1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. […]/[…] av […] om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane
EØS-KOMITEEN HAR –
med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla «EØS-avtala», særleg artikkel 86 og 98, og
på følgjande bakgrunn:
1) Samarbeidet mellom partane i EØS-avtala bør utvidast til å omfatte europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 254/2014 av […] 2014 om eit fleirårig forbrukarprogram for 2014–2020, og om oppheving av avgjerd nr. 1926/2006/EF(1).
2) Protokoll 31 til EØS-avtala bør difor endrast for å gjere eit slikt utvida samarbeid mogeleg frå 1. januar 2014 –
TEKE DENNE AVGJERDA:
Artikkel 1
I artikkel 6 i protokoll 31 til EØS-avtala vert det gjort følgjande endringar:
1. Etter nr. 3a skal nytt nr. 3b lyde:
«3b. EFTA-statene skal med virkning fra 1. januar 2014 delta i følgende program:
– 3[…] R […]: Europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. […]/2014 av 11. februar 2014 om eit fleirårig forbrukarprogram for 2014–2020, og om oppheving av avgjerd nr. 1926/2006/EF (EUT L […] av […] 2014, s. […]).
Liechtenstein skal være unntatt fra å delta i og bidra finansielt til programmet.»
2. Teksta i nr. 4 skal lyde:
3. Teksta i nr. 5 skal lyde:
«EFTA-statene skal fra den dagen samarbeidet om virksomheten nevnt i nr. 3, 3a og 3b innledes, delta fullt ut i de EF-komiteer og øvrige organer som bistår Kommisjonen i å forvalte eller utvikle denne virksomheten.»
Artikkel 2
Denne avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 12 i EØS-avtala.
Den skal nyttast frå 1. januar 2014.
Artikkel 3
Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for den europeiske unionen.
Utferda i Brussel, […]
For EØS-komiteen
[…]