Prop. 1 S (2014–2015)

FOR BUDSJETTÅRET 2015 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 3
Strategiar og oversikter

5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet

5.1 Innleiing

Regjeringa har høge ambisjonar for Noreg som kunnskapsnasjon. Den offentlege forskingsinnsatsen må opp på eit høgre nivå og halde tritt med utviklinga i andre land. Forsking er grunnleggjande for å skaffe ny kunnskap som bringer verda framover, og som skaper trygge arbeidsplassar. For å få til koordinerte satsingar på forsking og høgre utdanning som styrkjer regjeringa si gjennomføringskraft i forskingspolitikken, og gir føreseielegheit for norske fagmiljø, legg regjeringa fram ein langtidsplan for forsking og høgre utdanning. Langtidsplanen har tre overordna mål for offentlege investeringar i forsking og høgre utdanning. Det er konkurransekraft og innovasjonsevne, å løyse store samfunnsutfordringar og framifrå kvalitet i forsking og høgre utdanning. Planen er retta inn mot seks langsiktige prioriteringar. Dei er hav, klima, miljø og miljøvennleg energi, mogleggjerande teknologiar, fornying i offentleg sektor og betre og meir effektive velferds-, helse- og omsorgstenester, eit innovativt og omstillingsdyktig næringsliv og verdsleiande fagmiljø.

Målbiletet i forskingsmeldinga, Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – kunnskap gir muligheter, ligg fast, og er felles for alle departementa. Målbiletet er sett saman av fem strategiske mål og fire tverrgåande mål. Målbiletet vart oppretta i samband med St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning, og vart ført vidare i den seinaste forskingsmeldinga. Stortinget har slutta seg til desse måla. Måla og prioriteringane som regjeringa legg fram i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning, er konsistente med målbiletet i forskingsmeldinga, men er også ei utdjuping og ei sterkare prioritering av kva for område regjeringa styrkjer innsatsen mot.

Den offentlege finansieringa av forsking og utvikling i budsjettforslaget til regjeringa for 2015 er førebels rekna til å vere om lag 30 mrd. kroner. Det utgjer ein nominell auke på 2,1 mrd. kroner samanlikna med 2014, og er ein realauke på 4,2 pst. I budsjettet for 2015 lyfter regjeringa særleg fram ei satsing på verdsleiande fagmiljø, på internasjonalisering av norsk forsking, særleg gjennom auka deltaking i EUs forskings- og innovasjonsprogram, Horisont 2020 og på næringsrelevant forsking.

Langtidsplan for forsking og høgre utdanning

Regjeringa legg saman med budsjettet fram ein langtidsplan for forsking og høgre utdanning, jf. Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024. I langtidsplanen legg regjeringa fram ein ambisiøs politikk for forsking og høgre utdanning. Regjeringa vil auke FoU-løyvingane til ein pst. av BNP. Gitt dagens utsikter for framtidig BNP-vekst, tek regjeringa sikte på at målet kan nåast i 2019–2020. Planen gir føreseielege rammer gjennom langsiktige mål og prioriteringar. Regjeringa vil auke løyvingane til forsking og høgre utdanning for å følgje opp prioriteringane i planen. Tiltak som bidrar til auka kvalitet i forsking og høgre utdanning, at næringslivet forskar meir eller som bidrar til god deltaking i Horisont 2020, vil bli prioritert. Regjeringa vil innan 2018 gjennomføre ein opptrappingsplan for rekrutteringsstillingar med 500 nye stillingar, styrkje løyvingane til infrastruktur med 400 mill. kroner og styrkje løyvingane til ordningar som bidrar til betre deltaking i Horisont 2020 med 400 mill. kroner. Nytt bygg for livsvitskap, kjemi og farmasi ved Universitetet i Oslo og oppgradering av Marinteknisk senter i Trondheim, Ocean Space Centre, er dei viktigaste byggjeprosjekta for å følgje opp langtidsplanen.

Strategi for Noregs samarbeid med EU om forsking og innovasjon

Regjeringa har ambisjonar om å auke internasjonaliseringa av norsk forsking og høgre utdanning, og å få fleire internasjonalt leiande fagmiljø. Våren 2014 la regjeringa fram ein strategi for samarbeid med EU om forsking og innovasjon.

Strategien har som mål at norske fagmiljø skal auke deltakinga i Horisont 2020 samanlikna med nivået på deltakinga i EUs sjuande rammeprogram for forsking. Den auka deltakinga vil bidra til å internasjonalisere og styrkje kvaliteten på forskinga. Frå ein returdel på 1,67 pst. i EUs sjuande rammeprogram er målet å auke returdelen til to pst. i Horisont 2020. Det vil seie ein vekst i den norske deltakingsaktiviteten på om lag 60 pst. Strategien rettar seg inn mot fem innsatsområde: styrkt samspel mellom nasjonal, europeisk og global innsats, betre samspel mellom sektorane, rettleiings- og mobiliseringsarbeid, karriereutvikling og rekruttering, påverkings- og posisjoneringsarbeid.

Måling av forsking

I 2011 lanserte Kunnskapsdepartementet for første gong Forskningsbarometeret – eit årleg barometer med indikatorar for norsk forsking og innovasjon. Indikatorane i den faste delen av barometeret gir eit tverrsnitt av tilstanden i norsk forsking og innovasjon, og blir presentert i seks hovudkategoriar: investeringar, menneske, samarbeid, område, resultat og trendar. Forskningsbarometeret 2014 synte at Noreg i dei siste ti åra har hatt betydeleg vekst i dei offentlege løyvingane til FoU. Veksten var størst i perioden 2004–07, og har minka i åra etterpå, ein trend vi òg finn i dei andre landa. Det er ikkje berre under investeringar at Noreg har hatt ein solid vekst; det same gjeld menneskelege ressursar og vitskaplege publikasjonar. Noreg har likevel eit stykke igjen til dei leiande landa når det gjeld tal på søknader og talet på innvilga søknader på internasjonale konkurransearenaer. Sjølv om ein tek omsyn til folketalet, har Noreg det lågaste talet innvilga søknader til Det europeiske forskingsrådet (ERC). Ein liknande trend gjeld under det sjuande rammeprogrammet, der Noreg har hatt dei lågaste tildelingane frå rammeprogrammet samanlikna med dei andre barometerlanda.

5.2 Forsking og utvikling i statsbudsjettet for 2015

I statsbudsjettet for 2015 foreslår regjeringa ei særleg oppfølging av EU-strategien og prioriteringane i langtidsplanen. Regjeringa foreslår eit lyft for framifrå kvalitet og verdsleiande fagmiljø. Hovudprioriteringane på forskingsområdet i statsbudsjettet for 2015 er internasjonalisering av forsking, verdsleiande fagmiljø, infrastruktur og næringsrelevant forsking.

Med bakgrunn i statsbudsjettanalysen for 2014 frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) viser eit førebels overslag frå Kunnskapsdepartementet at dei samla løyvingane til forsking og utvikling i budsjettforslaget til regjeringa for 2015 er på om lag 30 mrd. kroner, noko som utgjer 0,93 pst. av overslaget for BNP i 2015. Dette er ein nominell auke på 2,1 mrd. kroner frå 2014. Dersom ein inkluderer Skattefunnordninga, blir den offentlege FoU-innsatsen på om lag 32,4 mrd. kroner i 2015. Inkludert provenyeffekten av Skattefunn utgjer FoU-innsatsen 1 pst. av overslaget for BNP i 2015. Tabellen nedanfor viser overslaget over løyvingane til FoU over statsbudsjettet fordelte på departement. Tala er usikre. NIFU vil leggje fram endelege tal for FoU-løyvingane i juni 2015.

Tabell 5.1 Overslag over løyvingane til FoU over statsbudsjettet, i mill. kroner

Departement

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Endring 2014–15

Utanriksdepartementet

1 415

1 410

-5

Kunnskapsdepartementet

13 615

15 010

1 395

Kulturdepartementet

166

172

6

Justisdepartementet

74

75

1

Kommunal- og moderniseringsdepartementet

636

829

193

Arbeids- og sosialdepartementet

250

261

11

Helse- og omsorgsdepartementet

3 997

4 211

214

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

158

136

-22

Nærings- og fiskeridepartementet

3 411

3 720

309

Landbruks- og matdepartementet

636

621

-15

Samferdselsdepartementet

322

302

-20

Klima- og miljødepartementet

807

789

-18

Finansdepartementet

126

125

-1

Forsvarsdepartementet

1 070

1 100

30

Olje- og energidepartementet

854

833

29

Statsbankane

363

373

10

Totalt

27 900

30 017

2 117

Den nominelle auken i løyvingane til forsking er på 2,1 mrd. kroner. Dette tilsvarer ein realvekst på 4,2 pst. Auken i FoU-løyvingane skriv seg delvis frå ein auke i løyvingane på postar med FoU-del og delvis frå konkrete FoU-satsingar, sjå nedanfor.

Auken på Kunnskapsdepartementets budsjett skriv seg delvis frå satsingar på fri prosjektstøtte, verdsleiande fagmiljø, forskingsinfrastruktur og stimuleringstiltak for auka deltaking i Horisont 2020.

Ein større del av auken skriv seg frå kontingenten til EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, der løyvinga aukar med over 700 mill. kroner frå saldert budsjett 2014. Sjå òg omtale under programkategori 07.70 Forsking.

Auken på Nærings- og fiskeridepartementets budsjett skriv seg delvis frå løyvinga til isgåande forskingsfartøy, men òg frå satsingar som Brukarstyrt innovasjonsarena, Forny2020, og marin forsking. Sjå nedanfor.

Auken på budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet skriv seg frå ein auke i løyvingane til helseføretaka.

Auken på budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet skriv seg frå ein auke i løyvingane til bygg i universitets- og høgskolesektoren.

Forsking og utvikling i statsbudsjettet 2015

Europeisk forskingssamarbeid

Regjeringa har lagt fram ein nasjonal strategi for samarbeidet med EU om forsking og innovasjon. Strategien handlar særleg om norsk deltaking i EUs forskings- og innovasjonsprogram, Horisont 2020, og Det europeiske forskingsområdet, ERA. Strategien er i stor grad ein mobiliseringsstrategi, og har som siktemål å auke deltakinga blant universitet og høgskolar, forskingsinstitutt, helseføretak, næringsliv og offentleg sektor. For å følgje opp strategien foreslår regjeringa å styrkje øyremerkte tiltak gjennom Noregs forskingsråd med 115 mill. kroner i 2015. Av auken skal 85 mill. kroner nyttast til STIM-EU og 10 mill. kroner til ordninga med nasjonale kontaktpunkt (NCP). Resten av auken skal mellom anna gå til prosjektetableringsstøtte og posisjoneringsstøtte.

Verdsleiande fagmiljø

Regjeringa har ambisjonar om å utvikle fleire verdsleiande fagmiljø. Fleire satsingar i budsjettforslaget skal støtte opp om dette. Regjeringa foreslår at 70 mill. kroner skal nyttast til rekruttering av internasjonale toppforskarar. Midlane blir fordelte etter spissa kvalitetskriterium til institusjonar med fagmiljø som har særlege føresetnader for å strekkje seg mot verdstoppen. Midlane vil gi ei langsiktig styrking av budsjetta til dei institusjonane som når opp i konkurransen. I tillegg foreslår regjeringa 10 mill. kroner til å utvikle vidare det etablerte utdannings- og forskingssamarbeidet mellom Universitetet i Oslo, Simula Research Laboratory (Simula) og University of California, San Diego (UCSD). Eit formalisert samarbeid av fagleg høg internasjonal kvalitet er strategisk viktig for institusjonane og for at Noreg skal hevde seg i den internasjonale konkurransen.

Forskingsinfrastruktur

Regjeringa foreslår å auke midlane til forskingsinfrastruktur gjennom Noregs forskingsråd med 100 mill. kroner i 2015. Satsing på forskingsinfrastruktur er eit direkte bidrag til å nå det målet regjeringa har om å utvikle verdsleiande fagmiljø. Samtidig bidrar infrastruktur av høg kvalitet til auka internasjonalisering og rekruttering. Godt utvikla forskingsinfrastruktur vil dessutan vere avgjerande for å fremme innovasjon og kunnskapsproduksjon som er nødvendig for å lykkast med overgangen til eit lågutsleppssamfunn.

Fri prosjektstøtte

Fri prosjektstøtte (FRIPRO) er ein open arena for grunnleggjande forsking. Målet er å få fram forsking av høg vitskapleg kvalitet ved å finansiere dei vitskapleg sett beste forskingsprosjekta. Regjeringa vil auke FRIPRO med 60 mill. kroner for å få fram banebrytande forsking. Midlane skal mellom anna gå til yngre forskartalent og ei ny mobilitetsordning på postdoktornivå. Formålet med mobilitetsordninga er å auke mobiliteten for forskarar i ein tidleg fase av karrieren, og å sikre at kunnskapen dei har tileigna seg, kjem tilbake til Noreg.

Mogleggjerande teknologiar

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT), bioteknologi og nanoteknologi er eksempel på mogleggjerande teknologiar. Desse teknologiane gir eit viktig grunnlag for fornying og omstilling i næringslivet og i offentleg sektor. Til dømes har utviklinga av moderne informasjons- og kommunikasjonsteknologi skapt store endringar i samfunnet i dei siste tiåra. Regjeringa foreslår å styrkje løyvingane til desse programma i Forskingsrådet med særleg vekt på IKT i 2015, og foreslår ein auke på 20 mill. kroner over budsjettet til Kunnskapsdepartementet.

Rekrutteringsstillingar

Regjeringa foreslår ei løyving på 53,4 mill. kroner til 47 nye rekrutteringsstillingar innanfor helse- og sosialfag, lærarutdanning og ingeniørutdanning, som del av langtidsplanen for forsking og høgre utdanning. Regjeringa foreslår òg 3,4 mill. kroner til tre nye stillingar til stipendiatprogrammet i Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU). Sjå omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Bygg i universitets- og høgskolesektoren

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til vidare prosjektering av mellom anna eit nytt bygg for livsvitskap, kjemi og farmasi ved Universitetet i Oslo med 58 mill. kroner. Dette er eit av dei viktigaste byggjeprosjekta for å følgje opp verdsleiande fagmiljø. Sjå omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Partnarskapsprogram for høgre utdanning og forsking

Regjeringa ønskjer å utvikle fleire verdsleiande fagmiljø. Dette føreset mellom anna eit styrkt langsiktig samarbeid mellom institusjonar og fagmiljø i Noreg og deira partnarar i andre land, slik at norske aktørar får del i den internasjonale kunnskapsutviklinga. Departementet foreslår derfor ei strategisk styrking på 20 mill. kroner til etablering av eit partnarskapsprogram for samarbeid om høgre utdanning og forsking med prioriterte land utanfor EU.

Næringsrelevant forsking

Regjeringa er oppteken av å stimulere til meir kunnskapsbasert næringsutvikling og auka FoU- innsats i næringslivet. Regjeringa foreslår derfor å styrkje den opne forskingsarenaen Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA) med 70 mill. kroner over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet. BIA støttar dei beste forskingsbaserte innovasjonsprosjekta i breidda av norsk næringsliv innanfor område som ikkje er dekte av andre tematiske program i Forskingsrådet.

Regjeringa foreslår også å styrkje løyvingane til kommersialisering av forskingsresultat med 20 mill. kroner gjennom programmet Forny2020.

Regjeringa foreslår ei styrking av marin forsking med 40 mill. kroner. Styrkinga skal bidra til vidareutvikling av ei berekraftig sjømatnæring. For nærmare omtale, sjå Prop. 1 S (2014– 2015) for Nærings- og fiskeridepartementet.

Regjeringa foreslår vidare å styrkje Skattefunnordninga gjennom å heve grensa for eigenutførte forskings- og utviklingsprosjekt frå 8 mill. kroner til 15 mill. kroner, og den samla grensa for eigenutført og innkjøpt FoU blir utvida frå 22 mill. kroner til 33 mill. kroner. Provenytapet er venta å utgjere 120 mill. kroner. For nærmare omtale, sjå Prop. 1 LS (2014– 2015) Skatter, avgifter og toll.

5.3 Noregs forskingsråd

Noregs forskingsråd mottek løyvingar frå alle departementa. Tildelingane frå departementa omfattar både generelle faglege tildelingar, institutt-tildelingar og særskilde midlar som er øyremerkte til einskilde program eller aktivitetar. Tabellen nedanfor viser ei oversikt over løyvingsforslag for dei største bidragsytarane i statsbudsjettet for 2015.

