6 Tidlegare praksis for å avslå konsesjonssøknader
I St. meld. nr. 50 (1997-98) Om kraftutbygging i Øvre Otta gjer departementet greie for følgjande tre saker om kraftutbygging der det vart gjeve avslag på søknader om konsesjon i tillegg til søknaden om kraftutbygging i Øvre Otta:
Regulering av Femunden.
Utbygging av Dagalifalla.
Regulering og utbygging av Steinslandsvassdraget.
I saka om avslag på søknaden om kraftutbygging i Øvre Otta syner departementet til Innst. S. nr. 200 (1998-99). I si handsaming gjekk Stortinget inn for å ta kravet frå Kraftlaget Opplandskraft, Tafjord Kraftselskap og Glommens og Laagens Brukseierforning delvis til følgje. Regjeringa vart pålagt å gje konsesjon til ei redusert utbygging. Samstundes vart kravet om overføringa frå Breidalsmagasinet til Glitra avslått. I juni 2001 vart det gjeve løyve etter vannressurslova ved kongeleg resolusjon i tråd med forutsetningane til Stortinget.