport for fagskoleutdanning på bakgrunn av rapportering frå fagskolane til Database for statistikk om fagskoleutdanning (DBH-F). Tilstandsrapporten for fagskoleutdanning 2013 viser at det i 2013 var i alt 111 offentlege og private fagskolar, som samla dekkjer eit stort spekter av utdanningar på ei rekkje fagfelt. Fagskolane hadde til saman 774 utdanningstilbod med registrerte studentar hausten 2013. 65 pst. av fagskolane er private. Over halvparten av fagskolane er lokaliserte på det sentrale austlandsområdet, og om lag 80 pst. av utdanningstilboda er stadbundne. Mange av fagskolane er svært små. Om lag 44 pst. av dei har under 50 studentar.

Samla var det registrert 16 420 fagskolestudentar i 2013, ein auke på 3,6 pst. frå 2012. Nær 66 pst. av fagskolestudentane er tekne opp på grunnlag av yrkesfagleg kompetanse frå vidaregåande opplæring. Dette er ein auke på ti pst. frå 2012. Ifølgje Tilstandsrapporten for fagskoleutdanning 2013 fullførte nær 5 000 personar fagskoleutdanning i 2013.

Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) har på oppdrag frå departementet i 2013 for andre gong undersøkt kva kandidatane frå fagskoleutdanning gjer tre kvart år etter gjennomført utdanning. Av dei som svarte i undersøkinga, er om lag 69 pst. i arbeid, om lag 23 pst. tek vidare utdanning, og om lag åtte pst. er arbeidslause.

Departementet etablerte i 2012 ei prøveordning der fagskolar på fagområda kunst, kultur, design og handverk, medium og kommunikasjon, IKT og merkantile fag kunne ta opp studentar med generell studiekompetanse, i tillegg til studentar med fag-/sveinebrev eller realkompetanse. Prøveordninga gjer det mogleg for fleire grupper å ta fagskoleutdanning. Departementet har sidan utvida prøveordninga med fagområdet oppvekstfag. Prøveordninga vil bli evaluert.

Strategiar og tiltak

Kunnskapsdepartementet sette i 2013 ned eit offentleg utval som skal vurdere rolla og plassen til fagskoleutdanninga i utdanningslandskapet og sett i høve til arbeidslivet. Utvalet skal mellom anna sjå på korleis kvaliteten og statusen til fagskoleutdanninga kan betrast, og korleis det best kan leggjast til rette for at studentar kan flytte seg mellom fagskolar og høgskolar og universitet. Utvalet skal òg vurdere opptaksgrunnlaget og kva det betyr at fagskoleutdanninga skal vere yrkesretta. I tillegg skal utvalet vurdere gjeldande finansieringsordning for fagskolar og foreslå alternative modellar for gjeninnføring av statleg finansiering av fagskolane. Utvalet skal leggje fram ein NOU innan utgangen av 2014.

I løpet av 2014 tek departementet sikte på å sende ut til høyring forslag til endringar i lov om fagskoleutdanning.

Departementet har i 2013 sett ned ei ekspertgruppe som skal sjå på tilsyn og kontroll ved private høgskolar og fagskolar. Målet med arbeidet til ekspertgruppa er å auke tryggleiken for at offentlege tilskott og eigenbetaling frå studentane kjem studentane til gode. Utvalet vil levere ein rapport i løpet av 2014.

Det viktigaste faglege utviklingsarbeidet for fagskolane i 2014 er å utarbeide skildringar av læringsutbytte for alle utdanningane i tråd med dei overordna skildringane av læringsutbytte som er fastsette i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk.

Post 72 Anna fagskoleutdanning

Posten omfattar tilskott til fagskolar med utdanningstilbod i fag som kunst og film, design, kristent livssyn, byggfag og jordbruk.

Mål for 2015

Målet med tilskottsordninga på kap. 276 post 72 er å medverke til gode utdanningstilbod ved fagskolane med tilskott over posten.

Rapport for 2013

I 2013 fekk 16 fagskolar tilskott over posten, og dei hadde til saman 790 studentar hausten 2013. Dette er ein nedgang frå 834 studentar hausten 2012. Dei 16 fagskolane er geografisk spreidde, med éin fagskole i høvesvis Hordaland, Nordland, Møre og Romsdal, Rogaland og Østfold, to fagskolar i Vest-Agder, fire i Oslo og fem i Akershus. Nær 90 pst. av studentane ved desse fagskolane tek utdanningar innanfor kunst og kristent livssyn, medan dei resterande studentane tek utdanningar innanfor film, dans, design, byggfag og jordbruk.

Oslo International Bible College har mista godkjenninga etter fagleg tilsyn frå NOKUT i februar 2014 og mottek ikkje lenger tilskott. Tomb fagskole har lagt ned tilbodet på grunn av manglande rekruttering av studentar og mottek ikkje lenger tilskott.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår ei løyving på 66,7 mill. kroner for 14 fagskolar over denne posten. Sjå tabell med løyving for fagskolane i vedlegg 2.

Tilskottsordninga for fagskolar under kap. 276 post 72 er rammestyrt. Tilskottet til den einskilde fagskole blir tildelt som ei vidareføring av det tilskottet skolen fekk under tilskottsordninga frå før godkjenninga som fagskole. I tillegg er det uavhengig av endringar i talet på studentar ved skolen. For å få best mogleg bruk av midlane på dette kapitlet foreslår departementet å opne for å omfordele midlar frå dei fagskolane som på grunn av manglande rekruttering må leggje ned heile eller delar av tilbodet, til dei fagskolane som rekrutterer godt.

I samband med at Fagskolen Innlandet har overteke ansvaret for fagskoleutdanninga ved Norges byggskole foreslår departementet at Fagskolen Innlandet får eit øyremerkt tilskott til drifta av dette fagskoletilbodet i 2015.

Kap. 280 Felles einingar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

72 346

75 646

79 468

21

Særskilde driftsutgifter

306

10

10

50

Senter for internasjonalisering av utdanning

55 088

67 016

70 149

51

Drift av nasjonale fellesoppgåver

107 384

146 896

171 165

71

Tilskott til UNIS

112 217

117 935

121 827

72

Tilskott til UNINETT

24 759

25 626

26 472

73

Tilskott til NORDUnet, kan overførast

22 757

23 905

24 694

Sum kap. 0280

394 857

457 034

493 785

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar løyving til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT).

Mål for 2015

Departementet og NOKUT har i 2014 vore i dialog om målbiletet for verksemda. Følgjande mål gjeld for NOKUT frå 2015:

NOKUT skal medverke til at alle utdanningar ved norske universitet, høgskolar og fagskolar har tilfredsstillande kvalitet, at flest mogleg utdanningar er framifrå, og at samfunnet er godt informert om tilstanden i sektoren. NOKUT skal òg bidra til at personar med utanlandsk utdanning effektivt kan nytte kompetansen sin i Noreg, og at arbeidsliv og utdanningsinstitusjonar har god informasjon om kva utanlandsk kompetanse svarer til i Noreg. NOKUT skal ha ei effektiv forvalting av verksemda, kompetansen og ressursane i samsvar med samfunnsoppdraget og internasjonale standardar på området.

Rapport for 2013

Kunnskapsdepartementet tildelte til saman 72,3 mill. kroner til NOKUT i 2013 over kap. 280 post 01. Departementet vurderer at NOKUT samla sett hadde god måloppnåing i 2013.

NOKUT gjennomførte evalueringar av kvalitetssikringssystema ved institusjonar, tilsyn med eksisterande utdanningar og starta i 2013 eit forsøksprosjekt for ny periodisk evaluering av kvalitetssikringssystema. Arbeidet til NOKUT medverkar til å utvikle kvalitetssikringssystema og utdanningane ved institusjonane.

NOKUT har òg publisert fleire analysar og rapportar og halde seminar om ulike tema, noko som har auka merksemda på og kunnskapsgrunnlaget for kvaliteten i universitets- og høgskolesektoren. I 2013 kom ein omfattande tilsynsrapport frå NOKUT om humanistiske fag. Rapporten viste mellom anna utfordringar med arbeidet med skildringar av læringsutbyttet for fleire institusjonar. Tilsynet medfører at NOKUT vil vurdere godkjenninga av fire studietilbod på nytt.

NOKUT utarbeidde i 2013 ei ny studentundersøking, Studiebarometeret, som vart lansert i februar 2014. Departementet tildelte 1,5 mill. kroner over kap. 281 post 01 til dette arbeidet. Sjå kategoriomtalen for resultat frå undersøkinga.

Grunna stor vekst i talet på søknader om godkjenning av utanlandsk utdanning har NOKUT ventelister på dette området. I 2013 mottok NOKUT til saman 6 163 søknader, noko som er ein auke på 20 pst. frå 2012. NOKUT etablerte i 2013 ei ny ordning for å godkjenne kompetanse til flyktningar som ikkje kan dokumentere denne på ordinær måte, til dømes med vitnemål. Departementet tildelte 3 mill. kroner til NOKUT i 2013 over kap. 280 post 01 til dette arbeidet.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår ei samla løyving på 79,5 mill. kroner til NOKUT over kap. 280 post 01. Dette inkluderer midlar til ei varig godkjenningsordning for kompetansen til flyktningar. Det inneber ein auke på 5 mill. kroner på kap. 280 post 01 mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 281 post 01. Vidare foreslår departementet å styrkje NOKUTs rolle som nasjonalt kontaktpunkt for European Qualifications Framework (EQF) med 0,5 mill. kroner, som flyttes til kap. 280 post 01 frå kap. 281 post 01.

Som følgje av innføring av nøytral meirverdiavgift for ordinære statlege forvaltningsorgan er løyvingsforslaget redusert med 4 mill. kroner, jf. omtale under Hovudprioriteringar i del I.

Til grunn for løyvinga ligg ein reduksjon på 0,5 pst. som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar. Dette utgjer 0,4 mill. kroner.

Departementet foreslår òg midlar til NOKUT over kap. 281 post 01. Det inneber mellom anna midlar til oppgradering av IKT-systemet til NOKUT. Sjå omtale av budsjettforslaget under kap. 281 post 01.

Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3280 postane 01 og 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Posten omfattar mellom anna kostnader til det nasjonale arbeidet med kvalifikasjonsrammeverket som NOKUT har eit koordineringsansvar for.

Rapport for 2013

Det vart tildelt 0,3 mill. kroner til eit prosjekt om kartlegging av kvalifikasjonar, koordinert gjennom NOKUT. Sjå òg omtale under kap. 3280 post 01.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår ei løyving på 10 000 kroner.

Departementet foreslår at løyvinga over post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3280 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 50 Senter for internasjonalisering av utdanning

Posten omfattar driftsmidlar til Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) og midlar til program og tilskott som SIU forvaltar.

Mål for 2015

SIU skal medverke til at internasjonalisering styrkjer kvalitetsutviklinga i norsk utdanning. SIU skal medverke til betre samordning og utvikling av arbeidet med internasjonalisering i samarbeid med relevante nasjonale og internasjonale aktørar. SIU skal ha ei effektiv forvalting av verksemda, kompetansen og ressursane i samsvar med samfunnsoppdraget sitt.

Rapport for 2013

Kunnskapsdepartementet tildelte 55,1 mill. kroner til SIU over kap. 280 post 50 i 2013. Det omfatta driftsmidlar og midlar til program og tiltak som SIU forvaltar. Frå Kunnskapsdepartementet fekk SIU i tillegg tildelt midlar over kap. 252 post 70, kap. 281 post 01 og kap. 288 post 21 til internasjonalt samarbeid og kunnskapsutvikling. Sjå omtale under desse kapitla og postane.

Hovudverkeområdet til SIU er forvalting av internasjonale samarbeidsprogram. I tillegg til å forvalte program på vegner av Kunnskapsdepartementet forvaltar SIU program for mellom anna Utanriksdepartementet, Norad, Nordisk Ministerråd og EU-kommisjonen. Det er god aktivitet innanfor dei fleste programma. SIU har òg ei viktig rolle i å profilere Noreg i utlandet som eit attraktivt samarbeids- og studieland. SIU gjer ein god jobb på dette området.

I 2013 overtok SIU ansvaret for å godkjenne samarbeidsprogram mellom norske og utanlandske vidaregåande skolar. SIU overtok òg ansvaret for å godkjenne utvekslingsorganisasjonar for rett til støtte gjennom Lånekassen.

SIU har ei viktig rolle i å utvikle kunnskapsgrunnlaget for internasjonalt samarbeid innanfor utdanning. I 2013 har SIU hatt merksemd på bilateralt samarbeid med prioriterte land utanfor EU. SIU går gjennom det samla verkemiddelapparatet for internasjonalt høgre utdanningssamarbeid. Departementet vurderer at SIU samla sett hadde god måloppnåing i 2013.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår ei samla løyving på 70,1 mill. kroner til SIU over kap. 280 post 50.

Ein vesentleg del av løyvinga er midlar som SIU utbetaler vidare som tilskott. Elles er det midlar til drift av program og midlar for å setje i verk tiltak i kunnskapssektoren. Innanfor grunnopplæringa vil SIU frå 2015 få ansvar for forvalting av ordningar som tidlegare har vore forvalta av Fylkesmannen i Vest-Agder og Fremmedspråksenteret. Sjå nærmare omtale under tilskottsordningane på kap. 225 post 72 og post 73 under programkategori 07.20 Grunnopplæringa. Departementet foreslår i samband med overføring av oppgåver frå Fylkesmannen i Vest-Agder å flytte 812 000 kroner til administrativ ressurs til kap. 280 post 50 frå kap. 525 post 01 under programkategori 13.25 Fylkesmannsembetene. Vidare foreslår departementet i samband med overføringa av oppgåver frå Fremmedspråksenteret å flytte 456 000 kroner til administrativ ressurs til kap. 280 post 50 frå kap. 226 post 21 under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Til grunn for løyvinga ligg ein reduksjon på 0,5 pst. som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar. Dette utgjer 0,3 mill. kroner.

Departementet foreslår òg midlar til SIU over kap. 281 post 01.

Post 51 Drift av nasjonale fellesoppgåver

Posten omfattar løyvingar til Artsdatabanken, BIBSYS, CRIStin (Current Research Information System in Norway), Felles studieadministrativt tenestesenter, Nasjonalt senter for realfagsrekruttering, Noregsuniversitetet (NUV) og Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU). Dette er einingar for drift av nasjonale fellesoppgåver som er organiserte etter § 1-4 fjerde ledd i lov om universitet og høgskolar.

I 2014 vart det oppretta eit nytt felles studieadministrativt tenestesenter ved at sekretariatet for Felles studentsystem, Samordna opptak og Seksjon for utvikling av nasjonale informasjonssystem ved Universitetet i Oslo vart samorganisert i eit felles tenestesenter. Felles studieaministrativt tenestesenter er oppretta med heimel i universitets- og høgskolelova § 1-4 fjerde ledd og administrativt lagt til Universitetet i Oslo.

Mål for 2015

Artsdatabanken skal gi forvaltning, organisasjonar og andre brukarar oppdatert og lett tilgjengeleg informasjon om biologisk mangfald. Artsdatabanken skal òg vere ein pådrivar i utviklinga av infrastruktur for innsamling og formidling av data om det biologiske mangfaldet i Noreg.

BIBSYS skal gi universitet og høgskolar gode og kostnadseffektive bibliotektenester gjennom samarbeid om bibliotekfaglege fellessystem.

CRIStin skal gi forskinga auka verdi for samfunnet ved at forsking i fleire sektorar blir sett i samanheng. CRIStin skal òg dokumentere, presentere og gjere ope tilgjengeleg kvalitetssikra data om vitskapleg publisering i ein felles nasjonal database. Publiseringsdata blir nytta mellom anna i finansieringssystema i universitets- og høgskolesektoren, instituttsektoren og dei regionale helseføretaka.

Felles studieadministrativt tenestesenter skal forvalte, utvikle og halde ved like studieadministrative system og tenester for universitet og høgskolar. Tenestesenteret skal mellom anna leggje til rette for og gjennomføre eit effektivt og korrekt studentopptak til grunnutdanningane ved universitet og høgskolar.

Nasjonalt senter for realfagsrekruttering skal i samarbeid med arbeidslivet og utdanningsinstitusjonane bidra til å styrkje dei matematiske, naturvitskaplege og teknologiske (MNT) faga. Senteret skal arbeide for å betre rekrutteringa til MNT-fag og for å auke kvinnedelen i MNT-retta fag og yrke.

Noregsuniversitetet (NUV) skal stimulere til utvikling og bruk av teknologi for læring og fleksible studietilbod i høgre utdanning. Vidare skal NUV fremme utdanningssamarbeid mellom høgre utdanning og arbeidsliv gjennom bruk av læringsteknologi.

Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU) skal gjennom stipendiatprogrammet og prosjektprogrammet verke for at universitet og høgskolar utfører kunstnarleg utviklingsarbeid på høgt, internasjonalt nivå. Programmet skal bidra til å fremme refleksjon og innsikt basert på kunstnarleg praksis, og stimulere til tverrkunstnarisk kommunikasjon og møtestader for dei relevante fagmiljøa.

Rapport for 2013

Artsdatabanken

Kunnskapsdepartementet tildelte 25,9 mill. kroner til Artsdatabanken i 2013. Artsdatabanken lanserte i 2013 den første versjonen av Arter på nett som ein integrert del av ny nettside. Det vart lagt inn 1,64 mill. nye artsfunn i 2013 i tenesta Artsobservasjoner. Artsdatabanken har òg ført vidare arbeidet med Artskart, der artsdata frå universitetsmusea, forskingsinstitutt, konsulentfirma, forvaltningsorgan og frivillige organisasjonar blir kvalitetssikra og gjorde ope tilgjengelege. Ved årsskiftet var det registrert 16,5 mill. artsfunn frå totalt 110 databasar. Artsdatabanken har i 2013 starta arbeidet med revisjon av Rødlista for arter som skal lanserast i 2015.

BIBSYS

Kunnskapsdepartementet tildelte 3,4 mill. kroner til BIBSYS i 2013. BIBSYS har i 2013 arbeidd vidare med å skaffe eit nytt biblioteksystem der alle informasjonskjeldane kan samlast i ei søkjekjelde. Målet er meir effektive bibliotektenester. Styret har vedteke å dele prosjektet i to delar, først ei felles søketeneste for studentar og vitskapleg tilsette og deretter eit nytt verktøy for bibliotektilsette. Felles søketeneste vart sett i drift i 2013. Det nye biblioteksystemet skal vere implementert i 2015. BIBSYS har òg utvikla ein ny strategi for verksemda i 2013 som gjeld fram til 2017.

CRIStin

Kunnskapsdepartementet tildelte 23,7 mill. kroner til CRIStin i 2013. Felles rapportering av vitskaplege publikasjonar vart i 2013 gjennomført på ein svært god måte. CRIStin har starta eit arbeid for å forbetre CRIStin-systemet mellom anna med betre samordning med andre forskingssystem, ny søkjeteneste og ny prosjektkatalog. Arbeidet med å fremme open tilgang til vitskaplege publikasjonar heldt fram i 2013. CRIStin etablerte ei teneste for enklare overføring av publikasjonar til institusjonelle arkiv. Denne tilrettelegginga vil først ha effekt for registreringar i 2014. Fleire avtalar om tilgang til vitskaplege tidsskrift vart reforhandla i 2013, med godt resultat og betre lisensvilkår for brukarane.

Nasjonalt senter for realfagsrekruttering

Nasjonalt senter for realfagsrekruttering vart i 2013 finansiert gjennom løyvinga til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet over kap. 260 post 50. I tillegg vart senteret tildelt om lag 6 mill. kroner samla over kap. 281 post 01 og kap. 226 post 21 under programkategori 07.20 Grunnopplæringa. Sjå omtale under kap. 281 post 01 for rapportering for 2013.

Noregsuniversitetet

I 2013 tildelte Kunnskapsdepartementet 24,6 mill. kroner til Noregsuniversitetet (NUV). Det var i 2013 ein auke i talet på søknader om støtte til utviklingsprosjekt for fleksibel og IKT-støtta utdanning. NUV lyste òg ut midlar for å fremme og utvikle kvalitet i utdanningstilbod om entreprenørskap i høgre utdanning. NUV har saman med Senter for IKT i utdanning arbeidd med teknologisk utbetring og tilpassingar av den juridiske rettleiingstenesta, DelRett. NUV registrerer ei positiv interesse for utvikling av opne og tilgjengelege studietilbod, såkalla MOOC (Massive Open Online Courses).

Program for kunstnarleg utviklingsarbeid

Program for kunstnarleg utviklingsarbeid fekk i 2013 tildelt midlar over kap. 281 post 01. Sjå kap. 281 post 01 for rapportering for 2013.

Samordna opptak

Kunnskapsdepartementet tildelte 29,8 mill. kroner til Samordna opptak (SO) i 2013. SO hadde ansvaret for studentopptak gjennom den nasjonale opptaksmodellen. I 2013 vart om lag 120 000 søknader til høgre utdanning handterte. SO hadde òg administrativt ansvar for drift av Nasjonal vitnemålsdatabase, felles klagenemnd for studentsaker og nasjonal klagenemnd for opptakssaker. SO handsama i tillegg saker frå særskilde grupper søkjarar, mellom anna søkjarar med utanlandsk utdanning.

IKT-systema til SO er sårbare, og det er stort behov for oppgradering. I statsbudsjettet for 2013 tildelte departementet 7 mill. kroner over kap. 281 post 45 for å få på plass eit nytt IKT-system frå 2015. Sjå kap. 281 post 45.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår ei samla løyving på 171,2 mill. kroner over kap. 280 post 51.

Departementet foreslår ei løyving på 26,5 mill. kroner til Artsdatabanken, 3,6 mill. kroner til BIBSYS, 25,2 mill. kroner til CRIStin og 26,2 mill. kroner til Noregsuniversitetet.

Nasjonalt senter for realfagsrekruttering har hittil primært vore finansiert gjennom løyvinga til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) over kap. 260 post 50 og over kap. 281 post 01. Departementet foreslår ei løyving på 15,8 mill. kroner for å føre vidare Nasjonalt senter for realfagsrekruttering. Det omfattar ei flytting av løyvinga til programmet frå NTNU over kap. 260 post 50 og frå kap. 281 post 01 til kap. 280 post 51.

Departementet foreslår ei løyving på totalt 38,1 mill. kroner til Program for kunstnarleg utviklingsarbeid, inkludert midlar til programdrift. Løyvinga omfattar òg 3,4 mill. kroner til tre nye stipendiatstillingar i 2015.

Sekretariatet for Felles studentsystem, Samordna opptak og Seksjon for utvikling av nasjonale informasjonssystem ved Universitetet i Oslo vart 1. juli 2014 organisert i Felles studieadministrativt tenestesenter for universitets- og høgskolesektoren. Departementet foreslår ei løyving på 34,8 mill. kroner til senteret i 2015. Departementet tek sikte på å flytte midlar frå Seksjon for utvikling av nasjonale informasjonssystem ved Universitetet i Oslo til Felles studieadministrativt tenestesenter på eit seinare tidspunkt.

Utgiftene Samordna opptak (SO) har til eID på høgt tryggleiksnivå er dekte gjennom rammeoverføring til Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). For å dekkje SO sitt forventa forbruk i 2015 foreslår departementet å auke overføringa frå kap. 280 post 51 til kap. 540, Direktoratet for forvaltning og IKT, post 22 Betaling av elektronisk ID og digital post til private leverandører med 48 000 kroner, jf. Prop. 1 S (2014–2015) for Kommunal-og moderniseringsdepartementet.

Felles klagenemnd blir klageinstans for avgjerder som universitet og høgskolar tek etter offentleglova, jf. Prop. 59 L (2013–2014), som tredde i kraft 1. august 2014. Felles studieadministrativt tenestesenter fungerer som sekretariat for klagenemnda. For å dekkje meirutgifter til sekretariatet blir det foreslått ein auke på 1 mill. kroner på kap. 280 post 51, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 281 post 01.

Til grunn for løyvinga ligg ein reduksjon på 0,5 pst. som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar. Dette utgjer 0,8 mill. kroner.

Post 71 Tilskott til UNIS

Posten omfattar løyving til Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS).

Mål for 2015

UNIS skal tilby høgre utdanning og drive forsking av høg internasjonal kvalitet med utgangspunkt i at Svalbard ligg i eit høgarktisk område.

Rapport for 2013

Departementet tildelte 112,2 mill. kroner til UNIS i 2013, inkludert 5,4 mill. kroner til vidareføring og opptrapping av studieplassar som vart oppretta i 2011. UNIS er ei aktiv og utoverretta verksemd som leverer utdanning og forsking av høg internasjonal kvalitet, og som har nedslagsfelt nasjonalt og internasjonalt. UNIS har ein vesentleg plass på kunnskapsplattforma Svalbard. I 2013 vart det gjennomført om lag 175 studentårsverk ved UNIS, mot 160 i 2012. Av desse var 53 pst. kvinner. 35 pst. av studentane var norske i 2013, noko som er ein nedgang frå 2012. Studentar og tilsette ved UNIS utgjer ein stadig viktigare del av lokalsamfunnet på Svalbard. UNIS mottek òg finansiering frå Forskingsrådet og næringslivet.

Budsjettforslag for 2015

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving til UNIS på 121,8 mill. kroner.

Post 72 Tilskott til UNINETT

Posten omfattar driftstilskott til UNINETT AS (UNINETT).

Mål for 2015

UNINETT skal utvikle eit landsomfattande datanett og tilby avanserte tenester for forsking, formidling og utdanning, i samspel med internasjonale forskingsnett i Europa og verda elles.

Rapport for 2013

Departementet tildelte 24,8 mill. kroner i tilskott til UNINETT over kap. 280 post 72. UNINETT har i 2013 arbeidd med ei ny organisering av selskapet som er tilpassa den nye strategien frå 2012. I 2013 har UNINETT halde fram med utbygginga av forskingsnettet. Ved utgangen av året hadde over 80 pst. av statlege universitet og høgskolar ei tilknyting på minst ti gigabite per sekund. UNINETT viser til at infrastruktur for forsking no er så kritisk for brukarane at det er nødvendig å halde fram med utbygging av reservevegar og -utstyr.

UNINETT fekk i 2013 i tillegg 30 mill. kroner over kap. 281 post 70 til ein ekstra fiberoptisk kabel mellom Longyearbyen og Ny-Ålesund. UNINETT fekk over kap. 281 post 70 òg tildelt 15 mill. kroner til vidare utvikling av eCampus. Sjå omtale under kap. 281 post 70.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår ei løyving på 26,5 mill. kroner over kap. 280 post 72 for å føre verksemda til UNINETT vidare. Det blir òg foreslått middel til UNINETT over kap. 281 post 70 til eCampus.

Post 73 Tilskott til NORDUnet, kan overførast

Posten omfattar tilskott til NORDUnet AS (NORDUnet).

Mål for 2015

NORDUnet skal medverke til å sikre felles nettverksinfrastruktur for dei nordiske universitets- og høgskolesektorane og knyte dei til internasjonale nett og nett-tenester. Målet med tilskottet er å sikre norsk tilgang til det nordiske samarbeidet om ein IKT-infrastruktur i verdsklasse.

Rapport for 2013

Departementet tildelte 22,8 mill. kroner til NORDUnet i 2013. NORDUnet har i dei siste åra gjennomført ei stor nettverksoppgradering, og nettverket er no på internasjonalt toppnivå. Samarbeidet om NORDUnet gir dei nordiske akademiske netta meir kostnadseffektive løysingar enn om kvart land skulle operert aleine. Det gir òg dei nordiske landa tung påverknad når det gjeld utforming av internasjonalt nett og val av teknologiske løysingar.

Budsjettforslag for 2015

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på 24,7 mill. kroner til NORDUnet for å føre aktiviteten vidare.

Kap. 3280 Felles einingar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Eksterne inntekter NOKUT

306

10

10

02

Salsinntekter o.a.

1 933

1 253

1 288

Sum kap. 3280

2 239

1 263

1 298

Løyvinga på post 01 gjeld mellom anna inntekter til NOKUT frå EU-kommisjonen over kap. 280 post 21 til det arbeidet NOKUT gjer med kvalifikasjonsrammeverket.

Løyvinga på post 02 gjeld inntekter til NOKUT frå kurs og konferansar.

Løyvingsforslaget er redusert med 6 000 kroner som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I Hovudprioriteringar.

Kap. 281 Felles tiltak for universitet og høgskolar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

152 663

160 216

122 013

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

18 149

61 523

11 857

50

Tilskott til Noregs forskingsråd

79 258

101 849

135 833

70

Andre overføringar, kan nyttast under post 01

120 307

47 236

46 388

73

Tilskott til internasjonale program

20 586

71 060

67 148

78

Tilskott til Universitets- og høgskolerådet

15 222

15 755

16 275

Sum kap. 0281

406 185

457 639

399 514

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Posten omfattar midlar til ulike tiltak og prosjekt for å medverke til kvalitetsutvikling, samordning av prioriterte område og andre fellestiltak for å nå måla for universitets- og høgskolesektoren. Posten femner om dei fire måla for politikkområdet for høgre utdanning og forsking. Løyvinga kan nyttast under kap. 281 post 01 når midlane er til statlege aktørar, og under kap. 281 post 70 for tilskott til ikkje-statlege aktørar. Sjå kap. 281 post 70.

Mål for 2015

Midlane skal støtte opp under måla for universitets- og høgskolesektoren og prioriterte politikkområde.

Rapport for 2013

Kunnskapsdepartementet tildelte i 2013 til saman 273,3 mill. kroner over kap. 281 post 01 og post 70. Av desse vart om lag 153 mill. kroner utbetalte over post 01 og 120,3 mill. kroner over post 70.

Senter for framifrå utdanning

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) forvaltar ordninga med senter for framifrå utdanning (SFU) på vegner av departementet. I 2013 tildelte departementet 15,9 mill. kroner til å opprette tre nye SFU-ar etter ei brei og open utlysing gjennom NOKUT. Dei tre nye sentra er Centre of Excellence in Music Performance Education (Noregs musikkhøgskole), Centre for Research, Innovation and Coordination of Mathematics Teaching (Universitetet i Agder) og Centre for Excellence in Biology Education (Universitetet i Bergen, Universitetssenteret på Svalbard og Havforskingsinstituttet). NOKUT viser til at sentra er innovative og har dokumentert framifrå kvalitet i eksisterande utdanning.

Lærarutdanning

Departementet tildelte om lag 15 mill. kroner til vidareutvikling av lærarutdanningar og over kap. 281 post 01. Midlane har mellom anna medverka til å føre vidare den nasjonale satsinga på mentorordning for nyutdanna og nytilsette lærarar, utvikling av nye rammeplanar, følgjegruppe for dei nye grunnskolelærarutdanningane, følgjegruppe for ny barnehagelærarutdanning og utvikling av ny lektorutdanning for trinna 8–13.

Realfag og entreprenørskap

Departementet tildelte til saman 10,4 mill. kroner til realfags- og entreprenørtiltak over kap. 281 post 01 i 2013.