Tabell 5.2 Foreslåtte løyvingar til Noregs forskingsråd frå dei største bidragsytarane, i 1 000 kr

Kap. post

Departement

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

285.52/53/54

Kunnskapsdepartementet

2 717 693

2 961 460

285.55

Kunnskapsdepartementet – administrasjon

268 936

276 422

920.50/51/521

Nærings- og fiskeridepartementet

1 887 340

2 047 800

780.50

Helse- og omsorgsdepartementet

323 306

337 505

1137.50

Landbruks- og matdepartementet

251 651

234 914

1301.50

Samferdselsdepartementet

148 300

137 139

1410.51/53

Klima- og miljødepartementet

208 262

207 336

1830.502

Olje- og energidepartementet

673 600

695 000

1 Løyvingane som i 2014 gjekk over postane 50, 51 og 52 blir i budsjettforslaget for 2015 slåtte saman på post 50

2 Noregs forskingsråd får i tillegg midlar i 2015 frå Olje- og energidepartementet over kap. 1840, post 50 CLIMIT

Regjeringa har fastsett nye mål for Forskingsrådet. Bakgrunnen er at både evalueringa av Forskingsrådet og Riksrevisjonen peikte på utfordringar knytte til det eksisterande mål- og resultatstyringssystemet (MRS) for Forskingsrådet. Løyvingane til Forskingsrådet går over budsjetta til 15 departement, og Forskingsrådet blir stilt overfor mange mål/delmål og ei rekkje føringar frå departementa. Det fører til at den samla styringa av Forskingsrådet blir uoversiktleg. Kunnskapsdepartementet starta derfor hausten 2013 eit prosjekt for å vidareutvikle systemet for mål- og resultatstyring av Forskingsrådet.

Hensikta er å sikre eit system med meir overordna og strategisk styring av Forskingsrådet frå departementa, der den samla styringa blir dreidd meir over i retning av resultat av Forskingsrådets verksemd og der Forskingsrådet får større fridom til å forvalte program og aktivitetar på tvers av departementsgrensene. Departementa og Forskingsrådet har delteke i arbeidet med å utvikle det nye systemet gjennom fleire møte og konferansar. Systemet for styring av Forskingsrådet vil bli vidare utvikla framover.

Måla for Forskingsrådet i 2015 er som følgjer:

  • auka vitskapleg kvalitet

  • auka verdiskaping i næringslivet

  • å møte store samfunnsutfordringar

  • eit velfungerande forskingssystem

  • god rådgiving

Sjå òg omtale under programkategori 07.70, kap. 285 Noregs forskingsråd

5.4 Utviklinga i offentleg forskingsinnsats

Regjeringa har som mål at FoU-utgiftene skal tilsvare tre pst. av BNP i 2030. FoU-intensiteten målt på denne måten var på 1,65 pst. i 2012, som er det siste året det er statistikk for. Dette er under FoU- intensiteten for OECD-landa samla, og plasserer Noreg i den tredje firedelen av OECD-landa når dei er rangerte etter FoU-intensitet (sjå figur 5.1). Ser vi på samla FoU-utgifter (justerte for forskjellar i kjøpekraft) per innbyggjar eller på FoU-personale i høve til talet på sysselsette, er Noreg noko over OECD-gjennomsnittet. Føretakssektoren driv relativt lite FoU i Noreg. Den norske økonomien er spesialisert i næringar med relativt lav FoU-intensitet, men sjølv om vi legg næringsstrukturen i OECD til grunn, er FoU-intensiteten i føretakssektoren i Noreg under gjennomsnittet i OECD. Dersom vi ser på FoU-utgifter per innbyggjar, kjem Noreg høgt opp når det gjeld offentleg finansiert FoU, mens vi er om lag som det mellomste av OECD- landa rangert etter FoU-utgifter finansierte av føretakssektoren.

Figur 5.1 Rangering av OECD-landa på ulike indikatorar for FoU-intensitet

Figur 5.1 Rangering av OECD-landa på ulike indikatorar for FoU-intensitet

Verdiane i figuren er viste som prosent av den høgste verdien på indikatoren blant OECD-landa. Punktmerka viser verdien for Noreg og OECD-landa samla. Den svarte linja viser medianverdien, altså den verdien som skil OECD-landa i to like store grupper. Den grå boksen skil mellom kvartilane, altså slik at halvparten av OECD-landa har verdier inni boksen. Data er for 2012 eller sist tilgjengelege år før det.

Kjelde:  OECD Main Science and Technology Indicators 2014: 1

Dei totale FoU-utgiftene i Noreg var på 48 mrd. kroner i 2012, ein realauke på 1,9 pst. frå 2011 (1,6 pst. korrigert for endringar i datagrunnlaget). Det har vore realauke i FoU-utgiftene i storparten av dei siste ti åra, med små nedgangar i 2004, 2009 og 2010. Utviklinga i FoU-intensiteten i høve til BNP har ikkje vore like jamn, med ein nedgang i åra før 2006 til 1,48 pst., ein oppgang til 1,76 pst. i 2009, og ein nedgang til 1,65 pst. i 2012 (sjå figur 5.2). I høve til BNP for Fastlands-Noreg ligg FoU-intensiteten om lag 0,5 prosenteiningar høgre i perioden.

Komplett FoU-statistikk fordelt på kjelder for finansiering blir berre utarbeidd annakvart år. FoU-statistikken for 2013 er ikkje klar enno. FoU-utgifter finansierte av offentlege kjelder tilsvarte 0,76 pst. av BNP i 2011, ein nedgang frå 0,85 pst. i 2009. FoU-utgifter finansierte av næringslivet tilsvarte 0,70 pst. av BNP i 2011 og 0,74 pst. av BNP i 2009.

I tillegg til FoU-statistikken utarbeider NIFU årlege overslag over løyvingar til FoU i statsbudsjettet. Desse tala tek utgangspunkt i formålet med løyvingane, og kan derfor produserast mykje tidlegare enn FoU-statistikken, som byggjer på undersøkingar av faktisk utført FoU. FoU-løyvingane i 2014 har NIFU berekna til 27,9 mrd. kroner. Dette talet er vist som det grå feltet i figur 5.2. I tillegg til desse midlane kjem tapte skatteinntekter og tilskott gjennom Skattefunn, berekna til 2,17 mrd. kroner for 2014. Den stipla linja i figur 5.2 viser overslaget over løyvingane til FoU over statsbudsjettet som prosent av BNP. FoU-løyvingane auka frå 0,86 pst. av BNP i 2011 til 0,90 pst. av BNP i 2014.

Figur 5.2 Utvikling i FoU-intensitet i Noreg og FoU-løyvingar over statsbudsjettet

Figur 5.2 Utvikling i FoU-intensitet i Noreg og FoU-løyvingar over statsbudsjettet

Det grå feltet viser utviklinga i løyvingar til FoU over statsbudsjettet (ikkje inkludert Skattefunn) i faste prisar (høgre akse). Den stipla linja viser dette beløpet som prosent av BNP (venstre akse). Dei heiltrukne linjene viser tal frå FoU-statistikken over FoU utført i Noreg som prosent av BNP (venstre akse).

Kjelde: NIFU/SSB

Forsking og utvikling i sektorane

Vi reknar fire forskingsutførande sektorar i Noreg: næringslivet, universitets- og høgskolesektoren, helseføretaka (inklusiv private, ideelle sjukehus) og instituttsektoren. I den internasjonale FoU-statistikken og i hovudtabellane i den nasjonale FoU-statistikken inngår helseføretak med universitetssjukehusfunksjon i universitets- og høgskolesektoren og resten i instituttsektoren.

Næringslivet er den største FoU-utførande sektoren målt i utgifter og årsverk brukt på FoU, mens det er flest FoU-personale i universitets- og høgskolesektoren. Næringslivet utførte FoU for 21,2 mrd. kroner i 2012, og stod dermed for 44 pst. av dei samla FoU-utgiftene. Universitets- og høgskolesektoren stod for 26 pst. med 12,5 mrd. kroner, instituttsektoren stod for 23 pst. med 11,2 mrd. kroner, og helseføretaka stod for sju pst. med 3,1 mrd. kroner.

Alle sektorane hadde realauke i FoU-utgiftene frå 2011 til 2012. Helseføretaka hadde ein realauke på 8,5 pst., men noko kjem frå ei utviding av datagrunnlaget i 2012. Korrigert for endringane var realauken på 1,6 pst. I instituttsektoren auka FoU-utgiftene med 1,9 pst. i faste priser, i næringslivet med 1,7 pst., og i universitets- og høgskolesektoren med 0,6 pst.

6 Ressursar i grunnopplæringa

Innleiing

Kapitlet gir informasjon om ressursbruken i grunnopplæringa. Talet på elevar og lærlingar er objektive faktorar som er avgjerande for ressursbruken i skolen. Talet på lærarar, skolestruktur og anna har òg innverknad på kostnadsnivået, men dette er til dels gjenstand for lokale prioriteringar og påverka av til dømes tilgangen på lærarar.

Det er kommunane og fylkeskommunane som er ansvarlege for drifta av høvesvis grunnskolen og vidaregåande opplæring. Grunnskolen og den vidaregåande opplæringa blir i hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane. Både i kommunane og i fylkeskommunane er opplæring ein stor og viktig sektor. Samla brutto driftsutgifter til grunnskoleopplæring var i 2013 om lag 69,9 mrd. kroner. Tilsvarande var samla brutto driftsutgifter til vidaregåande opplæring i 2013 om lag 32,3 mrd. kroner.

Ressursbruken i grunnopplæringa i Noreg har vore relativt stabil i dei siste åra når det gjeld både totale ressursar og ressursar per elev.

Kapitlet startar med ei orientering om utviklinga i talet på elevar og lærlingar i grunnopplæringa, med informasjon om mellom anna fordeling på utdanningsprogram. Vidare er det ein omtale av lærartettleik og assistentar. Dei neste temaa er vaksne i grunnopplæringa, leirskoleordninga, skolefritidsordninga (SFO) og leksehjelp, før det blir gitt ein omtale av kommunale utgifter til grunnopplæring og utgifter per elev, samt skolestruktur, kommunale forskjellar i ressursbruk og tilgang på lærarar. Mot slutten av kapitlet er internasjonale undersøkingar omtalte.

Talgrunnlaget er i hovudsak henta frå Grunnskolens Informasjonssystem (GSI), Statistisk sentralbyrå (SSB), KOSTRA (Kommune Stat Rapportering) og Utdanningsspeilet 2014 frå Utdanningsdirektoratet.

Elevar og lærlingar i grunnopplæringa

Tabell 6.1 Talet på elevar i grunnskolen i perioden 2008–09 til 2013–14. Ordinære grunnskolar

Skoleår

Barnetrinnet

Ungdomstrinnet

Totalt

2008–09

426 769

189 327

616 139

2009–10

424 052

191 831

615 927

2010–11

423 333

192 549

615 973

2011–12

423 374

190 960

614 413

2012–13

424 993

189 846

614 894

2013–14

425 917

189 368

615 327

Kjelde: GSI

Om lag 98 pst. av alle elevane som gjekk ut av 10. trinn i grunnskolen våren 2013, gjekk direkte over i vidaregåande opplæring same haust. Dette er same del som året før. Om lag halvparten av elevane som begynte på 1. trinn i vidaregåande opplæring hausten 2013, begynte på eit studieførebuande program. Tidlegare var elevar med vedtak om opplæring som fører fram til grunnkompetanse, skilde ut i kategorien alternativ opplæring. Desse er frå 2010–11 inkluderte i totaltala. Tala for Vg1 frå 2010–11 kan derfor ikkje direkte samanliknast med tala frå åra før.

Tabellen nedanfor viser talet på elevar på studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram på dei tre stega i vidaregåande skole. At talet på elevar på yrkesfaglege program går ned på Vg3 samanlikna med på Vg2, skyldast at dei fleste elevane på dei yrkesfaglege programma blir lærlingar eller vel å ta påbygging til generell studiekompetanse etter Vg2.

Tabell 6.2 Fordeling av elevar på utdanningsprogram og -nivå i vidaregåande skole

Steg 1

(Vg1)

Steg 2

(Vg2)

Steg 3

(Vg3)

År

Studieførebuande

Yrkesfagleg1

Studieførebuande

Yrkesfagleg

Studieførebuande

Yrkesfagleg

I alt

2010–11

35 508

40 706

29 877

35 386

45 640

6 714

193 831

2011–12

35 993

40 453

30 647

35 238

45 531

6 158

194 020

2012–13

36 802

40 708

31 201

35 185

46 270

6 112

196 278

2013–14

36 957

39 653

32 438

35 227

49 282

3 390

197 032

1 Av desse er det nokre elevar med vedtak om opplæring som fører fram til grunnkompetanse. Desse var tidlegare skilde ut i kategorien alternativ opplæring. Tala for Vg1 frå 2010–11 kan derfor ikkje direkte samanliknast med tala frå åra før. I talet på elevar i Vg3 Yrkesfagleg for 2013–14 er elevar på vg3 naturbruk og vg3 medier og kommunikasjon tatt ut.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Per 1. oktober 2013 var det registrert 37 500 lærlingar og 1 800 lærekandidatar (kjelde: SSB). Dette er om lag 1 000 fleire lærlingar enn på same tidspunkt i 2012, mens det er om lag sju pst. fleire lærekandidatar. Per 1. oktober 2013 var det totalt 22 983 primærsøkjarar til læreplass (kjelde: Utdanningsdirektoratet). Det er flest søkjarar til læreplassar i teknikk og industriell produksjon, helse- og oppvekstfag og bygg- og anleggsteknikk. For meir informasjon om elevar og lærlingar i grunnopplæringa, sjå Utdanningsspeilet 2014.

Lærarårsverk

Årsverk til undervisningspersonale blir berekna på bakgrunn av registrerte årstimar. I 2013 er det berekna talet på årsverk til undervisning og andre oppgåver 57 614; det er ei marginal endring frå året før.

Tabell 6.3 Berekna årsverk til undervisning og andre oppgåver i grunnskolen, utvikling i årsverk

År

Berekna årsverk til undervisning og andre oppgåver, sum årsverk

Av dette andre oppgåver

2009–10

57 890

7 236

2010–11

57 705

7 072

2011–12

57 447

6 855

2012–13

57 458

6 965

2013–14

57 614

6 978

Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)

I 2013 var talet på lærarårsverk i vidaregåande skole 21 407. Dette er ein svak auke frå 2012. Sidan 2009 har talet på lærarårsverk i vidaregåande opplæring auka med 340. Auken har mellom anna samanheng med at det har vore vekst i elevtalet i same periode.

Tabell 6.4 Utvikling i talet på lærarårsverk i vidaregåande opplæring

Skoleår

Lærarårsverk i vidaregåande opplæring,

2009–10

21 067

2010–11

21 215

2011–12

21 197

2012 –13

21 386

2013–14

21 407

Fylkeskommunale skolar ekskl. lange fråvær

Kjelde: KOSTRA

Berekna gjennomsnittleg gruppestorleik

Indikatoren «berekna gjennomsnittleg gruppestorleik» kjem fram ved å sjå på forholdet mellom elevtimar og lærartimar. Med elevtimar meiner ein totale ordinære timar til undervisning som elevane får kvart år. Lærartimar er summen av alle timar lærarane gir undervisning per år. Indikatoren gruppestorleik gir uttrykk for kor mange elevar ein lærar har i gjennomsnitt per undervisningstime.

Gruppestorleik 1 omfattar timar til spesialundervisning og særskild norskopplæring for språklege minoritetar (i alle offentlege og private grunnskolar unnatekne spesialskolar og utanlandsskolar). Sidan desse timane blir inkluderte, kan det føre til at gruppestorleiken verkar lågare enn det nokre elevar og lærarar opplever i kvardagen.

Gruppestorleik 2 er ein annan måte å rekne ut gruppestorleik på. Her er timar til spesialundervisning og til særskild norskopplæring for språklege minoritetar tekne ut av både lærartimar og elevtimar i berekninga. Denne indikatoren er ikkje i same grad som gruppestorleik 1 eigna til å måle endringar i ressursinnsats over tid fordi endringar i praksis knytte til spesialundervisning og særskild norskopplæring vil kunne påverke indikatoren. Gruppestorleik 2 gir eit bilete av ressursinnsatsen for dei elevane som ikkje mottek særskilde individretta styrkingstiltak.

Dei berekna gruppestorleikane har vore relativt stabile på heile 2000-talet. Ei forklaring på at gruppestorleikane ikkje går ned i særleg stor grad i perioden, er at det har vorte færre små skolar med under 100 elevar, noko som medfører større grupper.

Tabell 6.5 Gjennomsnittleg gruppestorleik i grunnskolen

År

Gruppestorleik 1

Gruppestorleik 2

2009–10

13,4

16,6

2010–11

13,4

16,9

2011–12

13,4

16,9

2012–13

13,5

16,9

2013–14

13,5

16,8

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Figuren nedanfor viser at det er stor variasjon i gruppestorleik 2 mellom kommunane. Dei større bykommunane og store kommunar i sentrale område har oftast høgre gruppestorleik, mens mindre kommunar har lågare gruppestorleik.

Figur 6.1 Gruppestorleik 2: kommunar over og under landsgjennomsnittet, grunnskole

Figur 6.1 Gruppestorleik 2: kommunar over og under landsgjennomsnittet, grunnskole

Kjelde: GSI

Assistentar

Tabellen nedanfor viser at det i perioden frå 2009–10 til 2011–12 var ein auke i talet på årsverk til assistentar. Frå 2011–12 til 2012–13 var det ein nedgang, mens det i siste året igjen har vore ein auke i talet på årsverk til assistentar.

