9 Forslag om å innføre krav om politiattest ved musikk- og kulturskolar
9.1 Bakgrunnen for lovforslaget
Det skal krevjast politiattest ved tilsetjing av personar i grunnskole og vidaregåande opplæring. Føresegna vart teken inn i opplæringslova da det vart innført skolestart for seksåringane hausten 1997. Politiattest skal også krevjast ved tilsetjingar i skolefritidsordningar og i private skolar. Noka føresegn med krav om politiattest ved tilsetjingar i musikk- og kulturskolar finst ikkje, sjølv om musikk- og kulturskoletilbodet også er eit tenestetilbod som er regulert i opplæringslova (§ 13-6), og som kommunane er pliktige til å ha.
At det ikkje gjeld noko krav om politiattest i musikk- og kulturskoletilbodet på same måten som i grunnopplæringa og skolefritidsordninga, er frå fleire hald blitt påpeikt som urimeleg og ulogisk. For å vareta tryggleiken for denne elevgruppa blir det hevda at det må stillast tilsvarande krav om politiattest for personar som blir tilsette i musikk- og kulturskolane. Departementet ser på denne bakgrunn at det er behov for å vurdere om noko kan gjerast med denne mangelen i lovverket.
9.2 Gjeldande rett
Føresegnene i opplæringslova om politiattest er tekne inn i lova § 10-9, der første ledd gjeld grunnskolen. Her heiter det at den som skal tilsetjast i grunnskolen, må leggje fram politiattest. Attesten skal vise om vedkommande er sikta, tiltalt eller dømt for seksuelle overgrep mot barn. Er ein dømd for eit slikt overgrep, kan ein ikkje bli tilsett i grunnskolen. Det inneber altså eit yrkesforbod.
I andre ledd heiter det at kommunen kan krevje politiattest også for andre personar som regelmessig oppheld seg i grunnskolen. Denne føresegna vart innført for å kunne krevje politiattest framlagd også av personar som m.a. arbeider i skolefritidsordninga. Det må antakast at føresegna også kan brukast for f.eks. vaktmeister- og reingjeringspersonell.
Tredje ledd seier at den som skal tilsetjast i vidaregåande skole, også må leggje fram politiattest. Attesten skal vise om vedkommande er sikta, tiltalt eller dømd for seksuelle overgrep. For vidaregåande opplæring er det altså ikkje noko krav at det seksuelle overgrepet skal vere retta mot barn. Men for vidaregåande opplæring er det heller ikkje noko forbod mot å bli tilsett i skolen dersom ein er dømd for eit overgrep. Kva for konsekvensar ein slik dom skal få i desse tilfella, er noko tilsetjingsmyndigheita må vurdere i kvart enkelt tilfelle.
Dei omtalte reglane er gitt tilsvarande bruk ved tilsetjingar i skolefritidsordninga. Dette følgjer av opplæringslova § 13-7 sjette ledd.
For private skolar med rett til statstilskot følgjer kravet om politiattest av privatskolelova § 4-3. Denne føresegna er likelydande med opplæringslova § 10-9. Elles er det gitt utfyllande føresegner i forskrifta til opplæringslova og i forskrifta til privatskolelova, m.a. om kva for straffebod som omtaler seksuelle overgrep nemnde i lovføresegnene om politiattest.
Føresegnene om politiattest i opplæringslova er derimot ikkje gjorde gjeldande for tilsetjingar i musikk- og kulturskolar, jf. opplæringslova § 13-6. Departementet kan heller ikkje sjå at andre føresegner kan brukast som heimel for å krevje politiattest i desse tilfella. I § 12 nr. 5 i forskrifta til strafferegistreringslova heiter det at Politidirektoratet i «andre tilfelle» kan samtykkje til at det blir utferda politiattest. Dette er ei unntaksføresegn som sjeldan blir brukt, og ein er avhengig av å innhente samtykke frå Politidirektoratet i kvart enkelt tilfelle. Føresegna er derfor ueigna som permanent heimel for krav om politiattest for tilsetjingar i desse skolane.
9.3 Høringa
9.3.1 Høringsforslaget frå departementet
Det blir foreslått å ta inn i føresegnene om musikk- og kulturskolar i opplæringslova § 13-6 ei tilvising til føresegnene om politiattest i § 10-9.
Kap. 15 i forskrifta til opplæringslova må utvidast korresponderande med den utvidinga som her blir foreslått for opplæringslova.
