Prop. 103 L (2013–2014)

Endringar i utlendingsloven (politiattest ved tilsetjing i mottak)

Til innhaldsliste

3 Gjeldande rett

3.1 Utlendingslova

Utlendingslova § 97 første ledd slår fast at personar som skal tilsetjast i statlege asylmottak skal leggje fram «tilfredsstillende politiattest». Vidare kan ein krevje slik attest av «andre som utfører oppgaver for utlendingsmyndighetene, og som har direkte kontakt med barn og unge som oppholder seg i asylmottak». Andre ledd slår fast at det av politiattesten skal gå fram om vedkomande har vore sikta, tiltalt, pålagt førelegg eller dømt etter visse straffebod i straffelova. Straffeboda gjeld seksuelle overgrep der den fornærma er under 18 år, og omfattar §§ 192 (valdtekt), 193 (seksuell omgang ved misbruk av stilling m.m.), 194 (seksuell omgang med innsett i institusjon m.m.), 195 (seksuell omgang med barn under 14 år), 196 (seksuell omgang med barn under 16 år), 197 (seksuell omgang med slektning i nedstigande linje), 199 (seksuell omgang med barn under eins omsorg), 200 andre ledd (seksuell handling med barn under 16 år/lokke barn til uanstendig åtferd), 201 bokstav c (uanstendig åtferd i nærvære av barn under 16 år), 203 (å skaffe seg seksuell omgang med barn mot vederlag) eller 204 a (barnepornografi). Personar som er pålagt førelegg eller dømt etter desse straffeboda, er stengde ute frå å ta arbeid i mottak eller ta oppgåver for utlendingsmyndigheitene der dei har direkte kontakt med barn og unge som oppheld seg i mottak, jf. utlendingslova § 97 tredje ledd. Føremåla med føresegna var å verne barn og unge som søkjer asyl i Noreg mot overgrep og å skape ei tryggast mogleg ramme kring opphaldet i mottak.

3.2 Politiregisterlova

Politiregisterlova, som skal tre i kraft 1. juli 2014, regulerer politiet og påtalemyndigheita si handsaming av opplysningar. Av § 37 om formål som gir høve til å nytte politiattest, går det mellom anna fram at politiattest berre kan nyttast for å «utelukke fysiske og juridiske personer fra stilling, virksomhet, aktivitet eller annen funksjon» dersom «utelukkelse kan forhindre at personer begår overgrep mot eller har skadelig innflytelse på mindreårige, eller bidrar til å øke tilliten til at mindreårige tas hånd om av skikkede personer».

Lova tek vidare sikte på å standardisere politiattestar for personar som skal ha omsorg for eller oppgåver knytt til mindreårige (barneomsorgsattest). Politiregisterlova § 39 slår fast kva for straffbare forhold som normalt skal gå fram av ein slik attest. Regelen omfattar, som utlendingslova § 97, seksuelle overgrep mot barn. Av barneomsorgsattesten skal det i tillegg gå fram ulike former for grov valds- og vinningskriminalitet og seksuelle overgrep mot vaksne, jf. punkt 5 nedanfor. Politiregisterlova § 39 gjev ikkje sjølv heimel for å krevje slik politiattest; ho må bli gjennomført i særlovene for å oppnå den ynskte standardiseringa. Politiregisterlova gjeld på utlendingsrettens område.

3.3 Andre rettsområde

Det er ymse løysingar på kva slags konsekvensar merknader på politiattest skal få i særlovene. Barnevernlova § 6-10 (politiattest ved tilsetjing i barnevernstenesta m.m.) slår i fjerde ledd fast at personar med merknad knytt til straffelova §§ 162, 192, 193, 194, 195, 196, 197, 199, § 200 andre ledd, § 201 fyrste ledd bokstav c, §§ 201 a, 203, 204 a, 219, 224, § 229 andre og tredje straffalternativ, §§ 231, 233 og 268, jf. § 267, ikkje skal få moglegheit til å ha oppgåver overfor mindreårige. Med andre ord vil alle merknader i attesten automatisk medføre diskvalifikasjon frå arbeid med barn etter denne regelen.1

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet gjekk i forarbeidet til lova, Prop. 40 L (2010–2011), bort frå forslaget i høyringsbrevet om at også merknader knytt til narkotikalovbrot og ran- og valdskriminalitet som hovudregel skulle medføre diskvalifikasjon, men med ein snever unntaksregel. Grunngjevinga var hovudsakleg at ein unntaksregel ville vere vanskeleg å praktisere, og at arbeidsgjevarar truleg sjeldan ville ta sjansen på å ta den i bruk. Eit stortingsfleirtal var samd i dette.

Opplæringslova § 10-9 (politiattest ved tilsetjing i grunnskulen m.m.) slår i tredje ledd fast at personar som er dømde for seksuelle overgrep mot mindreårige, ikkje kan tilsetjast fast eller mellombels i grunnskulen eller i musikk- og kulturskulen, i skulefritidsordninga, for å gje leksehjelp eller i skuleliknande aktivitetstilbod. I andre tilfelle må konsekvensane av merknader på politiattesten vurderast konkret. Det vil seie at det for vidaregåande opplæring er opp til tilsetjingsmyndigheita om ein merknad i ein politiattest om seksuelle overgrep mot mindreårige skal få tyding i ei konkret tilsetjingssak. Kva for konsekvensar merknader knytt til dei «nye» straffeboda skal få, altså dei som ikkje gjeld seksuelle overgrep mot mindreårige, jf. politiregisterlova § 39, har lovgjevar også latt vere opp til arbeidsgjevar sitt skjønn.

Skjønnsregelen frå opplæringslova er fylgt opp i barnehagelova § 19 (politiattest ved tilsetjing i barnehage). I Prop. 120 L (2012–2013) foreslo Kunnskapsdepartementet å innføre ein regel som opnar for skjønn når det gjeld merknader knytt til dei straffeboda som ikkje spesifikt gjeld seksuelle overgrep mot barn. Forslaget blei vedteke av Stortinget, og barnehagelova § 19 tredde i kraft 1. august 2013. Yrkesforbodet for tilsette i barnehagar gjeld såleis berre for personar som er dømde for seksuelle overgrep mot mindreårige.

Fotnotar

1.

Den som skal bli godkjent som fosterforelder eller ta imot barn som avlastningstiltak, må leggje frem utømmande og utvida politiattest i samsvar med politiregisterlova § 41, jf. barnevernlova § 6-10 tredje ledd. Merknader relatert til forhold som nemnt i politiregisterlova § 39 vil også for denne gruppa gje automatisk forbod mot oppgåver knytt til mindreårige. For andre merknader vil forbodet berre gjelde dersom merknaden kan skape tvil om vedkommande er eigna for oppgåva (som fosterforelder eller avlastning), jf. barnevernlova § 6-10 fjerde ledd.