Tabell 6.6 Årsverk til bruk for assistentar med oppgåver knytte til undervisninga i perioden frå 2009–10 til 2013–14

Skoleår

Assistentårsverk

2009–10

7 701

2010–11

8 432

2011–12

8 515

2012–13

8 140

2013–14

8 234

Kjelde: GSI

Assistenttimar til spesialundervisning er registrerte særskilt i GSI. Sjå omtale under spesialundervisning.

Spesialundervisning

Elevar som ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har krav på spesialundervisning. Delen elevar med spesialundervisning i grunnskolar og spesialskolar har auka moderat sidan innføringa av Kunnskapsløftet, men har vore stabil i dei to siste åra. Hausten 2013 låg delen som fekk spesialundervisning, på 8,3 pst. av alle elevar. Om lag 68 pst. av alle elevar som mottek spesialundervisning, er gutar.

I løpet av barnetrinnet og utover ungdomstrinnet aukar delen av elevar med spesialundervisning. Hausten 2013 hadde 3,8 pst. av elevane på 1. trinn enkeltvedtak om spesialundervisning. På 10. trinn var delen av elevar med spesialundervisning 11,2 pst. Når det gjeld omfanget av lærarressursar som vart sette av til spesialundervisning, fekk om lag 49500 elevar spesialundervisning med lærar i 2013. Av dei 50 977 elevane i ordinær grunnskoleopplæring som hadde enkeltvedtak om spesialundervisning, fekk 97 pst. spesialundervisning med undervisningspersonale. 22 600 elevar fekk spesialundervisning organisert med assistent i tilegg til lærar. Om lag 1 500 elevar fekk tildelt timar berre med assistent.

Språklege minoritetar

I opplæringslova § 2-8 heiter det at elevar i grunnskolen med anna morsmål enn norsk og samisk, har rett til særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg kunnskap i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. Hausten 2013 fekk 44 829 elevar særskild norskopplæring, ein marginal nedgang frå året før. Elevane har om nødvendig òg rett til morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring. Hausten 2013 var det 2 065 elevar som fekk berre morsmålsopplæring, 9 621 elevar som fekk berre tospråkleg fagopplæring, og 3 336 elevar som fekk begge delar. Somalisk, arabisk og polsk var dei vanlegaste språka. For meir om dette temaet, sjå Utdanningsspeilet 2014.

Hausten 2013 fekk 1 406 barn i grunnskolealderen og 134 i aldersgruppa 16–18 år busette i mottak opplæring. 60 einslege mindreårige asylsøkjarar i omsorgssenter fekk opplæring. For meir om dette, sjå omtale under kap. 225 post 64.

Vaksne i grunnopplæringa

Vaksne som treng grunnskoleopplæring, har rett til slik opplæring dersom dei sjølve ønskjer det (jf. opplæringslova § 4A-1). Talet på vaksne som får opplæring på grunnskolenivå, har vore relativt stabilt sidan 2002. Hausten 2013 var det 9 900 vaksne som fekk grunnskoleopplæring. Det tilsvarande talet for 2012 var 9 814. Av dei som fekk slik opplæring i 2013, var det 3 900 som fekk spesialundervisning. Dette er 32 færre enn i 2012. Det har vore ein jamn nedgang i talet på vaksne som får spesialundervisning i dei siste åra.

Vaksne som ikkje har gjort bruk av retten til vidaregåande opplæring som ungdom, får rett til vidaregåande opplæring som vaksne frå og med det året dei fyller 25 år. Opplæringa skal tilpassast behova og livssituasjonen til den enkelte. Vaksne som ønskjer å gjennomføre vidaregåande opplæring, kan søkje om ordinært inntak og konkurrere om plassane med søkjarane med ungdomsrett, eller dei kan søkje om individuelt opptak basert på realkompetanse. Med dette alternativet blir undervisninga ofte komprimert og/eller avkorta. Vaksne kan òg søkje vidaregåande opplæring gjennom private tilbydarar av opplæring, til dømes studieforbund, men det meste av opplæringa skjer i dei vidaregåande skolane. Dei fleste vaksne får opplæring gjennom vaksenopplæringstilbod og er ikkje ein del av den generelle søkjar- og elevstatistikken for vidaregåande opplæring.

Statistikkgrunnlaget for vaksne i vidaregåande opplæring har hatt store manglar. Problema har mellom anna vore knytte til at fylkeskommunane har ulike administrative system for rapportering, og til at dei rapporterer på ulike måtar. Utdanningsdirektoratet leier eit arbeid med å betre rutinane og kravspesifikasjonen for registrering og rapportering av deltakinga til vaksne i vidaregåande opplæring, for å bøte på desse problema. Samla deltok 20 242 vaksne i vidaregåande opplæring i skoleåret 2012–13, mot 20 275 året før. Av desse vart om lag tolv pst. realkompetansevurderte. For meir informasjon om vaksne i grunnopplæringa, sjå Utdanningsspeilet 2014.

Leirskole

I skoleåret 2013–14 planla 58 166 elevar å delta på eit leirskoleopphald. Dette utgjer om lag ti pst. av alle elevane i grunnskolen. Talet har lege på om lag same nivå sidan 2001. Elevar kan få eitt leirskoleopphald i løpet av grunnskolen. Ettersom grunnskolen til saman utgjer ti år, og om lag ti pst. deltek på leirskole kvart år, tyder dette på at dei aller fleste elevane i grunnskolen får tilbod om leirskoleopphald i løpet av grunnskolen, i samsvar med målsetjinga.

Skolefritidsordninga

Hausten 2013 gjekk i alt 157 370 barn i skolefritidsordning (SFO). Delen barn på 1.–4. trinn som gjekk i SFO, var på om lag 64 pst. Delen har auka frå 55 pst. i 2002. Om lag 57 pst. av barna i SFO hadde 100 pst. plass. I gjennomsnitt var foreldrebetalinga for ein elev med fulltidsplass i SFO 2 191 kroner per månad i skoleåret 2013–14 (GSI-tal for opphaldstid på 20 timar). I 2012–13 var talet 2 135.

Leksehjelp

Hausten 2010 vart det innført eit lovfesta tilbod om åtte veketimar med gratis leksehjelp etter skoletid for alle elevar på 1.–4. trinn, jf. Innst. 12 S (2009–2010) og Innst. 279 L (2009–2010). Frå og med hausten 2014 er loven endra, jf. Innst. 223 L (2013–2014), slik at kommunane no sjølve vel på kva for trinn dei vil tilby leksehjelpa i grunnskolen.

Kommunane har ansvaret for tilbodet, og det kan organiserast slik det er mest hensiktsmessig ut frå lokale tilhøve. Tilbodet skal vere gratis, omfatte alle, og vere frivillig for kvar enkelt elev. Tal frå GSI viser at i skoleåret 2013–14 deltok 114 483 barn på 1.–4. trinn på leksehjelp. Dette utgjer 46,6 pst. av elevane og er ein liten nedgang frå året før (49,8 pst.).

Kommunal ressursbruk

Utgifter per elev

Korrigerte brutto driftsutgifter viser dei driftsutgiftene kommunane har til undervisning, inkludert drift av skolelokale og skyss. Tabellen nedanfor viser at korrigerte brutto driftsutgifter per elev i grunnskolen var 101 938 kroner i 2013. Dette er ein auke på om lag 0,9 pst. frå 2012. I vidaregåande opplæring var korrigerte brutto driftsutgifter per elev på studieførebuande program 118 671 kroner, og på yrkesfaglege program 145 302 kroner, det vil seie ein vekst på om lag 3,1 pst. for begge. Den kommunale deflatoren var i same periode tre pst. Det vil seie at det har vore ein liten realauke i utgifter per elev både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Til tross for ein betydeleg elevtalsvekst i vidaregåande opplæring etter 2004 har fylkeskommunane klart å halde oppe ressursbruken per elev om lag på same nivå.

Tabell 6.7 Korrigerte brutto driftsutgifter per elev, løpande prisar

2010

2011

2012

2013

Grunnskolen

Korrigerte brutto driftsutgifter per elev

91 013

93 710

98 353

101 938

Lønnsutgifter per elev

70 462

73 242

77 897

80 660

Driftsutgifter til inventar og utstyr per elev

854

850

851

893

Driftsutgifter til undervisningsmateriell per elev

1 502

1 445

1 387

1 358

Vidaregåande opplæring

Korrigerte brutto driftsutgifter per elev i studieførebuande utdanningsprogram

108 579

111 262

115 093

118 671

Lønnsutgifter per elev i studieførebuande utdanningsprogram

66 265

68 116

71 531

73 948

Korrigerte brutto driftsutgifter per elev i yrkesfaglege studieprogram

132 735

136 203

140 881

145 302

Lønnsutgifter per elev i yrkesfaglege utdanningsprogram

85 610

88 351

92 250

96 168

Kjelde: KOSTRA, Statistisk sentralbyrå

Lønnsutgiftene er den klart største driftskostnaden både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. I grunnskolen utgjorde lønnsutgiftene 79 pst. av dei totale driftskostnadene, medan den same delen i vidaregåande opplæring var 62 pst. på allmennfaglege og 66 pst. på yrkesfaglege studieretningar i 2013.

Kommunale forskjellar i ressursbruk

Det er store kommunale forskjellar i ressursbruk i skolen. I kommunar med spreidd busetnad er det fleire mindre skolar for at reiseavstanden til elevane skal vere akseptabel. For å kunne samanlikne kommunar må ein derfor korrigere for driftskostnader for elevtal og indikatorar for busetjingsmønster (reisetid og reiseavstand) – dette blir kalla strukturjustering. Om lag 75 pst. av variasjonen mellom kommunane når det gjeld kor mykje pengar dei bruker på skole, kan forklarast med ulik kostnadsstruktur. Frie inntekter i form av eigedomsskatt og kraftinntekter har òg ein tydeleg effekt på utgiftsnivået. Kommunar med høge inntekter bruker meir pengar på skole. Den resterande variasjonen mellom kommunar kan mellom anna skyldast variasjonar i elevsamansetjinga. Spesielt for små kommunar kan elevar med behov for ekstrainnsats vere utslagsgivande. Ulikskapar kan òg skyldast ulik politisk prioritering mellom kommunar.

Skolestruktur

I skoleåret 2013–14 var det 2 907 grunnskolar i Noreg. Dette er ein nedgang på 50 skolar frå skoleåret 2012–13. Av dei 2 907 skolane var 186 private grunnskolar godkjende etter privatskolelova og med rett til økonomisk støtte frå staten (kjelde: Udir/Skoleporten.no). Om lag tre pst. av elevane gjekk på ein privat grunnskole hausten 2013. Når grunnskolar blir lagde ned, ser det ut til at det vanlegaste mønsteret er at elevane flytter til eksisterande offentlege skolar heller enn til nye private skolar. Storleiken på grunnskolane varierer frå berre nokre få elevar til nærmare 800 elevar på dei største skolane. Tabellen nedanfor illustrerer fordelinga av små, mellomstore og store skolar. Det har over tid vore ei utvikling i retning av fleire store skolar og færre små skolar. I dei siste åra har fordelinga vore om lag uendra.

Tabell 6.8 Fordeling av små, mellomstore og store grunnskolar (i pst.)

1997

2000

2005

2013

Færre enn 100 elevar

40

37

36

31

100–299 elevar

42

41

39

40

300 elevar eller meir

19

22

26

29

Kjelde: GSI

Tabellen viser at det er ein tendens til at det blir færre skolar med mindre enn 100 elevar og fleire større skolar. Sju pst. av elevane går på skolar med mindre enn 100 elevar, 37 pst. går på skolar som har mellom 100 og 299 elevar, og 56 pst. går på skolar med meir enn 300 elevar. Sidan skoleåret 2002–03 har meir enn 50 pst. av elevane gått på store skolar (meir enn 300 elevar).

Tidlegare kartleggingar av skolenedleggingar viser at den viktigaste årsaken til at skolar blir lagde ned, er lågt elevtal. Andre viktige faktorar er kommuneøkonomi, og problem med å rekruttere kvalifiserte lærarar. I dei fleste tilfella der kommuneøkonomi er oppgitt som årsak, er dette i kombinasjon med få elevar.

Hausten 2013 var det 433 vidaregåande skolar i landet. Av desse var 88 private (kjelde: Udir/Skoleporten.no).

Internasjonale samanlikningar

Noreg bruker mykje ressursar på utdanning samanlikna med andre land, viser tal for 2010 frå OECD (Education at a Glance 2013: OECD Indicators). Dersom ein ser på utgiftene per elev, er Noreg eit av landa med dei høgste utgiftene, både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Samla utgifter per elev for heile grunnopplæringa i Noreg låg om lag 50 pst. over OECD-snittet. Det er særleg den høge lærartettleiken som forklarer den høge ressursbruken i Noreg, men den delen av arbeidstida til lærarane som blir brukt til undervisning, trekkjer også utgiftene opp, særleg i vidaregåande opplæring. Lønnsnivået til lærarane og talet på undervisningstimar trekkjer ned samanlikna med gjennomsnittet for OECD. Også målt på bakgrunn av landets økonomiske evne (BNP for Fastlands-Noreg per innbyggjar) er ressursbruken i Noreg høgre enn gjennomsnittet for OECD.

7 Ressursar i barnehagesektoren

Innleiing

Kapitlet gir informasjon om status for og utvikling i ressursbruken i barnehagesektoren. Barnehagane blir i all hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane og foreldrebetalinga. Barnehagesektoren har vakse kraftig i dei seinare åra, og er eit av dei største tenesteområda i kommunane. Samla brutto driftsutgifter til barnehagar i 2013 var om lag 42,8 mrd. kroner, og utgjorde om lag tolv pst. av driftsutgiftene i kommunane.

Første del av kapitlet gir ei oversikt over utviklinga i talet på barn i barnehage, og gir mellom anna informasjon om dekningsgradar for ulike aldersgrupper og om opphaldstid i barnehagen. Det neste temaet er barnehagestruktur og ulikskap mellom barnehagar. Vidare er det ein omtale av personalet i barnehagane, den formelle kompetansen deira og utdanning av barnehagelærarar (tidlegare førskolelærarar). Kapitlet inneheld òg informasjon om likestilling, minoritetsspråklege barn og tilsette og barn med nedsett funksjonsevne i barnehage. Til sist i kapitlet er det ein omtale av kostnadene i og finansieringa av barnehagane.

Talgrunnlaget er henta frå Statistisk sentralbyrå (SSB), KOSTRA (Kommune Stat Rapportering), Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) og ulike undersøkingar som er gjennomførte på oppdrag frå departementet.

Barn i barnehage

Tabell 7.1 Tal på barn i barnehage, auke i talet på barn i barnehage og barnehageplassar, dekningsgrad og gjennomsnittleg opphaldstid, 2010–13

2010

2011

2012

2013

Tal på barn i barnehage

277 139

282 737

286 153

287 177

Auke i talet på barn i barnehage (frå året før)

6 965

5 598

3 416

1 024

Auke i talet på heiltids barnehageplassar (frå året før)

8 357

7 043

5 181

2 697

Dekningsgrad 1–5 år

89,3

89,7

90,1

90,0

Dekningsgrad 1–2 år

78,8

79,5

80,2

79,8

Dekningsgrad 3–5 år

96,5

96,5

96,7

96,6

Dekningsgrad 1 år

70,4

70,9

69,6

68,9

Dekningsgrad 2 år

87,4

88,0

90,5

90,6

Dekningsgrad 3 år

95,1

95,1

95,3

95,3

Dekningsgrad 4 år

97,1

97,2

97,1

96,9

Dekningsgrad 5 år

97,4

97,3

97,6

97,5

Gjennomsnittleg avtalt opphaldstid per veke

43,1

43,4

43,7

43,9

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Ved utgangen av 2013 gjekk om lag 287 000 barn i ordinær barnehage eller familiebarnehage. I 2012 var tilsvarande tal om lag 286 000 barn, og i 2011 om lag 283 000 barn. I tillegg hadde 184 opne barnehagar kapasitet til å ta imot om lag 4 900 barn i 2013. Barn under tre år utgjorde 35 pst. av alle barn i barnehage i 2013 mot 36 pst. i 2012.

Frå utgangen av 2003 og fram til utgangen av 2013 har om lag 82 000 fleire barn fått plass i barnehage. Kommunane og private utbyggjarar har etablert om lag 106 500 nye heiltidsbarnehageplassar i same periode. Som tidlegare år gjekk også ein god del av kapasitetsveksten i barnehagesektoren i 2013 med til å auke opphaldstida til barn som allereie hadde plass i barnehage. I åra 2003–11 vart det i gjennomsnitt etablert 1,3 heiltidsplassar for kvart nye barn som kom i barnehage. I 2012 hadde dette talet auka til 1,5, og i 2013 vart det etablert heile 2,6 nye heiltidsplassar for kvart nye barn i barnehage. Det har dermed vore bygt fleire barnehageplassar enn det har komme nye barn i barnehagen. Dette skyldast i stor grad lengre avtalt opphaldstid i barnehage.