9.3.2 Synspunkt frå høringsinstansane
Av 66 høringsinstansar som har gitt fråsegn, har 19 ingen kommentarar.
29 høringsinstansar støttar forslaget utan nærmare grunngiving.
Desse er fire fylkesmenn, ein fylkeskommune, 18 kommunar, Barneombodet, Likestillings- og diskrimineringsombodet, KS, Universitets- og høgskolerådet, Fagforbundet og Statens råd for likestilling av funksjonshemma. Ei av fråsegnene er ei fellesfråsegn frå fleire kommunar, slik at det reelt sett er fleire enn 29 høringsinstansar som har gitt tilslutning utan nærmare grunngiving.
18 høringsinstansar støttar forslaget, men med klare atterhald og føresetnader for å gi støtte. Desse er Forbrukar- og administrasjonsdepartementet (FAD), Datatilsynet, Utdanningsdirektoratet, LO, Utdanningsforbundet, Norsk kulturskoleråd, Musikernes fellesorganisasjon, Norsk skolelederforbund, ni kommunar og Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG).
Dei fleste høringsinstansane gir ei kortfatta grunngiving, der dei seier at det verkar naturleg, logisk og rimeleg at same krav skal gjelde i dette skoleslaget som i skolen og skolefritidsordninga. Fleire av dei peiker på at behovet for vern her er like sterkt som i ordinær skole.
LO peiker på at overgrep ikkje først og fremst kan førebyggjast gjennom krav om framlegging av politiattest, men gjennom holdningsskapande arbeid og medvit omkring problemet.
Oslo kommune ønskjer at det skal innførast ein meir generell heimel for framlegging av politiattest. Etter kommunen sitt syn bør denne vere slik at han også kan brukast som heimel ved tilsetjingar for andre arrangement i regi av skolemyndigheita. Sommarskolen, som Oslo kommune arrangerer kvar sommar, er nemnd som eksempel på eit slikt arrangement.
Norsk kulturskoleråd ønskjer at kravet ikkje berre skal gjelde nytilsette, men også dei som allereie er tilsette. Det blir peikt på at dette er ordninga for den frivillige organisasjonen Norges Musikkorps Forbund, som fekk eit slikt krav innført med verknad frå 1. oktober 2009. Same høringsinstans peiker også på at det er ønske om ei ordning som i vidaregåande opplæring, dvs. at seksuelle overgrep i seg sjølv må være nok, ikkje slik at dei må vere gjorde overfor barn. Grunngivinga er at målgruppa for kulturskolen m.o.t. alder er større enn for grunnskolen.
Utdanningsdirektoratet synest det er lite tilrådeleg at det berre er foreslått innført ei «kan»-føresegn for dei som regelmessig oppheld seg i musikk- og kulturskolen, dvs. at kommunen for desse «kan» krevje attest framlagd. Direktoratet meiner at det også for desse bør innførast ei «skal»-føresegn, dvs. at det blir innført plikt for kommunen til å krevje slik attest framlagd.
Både FAD og Datatilsynet har ein del prinsipielle vurderingar omkring problematikken med å krevje politiattest.
FAD uttaler:
«Fornyings- og administrasjonsdepartementet (FAD) har merknader vedrørende krav om politiattest i musikk- og kulturskoler, og viser i denne anledning til tidligere merknad i saken i brev av 12.10.09.
FAD har tidligere bemerket at et krav om politiattest utfordrer uskyldspresumpsjonen som i tillegg til domfellelse skal inneholde opplysninger om siktelse og tiltale. Vi registrerer at Kunnskapsdepartementet henviser til en vurdering i Justisdepartementet i forbindelse med ny politiregisterlov. Vi ønsker å påpeke betydningen av at det foretas en reell nytte- og konsekvensvurdering i denne forbindelse, slik at personvernet ikke blir tilsidesatt i større grad enn nødvendig.»
Datatilsynet uttaler:
«Datatilsynet ønsker å påpeke viktigheten av at det gjøres en konkret vurdering av de yrker /persongrupper som det ønskes oppstilt krav om politiattest for. I vurderingen må hensynene som taler for krav om politiattest veies opp mot personvernulempene forslaget medfører. Det er tidligere gjort konkrete vurderinger av behovet i forbindelse med ansettelse i grunnskole og videregående skole, skolefritidsordningen og her musikk- og kulturskolen.
