2 Bakgrunn for lovforslaget
2.1 Historikk
I 2009 sende dåverande Justis- og politidepartementet brev til dei andre departementa med oppmoding om å vurdere behovet for endringar i spesiallovgivinga som følgje av ny politiregisterlov, som da var under førebuing. Det vart særleg pekt på behovet for endringar på grunn av forslaget om såkalla barneomsorgsattester – ei politiattest for personar som har omsorg for eller oppgåver knytt til mindreårige. Bakgrunnen for dette forslaget var mellom anna eit ynskje om einskapleg vandelskontroll for denne gruppa.
Føresegna om barneomsorgsattest i politiregisterlova gjev ikkje i seg sjølv heimel for å krevje slik politiattest, det regulerast i særlovene. Det var difor nødvendig å gjennomføre føresegna i dei særlovene som gir heimel for å krevje politiattest til den personkrinsen det her er tale om, som til dømes utlendingslova § 97.
2.2 Høyringa
Justis- og beredskapsdepartementet sende forslag om endring i utlendingslova på høyring 17. desember 2013, til fylgjande høyringsinstansar:
Departementa
Arbeids- og velferdsdirektoratet (NAV)
Barneombodet
Datatilsynet
Domstoladministrasjonen
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi)
Likestillings- og diskrimineringsombodet
Nasjonalt identitets- og dokumentasjonssenter (NID)
Norad
Politidirektoratet (POD)
Politiets tryggingsteneste (PST)
Regjeringsadvokaten
Riksadvokaten
Språkrådet
Stortingets ombodsmann for forvaltninga
Utlendingsdirektoratet (UDI)
Utlendingsnemnda (UNE)
Fylkesmennene
Advokatforeningen
Akademikerne
Amnesty International Noreg
Antirasistisk Senter
Arbeidarpartiet
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Bispedøma (11 stykk)
Demokratane
Den norske dommerforening
Den norske kyrkja – Kyrkjerådet
Det liberale folkepartiet
Fagforbundet
Fagleg forum for kommunalt flyktningarbeid
Flyktninghjelpen
Framstegspartiet
Helsingforskomitéen
Hovedorganisasjonen Virke
Human Rights Service (HRS)
Høgre
Innvandrernes Landsorganisasjon (INLO)
Islamsk Råd
Juridisk Rådgiving for Kvinner (JURK)
Juss-Buss
Jussformidlinga
Kontoret for fri rettshjelp
Kristeleg Folkeparti
Kristent Interkulturelt Arbeid (KIA)
Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon (KS)
Kystpartiet
Landsorganisasjonen i Norge (LO)
Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU)
Miljøpartiet Dei Grøne
MiRA Ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner
Norges Juristforbund
Noregs Kommunistiske Parti
Noregs politilederlag
Norsk Folkehjelp
Norsk Innvandrerforum
Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS)
Norsk senter for menneskerettar (SMR)
Norsk Tjenestemannslag (NTL)
Næringslivets hovudorganisasjon (NHO)
Organisasjonen mot offentleg diskriminering (OMOD)
Pensjonistpartiet
Peoplepeace
Politiets Fellesforbund
Politijuristane
PRESS – Redd Barna Ungdom
Redd Barna
Rettspolitisk foreining
Raude Kors
Raudt
Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn
Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF)
Seniorsaken
Senterpartiet
SOS Rasisme
Sosialistisk Venstreparti
UNHCR Stockholm
Unio – Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede
Venstre
Vergeforeningen
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS)
Då høyringsfristen gjekk ut 14. februar 2014, hadde fylgjande instansar uttalt seg om realiteten i forslaget:
Advokatforeningen
Amnesty International Noreg
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD)
Barneombodet
Driftsoperatørforum
Likestillings- og diskrimineringsombodet
Norsk senter for menneskerettar (SMR)
Næringslivets hovudorganisasjon (NHO)
Politidirektoratet (POD)
Politiets Fellesforbund
Politiets tryggingsteneste (PST)
Riksadvokaten
Redd Barna
Utlendingsdirektoratet (UDI)
Vergeforeningen Følgesvennen
Fylgjande høyringsinstansar svarte utan merknader:
Arbeids- og sosialdepartementet
Arbeids- og velferdsdirektoratet (NAV)
Datatilsynet
Den norske kyrkja - Kyrkjerådet
Domstoladministrasjonen
Fagforbundet
Forsvarsdepartementet
Helse og omsorgsdepartementet
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi)
Jussformidlinga
Kunnskapsdepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Landsorganisasjonen i Norge (LO)
Mellomkyrkjeleg råd
Miljøverndepartementet
Regjeringsadvokaten
Samferdselsdepartementet
Utanriksdepartementet