I 2013 hadde 92,1 pst. av barna heiltidsplass i barnehagen mot 90,3 pst. i 2012, altså avtalt opphaldstid på 41 timar i veka eller meir. Gjennomsnittleg avtalt opphaldstid har i same periode auka frå 43,7 til 43,9 timar per veke.

Dekningsgraden i 2013 for barn i alderen eitt til fem år var 90,0 pst. mot 90,1 pst. i 2012. Tilsvarande tal for 2003 var 69,1 pst. Dekningsgraden har halde seg stabil frå 2012 i alle aldersgrupper, med størst endring for eittåringane med ein nedgang frå 69,6 pst. i 2012 til 68,9 pst. i 2013. Dette skyldast primært ein nedgang i talet på eittåringar utan rett til plass med barnehageplass.

Tabell 7.2 Tal på barn i barnehage etter eigarforhold, offentleg og privat, 2010–13

2010

2011

2012

2013

Offentlege

147 180

148 822

150 777

149 870

– kommunale

146 051

147 909

149 949

149 097

– fylkeskommunale/statlege

1 129

913

828

773

Private

129 959

133 915

135 376

137 307

– kyrkjelyd/trussamfunn

7 723

7 612

7 551

7 470

– foreldreeigd

33 083

33 169

32 285

31 435

– husmorlag/sanitetsforening

1 151

1 032

907

772

– bedrift

30 724

36 681

39 101

39 086

– pedagogisk/ideologisk org.

8 048

8 109

8 117

8 408

– enkeltpersonar

18 183

18 398

16 801

15 909

– andre

31 047

28 914

30 614

34 227

I alt

277 139

282 737

286 153

287 177

Note: Barn som går i familiebarnehagar, er inkluderte i tabellen. I 2013 gjekk 300 barn i offentlege familiebarnehagar, og 5 358 barn gjekk i private familiebarnehagar.

Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå

Ved utgangen av 2013 var det 6 296 barnehagar i Noreg inkludert familiebarnehagar og opne barnehagar. Om lag 53 pst. av desse var private. Frå 2010 til 2013 har det vore ein reduksjon på 283 barnehagar. Private barnehagar har stått for hovudtyngda av veksten i barnehageplassar i dei siste åra. Unntaket var i 2012, da 57 pst. av veksten i talet på barn i barnehage var i offentlege barnehagar. I 2013 var det ein nedgang i talet på plassar i offentlege barnehagar, medan det var ein auke i talet på plasser i private barnehagar. Delen barn med barnehageplass i ein privat barnehage har derfor auka. Men offentleg og privat del av barnehagesektoren er framleis relativt jamstore. I 2013 hadde 52 pst. av barna plass i ein offentleg barnehage, medan 48 pst. hadde plass i ein privat barnehage. I 2012 var fordelinga 53 pst. i offentleg barnehage og 47 pst. i privat barnehage.

Barnehagestruktur

Tabell 7.3 Tal på barn i barnehage og tal på barnehagar etter barnehagestorleik, 2011–13

2011

2012

2013

Barn i barnehage

Barnehagar

Barn i barnehage

Barnehagar

Barn i barnehage

Barnehagar

1–25 barn

25 852

2 007

25 216

1 938

24 107

1 835

26–50 barn

67 813

1 826

65 163

1 756

65 832

1 762

51–75 barn

96 927

1 571

97 830

1 593

96 590

1 569

76 barn eller fleire

92 145

936

97 944

986

100 648

1 008

I alt

282 737

6 340

286 153

6 273

287 177

6 174

Note: Opne barnehagar er ikkje inkluderte i talet på barnehagar.

Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå

Talet på store barnehagar har gått opp i dei siste åra, og stadig fleire av barnehagebarna går i store barnehagar. I 2013 gjekk 35 pst. av alle barnehagebarn i barnehagar med 76 barn eller fleire, mot 34 pst. i 2012 og 33 pst. i 2011.

Statistikken viser at grunnbemanninga i barnehagane i 2013 på nasjonalt nivå i gjennomsnitt var 6,1 barn per vaksen dersom ein korrigerer for alder og opphaldstid, og viser ei betring frå 6,2 barn per vaksen i 2012. (Her er ein vaksen målt i årsverka til pedagogiske leiarar og assistentar.

Det er stor variasjon i barnehagesektoren både på barnehagenivå og på kommunenivå. I tabellen under er dette vist for barn per personale i barnehagen, del av personalet med godkjend utdanning, fagbrev og relevant utdanning og areal per barn.

Tabell 7.4 Ulikskap i barnehagesektoren i 2013

Barnehagar

Totalt for alle barn i barnehage

Kommunar

Sterkaste 10 pst.

Svakaste 10 pst.

Sterkaste 10 pst.

Svakaste 10 pst.

Sterkaste 10 pst.

Svakaste 10 pst.

Barn (korrigert for alder og opphaldstid) per pedagogisk leiar (årsverk)

12,0

18,3

12,9

18,1

11,7

17,6

Barn (korrigert for alder og opphaldstid) per basispersonale (årsverk)

5,1

6,8

5,5

6,8

4,7

6,4

Barn (korrigert for alder og opphaldstid) per barnehagelærar

7,6

18,4

8,6

19,3

8,0

16,6

Pedagogiske leiarar med godkjend utdanning (pst.)

100

50

100

58,3

100

56,2

Assistentar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar (pst.)

58,8

0

57,1

0

56,9

12,8

Basispersonale med relevant utdanning (pst.)

78,9

33,3

77,4

35,0

76,0

42,7

Areal (kvm) per barn

6,0

3,2

6,9

4,3

8,2

3,7

Note: Basispersonale er pedagogiske leiarar og assistentar (ikkje kategorien tospråklege assistentar).

Kjelde: KOSTRA-tall, Utdanningsdirektoratet

Tabellen illustrerer at det er stor skilnad i strukturkvalitet mellom barnehagane. I dei ti pst. barnehagane med høgast bemanning er det mindre enn 12,0 barn per pedagogiske leiar, 5,1 barn per basispersonale og 7,6 barn per barnehagelærar. I dei ti pst. barnehagane med lågast bemanning er det meir enn 18,3 barn per pedagogisk leiar, 6,8 barn per basispersonale og 18,4 barn per barnehagelærar. Tala for dei ti pst. av barna som går i dei barnehagane med høgast bemanning, er noe høgre.

I dei ti pst. barnehagane med best kvalifisert personale har alle dei pedagogiske leiarane godkjend utdanning, over 58,8 pst. av assistentane har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, og minst 78,9 pst. av basispersonalet har relevant utdanning. I dei ti pst. barnehagane med dårlegast kvalifisert personale har mindre enn 50 pst. av dei pedagogiske leiarane godkjend utdanning, ingen av assistentane har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, og mindre enn 33,3 pst. av basispersonalet har relevant utdanning. Relevant utdanning er her enten barnehagelærarutdanning, anna pedagogisk utdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk eller fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. For dei ti pst. barna som går i dei barnehagane med best kvalifisert personale, er det ein mindre del av assistentane som har fagbrev, og basispersonale med relevant utdanning enn i dei ti pst. beste barnehagane. Samstundes er det fleire assistentar med fagbrev og pedagogiske leiarar med godkjend utdanning for dei ti pst. av barna som går i dei barnehagane med minst kvalifisert personale, enn det er i dei ti pst. barnehagane med minst kvalifisert personale. Det er altså mindre ulikskap på barnenivå enn på barnehagenivå.

I dei ti pst. barnehagane med mest plass per barn er det minst 6,0 kvadratmeter per barn, mens det er mindre enn 3,2 kvadratmeter per barn i dei ti pst. barnehagane med minst plass per barn. Dei ti pst. barna som har mest areal, har meir enn 6,9 kvadratmeter kvar, mens dei ti pst. barna som har minst areal, har mindre enn 4,3 kvadratmeter kvar.

Ulikskapen mellom dei ti pst. kommunane med best bemanning og mest areal per barn og dei ti pst. kommunane med dårlegast bemanning og minst areal per barn er også stor, men noko mindre enn på barnehage- og barnenivå.

Personalet i barnehagen

Barnehagar med kompetente tilsette er ein føresetnad for å kunne gi alle barn eit godt pedagogisk tilbod. Dette ligg til grunn for regjeringas kompetansesatsing og kompetansestrategien Kompetanse for framtidens barnehage. KOSTRA-tal viser at talet på styrarar og pedagogiske leiarar med godkjend pedagogisk utdanning, det vil seie barnehagelærarutdanning eller anna pedagogisk utdanning med tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk, auka med 1 103 personar frå 2012 til 2013.

Delen pedagogiske leiarar og styrarar med godkjend utdanning er ikkje lik over heile landet. Mange stader er det tilstrekkeleg godt kvalifisert pedagogisk personale i barnehagane. Oslo, Akershus og Rogaland er dei fylka som har størst vanskar med å rekruttere nok pedagogar.

Tabell 7.5 Personalet i barnehagen, 2011–13

2011

2012

2013

Tal på tilsette

88 823

91 239

93 573

Tal på årsverk

71 588

73 233

74 373

Tal på tilsette som arbeider med barn (utan merkantilt, administrativt personale m.m.)

81 743

83 480

84 044

Tal på barn per årsverk korrigerte for alder og opphaldstid

6,2

6,2

6,1

Tal på styrarar og pedagogiske leiarar

31 022

32 198

32 853

Styrarar med dispensasjon frå utdanningskravet

190

164

141

– i pst. av styrarar

2,8

2,4

2,1

Pedagogiske leiarar med dispensasjon frå utdanningskravet

3 878

3 869

3 448

– i pst. av pedagogiske leiarar

15,9

15,2

13,2

Tilsette med pedagogisk utdanning

32 211

34 083

35 231

– i pst. av dei tilsette som arbeider med barn

39,4

40,8

41,9

Tilsette med barnehagelærarutdanning

28 761

30 388

31 541

– i pst. av dei tilsette som arbeider med barn

35,2

36,4

37,5

Tilsette med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar

10 934

11 697

12 279

– i pst. av dei tilsette som arbeider med barn

13,4

14,0

14,6

Note: Tilsette som arbeider med barn, inkluderer alle tilsette unnateke adm./merkantilt personale og anna lønna hjelp (vaktmeister, reingjeringspersonale etc.).

Kjelde: Kunnskapsdepartementet og Statistisk sentralbyrå

Ved utgangen av 2013 var det om lag 93 500 tilsette som utførte litt over 74 000 årsverk i barnehagane. Dette er ein auke på 1 140 årsverk frå året før. Om lag 84 000 av dei tilsette arbeider med barna, og nær 33 000 av desse var styrarar og pedagogiske leiarar. Delen styrarar og pedagogiske leiarar med dispensasjon frå utdanningskravet har gått ned frå 2,4 pst. av styrarane og 15,2 pst. av dei pedagogiske leiarane i 2012, til 2,1 pst. av styrarane og 13,2 pst. av dei pedagogiske leiarane i 2013. Delen av dei tilsette med relevant kompetanse har auka i perioden 2011–13.

Tabell 7.6 Utdanning av barnehagelærarar ved statlege og private høgskolar og universitet, 2010–13

2010

2011

2012

2013

Opptak til førskole-/barnehagelærarutdanning

2 704

2 553

2 940

2 859

– av dette menn

423

425

542

549

– del menn (i pst.)

15,6

16,6

18,4

19,2

Uteksaminerte førskole-/ barnehagelærarar

1 679

1 752

1 833

2 076

– av dette menn

168

159

218

224

– del menn (i pst.)

10,0

9,1

11,9

10,8

Kjelde: Database for statistikk om høgre utdanning (DBH)

Talet på studentar som vart tekne opp til den tidlegare førskole- og den nåverande barnehagelærarutdanninga, auka frå 2 704 i 2010 til 2 859 i 2013. Talet på ferdig uteksaminerte førskole- og barnehagelærarar auka frå 1 679 til 2 076 i same tidsrom. Delen menn som vart tekne opp, har auka jamt, mens delen menn som blir uteksaminerte, har variert. Moglegheitene for førskole- og barnehagelærarstudium har samtidig vorte meir mangfaldige og tilgjengelege, med studieplassar fordelte på både ordinær barnehagelærarutdanning, arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning, vidareutdanning i pedagogisk utviklingsarbeid for barnehagelærarar og vidareutdanning i barnehagepedagogikk for pedagogar med minst tre års høgre utdanning.

Likestilling

For meir omtale av likestilling og arbeid mot diskriminering, sjå kap. 8.

Tabell 7.7 Menn i barnehagane, 2010–13

2010

2011

2012

2013

Menn tilsette i basisverksemd

6 106

6 238

6 429

6 621

– i pst. av tilsette i basisverksemd

8,3

8,3

8,5

8,7

Mannlege styrarar og pedagogiske leiarar

2 030

2 110

2 272

2 410

Mannlege assistentar

4 076

4 128

4 157

4 211

Note: Assistentar inkluderer ikkje tospråklege assistentar.

Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå

Tal frå SSB viser at av alle tilsette i basisverksemda i barnehagen i 2013 var om lag 8,7 pst. menn, totalt om lag 6 600 personar. Dette omfattar styrarar, pedagogiske leiarar og assistentar (ikkje kategorien tospråklege assistentar). Frå 2012 til 2013 har talet på menn i basisverksemda auka med 192 personar, det vil seie ein auke på om lag tre pst.

15,6 pst. av barnehagane hadde minst 20 pst. menn tilsette i basisverksemda i 2013. Dette er ein auke frå 14,9 pst. i 2012.

Minoritetsspråklege barn og tilsette i barnehage

Talet på minoritetsspråklege barn i barnehage har auka frå 34 363 i 2012 til 37 894 i 2013. Av dei minoritetsspråklege barna var det om lag 13 300 barn som fekk tilbod om særskild språkstimulering. Dette er ein auke på om lag 900 barn frå 2012. Delen minoritetsspråklege barn som fekk tilbod om særskild språkstimulering, minka derfor frå 36,1 pst. i 2012 til 35,2 pst. i 2013.

Tabell 7.8 Minoritetsspråklege barn i barnehage, alder 0–6 år og del med tilbod om særskild språkstimulering 2010–13

2010

2011

2012

2013

Tal på minoritetsspråklege 0–6-åringar i barnehage

27 455

30 508

34 363

37 894

– i pst. av alle barn i barnehage

9,9

10,8

12,0

13,2

Tal på minoritetsspråklege med tilbod om særskild språkstimulering

9 590

10 735

12 391

13 329

– i pst. av alle minoritetsspråklege barn i barnehage

34,9

35,2

36,1

35,2

Note: Minoritetsspråklege barn blir her definerte som barn med ein annan språk- og kulturbakgrunn enn norsk, med unntak av barn som har samisk, svensk, dansk eller engelsk som morsmål.

Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå

I 2013 gjekk 76,8 pst. av alle minoritetsspråklege barn i alderen eitt til fem år i barnehage. Det er ein auke på 1,8 prosentpoeng frå 2012. I 2013 gjekk 95,3 pst. av minoritetsspråklege femåringar i barnehage. Dette er ein nedgang på 1,6 prosentpoeng frå 2012. I aldersgruppene 1–4 år har det vore ein auke i dekningsgraden frå 2012 til 2013.

Staten gir eit øyremerkt tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealderen, jf. kap. 231 post 63.

Tabell 7.9 Dekningsgrad for minoritetsspråklege i barnehagen 2010–13

2010

2011

2012

2013

Dekningsgrad minoritetsspråklege 1–5-åringar

71,7

73,0

75,0

76,8

Dekningsgrad minoritetsspråklege 1-åringar

34,5

36,8

36,5

39,5

Dekningsgrad minoritetsspråklege 2-åringar

56,8

59,4

68,2

72,3

Dekningsgrad minoritetsspråklege 3-åringar

84,1

83,7

85,5

86,0

Dekningsgrad minoritetsspråklege 4-åringar

93,0

94,5

92,0

93,5

Dekningsgrad minoritetsspråklege 5-åringar

94,7

96,4

96,9

95,3

Note: Minoritetsspråklege barn blir her definerte som barn med ein annan språk- og kulturbakgrunn enn norsk, med unntak av barn som har samisk, svensk, dansk eller engelsk som morsmål.

Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå

Barn med nedsett funksjonsevne i barnehage

Barnehagar er eit viktig pedagogisk tiltak for barn med nedsett funksjonsevne. Barn med nedsett funksjonsevne skal derfor ha prioritet ved opptak. I 2013 var det 14 640 barn med nedsett funksjonsevne og særskilde behov i barnehagen, og av desse fekk om lag 8 000 barn ekstra ressursar. Av dei 8 000 fekk 6 959 barn under opplæringspliktig alder spesialpedagogisk hjelp etter § 5-7 i opplæringslova. Dette tilsvarer om lag 2,4 pst. av alle barn som går i barnehagen.