Mellom anna vart Nasjonalt senter for realfagsrekruttering tildelt 3,5 mill. kroner over kap. 281 post 01 til ENT3R-prosjektet. I tillegg vart ENT3R-prosjektet tildelt 2,5 mill. kroner over kap. 226 post 21 under programkategori 07.20 Grunnopplæringa. Målet med ENT3R er å sikre kvalifiserte søkjarar til MNT-fag og ingeniørutdanning. I 2013 deltok om lag 2 000 elevar på ENT3R, og om lag 170 studentar arbeidde som mentorar. Studiestadene som tilbyr ENT3R, opplever at prosjektet har ein viktig rekrutteringseffekt for MNT-fag og for studiestadene generelt.

Prosjektet Computing in Science ved Universitetet i Oslo vart tildelt 1,3 mill. kroner for mellom anna å finne gode evalueringsformer i berekningsorientert matematikk.

Departementet tildelte 4,2 mill. kroner til Noregsuniversitetet i 2013 for koordinering av tiltak for å fremme entreprenørskap i utdanninga.

Det vart tildelt 1,5 mill. kroner gjennom Utdanningsdirektoratet for å følgje opp entreprenørskap i lærarutdanninga, jf. handlingsplanen Entreprenørskap i utdanningen – fra grunnskole til høyere utdanning 2009–2014.

Kunstutdanning og kunstnarleg utviklingsarbeid

Departementet tildelte 31,7 mill. kroner i 2013 til Program for kunstnarleg utviklingsarbeid, inklusive midlar til programdrift. Sju stipendiatar fullførte programmet i 2013. Prosjektprogrammet mottok åtte søknader, og tre av prosjekta fekk støtte.

Internasjonalt samarbeid

Departementet tildelte i 2013 til saman 27,4 mill. kroner til internasjonalt samarbeid over kap. 281 post 01.

Strategien for auka høgre utdanningssamarbeid med Nord-Amerikagjeld for perioden 2012–15. Hovudprioriteringane i strategien er institusjonelt samarbeid og sterkare kopling mellom forskings- og høgre utdanningssamarbeidet. Strategien skal òg medverke til større mobilitet av studentar og tilsette. Strategien blir finansiert med 10 mill. kroner per år og blir forvalta av Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU).

Gjensidig stipendordning for norske og russiske studentar vart ført vidare i 2013. 19 russiske og to norske studentar fekk stipend av ulik type og lengde gjennom ordninga i 2013. Dette var ein auke frå 2012. Avtalen er følgd opp på ein tilfredsstillande måte.

I 2013 tildelte Kunnskapsdepartementet 3 mill. kroner til SIU for utvikling og etablering av internasjonale fellesgradar. Talet på søknader har vore lågare enn forventa. Frå 2014 er midlar til internasjonale fellesgrader omdisponerte til UTFORSK-programmet for å prøve ut modellar for internasjonalt utdannings- og forskingssamarbeid, jf. Innst. 260 S (2013–2014).

Departementet tildelte 2,3 mill. kroner til UTFORSK for å styrkje koplinga mellom høgre utdannings- og forskingssamarbeid med BRIKS-landa (Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika) og Japan. Programmet er eit samarbeid mellom SIU og Forskingsrådet. SIU mottok 30 fullstendige søknader til UTFORSK i 2013 og tildelte midlar til åtte prosjekt. I tillegg har det vorte gjennomført fleire andre aktivitetar knytte til UTFORSK i 2013. Sjå omtale under programkategori 07.70 Forsking.

Maritim strategi

Løyvinga på 18,5 mill. kroner til MARKOM2020-prosjektet vart ført vidare i 2013. Prosjektet er eit samarbeid mellom Universitetet i Tromsø, Høgskolen i Ålesund, Høgskolen Stord/Haugesund og Høgskolen i Buskerud og Vestfold om å vidareutvikle den maritime profesjonsutdanninga og fagskoleutdanninga i Noreg. I 2013 hadde MARKOM2020 19 finansierte tiltak i universitets- og høgskolesektoren og 22 finansierte tiltak i fagskolesektoren. Midlane har lagt grunnlaget for betre kvalitet i forsking og utdanning i dei maritime profesjonsutdanningane og har styrkt samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonane og næringane.

Likestilling

Departementet tildelte 8,4 mill. kroner over kap. 281 post 01 i 2013 til ulike tiltak innanfor likestilling. Midlane har i hovudsak gått til utteljing i insentivordninga for tilsetjing av 18 kvinner i høgre vitskaplege stillingar i MNT-fag. Likestillingsprisen for 2013 gjekk til Simula Research Laboratory. Sjå omtale av Komité for kjønnsbalanse i forskning under kap. 281 post 70.

Kunnskapsgrunnlag

Departementet tildelte om lag 26 mill. kroner til ulike tiltak for å fremme kunnskap om og medverke til kvalitetsutvikling. Det omfatta mellom anna utdanningskvalitetsprisen, som gjekk til Noregs handelshøgskole, midlar til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) for studentundersøking og utvikling av nettportalen.

For å møte behovet for meir kunnskap om universitets- og høgskolesektoren lyste departementet hausten 2012 ut eit nytt strategisk forskingsprogram for perioden 2013–14. Oppdraget gjekk til Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU), med kvalitet og samspel som det sentrale temaet. Det vart i 2013 tildelt 5,5 mill. kroner til programmet.

Departementet tildelte midlar til mellom anna Felles studentsystem, felles lønns- og personalsystem, Fagskolerådet og samorganiseringa av Noregs veterinærhøgskole og Universitetet for miljø- og biovitskap. Kunnskapsdepartementet heldt i 2013 fram med arbeidet med implementering av Nasjonal rekrutteringsstrategi for samisk høgre utdanning 2011–14. Strategien har til formål å styrkje rekrutteringa til samisk høgre utdanning og blir avslutta i 2014.

Det vart òg sett ut oppdrag om analysar og konsekvensutgreiingar av ulike tiltak for sektoren.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår ei samla løyving på 168,4 mill. kroner på kap. 281 post 01 og post 70 i 2015. Av desse foreslår departementet å løyve 122 mill. kroner over post 01 og 46,4 mill. kroner over post 70. Reduksjonen frå 2014 skriv seg mellom anna frå midlar som departementet foreslår å flytte frå kap. 281 post 01 i 2015. Dette gjeld mellom anna midlar til Nasjonalt senter for realfagsrekruttering og etter- og vidareutdanning for lærarar. Sjå omtale under høvesvis kap. 280 post 51 og kap. 260.

Utgiftene til dei enkelte tiltaka er oppgitt inkludert meirverdiavgift. Samla er løyvingsforslaget på post 01 redusert med 4,1 mill. kroner som følgje av innføring av nøytral meirverdiavgift, jf. omtale under Hovudprioriteringar i del I.

Til grunn for løyvinga ligg ein reduksjon på 0,5 pst. som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar. Dette utgjer 0,8 mill. kroner.

Tiltaka under er kategoriserte etter dei fire måla for politikkområdet for høgre utdanning og forsking. Sjå òg omtale av tiltak under kap. 281 post 70.

Høg kvalitet i utdanning og forsking

Departementet foreslår å løyve midlar over kap. 281 post 01 for å fremme høg kvalitet i utdanning og forsking.

Senter for framifrå utdanning (SFU), som blir forvalta av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT), er eit viktig verkemiddel for å stimulere til kvalitetsutvikling i høgre utdanning. Departementet foreslår derfor å styrkje sentra med 4 mill. kroner, slik at det totalt blir løyvt 19,9 mill. kroner til SFU i 2015. Midlane skal medverke til å styrkje arbeidet ved sentra med å utvikle og spreie forskingsbasert kunnskap om innovative praksisar i høgre utdanning.

Departementet foreslår å løyve inntil 15 mill. kroner til NOKUT for å styrkje kunnskapen om utdanningskvalitet. Dette inneber mellom anna eit pilotprosjekt om nasjonale deleksamenar innanfor matematiske fag i nokre profesjonsutdanningar. Vidare omfattar det ei fagfellevurdering som skal samanlikna studietilbod i ulike land i samarbeid med utanlandske kvalitetssikringsorgan, og utvikling av ein modell for felles fagevalueringar av utdanning og forsking i samarbeid med Forskingsrådet.

Utdanningskvalitetsprisen og studentundersøkinga Studiebarometeret blir førte vidare i 2015. Det same gjeld følgjegruppene for barnehagelærarutdanninga og grunnskolelærarutdanningane, der sistnemnde etter planen trappar ned og avsluttar arbeidet i løpet av 2015.

Departementet følgjer opp Strategien for auka høgre utdanningssamarbeid med Nord-Amerika 2012–15 ved å føre vidare løyvinga på 10 mill. kroner til Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU).

Forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

Departementet foreslår å løyve midlar til tiltak som medverkar til velferd, verdiskaping og omstilling. Mellom anna foreslår departementet å føre vidare løyvinga til MARKOM2020-prosjektet med 18,5 mill. kroner. Det same gjeld midlar til SIU for å føre UTFORSK-programmet vidare i 2015.

Departementet foreslår òg å løyve midlar til utvikling av ein nasjonal vitnemålsdatabank i 2015, til eit prosjekt om kunnskapstriangelet i OECD og til andre utgreiingar og evalueringar for kunnskap om og utvikling av høgre utdanning og forsking.

God tilgang til utdanning

Departementet foreslår å løyve midlar over kap. 281 post 01 mellom anna til å stimulere til utvikling av Y-vegar innanfor fleire fagområde. Målet er å gi personar med fagbrev betre moglegheit til å byggje vidare på kompetansen i høgre utdanning. Tilbodet kan òg motivere fleire til å fullføre fagbrev fordi dei seinare vil kunne søkje seg til høgre utdanning utan å ha generell studiekompetanse.

Effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem

Departementet foreslår å løyve midlar til tiltak over kap. 281 post 01 for å medverke til at høgre utdanningssektoren skal vere effektiv, mangfaldig og solid.

NOKUT har stort behov for å oppgradere IKT-systemet for å sikre god og effektiv sakshandsaming. Departementet fekk gjennomført ei ekstern kvalitetssikring av IKT-prosjektet i 2013, og i statsbudsjettet for 2014 vart NOKUT tildelt 13,5 mill. kroner til dette arbeidet. Målet med prosjektet er å leggje til rette for NOKUTs arbeid med kvalitetsutvikling i utdanning og raskare handsaming av søknader om godkjenning av utanlandske utdanningar. For å sluttføre IKT-prosjektet er det berekna ein kostnad på inntil 27 mill. kroner.

Vidare foreslår departementet å løyve midlar til å integrere CRIStin-systemet med andre informasjonssystem som er viktige for forskarar, til dømes informasjonssystema til Datatilsynet, Kreftforeningen og helseføretaka. Sjå omtale av CRIStin under kap. 280 post 51.

Delar av løyvinga dekkjer òg utgifter til utgreiingar knytte til utviklingsprosjekt og bygg.

Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3281 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Posten omfattar midlar til investeringar i utstyr og vedlikehald i sektoren.

Mål for 2015

Midlane skal medverke til gode fasilitetar og utstyr i universitets- og høgskolesektoren.

Rapport for 2013

Kunnskapsdepartementet tildelte 18,1 mill. kroner i 2013 over kap. 281 post 45.

Departementet tildelte 7 mill. kroner til oppgradering og vidareutvikling av IKT-systema ved Samordna opptak (SO). Desse tiltaka skal leggje til rette for at opptak til høgre utdanning kan gjennomførast effektivt og korrekt for studentar og institusjonar. Sjå omtale av SO under kap. 280 post 51.

Utvikling av undervisingsmetodar og forskingsprosessar fører til behov for oppdatert vitskapleg utstyr. Departementet tildelte totalt 11,1 mill. kroner til vitskapleg utstyr ved høgskolane i Ålesund, Gjøvik, Lillehammer, Narvik og Vestfold i 2013.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår ei samla løyving på 11,9 mill. kroner over kap. 281 post 45. Reduksjonen frå året før skriv seg frå at eingongsløyvingar på 50 mill. kroner til utstyr i 2014, no er fasa ut.

I samband med bygging av Kunnskapssenteret ved den nye universitetsklinikken er det bygt eit felles bibliotek for Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) og Høgskolen i Sør-Trøndelag. NTNU har forskottert betaling til utviding av biblioteket. Departementet foreslår 3,5 mill. kroner til NTNU til dette formålet.

Høgskolen i Sør-Trøndelag har nyleg flytt delar av verksemda for Handelshøgskolen i Trondheim og avdeling for helse- og sosialfag. Departementet foreslår 6,4 mill. kroner til utstyr til høgskolen i samband med flyttinga.

Noregs idrettshøgskole må leige lokale til undervisning i samband med rehabilitering av bygningsmassen ved høgskolen. Departementet foreslår å tildele Noregs idrettshøgskole 2 mill. kroner årleg i tre år til husleige til mellombelse lokale.

Post 50 Tilskott til Noregs forskingsråd

Posten omfattar midlar kanaliserte gjennom Forskingsrådet til ulike forskingsprogram og satsingar om og for universitets- og høgskolesektoren.

Mål for 2015

Tilskottet skal styrkje universitet og høgskolar som innovasjonsaktørar, gi meir og betre forsking i høgskolane og i profesjonsfaga, og fremme forsking ved universitetsmusea.

Rapport for 2013

Departementet tildelte 79,3 mill. kroner til ulike program gjennom Forskingsrådet over kap. 281 post 50 i 2013.

FORNY2020 er eit sentralt verkemiddel for å bringe resultat frå offentleg finansierte forskingsinstitusjonar fram til den private marknaden. Departementet tildelte 13 mill. kroner til FORNY2020 i 2013. Programmet gir støtte til ulike fasar av kommersialiseringsarbeidet. Den viktigaste oppgåva er å skaffe midlar til tidleg fase av kommersialiseringsarbeidet og gjere prosjekta klare for investeringar utanfrå. Resultata over dei siste åra viser vekst i selskapsetableringar og lisensar.

Programmet Strategiske høgskoleprosjekt (SHP) er eit institusjonsstrategisk verkemiddel for å styrkje forskinga ved høgskolane og kvaliteten i profesjonsfaga. Departementet tildelte 40 mill. kroner til SHP i 2013. Programmet har auka merksemda på FoU og har styrkt forskingskvaliteten og -kompetansen ved høgskolane. Programmet har òg stimulert til betre samspel mellom næringsliv, offentleg sektor og forskingsmiljø. Innanfor SHP vart det utført 20 doktorgradsårsverk og avlagt fem doktorgradar i 2013. Inneverande programperiode er 2012–17.

Kunnskapsdepartementet finansierte forskingsprogramma Praksisretta utdanningsforsking (PRAKUT) og Utdanning2020 med høvesvis 8 mill. kroner og 2,5 mill. kroner over kap. 281 post 50 i 2013. Ei evaluering frå eit ekspertpanel nedsett av Forskingsrådet i 2013 viser at programma har hatt positiv verknad på utviklinga av forskingsfeltet, som òg omfattar lærarprofesjonen.

PRAKUT har medverka til å styrkje forskarkompetansen og kunnskapsgrunnlaget i lærarutdanningane. Ein statusrapport frå Forskingsrådet i 2013 viste at det er behov for å utvikle vidare metodar for korleis brukarar kan medverke i forskinga som utviklar og fornyar praksisfeltet.

Utdanning2020 har styrkt forskinga om undervisning og læring, styring, leiing og organisering av utdanning, og korleis utdanning betre kan spele saman med arbeids- og samfunnslivet. Programmet vart midtvegsevaluert av eit nordisk panel i 2013. Evalueringa viste at programmet har hatt ei god strategisk måloppnåing på fleire område.

Kunnskapsdepartementet løyvde 5 mill. kroner til nasjonal forskarskole for lærarutdanning (NAFOL) i 2013. NAFOL vart midtvegsevaluert i 2013, og evalueringa viste at arbeidet har vore vellykka og fagleg godt.

Strategisk FoU-program for universitetsmusea vart tildelt 5,8 mill. kroner i 2013, og midlane har gått til tre prosjekt: arkeologi, forskarskole i biosystematikk og museumsvitskap/museologi. Prosjekta har ført til eit betre fagleg samarbeid om forsking, klarare arbeidsdeling mellom musea og styrkt rekruttering. Prosjekta har òg utløyst fleire rekrutteringsstillingar frå universiteta og samarbeid om søknader om nye forskingsprosjekt. Begge forskarskolane er utvida til eit nordisk-baltisk samarbeid. Programmet blir avslutta i 2014.

Verkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI) fekk tildelt 3 mill. kroner over kap. 281 post 50. VRI har medverka til å styrkje dialogen mellom FoU-miljø, næringsliv og fylkeskommunane.

Det vart òg tildelt 2 mill. kroner til kunnskapsgrunnlaget for forskings- og innovasjonspolitikken (FORFI) over kap. 281 post 50 i 2013. Sjå meir omtale under programkategori 07.70 Forsking.

Budsjettforslag for 2015

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på 135,8 mill. kroner over kap. 281 post 50.

I 2014 vart PRAKUT og Utdanning2020 slåtte saman til det nye programmet FINNUT for utdanningsforsking og innovasjon i utdanningssektoren. FINNUT har no òg ansvar for prosjekta frå det førre forskingsprogrammet på feltet, PraksisFoU, og for NAFOL. Departementet foreslår ei løyving på totalt 20,5 mill. kroner til FINNUT og NAFOL over kap. 281 post 50 i 2015. Departementet vil i tillegg føre vidare løyvingane til SHP med 40 mill. kroner, VRI med 3 mill. kroner, og FORFI med 2 mill. kroner.

Departementet foreslår at dei 5,8 mill. kronene som vart nytta til strategisk FoU-satsing for universitetsmusea i 2013 og 2014, blir førte vidare til dei to forskarskolane i biosystematikk og arkeologi. Forskarskolane skal søkje internasjonalt samarbeid og særskilt føre vidare det gode samarbeidet med nordiske og baltiske land.

Praksisretta FoU for helse- og velferdstenestene (PraksisVel) er ei oppfølging av Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd. Departementet foreslår å føre vidare løyvinga på 9,8 mill. kroner over kap. 281 post 50 i 2015. PraksisVel skal styrkje grunnlaget for kunnskapsbasert utdanning og yrkesutøving, både for den enkelte sektor og på tvers av sektorar.

Vidare foreslår departementet å styrkje finansieringa av FORNY2020 med 3,4 mill. kroner, slik at løyvinga i 2015 er auka til 16,4 mill. kroner. FORNY2020 er eit viktig verkemiddel for kommersialisering av forsking frå universitets- og høgskolesektoren og skal bidra til å finansiere TTO-ane (Technology Transfer Office).

Offentleg sektor-ph.d. vart etablert i 2014 etter modell av nærings-ph.d.-ordninga. Ordninga med nærings-ph.d. i regi av Forskingsrådet skal styrkje samspelet mellom næringslivet og dei akademiske miljøa og styrkje FoU-aktiviteten i næringslivet for å gjere det meir kunnskapsintensivt. Departementet foreslår ei løyving på 38,5 mill. kroner til ordningane med offentleg sektor-ph.d. og nærings-ph.d. i 2015. Departementet foreslår å flytte løyvinga på 15 mill. kroner til nærings-ph.d. frå kap. 285 post 52 under programkategori 07.70 Forsking til kap. 281 post 50. Resten av auken skriv seg frå heilårseffekt av løyvinga i statsbudsjettet for 2014.

Til grunn for løyvinga ligg ein reduksjon på 0,5 pst. som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar. Dette utgjer 0,5 mill. kroner.

Post 70 Andre overføringar, kan nyttast under post 01

Midlar over kap. 281 post 01 kan vere retta mot statlege og ikkje-statlege aktørar. Løyvinga blir nytta under kap. 281 post 70 når det er tilskott til ikkje-statlege aktørar. Sjå kap. 281 post 01 for omtale av mål for 2015. Midlane til Nordisk Ministerråd for avtalen om gjensidig tilgang til høgre utdanning på tvers av dei nordiske landa vart i 2014 flytte til kap. 281 post 73.

Rapport for 2013

Kunnskapsdepartementet tildelte i 2013 til saman 120,3 mill. kroner over kap. 281 post 70.

I 2013 tildelte departementet 30 mill. kroner til UNINETT AS for å leggje ein ekstra fiberoptisk kabel mellom Longyearbyen og Ny-Ålesund. Formålet med tilskottet var å sikre ei reserveløysing ved eventuelle driftsbrot. UNINETT AS fekk tildelt 15 mill. kroner for å føre vidare arbeidet med oppgradering av nettinfrastrukturen i sektoren gjennom eCampus, jf. omtale under kap. 280 post 72. Vidare vart UNINETT AS tildelt 1 mill. kroner til etablering av eit arkitekturråd som skal ta ansvaret for standardisering og koordinering av IKT-løysingane i sektoren.

Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) ved Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste AS er ei sentral informasjonskjelde til og om sektoren. I 2013 var driftstilskottet til DBH på 14,6 mill. kroner.

Departementet tildelte i 2013 eit tilskott på 1,5 mill. kroner over kap. 281 post 70 til Komité for kjønnsbalanse i forskning (Kif), som har medverka til å fremme likestilling i forsking og akademia. I tillegg vart det i 2013 løyvt 1,5 mill. til Kif over kap. 285 post 52 under programkategori 07.70 Forsking.

Publiseringsutvalet, som Universitets- og høgskolerådet (UHR) har etablert på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, har fagleg ansvar for utvikling og fagleg drift av System for dokumentasjon av vitskapleg publisering. Departementet tildelte 1,7 mill. kroner som tilskott til arbeidet i 2013. UHR mottok òg 565 000 kroner i 2013 over kap. 281 post 70 og 325 000 kroner i 2012 over kap. 200 post 21 til evaluering av publiseringsindikatoren.

47 mill. kroner vart i 2013 tildelt Nordisk Ministerråd for avtalen om gjensidig tilgang til høgre utdanning på tvers av dei nordiske landa. Det har i dei seinare åra vore vekst i talet på norske studentar som studerer i andre nordiske land, frå 3 110 i studieåret 2009–10 til 3 587 i studieåret 2012–13. Avtalen sikrar at norske søkjarar til høgre utdanning i andre nordiske land blir handsama likt med nasjonale søkjarar ved opptak. Det same gjeld andre nordiske statsborgarar som søkjer opptak til høgre utdanning i Noreg.

Tilskottet til International Council for Open and Distance Education (ICDE) vart i 2013 ført vidare med 2,3 mill. kroner. Midlane har medverka til det internasjonale arbeidet innanfor fjernundervisning og fleksibel læring.

Departementet tildelte 1,25 mill. kroner for arbeidet med kandidatundersøkinga gjennom Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU).

UHR vart tildelt 1,25 mill. kroner til bruk i arbeidet med matematikkfaget i lærarutdanningane.

For å følgje opp Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd vart UHR tildelt 2,5 mill. kroner for å koordinere eit nasjonalt arbeid for å bidra til å betre kvaliteten på og styrkje relevansen av dei eksterne praksisstudia i helse- og sosialfagutdanningane. Vidare vart UHR tildelt 0,3 mill. kroner for arbeidet med omlegging til 3 + 2-modellen i farmasiutdanningane.

Departementet tildelte 0,9 mill. kroner i 2013 over kap. 281 post 70 til tiltak for samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon. UHR fekk 300 000 kroner til vurdering av samordning av Felles studentsystem og Samordna opptak. I samband med samorganiseringa av NLA Høgskolen, Mediehøgskolen og Høgskolen i Staffeldtsgate tildelte departementet 500 000 kroner til samordning av dei felles administrative systema.

Departementet tildelte totalt 450 000 kroner over kap. 281 post 70 til NLA Høgskolen og Dronning Mauds Minne i samband med den nasjonale satsinga på mentorordninga for nyutdanna og nytilsette lærarar.

Budsjettforslag for 2015

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på 46,4 mill. kroner over kap. 281 post 70 i 2015.

Tiltaka er kategoriserte etter dei fire måla for politikkområdet for høgre utdanning og forsking. Tiltaka må sjåast i samanheng med tiltaka under kap. 281 post 01.

Høg kvalitet i utdanning og forsking

Departementet foreslår 2,1 mill. kroner for å føre vidare arbeidet med kandidatundersøkinga gjennom NIFU. Undersøkinga gir statistikk over uteksaminerte kandidatar og skal medverke til vidareutvikling av kvalitet i høgre utdanning.

Nasjonalt råd for lærarutdanning (NRLU) arbeider mellom anna med nasjonale retningslinjer for lærarutdanningane. Departementet foreslår å føre vidare tilskottet på 2 mill. kroner til Universitets- og høgskolerådet (UHR) for å halde fram med arbeidet.

Forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

Departementet foreslår eit tilskott på 2 mill. kroner til UHR for gjennomføring av tiltak frå Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd. Midlane skal nyttast til det nasjonale utviklingsprosjektet Kvalitet i praksisstudier og utviklinga av felles fagleg innhald i helse- og sosialfagutdanningane.

God tilgang til utdanning

Departementet foreslår å føre vidare tilskottet på 15 mill. kroner til UNINETT AS for vidare satsing på eCampus.

Departementet foreslår å føre vidare tilskottet til ICDE på 2,5 mill. kroner for å følgje opp forpliktingar i samband med det internasjonale arbeidet innanfor fjernundervisning og fleksibel læring.

Som ledd i oppfølginga av Butenschøn-utvalets utgreiing Langs lange spor – om samisk forskning og høyere utdanning (2012) blir det oppretta eit fagstrategisk organ for samisk høgre utdanning og forsking i 2014 i regi av UHR. Departementet foreslår eit tilskott på 500 000 kroner for drift av organet.

Effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem

Departementet foreslår å auke tildelinga til Komité for kjønnsbalanse og mangfold i forskning (Kif). Komiteen skal frå 2014 òg arbeide for mangfald og har i tråd med dette fått utvida mandat og samansetjing. Komiteen i UHR vart sett ned for ein ny programperiode frå 2014 til 2017. Komiteen skal medverke til ei generell bevisstgjering om mangfald og inkludering i forskingssystemet, og kjønnsperspektiv i forskinga. Den viktigaste oppgåva i perioden skal vere arbeid med kjønn og etnisitet. For å samle tilskottet til Kif over ein post, foreslår departementet å flytte 1,5 mill. kroner til kap. 281 post 70 frå kap. 285 post 52 under programkategori 07.70 Forsking. Vidare foreslår departementet ein auke på 2 mill. kroner. Totalt utgjer tilskottet til Kif 5 mill. kroner i 2015. Etter ei samla vurdering blir det foreslått å ikkje føre vidare likestillingsprisen frå 2014.

Departementet foreslår å føre vidare tilskottet på 1,7 mill. kroner til arbeidet i Publiseringsutvalet i regi av UHR.

Vidare foreslår departementet eit tilskott på 15,6 mill. kroner til Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste AS, som forvaltar Database for høgre utdanning (DBH).

Post 73 Tilskott til internasjonale program

Posten omfattar frå og med 2015 tilskott til den nordiske avtalen om tilgang til høgre utdanning.

Mål for 2015

Målet er å auke det internasjonale samarbeidet i høgre utdanning gjennom ein nordisk avtale om tilgang til høgre utdanning. Avtalen sikrar at norske søkjarar til høgre utdanning i andre nordiske land blir behandla likt med nasjonale søkjarar ved opptak. Det same gjeld andre nordiske statsborgarar som søkjer opptak til høgre utdanning i Noreg. Avtalen vart frå 2013 forlenga med tre år.

Rapport for 2013

I 2013 gjekk tilskottet over posten til å dekkje medlemskontingenten til EUs utdanningsprogram Erasmus Mundus på 20,6 mill. kroner.

For Noreg er målsetjinga med å delta i Erasmus Mundus å auke samarbeidet mellom norske og utanlandske institusjonar om felles mastergrads- og doktorgradsprogram. Erasmus Mundus har mellom anna medført ein klar vekst i talet på internasjonale fellesgradar i Noreg. Sjå kategoriomtalen. Institusjonane som har delteke i programmet, vurderer at fellesgradane har medverka til å betre den faglege utdanningskvaliteten og omdømmet til norsk høgre utdanning.

Sjå kap. 281 post 70 for rapportering om bruken av dei midlane Kunnskapsdepartementet tildelte i 2013 til ein nordisk avtale om tilgang til høgre utdanning.

Budsjettforslag for 2015

Kunnskapsdepartementet foreslår 67,1 mill. kroner til den nordiske avtalen om tilgang til høgre utdanning.

Frå 2014 deltek Noreg i EUs utdannings- og ungdomsprogram Erasmus+, som slår saman og byggjer på EUs program for livslang læring (LLP), Aktiv Ungdom og Erasmus Mundus. Departementet foreslår frå 2015 å løyve midlar til Noregs kontingent over kap. 252 post 70 under programkategori 07.50 Vaksenopplæring m.m. og tilsvarande for løyvingar til prosjekt som allereie er i gang under Erasmus Mundus.

Post 78 Tilskott til Universitets- og høgskolerådet

Posten omfattar driftstilskott til Universitets- og høgskolerådet (UHR) og til aktivitet som er koordinert gjennom rådet, inkludert tilskott til utgiving av lærebøker.

Mål for 2015

UHR skal fremme samordning mellom universitet og høgskolar innanfor høgre utdanning, forsking, formidling og ressursforvaltning.

Rapport for 2013

Kunnskapsdepartementet tildelte 15,2 mill. kroner til UHR i 2013 over kap. 281 post 78. Dette inkluderer 4,9 mill. kroner til utgiving av lærebøker. Tilskottet til UHR har vore med på å fremme koordinering og samordning mellom universitet og høgskolar innanfor høgre utdanning, forsking, formidling og ressursforvaltning.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår ei samla løyving på 16,3 mill. kroner. Beløpet omfattar 5,3 mill. kroner til utgiving av lærebøker.

Kap. 3281 Felles tiltak for universitet og høgskolar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

02

Salsinntekter o.a.

50

10

10

Sum kap. 3281

50

10

10

Post 02 omfattar ymse inntekter knytte til dei tiltaka som får løyving under kap. 281 post 01.

