1 Hovudinnhaldet i forslaget
Justis- og beredskapsdepartementet fremjar med dette forslag om endring i lov 15. mai 2008 nr. 35 om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingslova). Den foreslåtte endringa gjeld krava til politiattest (barneomsorgsattest) for tilsette og andre som har oppgåver knytt til mindreårige i mottak. Endringa inneber at utlendingslova § 97 vert tilpassa lov 28. mai 2010 nr. 16 om behandling av opplysninger i politiet og påtalemyndigheten (politiregisterlova), som skal tre i kraft 1. juli 2014.
Etter gjeldane rett må personar som skal tilsetjast i statlege asylmottak leggje fram «tilfredsstillende politiattest». Vidare kan det krevjast attest frå «andre som utfører oppgaver for utlendingsmyndighetene, og som har direkte kontakt med barn og unge som oppholder seg i asylmottak». Attesten viser merknader om personen har vore sikta, tiltalt, pålagt førelegg eller dømt for ulike formar for seksuelle overgrep der den fornærma er under 18 år. Personar som er pålagt førelegg eller dømt etter dei aktuelle straffeboda, er stengde ute frå å ta arbeid eller gjere oppgåver knytt til mindreårige i mottak. Regelverket vart innført for å verne barn og unge mot overgrep.
To av føremåla med politiregisterlova er å sikre ein einskapleg vandelskontroll for personar som har skal ha omsorg for eller oppgåver knytt til mindreårige, og styrke vernet for mindreårige. Regelverket skapar òg tillit til at mindreårige i mottak blir tatt hand om av skikka personar.
Ved at utlendingslova § 97 viser til politiregisterlova § 39, blir det obligatorisk for alle som skal arbeide eller ha oppgåver knytt til mindreårige i mottak å leggje fram barneomsorgsattest. Utvidinga av personkrinsen gjev ein ryddig og lett praktiserbar regel som kan motverke sprikande praksis frå mottak til mottak. Vidare vil attesten innehalde fleire straffebod enn tidlegare, til dømes lovbrot om narkotika, barnelokking, mishandling, vald, drap og menneskehandel. Lovbrota vil heller ikkje lenger vere avgrensa mot lovbrot retta mot mindreårige. Merknader om vedtatt førelegg eller dom for seksuelle overgrep mot mindreårige medfører eit yrkesforbod mot arbeid eller oppgåver i mottak, medan konsekvensane elles må bli vurdert konkret.