Datatilsynet mener på prinsipielt grunnlag at det er sentralt at individet har en mulighet til reell resosialisering. Det vises til Justis- og politidepartementets høringsbrev av 12.02.2008 om politiattest for personer som skal ha oppgaver knyttet til mindreårige og Datatilsynets høringsuttalelse i den forbindelse.
Datatilsynet ser likevel at det kan være uheldig og ulogisk å ikke oppstille samme vern på dette område for elever ved musikk og kulturskoler, som ved ansettelse ved grunnskolen, videregående skole og skolefritidsordningen.
Det gjøres oppmerksom på at personopplysningsloven oppstiller krav til blant annet når i ansettelsesprosessen politiattest kan innhentes og sletting av disse. Det kan kun innhentes politiattest på den personen som er aktuell for ansettelse, ikke alle som har søkt stillingen.
Videre skal politiattest ikke oppbevares lenger enn til formålet med innhentingen er oppfylt, jf. personopplysningsloven § 28. Arbeidsgiver skal som hovedregel slette politiattesten når den er kontrollert. Det kan imidlertid registreres / noteres at vandel er kontrollert og funnet tilfredsstillende i personalmappen eller på ansettelsesbeviset.
Som påpekt i høringsnotatet må reglene om bruk av politiattest vurderes i et bredere perspektiv når forslaget om ny politiregisterlov er behandlet av Stortinget.»
Ingen høringsinstansar går imot forslaget om innføring av politiattest for musikk- og kulturskolane.
9.4 Vurderingar og forslag frå departementet
Etter departementet sitt syn må same krav om politiattest gjelde for barn ved musikk- og kulturskoletilboda, omtalte i opplæringslova § 13-6, som for elevar i skolen og i skolefritidsordninga.
Dei same omsyna og dei same vurderingane av personvernspørsmålet gjer seg gjeldande. Departementet har merkt seg dei vurderingane som FAD og Datatilsynet har gjort gjeldande i sine fråsegner, og er ikkje usamde i dei. Departementet meiner at omsynet til eleven må vege tyngre enn dei personvernmessige ulempene med forslaget. Dette har Stortinget tidlegare sagt seg samd i ved å vedta føresegner om politiattest for skole og skolefritidsordning. Etter departementet si vurdering bør det gjelde same krav om framlegging av politiattest for alle tilbod som er regulerte i opplæringslova. Ulikskapen som i dag eksisterer når det gjeld musikk- og kulturskolar, er påpeikt som uheldig frå fleire hald.
Når forslaget til ny politiregisterlov, fremja hausten 2009 av Justisdepartementet (JD), er behandla av Stortinget, vil departementet måtte vurdere reglane om politiattest i opplæringslova og privatskolelova i eit litt breiare perspektiv.
I høringa har somme høringsinstansar, mellom desse FAD, særleg peikt på personvernomsyn, kva høve individet har til resosialisering, og at ein må sjå på individet som uskyldig inntil dom ligg føre. Det sistnemnde er eit argument mot å la opplysningar om sikting og tiltale gå fram av ein politiattest. Alternativet er å la berre domfelling gå fram av politiattesten. Departementet er samd i at dette er viktige omsyn å vurdere når det blir foreslått innført krav om politiattest på nye område. Men i dette tilfellet dreier det seg om eit skoleslag som utan nokon rasjonell grunn i dag ikkje er omfatta av noko krav om politiattest. Frå fleire hald har det vore ytra ønske om tilsvarande krav om politiattest for musikk- og kulturskolar som for andre skolar - som grunnskole og skolefritidsordning. Departementet har derfor funne det naturleg å foreslå innført tilsvarande føresegner for dette skoleslaget, ikkje føresegner med heilt anna innhald, og har ikkje sett det som formålstenleg i denne omgang å gå motsatt veg, dvs. med forslag om å endre på krava til politiattest for grunnskole og skolefritidsordning, slik at desse berre skal innehalde opplysningar om domfelling. Departementet ser det som naturleg at alle reglane om politiattest på skoleområdet vil bli gjennomgådde, og at eventuelle forslag til endringar blir gjenstand for brei høring på bakgrunn av det arbeidet med ny politiregisterlov som JD for tida er i gang med. I ein slik samanheng vil det vere naturleg å vurdere breitt m.a. om opplysningar om sikting og tiltale framleis skal gå fram av ein politiattest, eller om attesten berre skal gjelde opplysningar om domfelling.