Programkategori 07.70 Forsking

Utgifter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

283

Meteorologiformål

332 501

346 620

379 482

9,5

284

Dei nasjonale forskingsetiske komitéane

17 935

17 236

18 149

5,3

285

Noregs forskingsråd

2 773 611

2 986 629

3 237 882

8,4

287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

475 990

488 440

488 361

0,0

288

Internasjonale samarbeidstiltak

1 827 566

1 593 468

2 348 726

47,4

Sum kategori 07.70

5 427 603

5 432 393

6 472 600

19,1

Inntekter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

3287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

419 622

219 000

6 000 000

2 639,7

3288

Internasjonale samarbeidstiltak

4 199

4 684

4 599

-1,8

Sum kategori 07.70

423 821

223 684

6 004 599

2 584,4

Innleiing

Kunnskapsdepartementet har sett fire mål for forsking og høgre utdanning, jf. figur 1.2. Målbilete for Kunnskapsdepartementet for budsjettåret 2015 i del I. Programkategori 07.70 omhandlar forsking, og korleis løyvingane under denne kategorien bidrar til å nå måla for Kunnskapsdepartementet. Tre av måla til departementet er relevante for løyvingane under programkategori 07.70 Forsking:

  • høg kvalitet i utdanning og forsking

  • forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

  • effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem

Størstedelen av løyvingane under denne programkategorien omfattar løyvingar til forsking gjennom Noregs forskingsråd. Noregs forskingsråd speler ei sentral rolle i det norske forskingssystemet. Løyvingane til Noregs forskingsråd over denne programkategorien utgjer i underkant av 40 pst. av dei samla løyvingane frå departementa til Forskingsrådet. Løyvingane finansierer i hovudsak langsiktig, grunnleggjande forsking, strategiske satsingar og forskingsinfrastruktur. Grunnløyvinga til universitet og høgskolar dekkjer òg forsking og forskarutdanning. Dette er nærmare omtalt under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning. Norsk samarbeid med EU om forsking og norsk deltaking i internasjonale grunnforskingsorganisasjonar blir òg finansierte innanfor programkategori 07.70. Programkategorien omfattar også basisløyvingar til dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta, løyvingar til dei regionale forskingsfonda, dei nasjonale forskingsetiske komiteane og Meteorologisk institutt.

Kunnskapsdepartementets mål for forsking heng saman med dei måla som er sette for heile det norske forskingssystemet. Målbiletet i forskingsmeldinga, Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – kunnskap gir muligheter, ligg fast, og er felles for alle departementa. Målbiletet er sett saman av fem strategiske mål og fire tverrgåande mål. Målbiletet vart oppretta i samband med St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning, og vart ført vidare i den seinaste forskingsmeldinga. Stortinget har slutta seg til desse måla. Måla og prioriteringane som regjeringa no legg fram i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning, er konsistente med målbiletet i forskingsmeldinga, men er også ei utdjuping og ei sterkare prioritering av kva for område regjeringa styrkjer innsatsen mot. Sjå omtale i del III kap. 5 (Forsking og utvikling i statsbudsjettet) og langtidsplanen for forsking og høgre utdanning, jf. Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024.

Tilstandsvurdering

Tilstandsvurderinga er strukturert etter måla for Kunnskapsdepartementet.

Mål: Høg kvalitet i utdanning og forsking

Høg kvalitet i forskinga er eit sentralt mål i forskingspolitikken. Regjeringa vil leggje til rette for å utvikle fleire fagmiljø som bidrar med forsking som er verdsleiande. Samtidig er det viktig at Noreg har miljø i breidda av fagområde som driv forsking av høg kvalitet og med stor verdi for samfunn og næringsliv, og som er attraktive fagmiljø for nye studentar og forskarar. I løpet av dei siste åra har fleire rapportar og evalueringar av det norske forskingssystemet konkludert med at norsk forsking gjennomgåande er god, men at vi ikkje hevdar oss i toppen når det gjeld kvalitet. Vi har nokre fagmiljø som er verdsleiande, men desse er få.

Midlane under denne programkategorien som skal bidra til høg kvalitet i forskinga, gjeld i hovudsak midlar til deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid, langsiktig grunnleggjande forsking, investeringar i forskingsinfrastruktur og senterordningar. Midlar til høg kvalitet i utdanninga og andre verkemiddel for kvalitet blir omtalte under programgramkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid som til dømes EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020, er viktig for å betre kvaliteten på norsk forsking. Deltakinga er òg ein sentral del av norsk europapolitikk. Som følgje av avgjerda i EØS-komiteen om innlemming av forordning (EU) nr. 1291/2013, den 16. mai 2014 av Horisont 2020 i EØS-avtalen, vart Noreg eit assosiert medlem av EUs nye rammeprogram. Det vil seie at Noreg tek del i Horisont 2020, som tek over for EUs sjuande rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar (7RP). Regjeringa meiner at den norske deltakinga bør vere høgre. Fleire miljø bør delta på den europeiske konkurransearenaen. Noreg har fleire fagmiljø som er sterke, og lykkast særleg godt innanfor klima- og miljøområdet. I tillegg har vi gode resultat på andre område, til dømes tryggleiksforsking, energiforsking og biofag. Det er likevel for få som nyttar dei moglegheitene som ligg i rammeprogrammet. Det europeiske forskingsrådet (ERC) og mobilitetsprogrammet Marie Skłodowska Curie Actions (MSCA) løyver midlar til forskarar og framifrå forsking uavhengig av tema eller fagfelt. ERC er ein arena med svært sterk konkurranse om midlane, og støtte frå ERC er eit kvalitetsstempel for både forskaren og den institusjonen forskaren høyrer til. Samanlikna med Sverige, Danmark og Finland har Noreg svak deltaking i ERC. Norsk deltaking i MSCA under sjette og sjuande rammeprogram har vore låg. Talet på norske forskarar som har søkt og fått stipend for å reise til ein utanlandsk institusjon er særs lågt, lågare enn 50 i heile sjuande rammeprogram.

Det finst fleire stimuleringsordningar som skal leggje til rette for større deltaking i EUs forskingssamarbeid. Ei evaluering frå Technopolis i 2013 av dei ordningane som blir administrerte av Forskingsrådet, finn at fleire av desse er viktige for å få høg kvalitet på prosjektforslaga. Andre ordningar er oppretta for å gi norske deltakarar større moglegheiter til å delta med fleire prosjekt. I statsbudsjettet for 2012 vart det til dømes oppretta ei eiga stimuleringsordning for forskingsinstitutta for deltaking i EUs rammeprogram for forsking. Ordninga blir kalla STIM-EU. Ordninga har som eit av måla sine å styrkje samarbeidet mellom forskingsinstitutt og verksemder med sikte på å auke deltakinga frå norske verksemder i rammeprogrammet. I om lag ein firedel av desse prosjekta er det norske bedrifter med. Det er særleg dei teknisk-industrielle institutta som nyttar ordninga.

For å betre kvaliteten på norsk forsking og høgre utdanning er det òg avgjerande å styrkje kontakten med strategisk viktige land utanfor EU. Prioriterte land på desse områda inkluderer både etablerte kunnskapsnasjonar som USA og Japan, med framifrå fagmiljø på ei rekke prioriterte område, og land som Kina, India og Brasil, som står for ein jamt større del av verdas kunnskapsproduksjon. Eit systematisk og langsiktig samarbeid med framifrå fagmiljø i desse landa er eit viktig supplement til deltakinga i EUs forskingssamarbeid i arbeidet med å fremme utvikling av fleire verdsleiande fagmiljø i Noreg.

Kunnskapsdepartementet har eit særleg ansvar for å støtte langsiktig, grunnleggjande forsking. Fri prosjektstøtte (FRIPRO) er det største verkemiddelet for langsiktig, grunnleggjande forsking som Kunnskapsdepartementet finansierer gjennom Forskingsrådet. Målet er å få fram forsking av høg vitskapleg kvalitet ved å finansiere dei vitskapleg sett beste forskingsprosjekta og bidra til grunnleggjande teori- og metodeutvikling og vitskapleg fornying av faga. Ordninga blir finansiert av Kunnskapsdepartementet aleine, og er ein open, nasjonal konkurransearena der søknadene blir vurderte ut frå vitskapleg kvalitet aleine. Evalueringa av FRIPRO frå 2012 konkluderte med at ordninga innfrir målet om å støtte forsking av høg kvalitet, men at det er få dristige prosjekt på nye område som får støtte.

Eit viktig tiltak for å sikre høg kvalitet i forskinga er satsing på forskingsinfrastruktur. Investeringane i infrastruktur og i norsk deltaking i internasjonalt infrastruktursamarbeid skal styrkje kvaliteten og auke effektiviteten i norsk forsking. I april 2014 lanserte Forskingsrådet eit oppdatert norsk vegkart for forskingsinfrastruktur. Vegkartet har fleire funksjonar. Først og fremst gir det ei oversikt over investeringsklare, kvalitetssikra forskingsinfrastrukturprosjekt. Denne oversikta blir oppdatert annakvart år etter kvar store utlysing i den nasjonale satsinga på forskingsinfrastruktur. Hausten 2014 står elleve investeringsklare prosjekt på vegkartet. Vidare gir vegkartet ei oversikt over nasjonale infrastrukturar som er under etablering eller i drift (33 prosjekt), samt ei oversikt over norsk deltaking i prosjekt på ESFRIs vegkart for felles europeiske infrastrukturprosjekt (European Strategy Forum on Research Infrastructure) (sju prosjekt). Norske fagmiljø deltek aktivt i ytterlegare 16 forskingsinfrastrukturprosjekt som står på ESFRIs europeiske vegkart, det vil seie i 23 prosjekt til saman, og fleire av dei er sentrale for forsking på dei største samfunnsutfordringane som helse, klima og miljø, hav og energi. EU har oppretta ei eiga organisasjonsform til bruk for felles europeiske forskingsinfrastrukturar, ERIC (European Research Infrastructure Consortium). Det blir arbeidd for å ta ERIC-forordninga inn i EØS-avtalen, og regjeringa vil leggje fram ei sak for Stortinget om korleis Noreg kan gjere bruk av denne organisasjonsforma.

Senterordningane Senter for framifrå forsking (SFF) og Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) bidrar til høg kvalitet gjennom langsiktig finansiering av framifrå forskingsmiljø. I Technopolis’ evaluering av Forskingsrådet frå 2012 peiker dei på at senterordningane i Forskingsrådet har medverka til fornying, auka kvalitet og mindre fragmentering av det norske forskingssystemet. Formålet med SFF-ordninga er langsiktig finansiering av forskingsinnsats på høgt internasjonalt nivå og forskarutdanning av unge, framifrå forskarar. I 2013 vart 13 nye senter etablerte, og åtte senter var i drift. Til saman er det 21 senter for framifrå forsking (SFF) i Noreg.

Mål: Forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

Regjeringa har ambisjonar om at Noreg skal vere blant dei mest innovative landa i Europa. Forsking og utdanning medverkar til at samfunnet og næringslivet er betre rusta til omstilling og verdiskaping og til større konkurransekraft. Både kvalitet, innovasjon, kommersialisering og internasjonalisering er viktige element i forsking for verdiskaping og omstilling. Det er ofte den næringsrelevante forskinga som blir sett på som viktigast for verdiskaping, men forsking i og for det offentlege er også sentralt for verdiskaping så vel som for omstilling og velferd.

Dei fleste av dei målretta forskingsprogramma for verdiskaping og velferd blir finansierte over budsjetta til andre departement. Midlane under denne programkategorien som er relevante for dette målet, er mellom anna senterordningar og dei store programma som blir finansierte gjennom Forskingsrådet. I tillegg blir basisløyvinga til dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta finansiert over denne programkategorien. Eit eige program for å styrkje kunnskapsgrunnlaget for forskings- og innovasjonspolitikken, FORFI, blir òg finansiert av Kunnskapsdepartementet under denne kategorien. I tillegg er innovasjon og verdiskaping viktige mål i Horisont 2020, og deltaking her kan forsterke dei nasjonale målsetjingane på området. Midlar til utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling blir omtalte under programgramkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Dei store programma i Forskingsrådet er breie, langsiktige satsingar som er viktige for framtidig verdiskaping og for omstilling i næringslivet spesielt og i samfunnet generelt. For eksempel er satsingane på teknologiområda IKT, nanoteknologi og bioteknologi sentrale i utviklinga av tenester, produkt og løysingar på viktige samfunnsområde. Både grunnleggjande forsking, anvend forsking og innovasjon inngår i desse satsingane.

Dei ulike senterordningane som Forskingsrådet finansierer, har ei heilskapleg tilnærming som bidrar til fornying og omstilling. Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) er ei ordning som mellom anna finansierer mykje næringsrelevant forsking. SFI-ordninga, med i alt 21 senter, styrkjer innovasjon gjennom satsing på langsiktig forsking i nært samarbeid mellom FoU-aktive verksemder og framifrå forskingsmiljø. Hovudkriteriet for å velje ut SFI-ar har vore potensialet for verdiskaping og innovasjon. Vitskapleg kvalitet i forskinga må liggje på høgt internasjonalt nivå.

Forskingsprogrammet Kunnskapsgrunnlaget for forskings- og innovasjonspolitikken, FORFI, er ferdig i 2014. I 2013 vart FORFI evaluert, og konklusjonen var at det er behov for ei vidare satsing på dette kunnskapsgrunnlaget. Vi treng kunnskap om forskings- og innovasjonsprosessar som grunnlag for å utforme god forskings- og innovasjonspolitikk. Evalueringa la vekt på at programmet var for lite til å kunne byggje opp eit godt kompetansemiljø og rekruttering til området. Forskingsrådet arbeider no med ei satsing på det feltet som skal overta etter FORFI.

Mål: Effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem

Eit effektivt, mangfaldig og solid forskingssystem er ein viktig føresetnad for dei to andre måla. Midlane som blir løyvde over denne programkategorien, skal nyttast effektivt og til beste for samfunnet. I dette målet ligg også at det er tilstrekkeleg forskingskapasitet i heile landet, gode system for kunnskapsoverføring og -deling, mangfald og høg etisk standard i forskinga.

Ulike løyvingar gjennom Noregs forskingsråd har ei viktig rolle i å bidra til eit effektivt, mangfaldig og solid forskingssystem. Andre midlar under denne programkategorien som skal bidra til dette målet, er i hovudsak kontingent for norsk deltaking i EUs rammeprogram, løyvingane til dei regionale forskingsfonda (RFF) og dei forskingsetiske komiteane. For omtale av ein effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor, sjå programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Kunnskapsdepartementet løyver midlar til både forsking og administrasjon i Forskingsrådet over denne programkategorien, og god styring av Forskingsrådet er sentralt for å sikre eit effektivt forskingssystem. Dette er spesielt viktig når om lag ein tredel av dei offentlege midlane til forsking går gjennom Forskingsrådet, og desse midlane er med på å strukturere og utvikle det norske forskingssystemet. Både Riksrevisjonens forvaltningsrevisjon av Kunnskapsdepartementets koordinering av forskingspolitikken (2013) og evalueringa av Forskingsrådet (Technopolis 2012) understrekar behovet for å styrkje koordineringa av forskingspolitikken.

Forskingsinfrastruktur er ikkje berre eit viktig tiltak for å sikre høg kvalitet i forskinga, men òg for å sikre eit effektivt, mangfaldig og solid forskingssystem (sjå omtale av forskingsinfrastruktur under målet Høg kvalitet i utdanning og forsking).

Open tilgang til forskingsresultat er eit viktig bidrag til eit solid og effektivt forskingssystem. Open tilgang til vitskaplege artiklar inneber at lesarane fritt kan lese dei på Internett. Current Research Information System in Norway (CRIStin) har det nasjonale hovudansvaret for å drive fram og koordinere arbeidet med open tilgang til vitskaplege artiklar. Sjå òg omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning. Forskingsrådet har også ei viktig rolle i å sikre open tilgang.

Norsk deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020, er òg eit viktig bidrag inn mot dette målet (sjå omtale av internasjonalt samarbeid under målet Høg kvalitet i utdanning og forsking). Kunnskapsdepartementet løyver årleg midlar for norsk deltaking i rammeprogrammet, og gjennom strategien for Noregs forskings- og innovasjonssamarbeid med EU legg ein aktivt til rette for at norske forskarar skal samarbeide og konkurrere internasjonalt.

Dei regionale forskingsfonda (RFF) er viktige for eit mangfaldig forskingssystem ved at heile landet har tilgang til forskingsbasert kunnskap. Dei regionale forskingsfonda skal supplere dei nasjonale forskings- og utviklingsverkemidla og styrkje regional forsking og innovasjon. Regionale forskingsfond har bidratt til breiare kontaktflate mellom regionale aktørar i forskingsspørsmål og har også ført til betre kopling mellom regionale aktørar og dei nasjonale forskingsprogramma.

Mangfald og generell inkludering i forskinga er også, saman med arbeidet for god etisk standard i norsk forsking, ein viktig del av eit mangfaldig forskingssystem. Forskinga har behov for breidde i kompetanse og i faglege perspektiv. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2014 styrkte Kunnskapsdepartementet Komité for kjønnsbalanse i forskning (Kif) med å auke budsjettet og utvide mandatet deira til å omfatte mangfald i forsking. Komiteen har derfor fått nytt namn: Komité for kjønnsbalanse og mangfold i forskning. Sjå òg omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning. Likestilling og arbeid mot diskriminering er nærmare omtalt under del III kap. 8. Noreg har òg eit omfattande system for å sikre god forskingsetisk praksis. Dei nasjonale forskingsetiske komiteane og Nasjonalt utval for gransking av reielegheit i forsking er fagleg uavhengige organ for forskingsetiske spørsmål og gransking innanfor alle fagområde. Sjå òg omtale under kap. 284.

Strategiar og tiltak

Langtidsplanen for forsking og høgre utdanning

Regjeringa legg saman med budsjettet fram ein langtidsplan for forsking og høgre utdanning, jf. Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024. I langtidsplanen legg regjeringa fram ein ambisiøs politikk for forsking og høgre utdanning. Satsinga gir føreseielege rammer gjennom langsiktige mål og prioriteringar. Regjeringa vil auke løyvingane til forsking og høgre utdanning for å følgje opp prioriteringane i planen. Tiltak som bidrar til auka kvalitet i forsking og høgre utdanning, at næringslivet forskar meir eller som bidrar til god deltaking i Horisont 2020, vil bli prioritert. Regjeringa vil innan 2018 gjennomføre ein opptrappingsplan for rekrutteringsstillingar med 500 nye stillingar, styrkje løyvingane til infrastruktur med 400 mill. kroner og styrkje løyvingane til ordningar som bidrar til betre deltaking i Horisont 2020 med 400 mill. kroner. Nytt bygg for livsvitskap, kjemi og farmasi ved Universitetet i Oslo og oppgradering av Marinteknisk senter i Trondheim, Ocean Space Centre, er dei viktigaste byggjeprosjekta for å følgje opp langtidsplanen.

Strategi for samarbeid med EU om forsking og innovasjon

Regjeringa har lagt fram ein nasjonal strategi for samarbeidet med EU om forsking og innovasjon. Strategien handlar særleg om norsk deltaking i EUs forskings- og innovasjonsprogram, Horisont 2020, og det europeiske forskingsområdet, ERA. Norsk deltaking skal medverke til auka kvalitet, auka verdiskaping og innovasjonsevne, betre velferd og berekraftig samfunnsutvikling, og til at vi utviklar vår eigen forskings- og innovasjonssektor. Strategien er i stor grad ein mobiliseringsstrategi, og har som mål å auke deltakinga blant universitet og høgskolar, forskingsinstitutt, helseføretak, næringsliv og offentleg sektor. Regjeringa har sett som mål at to pst. av dei midlane som blir lyste ut gjennom Horisont 2020, skal komme norske miljø til gode. Det vil seie auka deltaking på om lag 60 pst. frå nivået i dag. Strategien lyfter fram fem område. Det er styrkt samspel mellom nasjonal, europeisk og global innsats, betre samspel mellom sektorane, rettleiings- og mobiliseringsarbeid, karriereutvikling og rekruttering, og påverkings- og posisjoneringsarbeid.

Regjeringa finn det viktig å leggje til rette for auka norsk deltaking i EUs forskings- og innovasjonsprogram, Horisont 2020. For å følgje opp strategien for forskings- og innovasjonssamarbeidet med EU foreslår regjeringa å styrkje øyremerkte tiltak for å auke deltakinga i Horisont 2020 med 115 mill. kroner i 2015. Innanfor dette skal STIM-EU styrkast med 85 mill. kroner. Vidare skal ordninga med nasjonale kontaktpunkt (NCP) styrkast med 10 mill. kroner. Resten av auken skal mellom anna nyttast til prosjektetableringsstøtte og posisjoneringstøtte. Forskingsrådet administrerer STIM-EU-ordninga. Formålet er å stimulere forskingsinstitutta til auka deltaking. Ordninga skal vidare bidra til å styrkje samarbeidet mellom institutta og næringslivet med sikte på auka deltaking frå bedriftene i rammeprogrammet. STIM-EU skal framleis vere resultatbasert, og departementet vil be Forskingsrådet justere STIM-EU-ordninga frå 2015 for å gi ordninga meir stabilitet og for å gjere det lettare for institutta å vite på førehand kor mykje støtte dei vil få.

Samarbeid med prioriterte land utanfor EU

Regjeringa har ambisjonar om å utvikle fleire verdsleiande fagmiljø. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor ei strategisk styrking av framifrå kvalitet på 100 mill. kroner retta mot institusjonar og fagmiljø med særlege føresetnader for å strekkje seg mot verdstoppen, jf. omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning. Eit ledd i denne satsinga er etablering av eit partnarskapsprogram for samarbeid om høgre utdanning og forsking med prioriterte land utanfor EU, som skal sikre norske aktørar auka tilgang til den internasjonale kunnskapsutviklinga, jf. nærmare omtale under kap. 288 post 21. I 2014 er det òg tatt initiativ til å utvikle ein strategi for høgre utdannings- og forskingssamarbeid med prioriterte land utanfor EU og Nord-Amerika. I desse landa kan det vere særs krevjande å etablere og vidareutvikle denne typen samarbeid, mellom anna på grunn av store geografiske og kulturelle avstandar. Strategien skal leggjast fram hausten 2015 og skal gjelde for perioden 2016–2020.

Fri prosjektstøtte

Regjeringa er oppteken av å styrkje dei opne arenaene og foreslår derfor å styrkje fri prosjektstøtte (FRIPRO) med 60 mill. kroner i 2015 for å fremme banebrytande forsking. Styrkinga skal mellom anna gå til satsinga på unge forskartalent og til ei mobiliseringsordning på postdoktornivå, FRIPRO mobilitetsstipend, med det formålet å auke mobiliteten for forskarar tidleg i karrieren, samtidig som ein sikrar at kunnskapen dei har tileigna seg, kjem tilbake til Noreg. Sjå òg kap. 285 post 52 for omtale av fri prosjektstøtte.

Forskingsinfrastruktur

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 525, 10. juni 2013 i samband med handsaminga av Innst. 372 S (2012–2013), jf. Meld. St. 18 (2012–2013):

«Stortinget ber regjeringen foreslå å øke investeringene i avansert vitenskapelig utstyr og annen infrastruktur for forskning slik at norske forskere får tilgang til utstyr av verdensklasse.»

Svært mange og viktige investeringar i infrastruktur blir gjorde av den einskilde forskingsinstitusjonen. Ordninga til Forskingsrådet for forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse (for utstyr mellom 2 og 200 mill. kroner) skal bidra til å styrkje kvaliteten og effektiviteten på investeringane og har gjort det mogleg å realisere prosjekt som enkeltinstitusjonar ikkje hadde klart aleine. Satsinga på infrastruktur er også kritisk viktig for å delta i europeiske fellesprosjekt av strategisk verdi for norsk forsking.

Regjeringa foreslår derfor å auke midlane til forskingsinfrastruktur med 100 mill. kroner i 2015. Satsing på forskingsinfrastruktur er eit direkte bidrag til å nå det målet regjeringa har om å utvikle verdsleiande fagmiljø. Samtidig bidrar infrastruktur av høg kvalitet til auka internasjonalisering og rekruttering. Godt utvikla forskingsinfrastruktur vil dessutan vere avgjerande for å fremme innovasjon og kunnskapsproduksjon som er nødvendig for å lykkast med overgangen til eit lågutsleppssamfunn.

Mogleggjerande teknologiar

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT), bioteknologi og nanoteknologi er eksempel på mogleggjerande teknologiar. Desse teknologiane gir eit viktig grunnlag for fornying og omstilling i næringslivet og i offentleg sektor. Til dømes har utviklinga av moderne informasjons- og kommunikasjonsteknologi skapt store endringar i samfunnet i dei siste tiåra. I Prop. 1 S Tillegg 1 (2013–2014) auka regjeringa løyvingane til programma BIOTEK2021 (Bioteknologi for verdiskaping), NANO2021 (Nanoteknologi og avanserte materialer), VERDIKT (Kjernekompetanse og verdiskaping i IKT) og ELSA (Etiske, rettslige og samfunnsmessige aspekter ved bio-, nano- og nevroteknologi) i Forskingsrådet med 25 mill. kroner. Kunnskapsdepartementet foreslår å styrkje løyvingane ytterlegare til desse programma i Forskingsrådet, med særleg vekt på IKT i 2015. Departementet foreslår ein auke i løyvingane på 20 mill. kroner i 2015.

Styrkt løyving til forskingsinstitutta

I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2014 vart løyvinga til forskingsinstitutta styrkt med 15 mill. kroner. Auken skulle nyttast slik at nye institutt kan komme inn i ordninga. Regjeringa foreslår å vidareføre denne styrkinga i 2015.

Styring av Forskingsrådet

Løyvingane til Forskingsrådet går over budsjetta til 15 departement, og Forskingsrådet blir stilt overfor mange mål, delmål og ei rekkje føringar frå departementa. Det fører til at den samla styringa av Forskingsrådet blir uoversiktleg. Kunnskapsdepartementet starta derfor hausten 2013 eit prosjekt for å vidareutvikle systemet for mål- og resultatstyring av Forskingsrådet. Regjeringa har i samband med dette arbeidet fastsett nye mål for Forskingsrådet, jf. nærmare omtale under kap. 285.

Gåveforsterking

I 2014 vart ei ny gåveforsterkingsordning innført. Ordninga inneber at staten yter eit tillegg på 25 pst. av gåvebeløpet ved private pengegåver til Noregs forskingsråd, Det Norske Videnskaps-Akademi, universitet eller høgskolar med rett til å dele ut doktorgrad. Midlane skal nyttast til å støtte opp om langsiktig, grunnleggjande forsking ved institusjonane. Kunnskapsdepartementet vil frå 2015 utvide ordninga til å omfatte høgskolar utan doktorgradsrett når gåva er eit gåveprofessorat.

Kunnskapsgrunnlaget for forskings- og innovasjonspolitikken

Regjeringa er oppteken av å ha eit godt kunnskapsgrunnlag for utforming av forskings- og innovasjonspolitikken. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvingane til forskingsprogrammet FORFI (Kunnskapsgrunnlaget for forskings- og innovasjonspolitikken) med 4 mill. kroner i 2015.

Kap. 283 Meteorologiformål

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

50

Meteorologisk institutt

280 801

290 629

285 248

72

Internasjonale samarbeidsprosjekt

51 700

55 991

94 234

Sum kap. 0283

332 501

346 620

379 482

Post 50 Meteorologisk institutt

Meteorologisk institutt står for den offentlege meteorologiske tenesta for sivile og militære formål i Noreg. Meteorologisk institutt har ein samfunnskritisk funksjon.

Instituttet lagar vêrvarsel for samfunnet generelt gjennom vêrvarslingssentralane i Tromsø, Bergen og Oslo. I tillegg er observasjonsstasjonar spreidde over heile landet og i Arktis. Instituttet har folk i arbeid på Jan Mayen, Bjørnøya, Hopen og Svalbard. Observasjonane frå nordområda er òg med på å dokumentere klimaendringar. Meteorologisk institutt er dessutan aleine om å ha personell på Bjørnøya og Hopen, og sikrar i så måte norsk nærvær.

Mål for 2015

Meteorologisk institutt skal overvake og varsle vêret med høg kvalitet og regularitet, slik at styresmaktene, næringslivet, institusjonar og befolkninga skal kunne sikre liv og verdiar, planleggje og verne miljøet. Varsling av ekstreme vêrtilhøve har aller høgste prioritet. Meteorologisk institutt skal òg varsle farlege utslipp til luft og hav.

Meteorologisk institutt skal vidare studere klimaet, drive forskings- og utviklingsarbeid med høg internasjonal kvalitet og formidle resultata av arbeidet.

Rapport for 2013

Departementet er godt nøgd med måloppnåinga til Meteorologisk institutt i 2013.

Varsla for vêr, hav og miljø held høgt kvalitetsnivå, og Meteorologisk institutt auka kvaliteten på vêrvarsla i 2013. Årsaka er blant anna at dei modellsystema som blir brukte i vêr- og havvarslinga, er forenkla og omstrukturerte. Vêrtenesta yr.no er framleis svært populær, og talet på brukarar og mengda av datanedlastingar auka også i 2013. Yr.no blir no rekna for å vere den femte største nettstaden for vêr i verda.

Beredskapen for farleg vêr og farlege utslepp til luft og hav vart styrkt i 2013. Instituttet har mellom anna endra og betra rutinane for varsling av ekstremvêr, og alle hendingar med farleg vêr har vore godt varsla gjennom 2013.

Halo, vêrtenesta til dei store offentlege samarbeidspartnarane til instituttet, vart lansert i mai 2013, og det vil vere ei stadig utvikling av denne tenesta framover. Instituttet sitt observasjonssystem blir kontinuerleg utvida, blant anna i samarbeid med statlege etatar som Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), Statens vegvesen og Jernbaneverket.

Meteorologisk institutt arbeider for å få ei full vêrradardekning av det norske fastlandet. I 2013 var det ni vêrradarar i full drift. Bygginga av den tiande radaren i Sømna på Helgelandskysten vart starta i 2013, og radaren blir stilt ferdig i 2014. Da manglar det tre vêrradarar for å oppnå full dekning. Dette er ein radar i Oppland, ein radar på Monbunuten på Hardangervidda og ein radar i Karasjok.

Klimaservicesenteret (KSS) er eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt, NVE og UNI Research. Miljødirektoratet vil bli representert i styringsgruppa frå 2014. Nytteverdien av klimadata til planleggingsbehov i Noreg er kartlagd i dialog med kommunar, fylkeskommunar og andre viktige brukargrupper. Data for historisk, nåverande og framtidig klima i Noreg er lagde til rette for å møte behova som er avdekte.

Instituttet har arbeidd aktivt med å styrkje beredskapen internt og gjort det synleg i organisasjonen i form av planverk, øvingar og tiltak. Eitt tiltak har vore å stille ferdig det andre rommet i instituttet sitt hus for reknemaskinar – Tallhall.

Meteorologisk institutt vart for sjuande året på rad kåra til den statsetaten som har best omdømme.

Budsjettforslag for 2015

I 2013 og 2014 vart det løyvt 12,5 mill. kroner til utbygginga av ny vêrradar på Helgelandskysten i Nordland. Vêrradaren på Helgelandskysten blir ferdigstilt i 2014. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 12,9 mill. kroner i 2015.

Meteorologisk institutt vil starte opp bygginga av ein ny vêrradar i Oppland i 2015.

Til grunn for løyvingsforslaget ligg ein reduksjon på 0,5 pst. som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar. Dette utgjer 1,5 mill. kroner. Ut over dette foreslår departementet at løyvinga på posten blir ført vidare på same nivå som i 2014.

