5 Konsesjonssøkjaren sitt krav om å få saka lagt fram for Stortinget
Kvinnherad Energi AS har i brev dagsett 6. august 2002 fremja krav om at Olje- og energidepartementet sitt vedtak, sjå kapitel 5, vert lagt fram for Stortinget for handsaming. Grunnlaget for kravet er vassdragsreguleringslova § 8, anna ledd.
Brevet frå Kvinnherad Energi AS lyder som følgjer:
«Kvinnherad Energi AS (KE) har fått avslag på søknaden om opprusting/utviding av Muradalen kraftverk i Hattebergvassdraget. Ein syner til brev frå Olje- og energidepartementet (OED) av 28.06.2001 der det blir gjeve ei særs kort grunngjeving for avslaget.
I avslaget frå OED er det mellom anna føya til:
«I søkers kommentarer til høringsuttalelsene er det presentert et alternativ 7 uten hverken økt slukeevne/maskininstallasjon eller økt fallhøyde. Et slikt alternativ krever ikke tillatelse etter vannressursloven. Etter de foreliggende opplysninger antar departementet at det heller ikke vil krever tillatelse etter vannressursloven med en ren økning av slukeevnen/maskininstallasjonen. Den nærmere grensen for de tiltak som faller utenfor konsesjonsplikten kan etter begjæring fastsettes av NVE i henhold til § 18».
Kvinnherad Energi søkte 21.08.01 NVE om kva tiltak som kunne gjennomførast for å modernisera eksisterande kraftverk innanfor gjeldande reguleringskonsesjon. I brev av 16.10.01 vedtok NVE at slukeevna i eksisterande kraftstasjon kunne aukast til 3,8 m3/s utan konsesjon etter vassressurslova. Dette forvaltningsvedtaket vart klaga inn til OED av fleire naturvernorganisasjonar. NVE behandla klagene og laga ein særs grundig og fagleg vurdering og konkluderte med at det ikkje var kome nye vesentlege moment i saka og endra ikkje standpunkt.
I mellomtida vart det regjeringsskifte med ny statsråd frå KrF. Utan at statsråden hadde synfart vassdraget, omgjorde Einar Steensnæs 01.03.02 NVE sitt vedtak av 16.10.01 utan noko fagleg grunngjeving og fastsette at slik modernisering måtte ha konsesjon. På bakgrunn av vedtaket av 28.06.01 går KE ut frå at slik konsesjon ikkje vil bli gjeve og ser difor ikkje nokon grunn til å sende ny søknad.
Søkjar vil peika på at søknaden om opprusting/utviding av Muradalen kraftverk er ein oppfølging av Stortinget sine vedtak i Samla Plan og Verneplan IV i 1993. Stortinget føretok den gong ei overordna vurdering, og verna ca. 1 TWh kring Folgefonna nasjonalpark. I Hattebergvassdraget er ca. halvdelen av vassdraget verna.
Av eit kraftpotensiale på 150 GWh er 70-80 GWh teken ut til konsesjonsbehandling. Det er denne kraftmengda søknaden handlar om.
I Regjeringa si innstilling, som eit overveldande fleirtal i Stortinget slutta seg til i 1993, heiter det generelt at verneplanen ikkje skal vera til hinder for at ein kan rusta opp kraftverk som frå før ligg i eit verna vassdrag.
For Muradalen kraftverk sitt vedkomande gjekk ein konkret inn på moderniseringsplanane, og sa uttrykkjeleg at verneplanen ikkje er til hinder for ei modernisering, inkludert ei endring av magasineringa og ei flytting av kraftstasjonen. NVE stadfestar også i si tilråding at det Kvinnherad Energi har søkt om ligg innanfor det Stortinget har gjeve opning for i vernevedtaket.
I si innstilling til konsesjonssøknaden uttalar NVE at prosjektet ikkje er i konflikt med ein eventuell nasjonalpark.
Kvinnherad Energi meiner at dette prosjektet både ligg godt innanfor det Stortinget har gjeve tilgang til i sitt vernevedtak, samstundes som det ikkje er i konflikt med verneinteressene for dette fjellområdet.
Sidan 1919 har det vore ein kraftstasjon i drift i Muradalen. Sidan då har Svarta- og Prestavatn vore regulert. Muradalen kraftverk nyttar i dag berre 1/3 del (160 m) av den totale fallhøgda i Hattebergselva, og er i prinsippet eit lite elvekraftverk. Det vil den nye kraftstasjonen framleis vera, også etter moderniseringa fordi det er lite magasinvatn.
Moderniseringa av Muradalen kraftverk inneber svært moderate naturinngrep og baserer seg i hovudsak på dei inngrep som vart gjort i naturen ved byrjinga av forrige århundre. Det er ikkje snakk om å regulera fleire vatn, byggja nye demningar eller setja opp kraftledningar i fjellheimen, men derimot å fjerna fleire skjemmande installasjonar frå fjellet.
Ingen nye installasjonar skal byggjast i fjellheimen. Bygging av ny vasstunnel og kraftstasjon i fjell inneber at både den gamle kraftstasjonen, røyrgata, kraftledningar og andre delar av det gamle anlegget blir fjerna.
Dei vakraste og mest attraktive delane av denne fjellheimen, som til dømes Bjørndalen og Svartafossen, blir ikkje berørt av dette prosjektet.
