6 Administrative og økonomiske konsekvensar
Avgjerda i EØS-komiteen om å delta i programmet vil innebere ei plikt for Noreg til å bidra til finansiering av programmet.
Det tredje forbrukarprogrammet (2007–2013) hadde ei total ramme på 156,8 millionar euro, som svarer til ei gjennomsnittleg årleg ramme på ca. 22 millionar euro.
Ramma til det nye (fjerde) forbrukarprogrammet (2014–2020) er på 188 829 000 euro, som svarer til eit snitt på 26 975 000 euro per år fordelt på sju år. Den årlege ramma startar på 24 053 000 euro i 2014 og stig til 30 082 000 euro i 2020.
Programkontingenten for EØS/EFTA-statane vil venteleg bli 5 665 000 euro over sju år. Berre Noreg og Island vil delta i programmet. Noreg sin del av delen til EØS/EFTA-statane er på om lag 96 %. Den årlege kontingenten vil svinge med valutakursen og dei årlege budsjettavgjerdene til EU. Etter ein eurokurs på 8,6 og den fordelingsnøkkelen som gjeld i dag, vil den norske deltakinga i programmet koste 6 037 200 kroner i 2014, stigande til 7 559 400 kroner i 2020. I tillegg kjem utgiftene til ein nasjonal ekspert som Noreg vil bidra med.
Utgiftene til norsk deltaking i forbrukarprogrammet og den nasjonale eksperten på fagområde som er knytte til programmet, vil bli dekte innanfor rammene av budsjettet til Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, kap. 865 post 79 og kap. 800 post 21. I Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjettet for 2014 er det teke høgde for utgiftene til deltaking i forbrukarprogrammet og til ein nasjonal ekspert, jf. Prop. 1 S (2013–2014).
Gjennomføring av forordninga vil ikkje føre til endringar i norske lover eller føresegner.