Tabell 7.10 Barn med nedsett funksjonsevne i barnehage 2010–13

2010

2011

2012

2013

Barn med nedsett funksjonsevne og særskilde behov i barnehagen

15 122

14 948

14 917

14 640

Barn med nedsett funksjonsevne og særskilde behov som fekk ekstra ressursar

8 736

8 230

8 398

7 966

Barn som fekk spesialpedagogisk hjelp etter § 5-7 i opplæringslova

6 213

6 482

6 577

6 959

– i pst. av alle barn i barnehage

2,2

2,3

2,3

2,4

Kostnader i og finansiering av barnehagar

Tabellane nedanfor viser brutto og netto driftsutgifter til barnehage, korrigerte driftsutgifter per barn og per opphaldstime for kommunale barnehagar og kor stor del av drifta av dei kommunale barnehagane som er finansiert av det offentlege og med foreldrebetaling. 85,9 pst. av drifta var i 2013 finansiert av det offentlege. Dette er ein liten auke frå 85,6 pst. i 2012 og 85,1 pst. i 2011.

Tabell 7.11 Totale driftsutgifter 2011–13

2011

2012

2013

Brutto driftsutgifter (millionar kroner)

38 546

41 176

42 820

Netto driftsutgifter (millionar kroner)

33 725

36 162

37 893

Note: Løpande nominelle prisar.

Kjelde: Kommuneregnskap, Statistisk sentralbyrå

Tabell 7.12 Driftsutgifter per barn og per opphaldstime i kommunale barnehagar 2011–13

2011

2012

2013

Korrigerte brutto driftsutgifter per barn i kommunal barnehage

152 536

160 136

167 142

Korrigerte brutto driftsutgifter til kommunale barnehagar per korrigerte opphaldstime

51

53

55

Note: Løpande nominelle prisar.

Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå.

Tabell 7.13 Finansiering av kommunale barnehagar 2011–13

2011

2012

2013

Del av driftsmidlar finansiert gjennom foreldrebetaling (i pst. av totale driftsmidlar)

14,9

14,3

14,1

Del av driftsmidlar finansiert av det offentlege (i pst. av totale driftsmidlar)

85,1

85,6

85,9

Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå.

Tabellen nedanfor viser at foreldrebetalinga er redusert for alle inntektsgrupper etter innføring av maksimalprisen. Tabellen viser betalinga i nominelle prisar, så det har vore ein større reduksjon i reell foreldrebetaling. Reduksjonen i foreldrebetalinga har vore større for hushald med høg inntekt enn for hushald med låg inntekt. I 2014 er maksimalprisen for foreldrebetaling i barnehage 2 405 kroner per månad.

Tabell 7.14 Gjennomsnittlege månadssatsar i kroner (vekta) for foreldrebetaling etter bruttoinntekt, barn over tre år med fulltidsopphald i kommunale barnehagar, 2003–14

Bruttoinntekt

250 000

375 000

500 000

Januar 2003

2 579

3 008

3 097

Januar 2004

2 360

2 731

2 805

Januar 2005

2 356

2 691

2 741

Januar 2006

2 010

2 199

2 257

Januar 2007

2 017

2 235

2 289

Januar 2008

2 114

2 265

2 296

Januar 2009

2 060

2 208

2 261

Januar 2010

2 077

2 218

2 263

Januar 2011

2 106

2 237

2 277

Januar 2012

2 145

2 262

2 297

Januar 2013

2 125

2 258

2 298

Januar 2014

2 187

2 296

2 366

Note: Kostpengar og tilleggsutgifter er ekskluderte. Løpande nominelle prisar.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå: «Undersøking om foreldrebetaling i barnehagar, januar 2014»», Rapportar 2014/24

8 Likestilling og arbeid mot diskriminering

Arbeidet med likestilling og mot diskriminering er eit systematisk og langsiktig holdningsarbeid som startar i barnehagen, blir ført vidare i skolen og må liggje til grunn i universitets- og høgskoleinstitusjonane og i forskinga. Målet er at alle skal ha like moglegheiter uavhengig av kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne, etnisk bakgrunn og religion.

Barnehagen

Formålsparagrafen i barnehagelova slår mellom anna fast at barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering. I dette ligg det at barnehagen skal vere ein inkluderande arena for alle barn.

Rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen har grundig omtale av verdigrunnlaget for barnehagen. For å støtte arbeidet med rammeplanen i barnehagen har departementet utarbeidd eigne temahefte, mellom anna om barn med nedsett funksjonsevne, om samiske barn, om språkleg og kulturelt mangfald og om likestilling. Målet er at hefta skal formidle kunnskap og erfaringar som grunnlag for refleksjon og praksis for dei tilsette i barnehagen. Eitt av fagområda i rammeplanen er etikk, religion og filosofi. Gjennom arbeidet med dette skal barnehagen mellom anna bidra til at barna utviklar toleranse og interesse for kvarandre og respekt for bakgrunnen til den einskilde, uavhengig av kva for kultur, religion eller livssyn barnet høyrer til.

Likestilling mellom kjønna skal speglast av i pedagogikken, og gutar og jenter skal bli oppmuntra til å delta i fellesskap i alle aktivitetar i barnehagen. Personalet må reflektere over sine eigne haldningar til og samfunnet sine forventningar til gutar og jenter.

Barn treng både mannlege og kvinnelege rollemodellar. Ein betre kjønnsbalanse i barnehagen er også viktig for å kunne sikre personale med variert kompetanse. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at delen menn av dei tilsette i barnehagen som arbeider med barna, er om lag den same i 2013 (8,4 pst.) som i 2012 (8,2 pst.). Dette omfattar om lag 7 100 mannlege tilsette i 2013, mot om lag 6 900 mannlege tilsette i 2012. Dersom vi berre ser på tilsette i basisverksemda, altså styrarar, pedagogiske leiarar og assistentar (ikkje kategorien tospråklege assistentar), utgjorde menn i 2013 om lag 6 600 personar eller 8,7 pst. mot om lag 6 400 eller 8,5 pst. i 2012.

I 2013 hadde 49 pst. av barnehagane minst éin mannleg tilsett i basisverksemda mot 47 pst. i 2012. I 2013 hadde 15,6 pst. av barnehagane minst 20 pst. menn av dei tilsette i basisverksemda mot 14,9 pst. av barnehagane i 2012.

I 2013 utgjorde menn 14,4 pst. av dei totalt 7 718 registrerte studentane på barnehagelærarutdanninga, mot 14,0 pst. av totalt 7 678 registrerte studentar i 2012. Våren 2013 fullførte 2 076 studentar barnehagelærarutdanninga, og av dette var 224 menn, noko som tilsvarer 10,8 pst., mot 11,9 pst. våren 2012. Hausten 2013 starta 549 mannlege og 2 310 kvinnelege studentar på barnehagelærarutdanninga, så menn utgjorde 19,2 pst. mot 18,4 pst. hausten 2012. Delen mannlege søkjarar med barnehagelærarutdanninga som førsteval har gått opp frå 17,4 pst. i 2013 til 18,0 pst. for 2014.

Dronning Mauds Minne Høgskole (DMMH) har ansvaret for å drifte nettstaden mennibarnehagen.no. Intensjonen er at nettstaden skal vere ein arena for informasjon og deling av erfaringar.

Likestillingssenteret har i perioden 2011–13 gjennomført eit kompetansehevingsprosjekt ved å tilby kurs i praktisk likestillingsarbeid for tilsette i barnehager over heile landet, og meir enn tusen personar har delteke. Likestillingssenterets sluttrapport ligg på nettstaden www.likestillingssenteret.no.

I oppfølginga av den førre regjeringas handlingsplan Likestilling 2014 – Regjeringens handlingsplan for likestilling mellom kjønnene skal NIFU på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet gjennomføre ei statusundersøking om likestilling i barnehagane. Sluttrapporten skal liggje føre i desember 2014. I ei tilsvarande undersøking frå 2010 går det mellom anna fram at likestilling er eit tema som tilsette har medvit rundt, men at det ikkje gjennomsyrer alle områda i barnehagen. Vidare gjekk det fram at den enkelte barnehage i liten grad blir påverka av nasjonale planar. Det vil bli interessant å sjå om ein merkar positive endringar i den enkelte barnehage etter fleire år med vekt på likestilling frå statleg hald.

I oppfølginga av handlingsplanen har Fylkesmannen oppretta likestillingsteam i alle fylke for å føre vidare arbeidet med både å rekruttere menn og halde på mannlege tilsette, og for å fremme likestilling mellom gutar og jenter i barnehagane. Likestillingsteama bidrar til å ha merksemd på likestilling i alle fylka i landet.

For foreldre til barn med nedsett funksjonsevne representerer barnehagen avlasting, tryggleik og støtte. For desse barna er barnehagen ein viktig arena for utvikling og samvær med andre barn. Sjølv om alle barn har rett til barnehageplass, har barn med nedsett funksjonsevne prioritet ved opptak i barnehage. I 2013 hadde om lag 14 600 barn i barnehage nedsett funksjonsevne eller særskilde behov, noko som tilsvarer 5,1 pst. av alle barn i barnehage. Det vart gitt ekstra ressursar til om lag 8 000 barn, det vil seie 2,8 pst. av alle barn i barnehage. I 2012 var det om lag 14 900 barn med nedsett funksjonsevne eller særskilde behov, det vil seie 5,2 pst., i barnehage, og det vart gitt ekstra ressursar til om lag 8 400 barn eller 2,9 pst.

Grunnopplæringa

Søkjelys på utradisjonelle utdanningsval

Å jamne ut skilnadene i val av utdanning allereie på vidaregåande nivå er viktig for å oppnå ei vidare økonomisk likestilling. Skeiv kjønnsbalanse i utdanning og arbeidsliv gjer at vi ikkje drar full nytte av talenta og ressursane til båe kjønn. Det er presisert i forskrift at den einskilde eleven skal ha hjelp til å utvikle seg og utnytte evnene sine utan omsyn til tradisjonelle kjønnsroller. Rapportar frå SINTEF og NIFU har vist at verken rådgivarar eller skolar gir nok merksemd til moglegheitene for utradisjonelle utdanningsval.

Utdanningsdirektoratet gjennomfører på vegner av departementet eit prosjekt for å heve kompetansen til rådgivarar i skolen med vekt på kjønnsutradisjonelle utdannings- og yrkesval og behova til elevar med innvandrarbakgrunn.

I samanheng med at Utdanningsdirektoratet er i gang med å gjennomgå læreplanane i faga utdanningsval og arbeidslivsfag, har departementet bedt om at rettleiarane til desse læreplanane også omfattar temaet utradisjonelle fagval. Departementet vil også vurdere kompetanseutvikling for lærarar og rådgivarar i faga arbeidslivsfag og utdanningsval. Både den nye læreplanen i samfunnsfag og det nye valfaget på ungdomstrinnet, demokrati i praksis, har omtale av arbeidet med kjønnslikestilling.

På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har produksjonsselskapet Snøball laga fire kortfilmar om kjønnslikestilling som er lagde ut på nettsida minstemme.no. På minstemme.no finn ein også anna materiale om likestilling tilpassa barnehagen og ulike kompetansemål i grunnopplæringa.

Seksualundervisning m.m. i skolen

Mange lærarar ønskjer hjelp utanfrå i arbeidet med tema som seksualundervisning, krenkingar, vald knytt til seksualitet, og liknande. Derfor er det stor interesse for prosjekt som til dømes Uke Sex og Rosa kompetanse skole. Materialet frå prosjekta kan nyttast av skolar, skolehelsetenesta, helsestasjonar for ungdom og andre som underviser barn og unge.

Læreplanane, mellom anna i samfunnsfag, har frå skoleåret 2013–14 fått kompetansemål som fremmer elevane sine holdningar mot vald, krenkingar, vald knytt til seksualitet og vald i nære relasjonar.

Barn og unge med særskilde behov

Kunnskapsdepartementet vil i 2015 arbeide for å sikre tidleg innsats og gode læringsmiljø for barn, unge og vaksne med særskilde behov. Det overordna målet er å medverke til at skolar møter det mangfaldet av føresetnader og evner elevane har, gjennom tilpassa opplæring, og å førebyggje vanskar gjennom gode læringsmiljø. Elevar som ikkje får eit tilfredsstillande utbytte av den ordinære opplæringa, skal sikrast dette gjennom spesialundervisning av god kvalitet.

Departementet vil framleis ha merksemd retta mot talet på elevar som får spesialundervisning. I skoleåret 2013–14 hadde 8,3 pst. av elevane i grunnopplæringa vedtak om spesialundervisning. Dette er ein liten nedgang frå skoleåret 2011–12 og 2012–13, da talet var 8,6 pst. 67,9 pst. av dei som får spesialundervisning, er gutar. I skoleåret 2012–13 var talet 67,7 pst

Statped er eit viktig verkemiddel i dette arbeidet. I 2015 vil Statped vidareutvikle spisskompetansen og sikre fleirfagleg tenesteyting. For å styrkje og utvikle feltet knytt til barn, elevar og vaksne med særskilde behov er det nødvendig ytterlegare å informere, støtte og rettleie om ulike område på dette feltet. Dette skal gjerast gjennom vidareutvikling av rettleiingar, informasjon, fagsamlingar og ressursmateriale. Målgrupper for desse tiltaka er pedagogisk personell, skoleleiarar, den pedagogisk-psykologiske tenesta (PP-tenesta) og skoleeigarar.

Departementet vil i 2015 føre vidare Strategi for etter- og vidareutdanning for tilsette i PP-tenesta (2013–2018), som skal føre til at PP-tenesta arbeider meir systemretta, og er tettare innpå barnehagar og skolar gjennom å setje søkjelyset på tidleg innsats og førebyggjande arbeid.

Minoritetsspråklege barn, unge og vaksne

Kunnskapsdepartementet følgjer opp arbeidet med Meld. St. 6 (2012–2013) En helhetlig integreringspolitikk. Mangfold og fellesskap frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet. Meldinga støtta seg mellom anna til NOU 2010: 7 Mangfold og mestring. Ho inneheld tiltak retta mot heile utdanningsløpet for å sikre at alle barn, unge og vaksne skal få eit godt utbytte av opplæringa. I perioden 2013–17 vil regjeringa bruke om lag 30 mill. kroner årleg på eit kompetanselyft for å styrkje fleirkulturell kompetanse i heile utdanningssektoren. Sentrale tema i satsinga er fleirkulturell pedagogikk, fleirspråklegheit, andrespråkspedagogikk og vaksenpedagogikk.

Departementet gjennomfører eit prosjekt for å heve kompetansen til rådgivarane i skolen med vekt på kjønnslikestilling og behova til elevar med innvandrarbakgrunn. Departementet har også arbeidd med å rekruttere fleire menn og fleire personar med innvandrarbakgrunn til lærarutdanningane.

Elevar med kort butid i Noreg og lite skolebakgrunn møter særskilde utfordringar. I 2012 lovfesta departementet bruk av innføringstilbod for nykomne elevar. Det er også utarbeidd ei rettleiing med relevant regelverk og gode døme på bruk av innføringstilbod. Bruken av innføringstilbod blir evaluert slik at departementet kan få meir kunnskap om kva for slags innhald og organisering av tilboda som verkar best. Evalueringa går ut 2015. Tilskott til verksemder som tek inn lærlingar med særskilde behov, er auka og utvida til å inkludere dei med svake norskdugleikar og kort butid i Noreg, for at fleire skal få moglegheit til å fullføre vidaregåande opplæring. Det er fastsett ein førebels læreplan i norsk for elevar i vidaregåande opplæring med kort butid i Noreg.

Stortinget har i Innst. 223 L (2013–2014) om endringer i opplæringslova, privatskolelova og folkehøyskoleloven (leksehjelp m.m.) vedteke å innføre ein rett til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for ungdom som er over opplæringspliktig alder, men under 18 år, og som søkjer om opphaldsløyve. Retten gjeld frå hausten 2014.

Det har vore ei svak betring av talet på elevar som fullførte og bestod vidaregåande opplæring i løpet av fem år, blant elevar med norsk bakgrunn. Det har også vore ei svak betring blant elevar som sjølve har innvandra, sjølv om desse elevane framleis gjer det vesentleg svakare enn andre elevar. Det har vore ei svak nedgang i gjennomføringstala når ein ser på norskfødde elevar med innvandrarforeldre. Det er gutane som står for nedgangen.

I 2013 er ein av ti innvandrarar i alderen 16–25 år verken i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring. Tala er litt lågare for norskfødde med innvandrarforeldre, knapt åtte pst. Sju pst. av unge med norsk bakgrunn i alderen 16–25 år er verken i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring. Det har her vore ei negativ utvikling i dei siste tre åra.

Alderen når ein kjem til landet, har stor betydning for om ein innvandrar klarer å fullføre og bestå vidaregåande opplæring. Ei kartlegging Rambøll har gjort av innføringstilbod for nykomne elevar, syner at desse i mange tilfelle har særskilde utfordringar. Dei skal både lære seg eit nytt språk og ta igjen tapt skolegang i løpet av kort tid. Jentene klarer seg betre enn gutane uansett alder ved innvandring. Det har vore ei svak negativ utvikling i gjennomføringstala i dei siste tre åra for innvandrarar med kort butid, og det er særleg gutane som påverkar denne utviklinga.

