Prop. 1 S (2014–2015)

FOR BUDSJETTÅRET 2015 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

1 Tilsetjingsvilkår for leiarar i heileigde statlege føretak

Arbeidsforskningsinstituttet AS

Dagleg leiar fekk i 2013 ei samla godtgjering på 904 712 kroner samt del av pensjonspremie på 121 980 kroner. Ved overgang til aksjeselskap vart dei opparbeidde rettane i Statens pensjonskasse førte vidare. Dei årlege innbetalingane til Statens pensjonskasse skal dekkje plikta til selskapet.

HiST kompetanse AS

Dagleg leiar fekk 367 437 kroner i lønn i 2013. Selskapet har tenestepensjonsordning i tråd med lov om obligatorisk tjenestepensjon.

Høgskolen i Ålesund maritime operasjoner AS

I 2013 vart det utbetalt til saman 827 709 kroner. Selskapet har gitt eit kortsiktig lån på 50 000 kroner til dagleg leiar. Selskapet har tenestepensjonsordning i tråd med lov om obligatorisk tjenestepensjon.

Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste AS

Administrerande direktør fekk 1 050 171 kroner i lønn og 7 010 kroner i andre godtgjeringar i 2013. Pensjonskostnader vart dekte med 19 737 kroner.

Administrerande direktør har ikkje rett til bonus, overskottsdeling eller opsjonar, og heller ikkje særlege ytingar ved opphør av tilsetjingsforholdet.

NTNU samfunnsforskning AS

Dagleg leiar fekk 1 018 498 kroner i lønn i 2013. Pensjonsutgifter vart dekte med 110 508 kroner.

NTNU Technology Transfer AS

Dagleg leiar fekk 1 297 088 kroner i lønn og 112 676 kroner i andre godtgjeringar i 2013. Selskapet har ei pensjonsordning for alle tilsette som fyller krava i lov om obligatorisk tenestepensjon.

Nyvekst AS

Dagleg leiar er engasjert gjennom eige firma og har fakturert 125 000 kroner for arbeid utført i 2013.

Sem gjestegård AS

Dagleg leiar fekk 672 713 kroner i lønn og 94 326 kroner i andre godtgjeringar i 2013. Dei tilsette i selskapet er omfatta av lov om obligatorisk tenestepensjon, og dei samla pensjonsutgiftene var 169 768 kroner.

Senter for innovasjon og bedriftsøkonomi AS

Det er ikkje betalt lønn til dagleg leiar i 2013.

Senter for økonomisk forskning AS

Dagleg leiar har i 2013 fått utbetalt godtgjering på 405 234 kroner.

Simula Research Laboratory AS

Administrerande direktør fekk 1 609 021 kroner i lønn og 235 888 kroner i andre godtgjeringar i 2013. Selskapet har ei pensjonsforsikring for administrerande direktør som er kostnadsført med 1 043 089 kroner.

UNINETT AS

Administrerande direktør fekk 1 220 881 kroner i lønn og 23 499 kroner i andre godtgjeringar i 2013. Netto kostnadsført pensjonsforplikting i 2013 er 4 767 464 kroner.

Unirand AS

Administrerande direktør er kjøpt fri frå stillinga si ved Universitetet i Oslo, og selskapet har betalt 46 738 kroner i direkte lønnskostnader i 2013. Administrerande direktør har ikkje avtale om sluttvederlag, og selskapet har ikkje bonus- eller opsjonsordning. Det er ikkje gitt lån eller stilt sikring for administrerande direktør.

Universitetssenteret på Svalbard AS

Lønn til direktør er 978 586 kroner i 2013. Arbeidsgiverens del av pensjon for direktør er utgiftsført med 91 008 kroner.

Selskapet har tenestepensjonsordning i Statens pensjonskasse. Pensjonsordninga er ein ytingsplan for selskapet. Det er ikkje rekna eit eige fiktivfond for selskapet.

Vangslund AS

Dagleg leiar fekk 203 430 kroner i lønn og 3113 kroner i andre godtgjeringar i 2013. Selskapet er ikkje pliktig til å ha tenestepensjonsordning etter lov om obligatorisk tenestepensjon.

Følgjande heileigde selskap har ingen lønte tilsette som dagleg leiar

Rya gods og skoger AS, Unifond AS, Universitetet i Bergen eiendom AS, CESSDA AS.