1 Innleiing og samandrag
1.1 Innleiing
Olje- og energidepartementet legg med dette fram melding til Stortinget om avslag på søknad om løyve til kraftutbygging i Hattebergvassdraget i Kvinnherad kommune i Hordaland. Olje- og energidepartementet avslo søknaden 28. juni 2001. Konsesjonssøkjaren, Kvinnherad Energi AS, har i medhald av vassdragsreguleringslova § 8 kravd at departementet sitt avslag vert lagt fram for Stortinget.
1.2 Samandrag
1.2.1 Bakgrunn for saka
Kvinnherad Energi AS søkte i 1998 om løyve til å ruste opp og utvide Muradalen kraftverk i Hattebergvassdraget. Selskapet er fullt ut eigd av Kvinnherad kommune, og driv med produksjon og distribusjon av kraft.
Hattebergelva er i dag bygd ut med Muradalen kraftverk, som er ein kraftstasjon i dagen inst i Muradalen, og dei to magasina Prestavatnet og Svartavatnet. Årleg produksjon i kraftverket er i dag om lag 8,5 GWh.
Noverande Muradalen kraftstasjon vart sett i drift i 1954 og har behov for ei modernisering.
1.2.2 Prosjektet
Søknaden inneheldt 4 punkt:
Utbetring av dammen ved Svartavatnet for å oppfylle tryggleikskrava etter forskriftene om Sikkerhet og tilsyn med vassdragsanlegg.
Ytterlegare regulering av Svartavatnet.
Reguleringskonsesjon på ubegrensa tid.
Ny kraftstasjon med 6 ulike alternativ for ei utbygging.
1.2.3 Tidlegare saksgang
Olje- og energidepartementet fatta i juni 2001 vedtak om å avslå søknaden om ytterlegare regulering av Svartavatnet og om å byggja nytt Muradalen kraftverk. Samstundes vart kraftselskapet sin tidsavgrensa reguleringskonsesjon i vassdraget gjort om til å bli evigvarande. Søkjaren fekk og løyve til å gjere naudsynte sikringstiltak ved dammen i Svartavatnet slik det var søkt om.
Under sakshandsaminga i departementet la søkjaren fram eit alternativ med ombygging av kraftverket utan endring av fallhøgda, men med auka slukeevne. Det vil seie at røyrdimensjonen vert auka og at ein installerer maskinar med større effekt. Med dette tiltaket ville produksjonen auka frå om lag 8,5 GWh til 26 GWh om året. NVE kom i sitt brev av 16.10.2001 til at dette tiltaket ikkje ville føre med seg nemneverdige skader eller ulemper for ålmenta, slik at kraftverket kunne byggjast om utan konsesjon etter vannressurslova. Vedtaket til NVE vert påklaga til Olje- og energidepartementet. Departementet kom i brev dagsett 03.03.2002 til at ombygginga var konsesjonspliktig og oppheva med det vedtaket til NVE. Departementet ga som grunngjeving at Muradalen har vesentlege kvalitetar for landskapet og må sjåast som ein del av eit større kulturmiljø mellom fjord og fjell. Området har kulturhistorisk verdi og er sårbart for dei nye inngrepa som ei ombygging ville ført til.
Kvinnherad Energi AS har i brevet dagsett 6. august 2002 kravd at saka skal leggjast fram for Stortinget, i samsvar med vassdragsreguleringslova § 8, anna ledd.
1.2.5 Departementet si tilråding
Departementet kan ikkje sjå at saka no står i ei anna stilling enn då ein fatta vedtak om å gje avslag. Departementet står difor fast ved avslaget på konsesjonssøknaden i denne meldinga.