Arbeid mot antisemittisme og rasisme

Noreg er eit fleirkulturelt og samansett samfunn, og skolen er ein viktig møteplass der elevar med ulik bakgrunn kan bli kjende med og få tillit til kvarandre. Departementet er oppteke av at skolen har eit stort ansvar for å arbeide systematisk mot rasisme og antisemittisme. Kunnskapsrike lærarar som kan utnytte dei moglegheitene som ligg i læreplanane, er avgjerande.

Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret), Det internasjonale Wergelandsenteret og Institutt for lærerutdanning og skoleforskning (ILS) ved Universitetet i Oslo har fått i oppdrag å utvikle Dembra – Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme. Dembra er eit opplegg for etterutdanning av lærarar og skoleleiarar kring temaa antisemittisme, rasisme og handtering av konfliktar i skolen. Grunntanken bak Dembra er at kunnskap og kritisk tenking nyanserer og bryt opp stereotypiar og fastlåste førestillingar om andre kulturar. Det viktigaste middelet skolen har mot ekskluderande holdningar og trakassering, er derfor arbeidet med å skape ein demokratisk kultur grunna på inkludering, rom for deltaking, kunnskap og kritisk tenking. Prosjektperioden for Dembra er 2012–15.

I tillegg har Kunnskapsdepartementet gitt midlar til å opprette ei stilling ved HL-senteret frå hausten 2013. Stillinga skal bidra til undervisning om og forsking på antisemittisme. Kunnskapsdepartementet vil også oppfordre skolane til å markere holocaustdagen 27. januar.

Utdanningsdirektoratet har utarbeidd og publisert informasjonsmateriell for tilsette i barnehagar og skolar om dei fem nasjonale minoritetane i Noreg: kvenar/norskfinnar, jødar, skogfinnar, rom (sigøynarar) og romanifolk/tatarar. Materiellet er mynta på tilsette i skolar og barnehagar og vart publisert til skolestart hausten 2014. Organisasjonane for minoritetane har vore involverte i arbeidet. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) har òg i samarbeid med minoritetane og enkelte musé utarbeidd innhaldet til ein nettressurs om dei nasjonale minoritetane som skal liggje på minstemme.no. Nettressursen inneheld materiell om alle dei fem nasjonale minoritetane og gir forslag til opplegg til bruk i barnehagen og forslag til undervisningsopplegg frå 1. til 7. trinn.

Vaksne i grunnopplæringa

I skoleåret 2013–14 var det i underkant av 10 000 vaksne i grunnskoleopplæring, og om lag 50 pst. av desse var kvinner. 91 pst. av dei som deltok i ordinær grunnskoleopplæring, var minoritetsspråklege (GSI).

I vidaregåande opplæring var det 20 242 vaksne deltakarar i skoleåret 2012–13. Desse deltakarane omfattar lærlingar, lærekandidatar, praksiskandidatar og deltakarar i skole (Utdanningsspeilet 2014). Det er ikkje oppdaterte tal for delen vaksne kvinner og delen minoritetsspråklege i vidaregåande opplæring.

Forsking og høgre utdanning

Likestilling mellom kjønna

I 2013 var 60 pst. av studentane kvinner. Utdanningsvala til norske studentar er sterkt kjønnsdelte. I helse- og sosialfaga er delen menn om lag 20 pst. Delen menn er låg i lærarutdanningane. Det gjeld særleg grunnskolelærarutdanninga for 1.–7. trinn og barnehagelærarutdanninga. Her er delen menn høvesvis 15 pst. og 16 pst. Matematiske, naturvitskaplege og teknologiske (MNT) fag har ein høg del menn. I 2013 var 32 pst. av studentane innanfor naturvitskaplege og teknologiske fag kvinner.

Det er viktig å leggje til rette for gode val. Det blir derfor arbeidd aktivt med rekruttering til sentrale utdanningar, slik som lærarutdanning og utdanning innanfor MNT-fag. Det er arbeidslivet som har dei viktigaste verkemidla, og som må gi attraktive moglegheiter, slik som karriere, lønn, sjølvrealisering og utvikling, for både kvinner og menn.

Stortinget slutta seg i juni 2013 til Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – kunnskap gir muligheter, der det blir lagt vekt på at ein reell kjønnsbalanse inneber at kvinner og menn er like godt representerte i forsking, også i toppstillingar. Dette handlar hovudsakleg om at samfunnet treng breidde i kompetanse og faglege perspektiv, noko som igjen kan bidra til kreativitet og auka kvalitet i forskinga. Samtidig er rettferdig handsaming av personale, uavhengig av kjønn, ein viktig verdi. For at norsk forsking og utdanning skal bli best mogleg, må forskings- og utdanningssektoren lykkast med å rekruttere talent av begge kjønn, og ikkje minst må dei lykkast med å gi begge kjønn gode moglegheiter til utvikling. Rekrutteringa av kvinner til forsking er jamt over god. Det er likevel utfordringar knytte til store skilnader mellom fagområde og mellom sektorar, jf. figur 8.1. Kvinner er framleis sterkt underrepresenterte i toppstillingar på universitet og høgskolar, men utviklinga har vore god i dei siste ti åra, og delen kvinner blant dei nytilsette professorane har ligge mellom 30 pst. og 36 pst.

Figur 8.1 Kvinner i professorstilling per fagområde 2001–12 (i prosent av talet på personar)

Figur 8.1 Kvinner i professorstilling per fagområde 2001–12 (i prosent av talet på personar)

Kjelde: Database for statistikk om høgre utdanning (DBH)

Figur 8.2 Prosentdelen kvinner blant forskarpersonale i Noreg etter sektor 1999–2011

Figur 8.2 Prosentdelen kvinner blant forskarpersonale i Noreg etter sektor 1999–2011

Kjelde: SSB/NIFU, FoU-statistikk

Figur 8.3 Prosentdelen kvinner i ulike faglege stillingskategoriar ved universitet og høgskolar 2004–13

Figur 8.3 Prosentdelen kvinner i ulike faglege stillingskategoriar ved universitet og høgskolar 2004–13

Kjelde: Database for statistikk om høgre utdanning (DBH)

I 2013 var delen kvinnelege professorar 25,2 pst., ein auke på dryge eitt prosentpoeng frå året før. Det er særleg låg kvinnedel innanfor teknologi, elleve pst., og innanfor matematisk-naturvitskaplege fag, 17 pst. Kvinnedelen blant professorane vil venteleg halde fram med å auke, mellom anna fordi kvinnedelen i stillingsgruppa under, førsteamanuensane, er over 41 pst. og aukande. Opprykksordninga gjer det mogleg for førsteamanuensar som er kvalifiserte for professorat, å søkje opprykk. Sett under eitt aukar delen kvinner i alle dei mest sentrale faglege stillingane over tid. Kvinnedelen blant stipendiatane ved universitet og høgskolar er samla sett på 47 pst., men delen kvinner som tek doktorgrad, ligg lågare enn dette, og delen kvinner varierer frå 58,4 pst. i medisin til 23,3 pst. i teknologi.

Departementet sette i 2010 i verk ei treårig prøveordning med insentiv for å auke kvinnedelen i høgre vitskaplege stillingar i MNT-fag. Ordninga vart evaluert av Proba samfunnsanalyse våren 2013. Evalueringa konkluderte med at ordninga ikkje hadde hatt ønskt verknad, og i tråd med konklusjonen i evalueringsrapporten beslutta Kunnskapsdepartementet å avslutte ordninga. Dei siste utbetalingane for tilsetjingar i 2012 var i 2014. Sjå omtale under kap. 281 post 01.

Det er viktig at universiteta og høgskolane arbeider aktivt med tiltak for å oppnå auka likestilling. Kunnskapsdepartementet krev at universiteta og høgskolane utarbeider handlingsplanar for likestilling, mellom anna for å betre arbeidsvilkåra og for å setje i verk tiltak for å auke delen kvinner i førstestillingar. Departementet tek opp likestilling i styringsdialogen med universitet og høgskolar.

I 2007 oppretta departementet ein likestillingspris for å premiere dei beste handlingsplanane og stimulere sektoren til målretta likestillingsarbeid. Forskingsinstituttet Simula Research Laboratory vart tildelt prisen for 2013. Etter ei samla vurdering blir det foreslått å ikkje føre vidare likestillingsprisen frå 2014.

Regjeringa har ført vidare Komité for kjønnsbalanse i forskning (Kif) òg perioden 2014–17. Mandatet for komiteen er utvida til òg å omfatte mangfald, fordi argumenta som gjeld for betre kjønnsbalanse, også gjeld for større mangfald i forskinga generelt. Den nye komiteen har fått namnet Komité for kjønnsbalanse og mangfold i forskning og er styrkt med fleire medlemmer. Komiteen skal føre vidare arbeidet for å fremme likestilling mellom kjønna ved universiteta, høgskolane og forskingsinstitutta. Komiteen støttar institusjonane i arbeidet med å integrere likestilling i eiga verksemd, og kjem med framlegg om tiltak som kan betre kjønnsbalansen i fagmiljøa. Komiteen skal òg medverke til større medvit om den skeive balansen mellom kjønna i akademia og forskingssystemet. I denne perioden skal komiteen ha merksemd på kjønn og etnisitet. Komiteen får tilskott frå Kunnskapsdepartementet. Sjå omtale under kap. 281 post 70.

Tiltak for likestilling i Noregs forskingsråd

Forskingsrådet arbeider for å integrere kjønnsperspektivet i all forsking organisasjonen finansierer. Det finst biologiske og sosiale kjønnsforskjellar, og desse må all god forsking ta omsyn til. Alle søknader til Forskingsrådet skal vurderast opp mot kriteriet om kjønnsperspektiv i forskinga, rekruttering av kvinner til høgre stillingsnivå generelt og MNT-fag spesielt, samt kjønnsbalanse i prosjektet. Alle utlysingstekstar skal ha med ei formulering om moderat kjønnskvotering: «I søknader med elles lik fagleg kvalitet og relevans skal prosjekt med kvinneleg prosjektleiar prioriterast.»

Hovudstyret i Forskingsrådet vedtok i 2013 ein ny Policy for kjønnsbalanse og kjønnsperspektiver i forskning og innovasjon, som gjeld for perioden 2013–17. Den skeive rekrutteringa fram mot toppnivået er eit gjennomgåande bilete for alle fagområda. Policyen peiker på særlege utfordringar i verkemiddel for næringsliv, internasjonalisering og eksellens. Det er sett eit mål om minst 40 pst. kvinner blant prosjektleiarar i nye prosjekt innan utgangen av 2017. Forskingsrådet har ei jamn stigning i delen kvinner blant prosjektleiarane. I 2013 var 31,2 pst. av alle prosjektleiarar på reelle forskingsprosjekt (prosjektstøtte, institusjonsstøtte og personleg stipend) kvinner. Dette er ein auke på drygt to prosentpoeng frå 2012.

Delen kvinner blant doktorar og postdoktorar som er finansiert av midlar frå Forskingsrådet, har vore stabil i dei seinare åra, og ligg på 43–45 pst. for ph.d.-stipendiatar og 40–42 pst. for postdoktorar. Delen kvinner er særleg høg innanfor humaniora, medisin og helsefag og landsbruks- og fiskerifag (62–69 pst.).

Kjønnsbalanse i faglege toppstillingar og forskingsleiing (BALANSE) er etablert som eit program i Forskingsrådet frå 2013. Hovudmålet er å betre kjønnsbalansen på seniornivå i norsk forsking gjennom ny kunnskap, læring og innovative tiltak. Programmet hadde først utlysing i 2013. 16 mill. kroner vart tildelte fire institusjonar: tre forskingsinstitutt og eitt universitet i samarbeid med fleire regionale aktørar. Det var stor interesse for utlysinga, og det kom inn dobbelt så mange søknader som forventa. BALANSE er i første omgang etablert for ein periode på fem år (2013–17).

Forskingsrådet deltek i nasjonale og internasjonale nettverk for å styrke kjønnsdimensjonen i forsking. I 2013 vart det etablert eit policyretta ERA-NET kalla GENDER-NET. GENDER-NET består av tolv partnarar frå elleve land og har ein funksjonsperiode på tre år. Forskingsrådet deltek frå Noreg på basis av blant anna BALANSE-programmet.

Tiltak mot diskriminering

Alle skal ha same rettar og moglegheiter til å ta høgre utdanning. I lov om universitet og høgskolar blir det understreka at styra ved institusjonane skal sørgje for eit godt læringsmiljø, og at institusjonane skal leggje til rette for studentar med særskilde behov.

Departementet vil halde fram med arbeidet med å oppmode institusjonane til å rekruttere fleire minoritetsspråklege lærarar. Lærarar med minoritetsbakgrunn kan medverke med innsikt når det gjeld barn og unge med tilsvarande bakgrunn, i kommunikasjonen mellom heim, skole og barnehage og fungere som forbilde i samband med å ta høgre utdanning. Departementet har også lagt til rette for tilpassa oppfølging av studentar med tospråkleg bakgrunn, mellom anna i fleksible utdanningstilbod.

Institusjonane er gjennom lov pålagde å ha eit læringsmiljøutval, som skal arbeide for at det blir teke vare på læringsmiljøet til studentane, inkludert dei med nedsett funksjonsevne. NIFU-rapporten Tilretteleggingsutfordringer i høyere utdanning før og nå frå 2010 viser mellom anna at lærestadene driv eit omfattande arbeid knytt til tilrettelegging for studentar med nedsett funksjonsevne.

Departementet tildeler årleg midlar til Universell (tidlegare Nasjonal pådrivareining for funksjonshemma i høgre utdanning) ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Universell skal medverke til å fremme eit inkluderande læringsmiljø for studentar med nedsett funksjonsevne, og vere pådrivar for læringsmiljøutvala ved norske lærestader. Brukarforum for funksjonshemma i høgre utdanning vart oppretta i 2000. Kunnskapsdepartementet finansierer drifta, og sekretariatet er lagt til Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO). Brukarforumet er ein møtestad for departement, tilsette i universitets- og høgskolesektoren og representantar frå organisasjonane for funksjonshemma, og der problemstillingar knytte til funksjonshemma og høgre utdanning blir drøfta.

I utdanningsstøtteordninga finst eit ekstra månadleg stipend og støtte i tolv månader for studentar som på grunn av redusert funksjonsevne ikkje kan ta arbeid ved sida av utdanninga. Tiltaket skal medverke til at fleire personar med redusert funksjonsevne har økonomisk moglegheit til å ta høgre utdanning.

Studentar med redusert funksjonsevne har ofte større utfordringar enn andre studentar med å følgje normert studieprogresjon. Personar med redusert funksjonsevne, og som ikkje har slik støtte frå folketrygda som er meint å dekkje utdanninga, kan derfor få heile basisstøtta frå Lånekassen som stipend ved forseinking i utdanninga utover eitt år. Forseinkinga må skyldast den nedsette funksjonsevna. Tiltaket skal hindre at desse studentane får høgre gjeld etter fullført utdanning enn andre studentar.

Likestilling og arbeidet mot diskriminering i verksemder som er underlagde Kunnskapsdepartementet

Etter likestillingslova § 1a, diskrimineringslova § 3a og diskriminerings- og tilgjengelova § 3 er alle arbeidsgivarar pålagde å arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremme likestilling og hindre diskriminering (aktivitets- og meldeplikta). Kunnskapsdepartementet skal gjere greie for tilstanden når det gjeld likestilling og diskriminering, i Prop. 1 S. Meldeplikta gjeld òg for verksemder og institusjonar under Kunnskapsdepartementet. I Prop. 1 S blir det gjort ei overordna vurdering av tilstanden. For rapporteringa frå kvar enkelt verksemd blir det vist til årsrapportane til verksemdene.

I Utdanningsdirektoratet, ved dei samiske vidaregåande skolane i Karasjok og Kautokeino og ved Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar (Vea) utgjer kvinner mellom 62 og 72 pst. av dei tilsette, mens det i Senter for IKT i utdanninga er ei meir jamn fordeling mellom kjønna. I dei spesialpedagogiske kompetansesentra utgjer kvinnene 74 pst. av dei tilsette, og ved Sameskolen for Midt-Noreg er 79 pst. av dei tilsette kvinner. I sekretariatet for Foreldreutvalet for barnehagane og Foreldreutvalet for grunnopplæringa er det ni kvinner og ein mann.