Ved at vatnet til den nye kraftstasjonen blir ført gjennom ein ny fjelltunnel frå Prestavatn, vil Hattebergselva på strekninga frå Prestavatn til den nye kraftstasjonen i Muradalen få vesentleg mindre vassføring enn i dag. Det inneber at Ringeriksfossen blir mindre. Dette er den største ulempen ved moderniseringsprosjektet. Imidlertid vil elva i sommarmånadane ha såkalla minstevassføring. Det vil seia at Ringeriksfossen gjennom sommaren vil sjå ut omtrent slik den i dag gjer på tørre sommardagar.
NVE tilrår utbygging etter alt. 5 med ei minstevassføring i Ringeriksfossen på 0,6 m3/s i tida 01.05. til 15.09. KE meiner ei så stor minstevassføring over så lang tid vil redusera produksjonen for mykje, og vil i staden tilrå alt. 4 med full vassføring i Ringeriksfossen om sommaren. Ein ber om at dette vert vurdert av Stortinget ved energi- og miljøkomiteen.
Som grunnlag for søknaden har det vore undersøkingar, konsesjonsutgreiingar, befaringar og ulike høyringar i distriktet.
Konsekvensutgreiingane konkluderer med at verknadane på natur og miljø er små.
Eit samla kommunestyre i Kvinnherad tilrår konsesjon. Eit fleirtal på 23 representantar tilrådde NVE si innstilling, men med tilleggssenking av Svartavatn med 4 m, 1 representant tilrådde NVE si innstilling, 2 representantar tilrådde alt. 1, medan mindretalet på 18 ønskte minimumsalternativet alt.6.
Hordaland fylkesutval tilrådde 10 medlemar (5 Ap, 2 V, 1 Sp, 1 Krf, 1 SV) til at KE vert gjeven konsesjon etter NVE si innstilling, medan 5 medlemar (3 H, 2 Frp) tilrådde det omsøkte alternativ 1, subsidiært NVE si innstilling.
NVE har gjort ei grundig og balansert vurdering av søknaden, og konkluderer med at fordelene og nytten av moderniseringa er større enn skadene for offentlege og allmenne interesser. Departementet har tidlegare gjennom søknaden og NVE si innstilling fått KE sine argument for utbygginga. I tillegg til ovannemnde kommentarar ønskjer me å fokusera på følgjande:
Opprusting og utvidingprosjektet vart plassert i Samla Plan og godkjent samstundes med Vedtak om Verneplan IV.
Den lokale støtta til å verna Hattebergvassdraget bygde på at opprusting og utvidingprosjektet kunne gjennomførast. Det er omtala i St.meld. nr. 62 (1991-92).
Kvinnherad Energi har oppfatta dette som sterke føringar om at det ville verta gjeve løyve til dette prosjektet.
Motstandarene mot prosjektet (som ikkje har nemnande lokal tilslutning) har i hovudsak argumentert med at prosjektet var i strid med Stortinget sin vilje og politisk vedtak. Fråsegnene tyder dessutan på manglande kunnskap om utbygginga.
Kraftstasjonen ligg ikkje i Rosendal som mange får inntrykk av. Den ligg i Muradalen, ca. 3,5 km innanfor Baroniparken.
I Rosendal er to kraftverk. Desse ligg i den andre greina av Hattebergvassdraget, Melselva, og fråføringsstrekningane her er lakseførande. Det eine, Vollakvernfallet, er nyleg bygd opp att etter å ha vore ute av drift i meir enn ti år. NVE vurderte dette til å vere ikkje konsesjonspliktig. Det har ikkje vore innvendingar mot dette.
Moderniseringa av Muradalen kraftverk får ingen negative verknader for Baroniet eller landskapsparken. Å hevda noko anna vil vera å spela på følelsar og mangel på kunnskap.
Noreg er no i den situasjonen at det i eit normalår vert produsert mindre elektrisitet enn det forbruket tilseier. Med den utviklinga landet er inne i lyt ein framleis rekna med auka etterspurnad etter elektrisitet, noko som vil føra til auka import.
Kvinnherad Energi ønskjer å bruka denne moglegheiten til å følgja opp den politiske målsetjinga om å auka landet si energiforsyning gjennom å effektivisera drifta i gamle installasjonar. Dette er også i samsvar med Samarbeidsregjeringa og leiar i energi- og miljøkomiteen i Stortinget sine målsetjingar om å nytta vasskraft som fornybar forurensingsfri energi. På denne måten kan ein henta ut meir energi av eksisterande installasjonar, framfor å måtta byggja ut naturområde der det i dag ikkje er kraftproduksjon.
Åtte av ti nordmenn støttar vidare kraftutbygging for å få billigare straum.
Det har vore mykje feilinformasjon i denne saka, der Kvinnherad Energi har vore offer for eit miljøpolitisk spel. Området må synfarast, først då kan ein sjå kor misvisande motstandarane sine framstillingar av saka er.
Etter Kvinnherad Energi si meining vil fordelane med utbygginga av Muradalen vera mykje større enn eventuelle skadar og ulemper for allmenne interesser. Søkjar vil difor be om at departementet si avgjersle i pkt. 1 vert lagt fram for Stortinget snarast. Ein syner her til vassdragsreguleringslova § 8 andre ledd.»