Prop. 95 L (2009-2010)

Endringar i opplæringslova og privatskolelova (leksehjelp m.m.)

Til innhaldsliste

1 Innleiing

1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Denne proposisjonen inneheld forslag til endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) og i lov 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett til statstilskot (privatskolelova).

Det blir foreslått følgjande endringar:

  • I opplæringslova og privatskolelova: Lovfeste plikt for skoleeigarane til å tilby elevar på 1.-4. årstrinn leksehjelp

  • I opplæringslova og privatskolelova: Endre føresegnene om bortvising av elevar

  • I opplæringslova og for privatskolar: Lovfeste rett til skyss for funksjonshemma til og frå skolefritidsordninga

  • I privatskolelova: Lovfeste plikt for private skolar til foreldresamarbeid

  • I opplæringslova: Endre § 9-4 om lærebøker og andre læremiddel (språknorm)

  • I opplæringslova: Endre føresegnene om utlysing av stilling ved tilsetjing av deltidstilsette med fortrinnsrett

  • I opplæringslova: Endre nemninga kompetanse på lågare nivå til grunnkompetanse

  • I opplæringslova: Innføre krav om politiattest ved tilsetjing i musikk- og kulturskolar

  • I opplæringslova § 13-7: Endre sjette ledd (tekniske endringar)

Bakgrunnen for forslaga blir nærmare utdjupa i omtalen av kvart enkelt av dei i proposisjonen.

Departementet tek sikte på at lovendringane skal tre i kraft 1. august 2010.

Når det gjeld forslaget om rett til skyss for funksjonshemma til og frå skolefritidsordning, tek departementet sikte på at dette skal tre i kraft seinast 1. januar 2011.

1.2 Høringane

Høringsbrev vedlagt høringsnotat med forslaget om å endre føresegnene i opplæringslova og privatskolelova om bortvising vart sendt til høring 5. juni 2009 med frist for fråsegn 6. oktober 2009. Det kom inn 95 høringsfråsegner.

Høringsbrev vedlagt høringsnotat med forslaget i privatskolelova om å lovfeste plikt til foreldresamarbeid for private skolar, endre omgrepet kompetanse på lågare nivå til grunnkompetanse i opplæringslova, lovfeste unntak frå plikta til utlysing av stillingar for deltidstilsette med fortrinnsrett i opplæringslova, og å oppdatere opplæringslova § 9-4 om lærebøker og andre læremiddel, vart sendt til høring 11. september 2009 med frist for fråsegn 11. desember 2009. Det kom inn 54 høringsfråsegner.

Høringsbrev vedlagt høringsnotat med forslaget om å endre føresegnene i opplæringslova og privatskolelova ved å innføre plikt for skoleeigarane til å tilby elevar på 1.-4. årstrinn leksehjelp, innføre rett til skyss for funksjonshemma til og frå skolefritidsordninga, innføre krav om politiattest ved tilsetjing i musikk- og kulturskolar og å endre opplæringslova § 13-7 sjette ledd (tekniske endringar), vart sendt til høring 2. november 2009 med frist for fråsegn 31. desember 2009. Det kom inn 127 høringsfråsegner.

Synspunkta frå høringsinstansane til dei enkelte forslaga er nærmare oppsummerte under omtalen av kvart forslag.

Høringsnotata vart sende til desse instansane:

Departementa

Fylkeskommunane

Fylkesmennene

Kommunane

Akademikarane

Aktive foreldre

Arbeidsgivarforeininga NAVO

Barneombodet

CULCOM v/UiO (Kulturell kompleksitet i det nye Noreg)

Datatilsynet

Det utdanningsvitskaplege fakultet, UiO

Dysleksiforbundet

Elevorganisasjonen

FAFO

Faglege råd v/Utdanningsdirektoratet

Fellesorganisasjonen for barnevernspedagogar, sosionomar og vernepleiarar

Forbrukarombodet

Forbrukarrådet

Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG)

Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO)

Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH)

Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede (Unio)

Innvandrernes Landsorganisasjon (INLO)

Institutt for samfunnsforsking (ISF)

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og myndigheitene (KIM)

Kristne friskolers forbund (KFF)

KS (Kommunesektorens interesse- og arbeidsgivarorganisasjon)

Landslaget Fysisk Fostring i Skolen

Landslaget for udelt og fådelt skole (LUFS)

Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar

Landsorganisasjonen i Noreg (LO)

Likestillings- og diskrimineringsombodet

Longyearbyen lokalstyre

Lærernes Yrkesforbund

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT)

Nasjonalt Senter for fleirkulturell opplæring (NAFO)

Nettverket av samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

NIFU STEP

Noregs Forskingsråd

Noregs Handicapforbund

Norske fag- og friskolers forbund

Norsk Forbund for Utviklingshemma (NFU)

Norsk foreldrelag for funksjonshemma

Norsk Forbund for fjernundervisning

Norsk innvandrarforum

Norsk Kulturskoleråd

Norsk Lektorlag

Norsk Montessoriforbund

Norsk senter for fleirkulturell verdiskaping

Norsk Skoleleiarforbund

Norsk Studentunion

NOVA

Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)

Opplysningstenesta for heimeundervisning

Private Barnehagers Landsforbund (PBL)

Private grunnskolar

Private skolar med rett til statstilskot

Privatskoleorganisasjonane

Riksarkivet

Riksrevisjonen

Samarbeidsforum for Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (SAFO)

Sametinget

Samnemnda for NF og NKF

Samordna opptak

SEFIA, Høgskolen i Oslo

Senter for interkulturell kommunikasjon

Senter mot etnisk diskriminering

Sivilombodsmannen

Skolenes landsforbund

Språkrådet

SRY v/Utdanningsdirektoratet

Statens lånekasse for utdanning

Statens råd for funksjonshemma

Statistisk sentralbyrå (SSB)

Statlege grunnskolar og vidaregåande skolar

Steinerskolane i Noreg

Studentenes Landsforbund

Sysselmannen på Svalbard

Utdanningsdirektoratet

Utdanningsforbundet

Utdanningsgruppenes hovudorganisasjon

Utlendingsdirektoratet (UDI)

Universitet/Høgskolar

Universitets- og høgskolerådet

VOX - Vaksenopplæringsinstituttet

Vaksenopplæringsforbundet (VOFO)

Yrkesorganisasjonanes Sentralforbund (YS)

Til forsida