I Utdanningsdirektoratet, i Senter for IKT i utdanninga, og i dei spesialpedagogiske kompetansesentra tener menn noko meir enn kvinner. Menn tener gjennomsnittleg meir enn kvinner i Utdanningsdirektoratet, men kven som tener mest, varierer mellom stillingskategoriane. Medan mannlege seniorrådgivarar tener i gjennomsnitt 30 000 kroner meir enn kvinnelege seniorrådgivarar, tener både dei kvinnelege direktørane og dei kvinnelege førstekonsulentane meir enn menn i same stillingskategori. Også i Senter for IKT i utdanninga tener menn i gjennomsnitt meir enn kvinner, men som for Utdanningsdirektoratet varierer det mellom kategoriane kven det er som har høgst lønn. Verksemdene arbeider aktivt med å syte for likestilling når dei rekrutterer nye tilsette, ved fastsetjing av lønn og i utforming av personalpolitiske tiltak.

I Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) er 66 pst. av dei tilsette kvinner. Kvinnelege søkjarar er i fleirtal til utlyste stillingar. Ved å følgje kvalifikasjonsprinsippet får NOKUT dermed ei noko skeiv fordeling med kvinneoverskott. Dette gjeld i alle avdelingar av verksemda. For leiarstillingane var det ved årsskiftet 2013–14 44 pst. kvinner.

Statens lånekasse for utdanning har ei viss overvekt av kvinner blant dei tilsette, men Kunnskapsdepartementet vurderer kjønnsfordelinga som tilstrekkeleg jamn. Denne kjønnsbalansen blir reflektert på dei ulike stillingsnivåa i organisasjonen, både for kjønnsfordelinga og i lønnsfordelinga. Kjønnsfordelinga for faste medlemmer og varamedlemmer i styret til Lånekassen er også jamn. Lånekassen legg vekt på at arbeidsstokken skal spegle befolkninga på ein god måte. Etaten prøver å rekruttere tilsette med innvandrarbakgrunn gjennom eigna formuleringar i stillingskunngjeringane og ved innkalling til intervju. Vidare legg dei til rette for at tilsette med funksjonshemmingar skal få ein effektiv og god arbeidskvardag, mellom anna gjennom tilpassingar av det fysiske arbeidsmiljøet.

I Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk er 72 pst. av dei tilsette kvinner. Av dei som vart tilsette i 2012, var 50 pst. kvinner. Med omsyn til lønn tener menn noko meir enn kvinner på leiarnivå og blant førstekonsulentar, medan lønnsnivået er om lag det same for kvinnelege og mannlege rådgivarar og seniorrådgivarar.

Tabell 8.1 Delen menn og kvinner i ordinære forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet (2013)

Verksemd

Tilsette

Del menn (%)

Del kvinner (%)

Utdanningsdirektoratet

295

35,9

64,1

Dei samiske vidaregåande skolane, Karasjok og Kautokeino

110

38,0

62,0

Sameskolen for Midt-Noreg

19

21,1

78,9

Spesialpedagogiske kompetansesenter

801

26,3

73,7

Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

43

27,9

72,1

Sekretariatet for Foreldreutvalet for grunnopplæringa og Foreldreutvalet for barnehagane

10

10,0

90,0

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT)

73

34,2

65,8

Senter for IKT i utdanninga

77

50,6

49,4

Statens lånekasse for utdanning

324

41,0

59,0

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane

12

50,0

50,0

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

100

28,0

72,0

Kjelde: Tabell 1 er utarbeidd av Kommunal- og moderniseringsdepartementet på bakgrunn av tal frå Statens sentrale tjenestemannsregister per 1. oktober, SST 2013

Tabell 8.2 Gjennomsnittleg månadsforteneste for menn og kvinner i ordinære forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet (2013)

Verksemd

Gj.snittleg månadsforteneste, menn

Gj.snittleg månadsforteneste, kvinner

Lønn til kvinner i pst. av lønn til menn

Utdanningsdirektoratet

46 270

45 379

98,1

Dei samiske vidaregåande skolane, Karasjok og Kautokeino

41 266

41 069

99,5

Sameskolen for Midt-Noreg

40 441

32 189

79,6

Spesialpedagogiske kompetansesenter

42 743

41 107

96,2

Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

39 826

39 826

100,0

Sekretariatet for Foreldreutvalet for grunnopplæringa og Foreldreutvalet for barnehagane

43 183

43 507

100,8

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT)

46 430

42 963

92,5

Senter for IKT i utdanninga

49 487

46 587

94,1

Statens lånekasse for utdanning

38 879

38 961

100,2

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane

57 356

47 090

82,1

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

42 750

41 941

98,1

Kjelde: Tabell 2 er utarbeidd av Kommunal- og moderniseringsdepartementet på bakgrunn av tal frå Statens sentrale tjenestemannsregister per 1. oktober, SST 2013

Likestilling og arbeid mot diskriminering i Kunnskapsdepartementet

Som arbeidsgivar er Kunnskapsdepartementet pliktig til å arbeide for å betre kjønnslikestillinga og for betre mangfald i samfunnet. Departementet har som mål å oppnå best mogleg kjønnsbalanse i organisasjonen og gi dei tilsette tilgang til utvikling, karriere og velferd uavhengig av kjønn, etnisk bakgrunn og funksjonsevne.

Per 1. oktober 2013 var 65,7 pst. av dei tilsette i departementet kvinner. Dette er ein liten auke samanlikna med 2012.

Tabell 8.3 Del menn og kvinner og gjennomsnittleg lønn per årsverk etter stillingskode

Kjønn

Lønn

Menn (%)

Kvinner (%)

Totalt (N)

Menn (kr)

Kvinner (kr)

Tilsette i Kunnskapsdepartementet omfatta av Hovedtariffavtalen i staten

2013

33,2

66,8

301

51 047

46 889

2012

35,4

64,6

294

48 266

45 625

Toppleiing

Departementsråd/ekspedisjonssjef

2013

75,0

25,0

8

103 222

95 833

2012

71,4

28,6

7

97 400

91 792

Mellomleiarar

Avdelingsdirektør, direktør, kommunikasjonssjef

2013

46,7

53,3

45

64 662

64 117

2012

46,7

53,3

45

61 999

60 320

Sakshandsaming

Underdirektør, spesialrådgivar, prosjektleiar, fagdirektør

2013

50,0

50,0

12

58 558

62 117

2012

50,0

50,0

10

53 700

61 437

Seniorrådgivar

2013

35,8

64,2

159

48 439

48 007

2012

36,0

64,0

150

46 892

46 789

Rådgivar

2013

28,3

71,7

46

40 435

39 698

2012

37,3

62,7

51

38 972

39 014

Førstekonsulent

2013

11,5

88,5

26

36 262

39 921

2012

21,7

78,3

23

35 304

36 549

Administrativt personale

Seniorkonsulent, konsulent

2013

0,0

100,0

10

37 988

2012

0,0

100,0

13

35 759

Lærling

2013

0,0

100,0

3

25 783

2012

0,0

100,0

2

25 426

Kjelde: Tabell 3 utarbeidd av Kommunal- og moderniseringsdepartementet på bakgrunn av tal frå Statens sentrale tjenestemannsregister per 1. oktober, SST 2012, og per 1. oktober 2013

Per 1. oktober 2013 var 50,0 pst. av leiarane i Kunnskapsdepartementet kvinner. Kvinnerepresentasjonen i toppleiargruppa var per 1. oktober 2013 på 25,0 pst. Gjennom fleire år har departementet lagt vekt på å rekruttere, kvalifisere og motivere kvinner til leiande stillingar. Departementet vil arbeide vidare for å halde oppe denne kjønnsbalansen på leiarnivå.

Dei lokale partane drøftar detaljert lønnsstatistikk ein gong i året, mellom anna med tanke på å avdekkje om kvinner og menn er lønte ulikt. Partane er samde om at ein ikkje finn systematisk ulikskap som kan vere knytt til kjønn når ein samanliknar menn og kvinner innanfor same stillingskode. At snittlønna for kvinner er 91,9 pst. av snittlønna for menn, skyldast at kvinner er i fleirtal i dei lågt lønna stillingskodane (seniorkonsulent, førstekonsulent, rådgivar).

Tabell 8.4 Del menn og kvinner i deltid, midlertidig tilsetjing, foreldrepermisjon og legemeldt sjukefråvær

Deltid

Midlertidig tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt fråvær

Menn (%)

Kvinner (%)

Menn (%)

Kvinner (%)

Menn (%)

Kvinner (%)

Menn (%)

Kvinner (%)

Totalt i Kunnskaps-departementet

2013

5,0

18,4

5,0

10,4

0,0

8,0

1,9

4,7

2012

3,8

18,4

8,7

5,8

1,0

1,6

1,6

5,5

Kjelde: Tabell 1 og 4 er utarbeidde av Kommunal- og moderniseringsdepartementet på bakgrunn av tal frå Statens sentrale tjenestemannsregister per 1. oktober, SST 2012, og per 1. oktober 2013. Merk at legemeldt fråvær (heilt og delvis) er data per 31. desember 2012 og 31. desember 2013 henta frå SSB 2013_årsstat

Statistikken for oktober 2013 syner at 18,4 pst. av kvinnene er lønte i deltidsstilling, medan det same gjeld for 5,0 pst. av dei mannlege tilsette. Tala for 2012 viser at høvesvis 18,4 pst. og 3,8 pst. var lønte i deltidsstillingar, så kvinner er uendra mens menn har ein auke i perioden. Det legemelde sjukefråværet var i 2013 på 4,7 pst. for kvinner og 1,9 pst. for menn. Menn har ein auke i legemeldt fråvær samanlikna med 2011, mens kvinner har ein nedgang.

Overtida i departementet har blitt redusert med 428 timar samanlikna med 2012 (–4,4 pst.). I 2013 arbeidde ein kvinneleg tilsett i Kunnskapsdepartementet i snitt 27,5 timar overtid. Det tilsvarande timetalet for ein mann var 29,3 timar.

Personalpolitiske tiltak

Departementet er ein kunnskapsorganisasjon som har satsa på målretta utvikling og opplæring av sine leiarar og medarbeidarar over fleire år. I 2013 er det gjennomført 37 ulike fellestiltak for å utvikle medarbeidarar. Kunnskapsdepartementet tilbyr også fleire individuelle utviklingstilbod, til dømes ei mentorordning med 19 interne mentorar; ti av desse er kvinner. I 2013 er det arrangert tre samlingar for departementets interne mentorar og koordinatorar, med til saman 60 deltakarar.

Likestillingstiltak i Kunnskapsdepartementet: kjønn, etnisk bakgrunn og nedsett funksjonsevne

Rekruttering

Det er personalpolitiske mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og å leggje til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Kunnskapsdepartementet arbeider for å rekruttere tilsette med innvandrarbakgrunn, og for at talet på nytilsette med nedsett funksjonsevne skal auke. Det er sett i gang fleire administrative tiltak for å få til dette. Departementet har gitt leiarane rettleiing i rekruttering, og det blir nytta testverktøy i rekrutteringsprosessar for å sikre at søkjarane blir vurderte så objektivt som mogleg. Departementet si personal- og leiarhandbok gjer greie for regelverket for innkalling av kandidatar med innvandrarbakgrunn til intervju og prioritering av kandidatar med nedsett funksjonsevne. Leiarhandboka har òg lenkje til Mangfoldsportalen og til inspirasjonsheftet Overser du kompetanse?, som er utvikla av det tidlegare Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, Helsedirektoratet og Likestillings- og diskrimineringsombodet. Kunnskapsdepartementet deltek aktivt på karrieredagar ved aktuelle utdanningsinstitusjonar, og prøver så langt det er mogleg å ha tilsette med ulik etnisk bakgrunn med på slike arrangement. Det er utvikla ei mentorordning blant anna med tanke på tilsette med annan etnisk bakgrunn.

Departementet har få søkjarar som skriv at dei har nedsett funksjonsevne, og som søkjer ordinære stillingar. Departementet vil søkje å rekruttere fleire søkjarar med nedsett funksjonsevne, mellom anna gjennom fleire nye tiltak i ny lokal IA-avtale for departementet.

Lønns- og arbeidsvilkår, karriereutvikling

Kunnskapsdepartementet vil leggje til rette for gode arbeidsvilkår for ulike fasar i livet. Departementet drøftar mellom anna lønnspolitikken årleg med dei hovudtillitsvalde, og med vekt på likestilling. Departementet har innført systematisk kartlegging av sluttårsaker. Ho kan mellom anna avdekkje forskjellsbehandling. Departementet har òg utarbeidd ein samla personalstatistikk for å sikre systematisk arbeid for å forbetre arbeidsvilkår, minske sjukefråvær, osv. for menn og kvinner.

Kunnskapsdepartementet har eit breitt internt utviklings- og opplæringstilbod. Tiltaka medverkar til likestilling og like moglegheiter for alle tilsette. Departementet vil føre vidare ordningar med mellom anna intern coaching, mentorar, utvikling av leiarar og medarbeidarar, internasjonal stipendordning, hospiteringsordning osv., med vekt på at tilboda skal bli gitte til både menn og kvinner.

Tiltak mot trakassering

Departementet har utvikla rutinar for varsling i tråd med reglane i arbeidsmiljølova. I tillegg har departementet regelmessige undersøkingar av arbeidsmiljøet der tilsette kan gi varsel om mobbing anonymt.

9 Sektorovergripande klima- og miljøpolitikk

Kunnskapsdepartementet arbeider for å ha ein god miljøprofil innanfor dei ulike sektorane departementet og underliggjande verksemder er med på å forme.

Sundvolden-erklæringa legg vekt på at Noreg skal byggje politikken sin på forvaltaransvaret og føre-var-prinsippet. Regjeringa vil føre ein offensiv klimapolitikk og styrkje klimaforliket. Noreg må ta ansvar for kommande generasjonars livsgrunnlag gjennom å bidra til internasjonalt forpliktande utslippsavtalar, og gjennom å investere i forsking på og utvikling av ny teknologi som kan bidra til å realisere eit lågutslippssamfunn.

Formidling av kunnskap og gode holdningar til miljøet er ein integrert del av det pedagogiske opplegget i barnehagane og skolane. Ifølgje formålsparagrafen i barnehagelova skal barnehagen la barna få utfalde skaparglede, undring og utforskartrong og lære dei å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Natur, miljø og teknikk er eitt av sju fagområde i rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen. For å støtte barnehagane i arbeidet er det utarbeidd eit temahefte om natur og miljø.

Utdanning for berekraftig utvikling er integrert i læreplanverket for Kunnskapsløftet. Elevane og lærlingane skal, i tråd med formålsparagrafen, lære å tenkje kritisk og handle etisk og miljøbevisst. I revidert læreplan i naturfag er emnet berekraftig utvikling styrkt med fleire kompetansemål. Valfaga natur, miljø og friluftsliv, forsking i praksis og teknologi i praksis har miljørelatert innhald og vil bidra til å styrkje kunnskap og holdningar til miljø, energiforbruk og klima. I samarbeid med Klima- og miljødepartementet har Kunnskapsdepartementet ført vidare arbeidet med Den naturlege skolesekken. Skolesekken medverkar til å styrkje kvaliteten i opplæringa og auke forståinga for nytten og bruken av naturfaga, samt fremmer undervisning for berekraftig utvikling. Skolen utarbeider undervisningsopplegg i samarbeid med eksterne aktørar, mellom anna lokale natur- og friluftsorganisasjonar. Den naturlege skolesekken gir skolane tilgang til faglege digitale ressursar som Kart i skolen, ein ressurs som legg til rette for utvida bruk av det lokale nærmiljøet til skolane i undervisninga. Samstundes skal Nettverk for miljølære gi skolane tilbod om faglege aktivitetar og felles arenaer for arbeidet med miljø og klima.

Noreg vil framleis følgje opp FN sitt tiår for berekraftig utvikling (2005–2014), som blir avslutta i 2014. Generalkonferansen i UNESCO vedtok i november 2013 ein global handlingsplan for oppfølging av FN sitt tiår for berekraftig utvikling. Den reviderte nasjonale Strategien for utdanning for bærekraftig utvikling (2010–2015) er ei oppfølging av Utdanningstiåret og er ein sentral del av den miljøpolitiske satsinga innanfor grunnopplæringa.

Departementet støttar miljøforsking gjennom ulike satsingar og program som Forskingsrådet har på miljøområdet. I 2013 utgjorde den totale innsatsen til Forskingsrådet innanfor miljørelevant forsking om lag 1,6 mrd. kroner. Dette er på om lag same nivå som i 2012. Berekraftig energi og miljøteknologi var dei største områda.

Kunnskapsdepartementets samla finansiering av forsking på miljøområdet i 2013 var på om lag 390 mill. kroner. Talet omfattar all forsking med relevans for miljøområdet, også forsking som ikkje er særskilt målretta mot miljø, finansiert gjennom ulike verkemiddel som Open arena for framifrå forsking (FRIPRO), Senter for framifrå forsking (SFF), Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI), og satsinga på forskingsinfrastruktur.

Ein vesentleg del av departementets midlar til forsking var knytt til polarforsking, klimaforsking og forsking på miljøvennleg energi.

I tillegg har departementet sidan 2010 løyvt 20 mill. kroner årleg til Senter for klimadynamikk (SKD) ved Bjerknessenteret. Frå 2013 auka denne løyvinga til 25 mill. kroner. Løyvinga er ført vidare på same nivå i 2014. SKD er eit internasjonalt leiande klimaforskingsmiljø ved Universitetet i Bergen og med Havforskningsinstituttet, Nansensenteret og Uni Research som jamstilte partnarar.