Post 72 Internasjonale samarbeidsprosjekt

Løyvinga på posten går i hovudsak til å innfri dei forpliktingane Noreg har til å betale kontingentutgifter i samband med norsk deltaking i følgjande internasjonale meteorologiorganisasjonar:

  • Den europeiske organisasjonen for utnytting av meteorologiske satellittar (EUMETSAT). Eventuelle overskott av kontingentinnbetalingar til EUMETSAT blir overførte til eit fond, Working Capital FUND (WCF). Fondet er heimla i EUMETSATs statuttar og består av akkumulert budsjettoverskott

  • Det europeiske senteret for mellomlange vêrvarsel (ECMWF)

  • Europeiske samarbeidsprosjekt mellom dei meteorologiske institutta (EUMETNET, ECOMET, EuroGOOS, IUGG og HIRLAM)

  • Den meteorologiske verdsorganisasjonen (WMO)

Mål for 2015

Målet for løyvinga er å medverke til at Meteorologisk institutt kan ta del i internasjonale meteorologiske organisasjonar og prosjekt, og på den måten bidra til og dra nytte av utvikling og forbetring av meteorologiske tenester.

Rapport for 2013

I samsvar med løyvinga var totalt bidrag til internasjonale samarbeidsprosjekt 51,7 mill. kroner i 2013.

EUMETSAT er den største og viktigaste samarbeidsorganisasjonen, og i 2013 var bidraget frå Noreg på om lag 37,7 mill. kroner. EUMETSAT drifta fire geostasjonære satellittar og to polarbanesatellittar i 2013. Dei meteorologiske geostasjonære og polare satellittane har i dei seinare åra ført til ei monaleg kvalitetsforbetring av vêrvarslinga, men dei eldste av desse satellittane nærmar seg slutten av levetida si. ECMWF kan til dømes vise til ein klar betring i prognosekvaliteten sin på grunn av data frå satellittane, og ECMWF har i dag dei beste tidøgnsvarsla i verda. Polarbanesatellittane er spesielt viktige for kvaliteten av vêrvarslinga i Noreg. Eit nytt polarbanesatellittprogram (EPS-SG) skal vedtakast i 2014. Programmet skal sørgje for nye satellittar frå 2020.

EUMETNET driv felles program innanfor det europeiske meteorologiske observasjonssystemet. Siktemåla er særleg å dekkje geografiske område som elles ville hatt svært få observasjonar, og å ta i bruk moderne metodar for observasjon. ECOMET sørgjer for at observasjonane og dei numeriske prognosane frå dei nasjonale meteorologiske institutta i Europa er tilgjengelege for private kommersielle aktørar, og for at den kommersielle aktiviteten i dei nasjonale meteorologiske institutta oppfyller konkurranselovgivinga.

EUMETNET, saman med EUMETSAT og ECMWF, speler ei viktig strategisk rolle som overbygning for den meteorologiske infrastrukturen i Europa, og som kontaktpunkt overfor EU når det gjeld meteorologi.

WMO sørgjer for global utveksling av meteorologiske observasjonar i nær sanntid mellom dei 190 medlemslanda sine. Vitskaplege nyvinningar innanfor varsling av vêr blir òg i stor grad gjorde tilgjengelege for alle verdas meteorologiske institutt gjennom WMO. WMO starta i 2012 ei ny satsing spesielt retta mot å utnytte sesongvarsling og klimaprognosar betre i u-land som er sårbare for tørke og flaum (Global Framework for Climate Services). Satsinga vart ført vidare i 2013. Tilskottet frå Noreg til WMO i 2013 var på om lag 4,3 mill. kroner.

Budsjettforslag for 2015

Noreg er medlem i EUMETSAT, ECMWF og WMO gjennom å ha tiltredd internasjonale konvensjonar. Budsjettvedtak i dei styrande organa er dermed forpliktande for Noreg. Det prosentvise bidraget frå eit land til budsjettet er proporsjonalt med brutto nasjonalinntekta i landet. Når det gjeld dei andre internasjonale organisasjonane, er det Meteorologisk institutt som er medlem.

Storleiken på løyvinga på posten er òg avhengig av svingingar i valutakursane og aktivitetsnivået i dei ulike organisasjonane. Mesteparten av utgiftene er knytte til den europeiske organisasjonen for utnytting av meteorologiske satellittar (EUMETSAT). I EUMETSAT skal det i 2014 vedtakast eit nytt polarbanesatellittprogram (EPS-SG) som skal sørgje for nye satellittar frå 2020. EPS-SG vil føre til ein auke i bidraget frå Noreg til EUMETSAT, særleg i 2015 og 2016. For Noreg og nordområda er dette programmet svært viktig. Polarbanesatellittane gir mellom anna den viktigaste satellittinformasjonen. I tillegg er kontingentdelen frå Noreg til EUMETSAT justert opp med 18 pst. frå og med 2015.

Den foreslåtte løyvinga for 2015 er derfor monaleg høgre enn løyvinga i 2014.

Kap. 284 Dei nasjonale forskingsetiske komiteane

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

17 935

17 236

18 149

Sum kap. 0284

17 935

17 236

18 149

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga gjeld drift av Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK), og dekkjer arbeidet i Nasjonal forskingsetisk komité for medisin og helsefag, Nasjonal forskingsetisk komité for samfunnsvitskap og humaniora, Nasjonal forskingsetisk komité for naturvitskap og teknologi, Nasjonalt utval for gransking av reielegheit i forsking (Granskingsutvalet) og det felles sekretariatet. Også Patentnemnda og Skjelettutvalet ligg til FEK.

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane er ein viktig del av det norske forskingssystemet, og skal fremme god og etisk forsvarleg forsking. Oppgåvene er fastsette i forskingsetikklova, som også slår fast at komiteane og utvala er fagleg uavhengige organ. Sekretariatet skal leggje til rette for at komiteane kan gjennomføre oppgåvene sine innanfor god ressursbruk og med høg kvalitet.

Mål for 2015

  • FEK skal vere ein sentral kunnskapsformidlar overfor forskarar, forskarinstitusjonar og allmenta om forskingsetiske spørsmål og ein pådrivar for debatt på området.

  • FEK har ansvaret for at dei forskingsetiske retningslinjene til kvar ei tid er gode verktøy for å fremme god og etisk forsvarleg forsking.

  • FEK skal styrkje samarbeidet med dei forskingsutførande institusjonane.

  • FEK skal behandle og gjere vedtak i enkeltsaker med høg kvalitet og innan rimeleg tid.

Rapport 2013

Departementet er nøgd med måloppnåinga til FEK i 2013. FEK vart omdanna til eit ordinært forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet frå 1. januar 2013. System og rutinar for å oppfylle krava til eit sjølvstendig forvaltningsorgan er etablerte. Administrasjonen er styrkt med to stillingar.

Det faglege arbeidet i FEK er i hovudsak ei vidareføring av dei tidlegare oppgåvene. I tillegg til omfattande arbeid i fagkomiteane har FEK mellom anna gitt ut fire antologiar om forskingsetiske tema og gjennomført åtte opne arrangement. Kontakten med dei forskingsutførande institusjonane er styrkt. Granskingsutvalet behandla ei rekkje saker, men har ikkje sett behov for å setje i gang noka gransking. På oppdrag frå Helsedirektoratet har FEK sekretariatet for gruppa som koordinerer forsking etter terrorhendinga 22. juli 2011. Samarbeidet med dei regionale komiteane for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk er styrkt.

Budsjettforslag for 2015

Til grunn for løyvingsforslaget ligg ein reduksjon på 0,5 pst. som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar. Dette utgjer 88 000 kroner. Vidare er løyvingsforslaget redusert med 1,1 mill. kroner som følgje av innføring av nøytral meirverdiavgift for ordinære statlege forvaltningsorgan, jf. omtale under Hovudprioriteringar i del I. Departementet foreslår at løyvinga på posten blir styrkt med 1,6 mill. kroner. Denne styrkinga skal dekkje auka pensjonsutgifter knytte til opprettinga av to stillingar i 2013.

Kap. 285 Noregs forskingsråd

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

52

Langsiktig, grunnleggjande forsking

1 311 868

1 414 725

1 524 979

53

Strategiske satsingar

897 203

1 003 605

980 818

54

Forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse

289 240

299 363

455 663

55

Administrasjon

275 300

268 936

276 422

Sum kap. 0285

2 773 611

2 986 629

3 237 882

Forskingsrådet skal gjennom ulike verkemiddel sikre forsking av høg kvalitet og relevans. Forskingsrådet har ei sentral rolle som forskingspolitisk rådgivar og har òg ein viktig møteplassfunksjon. Noregs forskingsråd er eit vesentleg verkemiddel for regjeringa i gjennomføringa av forskingspolitikken.

Ei av dei viktigaste oppgåvene for Forskingsrådet er å sikre kvalitet og relevans i den forskinga som blir utført, gjennom å nytte nasjonal konkurranse i fordelinga av forskingsmidlar. Kvaliteten blir sikra ved at søknadene blir vurderte av internasjonale fagfellar. Berre dei prosjekta som får best vurdering, får støtte. Forskingsrådet har vidare ei viktig rolle i å sjå ulike forskingsområde i samanheng, mellom anna ved å knyte saman anvend forsking og grunnforsking og sikre samanheng mellom nasjonal forsking og internasjonalt forskingssamarbeid.

Forskingsrådet vart i 2014 tildelt om lag 7,9 mrd. kroner i FoU-løyvingar over budsjetta til 15 departement. Ei oversikt over dei største tildelingane til Forskingsrådet frå andre departement i 2014 og 2015 er presentert i del III, kap. 5. I tillegg til midlane over kap. 285 tildeler Kunnskapsdepartementet midlar til Forskingsrådet til basisfinansiering av dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta over kap. 287 post 57, og til forskingsprogrammet om forsking og innovasjon over kap. 287 post 21. Løyvingane til utdanningsforsking over budsjettet til Kunnskapsdepartementet er omtalte under kap. 226 post 21, kap. 231 postane 21 og 51 og kap. 258 post 21. Særskilde satsingar retta mot universitets- og høgskolesektoren er omtalte under kap. 281 post 50.

Mål for 2015

Regjeringa har fastsett nye mål for Forskingsrådet. Bakgrunnen er at både evalueringa av Forskingsrådet (Technopolis, 2012) og Riksrevisjonen peikte på utfordringar knytte til det eksisterande mål- og resultatstyringssystemet for Forskingsrådet. Løyvingane til Forskingsrådet går over budsjetta til 15 departement, og Forskingsrådet blir stilt overfor mange mål/delmål og ei rekkje føringar frå departementa. Det fører mellom anna til at den samla styringa av Forskingsrådet blir uoversiktleg. Kunnskapsdepartementet starta derfor hausten 2013 eit prosjekt for å vidareutvikle systemet for mål- og resultatstyring av Forskingsrådet.

Hensikta er å sikre eit system med meir overordna og strategisk styring av Forskingsrådet frå departementa, der den samla styringa blir dreidd meir over i retning av resultat av Forskingsrådets verksemd, og der Forskingsrådet får større fridom til å forvalte program og aktivitetar på tvers av departementsgrensene. Departementa og Forskingsrådet har delteke i arbeidet med å utvikle det nye systemet gjennom fleire møte og konferansar.

Systemet for styring av Forskingsrådet vil bli utvikla vidare. Det nye systemet legg opp til ei systematisering og forenkling i styringa av Noregs forskingsråd. Systematiseringa inneber blant anna ei klargjering av rolla til Kunnskapsdepartementet som etatsstyrande departement. Styringa skal bli meir strategisk, mindre fragmentert og vil bli vridd frå aktivitetar til større vekt på resultat. Det blir lagt opp til ein langt tettare dialog enn tidlegare mellom Kunnskapsdepartementet og sektordepartementa i etatsstyringa av Forskingsrådet.

Måla for Forskingsrådet i 2015 er som følgjer:

  • auka vitskapleg kvalitet

  • auka verdiskaping i næringslivet

  • å møte store samfunnsutfordringar

  • eit velfungerande forskingssystem

  • god rådgiving

Kunnskapsdepartementet har ei viktig rolle gjennom finansiering av program og aktivitetar som er sentrale for eit velfungerande forskingssystem, og tiltak som går på tvers av sektorar. I tillegg har departementet eit særleg ansvar for å finansiere langsiktig, grunnleggjande forsking. Løyvingane på postane bidrar til fleire av måla. I samband med arbeidet med nye mål for Forskingsrådet har departementet hatt ein gjennomgang av løyvingane over postane 52 og 53. Nokre program og aktivitetar har vore finansierte over begge postane. Departementet foreslår flytting av finansieringa av nokre av midlane til Forskingsrådet frå 2015, slik at det blir tydelegare kva dei forskjellige postane skal finansiere. Postane har derfor fått endra namn. Kap. 285 post 52 skal finansiere langsiktig, grunnleggjande forsking. Løyvinga over kap. 285 post 53 finansierer strategiske satsingar som særleg er knytte til Kunnskapsdepartementets koordinerande rolle i forskingspolitikken og ansvaret for forskingssystemet. Løyvinga over kap. 285 post 54 skal framleis finansiere forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse. Delar av administrasjonsutgiftene til Noregs forskingsråd blir finansierte over ein eigen post, kap. 285 post 55.

Tabellen under viser konsekvensane av desse flyttingane mellom postane 52, 53 og 54. Desse tekniske flyttingane inneber ein netto reduksjon i løyvinga på kap. 285 post 53 på 128,7 mill. kroner og ein netto auke i løyvingane på kap. 285 postane 52 og 54 på høvesvis 57,4 mill. kroner og 56,3 mill. kroner. I tillegg til dei tekniske flyttingane innanfor kap. 285 foreslår departementet å flytte 15 mill. kroner til ordninga med nærings-ph.d. frå kap. 285 post 52 til kap. 281 post 50.

Tabell 4.14 Nettoendringar knytte til tekniske flyttingar

Kap.

Post

2015

285

53

–128 695

285

52

57 395

285

54

56 300

281

50

15 000

Rapport for 2013

Mål for tilskotta til Noregs forskingsråd

For å medverke til ei koordinert styring av verksemda til Forskingsrådet vart det i 2008 utvikla eit felles mål- og resultatstyringssystem for tildelingane til Forskingsrådet frå departementa. Det vart sett tre hovudmål for Forskingsrådet som gjaldt i 2013:

  • auka kvalitet, kapasitet og relevans i norsk forsking i heile landet

  • god ressursutnytting og formålstenleg arbeidsdeling, samhandling og struktur i forskingssystemet

  • resultata av forskinga blir tekne i bruk i næringsliv, samfunnsliv og forvaltning i heile landet

Overordna vurdering av måloppnåinga

I 2012 vart evalueringa av Noregs forskingsråd lagd fram (Technopolis 2012). Den overordna konklusjonen er at Forskingsrådet fungerer godt, og at Forskingsrådet er svært viktig for det norske forskings- og innovasjonssystemet. Evalueringa tilrår likevel forbetringar, mellom anna at Forskingsrådet må leggje sterkare vekt på kvalitet og fornying framover.

Departementet vurderer måloppnåinga til Forskingsrådet i 2013 som god. Forskingsrådet har systematisk følgt opp tilrådingane i evalueringa og har sett i verk konkrete tiltak på følgjande område: forskingskvalitet, arbeid med kunnskapsgrunnlaget og strategisk rådgiving, forsking og innovasjon i næringslivet og internasjonalt samarbeid. Rådet har i 2013 teke grep for å stimulere den grensesprengjande forskinga gjennom å introdusere nye verkemiddel. Når det gjeld internasjonalt forskingssamarbeid, har Forskingsrådet styrkt mobiliseringsarbeidet inn mot det nye europeiske rammeprogrammet for forsking og innovasjon, Horisont 2020. Den internasjonale innsatsen er integrert i alle programma og aktivitetane i Forskingsrådet, og rådet legg vekt på samspel og samordning mellom nasjonale program og internasjonale satsingar. Forskingsrådet har også utarbeidd ein strategi for evalueringar som legg vekt på auka systematikk, ein meir strategisk arbeidsmåte og betra evalueringspraksis. Departementet er nøgd med den systematiske oppfølginga som rådet har lagt opp til når det gjeld evalueringa.

Måloppnåinga kan òg sjåast i lys av ressursinnsatsen knytt til dei einskilde måla. Forskingsrådet klassifiserer bruken av midlane dei blir tildelte, etter måla i mål- og resultatsstyringssystemet. Det er overlapp mellom måla, og det er ikkje uproblematisk å knytte kvar krone til eit bestemt mål. Klassifiseringa til Forskingsrådet viser likevel at det meste av tildelinga frå Kunnskapsdepartementet er knytt til målet om auka kvalitet, kapasitet og relevans i norsk forsking i heile landet. Det største enkeltverkemiddelet som blir finansiert over budsjettet til Kunnskapsdepartementet, er Fri prosjektstøtte (FRIPRO). I 2013 utgjorde FRIPRO 22 pst. av tildelinga frå Kunnskapsdepartementet. I tillegg finansierer løyvinga over kap. 285 sentersatsingane, forskingsinfrastruktur og verkemiddelet Store program. Figuren nedanfor viser korleis løyvingane over budsjettet til Kunnskapsdepartementet er fordelte på ulike verkemiddel. Figuren viser samanhengen mellom korleis løyvingane over budsjettet til Kunnskapsdepartementet blir nytta, og det særskilde ansvaret departementet har for grunnforsking og tiltak som er knytte til heile forskingssystemet.

Figur 4.11 Fordeling av midlane Noregs forskingsråd blir tildelte frå Kunnskapsdepartementet, etter verkemiddel (2013)

Figur 4.11 Fordeling av midlane Noregs forskingsråd blir tildelte frå Kunnskapsdepartementet, etter verkemiddel (2013)

I kategorien «anna» ligg mellom anna nettverkstiltak og formidlingsaktivitetar.

Vurdering av korleis løyvingane over kap. 285 bidrar til å nå måla til Forskingsrådet

Kunnskapsdepartementet finansierer ei rekkje program og aktivitetar i Noregs forskingsråd. Løyvingane frå Kunnskapsdepartementet skal sikre både finansiering av grunnforsking, finansiering av program og aktivitetar som er sentrale for eit velfungerande forskingssystem, og tiltak som går på tvers av sektorar. Fleire av dei ulike programma og tiltaka som er nærmare omtalte under, bidrar til måloppnåing på fleire av måla.

Fri prosjektstøtte

Fri prosjektstøtte (FRIPRO) er ein open, nasjonal konkurransearena der søknadene blir vurderte ut frå vitskapleg kvalitet. Formålet med FRIPRO er å få fram forsking av høg vitskapleg kvalitet uavhengig av fagområde og disiplinar. Ordninga finansierer forskarprosjekt, inkludert doktor- og postdoktorstipend, utanlandsopphald og arrangement og er i heilskap finansiert over budsjettet til Kunnskapsdepartementet.

I 2013 har universiteta bidratt med 100 mill. kroner til FRIPRO som ein del av Fellesløftet, som vart inngått i 2012. Dette kjem i tillegg til Kunnskapsdepartementets bidrag på 638 mill. kroner. I oppfølginga av evalueringa av FRIPRO, som kom i 2012, vart ordninga lagd om for å fremme unge forskarar og meir nyskapande og grensesprengjande forsking. Ein ny søknadstype retta mot unge forskartalent vart oppretta i 2013. I 2013 auka søknadene til Fri prosjektstøtte med over 20 pst.

Store program

Store program er eit sentralt programverkemiddel i Forskingsrådet som bidrar til å gjennomføre nasjonale forskingspolitiske prioriteringar og til å utvikle eit velfungerande forskingssystem. Dei store programma er langsiktige, breie satsingar med finansiering frå fleire departement. Både grunnleggjande, anvend forsking og innovasjon inngår i programma. I 2013 var det sju store program: HAVBRUK, BIOTEK2021, VERDIKT, NANO2021, PETROMAKS2, ENERGIX og KLIMAFORSK. Det samla budsjettet for dei store programma var på 1,3 mrd. kroner i 2013, noko som tilsvarte 18 pst. av totalbudsjettet til Forskingsrådet. Alle dei sju store programma vart delfinansierte over budsjettet til Kunnskapsdepartementet, medan den resterande finansieringa kom over budsjetta til dei ulike fagdepartementa. Delen frå Kunnskapsdepartementet utgjorde i 2013 24 pst.

Grunnforskingsprogram

Grunnforskingsprogramma i Forskingsrådet skal sikre kompetanse og fagleg fornying innanfor prioriterte fagområde. Grunnforskingsprogramma blir òg sette i gang for å styrkje svake fagområde. I 2013 hadde Forskingsrådet tolv aktive grunnforskingsprogram, med ein samla prosjektportefølje på 156 mill. kroner. Kunnskapsdepartementet stod i 2013 for 126 mill. kroner av løyvinga til grunnforskingsprogramma.

Det største fagområdet i porteføljen var matematikk og naturvitskap (56 pst.). Deretter kjem humaniora (17 pst.), samfunnsvitskap (14 pst.) og medisinske fag (ni pst.). Det er særleg universiteta og høgskolane som er hovudmottakarar av midlar frå grunnforskingsprogramma. 75 pst. av prosjektmidlane gjekk til universitets- og høgskolesektoren i 2013.

Handlingsretta program

Dei handlingsretta programma gir kunnskapsgrunnlag for politiske vedtak og for planlegging på forskjellige forvaltningsnivå. Kunnskapsdepartementet finansierer ei rekkje handlingsretta program saman med fleire andre departement. I 2013 stod Kunnskapsdepartementet for om lag 203 mill. kroner, som tilsvarer 27 pst. av midlane til handlingsretta program. Dei største bidraga frå Kunnskapsdepartementet til handlingsretta program gjekk til forskingsprogramma om norsk utdanningsforsking (50 mill. kroner), polarforsking (50 mill. kroner), praksisretta FoU for helse og velferdstenestene (28,7 mill. kroner), humane biobankar og registerdata (20 mill. kroner), sjukefråvær, arbeid og helse (10 mill. kroner) og forskingsprogrammet om forsking og innovasjon 9 mill. kroner, jf. også kap. 287 post 21.

Internasjonale stimuleringstiltak

Internasjonale stimuleringstiltak er tiltak som har internasjonalisering som hovudmål. Kunnskapsdepartementet finansierte i 2013 fleire stimuleringsordningar med om lag 130 mill. kroner. Midlane gjekk til stimulering av deltaking i EUs rammeprogram for forsking, bilaterale tiltak, internasjonale stipend og mobilitetsordningar. Internasjonalt samarbeid er ein integrert del av alle program og aktivitetar i Forskingsrådet. Den internasjonale innsatsen til Forskingsrådet er derfor langt høgre enn dei internasjonale stimuleringstiltaka aleine.

Brukarstyrte innovasjonsprogram

Brukarstyrte innovasjonsprogram er retta direkte mot verksemder som vil utvikle si eiga bedrift eller næring, og der brukarane er i førarsetet. Programma blir delfinansierte av næringslivet. Den offentlege forskingsinnsatsen gjennom Noregs forskingsråd som er retta mot næringslivet, skal bidra til at føretaka styrkjer sin eigen forskingsinnsats, og i større grad kan dra nytte av den store mengda forskingsbasert kunnskap som blir utvikla globalt.

Kunnskapsdepartementet delfinansierer nokre av dei brukarstyrte programma. I 2013 gjekk 55 mill. kroner av løyvinga frå Kunnskapsdepartementet til dei brukarstyrte programma Brukarstyrt innovasjonsarena, Auka verdiskaping i naturgasskjeden og Berekraftig verdiskaping i mat- og biobaserte næringar. Nærings- og fiskeridepartementet har den største tildelinga til brukarstyrte innovasjonsprogram.

Sentersatsingane

Senter for framifrå forsking (SFF) er blant Forskingsrådets fremste verkemiddel for kvalitet i norsk forsking. Kunnskapsdepartementet finansierer ordninga. Sentra utdannar og rekrutterer unge framifrå forskarar og samarbeider med internasjonalt høgt akta professorar og forskingsgrupper. I 2013 vart det starta 13 nye senter, og åtte senter var i full drift på sjuande året. Løyvinga til sentra var på 221 mill. kroner i 2013.

Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) er eit viktig, strategisk innovasjonsverkemiddel. Ordninga medverkar til fornying, auka kvalitet og mindre fragmentering i forskingssystemet. Hovudmålet for SFI er å styrkje innovasjonsevna i næringslivet gjennom satsing på langsiktig forsking i nært samarbeid mellom forskingsaktive verksemder og framståande forskingsmiljø. I 2013 vart SFI-ordninga finansiert med 205 mill. kroner frå Kunnskapsdepartementet og 10 mill. kroner frå Nærings- og fiskeridepartementet. I tillegg kom tilskott frå vertsinstitusjonane og samarbeidspartnarane deira.

Forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) skal gjennom langsiktig forskingsinnsats på høgt internasjonalt nivå bidra til å løyse utfordringar på energi- og miljøområdet. Det er åtte senter innanfor teknologisk energiforsking og tre senter innanfor samfunnsvitskapleg energiforsking. Ordninga blir i hovudsak finansiert av Olje- og energidepartementet, men Kunnskapsdepartementet finansierer ordninga med 5 mill. kroner.

Nasjonal satsing på infrastruktur

Infrastrukturordninga har eksistert sidan 2009 og skal støtte etablering av nasjonale forskingsinfrastrukturar. Ordninga medverkar til samhandling, arbeidsdeling og konsentrasjon i forskinga på nasjonalt prioriterte område der Noreg har sterke forskingsmiljø. Fleire infrastrukturar har partnarar frå fleire institusjonar i Noreg. Utlysinga til infrastrukturordninga er tematisk open, men fire overordna forskingspolitiske prioriteringar blir lagde til grunn for utveljinga av prosjekt: helse og velferd, bioøkonomi, klima og miljø, og energi og miljøvennleg teknologi. Infrastrukturordninga bidrar også til etablering av nasjonale infrastrukturar som fungerer som nasjonale nodar for norsk deltaking i prosjekt som er valde ut på det europeiske vegkartet for forskingsinfrastruktur (ESFRI Roadmap). Noreg har òg eit nasjonalt vegkart for forskingsinfrastruktur som gir ei oversikt over investeringsklare prosjekt som er vurderte som strategisk viktige og fagleg gode. Noreg deltek i 23 av dei 48 prosjekta på ESFRIs vegkart.

Post 52 Langsiktig, grunnleggjande forsking

Kunnskapsdepartementet foreslår å samle løyvingane til langsiktig, grunnleggjande forsking på éin post. Dette inneber at denne posten endrar namn. Løyvinga over kap. 285 post 52 skal finansiere langsiktig, grunnleggjande forsking på alle fagområde. Posten vart tidlegare kalla Forskingsformål.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår å løyve 1 525 mill. kroner på posten i 2015. Løyvinga finansierer mellom anna Fri prosjektstøtte (FRIPRO), senter for framifrå forsking, løyvingar til grunnforskingsprogram og strategisk institusjonsstøtte. Av auken frå saldert budsjett 2014 er 57,5 mill. kroner knytt til tekniske flyttingar. Til grunn for løyvingsforslaget ligg ein reduksjon på 0,5 pst. som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar. Dette utgjer 7,3 mill. kroner.

Evalueringa av FRIPRO frå 2012 viste at FRIPRO er eit godt verkemiddel for å fremme forsking av høg vitskapleg kvalitet, uavhengig av fagområde og disiplinar. Fri prosjektstøtte er ein viktig kanal for mangfald og har vist seg å ha ein positiv innverknad på rekruttering, karriereutvikling, internasjonalt samarbeid og kjønnsbalanse i forskinga. Evalueringa peikte òg på fleire område med potensial for forbetring, blant anna at dei unge forskartalenta ikkje når opp i konkurranse med seniorforskarar. Regjeringa er oppteken av å fremme banebrytande forsking og foreslår derfor innanfor denne posten å styrkje Fri prosjektstøtte (FRIPRO) med 60 mill. kroner i 2015. Styrkinga skal blant anna gå til satsinga på unge forskartalent og til mobiliseringsordninga på postdoktornivå, FRIPRO mobilitetsstipend, med det formål å auke mobiliteten for forskarar tidleg i karrieren, samtidig som ein sikrar at kunnskapen dei har tileigna seg, kjem tilbake til Noreg. Samla blir tildelinga frå Forskingsrådet til FRIPRO på om lag 760 mill. kroner i 2015. I tillegg vil det i 2015 gå 150 mill. kroner til Fri prosjektstøtte frå universiteta gjennom Fellesløftet 1 og 2. Fellesløftet inneber at universiteta bidrar med ein tilsvarande sum av eigne midlar som staten bidrar med over tre år.

Departementet har flytt løyvinga til ordninga med nærings-ph.d., på 15 mill. kroner, til kap. 281 post 50 for å samordne løyvingar som går til liknande formål. Det er for 2015 òg foreslått å flytte løyvingane til Kavli Institute for Systems Neuroscience (12,5 mill. kroner) til kap. 260 post 50, løyvinga til Komité for kjønnsbalanse og mangfold i forskning (1,5 mill. kroner) til kap. 281 post 70, og støtte (400 000 kroner) til Samisk tidsskrift frå Forskingsrådet til løyvinga til Samisk høgskole over kap. 260 post 50.

Post 53 Strategiske satsingar

Kunnskapsdepartementet foreslår å samle løyvingane til Forskingsrådet som skal ta seg av systemansvaret til departementet, og bidra til å rette opp systemsvikt. Det meste av forskinga som blir finansiert over denne posten, går på tvers av sektoransvaret. Løyvinga på denne posten er finansiert med tidlegare avkastning frå fondet for forsking og nyskaping, og skal særleg støtte opp om den koordinerande rolla Kunnskapsdepartementet har i forskingspolitikken. Nemninga på denne posten blir derfor endra til Strategiske satsingar. Posten vart tidlegare kalla Overordna forskingspolitiske prioriteringar. Løyvinga over kap. 285 post 53 skal finansiere store program, handlingsretta program og stimuleringsordningar for internasjonalt forskingssamarbeid.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår å løyve 980,8 mill. kroner på posten i 2015. Det er ein netto nominell reduksjon på ca. 23 mill. kroner samanlikna med 2014. Om lag 129 mill. kroner av reduksjonen er ei følgje av tekniske flyttingar av mellom anna løyvingane til senter for framifrå forsking (SFF), grunnforskingsprogram, fri prosjektstøtte og løyvingane til strategisk institusjonsstøtte frå denne posten. Til grunn for løyvingsforslaget ligg ein reduksjon på 0,5 pst. som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar. Dette utgjer 5,2 mill. kroner.

Regjeringa er oppteken av å leggje til rette for større norsk deltaking i EUs forskings- og innovasjonsprogram og har lagt fram ein nasjonal strategi for samarbeidet med EU om forsking og innovasjon. For å følgje opp strategien foreslår regjeringa å styrkje øyremerkte tiltak, mellom anna STIM–EU, prosjektetableringsstøtte og posisjoneringsstøtte, for å auke deltakinga i Horisont 2020 med 115 mill. kroner i 2015. Innanfor løyvinga på posten foreslår regjeringa at ordninga med nasjonale kontaktpunkt (NCP) skal styrkjast med 10 mill. kroner.

