3 Nærmare om Forbrukarprogrammet 2014–2020
Føremålet med Forbrukarprogrammet er å sikre eit høgt nivå på forbrukarvernet, å styrkje forbrukarane og å setje dei i sentrum av den indre marknaden. Dette skal skje innanfor rammeverket for ein heilskapleg strategi for smart, berekraftig og inkluderande vekst. Programmet vil gjere dette ved å medverke til å verne om helsa, tryggleiken og dei juridiske og økonomiske interessene til forbrukarane. Det vil også medverke til å fremje den retten forbrukarane har til informasjon, utdanning og kunnskap og til å organisere seg for å ta hand om interessene sine. Programmet skal også støtte integreringa av forbrukarinteressene på andre politikkområde.
Programmet vil utfylle, støtte og følgje med på politikken til medlemsstatane på området. Kommisjonen legg vekt på å føre vidare arbeidet som ligg i programmet for 2007–2013.
Det nye programmet har følgjande fire hovudmål:
Tryggleik: Konsolidere og styrkje produkttryggleiken gjennom effektiv overvaking av marknaden.
Dette vil særleg bli målt gjennom aktiviteten til og effektiviteten av EU-systemet for snøgg varsling om farlege produkt (RAPEX).
Forbrukarinformasjon og -utdanning og støtte til forbrukarorganisasjonar: Å betre kunnskapane til forbrukarane og deira informasjon om og kjennskap til rettar, og å utvikle ein kunnskapsbase for forbrukarpolitikken og gje støtte til forbrukarorganisasjonar. Det skal takast særleg omsyn til sårbare forbrukarar.
Rettar og oppfylling av rettar: Å utvikle og konsolidere rettane til forbrukarane, særleg gjennom eit smart regelverk og betre tilgang til enkel, effektiv, snøgg og rimeleg løysing av tvistar, medrekna alternativ tvisteløysing.
Dette vil særleg bli målt ved tilgangen til alternativ tvisteløysing for å få løyst grensekryssande tvistar, ved aktiviteten i det felleseuropeiske systemet for løysing av tvistar over nettet og ved prosentdelen av forbrukarar som gjer noko for å få løyst problema sine.
Handheving: Støtte handhevinga av forbrukarrettar ved å styrkje samarbeidet mellom nasjonale handhevingsorgan og ved å støtte informasjon til forbrukarane.
Dette vil særleg bli målt ved nivået på informasjonsflyten og effektiviteten i det europeiske nettverket for samarbeid om handheving av forbrukarregelverk, aktiviteten til dei europeiske forbrukarsentra og etter kor godt sentra er kjende av forbrukarane.
Vedlegg II til europaparlaments- og rådsforordninga inneheld indikatorar for å måle om måla blir nådde. Kommisjonen skal innan 30. september 2017 utarbeide ein rapport om mellom anna måloppnåing.
Som for det førre programmet skal mykje av det administrative og operative arbeidet setjast ut til ei eiga avdeling i EU-byrået for helse og forbrukarar, som vert leidd av Kommisjonen (Executive Agency for Health and Consumers).
Midlane under programmet skal etter artikkel 4 i forordninga nyttast til å finansiere verksemd på følgjande område:
Tryggleik:
Vitskapeleg rådgjeving og risikoevaluering. Koordinering av marknadstilsyn og handheving.
Vedlikehald og vidareutvikling av kosmetikkdatabasar.
Forbrukarinformasjon og -utdanning og støtte til forbrukarorganisasjonar:
Bygging og utvikling av ein kunnskapsbase som grunnlag for utvikling av politikk, smart og målretta regulering og integrering av forbrukarinteressene på andre politikkområde.
Økonomisk støtte til europeiske paraplyorganisasjonar for forbrukarinteresser og anna støtte til nasjonale og regionale forbrukarorganisasjonar.
Styrkje klarleiken i forbrukarmarknaden og informasjonen til forbrukarane, sikre at forbrukarane har samanliknbar, påliteleg og lett tilgjengeleg informasjon, slik at dei kan samanlikne ikkje berre prisar, men òg kvalitet og om produkta er berekraftige.
Styrkje forbrukarutdanning og -kunnskap som livslang læring, med særleg vekt på sårbare forbrukarar.
Rettar og oppfylling av rettar:
Førebuing av nytt regelverk, overvaking av medlemsstatane si gjennomføring av regelverket og etterfølgjande evaluering av gjeldande regelverk. Fremjing av samregulering og sjølvregulering og kva slags effekt det har på forbrukarmarknadene.
Tilrettelegging for alternativ tvisteløysing for forbrukarar. Dette omfattar eit felleseuropeisk system for tvisteløysing over Internett og samarbeid mellom nasjonale tvisteløysingsorgan. Det skal takast særskilt omsyn til tiltak for sårbare forbrukarar. Tiltaka omfattar òg overvaking av effektiviteten av systema, utvikling av IT-verktøy og utveksling av praksis.
Handheving:
Koordinering av overvaking og handheving innanfor ramma av det felleseuropeiske samarbeidet (CPC-nettverket).
Økonomisk støtte til felleseuropeiske tiltak for oppfylling av forbrukarrettar, gjennom samarbeid i nettverk mellom offentlege eller ideelle organ som gjev råd og hjelp til forbrukarane slik at dei kan få tilgang til tvisteløysing (European Consumer Centres Network).
Ei meir detaljert oversikt finst i vedlegg I til forordninga.
Programmet har eit budsjett på totalt 188 829 000 euro for heile sjuårsperioden. Den årlege ramma startar på 24 053 000 euro i 2014 og stig til 30 082 000 euro i 2020.
I Kommisjonen sitt framlegg til arbeidsprogram for 2014 er det planlagt brukt 22,1 millionar euro, medrekna 600 000 frå EØS/EFTA-statane. Av desse vil 9 950 000 vere tilskot og 11,4 millionar offentlege innkjøp.
Etter framlegget skal midlane fordelast slik på dei ulike hovudmåla:
Tryggleik: ca. 4 millionar euro
Informasjon, kunnskap og utdanning: ca. 8,2 millionar euro
Rettar og oppfylling av rettar: ca. 2,6 millionar euro
Handheving: ca. 7,3 millionar euro