Prop. 17 S (2014–2015)

FOR BUDSJETTÅRET 2015 Fullmakt til å ta opp statslån o.a.

Til innhaldsliste

Forslag
til vedtak om fullmakt til å ta opp statslån o.a.

I

Finansdepartementet får fullmakt til å ta opp nye langsiktige innanlandske statslån i 2015 til eit beløp av 100 000 mill. kroner.

II

Finansdepartementet får fullmakt til å ha uteståande kortsiktige marknadslån til eit beløp av 125 000 mill. kroner i 2015.

III

Finansdepartementet får fullmakt i 2015 til å ta imot innskot i form av kontolån frå statsinstitusjonar og statlege fond, og frå institusjonar som ved særlege høve kan bli pålagde å plassere likviditet som kontolån til staten.

IV

Finansdepartementet får fullmakt til å inngå rentebyteavtalar og tilsvarande derivatavtalar i 2015.