IKT, bioteknologi og nanoteknologi er eksempel på mogleggjerande teknologiar. Ei satsing på desse teknologiane er eit viktig grunnlag for fornying og omstilling i næringslivet og i offentleg sektor. Regjeringa foreslår å styrkje løyvingane i Forskingsrådet til dei programma som er retta inn mot desse teknologiane, med særleg vekt på IKT. Regjeringa foreslår ein auke i løyvingane på 20 mill. kroner i 2015.

I 2014 vart ei ny gåveforsterkingsordning innført. Ordninga inneber at staten yter eit tillegg på 25 pst. av gåvebeløpet ved private pengegåver til Noregs forskingsråd, Det Norske Videnskaps-Akademi, universitet eller høgskolar med rett til å dele ut doktorgrad. Midlane skal nyttast til å støtte opp om langsiktig, grunnleggjande forsking ved institusjonane. Kunnskapsdepartementet foreslår å utvide ordninga til å omfatte høgskolar utan doktorgradsrett når gåva er eit gåveprofessorat.

Departementet foreslår å flytte det nasjonale ansvaret for European Cooperation in Science and Technology (COST) frå Nærings- og fiskeridepartementet til Kunnskapsdepartementet. COST fungerer som eit verkemiddel for å fremme forskarmobilitet og internasjonalisering gjennom forskarnettverk. Hovudtyngda av forskarane som deltek i aktivitetane under COST, kjem frå universitets-, høgskole- og instituttsektoren, og i mindre grad frå næringslivet. Departementet foreslår at løyvinga til COST, på 400 000 kroner, blir overført frå Nærings- og fiskeridepartementets kap. 920 post 50 til kap. 285 post 53.

Post 54 Forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse

Løyvinga over kap. 285 post 54 skal finansiere forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse. Satsing på forskingsinfrastruktur er eit direkte bidrag til å nå målet om å utvikle verdsleiande fagmiljø. Samtidig bidrar infrastruktur av høg kvalitet til auka internasjonalisering og rekruttering. Vidare vil godt utvikla forskingsinfrastruktur vere avgjerande for å fremme innovasjon og kunnskapsproduksjon som er nødvendig for å lykkast med overgangen til eit lågutsleppssamfunn.

I St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning vart finansieringsansvaret for ulike typar infrastruktur presisert. På bakgrunn av meldinga vart det bestemt at den einskilde forskingsinstitusjonen skal ha ansvaret for investeringane i såkalla basisutstyr, definert som utstyr som det er naturleg at mange institusjonar har, og som har ein investeringskostnad på opptil 2 mill. kroner. Ordninga til Forskingsrådet gjeld forskingsinfrastruktur som er av nasjonal, strategisk interesse, og som har ein investeringskostnad på mellom 2 mill. kroner og 200 mill. kroner. Prosjekt med ein kostnad på over 200 mill. kroner må handsamast særskilt av regjeringa. Ansvarsdelinga inneber at Forskingsrådet skal syte for å samordne investeringar i tilfelle der fleire miljø har behov for infrastruktur, men der kostnadene er så høge at det er mest tenleg med samarbeid. Midlane som går via Forskingsrådet, blir tildelte etter konkurranse.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår å løyve 455,7 mill. kroner på posten i 2015 mot 299,3 mill. kroner i 2014. Av auken er 56,3 mill. kroner ei teknisk flytting frå kap. 285 post 52. Til grunn for løyvingsforslaget ligg ein reduksjon på 0,5 pst. som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar. Dette utgjer 1,5 mill. kroner.

Post 55 Administrasjon

Forskingsrådets administrasjonsutgifter kan delast i to: interne og eksterne administrasjonsutgifter. Den første delen omfattar alle personal- og driftskostnader, inklusive IKT-kostnader. Desse interne administrasjonsutgiftene blir finansierte gjennom grunnfinansiering frå Kunnskapsdepartementet over kap. 285 post 55 og gjennom ein administrasjonsdel frå forskingsløyvingane til dei departementa som finansierer forsking gjennom Noregs forskingsråd. Dei eksterne administrasjonsutgiftene er utgifter knytte til FoU-verkemidla som møtegodtgjersle, reisekostnader, søknadshandsaming, evalueringar og utgreiingar i samband med gjennomføring av program og aktivitetar. Desse utgiftene blir finansierte av det enkelte program eller den enkelte aktivitet og blir fastsette av programstyra.

Løyvinga er ei grunnfinansiering av Forskingsrådets verksemd som skal dekkje delar av dei interne administrasjonsutgiftene knytte til personale, IKT-kostnader og drift. Løyvinga skal nyttast til alle aktivitetar og program som rådet finansierer.

Mål for 2015

Målet for løyvinga er å sikre ein effektiv og brukarorientert organisasjon.

Rapport for 2013

Løyvinga over posten var på 275,3 mill. kroner i 2013. Dei samla interne administrasjonsutgiftene var på om lag 565 mill. kroner i 2013, eksklusive pensjonskostnader. Det inneber at i underkant av 50 pst. av dei interne administrasjonsutgiftene blir finansierte over løyvinga på denne posten. Midlane over denne posten går til å finansiere dei tre hovudoppgåvene til rådet: finansiering, rådgiving og møteplassfunksjon.

Forskingsrådet arbeider kontinuerleg med å utvikle ein brukarorientert administrasjon og har i 2013 halde fram med å effektivisere drifta. Dette gjeld særleg arbeidet med å utvikle elektroniske løysingar for alle dei sentrale delane ved søknadsprosessane. Alle prosessar knytte til søknader om forskingsmidlar er no digitaliserte. I tillegg har arbeidet med regelstyring og standardisering halde fram for å auke kvaliteten på tenestene. Forskingsrådet er også i gang med å vidareutvikle nettsidene slik at det blir enklare å søkje Forskingsrådet om midlar.

Talet på klagesaker er meir enn halvert frå 2012 til 2013, og utgjer berre 7 promille av innsende søknader. Rådet har også etablert ein ny prosjektbank som vil gi statistikk og informasjon om resultat frå dei forskingsprosjekta som rådet finansierer.

Dei eksterne administrasjonsutgiftene, det vil seie utgifter knytte til drift av program og aktivitetar, vil variere over tid som følgje av kva for fase dei ulike programma er i. Nivået på desse utgiftene har likevel vore relativt stabilt i dei siste åra, og var i 2013 på om lag 180 mill. kroner.

Tabellen under viser utviklinga i dei interne administrasjonsutgiftene til Forskingsrådet og administrasjonsløyvinga frå Kunnskapsdepartementet.

Tabell 4.15 Utvikling i dei interne administrasjonsutgiftene til Forskingsrådet i perioden 2011–13 (i 1 000 kroner)

(i 1 000 kr)

2011

2012

2013

Interne administrasjonsutgifter (ekskl. pensjonsforplikting)

439 193

481 027

565 123

Av dette løyvinga på kap. 285 post 55

258 492

266 505

275 300

Det har vore ein auke i dei interne administrasjonsutgiftene i dei seinare åra. Denne auken skriv seg mellom anna frå fleire oppgåver som ei følgje av auka FoU-løyvingar, nye oppgåver som departementa har lagt til Forskingsrådet (til dømes Kunnskapssenter for utdanning, sekretariat for «21-strategiane»), arbeidet med å utvikle og forbetre tenestene til rådet og den generelle lønns- og prisauken. Auken frå 2012 til 2013 skyldast mellom anna større innsats for å digitalisere tenestene.

Departementet har merksemd retta mot nivået på den likviditeten Noregs forskingsråd har i Noregs Bank. Overføringane har auka i dei seinare åra. Tabell 4.14 i vedlegg 4 viser utviklinga i likviditeten for dei fire siste åra.

Likviditeten består i hovudsak av tre element:

  • avsetning av midlar til lovpålagde oppgåver som feriepengar og pensjonar

  • avsetning av midlar til forskingsaktivitet som er utført, men som ikkje blir betalt ut før året etter (prosjektgjeld til utførte forskingsprosjekt)

  • midlar som er inntektsførte i Forskingsrådet, men som ikkje fullt ut er sette i aktivitet i det året midlane vart løyvde, altså ei forskyving i bruken av midlane. Denne forskyvinga i bruken av midlane skyldast to forhold:

    • forseinkingar ute i forskingsprosjekta (mellom anna ute ved universiteta og høgskolane) slik at utbetalingane kjem i eit anna tempo enn budsjetteringa hadde lagt opp til

    • at midlar ikkje er fordelte vidare til det einskilde forskingsprosjektet

Departementet vil understreke at det er naturleg at Noregs forskingsråd overfører midlar frå eitt budsjettår til eit anna. Dette ligg i den rolla Forskingsrådet har i forskingssystemet, og i dei strukturelle rammene med eittårige tildelingar. Den viktigaste oppgåva til rådet er å fordele forskingsmidlar vidare ut i forskingssektoren etter nasjonal konkurranse, og slik sørgje for kvalitet og relevans i den forskinga som blir utført. Dette krev god planlegging og strenge krav til kvalitetssikring og oppfølging, noko som igjen krev tid. Departementet er likevel ikkje nøgd med nivået på og auken i overføringane og forventar at Forskingsrådet har stor merksemd på å få ned overføringane. Departementet følgjer opp dette i etatsstyringa.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår ei løyving på 276,4 mill. kroner i 2015. Det er ein nominell auke på 7,5 mill. kroner samanlikna med 2014. Til grunn for løyvingsforslaget ligg ein reduksjon på 0,5 pst. som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar. Dette utgjer 1,4 mill. kroner.

Som nemnt over har det vore ein vekst i dei interne administrasjonsutgiftene i dei seinare åra. Dette har vore ei ønskt utvikling for å løyse viktige oppgåver. Departementet har frå 2014 sett eit tak på dei interne administrasjonsutgiftene i tildelingsbrevet til Forskingsrådet. Dette taket er i 2014 på 585 mill. kroner. Departementet legg opp til å føre vidare ordninga med å fastsetje eit tak på dei interne administrasjonsutgiftene i tildelingsbrevet for 2015. Når det gjeld nivået på taket, legg departementet opp til ei reell vidareføring av nivået på løyvinga i 2015 korrigert for tiltak for avbyråkratisering og effektivisering på 0,5 pst. og prioriterte satsingar. For å følgje opp den nasjonale strategien for auka norsk deltaking i EUs forskings- og innovasjonsprogram er det nødvendig å styrkje ordninga med nasjonale kontaktpunkt (NCP-ordninga). Dette har konsekvensar for administrasjonsutgiftene. Samstundes må taket ta høgde for satsingar i dei andre departementa som har konsekvensar for administrasjonsutgiftene. Departementet vil følgje opp utviklinga i både dei interne og dei eksterne administrasjonsutgiftene gjennom etatsstyringa.

Kap. 287 Forskingsinstitutt og andre tiltak

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 71

9 628

10 803

29 715

53

NUPI

4 342

4 494

4 620

56

Ludvig Holbergs minnepris

9 400

9 729

10 050

57

Basisløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

185 003

191 478

163 285

60

Regionale forskingsfond, tilskott til forsking

219 686

219 000

226 008

71

Tilskott til andre private institusjonar

34 725

39 268

40 564

73

Niels Henrik Abels matematikkpris

13 206

13 668

14 119

Sum kap. 0287

475 990

488 440

488 361

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 71

Mål for 2015

Målet for løyvinga er å medverke til utvikling av forskingspolitikken.

Rapport 2013

Kunnskapsdepartementet tildelte i 2013 9,6 mill. kroner over kap. 287 post 21.

5 mill. kroner av løyvinga vart brukte til å finansiere forskingsprogrammet Kunnskapsgrunnlaget for forskings- og innovasjonspolitikken (FORFI) i Noregs forskingsråd. FORFI vart sett i drift i 2010 og går over fem år med eit totalbudsjett på om lag 50 mill. kroner. FORFI vart evaluert i 2013, og konklusjonen var at det er behov for ei forskingssatsing på feltet for å styrkje kunnskapen om forsking og innovasjonsprosessar og dermed gi eit betre grunnlag for utforminga av forskings- og innovasjonspolitikken. Evalueringa fann at måla for programmet var dei riktige, men at storleiken ikkje var tilstrekkeleg for å nå måla. Særleg gjaldt det moglegheita for rekruttering og langsiktig kompetanseoppbygging, for å utvikle internasjonalt samarbeid med leiande miljø, og for å leggje til rette for meir original forsking av høg kvalitet.

I underkant av 2 mill. kroner vart nytta til å styrkje arbeidet til CRIStin med open tilgang til forskingspublikasjonar. Løyvinga har òg dekt midlar til utvikling av eit styringssystem for Forskingsrådet som er ei oppfølging av evalueringa av Forskingsrådet frå 2012.

Vidare har løyvinga mellom anna dekt midlar til ulike utgreiingar knytte til forskingspolitikken i regi av OECD. Løyvinga vart òg nytta til å finansiere arbeid i samband med dei vitskaplege prisane.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår ei løyving på 29,7 mill. kroner, mot 10,8 mill. kroner i 2014. 15 mill. kroner av auken gjeld løyvingar til forskingsinstitutta, som ei vidareføring av auken i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2014. Departementet foreslår vidare ein auke i løyvingane til FORFI på 4 mill. kroner for å styrkje arbeidet med kunnskapsgrunnlaget for forskings- og innovasjonspolitikken.

Til grunn for løyvingsforslaget ligg ein reduksjon på 0,5 pst. som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar. Dette utgjer 56 000 kroner. Vidare er løyvingsforslaget redusert med 389 000 kroner som følgje av innføring av nøytral meirverdiavgift for ordinære statlege forvaltningsorgan, jf. omtale under Hovudprioriteringar i del I.

Løyvinga på posten kan også bli nytta til å finansiere tidsavgrensa prosjekt i Kunnskapsdepartementet.

Post 53 NUPI

Mål for 2015

Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) har til formål å medverke til større innsikt i mellomfolkelege spørsmål, ved å drive forsking og ved å spreie informasjon om internasjonale forhold. Basisløyvinga til NUPI blir gitt over kap. 287 post 57, medan løyvinga på post 53 blir nytta til å finansiere dei nasjonale informasjonsoppgåvene til NUPI, mellom anna den rolla instituttet har som formidlar til barn og unge i alderen 15–25 år. Målet for denne ordninga er å medverke til at NUPI skal vere eit leiande miljø for presentasjon av og diskusjon om internasjonal politikk, med særleg ansvar for å ta hand om kommunikasjonen med elevar, studentar og offentlegheita.

Rapport for 2013

Departementet er nøgd med måloppnåinga til NUPI når det gjeld oppgåvene som er knytte til informasjon og formidling.

Digitale flater er den primære kanalen til NUPI for ekstern kommunikasjon og har vore ei viktig satsing for NUPI i 2013. 25 av arrangementa i 2013 er vortne filma og er tilgjengelege på NUPI sin kanal på YouTube. NUPI legg særleg vekt på å spreie informasjon til barn og unge i alderen 15–25 år. Den viktigaste kanalen er nettstaden hvorhenderdet.no. Nyhendebrev frå hvorhenderdet.no blir sende til om lag 21 000 e-postadresser. Det er ein monaleg vekst frå tidlegare år. NUPI har i tillegg teke imot 22 skoleklassar i løpet av 2013, og har halde oppe tilbodet med det virtuelle biblioteket.

Vidare har NUPI arrangert ei stor mengde seminar og konferansar, og forskarane ved NUPI har òg i 2013 vore mykje nytta som kjelder og kommentatorar i media.

Budsjettforslag for 2015

Til grunn for løyvingsforslaget ligg ein reduksjon på 0,5 pst. som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar. Dette utgjer 23 000 kroner. Ut over dette foreslår departementet at løyvinga på posten blir ført vidare på same nivå som i 2014.

Post 56 Ludvig Holbergs minnepris

Mål for 2015

Formålet med Holbergprisen er å auke merksemda kring humaniora, samfunnsvitskaplege fag, jus og teologi. Prisen blir tildelt forskarar som på avgjerande måte har påverka internasjonal forsking på sitt område.

Rapport for 2013

Ludvig Holbergs minnepris vart i 2013 delt ut til den franske antropologen og sosiologen Bruno Latour. I grunngivinga si framhevar Holbergkomiteen at Latour «kombinerer empirisk metode og observasjon med å rive ned etablerte førestillingar. Han omformar måten kunnskap blir organisert på, og inviterer til engasjement».

I tillegg til å dekkje prisbeløpet til vinnaren blir løyvinga nytta til ulike arrangement i samband med prisutdelinga og til aktivitetar som skal auke interessa for humanistiske og samfunnsvitskaplege fag i samfunnet elles. Dette omfattar mellom anna Holbergprisen i skolen, som er ein nasjonal forskarkonkurranse for elevar i vidaregåande skole. Konkurransen bidrar til å auke interessa for humanistiske og samfunnsvitskaplege fag, jus og teologi blant barn og unge.

I samband med Holbergprisen vart òg Nils Klim-prisen for yngre nordiske forskarar delt ut innanfor dei same fagfelta. I 2013 vart prisen delt ut til Ingvild Almås, førsteamanuensis ved Noregs handelshøgskole. Nils Klim-prisen er på 250 000 kroner.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår at løyvinga på posten blir ført vidare på same nivå som i 2014.

Post 57 Basisløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

Kunnskapsdepartementet har ansvaret for basisløyvinga til dei samfunnsvitskaplege institutta som er omfatta av ordninga med statleg basisløyving. Institutta skal nytte basisløyvinga til langsiktig kunnskaps- og kompetanseoppbygging.

Mål for 2015

Målet for den statlege basisløyvinga er å sikre ein sterk samfunnsvitskapleg forskingsinstituttsektor som kan tilby næringsliv og offentleg sektor relevant kompetanse og forskingstenester av høg internasjonal kvalitet. Løyvinga skal vidare stimulere til vitskapleg kvalitet, internasjonalisering og samarbeid i den samfunnsvitskaplege delen av instituttsektoren.

I 2015 vil ti pst. av basisløyvinga til dei samfunnsvitskaplege institutta bli omfordelte etter oppnådde resultat på fastlagde indikatorar. Omfordelingsdelen har vore den same sidan ordninga vart innført i 2009.

Rapport for 2013

Nåverande ordning for statleg basisløyving til forskingsinstitutta kom i stand i 2009, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2008–2009) og St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Kunnskapsdepartementet. Finansieringsordninga vart evaluert i 2012. Med bakgrunn i evalueringa reviderte departementet i 2013 Retningslinjer for statlig basisfinansiering av forskningsinstitutter, jf. Prop. 1 S (2013–2014) for Kunnskapsdepartementet.

Dei 26 samfunnsvitskaplege institutta hadde nær 1,4 mrd. kroner i samla driftsinntekter i 2013. Basisløyvinga stod for om lag 15 pst. av driftsinntektene. I 2013 vart ti pst. av basisløyvinga til dei samfunnsvitskaplege institutta omfordelte mellom institutta etter oppnådde resultat på indikatorar som premierer kvalitet og relevans i den faglege verksemda til institutta. Telemarksforsking – Notodden vart avvikla 1. mars 2013.

Frischsenteret, NTNU Samfunnsforskning og Uni Research Rokkansenteret tredde inn i ordninga med statleg basisløyving frå 2011, jf. Innst. 12 S (2010–2011). Desse institutta kom inn med ei låg basisløyving og har hatt sterkast prosentvis nominell auke i løyvinga frå 2011 til 2013. Blant dei øvrige institutta viser omfordelinga at Østfoldforskning, Østlandsforskning, Trøndelag Forskning og Utvikling og PRIO har hatt størst vekst. Tre institutt har fått redusert basisløyvinga i same periode.

Tabellen viser basisløyvinga til dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta som var med i ordninga i 2013, og korleis basisløyvinga for kvart institutt har endra seg frå 2011 til 2013.

Tabell 4.16 Basisfinansieringa av dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta

Basisfinansiering 2013 (i mill. kroner)

Nominell endring 2011–13 (i pst.)

Agderforskning

3,6

1,2

IRIS Samfunns- og næringsutvikling

6,3

10,2

Møreforsking

4,5

14,3

Nordlandsforskning

4,5

6,1

NORUT Alta

2,2

5,7

NORUT Tromsø, samfunn

3,2

12,3

Telemarksforsking – Bø

3,9

9,1

Telemarksforsking – Notodden

0,1

Avvikla 1. mars 2013

Trøndelag Forskning og Utvikling

2,5

15,5

Vestlandsforsking

3,8

11,6

Østfoldforskning

3,4

20,5

Østlandsforskning

3,6

15,5

Arbeidsforskningsinstituttet

7,4

7,6

Chr. Michelsens Institutt

14,6

3,7

Fafo

15,7

12,8

Fridtjof Nansens Institutt

8,3

–0,4

Frischsenteret

1,7

147,9

Institutt for samfunnsforskning (ISF)

10,6

2,4

Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU)

13,1

2,1

Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA)

25,0

–2,5

NTNU Samfunnsforskning

6,1

117,9

Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI)

15,9

–0,9

Peace Research Institute Oslo (PRIO)

15,2

14,4

Rokkansenteret

3,8

154,9

SINTEF Teknologi og samfunn

12,8

14,0

Samfunns- og næringslivsforskning AS (SNF)

7,5

11,4

Kjelde: Noregs forskingsråd

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår ei løyving på 163,3 mill. kroner i 2015. Til grunn for løyvingsforslaget ligg ein reduksjon på 0,5 pst. som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar. Dette utgjer 1 mill. kroner. Forslaget tek også omsyn til at departementet foreslår at løyvinga til Arbeidsforskningsinstituttet AS (AFI) og Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) blir overført til eit anna budsjettkapittel og ein annan budsjettpost.

AFI og NOVA vart slåtte saman med Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) frå 1. januar 2014. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor at 33,5 mill. kroner går inn i rammeløyvinga til HiOA over kap. 260 post 50, mot ein tilsvarende reduksjon på kap. 287 post 57.

I tillegg kjem basisløyvinga til Chr. Michelsens Institutt på 15,4 mill. kroner. Denne løyvinga blir gitt over kap. 165 post 70 på budsjettet til Utanriksdepartementet.

Post 60 Regionale forskingsfond, tilskott til forsking

Dei regionale forskingsfonda vart oppretta frå 1. januar 2009 med ein kapital på 6 mrd. kroner. Kunnskapsdepartementet har fastsett retningslinjer for regionale forskingsfond. Retningslinjene spesifiserer formål med ordninga, styringslinjer og aktørar, oppgåvene og ansvarsområda deira, mellom anna grunnleggjande krav til administrasjon og styring av midlane i ordninga.

Mål for 2015

Dei regionale forskingsfonda skal styrkje regional forsking og innovasjon. Fonda skal medverke til langsiktig, grunnleggjande kompetansebygging i relevante forskingsmiljø og såleis medverke til betre kvalitet i forskinga. Fonda skal møte FoU-behov i fylka ved å støtte FoU-prosjekt som er foreslåtte av offentlege eller private aktørar i fondsregionen. På denne måten blir prioriteringane til fondsstyra forankra i regionale føresetnader og behov.

Rapport for 2013

I 2011 sette Forskingsrådet i gang ei treårig følgjeevaluering av ordninga med regionale forskingsfond. Evalueringa vart utført av Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU), og heldt fram i 2012 og 2013. NIFU har levert to delrapportar, og følgjeevalueringa vart fullført med ein sluttrapport i desember 2013.

Etter at dei regionale fonda har vore i drift i fire år, er konklusjonen i evalueringa at dei regionale fonda er veletablerte og verkar i samsvar med dei måla som er sette for ordninga. NIFU peiker på at arbeidet til fonda er godt forankra i regionane, at prosjekta held same kvalitetsnivå som samanliknbare program i Forskingsrådet, og at ordninga ser ut til å fungere i godt samspel med dei øvrige regionale verkemiddelaktørane. Evalueringa stadfestar den mobiliserande rolla dei regionale fonda har. Fondsordninga utløyser prosjekt som elles ikkje ville vortne sette i gang, og ein firedel av bedrifter som har fått innvilga prosjektsøknader, har i liten grad drive forsking tidlegare. NIFU meiner at dei regionale forskingsfonda har bidratt til ei viktig utvikling av det nasjonale forskingssystemet.

Følgjeevalueringa viser vidare at samanlikna med andre kjelder som finansierer FoU, har dei regionale forskingsfonda vore leiande i å lyse ut midlar som skal fremme fornying og innovasjon i offentleg sektor. Rapportane understrekar at det er eit monaleg rom for å involvere kommunane sterkare i forskingsprosjekt. Følgjeevalueringa har gitt mykje kunnskap om korleis ordninga verkar, og Kunnskapsdepartementet meiner derfor at det ikkje er behov for ei ytterlegare evaluering nå.

Til saman kom det i 2013 inn 480 søknader til dei sju fondsstyra. 207 av søknadene fekk tildelt midlar. Hovuddelen av dei tildelte midlane er nytta til forsking på områda helse (inkludert e-helse), mat og til forsking og innovasjon i offentleg sektor. Næringslivet mottok nærmare 34 pst. av midlane, medan 33 pst. gjekk til forskingsinstitutt og universitets- og høgskolesektoren. Kommunar og fylkeskommunar tok imot 20 pst. av midlane.

Forskingsrådet fekk tildelt 31,5 mill. kroner over posten i 2013 til felles utlysingar mellom fondsregionane. Forskingsrådet mottok vidare ei tildeling på 8,7 mill. kroner over posten til å dekkje administrative meirutgifter knytte til regionale forskingsfond.

Budsjettforslag for 2015

Regjeringa foreslår at fondsmekanismen blir avvikla, og at avkastninga frå regionale forskingsfond blir ført vidare som ei ordinær løyving på denne posten. Løyvinga er prisjustert med 7 mill. kroner. Løyvinga på posten har tidlegare ikkje vorte prisjustert sidan ho har vore finansiert med fondsmidlar.

Hovuddelen av løyvinga blir fordelt direkte til fondsregionane (vertsfylkeskommunane) etter faste kriterium, jf. Prop. 1 S (2010–2011) for Kunnskapsdepartementet. I samsvar med retningslinjene for regionale forskingsfond foreslår departementet å tildele 15 pst. av midlane (32,5 mill. kroner) til å finansiere samarbeidsprosjekt mellom fondsregionane. Departementet foreslår å tildele 8,9 mill. kroner til Forskingsrådet til dekning av årlege administrative meirutgifter knytte til ordninga.

Regjeringa la i juni 2014 fram ein nasjonal strategi for samarbeidet med EU om forsking og innovasjon. Strategien er i stor grad ein mobiliseringsstrategi og har som siktemål å auke den norske deltakinga i forskingssamarbeidet. Dei regionale forskingsfonda må vurdere korleis dei på ein god måte kan følgje opp EU-strategien, til dømes ved å vidareutvikle tiltak som stimulerer til auka regional deltaking i forskingsprogramma til EU.

Tabell 4.17 Fordeling av midlane til regionale forskingsfond

(i 1 000 kroner)

Mottakar og formål

Beløp

Fondsregionar:

Vertsfylkes-kommune

– Nord-Noreg

Troms

32 695

– Midt-Noreg

Sør-Trøndelag

25 659

– Innlandet

Hedmark

15 639

– Hovudstaden

Akershus

29 713

– Oslofjordfondet

Vestfold

34 763

– Agder

Aust-Agder

14 109

– Vestlandet

Hordaland

31 965

Noregs forskingsråd for dekning av årlege administrative meirutgifter knytte til ordninga

8 900

Samarbeidsprosjekt mellom fondsregionane

32 565

Totalt

226 008

Post 71 Tilskott til andre private institusjonar

Tilskott blir gitt til Senter for grunnforskning ved Det Norske Videnskaps-Akademi, Det Norske Videnskaps-Akademi (DNVA), Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS), Egede Instituttet, Forskningsinstituttenes fellesarena (FFA) og matematikkorganisasjonen Centre International de Mathématiques Pures et Appliquées (CIMPA). Tilskottet til DNVA dekkjer òg arbeidet med å administrere Kavliprisane.

Mål for 2015

Målet for tilskotta er at tilskottsmottakarane skal halde fram med, eller styrkje, den faglege verksemda og kompetansenivået sitt. Tilskottet til DNVA og DKNVS har òg som mål å medverke til større merksemd på forsking generelt og til meir internasjonalt samarbeid mellom forskarar.

Rapport for 2013

Rapporteringa for 2013 syner at alle institusjonane har halde fram med den faglege verksemda.

Løyvinga til DNVA omfattar òg midlar til arrangement i samband med Kavliprisane. Kavliprisane er eit samarbeid mellom DNVA, The Kavli Foundation i California og Kunnskapsdepartementet. Kavliprisane blir delte ut annakvart år for framifrå vitskapleg arbeid innanfor fagfelta astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap. I 2013 vart ikkje prisen delt ut.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår at løyvinga på posten blir ført vidare på same nivå som i 2014.

Post 73 Niels Henrik Abels matematikkpris

Mål for 2015

Abelprisen blir delt ut til framifrå vitskapleg arbeid innanfor matematikk. Prisen skal bidra til å auke merksemda kring matematikk i samfunnet. Prisen skal òg stimulere interessa for matematikk blant barn og unge.

Rapport for 2013

I 2013 gjekk Abelprisen til den belgiske matematikaren Pierre Deligne for hans store bidrag til algebraisk geometri, og for den gjennomgripande innverknaden desse bidraga har hatt på talteori, representasjonsteori og relaterte felt. Deligne er i dag professor emeritus ved Princeton-universitetet i USA. Abelprisen blir delt ut av Det Norske Videnskaps-Akademi og medverkar til å auke merksemda kring matematikk i samfunnet, særleg blant barn og unge. Løyvinga dekkjer i tillegg til prisbeløpet på 6 mill. kroner fleire arrangement i samband med prisutdelinga.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår at løyvinga på posten blir ført vidare på same nivå som i 2014.

Kap. 3287 Forskingsinstitutt og andre tiltak

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

87

Avkastning – Regionale forskingsfond

219 622

219 000

91

Fondskapital – Ludvig Holbergs minnefond

200 000

96

Fondskapital – Regionale forskingsfond

6 000 000

Sum kap. 3287

419 622

219 000

6 000 000

Post 87 Avkastning – Regionale forskingsfond

Kunnskapsdepartementet foreslår at regionale forskingsfond blir avvikla som fondsmekanisme, og at avkastninga frå regionale forskingsfond blir ført vidare som ei ordinær løyving over kap. 287 post 60. Endringa inneber at det ikkje blir foreslått ei inntektsløyving under kap. 3287 post 87. Dette står i samanheng med reduserte renteutgifter på kap. 1650 Statsgjeld, renter mv. post 89 Renter og provisjon mv. på innenlandsk statsgjeld under budsjettområdet til Finansdepartementet.

