Prop. 103 L (2013–2014)

Endringar i utlendingsloven (politiattest ved tilsetjing i mottak)

Til innhaldsliste

5 Forslaget i høyringsbrevet

To av føremåla med endringa er, jf. «mønsterføresegna» i politiregisterlova § 39, å sikre ein einskapleg vandelskontroll og å styrke vernet for mindreårige. For meir om dei generelle omsyna bak ein særskild politiattest for personar som skal ha omsorg for eller oppgåver knytt til mindreårige, sjå Ot.prp. nr. 108 (2008–2009) Om lov om behandling av opplysninger i politiet og påtalemyndigheten (politiregisterloven) punkt 12.5.

I høyringsbrevet frå 17. desember 2013 om endring i utlendingslova foreslo Justis- og beredskapsdepartementet å endre utlendingslova § 97 ved ei tilvising til politiregisterlova § 39 om barneomsorgsattest. Alternativt kunne ein ha valt å gjengi innhaldet i politiregisterlova § 39 i utlendingslova § 97, noko som ville ha sikra betre tilgjengelegheit (innhaldet i politiattesten går direkte fram av særlova). Men seinare endringar i politiregisterlova § 39 ville alltid ha kravd endringar i utlendingslova, med tilhøyrande risiko for ikkje å fange opp alt. Oppramsinga av straffebod i politiregisterlova § 39 er dessutan svært omfattande, noko som også talar for den valde gjennomføringsmetoden.

Tilpassinga til politiregisterlova inneber at den politiattesten personar som skal bli tilsett eller skal utføre oppgåver i mottak legg fram, vil innehalde nokre fleire straffebod enn tidlegare. I tillegg til dei straffeboda som er nemnt i gjeldande utlendingslov § 97, omfattar politiregisterlova § 39 §§ 162 (narkotika), 201 a (barnelokking), 219 (mishandling av nærståande), 224 (menneskehandel), 229 andre og tredje straffalternativ (lekamsskading med skadefølgje), 231 (grov lekamsskading), 233 (drap) og 268, jf. 267 (ran). Barneomsorgsattesten skal omfatte alle dei ovannemnde lovbrota og er ikkje lenger avgrensa til lovbrot retta mot mindreårige. Dei fleste nye straffeboda vert merkte med tidsavgrensing.1

Vidare skal personar som ikkje er tilsette i mottaket, men som skal utføre oppgåver for utlendingsmyndigheita og ha direkte kontakt med mindreårige i mottak, leggje fram politiattest. I dag er kravet at det kan krevjast politiattest frå desse.

Merknader om vedtatt førelegg eller dom for seksuelle overgrep mot mindreårige medfører automatisk forbod mot arbeid i mottak, medan konsekvensane elles må bli vurdert konkret.

Fotnotar

1.

I politiregisterlova § 39 første ledd andre punktum får seksualbrotsverk, (med unntak av straffelova § 203) og drap verknad utan tidsavgrensing bakover i tid, medan dei andre føresegnene, (§§ 162, 203, 219, 224, 229 andre og tredje straffalternativ, §§ 231 og 268, jf. 267), får verknad som i ein ordinær attest med tidsavgrensing på tre år tilbake i tid.