Éin høringsinstans har bedt om at kravet om framlegging av politiattest ikkje berre må gjelde nytilsette, men alle som allereie er tilsette i musikk- og kulturskolane. Departementet ser grunngivinga for eit slikt ønske: Det vil ta mange år før alle i dette skoleslaget «er skifta ut» og altså har levert politiattest som nytilsette. Men ei slik nyordning på området vil avvike sterkt frå den ordninga som gjeld for grunnskolen, den vidaregåande opplæringa og skolefritidsordninga. Det er nettopp ordninga her som er meint å vere mønster for den ordninga som ein ønskjer å innføre for musikk- og kulturskolane. Det er også den ordninga med politiattest som gjennomgåande er brukt i opplæringslova. At ei heilt anna ordning, som skal omfatte også allereie tilsette, er innført for musikkorps/frivillige organisasjonar og gjennom lovverk utanom opplæringslova, ser departementet på som mindre relevant i denne samanhengen. Dersom alle skulle levere politiattest, også allereie tilsette i musikk- og kulturskolar, ville det dessutan medføre eit betydeleg ekstraarbeid for politimyndigheitene i landet. Det ville også innebere ein del ekstra kostnader. Departementet peiker også på, slik LO gjer i høringsfråsegna, at seksuelle overgrep ikkje først og fremst kan løysast ved krav om framlegging av politiattest, men gjennom bevisstgjering og holdningsskapande arbeid. Det må vere viktigast å sikre seg når det gjeld dei som blir tilsette i musikk- og kulturskolane og som ein ikkje kjenner frå før. Departementet kan på denne bakgrunn ikkje gi tilslutning til ei slik utvida ordning, og held fast ved at forslaget skal gjelde ved nytilsetjingar.
Éin høringsinstans ønskjer at den ordninga som i dag gjeld for vidaregåande opplæring, skal gjelde for musikk- og kulturskolane. Det inneber i så fall at attesten skal vise om vedkommande er sikta, tiltalt eller dømd for seksuelle overgrep. Det er da altså ikkje noko krav om at det seksuelle overgrepet må vere gjort mot barn, slik ordninga er i grunnskolen og skolefritidsordninga. Rett nok viser føresegna om politiattest i skolefritidsordninga i dag til opplæringslova §10 -9 tredje ledd, som gjeld vidaregåande opplæring. Men denne tilvisinga er feil og blir derfor her foreslått endra. Musikk- og kulturskolar er som skolefritidsordninga eit reint fritidstilbod. Departementet meiner derfor at reglane om politiattest bør vere som for skolefritidsordninga og grunnskolen, dvs. føresetje eit seksuelt overgrep mot barn.
Ein annan høringsinstans meiner at det bør innførast plikt til å innhente politiattest også for dei som regelmessig oppheld seg i skolen, sjølv om dei ikkje er tilsette der, jf. m.a. opplæringslova § 10-9 andre ledd. Dette vil innebere utviding av krava om framlegging av politiattest. Ei slik utviding må i så fall også gjerast gjeldande for grunnskolen og skolefritidsordninga, f.eks. gjennom ei endring av opplæringslova § 10-9 andre ledd som dei andre føresegnene viser til. Ei slik utviding er verken vurdert eller tilsikta frå departementet si side. Høringsinstansane har følgjeleg heller ikkje uttalt seg om dette. Departementet vil m.a. på denne bakgrunn ikkje kunne gå inn for eit slikt forslag.
Éin høringsinstans ønskjer å få innført ei meir generell føresegn, slik at politiattest kan krevjast framlagd i fleire tilfelle, f.eks. også ved andre arrangement i skolens regi. Dette har frå høringsinstansen si side vore teke opp med departementet utanom høringa. Departementet vil vurdere dette ved eit seinare lovarbeid. Det har ikkje vore til høring og kan av den grunn ikkje utan vidare bli foreslått som ordning frå departementet si side no.
På bakgrunn av det ovannemnde og den breie tilslutninga som forslaget har fått i høringa, vil departementet halde oppe forslaget om å innføre i opplæringslova eit krav om framlegging av politiattest ved nytilsetjingar i musikk- og kulturskolar. Det bør skje gjennom å tilføye eit nytt ledd i § 13-6 som regulerer desse skolane. Heimel for å krevje politiattest er tidlegare innført i lova på tilsvarande måte for skolefritidsordninga. Dette er gjort ved tilvising i § 13-7 om skolefritidsordninga til § 10-9 om politiattest.
Departementet viser elles til lovforslaget og merknadene i kapittel 12.