Post 91 Fondskapital – Ludvig Holbergs minnefond

Ludvig Holbergs minnefond vart avvikla i statsbudsjettet for 2013, og avkastninga vart ført vidare som ei ordinær løyving over kap. 287 post 56.

Post 96 Fondskapital – Regionale forskingsfond

Departementet foreslår at 6 mrd. kroner som tidlegare utgjorde kapitalen i regionale forskingsfond, blir inntektsførte som ei eingongsløyving på denne posten slik at kapitalen blir ført tilbake til statskassa.

Kap. 288 Internasjonale samarbeidstiltak

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

21

Særskilde driftsutgifter

7 461

6 707

26 872

72

Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar

203 479

206 002

246 426

73

EUs rammeprogram for forsking, kan overførast

1 576 390

1 347 234

2 053 648

74

Det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi, kan overførast

20 285

11 511

75

UNESCO-kontingent

16 951

18 909

18 573

76

UNESCO-formål

3 000

3 105

3 207

Sum kap. 0288

1 827 566

1 593 468

2 348 726

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Løyvinga går til internasjonalt samarbeid innanfor ansvarsområda til departementet, herunder bilateralt samarbeid med prioriterte land. Løyvinga dekkjer kontingenten til Senter for utdanningsforskning (CERI) under OECD. Ein mindre del vil òg kunne nyttast til Noregs hus i Cité Internationale Universitaire de Paris (CIUP).

Mål for 2015

Det er eit mål at Noreg deltek aktivt innanfor internasjonalt utdannings- og forskingssamarbeid, og at det er gode koplingar mellom desse områda.

Rapport for 2013

Arbeidet med bilateralt utdannings- og forskingssamarbeid vart styrkt i 2013, mellom anna gjennom støtte til oppfølging av myndigheitsavtalar med Japan, Russland og Brasil. I samband med tiårsmarkeringa av forskings- og teknologiavtalen med Japan frå 2003 vart den første Japan-Norway Science Week arrangert i Tokyo våren 2013. Ved den norske ambassaden i Moskva vart ei ny stilling som spesialutsending for utdanning, forsking og teknologi bemanna frå januar 2013. Stillinga blir finansiert av Kunnskapsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Som ledd i samarbeidet med Brasil innanfor høgre utdanning kom dei første brasilianske studentane til Noreg hausten 2013 gjennom mobilitetsprogrammet «Science Without Borders». Den norske deltakinga i programmet blir administrert av Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU).

Løyvinga har òg vore nytta til pilotprogrammet UTFORSK (2013–2015), som hadde den første utlysinga si i 2013. Tiltaket er etablert for å styrkje koplinga mellom høgre utdannings- og forskingssamarbeid med Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika (BRIKS) og Japan. UTFORSK er eit samarbeid mellom Forskingsrådet og SIU, og blir òg finansiert over kap. 281 post 01. Løyvinga har vidare vore nytta til å utvikle eit meir systematisk kunnskapsgrunnlag for samarbeid med strategisk viktige land utanfor EU, som utgangspunkt for ei styrkt strategisk tilnærming til bilateralt samarbeid på felta høgre utdanning og forsking.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår ei løyving på 26,9 mill. kroner i 2015.

Regjeringa ønskjer å utvikle fleire verdsleiande fagmiljø. Dette føreset mellom anna eit styrkt langsiktig samarbeid mellom institusjonar og fagmiljø i Noreg og deira partnarar i andre land, slik at norske aktørar får del i den internasjonale kunnskapsutviklinga. Departementet foreslår derfor ei strategisk styrking på 20 mill. kroner til etablering av eit partnarskapsprogram for samarbeid om høgre utdanning og forsking med prioriterte land utanfor EU. Departementet tek sikte på at midla i hovudsak vil bli forvalta av Noregs forskingsråd og Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU). Det blir òg utvikla ein strategi for høgre utdannings- og forskingssamarbeid med prioriterte land utanfor EU og Nord-Amerika.

Som følgje av innføring av nøytral meirverdiavgift for ordinære statlege forvaltningsorgan, er løyvingsforslaget redusert med 21 000 kroner, jf. omtale under Hovudprioriteringar i del I. Til grunn for løyvingsforslaget ligg ein reduksjon på 0,5 pst. som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar. Dette utgjer 35 000 kroner.

Post 72 Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar

Løyvinga dekkjer norsk deltaking i Den europeiske organisasjonen for kjerneforsking (CERN), Det europeiske molekylærbiologiske laboratorium (EMBL), European Molecular Biology Conference (EMBC), European Synchrotron Radiation Facility (ESRF) og International Agency for Research on Cancer (IARC).

Mål for 2015

Medlemskapen i internasjonale grunnforskingsorganisasjonar skal medverke til å nå overordna mål for norsk forskingspolitikk, inkludert høg kvalitet og internasjonalisering av norsk forsking.

Rapport for 2013

CERN er verdas leiande laboratorium innanfor partikkelfysikk. I 2013 fekk François Englert og Peter Higgs nobelprisen i fysikk. Deira hypotese var grunnlaget for jakta på Higgs-bosonet, der norske forskarar også har komme med viktige bidrag. Ein partikkel som kan vere Higgs-bosonet, vart funne i 2012.

Det er i overkant av 100 personar frå norske forskingsmiljø på CERN. Norske forskarar er mellom anna involverte i store, langsiktige prosjekt om bygging og drifting av eksperiment og eit stort nordisk datasenter som er ein del av CERNs datanettverk. Følgjeforskinga blir finansiert over Kunnskapsdepartementet sine løyvingar til Forskingsrådet. Totalt vart det nytta 21,5 mill. kroner til følgjeforsking på CERN i 2013.

EMBL er ein verdsleiande forskingsorganisasjon innanfor molekylærbiologi. EMBL samarbeider tett med framifrå forskingsmiljø i andre land gjennom såkalla partnarskapar. Noreg er vertskap for to av desse innanfor marin molekylærbiologi og molekylærmedisin. Partnarskapane har også eit felles utdanningsprogram for doktorgradsstudentar.

ESRF er eit laboratorium for synkrotronforsking. Organisasjonen omfattar òg den sveitsisk-norske strålelinja (SNBL). Forskingsrådet har eit eige program for synkrotron- og nøytronrelatert følgjeforsking som mellom anna skal medverke til god utnytting av den norske medlemskapen i ESRF. Følgeforskinga er retta mot metodeutvikling og kapasitetsbygging i dei norske fagmiljøa.

IARC er eit internasjonalt kreftinstitutt knytt til Verdas helseorganisasjon. Hovudformålet er å fremme internasjonalt kreftforskingssamarbeid. Årsaker til kreft og førebygging av kreft er sentrale forskingsfelt. IARC legg vekt på samarbeid med fattige land og fungerer også som global referanseorganisasjon når det gjeld omfanget av kreftsjukdom verda over. Norske forskarar er aktive både i forskinga og i styrande organ.

Budsjettforslag for 2015

Kontingentane for dei enkelte medlemslanda blir bestemde ut frå ein avtalefesta berekningsnøkkel der bruttonasjonalprodukt er ein hovudfaktor. Kontingentkrava for 2015 er enno ikkje fastsette for alle kontingentane. Budsjettforslaget for 2015 er derfor basert på vedtekne kontingentar for 2014. Kunnskapsdepartementet foreslår å auke løyvinga til CERN for 2015. Auken i kontingenten til organisasjonen skyldast ein oppdatert fordelingsnøkkel blant medlemslanda der delen frå Noreg har auka frå 2,6 pst. i 2014 til 2,8 pst. i 2015. Fordelinga er rekna ut på bakgrunn av nettonasjonalinntekta (NNI) i kvart land. For ESRF foreslår departementet òg å auke løyvinga. Auken til ESRF har i hovudsak bakgrunn i at fordelingsnøkkelen blant dei nordiske landa har vorte regulert for ein ny treårsperiode, og i den samanhengen har delen frå Noreg auka frå 19 til 21 pst.

Departementet foreslår ei løyving på 246,4 mill. kroner i 2015.

Tabell 4.18 Norske kontingentbidrag til internasjonale grunnforskingsorganisasjonar

Organisasjon

Kontingent i lokal valuta

CHF

Euro

1 000 kroner

CERN

30 830 700

205 989

EMBC

393 694

3 213

EMBL

2 603 075

21 242

ESRF

1 070 329

8 734

ESRF Upgrade

127 037

1 037

IARC

761 000

6 210

Sum

246 426

Post 73 EUs rammeprogram for forsking, kan overførast

Løyvinga dekkjer norsk kontingent for deltaking i EUs rammeprogram for forsking. Noreg er assosiert medlem i rammeprogrammet og har delteke fullt ut i forskingssamarbeidet med EU sidan 1994.

Mål for 2015

Norsk deltaking i Horisont 2020 skal medverke til betre kvalitet i norsk forsking og innovasjon, auka innovasjonsevne, verdiskaping og berekraftig økonomisk utvikling, betre velferd og ei meir berekraftig samfunnsutvikling og til at vi utviklar vår eigen forskings- og innovasjonssektor. Deltakinga gir også tilgang på ny kunnskap, teknologi, nettverk, marknader og infrastruktur.

Rapport for 2013

EUs sjuande rammeprogram for forsking vart avslutta i 2013. Frå 2014 blir samarbeidet ført vidare i det nye rammeprogrammet for forsking og innovasjon, Horisont 2020. Det er framleis mange prosjekt frå sjuande rammeprogram som går vidare, men det blir ikkje lyst ut nye prosjekt. Det blir arbeidd aktivt med ordningar og anna støtte som skal auke talet og kvaliteten på norske søknader. Norske forskarar som sender prosjektsøknader, lykkast forholdsvis godt, og nesten kvar fjerde søknad med norsk deltakar fekk støtte frå rammeprogrammet. Men det er for få som søkjer. Forskingsrådet og departementa har jobba mykje med mobilisering til deltaking i siste del av sjuande rammeprogram, og vil halde fram med arbeidet inn mot Horisont 2020. Det er ikkje alle kontraktar frå prosjekta i sjuande rammeprogram som er underteikna, men tal frå 2013 syner at norske forskarar var med i 1 464 prosjekt. Det er særleg på klima- og miljøområdet at Noreg gjer det godt. Vi har også gode resultat på til dømes tryggleiksforsking, energiforsking og biofag. I tillegg til den finansielle støtta får norske forskingsmiljø tilgang til internasjonal kunnskapsproduksjon, dei deltek i viktige internasjonale nettverk og får tilgang til nye forretningssamband.

Budsjettforslag for 2015

Løyvinga over posten dekkjer bidraget frå Noreg til EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020.

Etter EØS-avtalen Art. 82 nr. 1 bokstav a skal bidraget frå Noreg til programsamarbeidet med EU vere lik Noregs del av det samla BNP i EU-landa og i Noreg. Delen frå Noreg skal reknast av dei totale utbetalingane gjennom programmet i løpet av kalenderåret. Kor store dei årlege utbetalingane vil vere, er ikkje kjent før året er omme. Løyvingsbehovet for Noregs bidrag i 2015 er derfor basert på overslaget til Europakommisjonen for kor mykje som vil bli betalt ut i 2015. Eit betre grunnlag for å vurdere utbetalingane i 2015 vil liggje føre når EU har vedteke budsjettet sitt for 2015 i løpet av hausten 2014.

Kontingenten frå Noreg vil bli betalt ut i august 2015. Deretter vil det bli gjort ei etterberekning våren 2016 basert på dei endelege utbetalingstala for 2015. Ei eventuell korrigering som følgje av etterberekninga vil bli gjord i kontingentkravet for 2017.

Sjølv om programperioden til det sjuande rammeprogrammet vart avslutta i 2013, vil utbetalingane frå programmet bli fasa ut over fleire år. Det betyr at Noreg må rekne med å betale bidrag til det sjuande rammeprogrammet samtidig med bidrag til Horisont 2020. Vidare er også løyvinga til Noregs deltaking i det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi (EIT) innlemma i kontingenten til Horisont 2020. Sjå òg kap. 288 post 74.

I forslaget frå Europakommisjonen om utbetalingsbudsjett for Horisont 2020 i 2015 er det foreslått ein kontingent på om lag 251,7 mill. euro. Dersom forslaget til budsjett blir vedteke, betyr det eit bidrag frå Noreg på om lag 2,1 mrd. kroner i 2015.

Post 74 Det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi, kan overførast

Det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi (EIT) er innlemma i Horisont 2020. Noreg er med i EIT for å leggje til rette for internasjonalt samspel og auka innovasjonsevne i samarbeid mellom forsking, utdanning og næringsliv.

Rapport for 2013

EIT har som mål å fremme samarbeid på tvers av land og sektorar, og er særskilt retta mot samarbeid mellom forsking, utdanning og næringsliv. Hovudverkemiddelet for EIT er oppretting av kunnskaps- og innovasjonsnettverk (KICs) som finansierer samarbeid mellom forsking, utdanning og næringsliv innanfor definerte tema. Ingen norske miljø har førebels nådd opp i konkurransen om å bli med i KICs.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår at posten blir avvikla, og at løyvinga til EIT blir ein del av løyvinga over kap. 288 post 73.

Post 75 UNESCO-kontingent

UNESCO, FNs særorganisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon, har i hovudoppgåve å medverke til fred og tryggleik ved å fremme internasjonalt samarbeid på fagområda til organisasjonen. Medlemslanda deltek i UNESCOs generalkonferanse og eksekutivråd, og kan dermed vere med på å påverke UNESCOs arbeid. Kontingenten er eit vilkår for norsk medlemskap og deltaking i UNESCO.

Mål for 2015

Formålet med løyvinga er å sikre norsk deltaking i UNESCO gjennom å dekkje medlemskontingenten og tilskott til World Heritage Fund.

Rapport for 2013

Løyvinga har vore nytta til å sikre norsk deltaking i UNESCO gjennom å dekkje medlemskontingenten og tilskott til World Heritage Fund. Noreg har arbeidd for at UNESCO skal bli meir effektiv og målretta, mellom anna gjennom nordisk koordinering til UNESCOs styremøte. Noreg deltok aktivt på generalkonferansen høsten 2013 og var representert i fleire arbeidsgrupper. Generalkonferansen vedtok UNESCOs fireårige program, strategisk plan for 2014–21 og tilpassa budsjettet til forventa inntekter på grunn av at USA ikkje betaler medlemskontingent. UNESCOs generaldirektør, Irina Bokova, vart attvald med stort fleirtal.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår å løyve 18,6 mill. kroner til medlemskontingenten i UNESCO i 2015.

Post 76 UNESCO-formål

Løyvinga på posten går til tilskottsordninga til UNESCO-formål.

Den norske UNESCO-kommisjonen vil frå 2015 forvalte ordninga. Den norske UNESCO-kommisjonen er rådgivande organ for norske myndigheiter og fungerer som eit bindeledd mellom myndigheitene og fagmiljø på ansvarsområda til UNESCO. Kommisjonen skal òg medverke til å gjere UNESCOs idear, mål og oppgåver kjende i Noreg. Drifta av den norske UNESCO-kommisjonen blir finansiert over kap. 200 post 21.

Tilskottsmidlane vil bli lyste ut på nettsidene til kommisjonen og departementet.

Mål for 2015

Tilskottsordninga skal medverke til å styrkje UNESCOs arbeid og ansvarsområde, gjere UNESCO meir kjend i Noreg, og understøtte dei vedtekne satsingsområda til UNESCO-kommisjonen.

Rapport for 2013

Tilskottsordninga til UNESCO-kommisjonen gjekk i 2013 til å støtte 16 ulike prosjekt innanfor dei prioriterte områda presse- og ytringsfridom, berekraftig utvikling, immateriell kulturarv, verdsarv og demokratiutvikling.

Ordninga har mellom anna støtta ein internasjonal konferanse om kulturarv- og naturarvkonvensjonane, informasjon om deltaking i val og korleis naturen kan brukast som læringsarena.

Budsjettforslag for 2015

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2014.

Kap. 3288 Internasjonale samarbeidstiltak

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

4 199

4 684

4 599

Sum kap. 3288

4 199

4 684

4 599

Løyvinga på post 04 gjeld innanlandske kostnader som etter statistikkdirektiva til OECD blir definerte som offentleg utviklingshjelp.

Programkategori 07.80 Utdanningsstøtte

Utgifter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

2410

Statens lånekasse for utdanning

32 936 566

33 245 713

35 059 547

5,5

Sum kategori 07.80

32 936 566

33 245 713

35 059 547

5,5

Inntekter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

5310

Statens lånekasse for utdanning

9 843 101

13 622 640

14 578 245

7,0

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning

3 578 724

3 868 062

3 757 151

-2,9

Sum kategori 07.80

13 421 825

17 490 702

18 335 396

4,8

Innleiing

Utdanningsstøtteordningane skal gi alle lik moglegheit til utdanning og medverke til at behovet for kompetanse i samfunnet blir dekt. Statens lånekasse for utdanning (Lånekassen) administrerer utdanningsstøtteordningane, som er heimla i lov 3. juni 2005 nr. 37 om utdanningsstøtte (utdanningsstøttelova). Støtteordningane blir regulerte i forskriftene om tildeling og tilbakebetaling av utdanningsstøtte.

Utdanning og kompetanse er viktig for at kvar einskild skal utvikle identitet, evne til å tenkje kritisk og kunne ta del i demokratiske prosessar. Utdanningsstøtta legg såleis til rette for nyskaping og eit kunnskapsbasert samfunn. Gode støtteordningar er eit sentralt verkemiddel for sosial utjamning i rekrutteringa til høgre utdanning og forsking, og for å støtte opp om livslang læring.

Utdanningsstøtta skal leggje til rette for at elevar og studentar kan arbeide effektivt og med gode resultat.

Mål: God tilgang til utdanning

God tilgang til utdanning er eitt av måla for Kunnskapsdepartementet i 2015, jf. figur 1.2 Målbilete for Kunnskapsdepartementet for budsjettåret 2015 i del I. I all hovudsak er ordninga for studentar ei universell velferdsordning som skal medverke til at alle har eit likt grunnlag for livsopphald under utdanninga, uavhengig av geografiske forhold, alder, kjønn, funksjonsevne og sosiale og økonomiske forhold. I tillegg til generelle støtteordningar som dekkjer behova til majoriteten av støttemottakarane, må utdanningsfinansieringa derfor også vere målretta mot grupper med særskilde behov. Slik bidrar utdanningsstøtta til at målet kan bli nådd.

Tilstandsvurdering

Utdanningsstøtta legg til rette for eit samfunn med høgt kunnskapsnivå og internasjonal orientering. Dei norske utdanningsstøtteordningane er gode jamført med både nordiske land og andre land det er naturleg å samanlikne med, til dømes Tyskland.

For at arbeidsmarknaden skal fungere godt, trengst utdanning og kompetanse. Regjeringa ønskjer at utdanningsstøtteordningane skal medverke til at utdanningssektoren raskt kan fange opp endringar i etterspurnaden etter arbeidskraft og utdanning. Noreg vil i framtida trenge fleire personar med høgre utdanning. Utdanningsstøtta er også viktig for å sikre elevar moglegheit til å ta vidaregåande opplæring og fagopplæring.

Støtteordningane skal sikre at elevar og studentar har økonomisk moglegheit til å ta utdanning som seinare kan nyttast i arbeidslivet. I høgre utdanning er utdanningsstøtta lik for alle på den måten at det blir gitt det same støttebeløpet, uavhengig av kva slags utdanning ein student tek. Dette medverkar til at det blir utdanna eit breitt spekter av mellom anna ingeniørar, lærarar og legar i Noreg og i utlandet. Lån og stipend skal gi elevar og studentar midlar å leve for under utdanninga, medan omgjering av lån til stipend og rentefritak på grunn av utdanning er subsidieelement som skal sikre dei som har avslutta ei utdanning, mot for stor gjeldsbyrde. Det finst også tryggleiksmekanismar i støtteordninga knytte til rentefritak ved for eksempel arbeidsløyse, og ettergiving av lån ved varig uførleik. Dette bidrar til at unge ikkje vel bort utdanning fordi dei er urolege for høg gjeld etter avslutta utdanning.

Grad av utnytting

Fleirtalet av studentar og elevar nyttar støtteordningane gjennom Lånekassen. I undervisningsåret 2013–14 var det om lag 500 900 elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring og studentar i høgre utdanning i Noreg (inkludert norske studentar i utlandet). Om lag 395 900 personar mottok stipend og/eller lån til utdanning. Av desse var 173 800 i vidaregåande opplæring dei har rett til etter opplæringslova, og 182 800 var i høgre utdanning. 39 300 var i anna utdanning, til dømes fagskole.

Levekårsundersøkinga til Statistisk sentralbyrå (SSB) frå 2010 viser at støtteordningane blir mykje brukte: Heile ni av ti studentar i høgre utdanning mottek utdanningsstøtte frå Lånekassen. Proba samfunnsanalyse har i rapporten Analyse av utdanningsstøtteordningene frå 2013 vist at studentar som kommer frå høgre sosioøkonomiske grupper, nyttar utdanningsstøtteordninga noko meir enn studentar frå lågare sosioøkonomiske grupper. Barn av høgt utdanna foreldre tek opp meir lån enn barn av lågt utdanna foreldre. Det er òg barn av høgt utdanna foreldre som i størst grad vel å ta høgre utdanning. Rapporten peiker på ein samvariasjon mellom val av utdanning og bruk av utdanningsstøtta. Dei som vel dei mest lønnsomme utdanningane, til dømes juridiske studium, tek òg opp mest lån.

Økonomi

Delen som utdanningsstøtta utgjer av den disponible inntekta til studentane, har gått ned mellom 2010 og 2005, som er førre gangen levekåra til studentane vart analyserte. 60 pst. av studentane jobbar ved sida av studia. Om ein tek med feriane, har ni av ti studentar hatt yrkesinntekt i løpet av 2010. Desse inntektene utgjorde meir enn halvparten av det totalbeløpet studentane hadde til disposisjon. Over halvparten av studentane har motteke økonomisk støtte frå familien til dekning av utgifter siste år. Bustadutgiftene til studentane har auka med 16 pst. nominelt frå 2005 til 2010.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 29 (2013–14), som lyder:

«Stortinget ber Regjeringen om å utrede studentenes levekårssituasjon med sikte på å realisere heltidsstudenten. En slik utredning skal også innebære en plan for økning av studiestøtten og studiestøttens lengde. Studentenes organisasjoner skal involveres i dette arbeidet.»

Regjeringa har vurdert behovet for ny kunnskap om levekåra til studentane utover Levekårsundersøkinga. Regjeringa meiner dette er eit godt og oppdatert tilfang av kunnskap, og vil derfor bruke undersøkinga som grunnlag for det vidare arbeidet med å styrkje utdanningsstøtta som sentralt velferdstiltak for studentane. Kunnskapsdepartementet har hatt møte med studentorganisasjonane NSO og ANSA for å drøfte kunnskapsgrunnlaget og dei alternativa som finst for å styrkje støtta.

Regjeringa er oppteken av å leggje til rette for at det skal vere mogleg for den einskilde studenten å planleggje og gjennomføre studia på normert tid. Utdanningsstøtte frå Lånekassen er ein viktig faktor for studium på heiltid. Undersøkingar viser at noko arbeid ved sida av studia ikkje går ut over studieprogresjonen. Det går fram av evalueringa av Kvalitetsreforma frå 2007 at arbeid i inntil ti timar per veke ved sida av studia ikkje gjer at studentane bruker mindre tid på utdanninga. Levekårsundersøkinga viser at studentane arbeider i snitt sju timar per veke ved sida av studiane.

Regjeringa vil derfor gi studentane betre kjøpekraft ved å auke utdanningsstøtta slik at ho framleis tillèt ein rimeleg kombinasjon av studium på heiltid og noko arbeid ved sida av studia. Kor mykje studenten arbeider, vil avhenge av kva den einskilde har kapasitet til ved sida av studia. Kjeldene til livsopphald for heiltidsstudenten vil derfor kunne vere ein kombinasjon av utdanningsstøtte og arbeidsinntekt.

Aldersfordeling, kjønn og geografi

Fleirtalet av støttemottakarane i høgre utdanning er i aldersgruppa 20–24 år. Kvinnene er i fleirtal blant støttemottakarane, og delen kvinner aukar med stigande alder. Det er òg eit fleirtal av kvinner blant studentane i høgre utdanning generelt. Elevar med lovfesta rett til vidaregåande opplæring (ungdomsrett) har rett til utstyrsstipend. I 2013–14 nytta 92 pst. av dei som har rett til det, denne ordninga.

Delen støttemottakarar i Lånekassen som er 25 år og eldre og som tek høgre utdanning, var i 2013–14 om lag 30 pst. Delen studentar i høgre utdanning som var 26 år og eldre i 2013, var derimot om lag 40 pst. ifølgje SSB. Relativt få vaksne tek opp lån for å skaffe seg ei grunnskoleopplæring eller ei vidaregåande opplæring.

Noreg er eit land med spreidd busetjing. For at det skal vere tilgang til vidaregåande opplæring uavhengig av bustad og avstand til skole eller læreplass, har utdanningsstøtteordninga eit bustipend for elevar som må flytte frå foreldreheimen for å gå på skole. Reisestipend blir gitt både til elevar i den vidaregåande opplæringa og til studentar. Dei skal ha moglegheit til å velje utdanning langt frå heimstaden, men likevel kunne reise heim under utdanninga.

Mål: Kompetanse som trengst i dag og i framtida

Kompetanse som trengst i dag og i framtida er eitt av måla for Kunnskapsdepartementet for 2015, jf. figur 1.2 Målbilete for Kunnskapsdepartementet for budsjettåret 2015 i del I. Utdanningsstøtteordninga skal bidra til at samfunnet og arbeidslivet får tilgang på kompetanse. Slik bidrar støtteordninga til at målet kan bli nådd.

Tilstandsvurdering

Ifølgje SSB har nesten kvar tredje person i aldersgruppa over 16 år no utdanning på universitets- og høgskolenivå. Brorparten av desse har motteke støtte frå Lånekassen under utdanninga. I tillegg til dei delane i støtteordninga som blir nytta av alle, finst enkelte element som skal stimulere studentane til å ta visse utdanningar.

Ordninga med ettergiving av lån for visse lærarutdanningar skal bidra til å auke rekrutteringa av studentar til visse fag og emne med spesiell etterspurnad. Vidare finst det reglar i utdanningsstøtteordninga som skal hjelpe til med å sikre spesiell kompetanse på særskilde stader, for eksempel ordninga med delvis sletting av utdanningslån for låntakarar som er busette i og utøver eit yrke i Finnmark og enkelte kommunar i Nord-Troms (Finnmarksordninga). Det finst òg element i utdanningsstøtteordninga som skal medverke til raskare gjennomstrøyming av studentar på lærestadene, for eksempel ordninga med omgjering av lån til stipend (konverteringsordninga). Dette skal freiste å gi samfunnet kompetansen så raskt som mogleg.

I internasjonal målestokk har Noreg svært gode økonomiske ordningar for studentar som vel å ta utdanning i utlandet. Det finst eigne stipend og låneordningar både til delvis dekning av utgifter til skolepengar og til reiser. Arbeidsmarknaden er i endring, og internasjonal kompetanse er etterspurd. Det har derfor stor verdi at norske studentar vel å ta delar av utdanninga eller heile utdanninga i utlandet. Dei som vel å ta heile utdanninga si i utlandet, og som må betale skolepengar, får ei høgre gjeld enn om dei hadde teke den same utdanninga i Noreg. Ifølgje NIFU-studien frå 2008 Studiemobilitet og arbeidsmarkedstilpasning: nordisk kandidatundersøkelse 2007 – landrapport fra Norge har dei likevel høgre lønn enn andre grupper etter endt utdanning, og dei vender i stor grad tilbake til Noreg for å søkje arbeid.

Det har aldri tidlegare vore så mange norske studentar i utlandet som i undervisningsåret 2013–14. Da valde heile 24 230 studentar å ta anten heile eller delar av graden sin i utlandet. Det er ein relativt stabil del av støttemottakarane som mottek støtte til høgre utdanning i utlandet. I undervisningsåret 2012–13 var det 13,8 pst. av støttemottakarar totalt som mottok støtte til høgre utdanning i utlandet, medan den tilsvarande delen var 13,3 pst. i undervisningsåret 2013–14.

Strategiar og tiltak

Regjeringa held fram med arbeidet med å betre levekåra for studentane. Basisstøtta dannar fundamentet i utdanningsstøtteordninga for høgre utdanning og andre utdanningar som er omfatta av same regelverk. Ho kjem alle studentar til gode, og nivået på denne støtta har særleg mykje å seie for vilkåra til dei som satsar på heiltidsstudium. Derfor er auke i basisstøtta ut over prisveksten ei sentral prioritering på kunnskapsområdet i Sundvolden-erklæringa – ei prioritering som allereie vart følgt opp i budsjettet for 2014 med omsyn til undervisningsåret 2014–15. Regjeringa held fram med å auke kjøpekrafta til studentane, og foreslår derfor å styrkje basisstøtta med 3,1 pst. i undervisningsåret 2015–16, noko som svarer til ein auke på eitt prosentpoeng ut over venta prisvekst per august 2014.

Betre tilhøve for utdanning i utlandet

I Sundvolden-erklæringa har regjeringa prioritert å innføre ein generell rett til støtte for studentar som ønskjer å ta første året av bachelorutdanninga i USA (freshman-året) eller i ikkje-vestlege land, sjølv om dette året ikkje er på nivå med norsk høgre utdanning. Dette tiltaket ønskjer regjeringa å gjennomføre frå undervisningsåret 2015–16. I dag blir det for USA og ikkje-vestlege land berre gitt støtte til slik utdanning dersom lærestaden til studenten figurerer i ein av tre internasjonalt anerkjende rangeringslister over kvalitetsinstitusjonar. Hovudårsaka til at regjeringa ikkje lenger vil kople støtteretten til desse listene, er at listene i for liten mon er eigna til å måle kvaliteten på dei einskilde bachelorstudia som blir tilbydde verden over. Dessutan inneber koplinga mellom listene og støtteretten ei vesentleg innskrenking av det reelle høvet til å studere i ei rekkje land som Noreg har stor grunn til å rette merksemd mot i mellom anna nærings- og forskingspolitisk samanheng. Dette gjeld til dømes dei såkalla BRIK-landa (Brasil, Russland, India og Kina). USA er ein av Noregs viktigaste handelspartnarar og det viktigaste enkeltlandet for norsk internasjonalt forskingssamarbeid. Innføring av ein generell rett til støtte til freshman-året vil med stort sannsyn føre til fleire norske studentar i USA, noko som vil vere positivt med tanke på vidareutvikling av det gode handels- og forskingssamarbeidet mellom landa. Regjeringa har tillit til at den einskilde studenten sjølv klarer å gjere gode vurderingar kring kvaliteten på dei utanlandsstudia som er aktuelle for han eller henne.

