Tilråing
Utanriksdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av forordning (EU) nr. 254/2014 om eit fleirårig forbrukarprogram for 2014–2020 (Forbrukarprogrammet 2014–2020).
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av forordning (EU) nr. 254/2014 om eit fleirårig forbrukarprogram for 2014–2020 (Forbrukarprogrammet 2014–2020) i samsvar med eit vedlagt forslag.