Forskingsrådet reknar med at meir enn 80 pst. av Polarforskingsprogrammet er knytt til klima og miljø. I 2013 løyvde departementet 45 mill. kroner til målretta satsing på polarforsking i Forskingsrådet; det ligg på same nivå i 2014. Departementet finansierer òg forsking innanfor EUs rammeprogram Horisont 2020. I Horisont 2020 er klima og berekraftig utvikling gjennomgangstema. Det er beslutta at 60 pst. av totalbudsjettet skal gå til forskingsprosjekt som bidrar til berekraftig utvikling, og at minst 35 pst. av budsjettet skal gå til klimarelevante prosjekt.

I 2013 hadde Forskingsrådet 289 mill. kroner øyremerkte til forskingsinfrastruktur. Dette er viktig for å kunne forske på globale utfordringar knytte til klima og miljø. Noreg var initiativtakar til Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIOS). Dette er eit internasjonalt prosjekt for å styrkje samarbeidet om forskingsinfrastruktur på Svalbard, der målet er å sjå klima- og miljøkunnskap knytt til is, vatn, luft og jord i samanheng. Prosjektet er med på det europeiske vegkartet for forskingsinfrastruktur (ESFRI-vegkartet). SIOS har motteke midlar frå EUs sjuande rammeprogram til den førebuande fasen. Denne fasen er forlengd og varer til hausten 2014. European Carbon Dioxide Capture and Storage Laboratory Infrastructure (ECCSEL) er eit anna norskinitiert ESFRI-prosjekt. Også dette prosjektet har motteke midlar frå EU til første fase. Prosjektet har som mål å gi ny kunnskap om karbonfangst og -lagring, noko som vil kunne redusere utsleppa frå fossilt brennstoff.

Det er vesentleg at den kunnskapen som miljøforskinga resulterer i, blir formidla – både til folk flest og for bruk i forvaltning og næringsverksemd. Departementet ønskjer å leggje til rette for auka og betre forskingsformidling. Både universiteta, høgskolane, universitetsmusea, forskingsinstitutta og Noregs forskingsråd formidlar resultat frå miljørelevant forsking i tidsskrift, bøker, på konferansar og på Internett.

Universitet og høgskolar er viktige institusjonar for kunnskapsformidling, men òg for forsking på miljøet. Miljøretta forsking er viktig for å få god forståing av miljøet, og for korleis miljøet utviklar seg; dette er ein viktig føresetnad for god og fornuftig utforming av miljøpolitikken.

Eit anna viktig tiltak er departementets finansiering av kontingenten for norsk medlemskap i Global Biodiversity Information Facility (GBIF). GBIF er eit internasjonalt initiativ for å sikre elektronisk tilgang til data om biologisk mangfald for forskarar og andre interesserte over heile verda. Den norske GBIF-noden er lagd til Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo.

Artsdatabanken vart oppretta i 2004 og er knytt til Vitskapsmuseet ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Artsdatabanken gir ei nasjonal elektronisk oversikt over eigenskapar til og omfang av biologisk mangfald i Noreg når det gjeld naturtypar og artar. Tenestene til Artsdatabanken er særleg viktige for miljøforvaltning, undervisning og forsking. Artsdatabanken har ført vidare arbeidet med å kvalitetssikre og leggje til rette artsdata frå mellom anna universitetsmusea, forskingsinstitutt, forvaltningsorgan og frivillige organisasjonar i tett samarbeid med GBIF-Noreg. Artsdatabanken gjer desse tilgjengelege i den nettbaserte karttenesta Artskart. Ved årsskiftet 2013/14 var det registrert 16,5 mill. artsfunn frå 32 dataeigarar og totalt 110 databasar. Arbeidet med registreringsverktøyet Artsobservasjonar har halde fram i 2013. Amatørar har lagt inn 1,64 mill. nye artsfunn, og ved utgangen av 2013 var det 9,9 mill. observasjonar i databasen. Artsdatabanken har ført vidare samarbeidet med Noregs forskingsråd, universitetsmusea og den svenske ArtDatabanken om ein nordisk forskarskole i biosystematikk.

Universitetsmusea forvaltar store vitskaplege natur- og kulturhistoriske samlingar. Desse musea har ei viktig miljøpolitisk rolle gjennom forsking og formidling knytte til samlingane. St.meld. nr. 15 (2007–2008) Tingenes tale ligg til grunn for museumspolitikken. Universitetsmusea er mellom anna pålagde ei rekkje forvaltningsoppgåver etter kulturminnelova og har ei sentral rolle i det norske kulturminnevernet. Musea er økonomisk styrkte gjennom fleire år for å medverke til at samlingane blir forsvarleg oppbevarte og sikra. Gjennom etablering av den nordiske forskarskolen i biosystematikk har universitetsmusea fått ei større rolle i undervisning og kompetanseheving innanfor klassisk biologi. Denne kompetansen er heilt avgjerande for natur- og miljøforvaltninga i Noreg.

Hausten 2013 fekk nettverket Norwegian Barcode of Life (NorBOL) støtte frå Forskingsrådet for å etablere ein nasjonal infrastruktur for DNA-strekkoding av artar. Prosjektet blir leidd av Vitskapsmuseet ved NTNU med Naturhistorisk museum i Oslo, Universitetsmuseet i Bergen, Tromsø museum – Universitetsmuseet og Artsdatabanken som sentrale partnarar.

Meteorologisk institutt har i tillegg til ei rekkje andre funksjonar ei viktig rolle som kartleggjar av dei klimatiske endringane. Instituttet skal følgje den globale og den nasjonale klimautviklinga og skal gi tilfredsstillande klimainformasjon for samfunnsplanlegging og for utforming av Noregs klimapolitikk. Instituttet skal arbeide for at styresmakter, næringsliv, institusjonar og folk flest best mogleg skal få høve til å sikre liv og verdiar gjennom planmessig vern av miljøet. Dette arbeidet er nå styrka ved auka satsing på Norsk senter for klimatjenester. Senteret er eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt, Noregs vassdrags- og energidirektorat og Uni Research.

10 Samfunnstryggleik og beredskap

Kunnskapsdepartementet sitt hovudmål for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i kunnskapssektoren er å førebyggje uønskte hendingar og minske konsekvensane dersom slike hendingar skulle oppstå.

Barnehagetilsette, lærarar, vitskapleg personale og andre tilsette i sektoren utfører meir enn 150 000 årsverk. Totalt omfattar kunnskapssektoren om lag 1,5 mill. barn og vaksne. Obligatorisk tiårig grunnskole og høg dekningsgrad i barnehage og vidaregåande opplæring gjer at ein svært stor del av årskulla frå eitt til 19 år har tilhald i barnehage eller skole mange timar dagleg. Både barnehagar, grunnskolar, vidaregåande skolar og lærebedrifter har eit ansvar for at barna og ungdommane er trygge der dei er. Dette handlar både om personleg tryggleik med tanke på liv og helse og om tryggleik for at til dømes personopplysningar ikkje kjem i feil hender. Dette inneber ei utfordring med tanke på beredskap både for den einskilde barnehage- og skoleeigaren, og for den einskilde barnehagen og skolen. Tilsvarande er det ofte store samlingar av studentar og tilsette ved universitet, høgskolar og fagskolar. Universitet og høgskolar forvaltar store verdiar, som historiske bygningar, vitskapleg utstyr, forskingsdata og samlingar, særleg ved universitetsmusea i Oslo, Bergen, Trondheim, Tromsø og Stavanger. Meteorologisk institutt har ein kritisk samfunnsfunksjon ved at dei leverer naudsynt meteorologisk informasjon til befolkninga og andre verksemder med kritisk samfunnsfunksjon.

Dei store menneskesamlingane på avgrensa område gjer at kunnskapssektoren har utfordringar med omsyn til samfunnstryggleik og beredskap innanfor ulike scenario, som smittefare, ulykker, vald og terror. For å styrkje kunnskapen om førebuing og beredskap knytt til handtering av tilsikta valdelege hendingar utarbeidde Utdanningsdirektoratet og Politidirektoratet i 2013 rettleiinga Alvorlige hendelser i barnehager og utdanningsinstitusjoner. Politiet har i 2014 sett i gang eit eige program for å følgje opp rettleiinga. Programmet blir gjennomført av lokalt politi og rettar seg mot eigarar av barnehagar og utdanningsinstitusjonar.

Verksemdene i kunnskapssektoren har ulike eigeformer. Det finst mellom anna kommunale og private barnehagar, kommunale og private skolar, fylkeskommunale og private fagskolar, statlege og private universitet og høgskolar. I tillegg kjem folkehøgskolar, som i stor grad er eigde av stiftingar. Kunnskapsdepartementet styrer barnehageområdet, grunnopplæringsområdet og høgre utdanning med både juridiske og økonomiske styringsmiddel, og styringslinjene varierer. Arbeidet i Kunnskapsdepartementet med samfunnstryggleik og beredskap må sjåast i samanheng med styringsskilnadene mellom områda, og med dei utfordringane som finst innanfor kvart område. Til dømes har Kunnskapsdepartementet eit særskilt ansvar for samfunnstryggleik og beredskap ved dei statlege høgre utdanningsinstitusjonane, medan kommunane har det operative ansvaret for samfunnstryggleik og beredskap i skolar og barnehagar.

For å oppfylle hovudmålet for samfunnstryggleik og beredskap i kunnskapssektoren om å førebyggje uønskte hendingar og minske konsekvensane dersom dei skulle oppstå, er det viktig at verksemder på alle nivå i kunnskapssektoren

  • utarbeider heilskaplege risiko- og sårbarheitsanalysar, og delanalysar av særskilde utfordringar i den einskilde verksemda

  • utarbeider krise- og beredskapsplanar som sikrar ei god krisehandtering, og som styrkjer krisehandteringsevna i organisasjonen

  • gjennomfører øvingar for å teste sin eigen beredskap, og for å gjere tilsette i stand til å takle dei utfordringane som kan komme ved kriser

Kunnskapsdepartementet vil i 2015 arbeide vidare med korleis beredskap ved verksemder med ulike eigeformer skal følgjast opp. Kunnskapsdepartementet vil halde fram med å leggje stor vekt på arbeidet med informasjonstryggleik og på å ha god oversikt over risiko og sårbarheit i sektoren.

11 Forenklingsarbeid, modernisering og betre gjennomføringskraft

Kunnskapsdepartementet planlegg å gjennomføre fleire tiltak som vil forenkle, modernisere og betre gjennomføringskrafta i kunnskapssektoren. Her vil vi presentere dei mest sentrale tiltaka som er planlagde eller starta opp allereie. I tillegg pågår det mykje løpande arbeid og småskalatiltak i departementet og i sektoren som del av den ordinære verksemdsutviklinga.

Kunnskapsdepartementet har utarbeidd eit nytt målbilete for departementet for 2015, med færre og betre mål og krav. Målbiletet er utgangspunktet for departementets styring av kunnskapssektoren og underliggjande verksemder, og for rapportering om måloppnåing frå verksemder og departementet.

Kunnskapsdepartementet har arbeidd i fleire år med å forenkle og forbetre tildelingsbreva til underliggjande verksemder. Utdanningsdirektoratet, Senter for IKT i utdanninga, Vox og Foreldreutvala for barnehagen og grunnopplæringa har fått ny struktur på tildelingsbreva, med nye verksemdsmål og større handlingsrom. Den felles målstrukturen og tildelingsbrevet til universitet og høgskolar er også nyleg oppdaterte og forenkla. Dette blir følgt opp i 2015, med mål om ytterlegare forenkling, kutt i rapporteringskrav og auka datafangst frå Database for statistikk om høgre utdanning (DBH), Felles studentsystem (FS), Samordna opptak og CRIStin.

Frå 2015 blir det etablert ny målstruktur for Forskingsrådet, og styringsparametrar og indikatorar for å vurdere måloppnåinga er under utarbeiding. Alle departement som gir midlar til rådet, skal nytte den nye målstrukturen. Endringa inneber òg systematisering av møta og forenkling av rapporteringa frå Forskingsrådet. Dette vil utgjere ei markant forbetring frå situasjonen i dag, med eit relativt komplekst målbilete i tillegg til separate mål og krav frå alle departement som gir løyvingar til rådet. Omfanget av embetsstyringa av Fylkesmannen på barnehage- og grunnopplæringsområdet vart òg kraftig redusert i 2014.

Arbeidet med forenkling og forbetring av målbilete og tildelingsbrev held fram i 2015. Formålet er å gi tydelege mål og prioriteringar, tilstrekkeleg handlingsrom for verksemdene, og betre moglegheiter til å vurdere måloppnåing og ressursbruk. Dette vil gi mindre aktivitetsstyring og detaljert budsjettstyring, og meir resultatstyring.

Kunnskapsdepartementet planlegg å gjennomgå organiseringa av kunnskapssektoren. Departementet skal hausten 2014 skissere korleis prosessen bør utformast. Målet med gjennomgangen er mellom anna å vurdere om arbeidsdelinga mellom departementet, underliggjande verksemder og andre einingar legg til rette for effektiv oppgåveløysing av høg kvalitet.

Departementet skal greie ut behovet for ein IKT-strategi for departementet og kunnskapssektoren. Arbeidet startar hausten 2014. Målet er mellom anna å utnytte IKT-infrastrukturen i kunnskapssektoren til å skape betre resultat i tenesteytinga, forenkle og effektivisere den administrative IKT-forvaltninga, og utvikle moderne og attraktive arbeidsplassar i kunnskapssektoren.

Kunnskapsdepartementet er med i Direktoratet for økonomistyring (DFØ) sitt samarbeidsforum om internkontroll, og har starta eit prosjekt som skal kartleggje styrande dokument som rutinar, retningslinjer, rundskriv, forskrifter, lover med vidare. I tillegg til å skaffe oversikt skal prosjektet vurdere om det er mogleg å fjerne eller forenkle reglar og dokument utan å auke risikoen til eit uakseptabelt nivå.

Fleire IKT-prosjekt tek til eller held fram i 2015. IKT-prosjekta i kunnskapssektoren er til dels svært ulike i størrelse og innhald, men felles for dei er at dei skal gi meir effektivitet og gjere det enklare for brukarane, anten dei er foreldre, studentar, forskarar eller tilsette i sektoren.

Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å utvikle eit system for å følgje med på og forbetre kvaliteten i barnehagesektoren. Behovet foreldra har for informasjon, vil bli dekt gjennom ein IKT-portal for foreldra. Portalen vil gi allmenta betre tilgang til informasjon om kvaliteten i den enkelte barnehage. Systemet blir innført i 2015–17.

Senter for IKT i utdanninga held fram med å utvide tenestetilbodet og auke utbreiinga av Feide (Felles Elektronisk IDEntitet) i grunnskolen og vidaregåande opplæring. Dette er sentralt for å nå målet i regjeringas politisk plattform om ei felles IT-plattform for skolen.

Det forskingsadministrative systemet CRIStin (Current Research Information System in Norway) skal bli tettare integrert med andre IKT-system i kunnskapssektoren og offentleg forvaltning for øvrig. Auka gjenbruk av data vil innebere ei forenkling for brukarane, og vere eit viktig verkemiddel for å nå målet i regjeringas politiske plattform om å forenkle byråkratiet rundt søknader om forskingsmidlar.

NOKUT startar opp utviklinga av eit nytt sakshandsamingssystem, medan Lånekassen skal avslutte det vellykka LØFT-programmet.

Kunnskapsdepartementet skal gjennomføre språklege gjennomgangar av barnehagelova og opplæringslova. Målet er å få klarare og meir presise lover, og eit tydelegare og betre regelverk for sektorane og brukarane. Gjennomgangen av opplæringslova skjer i samarbeid med Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Difi og Språkrådet, som ein del av prosjektet Klart lovspråk under Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Departementet har saman med KS starta eit prosjekt for å få meir kunnskap om den samla rapporteringa og dokumentasjonen frå skolane til ulike styresmakter, institusjonar og andre på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Prosjektet blir avslutta hausten 2014, og vil bli følgt opp i 2015 og framover. Målet med prosjektet er å medverke til at skoleleiarar og lærarar opplever ein god balanse mellom krav til dokumentasjon og moglegheitene til å utnytte informasjonen til å forbetre si eiga leiing, undervisning og skolen som organisasjon.

Regjeringa har nemnt opp ei ekspertgruppe som skal gjennomgå finansieringssystemet for universitet og høgskolar, for å vurdere korleis finansiering kan styrkje kvaliteten i forsking og høgre utdanning. Gruppa skal levere rapporten sin ved årsskiftet 2014–15.

Regjeringa skal òg leggje fram ei stortingsmelding om strukturen i universitets- og høgskolesektoren våren 2015. Målet er ein struktur som gir robuste og kostnadseffektive fagmiljø, og som sikrar høg kvalitet i utdanning og forsking.