Som eit ledd i arbeidet med å leggje tilhøva godt til rette for utanlandsstudium ønskjer regjeringa at staten skal bere risikoen som er knytt til valutasvingingar i samband med utbetaling av støtte til skolepengar i land utanfor Norden. Denne skolepengestøtta blir gitt både som stipend og lån, og det finst allereie ei ordning for å valutajustere stipenddelen av støtta dersom den norske krona har svekt seg mot aktuell utanlandsk valuta frå tidspunktet da stipenddelen blir berekna, og fram til tidspunktet da han blir betalt ut. Regjeringa foreslår nå at valutajusteringsordninga også skal omfatte lånedelen av skolepengestøtta. Samstundes inneber forslaget at valutajustering vil bli gjort anten kursen har gått opp eller ned i den tida som går frå det blir gjort vedtak om støtte og fram til støtta blir betalt ut.

Betre sjukestipend for studentar med sjukepengar

Kunnskapsdepartementet foreslår å betre sjukestipendordninga ved å inkludere dei som får sjukepengar frå folketrygda, i ordninga. I dag står dei som tek imot sjukepengar, utan rett til sjukestipend, same kor lite sjukepengebeløpet er. Departementet meiner at dette er ein for rigid regel, som svekkjer sjukestipendordninga som verkemiddel for å oppfylle målet om lik rett til utdanning uavhengig av funksjonsevne. Tal frå den siste Levekårsundersøkinga tyder på at meir enn halvparten av studentane i dag har rett til sjukepengar frå folketrygda. Ein stor del av desse har likevel så låg arbeidsinntekt at dei ved sjukdom vil få eit beløp frå folketrygda som ligg langt under det ein student utan sjukepengerett vil få som sjukestipend. Forslaget frå departementet inneber at studentar som arbeider noko ved sida av studia, blir sikra det same økonomiske vernet ved sjukdom som studentar utan sjukepengerett har.

Betre målretting av støtteordningane

Regjeringa legg svært stor vekt på at offentlege midlar blir nytta på ein effektiv, målretta og tillitvekkjande måte. Grunnstipendet har til formål å gi ungdom frå familiar med særleg svak økonomi dei same sjansane som andre til å gjennomføre vidaregåande opplæring. Det er ein risiko for at trong familieøkonomi kan bli ei tilskunding for ungdom til å gå ut i ufaglært arbeid framfor å ta vidaregåande opplæring. Grunnstipendet er meint å skulle redusere denne risikoen. Det er viktig for regjeringa at stipendordninga er innretta slik at ho så langt som mogleg berre kjem den reelle målgruppa til gode. Når nærmare 40 pst. av elevane med ungdomsrett til vidaregåande opplæring har fått dette stipendet i dei siste par åra, ser regjeringa det som eit klart teikn på at ordninga har ei feil innretning og såleis fører med seg ein lite målretta bruk av pengar. Ein så stor del av elevane kan knapt seiast å tilhøyre familiar med særleg svak økonomi. Departementet sette i verk ei gjennomgang av heile ordninga våren 2013 med sikte på å gi henne ei ny innretning som i langt større grad kanaliserer stipendet til den verkelege målgruppa. Med dei forslaga som regjeringa no legg fram, er det berekna at om lag tolv pst. av elevane i vidaregåande opplæring vil kvalifisere for grunnstipend. Dei fleste av desse vil få eit høgre stipend under den nye ordninga.

Det finst i dag ei behovsprøvd låneordning for elevar i vidaregåande opplæring. Ordninga er i hovudsak laga for den same målgruppa som grunnstipendet. Regjeringa meiner at det er uheldige sider ved å gi elevar under myndigalderen frå familiar med svak økonomi høve til å setje seg i gjeld i samband med vidaregåande opplæring. Regjeringa foreslår derfor å avvikle den behovsprøvde ordninga og erstatte ho med ei ikkje-behovsprøvd låneordning for elevar som har nådd myndigalderen, og som bur utanfor foreldreheimen.

Regjeringa foreslår også å endre bustipendordninga i vidaregåande opplæring, slik at ho blir ei behovsprøvd ordning. I dag blir bustipendet gitt med same sats til alle elevar og lærlingar som har ungdomsrett til vidaregåande opplæring, og som bur utanfor foreldreheimen, dersom visse vilkår om avstand mellom foreldreheim og skole er fylte. Verken foreldreøkonomien eller inntekta til stipendmottakaren har noko å seie for utmålinga av stipendet. Regjeringa meiner at foreldre med god økonomi i større grad enn i dag bør kunne dekkje dei ekstra kostnadene ein elev har ved å bu borte, og ønskjer derfor å innføre reglar som inneber redusert bustipend for elevar som kjem frå slik økonomisk bakgrunn. For lærlingar vil bustipendet etter forslaget òg bli behovsprøvt mot lærlinglønn.

For å redusere risikoen for misbruk av ordninga som gir bortebuande studentar rett til å få omgjort delar av utdanningslånet til stipend, vil departementet forsterke kontrollen av dei opplysningane som søkjarane gir om kvar dei bur. Lånekassen har sidan 2008 gjennomført tre kontrollar av bustatusen til stipendmottakarar som i søknaden opplyste at dei budde utanfor foreldreheimen. Kontrollane har vist at drygt fire pst. av dei kontrollerte i røynda budde saman med foreldra og dermed ikkje hadde rett til det stipendet som dei opphavleg vart tildelte. Dette gir igjen grunnlag for å tru at det kvart år blir tildelt over 70 mill. kroner i utdanningsstipend til studentar som ikkje har rett til stipendet. Regjeringa meiner dette er så vidt alvorleg at det er behov for utvida kontroll på området. Kontrollane har til no skjedd ved stikkprøver, der berre ein beskjeden del av stipendmottakarane har vorte kontrollerte. Departementet foreslår at kontrollen heretter skal gjelde dei stipendmottakarane som, ut frå objektive kriterium knytt til alder og avstand mellom lærestad og folkeregistrert adresse, har hatt eit realistisk høve til å skaffe seg stipendet på urettmessig vis. Kontrollen skal etter forslaget gjennomførast kvart år.

Det er essensielt for regjeringa at dei ulike enkeltelementa i utdanningsstøttesystemet kvar for seg og saman effektivt medverkar til å nå dei høge måla regjeringa har på det kunnskapspolitiske området. Kunnskapsdepartementet er derfor i gang med å sjå nærmare på fleire av støtteordningane for å få meir inngåande kunnskap om kor godt dei verkar i så måte. Regjeringa vil etter denne gjennomgangen eventuelt komme tilbake med forslag til endringar som kan gjere støtteordningane enda meir treffsikre og verknadsfulle.

Støtteordninga for studentar frå utviklingsland, land på Vest-Balkan, i Aust-Europa og i Sentral-Asia (kvoteordninga) bidrar til internasjonalisering av utdanning og forsking både i mottakarlanda og i Noreg. Kvoteordninga gjeld 1 100 studieplassar per år, vesentleg på mastergrads- og ph.d.-nivå. Av desse er 800 for studentar frå utviklingsland, og 300 for studentar frå land på Vest-Balkan, i Aust-Europa og i Sentral-Asia.

Målsetjinga er å medverke til kompetansebygging i mottakarlanda. Gjennom studentmobilitet til norske universitet og høgskolar skal ordninga auke kompetansen til studentane, og samtidig knytte institusjonar og næringsliv i mottakarlanda til det globale kunnskapssamfunnet. Ordninga skal samtidig bidra til å styrkje det internasjonale samarbeidet til norske høgre utdanningsinstitusjonar. Institusjonssamarbeidet under kvoteordninga skal skje i samband med anna internasjonalt forskings- og utdanningssamarbeid.

Analyseselskapet DAMVAD har evaluert kvoteordninga i ein rapport som vart levert til oppdragsgivarane Kunnskapsdepartementet og Norad i april 2014. Hovudfunna i evalueringa er at ordninga i stor grad når dei bistandspolitiske målsetjingane sine, medan dei kunnskapspolitiske målsetjingane berre i liten grad blir nådde.

Det er viktig å sikre at dei omfattande midlane som ligg i kvoteordninga stør opp under dei ambisiøse måla regjeringa har på både kunnskaps- og bistandsområdet. Ei sentral problemstilling i oppfølginga av evalueringa blir derfor om og korleis midlane i kvoteordninga kan bli nytta meir strategisk for å stø opp om dei strategiane for internasjonalisering som universitet og høgskolar har. For å få innspel frå blant anna universiteta og høgskolane, vart evalueringsrapporten send til høyring i juli 2014.

Kap. 2410 Statens lånekasse for utdanning

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 45

319 099

334 991

367 982

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

121 272

85 220

16 994

50

Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving

5 454 768

5 424 320

5 838 165

70

Utdanningsstipend, overslagsløyving

3 043 741

3 140 390

2 739 832

71

Andre stipend, overslagsløyving

885 309

745 268

796 858

72

Rentestøtte, overslagsløyving

917 835

961 380

894 282

73

Avskrivingar, overslagsløyving

491 944

488 349

508 050

74

Tap på utlån

288 964

259 000

304 700

76

Startstipend for kvotestudentar, overslagsløyving

9 034

8 860

9 570

90

Auka lån og rentegjeld, overslagsløyving

21 404 600

21 797 935

23 583 114

Sum kap. 2410

32 936 566

33 245 713

35 059 547

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 45 og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga på post 01 omfattar midlar til drift av Lånekassen. Løyvinga på post 45 gjeld midlar til fornyingsarbeidet i Lånekassen.

Mål for 2015

Utdanningsstøtta skal medverke til like moglegheiter til utdanning, til å dekkje kompetansebehov i samfunnet, og til at utdanninga skjer under tilfredsstillande arbeidsforhold, jf. utdanningsstøttelova § 1. Kunnskapsdepartementet fastset reglane for utdanningsstøtteordningane, men det er Lånekassen som forvaltar dei. Lånekassen er dermed ein sentral institusjon for å nå viktige mål i norsk utdanningspolitikk. For å oppfylle formålet i utdanningsstøttelova har Kunnskapsdepartementet formulert følgjande mål for Lånekassen:

  • Lånekassen skal tilby kundane brukarvennlege, raske og korrekte tenester.

  • Lånekassen skal medverke til å utvikle utdanningsstøtteordningane.

  • Lånekassen skal forvalte utdanningsstøtteordningane effektivt og sikkert.

Rapport for 2013

Lånekassen nådde dei måla departementet hadde sett for sakshandsaminga og for kontakten med kundar og andre for 2013. Det einaste resultatkravet som ikkje vart nådd, var svartid for elektronisk post. Målet for gjennomsnittleg svartid var sju dagar, medan resultatet vart sju og ein halv dag. 97 pst. av dei som ringde til Lånekassen i 2013, fekk svar. Gjennomsnittleg tid for sakshandsaming vart ni dagar for søknader om utdanningsstøtte, og fem dagar for søknader om betalingsutsetjing.

Lånekassen kan òg vise til gode resultat knytte til effektiv sakshandsaming og til digitalisering av sakshandsaminga. Lånekassen hentar mange opplysningar frå andre etatar, som Nav, Skatteetaten og lærestader. I 2013 innførte Lånekassen ei ny løysing for elektronisk signering av gjeldsbrev med BankID. 84 pst. av alle avtalar om utdanningsstøtte vart elektronisk signerte av studentar i høgre og anna utdanning hausten 2013, mot seks pst. for hausten 2012.

Gjennom fornyingsprogrammet LØFT skal Lånekassen byte ut alle IKT-systema sine, og tilpasse organisering og arbeidsformer til nye oppgåver og behov, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2007–2008) og St.prp. nr. 1 (2007–2008). Kostnadsramma for IKT-fornyinga vart fastsett til 745 mill. kroner i 2008, og er halden uendra med unntak av prisjustering og kompensasjon for pålagde oppgåver. Den største hovudleveransen i IKT-fornyinga vart sett i produksjon våren 2013, medan den siste store hovudleveransen vart sett i produksjon våren 2014, begge med gode resultat. Måla som gjeld for IKT-fornyinga i 2013, vart nådde. Programmets overordna mål om monalege betringar innanfor informasjon, tilgjenge, fleksibilitet, effektivitet og sikkerheit er i stor grad nådde allereie.

Ved fleire tilhøve har funksjonalitet som er viktig, men ikkje kritisk, vorte teken ut av programmet. Dette er gjort for å sikre mot budsjettoverskridingar. Det står nå att så lite av IKT-fornyinga at delar av denne funksjonaliteten kan takast inn igjen, utan å auke risikoen for overskridingar. Styringsdokumentet for fornyingsprogrammet vart derfor revidert på ny våren 2014 for å innarbeide ein ny leveranse beståande av viktig funksjonalitet som tidlegare har vorte teken ut av programmet. Dette medfører at sluttidspunktet er forskyvt frå juni 2014 til starten av 2015, medan styringsramma er auka med 23,7 mill. kroner.

Budsjettforslag for 2015

Lånekassen har i dei siste åra redusert midlane til drift, vedlikehald og vidareutvikling av IKT-systema sine monaleg. Dette er gjort for å frigjere midlar til eigenfinansiering av fornyingsprogrammet LØFT, og fordi det ikkje har vore naudsynt med større investeringar i det IKT-systemet som er under utfasing. Når det nye IKT-systemet er ferdig, er det naudsynt å auke midlane til drift og vidareutvikling igjen for å sikre at ein framleis har god kundeservice og effektiv sakshandsaming. Kunnskapsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 2410 post 01 med 9 mill. kroner.

For å sikre at Noreg held sine forpliktingar etter EØS-avtalen, er det naudsynt å utvide tilgangen til utdanningsstøtte for enkelte statsborgarar frå EØS-land. Sjå nærmare omtale av endringane under kap. 2410 postane 50–90, kap. 5310 og kap. 5617. Endringane vil krevje utvikling av Lånekassens IKT-system, samt gi større behov for manuell sakshandsaming og kontroll. For å dekkje kostnadene foreslår departementet å styrkje løyvinga på kap. 2410 post 01 med 1,9 mill. kroner i 2015.

Kunnskapsdepartementet foreslår enkelte endringar i utdanningsstøtteordningane som gir kostnader på driftsbudsjettet til Lånekassen. Sjå nærmare omtale av forslaga under kap. 2410 postane 50–90, kap. 5310 og kap. 5617. Forslaget om å utvide ordninga med valutajustering av skolepengar gir 2,8 mill. kroner i utgifter til IKT-utvikling. Å styrkje kontrollen med opplysningar som studentar gir om bustaden sin, vil auke behovet for sakshandsaming og kontroll til ein årleg kostnad av 8,5 mill. kroner. Behovsprøving av bostipendet mot lærlinginntekt vil gi auka utgifter til IKT-utvikling med meir på 330 000 kroner. For å kunne innføre dei foreslåtte endringane i grunnstipendet må Lånekassen utvikle løysinga for utveksling av data med Skatteetaten. Dette vil koste 1,2 mill. kroner. Departementet foreslår å styrkje kap. 2410 post 01 med 12,8 mill. kroner for å dekkje desse kostnadene.

Utgiftene Lånekassen har til eID på høgt tryggleiksnivå er dekte gjennom rammeoverføring til Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). For å dekkje Lånekassen sitt forventa forbruk i 2015, foreslår departementet å auke overføringa frå kap. 2410 post 01 til kap. 540 Direktoratet for forvaltning og IKT post 22 Betaling av elektronisk ID og digital post til private leverandører med 495 000 kroner, jf. Prop. 1 S (2014–2015) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Som følgje av innføring av nøytral meirverdiavgift for ordinære statlege forvaltningsorgan er løyvingsforslaget redusert med 83 000 kroner, jf. omtale under Hovudprioriteringar i del I.

Løyvingsforslaget er redusert med 1,7 mill. kroner som tiltak for avbyråkratisering og effektivisering, jf. omtale under del I, Hovudprioriteringar.

Kunnskapsdepartementet vil disponere om lag 1,5 mill. kroner av løyvinga på kap. 2410 post 01.

Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 5310 post 03, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på 17 mill. kroner på kap. 2410 post 45, i tråd med gjeldande finansieringsplan for LØFT-programmet.

Kap. 2410 postane 50–90, kap. 5310 og kap. 5617

Løyvinga på desse postane utgjer støttebudsjettet til Lånekassen. Endringar i Lånekassens støtteordningar har som regel effekt på fleire budsjettpostar under kap. 2410, kap. 5310 og kap. 5617. Støttebudsjettet blir derfor omtalt samla. I tillegg blir dei enkelte postane omtalte kvar for seg lenger nede i teksten.

Mål for 2015

Sjå meir om måla for utdanningsstøtteordninga for 2015 under omtalen av programkategorien.

Rapport for 2013

Ein stor del av ungdom og vaksne i Noreg tek utdanning. Støtteordningane gjennom Lånekassen er ein viktig føresetnad for å gjere dette mogleg. Lånekassen hadde per 31. desember 2013 om lag 982 000 kundar. Av desse er om lag 598 700 i tilbakebetalingsfasen. I undervisningsåret 2013–14 var det om lag 500 800 elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring og studentar i høgre utdanning (inkludert norske studentar i utlandet). Om lag 395 900 personar mottok støtte frå Lånekassen.

Den samla tildelinga av utdanningsstøtte var for undervisningsåret 2013–14 på 24,2 mrd. kroner. Av dette vart 3,9 mrd. kroner betalte ut som stipend, sjå tabell 4.21 for fordeling på dei ulike stipendformene. 20,3 mrd. kroner vart i undervisningsåret 2013–14 betalte ut som lån.

I kalenderåret 2013 vart om lag 3,9 mrd. kroner betalte ut som stipend. I tillegg vart om lag 5,5 mrd. kroner konverterte frå lån til stipend under konverteringsordninga. Dei samla utgiftene knytte til stipend i 2013 vart dermed på om lag 9,4 mrd. kroner.

I tabellane under er det gitt ei oversikt over utviklingstrekk i tala på kundar i Lånekassen og hovudtal både for dei kundane som får støtte, og for dei som er i ein tilbakebetalingsfase.

Tabell 4.19 Hovudtal for tildeling til vidaregåande opplæring

2010–11

2011–12

2012–13

2013–14

Tal på elevar i vidaregåande opplæring1

228 223

232 291

235 820

236 629

Tal på elevar med ungdomsrett2

201 012

206 270

208 959

210 522

Tal på støttemottakarar med ungdomsrett

168 440

172 452

177 636

173 779

Sum stipend (i mill. kroner)

2 443

2 488

2 579

2 606

Gjennomsnittsstipend (i kroner)

14 530

14 456

14 556

15 039

Sum lån (i mill. kroner)

153

158

173

182

Gjennomsnittslån (i kroner)

15 820

15 929

16 837

14 260

1 Talet er henta frå SSB og syner alle elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring, uavhengig av alder, rett til opplæring, osv.

2 Talet gjeld elevar og lærlingar med ungdomsrett til vidaregåande opplæring.

Tabell 4.20 Hovudtal for tildeling til høgre utdanning m.m.

2010–11

2011–12

2012–13

2013–14

Tal på studentar i høgre utdanning1

232 912

244 922

255 528

264 259

Tal på støttemottakarar i høgre utdanning

164 620

170 861

176 729

182 777

Tal på andre støttemottakarar2

36 484

37 357

38 280

39 354

Sum lån inkl. konverteringsstipend ( i mill. kroner)

16 956

18 026

19 076

20 167

Gjennomsnittslån (i kroner)

84 969

87 190

89 422

91 471

Utbetalt konverteringsstipend3 (i mill. kroner)

4613,8

4571,7

1 757,3*

0*

Sum andre stipend (i mill. kroner)

943

1 105

1 200

1 287

1 Tal på studentar i høgre utdanning frå Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) og Lånekassens tal på studentar i utlandet.

2 Tala gjeld studentar i fagskolar, folkehøgskolar, bibelskolar, korte yrkesretta utdanningar samt elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring utan ungdomsrett.

3 Utbetalt stipend etter kontroll av inntekt og formue mot skattelikninga. Status per 31.12.2013.* Frå 2013 vil omgjering frå lån til stipend skje samtidig med kontroll av inntekt og formue mot skattelikninga. Likningskontroll for 2013 blir gjennomført hausten 2014. Det er derfor ikkje utbetalt konverteringsstipend for 2013 og 2014.

Tabell 4.21 Fordeling av ulike stipendformer i dei to siste undervisningsåra

Tal på stipend

Stipend i mill. kroner

2012–13

2013–14

2012–13

2013–14

Grunnstipend

70 734

69 584

1 127

1 144

Bustipend

30 691

28 842

1 109

1 062

Utstyrsstipend

170 533

167 083

219

218

Flyktningstipend

1 804

2 773

108

192

Stipend til skolepengar

14 883

15 368

403

426

Tilleggsstipend til skolepengar i utlandet

1 385

1 414

41

46

Stipend til skolepengar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skolar

690

804

44

51

Språkstipend

533

462

9

8

Reisestipend, Noreg og Norden

58 461

60 439

71

72

Reisestipend, utanfor Norden

23 043

24 024

131

139

Sjukestipend1

750

745

19

20

Foreldrestipend1

2 938

2 598

177

162

Forsørgjarstipend

17 664

18 248

280

293

Startstipend til kvotestudentar

468

476

9

9

Stipend til søkjarar med nedsett funksjonsevne eller funksjonshemming

1 332

1 895

38

57

Totalt

395 909

404 786

3 785

3 899

1 Omgjering av lån til stipend ved sjukdom og fødsel skjer i ettertid. Det betyr at det ikkje ligg føre endelege tal for desse tiltaka ved utløpet av undervisningsåret. For undervisningsåret 2012–13 vart det endelege resultatet for omgjering ved sjukdom 38 mill. kroner, og ved fødsel 214 mill. kroner.

Tabell 4.22 Hovudtal for lån og renter i dei siste fire åra

2010

2011

2012

2013

Tal på tilbakebetalande låntakarar

547 617

560 699

577 258

598 744

Renteberande lån (i mill. kroner)

79 856

84 349

89 331

95 937

Betalte renter (i mill. kroner)

2 617

2 797

2 645

2 501

Avdrag (i mill. kroner)

5 501

5 629

5 656

6 004

Ettergitt/avskrive (i mill. kroner)

420

278

6001

473

Rentestøtte (i mill. kroner)

810

974

877

918

Uteståande lån (i mill. kroner)

109 982

116 736

124 032

135 788

Uteståande renter (i mill. kroner)

2 396

2 329

2 113

2 041

I undervisningsåret 2013–14 vart det innført fleire tiltak for å betre høva for fleire ulike grupper elevar og studentar.

For å halde oppe kjøpekrafta til studentane vart alle satsane i utdanningsstøtteordningane auka med to pst.

Ordninga med støtte til førsteåret i bachelorgraden ved utvalde lærestader av høg kvalitet i BRIK-landa vart utvida til å gjelde alle ikkje-vestlege land. Dette skulle stimulere til å ta høgre utdanning i desse landa. Per mai 2014 har elleve studentar fått støtte til å ta det første året i bachelorutdanninga i desse landa. Det er ein monaleg auke frå 2012–13, da berre éin student nytta seg av ordninga. To av dei elleve studentane valde Japan, to Kina, tre Sør-Korea, to Russland, ein Mexico og ein student Thailand som studieland. Dei fleste landsdelar av Noreg har éin eller fleire studentar i desse landa.

Ordninga med omgjering frå lån til stipend (konverteringsordninga) vart forenkla ved at omgjering og behovsprøving mot inntekt og formue mot skattelikninga blir gjorde i ein og same prosess, i staden for i to separate prosessar. Fordi likningskontrollen for 2013 er vorten forskyvt til hausten 2014 etter at budsjettet for 2015 er lagt fram, vil departementet rapportere i budsjettproposisjonen for 2016 om denne forenklinga har gitt høgre kvalitet i vedtaka om omgjering, og dermed også færre klager og omgjorde vedtak.

To mindre endringar vart gjorde i regelverket for å sikre studentar med barn føreseielege reglar. Den første er at søkjarar som føder før termindatoen, fekk ein generell rett til foreldrestipend dersom dei ved fødsel på termindatoen hadde hatt rett til dette stipendet. Den andre er ei utviding av fristreglane for innsending av opplysningar om fødsel som kan bety at søkjaren har rett til forsørgjarstipend til etter 15. mars, og den generelle søknadsfristen for søknad om støtte for våren for søkjarar som får barn etter 1. mars. Lånekassen anslår at om lag 40 fleire studentar med barn har fått rett til meir støtte eller støtte i det heile teke som følgje av desse forbetringane. For 2012–13 fekk 3 918 studentar tildelt foreldrestipend, og 17 664 studentar fekk forsørgjarstipend.

Frå 2013 vart det mogleg å kombinere statsstipend frå anten Kina eller Russland med norsk utdanningsstøtte. Per 31. desember 2013 har tre studentar fått støtte frå Lånekassen samtidig med at dei har motteke statsstipend frå Kina. Ingen studentar har til nå nytta seg av denne moglegheita når det gjeld Russland.

Samanhangen mellom inntektsnivå for forsørgjarane og yting frå Lånekassen vart meir systematisk for enkelte inntektsintervall i ordninga med grunnstipend og lån til elevar i vidaregåande opplæring. Lånekassen har ikkje fått særskilde spørsmål om denne justeringa verken frå elevar eller forsørgjarane deira.

To mindre justeringar av regelverket vart gjorde når det gjeld støtte til utdanning i land utanfor Norden. Eitt av unntaka frå kravet om to års butid vart forenkla ved at sentrale omgrep vart definerte. Forenklinga innebar endringar i unntaket for søkjarar som er busette i utlandet fordi søkjaren sjølv, ein av foreldra eller ektefellen er i teneste for norsk næringsliv i utlandet. Avgrensinga «norsk næringsliv» medførte mange vanskelege saker. Ved at «norsk næringsliv» vart definert som «eit norskregistrert føretak med generell skatteplikt til Noreg», og at arbeidsforholdet i utlandet vart definert til å vere avgrensa i tid, skulle desse sakene bli lettare å handsame for Lånekassen. I tillegg vart det opna for at elevar i vidaregåande opplæring som følgjer med foreldre eller ektefelle som tek utdanning i utlandet i ein periode, skulle få støtte. Lånekassen anslår at to til tre personar har fått støtte som følgje av desse endringane per 31. desember 2013.

Fristane for å få brukt overskott av studiepoeng til omgjering av lån til stipend både fram og tilbake i tid (innhenting av forseinking) vart redusert frå åtte til fire år. Lånekassen har ikkje registrert klagesaker om denne endringa.

Tidspunktet for oppstart av oppteningstida for ordninga med avskriving av utdanningslånet for låntakarar som arbeider og bur i Finnmark (og enkelte utvalde kommunar i andre fylke), vart endra frå første månadsskifte etter at låntakaren har starta i arbeidsforholdet, til faktisk dato for oppstart i jobben. Nokre få saker er handsama per mai 2014 der faktisk oppstartsdato er nytta.

To endringar i behovsprøvinga av utdanningsstipendet vart gjorde i 2012, men er først nå moglege å rapportere om på grunn av at sjølve behovsprøvinga vart gjord hausten 2013 mot skattelikninga. Dette gjeld behovsprøvinga av utdanningsstipend mot kapitalinntekter, med unntak av renteinntekter frå bustadsparing for ungdom (BSU), dessutan hevinga av innslagspunktet for behovsprøving mot formue. Behovsprøving mot kapitalinntekter har ført til at om lag 5 mill. kroner i utdanningsstipend har vorte gjorde om til lån. 33 105 studentar hadde person- og kapitalinntekt over grensa, medan 587 personar berre hadde kapitalinntekt over grensa. Hevinga av innslagspunktet for formue har ført til at om lag 10 mill. kroner meir har vorte tildelte i utdanningsstipend.

Det vart hausten 2011 innført ei tidsbegrensa ordning med gradert sjukestipend for studentar som er minst 50 pst. sjukemelde. Ordninga vart ført vidare mellombels ut 2013. Tal frå Lånekassen viser at nokre færre har fått sjukestipend per mai 2014 (både gradert og fullt sjukestipend) i 2013–14 samanlikna med same tid i 2012–13.

Budsjettforslag for 2015

Forskrift om tildeling av utdanningsstøtte, som skal gjelde for undervisningsåret 2015–16, og forskrift om forrenting og tilbakebetaling av utdanningslån og tap av rettar, som skal gjelde for kalenderåret 2015, blir sende ut til alminneleg høyring medio oktober 2014. Forslaget til forskrift er i tråd med budsjettforslaget. Departementet foreslår at alle støttesatsar i Lånekassen blir justerte med 2,2 pst. for undervisningsåret 2015–16.

Nokre av forslaga i det følgjande vil medføre behov for å styrkje driftsbudsjettet til Lånekassen. Sjå under kap. 2410 post 01 og post 45 for nærmare omtale av endringane.

Basisstøtta, som blir gitt til studentar i høgre utdanning og andre som er omfatta av same regelverk, mellom anna fagskolestudentar og elevar i folkehøgskole, er i undervisningsåret 2014–15 på 9 785 kroner per månad. Regjeringa foreslår å auke basisstøtta til 10 092 kroner per månad i undervisningsåret 2015–16, noko som svarer til ein vekst på 3,1 pst. i høve til undervisningsåret 2014–15. Forslaget inneber at løyvingsbehovet aukar med 30,1 mill. kroner. I tillegg kjem auka utlån.

Regjeringa foreslår å innføre ein generell rett til støtte for studentar som ønskjer å ta første året av bachelorutdanninga i USA (freshman-året) eller i ikkje-vestlege land, sjølv om dette året ikkje er på nivå med norsk høgre utdanning. I dag blir det berre gitt støtte til slik utdanning dersom lærestaden til studenten figurerer i ein av tre internasjonalt anerkjende rangeringslister over kvalitetsinstitusjonar. Forslaget om å fjerne dette vilkåret vil venteleg føre til ein viss auke i talet på studentar. Regjeringa reknar med at dette særleg vil gjelde for USA. Forslaget inneber behov for å auke løyvinga med 3,9 mill. kroner. I tillegg kjem auka utlån.

Ein del utanlandsstudentar opplever i dag økonomisk utryggleik fordi kursen på den lokale valutaen i landet der dei skal ta utdanninga, styrkjer seg mot den norske krona i perioden frå studenten får vedtak om støtte frå Lånekassen til støtta blir betalt ut. Støtta blir betalt ut i norske kroner, og når den norske krona svekkjer seg mot lokal valuta, vil ein del studentar erfare at støtta som blir betalt ut, svarer til eit lågare beløp i lokal valuta enn det dei rekna med da dei fekk vedtak om støtte. For å redusere den risikoen som valutasvingingar utgjer for utanlandsstudentane, foreslår departementet at heile skolepengestøtta som blir gitt til desse studentane, skal valutajusterast frå undervisningsåret 2015–16. I dag er det berre stipenddelen av denne støtta og dessutan tilleggsstipendet som blir valutajustert. Valutajustering skal etter forslaget gjerast når den norske krona har svekt eller styrkt seg med meir enn ein pst. mot aktuell utanlandsk valuta frå tidspunktet da det vart gjort vedtak om støtte, til tidspunktet for utbetaling av støtta. Ved å inkludere lånedelen av støtta i valutajusteringsordninga aukar ein løyvingsbehovet med 173 000 kroner. I tillegg kjem auka utlån.

For å styrkje internasjonaliseringa i vidaregåande opplæring foreslår departementet å gi rett til utdanningsstøtte for to nye elevgrupper frå Akershus fylke som tek slik opplæring i utlandet gjennom samarbeid mellom ein norsk og ein utanlandsk vidaregåande skole. Dette gjeld ei elevgruppe frå Rud videregående skole i samarbeid med York College i Storbritannia, og ei elevgruppe frå Sørumsand videregående skole i samarbeid med Lincoln College i Storbritannia. Departementet foreslår å auke løyvinga med 1,1 mill. kroner som følgje av forslaget.

Vidaregåande opplæring er gratis i Noreg, og utgifter til dekning av levekostnader under vidaregåande opplæring er eit forsørgjaransvar. For å motverke at ein særleg svak familieøkonomi blir ei årsak til å velje bort vidaregåande opplæring, finst det likevel ei behovsprøvd grunnstipendordning for elevar i vidaregåande opplæring. Stipendet er meint å skulle gå til dei elevane som kjem frå familiar med særleg svak økonomi.

Departementet har over tid observert at stadig fleire elevar blir innvilga grunnstipend. I undervisningsåret 2013–14 stod nærmare 40 pst. av elevane i vidaregåande opplæring som mottakarar av stipendet. Ordninga, slik ho er utforma i dag, treff altfor vidt. Departementet foreslår derfor å gjere fleire endringar i behovsprøvingsvilkåra, som tek sikte på å målrette stipendet betre mot dei som støtta eigentleg er meint for.

Tre faktorar som har mykje å seie for resultatet av behovsprøvinga av grunnstipendet, gjeld spørsmålet om kven som skal reknast som forsørgjarar av eleven, kva slags inntektsgrunnlag ein skal behovsprøve mot, og kva for inntektsgrenser som skal gjelde ved behovsprøvinga. Departementet foreslår å endre vilkåra på alle desse tre punkta.

Etter forslaget vil stipendet frå neste undervisningsår bli behovsprøvt mot inntekta til begge dei biologiske foreldra, uavhengig av om eleven bur saman med begge eller berre ein av dei. Grunngivinga for dette er at begge dei biologiske foreldra har eit ansvar etter barnelova for å bidra til å forsørgje eleven. Nåverande ordning, der stipendet blir behovsprøvt mot inntekta til den eller dei forsørgjarane som eleven bur hos, inneber i mange høve at behovsprøvinga berre blir gjort mot ei inntekt, sjølv om to personar i realiteten er med på å dekkje levekostnadene til eleven. Departementet foreslår vidare at i dei høva der foreldra ikkje bur saman, og ein eller begge foreldra har ny ektefelle eller sambuar, skal det leggjast eit sjablongtillegg til den inntekta som ein behovsprøver mot. Tillegget vil gi eit utrykk for den økonomiske fordelen ved å dele hushald. Sidan dette inneber at sambuarar utan formelt forsørgjaransvar blir trekte inn i behovsprøvinga, vil det vere naudsynt å endre utdanningsstøttelova. Regjeringa tek derfor sikte på å leggje fram eit lovendringsforslag våren 2015. Den direkte behovsprøvinga mot økonomien til steforelder som eleven bur saman med vil bli avvikla

Når det gjeld spørsmålet om kva for inntektsgrunnlag ein skal behovsprøve mot, foreslår departementet å nytte personinntekt samt netto positive kapitalinntekter. Desse inntektstypane vil erstatte alminneleg inntekt og formue over eit visst nivå, som er det grunnlaget som blir nytta i dag. Departementet meiner at personinntekt og netto positive kapitalinntekter generelt vil gi eit betre uttrykk for kva evne forsørgjarane har til å dekkje levekostnadene til ein elev.

Departementet foreslår også å endre inntektsgrensene for grunnstipendet, og har ved utforminga av nye grenser teke utgangspunkt i dei inntektsgrensene som blir nytta i regelverket for bidragsforskott, ettersom denne ordninga er innretta mot ei samanliknbar målgruppe. Departementet foreslår vidare å redusere talet på inntektsintervall med tilhøyrande stipendsatsar frå 30 til tre, og å auke stipendsatsane. Til dømes vil den høgste satsen i den nye ordninga vere 3 020 kroner per månad medan han i dag er 2 054 kroner.

Det er berekna at om lag tolv pst. av elevane i vidaregåande opplæring vil kvalifisere for grunnstipend med dei nye reglane som blir foreslåtte. Ein monaleg del av desse vil få eit høgre grunnstipend med den nye ordninga.

Dei foreslåtte endringane i vilkåra som avgjer kven som har rett til grunnstipendet, er berekna til å gi ei innsparing på 355,7 mill. kroner i 2015. Samstundes inneber forslaget om å endre satsane for stipendet ein auka kostnad på 84,1 mill. kroner i same år. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 271,6 mill. kroner som følgje av forslaget.

Departementet foreslår også å innføre behovsprøving av bustipendet. Stipendet blir i dag gitt med same sats til alle bortebuande elevar og lærlingar som har ungdomsrett til vidaregåande opplæring, dersom visse vilkår om avstand mellom foreldreheim og lærestad er fylte. Etter forslaget skal ein behovsprøve stipendet både mot forsørgjarinntekt og mot eventuell lærlinglønn. Behovsprøvinga mot forsørgjarinntekt vil bli gjord etter dei same vilkåra for utval av forsørgjarar og typar inntekt som er foreslåtte å gjelde for den nye grunnstipendordninga, men med den vesentlege skilnaden at ein ikkje vil operere med noka øvre grense for forsørgjarinntekt i bustipendordninga. Inntektsgrensene skal derfor vere høgre enn i grunnstipendordninga. Ingen som i dag har rett til stipendet, vil miste det som følgje av behovsprøvinga mot økonomien til forsørgjarane, men nokre vil få ein redusert stipendsats. Lågaste stipendsats vil vere 2 079 kroner per månad.

For lærlingar som tener meir enn om lag 14 000 kroner brutto i månaden, skal det etter forslaget frå departementet også gjerast eit frådrag i bustipendet. Forslaget om behovsprøving mot forsørgjarinntekt inneber at løyvingsbehovet blir redusert med 65 mill. kroner, medan forslaget om behovsprøving mot lærlinginntekt reduserer løyvingsbehovet med ytterlegare 20,7 mill. kroner.

Den eksisterande låneordninga i vidaregåande opplæring er ei behovsprøvd ordning som er innretta på tilsvarande måte som grunnstipendordninga. Ordninga inneber at mange ungdommar frå familiar med svak økonomi set seg i gjeld i samband med vidaregåande opplæring, noko departementet ser på som problematisk. Departementet ønskjer derfor å avvikle ordninga i si nåverande form. Det er likevel behov for å halde oppe eit lånetilbod for dei elevane som bur utanfor foreldreheimen, særleg sidan fleire av desse ikkje har rett til bustipend eller grunnstipend. Departementet foreslår derfor å etablere ei ikkje-behovsprøvd låneordning for slike elevar, men vil avgrense ordninga til å gjelde dei som har nådd myndigalderen og såleis ikkje tarv foreldresamtykkje til å stifte gjeld. Forslaget om å avvikle nåverande låneordning og å etablere ei ny ikkje-behovsprøvd låneordning inneber samla sett eit behov for å auke løyvinga med 700 000 kroner. I tillegg kjem auka utlån.

EØS-borgarar med status som arbeidstakarar i Noreg har etter EØS-avtalen rett til dei same sosiale goda som norske statsborgarar har. Retten gjeld også visse av familiemedlemmene til arbeidstakaren. Utdanningsstøtte er å rekne som eit sosialt gode. Kunnskapsdepartementet foreslår enkelte endringar i vilkåra for utdanningsstøtte for å sikre at Noreg etterlever forpliktingane etter EØS-avtalen.

Status som arbeidstakar er eit sentralt grunnlag for rettar i EØS-området. EØS-borgarar som er arbeidstakarar i Noreg medan dei studerer, har lik rett til utdanningsstøtte som norske statsborgarar. Departementet foreslår derfor å fjerne vilkåret om fagleg samanheng mellom arbeid og utdanning for EØS-arbeidstakarar som held fram med å arbeide under utdanninga.

Det blir i dag ikkje gitt utdanningsstøtte til EØS-borgarar som har komme til Noreg for å ta utdanning, sjølv om dei tek seg arbeid i eit omfang som er tilstrekkeleg til at dei er å rekne for EØS-arbeidstakarar. Departementet foreslår at rett til utdanningsstøtte som arbeidstakar skal oppstå så snart søkjaren fyller dei krava som er stilte til slik status, uavhengig av om det opphavlege formålet med å komme til Noreg var å studere. Forslaget følgjer av rettspraksisutviklinga i EU-domstolen med omsyn til kven som skal omfattast av arbeidstakaromgrepet.

Det blir i dag stilt vilkår om føregåande tilknyting til Noreg for støtte til utdanning i land utanfor Norden. Vilkåra skal sikre at formålet med støtteordninga om å skaffe det norske samfunnet og arbeidslivet tilgang på kompetent arbeidskraft blir oppnådd. Kunnskapsdepartementet foreslår å endre vilkåra slik at det blir gitt støtte til utdanning i land utanfor Norden ved samanhengande butid i Noreg i to år i løpet av dei siste fem åra før utdanninga startar, ved skolegang eller utdanning i Noreg i tre år, og ved familietilknyting til Noreg kombinert med norskkunnskapar. Det blir òg foreslått å gi støtte til EØS-grensearbeidstakarar som har arbeidd i Noreg i minst fem år og har norskkunnskapar, og til familiemedlemmer til EØS-grensearbeidstakarar i Noreg dersom grensearbeidstakaren har arbeidd i Noreg i minst fem år, familiemedlemmen har budd i eit anna nordisk land i denne perioden og har norskkunnskapar. I tillegg kan ein gi støtte etter ei skjønnsmessig vurdering dersom den samla tilknytinga til Noreg svarer til tilknytinga gjennom dei nemnde vilkåra. Forslaga følgjer av rettspraksisutvikling i EU-domstolen knytt til vilkåra for utdanningsstøtte til utdanning i utlandet. Vilkåra skal gjelde for både norske statsborgarar og for EØS-arbeidstakarar eller deira familiemedlemmer som har rett til utdanningsstøtte frå Noreg.

Som følgje av forslaga ovanfor aukar løyvingsbehovet med 46,3 mill. kroner. I tillegg kjem auka utlån.

Til no har det ikkje vore stilt vilkår om føregåande tilknyting til Noreg for støtte til utdanning i andre nordiske land. Departementet foreslår at dei nye tilknytingskrava som er foreslåtte ovanfor, også skal gjelde for støtte til utdanning i andre nordiske land frå undervisningsåret 2015–16. Vilkåra skal gjelde for både norske statsborgarar og for EØS-arbeidstakarar eller deira familiemedlemmer som har rett til utdanningsstøtte frå Noreg. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 205 000 kroner som følgje av forslaget. I tillegg kjem redusert utlån.

Departementet foreslår å utvide retten til støtte til skolepengar til høgre utdanning i form av nettstudium, slik at retten også vil gjelde dei som tek slik utdanning ved fjernundervisningsinstitusjonar i EØS-land. Til no har berre nettstudium ved norske lærestader gitt rett til støtte til skolepengar. Skolepengestøtte til nettstudium blir gitt som lån. Det vil ikkje bli gitt støtte til levekostnader til dei som vel nettutdanning i EØS-land. Departementet foreslår å auke løyvinga med 40 000 kroner som følgje av forslaget. I tillegg kjem auka utlån.

Departementet foreslår å innføre fast, årleg kontroll av bustatus til eit større utval studentar som har opplyst å vere bortebuarar. Tiltaket blir foreslått for å redusere misbruk av ordninga som gir bortebuande studentar rett til å få omgjort delar av utdanningslånet til stipend ved gjennomført utdanning. Utplukket av dei som skal kontrollerast vil bli gjort ut frå objektive kriterium knytte til alder og avstand mellom lærestad og folkeregistrert adresse, slik at ein så langt som mogleg berre kontrollerer dei som har hatt eit realistisk høve til å skaffe seg stipendet på urettmessig vis. Det er berekna at kontrollen vil gjelde om lag 54 000 studentar. Basert på tidlegare gjennomførte kontrollar av den bustatusinformasjonen som studentane har gitt, legg departementet til grunn at den auka kontrollen vil føre med seg lågare omgjering av lån til stipend. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 72 mill. kroner som følgje av forslaget.

Departementet foreslår ei endring i sjukestipendordninga som vil gjere det mogleg å kombinere sjukepengar frå folketrygda med sjukestipend frå Lånekassen. Sjukepengane vil gå til frådrag før utdanningsstøtta kan bli gjord om til sjukestipend. I dag kan dei som arbeider noko ved sida av studia, og som av den grunn har rett til sjukepengar, ikkje få noko i sjukestipend uansett kva beløp dei får i sjukepengar. Med forslaget frå departementet vil denne gruppa frå undervisningsåret 2015–16 kunne få differansen mellom tildelt støtte og sjukepengebeløpet omgjord til sjukestipend viss vilkåra for sjukestipend elles er fylte. Forslaget inneber eit redusert løyvingsbehov på 610 000 kroner i 2015 fordi behovet for å setje av midlar til framtidig omgjering av lån til utdanningsstipend vil minke meir enn sjukestipendutgiftene er berekna å auke i dette året. Samstundes inneber forslaget at løyvingsbehovet i 2016 aukar med 12,7 mill. kroner.

Departementet foreslår å endre grensa for når uførleik kan gi grunnlag for ettergiving av utdanningsgjeld, frå 50 til 40 pst. nedsett inntektsevne (uføregrad). Endringa vil berre gjelde dei som har fått innvilga uføretrygd frå folketrygda på eit tidspunkt da dei tok imot arbeidsavklaringspengar. Departementet foreslår denne endringa for å tilpasse ettergivingsføresegna i utdanningsstøtteregelverket til dei nye uførereglane i folketrygdlova som tek til å gjelde frå 1. januar 2015. Forslaget har ikkje budsjetteffekt i 2015, men er frå 2016 berekna å koste om lag 3,7 mill. kroner.

Utgangspunktet for berekning av renter på utdanningslån er dei lånekostnadene staten har for tilsvarande rentebindingstid, pluss eit påslag på eitt prosentpoeng årleg effektiv rente. Departementet foreslår å auke påslaget på renta på lån i Lånekassen med 0,25 prosentpoeng med verknad frå 1. januar 2015, slik at påslaget frå denne datoen er på 1,25 prosentpoeng. Dette skal gjelde for lån med flytande rente og for lån med fast rente dersom søknaden om fast rente er komen inn 8. oktober 2014 eller seinare. Forslaget vil auke renteinntektene med om lag 314 mill. kroner, men krev auka løyving til rentestøtte med om lag 110 mill. kroner.

Departementet foreslår å auke eigendelen som blir trekt frå ved berekning av stipend til heimreiser i Noreg for studentar og andre som ikkje tek vanleg vidaregåande opplæring, med 500 kroner. Forslaget inneber at talet på mottakarane av stipendet vil bli redusert med om lag ein tredjedel, og vil også ha som konsekvens at stipendordninga i enda større grad enn i dag berre vil omfatte studentar med lang reiseveg frå lærestad til heimstad. Støtta til reiser frå Noreg til den utanlandske lærestaden for studentar i utlandet blir ikkje påverka av forslaget. Løyvingsbehovet minkar med 11 mill. kroner som følgje av forslaget.

Det er eit hovudprinsipp i regelverket om utdanningsstøtte at støtte blir gitt i den perioden undervisninga varer. Dei fleste typar utdanningstilbod har eit undervisningsår som varer i ti månader, og derfor blir utdanningsstøtte normalt gitt for ti månader per undervisningsår. For elevar ved folkehøgskolar varer undervisninga normalt i ni månader per undervisningsår, medan støtte blir gitt i ti månader. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å redusere støtteperioden for elevar i folkehøgskole med ein månad, slik at det også til denne typen opplæring blir gitt støtte for den perioden undervisninga varer. Som følgje av dette foreslår departementet å redusere løyvinga med 11,5 mill. kroner. I tillegg kjem redusert utlån.

Når ei utdanning som det er gitt støtte til blir avbroten i løpet av eit semester, foreslår departementet at ein berre skal rekne med dei dagane som kjem føre avbrotet i tidsrekneskapen for tildelt støtte og ved berekning av fagleg forseinking. Til no har ein i slike tilfelle rekna med heile semesteret så framt ikkje søkjaren betalte tilbake støtta som vart gitt for dette semesteret innan støtteperioden var omme. Samstundes foreslår departementet at det ikkje lenger skal vere høve til å ta periodar med tildelt støtte ut av den førenemnde tidsrekneskapen eller av berekningsgrunnlaget for fagleg forseinking ved å betale tilbake støtta. Forslaget inneber ikkje endra løyvingsbehov, men utlånet er berekna til å minke med om lag 300 000 kroner.

Departementet foreslår å løyve 1,9 mill. kroner til utdanningsstøtte i samband med eit forslag om kompetanseutvikling i barnehagane. I tillegg kjem auka utlån. Sjå nærmare omtale under kap. 231 post 21.

Verkeleg verdi

For å rekne seg til den verkelege verdien av utlånsporteføljen er det laga ein modell som skil mellom kostnader knytte til dei utdanningspolitiske og sosiale tiltaka i støtteordningane, og kostnader knytte til kredittrisiko. Lånekassen hadde ein portefølje av uteståande lån og renter på om lag 137,9 mrd. kroner ved utgangen av 2013. Den verkelege verdien av porteføljen er lågare enn den bokførte porteføljen. Dette skyldast både dei ulike utdanningspolitiske og sosiale ordningane som er knytte til støtteordningane i Lånekassen, og forventa tap som skyldast at kundane ikkje oppfyller betalingspliktene sine. Tabellen under syner kva for element det er justert for når ein har rekna ut verkeleg verdi av porteføljen. Det er lagt til grunn at låna i gjennomsnitt er rentefrie i noko under tre år. På grunnlag av modellen og ein føresetnad om ei rente på fire pst. er den verkelege verdien av porteføljen ved utgangen av 2013 rekna ut til om lag 127,3 mrd. kroner. Differansen mellom bokført verdi og berekna verkeleg verdi utgjer om lag 10,6 mrd. kroner. Av dette er om lag 8,9 mrd. kroner knytte til stipend, rentestøtte og avskrivingar, medan om lag 1,6 mrd. kroner skriv seg frå tap som følgje av kredittrisiko. Den verkelege verdien er dermed berekna til å vere om lag 92 pst. av dei samla fordringane per 31. desember 2013.

Tabell 4.23 Verkeleg verdi

Verdi i mill. kroner per 31. desember 2012

Verdi i mill. kroner per 31. desember 2013

Opphavleg låneportefølje

– tilbakebetalarar

90 878

97 397

– studentar

35 336

40 503

Sum opphavleg låneportefølje

126 214

137 900

Justeringar

– omgjering til stipend

3 102

1 130

– rentefritak studentar

2 359

2 881

– rentefritak tilbakebetalarar

2 252

2 486

– ettergitt dødsfall

433

478

– ettergitt sjukdom

780

861

– ettergitt bustad

606

669

– ettergitt kvoteordninga

346

383

Sum justeringar

9 878

8 888

Justert låneportefølje

116 336

129 012

– nedskriving

1 419

1 563

– over-/underkurs

–469

130

Verdi

115 386

127 319

Ved å leggje til grunn dei same føresetnadene som ved berekning av verkeleg verdi av porteføljen kan ein berekne nåverdien av nye utlån i Lånekassen. Tabellen under syner at staten kan forvente å få tilbake om lag 64 øre for kvar nye krone som blir lånt ut frå Lånekassen. Av dei om lag 36 øra av kvar krone som ein ikkje kan forvente blir betalte tilbake, utgjer stipend, rentestøtte og avskrivingar nesten alt. Under eitt øre per nye krone i nytt utlån blir forventa tapt som følgje av at låntakaren ikkje betaler. Berekninga gjeld alle nye utlån i Lånekassen, og skil ikkje på dei ulike gruppene av lån og låntakarar.

Tabell 4.24 Nåverdien av 1 krone i nytt utlån

Verdi i kroner per 31.12.2012

Verdi i kroner per 31.12.2013

Opphavleg låneportefølje

– tilbakebetalarar

0,00000

0,00000

– studentar

1,00000

1,00000

Justeringar

– omgjering til stipend

0,28007

0,28032

– rentefritak studentar

0,05268

0,05266

– rentefritak tilbakebetalarar

0,01254

0,01253

– ettergitt dødsfall

0,00241

0,00241

– ettergitt sjukdom

0,00434

0,00434

– ettergitt bustad

0,00338

0,00337

– ettergitt kvoteordninga

0,00193

0,00193

Sum justeringar

0,35734

0,35756

Justert låneportefølje

0,64266

0,64244

– nedskriving

0,00678

0,00678

Verdi

0,63587

0,63566

Post 50 Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving

Heile basisstøtta til studentar i høgre utdanning m.m. blir utbetalt som lån, og inntil 40 pst. av basisstøtta kan bli konvertert frå lån til stipend når utdanninga er gjennomført, jf. forslag til vedtak III nr. 5. Løyvinga på post 50 dekkjer avsetning til eit fond (konverteringsfondet) som Lånekassen trekkjer midlar frå etter kvart som lån blir gjorde om til stipend. Ved budsjettering av posten for 2015 blir det lagt til grunn at ti pst. av utdanninga det blir gitt støtte til, ikkje blir bestått og derfor ikkje gir omgjering frå lån til stipend. Utdanningsstipendet blir behovsprøvt mot inntekt og formue. Ved budsjettering av posten er det derfor føresett at delar av omgjeringslånet ikkje blir gjorde om til stipend ved behovsprøvinga mot inntekt og formue. Basert på erfaringstal blir avsetninga på posten derfor 21 pst. mindre enn det beløpet Lånekassen maksimalt kunne ha sett av til konvertering.

Post 70 Utdanningsstipend, overslagsløyving

Løyvinga på posten gjeld utstyrsstipend, grunnstipend og bustipend til elevar og lærlingar i vanleg vidaregåande opplæring, samt flyktningstipend, foreldrestipend, sjukestipend og forsørgjarstipend for alle grupper.

Post 71 Andre stipend, overslagsløyving

Løyvinga på posten gjeld ulike stipend til dekning av reise, skolepengar og språkkurs i innland og utland.

Post 72 Rentestøtte, overslagsløyving

Løyvinga på posten dekkjer kostnaden ved at utdanningslån er rentefrie i utdanningstida, og er eit uttrykk for kor mykje staten subsidierer lånedelen av støtteordningane med. Løyvingsbehovet på posten varierer med rentenivået.

Post 73 Avskrivingar, overslagsløyving

Avskrivingane på post 73 er heimla i forskriftene til Lånekassen og i utdanningsstøttelova. Avskrivingane på posten omfattar blant anna avskriving grunna sjukdom og død. Vidare er det eigne ordningar for avskriving for visse lærarutdanningar, og for personar som er busette og arbeider i Finnmark. Restgjeld blir automatisk avskrive når restbeløpet er under minimumsbeløpet for innkrevjing i forskriftene.

Oversikta under viser dei elementa som utgjer post 73 Avskrivingar:

Tabell 4.25 Avskrivingselement

(i 1 000 kr)

Element

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Sjukdom

194 362

165 200

200 300

Dødsfall

49 002

50 300

52 000

Automatisk avskriving

1 613

1 800

1 800

Avskriving for lærarutdanning

10 989

15 300

11 000

Finnmarks-avskriving

101 454

122 030

106 500

Avskriving kvoteordninga

29 610

25 520

30 810

Rentefritak

104 914

108 199

105 640

Sum

491 944

488 349

508 050

Av samla avskriving på 508 mill. kroner reknar ein med at om lag 367 mill. kroner vil utgjere opphavleg hovudstol (det opphavlege utdanningslånet til kunden). Dei resterande avskrivingane fordeler seg med 42 mill. kroner frå renter i 2015 og 99 mill. kroner i renter frå tidlegare år.

Post 74 Tap på utlån

Løyvinga på posten dekkjer avskriving av grovt eller vedvarande misleghaldne utdanningslån. Låna blir avskrivne i rekneskapane som tap i Lånekassen når dei blir overførte permanent til Statens innkrevjingssentral (SI).

Oversikta nedanfor viser dei hovudelementa som utgjer post 74 Tap på utlån:

Tabell 4.26 Tapselement

(i 1 000 kr)

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

SI-permanent

248 173

220 000

260 000

Lån etter gjeldsordning

38 471

35 500

41 500

Andre forhold

2 320

3 500

3 200

Sum

288 964

259 000

304 700

Tap på den opphavlege hovudstolen er berekna til å utgjere 236 mill. kroner, medan tap på renter frå tidlegare periodar utgjer om lag 63 mill. kroner i 2015. Årets renter på tap/kostnadsfordringane er berekna til å utgjere 6 mill. kroner i 2015.

Kundar som ikkje har betalt etter tredje varsel om betaling, får lånet førebels overført til SI. Dersom arbeidet til SI fører fram, og kunden kjem à jour med betalingar, blir saka ført tilbake til Lånekassen. Lånekassen eig kravet og handterer gjeldsordningssaker i denne perioden. Det er først når lånet blir permanent overført til SI, normalt når gjelda har vore oppsagd i tre år, at kravet i rekneskapleg samband blir overført til SI. Frå 1996 til og med 2013 har 59 456 kundar fått gjelda permanent overført til SI, med eit samla beløp på 6,6 mrd. kroner. Av dette er det fram til i dag kravt inn om lag 3 mrd. kroner. Innkrevjingsresultatet i 2013 for permanent overførte utdanningslån vart på 255 mill. kroner, mot 261 mill. kroner i 2012 og 259 mill. kroner i 2011. Det vart overført lån permanent frå Lånekassen til SI på 248 mill. kroner i 2013, 220 mill. kroner i 2012 og 292 mill. kroner i 2011. Innkrevjinga til SI av overførte utdanningslån er berekna til 260 mill. kroner i 2015.

Gjeldssletting etter gjeldsordning er berekna til 41,5 mill. kroner i 2015. Andre tapselement, mellom anna forelda renter, utanrettsleg gjeldsordning samt heil og delvis ettergiving av fordringar som det er uråd å drive inn, er berekna til om lag 3,2 mill. kroner.

Post 76 Startstipend for kvotestudentar, overslagsløyving

Løyvinga på posten dekkjer utbetaling av stipend til kvotestudentar tilsvarande basisstøtte i to månader når dei kjem til lærestaden i Noreg for første gong.

Post 90 Auka lån og rentegjeld, overslagsløyving

Løyvinga på posten dekkjer samla nye utlån frå Lånekassen i 2015, og berekna renter i løpet av året som ikkje er betalte ved utgangen av året.

Nye utlån til kundar samt omgjeringar er berekna til å utgjere om lag av 21,8 mrd. kroner, medan nettoutlån til ubetalte renter er berekna til å utgjere om lag 1,3 mrd. kroner. Den totale løyvinga på posten blir da om lag 23 mrd. kroner i 2014.

Kap. 5310 Statens lånekasse for utdanning

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

18 587

21 100

21 500

16

Refusjon av foreldrepengar

3 138

18

Refusjon av sjukepengar

2 168

29

Termingebyr

22 767

30 420

43 130

89

Purregebyr

75 546

117 600

262 510

90

Redusert lån og rentegjeld

7 767 977

8 253 202

8 777 031

93

Omgjering av utdanningslån til stipend

1 952 918

5 200 318

5 474 074

Sum kap. 5310

9 843 101

13 622 640

14 578 245

Kapitlet gjeld inntekter til Lånekassen, i hovudsak innbetalingar frå kundane, innbetaling frå konverteringsfondet og ulike refusjonar.

Post 03 gjeld i hovudsak refusjon av kostnader som Lånekassen har ved oppdrag for andre verksemder.

Visse innanlandske kostnader kan etter statistikkdirektivet i OECD bli definerte som offentleg utviklingshjelp. Post 04 gjeld ettergiving av utdanningslån for kvotestudentar frå utviklingsland som flytter til heimlandet og buset seg der varig. Det er Utanriksdepartementet som betaler refusjonen til Lånekassen over kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, godkjend som utviklingshjelp (ODA).

Post 29 gjeld gebyr for førstegongsvarsling ved terminforfall. Kundar som nyttar eFaktura eller AvtaleGiro, blir ikkje belasta med gebyr ved førstegongsvarsel. Post 89 gjeld gebyr på 280 kroner ved andregongsvarsel og 490 kroner ved tredjegongsvarsel (varsel om oppseiing). Auken i gebyrinntektene på post 29 og post 89 er eit resultat av at det vart innført månadlege terminforfall i 2014.

Løyvinga på post 90 gjeld innbetalte avdrag og betalte berekna renter frå tidlegare år. Avskrivne og betalte renter er splitta opp i avskrivne og betalte renter i inneverande og tidlegare budsjettperiodar.

Tilbakebetaling av opphavleg hovudstol er berekna til å utgjere om lag 7 mrd. kroner i 2015. Tilbakebetaling av rentegjeld frå tidlegare periodar er berekna til å utgjere om lag 1,1 mrd. kroner i 2015. Tilbakebetaling frå tap/kostnadsløyvingar utgjer om lag 765 mill. kroner (omfattar både hovudstol og berekna renter frå tidlegare periodar, spesifisert på kap. 2410 postane 73 og 74).

Post 93 omfattar innbetaling frå eit fond (konverteringsfondet) til Lånekassen basert på konvertering av lån til stipend, sjå omtale under kap. 2410 post 50

Kap. 5617 Renter frå Statens lånekasse for utdanning

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

80

Renter

3 578 724

3 868 062

3 757 151

Sum kap. 5617

3 578 724

3 868 062

3 757 151

Løyvinga på posten gjeld renter til staten for alle utlån til Lånekassens kundar. Dette gjeld renter som er belasta kundar i tilbakebetalingsfasen, og renter som er løyvde på tilskottspostar til å dekkje kostnadene til staten på lån som er rentefrie under utdanninga (rentestøtta), og på lån som er avskrivne.

Rentestøtta er berekna til å utgjere om lag 0,9 mrd. kroner, medan opptente og innbetalte renter frå kundane er berekna til å utgjere om lag 1,7 mrd. kroner i 2015. Opptente ikkje-betalte renter frå kundane er berekna til å utgjere om lag 1,1 mrd. kroner, medan årets renter frå tap/kostnadsløyvingar er berekna til å utgjere om lag 50 mill. kroner i 2015